Kjersti Maria Rongen Breivega

Kjersti Maria Rongen Breivega
Kjersti Maria Rongen Breivega
Copyright © 2024 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved
1. utgåve 2024 / 1. opplag 2024
ISBN: 978-82-450-4531-4
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen
Design: Bøk Oslo AS Sats: Hanne Sjøtrø
Framsidefoto: Talerpodium på Pnyx, folkeforsamlingsplassen i Athen (507 f. Kr.).
© Constantinos Iliopoulos / Shutterstock
Forfatterfoto: privat
Spørsmål om denne boka kan rettast til:
Fagbokforlaget
Kanalveien 51
5068 Bergen
Tlf.: 55 38 88 00
e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no
Materialet er verna etter åndsverklova.
Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Vigmostad & Bjørke AS er Miljøfyrtårn-sertifisert, og bøkene er produsert i miljøsertifiserte trykkeri.
Denne boka handlar om argumentasjon, og målet er at den som les, skal få ein introduksjon til ulike typar argumentasjonsanalyse. Den primære målgruppa er studentar ved universitet og høgskular.
Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde. Dermed blir det å kunne studere − det vil seie forstå, analysere og vurdere − argumentasjon ein sentral kompetanse.
Argumentasjonsteori er samstundes eit breitt felt med mange ulike tilnærmingar. I det monumentale verket Handbook of Argumentation Theory (van Eemeren et al., 2014) blir det argumentasjonsanalytiske feltet presentert over nesten 1000 sider. Det er litt av denne breidda eg ønsker å formidle i denne boka, men på eit innføringsnivå og i eit mykje mindre format. Per i dag er nokre analysemetodar, som retorikk og kritisk diskursanalyse, breitt formidla via lærebøker og annan norskspråkleg formidlingslitteratur, medan andre tilnærmingar, som Problem-Løysing-modellen og lingvistisk polyfoni, berre er tilgjengelege via vitskaplege publikasjonar. Målet med denne boka er å gi ei samla innføring på norsk av nokre sentrale tilnærmingar til argumentasjon.
Dei argumentasjonsmodellane som blir presenterte i denne boka, er retorikk, Toulmin-modellen, pragma-dialektikken, kritisk diskursanalyse og andre diskursanalytiske tilnærmingar som lingvistisk polyfoni, posisjoneringsteori, Problem-Løysing-modellen og
argumentasjon i form av tekstleg heterogenitet. Ved sida av dei åtte kapitla der dei ulike tilnærmingane blir presenterte kvar for seg, inneheld boka eit innleiande kapittel, som presenterer sentrale fagomgrep, fagtradisjonar, spenningar og samanhengar på det argumentasjonsanalytiske feltet.
Sidan noko av målet med denne boka er å gi lesaren eit innblikk i kva som særmerker (og eventuelt sameinar) ulike tilnærmingar til argumentasjon, får boka nødvendigvis eit samanliknande preg med ganske mange krysstilvisingar. Det er samstundes lagt vekt på at kvart av dei åtte kapitla som etterfølger innleiingskapittelet skal kunne lesast kvar for seg med størst mogeleg utbytte.
Ein annan balansegang har det heile vegen vore å forklare teoretiske omgrep på ein måte som er presis, men samstundes tilpassa eit innføringsnivå. Retorikken er i seg sjølv eit heilt vitskapsfelt, medan moderne argumentasjonsteoriar, i tillegg til å lene seg (meir eller mindre) på retorikken, drar vekslar på den omfattande teoribygnaden moderne tekstvitskap har utvikla. For å kunne gjere greie for desse argumentasjonsmodellane, har det vore nødvendig å trekke inn ein del tekstteori, men då som punktnedslag og ikkje i form av systematiske framstillingar. Også vitskapsteoretiske spørsmål gjer seg gjeldande i møte med argumentasjonsteori, men heller ikkje slike diskusjonar går denne boka i djupna av.
Gjennom heile boka er teoretiske poeng og modellar illustrerte via eksempel og minianalysar. Fleire av desse minianalysane er nyskrivne for denne boka, nokre er henta frå eiga tidlegare forsking og atter andre er formidling av andre forskarar sine funn. Å trekke inn − ikkje berre teoretiske poeng − men også eksempel frå andre publikasjonar har vore eit medvite grep for å invitere lesaren med inn i eit levande fagfelt.
Eksempla er henta frå mange ulike felt og språkbrukssfærar, som for eksempel politisk og offentleg debatt, vitskapsprosa, styringsdokument, propaganda, den kvardagslege samtalen og elevars tekstskaping. Varierte eksempel bidrar til å få fram kompleksiteten i fenomenet argumentasjon. Analyseeksempla skal samstundes ikkje
tolkast i retning av nokon freistnad på å skrive fram empiriske funn, altså tendensar innan vår tids argumentasjon på dei ulike felta. Hovudfokuset i denne boka er argumentasjonsanalyse − med andre ord: det å studere argumentasjon.
Eg vil takke forlaget sine konsulentar for verdfulle innspel, og ikkje minst vil eg takke forlagsredaktør Kristin Eliassen for eit framifrå samarbeid.
Vidare har eg hatt stor nytte av at følgande kollegaer har lese og kommentert delar av manuset: Torbjørn Andersen, Ingvil Brügger Budal, Kjersti Fløttum, Maren Hervig Holthe, Sissel Høisæter, Sunniva Pettersen Johansen, Hege Myklebust, Hege Emma Rimmereide, Martha Thunes og Gro Ulland.
Alle feil og manglar er mitt ansvar aleine.
Bergen, 21. mai 2024
Kjersti Maria Rongen Breivega
1
2
3
Å studere-serien består av lett tilgjengelege innføringsbøker skrivne av engasjerte og dyktige formidlarar. Bøkene gir studentane det første overblikket som er så viktig for å få ein god start på eit studium.
Argumentasjon står sentralt i språkleg samhandling, det vere seg som ein del av den offentlege ytringskulturen i samfunnet, i det daglege livet menneske imellom og innan ulike sektorar, fag og vitskapsområde. Samstundes eksisterer det mange ulike tilnærmingar ein kan bruke for å forstå, analysere og vurdere argumentasjon.
Denne boka gir ei innføring i fleire ulike argumentasjonsmodellar. Lesaren blir introdusert for både klassisk argumentasjonslære og retorikk, resonnementsbaserte modellar og mange ulike diskursanalytiske tilnærmingar. Framstillinga er illustrert med eksempel, og det er lagt vekt på å få fram kva som særmerker dei ulike retningane.