Boka byr både på eit teoretisk og eit metodologisk grunnlag for kvalitativ forskingsdesign og nyttar ein del praksisnære casar og døme for å gjere stoffet meir relevant for lærarstudentar. I nokre av kapitla er det også lagt vekt på å kontrastere kvantitativ og kvalitativ forsking, nettopp for at lærarstudenten lettare skal forstå eigenarten ved kvalitativ metode og dei moglegheitene og avgrensingane metoden gir.
Boka er relevant for alle fagdisiplinar innanfor grunnskulelærarutdanninga og andre lærarutdanningar. Boka kan nyttast på både bachelor og masternivå i lærarutdanninga. Ho er særleg relevant for grunnskulelærarstudentar som møter kvalitative metodar både på bachelor og masternivå i utdanninga si. RUNE JOHAN KRUMSVIK er professor (dr.philos.) i pedagogikk ved Universitetet i Bergen og professor II ved Høgskulen i Volda. Krumsvik har vore instituttleiar ved Institutt for pedagogikk, UiB (2010–2017), og er forskingsgruppeleiar for forskingsgruppa Digitale læringsfellesskap ved Universitetet i Bergen. Krumsvik er òg forskingskule leiar for forskarskulen Western Norway Graduate School of Educational Research II (WNGER II) og Honorary Research Fellow ved University of Bristol. Han har publisert ei rekke bøker og vitskaplege artiklar innan pedagogikk, digital kompetanse, metode, klasseleiing, IKT og læring både nasjonalt og internasjonalt. Han har brei undervisnings erfaring frå både vidaregåande skule og universitets og høgskulesektoren, mellom anna innan kvalitativ metode, Mixed Method Research og litteraturreviews frå både bachelor, master og doktorgradsnivå ved ulike universitet og høgskular.
ISBN 978-82-450-2766-2
,!7II2E5-achggc!
Kvalitativ metode i lærarutdanninga
Kvalitativ metode i lærarutdanninga handlar om å gjere lærarstudenten i stand til å meistre det metodiske handverket gjennom lærarutdanninga. For å lære dette metodiske handverket er det viktig at ein evnar å skifte frå ein normativ til ein analytisk tenkjemåte. Gjennom ni bokartiklar med fokus på det mest essensielle for å utvikle ein god og koherent forskingsdesign gir boka lærar studentane god trening i nettopp dette.
Rune Johan Krumsvik (red.)
Kvalitativ metode i lærarutdanninga er ei metodebok som rettar merksemda mot korleis ein som lærarstudent kan utvikle ein heilskapleg forskings design innanfor kvalitativ forskingsmetode. Boka byggjer særleg på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning og Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene, som legg vekt på kor viktig god metodekompetanse er hjå morgondagens lærarar.
o s jd
A
Kvalitativ metode i lærarutdanninga Rune Johan Krumsvik (red.)