Det er i hovudsak redaksjonelle endringar vi har gjort i denne utgåva, først og fremst ved at figurar har fått tekst. Dertil er det gjort nokre presiseringar, og vi har retta feil. Vi vonar omredigeringa fell i smak, og at boka blir lettare å lesa. Grunnlaget for framstillinga ligg i ein omfattande dokumentasjon av ståande byggverk kombinert med aktiv utøving rettleidd av tradisjonsberarar. Samhandling er stikkord. Forfattarane har lært seg arbeidsmåtar ved å byggje ulike slags hus saman med eldre handverkarar. Vi vågar å kalle desse dei siste representantane for ein lang tradisjon. Den måten å sjå bygget på som tradisjonsberarane uttrykte, har vore innfallsvinkelen til dokumentasjonen av kring 1000 byggverk frå Vardø i aust og nord til Lista i sør. Innfallsvinkelen til stoffet er den handverksfaglege. Det er anatomien, den indre, ofte ikkje synlege strukturen attom fasade og panel vi rettar blikket mot. Dertil tek vi for oss prosedyrar, det vi kan kalle rekkjefølgjekunnskapen så vel som vurdering av styrke. Ikkje minst er samanhengen mellom samla byggverk og den einskilde detaljen viktig. Alle fag har sitt eige språk, sine eigne nemningar på delar og prosessar. Boka legg stor vekt på å få med dei mest brukte nemningane på delar og system. Vi oppdagar at Noreg også på dette feltet er tospråkleg. Vi har ein litterær tradisjon som er knytt opp mot offisiell kunnskap i skole og laugsvesen. Dertil har vi ein uoffisiell nemningsbruk knytt opp mot det ikkje formaliserte opplæringssystemet som har eksistert ved sida av og i høg grad uavhengig av det offisielle heilt fram til i det første tiåret etter andre verdskrigen. Mykje av denne uoffisielle nemningsbruken er svært rik, og han ber i seg gamle termar – nokre av dei med ubrotne liner attende til gammalnorsk. Det alt vesentlege av materialet som ligg til grunn for boka, er samla inn gjennom prosjektarbeid for Norsk handverksinstitutt (tidlegare Handverksregisteret).
ISBN 978-82-450-2420-3
,!7II2E5-acecad!
BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Det finst mange kvite flekkar på det bygningshistoriske kartet over Noreg. Denne boka tek for seg reiste konstruksjonar over eit tidsspenn på nesten 900 år. Med dette blir det farge på denne viktige delen av byggjeskikken vår. Denne boka er ei revidert utgåve av den som kom ut i 2009. Den første skissa til bok om dette temaet kom på TI-forlaget i 1994.
Jon Bojer Godal, Steinar Moldal, Trond Oalann og Embret Sandbakken
BERESYSTEM
I ELDRE NORSKE HUS 3. utgåve
BERESYSTEM
I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 1
04.06.2018 23.16
Bok 1.indb 2
04.06.2018 23.16
Jon Bojer Godal, Steinar Moldal, Trond Oalann og Embret Sandbakken
BERESYSTEM
I ELDRE NORSKE HUS 3. utgåva
Bok 1.indb 3
04.06.2018 23.16
Copyright © 2018 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåva 1994 2. utgåva 2009 3. utgåva / 1. opplaget 2018 ISBN: 978-82-450-2420-3 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Omslagsdesign: Mari Røstvold Foto framsida: Vegard Heide Foto baksida: Jon Bojer Godal Formgiving: Mari Røstvold Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 Faks: 55 38 88 01 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Bok 1.indb 4
04.06.2018 23.16
FØREORD TIL FØRSTE UTGÅVA SOM KOM I 1994
Resultat av dokumentasjonsarbeid Vi legg med dette fram ein del av resultata av eit samlararbeid som er gjort av Handverksregisteret. Heftet er ei redigering og vidarearbeiding av dokumentasjonsmateriale som er samla inn i det byggjefaglege prosjektet vårt. Vi legg med dette fram det første temaheftet som gjeld byggjefag. Prosjekt byggjeteknikk starta sommaren 1989 med reisinga av eit grindenaust på Hordamuseet. Vi er nye i faget. Det er mykje vi ikkje veit eller har vunne over. Samstundes har etterspurnaden etter resultat frå dokumentasjonsarbeidet vore overraskande stor. Difor kjem vi no i skriftleg form med «material» som knapt er «tørr».
Utsyn framover Handverksregisteret har gåande ei lang rad med dokumentasjonsprosjekt. Innafor tømrarfaget har vi, etter at vi gjorde oss ferdige med å kartleggje beresystema, gått vidare både når det gjeld materialforståing, reiskap, reisingsprosedyrar og lafting. Vi vil koma med nye publikasjonar innafor ymse emne etter kvart som vi er mogne til det.
Målform Vi vil i framstillinga vår nytte ei munnleg form. Det kjem mellom anna av at vi har henta mesteparten av kunnskapen vår frå eldre tradisjonsberarar. Så langt det lèt seg
gjera, vil vi la handverkarane sin seiemåte vera utgangspunktet for den skriveforma og den nemningsbruken som vi nyttar. Dette munnlege og fortalde utgangspunktet gjer at vi til dels kjem langt bort frå den terminologien som har arbeidd seg inn som hevdvunne bygningsspråk i lærebøker og bygningsteknisk litteratur. Vi ser det som eit mål i seg sjølv at den i skriftleg samanheng til no nesten ukjende delen av språket vårt blir gjort allment tilgjengeleg. Vi vonar denne munnleggjeringa av fagspråket blir helsa med glede. Nemningane og seiemåten har noko med vørdnad å gjera. Vi kan ikkje fri oss frå at mykje av den faglege litteraturen her til lands har sett bort frå det levande innarbeidde fagspråket som fanst hos yrkesutøvarane. Ettersom utgangspunktet vårt er handverkaren sin måte å arbeide, tenkje og uttrykkje seg på, har det med vår vørding av denne tradisjonen å gjera at vi også nyttar den seiemåten som vi har funne hos dei eldre.
Konkrete døme Mange av dei skissene som vi syner, skriv seg frå konkrete døme, og staden dei skriv seg frå, vil gå fram av figurtekstene. Større hus er likevel så komplekse at sjølve prinsippet i konstruksjonen vil vera lite synleg i ei sterkt forminska teikning. Difor syner vi også byggjemåtane i prinsipp og utan at skissene har eit konkret føredøme. FØREORD TIL FØRSTE UTGÅVA SOM KOM I 1994
Bok 1.indb 5
5
04.06.2018 23.16
I hovudsak tek vi ikkje opp emne som er dekte av annan litteratur. Det finst til dømes ein del lærebøker i tømring som syner mange konstruktive prinsipp. Desse systema har vi ikkje teke med utan når vi har funne dei i ståande hus. Sjå også litteraturlista som står bak i heftet. Dovre/Rissa, oktober 1993 Steinar Moldal og Jon Bojer Godal
6
Bok 1.indb 6
BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
04.06.2018 23.16
FØREORD TIL ANDRE UTGÅVA
I denne utgåva føyer vi til ganske mange sider i fleire kapittel. Det har samanheng med nye oppdagingar. Det var system og variantar vi ikkje fekk med oss på den første runden. Når vi går nærare inn i detaljane, oppdagar vi også historisk utvikling innan systema og korleis desse mellom anna heng saman med tilgjengeleg teknologi, tilgjengelege skogressursar og politikk. Sidan utgåva frå 1994 har vi bygd ganske mange hus i ymse reisverksteknikkar. Dette har også utvida grunnlaget vårt. Gjennom desse praktiske røynslene har vi fått klarare syn for samanhengar mellom prinsipp og detalj, mellom samanføying og totalitet, mellom type og lokalitet, og for historisk utvikling av systema. Ikkje minst har vi oppdaga kor fint byggjemåtane er avstemde når det gjeld styrke. Denne utgåva er revidert i alle kapittel, men har dertil vesentlege utvidingar når det gjeld samanføyingar, prosedyrar for reising og styrkevurderingar. Vi vonar boka på denne måten blir til meir praktisk nytte for dei som skal byggje enn den første utgåva vart.
Ny utgåve er gjort mogleg ved støtte frå Innovasjon Noreg Møre og Romsdal, Norsk Handverksutvikling, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Halsa kommune. Teiknarar og skribentar har ytt ein stor eigeninnsats for å realisere ei utgjeving. Mange har vore hjelpsame med gode råd og nyttig informasjon. Arbeidsdelinga mellom oss som står som forfattarar, er i hovudsak slik: Embret Sandbakken har teikna samanføyingar og fotografert frå byggjeprosess med nybygg for Husasnotra, Geitbåtmuseet i Halsa. Steinar Moldal har teikna beresystema og teke del i tilleggsregistreringane av system. Trond Oalann har skrive og teikna om bygging av grindverkshus. Jon Bojer Godal har fotografert og ført i pennen. Trondheim/Dovre/Lone/Valsøybotn, oktober 2009 Embret Sandbakken, Steinar Moldal, Trond Oalann, Jon Bojer Godal
FØREORD TIL ANDRE UTGÅVA
Bok 1.indb 7
7
04.06.2018 23.16
Bok 1.indb 8
04.06.2018 23.16
FØREORD TIL TREDJE UTGÅVA
Denne tredje utgåva kjem i om lag same volum som den andre. Den største skilnaden ligg i oppsettet. Illustrasjonar og tekst er knytt saman med ein meir tradisjonell måte. Feil av ymse slags er luka ut. Ordlista et teken ut, men kjem att i band 3 om det å lafte. «Når ho vert trykt opp og revidert har det å gjera med at boka har selt jamt og trutt slik at det første opplaget er utselt frå forlaget. Forlaget er no Fagbokforlaget, som tok over porteføljen til Tapir Akademisk Forlag i 2014.» For oss som har skrive, fotografert og teikna er det ei stor glede at boka er fatta med så stor interesse. Vi tek det som eit teikn på at dette fagstoffet ikkje er døgnfluge, men noko som har varig verdi. No kring 25 år etter at vi var midt oppe i dokumentasjonen av den eldre byggeskikken vår slår det oss at vi vart dei siste vitne. Vi leita og fann. Likevel var det fåe vi fann. Kapitlet om prosedyrar gjeld berre for i alt seks beresystem: Sperreverk, stavline (Nordmøre) Bukkehus (Romsdal), Grindverk (Vestlandet), Fotingsrøst (Hadeland) og Sveitserrøst (Hedmark). Vi fann eitt arbeidslag til med oppegåande handverkar (det var for sveitserrøst i Østfold), men der rokk vi ikkje å få gjennomført dokumentasjon av prosessen før vedkomande gjekk bort. Det er påfallande ulikskap i prosedyrar mellom desse seks systema samstundes
som noko er felles. Dei vert alle felte i hop flatt på bakken, og så reiste. Det er løgleg at dei tre grannane Sperreverket, Stavlina på Nordmøre og Bukkehuset i Romsdal har ein del felles i framgangsmåte, men også tydelege skilnader. Dei er då også grannar. Av dei kring 30 systema som vi fann, har vi prosessdokumentasjon berre på 20%. Husa står, men mesteparten av kunnskapen knytt til prosedyrar, handgrep og forståing er borte. Dette er ikkje berre synd. Det er eit stort tap. LÅVEN i Bygningshistorisk park på Dovre står som ein manifestasjon på dei seks systema vi fekk høve til å dokumentere. Så mykje meir viktig er det å ta godt vare på dei oppteikningane av prosedyrar om vi fekk tak i. Ein viktig del av tankestoffet bak systema ligg i det vi kan kalle rekkefølgjekunnskap og teknikkar knytt til arbeidet med å hogge til og reise bygga. I samanheng med opplæring er vi gjerne dogmatiske når det gjeld prosedyrane. Vi trur rekkefølgjekunnskapen har med den indre logikken i systema å gjera. Skal vi forstå systema lyt vi lage dei slik informantane vår gjorde det. Dette har med indre logikk å gjera og med vilkår for å få opp stort tempo i arbeidet. Det er visse likskapar systema mellom. Såleis vil det vera mogleg å gjera prosedyrar i andre system meir eller mindre trulege, men sikre kan vi ikkje vera. Dei
FØREORD TIL TREDJE UTGÅVA
Bok 1.indb 9
9
04.06.2018 23.16
knepa som, vi fleire stader avdekte er ikkje slikt som vi utan vidare kan seia er lette å koma på, jamvel om dei ter seg som knall logiske når vi har sett og lært. Det tør vera nokså klart at det vi har gjort er eit grovarbeid. Eit hav av detaljar ligg att og som bør bli utforska. Det gjeld slikt som variasjonar over visse tema, dimensjonering, nærare tidfesting av system og variantar og dei nøyaktige grensene for spreiing av typar og variantar. Jamvel om systema synest vel tilpassa til klima og tilgjengeleg material på staden er det mykje vi ikkje veit om styrke. Mange av husa ter seg som spinkle. Ingeniørfag-
lege vurderingar konstaterer ofte at husa er smekrare enn det som kan stå. Likevel står husa der både i storm og stilla, både i 50 og 150 år. Såleis ligg det mykje arbeid med å analysere material, system og kombinasjon av desse. Vi vonar denne tredje og omredigerte utgåva blir betre enn den andre. Vi vonar ho fell godt i smak slik at boka blir ståande i bokhylla hos mange. Valsøybotn, Trondheim, Lone, Dovre, 01.03.2018 Jon Bojer Godal, Embret Sandbakken Trond Oalann, Steinar Moldal
10 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 10
04.06.2018 23.16
Innhald FØREORD til første utgåva som kom i 1994 ............................................................................ 5 Føreord til andre utgåva ............................................................................................................. 7 Føreord til tredje utgåva ............................................................................................................. 9
DEL 1 1 Handverk og byggjetradisjon allmenn drøfting ....................... 21 METODE ................................................................................................................................ 21 Arbeidsform ................................................................................................................................ 21 Feilkjelder .................................................................................................................................... 22 Overfortolking ............................................................................................................................ 22 Byggjeskikk er skikk................................................................................................................... 24 SYSTEMINNGANGEN...........................................................................................................24 Overraskande fagtermar ............................................................................................................ 24 Huset som beresystem ............................................................................................................... 26 Blømingstid for stavreiste hus etter 1860 ................................................................................ 26 Kven sto bak?............................................................................................................................... 28 NEMNINGAR .........................................................................................................................31 Treng vi normaliseringar? ......................................................................................................... 31 Tak, toke og røst.......................................................................................................................... 34 Tro, trøe og undertak ................................................................................................................. 34 Rafte, skoftung, raftsperre, sperre, sperrebind, saks og kombinerte ås-sperretak ............. 35 Ås og kombinerte løysingar med åsar og sperrer ................................................................... 36 Takstol .......................................................................................................................................... 37 Rom .............................................................................................................................................. 38 Vegg .............................................................................................................................................. 38 Stav, stolpe og stender ................................................................................................................ 39 Delt eller heil reising .................................................................................................................. 40 Bindingsverk ............................................................................................................................... 40 Enkel eller dobbelt ring? ............................................................................................................ 43 Himling og fri bering ................................................................................................................ 44 Underbygg ................................................................................................................................... 44
INNHALD
Bok 1.indb 11
11
04.06.2018 23.16
2 Systematisk gjennomgang av ein del element i huset ........... 49 TAKET......................................................................................................................................49 Tildekking eller overdekking .................................................................................................... 49 Never ............................................................................................................................................ 50 Torv og jord ................................................................................................................................. 51 Kvåv .............................................................................................................................................. 53 Bord .............................................................................................................................................. 53 Spon.............................................................................................................................................. 56 Bork ............................................................................................................................................. 58 Halm............................................................................................................................................. 59 Heller ............................................................................................................................................ 59 Tegl ............................................................................................................................................... 60 Undertekking .............................................................................................................................. 60 Dobbelte tak ................................................................................................................................ 61 Overgangsformer........................................................................................................................ 61 Takfall og samanheng mellom tekking og takfall .................................................................. 61 Omrøsting ................................................................................................................................... 64 Vind ............................................................................................................................................. 64 Snø ................................................................................................................................................ 65 Avrenning ................................................................................................................................... 66 Laus tekking ................................................................................................................................ 66 DRØFTING AV FORHOLDA MELLOM BORD, SPON OG NEVER ..................................67 Det er nær samanheng mellom tekking, takkonstruksjon og takfall .................................. 67 Bord var ein dominerande tekkingsmaterial .......................................................................... 67 Skog til never, takskog ............................................................................................................... 68 Skog til bord ............................................................................................................................... 69 Skog til spon ................................................................................................................................ 70 Samandrag for tekkjemåtar ....................................................................................................... 71 Manglande mellomledd? ........................................................................................................... 71 DET BERANDE, TRO, LEKTER, ÅSINGSBORD, ÆSING OG ÅS ......................................73 Sjølvberande tekking.................................................................................................................. 73 Tro ............................................................................................................................................... 73 RØST OG VEGG .....................................................................................................................75 Vegg under saksesnei/sperretak ............................................................................................... 75 Vegg under kombinerte tak....................................................................................................... 77 Vegg under åstak ........................................................................................................................ 77 Røsting ......................................................................................................................................... 78 Frittberande eller veggbunden stav/stolpe .............................................................................. 79 Bukk, grind, stavline .................................................................................................................. 79 Samanheng mellom ås, stolpe og syll....................................................................................... 80 Massive veggar ........................................................................................................................... 82 12 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 12
04.06.2018 23.16
DEL 2 3 Gruppering av konstruksjonane .................................................. 89 VI HAR FLEIRE HOVUDGRUPPER AV TAKBERING ........................................................89 Sperreborne tak og åsborne, åsborne sperrer og sperreborne åsar ..................................... 89 Nedover i bygget får vi to ulike slag veggar ............................................................................ 89 RØSTING OVER HUS MED MASSIV VEGG (TØMMER, MUR, KUBBAR) .....................91 Sperreborne tak .......................................................................................................................... 91 (1) Sperrebore tak med betar .................................................................................................... 92 (2) Sperrebore tak der troet er stiv plate.................................................................................. 94 (3) Fotingsrøst, fotsakser/stikksperrer..................................................................................... 96 (4) «Doble sperrer» .................................................................................................................... 99 Åsborne sperrer ........................................................................................................................ 100 (5) Tak med mønsås (mønsåstak) .......................................................................................... 101 (6) Røst med bjørneryggar (to åsar) ..................................................................................... 103 (7) Hus med sval på båe sider ................................................................................................. 103 (8) Tømra sveitserhus med takstolar...................................................................................... 104 Åsborne tak ............................................................................................................................... 105 (9) Åsborne tak med tømra røst ............................................................................................. 106 (10) Åsborne tak på sperrebukkar/spennsakser .................................................................. 110 (11) Åsborne tak med åsstavar .............................................................................................. 110 (12) Åsborne tak som kviler på hestar/svineryggar/trånnbukkar ..................................... 110
4 Sperreborne stavhus .................................................................... 113 GAMMAR ............................................................................................................................ 113 Også gammar ter seg som ei gruppe av hustypar................................................................. 113 (13) Dei samiske kroksperregammane .................................................................................. 115 (14) Stavgammane .................................................................................................................... 116 (15) Jordkoiene som også blir kalla kuper ............................................................................ 118 STAVHUS MED SPERRETAK ............................................................................................. 118 Stavhus med sperretak i alle delar av landet ........................................................................ 118 (16) Dei eldste stavhusa i Hardanger ..................................................................................... 119 (17) Stavverk i Indre Sogn og i Vossabygdene ...................................................................... 121 (18) Fotingsrøst, stavverk med fotsakser (stikksperr), klavar ........................................... 123 Fotingsrøstet finst i fire hovudvariantar ................................................................................ 128 (19) Stavkyrkjer ........................................................................................................................ 130 (20) Grindverk (vestlandske stavhus, grindbygde hus med sperretak)............................. 136 Overgangstypar mellom grindverkshus og hus med takåsar ............................................. 139
INNHALD
Bok 1.indb 13
13
04.06.2018 23.16
MUTANTE TYPAR 148 (21) Innerjamvegg .................................................................................................................... 148
5 Stavhus med åsar og sperrer ...................................................... 151 STAVHUS MED ÅSAR UNDER SPERRER ........................................................................ 151 (22) Stavhus i Salten, Troms og Finnmark ............................................................................ 151 (23) Stavline(-hus), Nordmøre ............................................................................................... 164 (24) «Bukkehus», stavverk i indre Romsdal.......................................................................... 169 (25) «Stikksperr» i Indre Sogn og Voss ................................................................................. 176 (26) Svinerygg i Indre Sogn (frå Leikanger og innover) ..................................................... 178 (27) Stegeverk ........................................................................................................................... 178 (28) Stolpereising i øvre Setesdal og Vest-Telemark ............................................................ 183
6 Stavhus (og stenderhus) med takstolar .................................... 187 TAKSTOLBORNE TAK ........................................................................................................ 187 Takstol utan utmura vegg ........................................................................................................ 187 (29) Sveitserrøst/sakserøst/saksesne ...................................................................................... 187
7 Stavhus med tekking eller tro som ligg på åsar ...................... 199 (30) Sperreverk ........................................................................................................................ 199 (31) Eldre klavesnei .................................................................................................................. 208 (32) Reising/stolpereising i Vest-Agder ................................................................................. 208 (33) Stolpereising i Aust-Agder .............................................................................................. 212 (34) Stolpereising i nedre Telemark og Brunlanes (Vestfold) ............................................ 213 (35) Spennsaksrøst og yngre klavesnei .................................................................................. 215
8 Overgangstypar mellom klavesnei/fotingsrøst og sveitserrøst.................................................................................... 221 (36) «Guttereising» eller spennverk ...................................................................................... 221 (37) Stubbereising, knevegg, krakk ........................................................................................ 223 (38) Høghus............................................................................................................................... 228
DEL 3 9 Om å byggje ................................................................................... 235 VI KAN IKKJE DIKTE BYGGJESKIKK .............................................................................. 235 Vi har lært av tradisjonsbererar .............................................................................................. 235
14 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 14
04.06.2018 23.16
OM MÅL .............................................................................................................................. 235 Kva slags mål? ........................................................................................................................... 235 Strategiar for måling ................................................................................................................ 238 Om å ta mål ............................................................................................................................... 238 Målemidla.................................................................................................................................. 239 Reier, rettbord og sotsnor/krittsnor ...................................................................................... 240 Lodd, loddstokk, vater, slange og vinkel ............................................................................... 240 Lekter, benkar og tuft ............................................................................................................... 243 Om mål og eigenskapar i fellingar ......................................................................................... 244 Skøytar ....................................................................................................................................... 245 NOVER ................................................................................................................................. 254 Hakanov ..................................................................................................................................... 254 Andre nover i reisverk ............................................................................................................. 257 Tapping ..................................................................................................................................... 258 Klauving..................................................................................................................................... 259 Strevar, spenn og band ............................................................................................................. 261 Innfelling av spenn og band .................................................................................................... 261 Sperrer........................................................................................................................................ 262
10 Prosedyrar for reising ................................................................ 267 GRUNNPRINSIPP ............................................................................................................... 267 Variasjonar over eit tema ......................................................................................................... 267 SPERREVERK ...................................................................................................................... 267 Først laftar vi alle ringane ........................................................................................................ 267 Oppretting ................................................................................................................................. 270 Sperremal................................................................................................................................... 272 Felling av sperrene.................................................................................................................... 274 Legging av åsar, sletting av raftstokk...................................................................................... 275 Merking ..................................................................................................................................... 275 Kapping og tapping av stolpane.............................................................................................. 276 Nedtaking ................................................................................................................................. 276 Reisinga ...................................................................................................................................... 277 Kleding....................................................................................................................................... 281 GRINDBYGGING Skrive av Trond Oalann ...................................................................... 283 Tradisjon .................................................................................................................................... 283 Forsvann arbeidsmåtane i takt med bila? .............................................................................. 283 Om material til grindbygg ...................................................................................................... 284 Grindene .................................................................................................................................... 290 Sperreskåre ................................................................................................................................ 295 Nagling ....................................................................................................................................... 296 INNHALD
Bok 1.indb 15
15
04.06.2018 23.16
BYGGING AV SVEITSERRØST .......................................................................................... 297 Mykje er felles for dei ulike systema ..................................................................................... 297 Arbeidet startar i skogen ......................................................................................................... 297 Malar, kuer og låsbenk ............................................................................................................. 298 Reisinga ...................................................................................................................................... 300
11 Material og styrke i trehus ........................................................ 303 INNLEIING ........................................................................................................................... 303 ALLMENT ............................................................................................................................ 305 Styrkeomgrep ............................................................................................................................ 305 Om treslag, vokster og veksestad ........................................................................................... 307 Styrketabell for ulike treslag .................................................................................................... 309 Dimensjonshoggen material ................................................................................................... 309 Byggjeskikken er tilpassa så vel klima som tilgang på skog................................................ 310 DØME ................................................................................................................................... 310 Grunnleggjande fellesskap i indre logikk .............................................................................. 310 Rolstadloftet og Staveloftet ...................................................................................................... 311 Stavline på Nordmøre .............................................................................................................. 314 Sperreverk i Trøndelag............................................................................................................. 316 Fotingsrøst ................................................................................................................................. 318 Sveitserrøst ................................................................................................................................ 319
12 Drøftingar og samanfatningar ................................................. 321 Kulturgeografisk mønster? ...................................................................................................... 321 Alderen på systema .................................................................................................................. 324 Kyrkjene syner eit utviklingsmønster .................................................................................... 325 FRAMVOKSTEREN AV SYSTEMA ................................................................................... 326 Dei eldste systema .................................................................................................................... 326 Frå oppgangsagene si tid fram til teglverktida...................................................................... 327 Frå teglverk til sirkelsag ........................................................................................................... 332 Sirkelsagtida frå 1860 og fram til ca. 1950 ............................................................................ 333 Industribygging og bygging etter teikning frå ca. 1950 ....................................................... 334
16 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 16
04.06.2018 23.16
ULØYSTE PROBLEMSTILLINGAR ................................................................................... 335 Kor gammalt er fotingsrøstet? ................................................................................................ 335 Reisingsmåten ........................................................................................................................... 335 Er systema med kombinerte løysingar reliktar frå ei eldre tid?.......................................... 337 Kvifor kom sveitserrøstet? ....................................................................................................... 337 Økologisk innfallsvinkel .......................................................................................................... 338 Rasjonalitet eller passiv tradering? ......................................................................................... 340
Litteratur .................................................................................................................................... 343 Stikkordregister ........................................................................................................................ 345
INNHALD
Bok 1.indb 17
17
04.06.2018 23.16
Bok 1.indb 18
04.06.2018 23.16
DEL 1
Bok 1.indb 19
04.06.2018 23.16
20 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 20
04.06.2018 23.16
1
Handverk og byggjetradisjon allmenn drøfting METODE Arbeidsform Undersøkinga vår er i prinsippet ei masseundersøking. Den måten som vi har freista å sjå på, er kopla til intervju og samhandling med informantar. Utgangspunktet er informanten. Vi har bygd ein stad kring 20 hus i lag med eldre bygningsfolk, og vi har intervjua eit stort tal personar. For å teste representativiteten til det som informantane fortel og syner, har vi dokumentert ståande bygg. Vi vil gjerne sjå huset med den typen tankegang som handverkaren uttrykkjer i det han seier og gjer. Dette er utgangspunktet i arbeidet. Vi har sett på over eitt tusen hus, og dokumentert med foto og skisser fleire hundre. Det store talet på hus gjer at fullstendig utteikning ikkje har vore mogleg. Vi har vore ute etter struktur og tankegang meir enn omfattande framstilling av einskilde byggverk. Metoden vår gjer at vi er ganske slutningskraftige når det gjeld dei mønstra som vi syner. Dei konkrete døma som vi tek fram, er, så vidt vi kan forstå, typiske. Samstundes er det klart at vi alltid står andsynes variasjonar over eit tema. Det som vi synest er det typiske, kan bli oppfatta annleis av andre. Dei som vil gå oss nærare etter i saumane, kan gå gjennom det grunnleggjande materialet som er å finne hos Norsk handverksinstitutt på Maihaugen, Lillehammer. Vi har vore på synfaring i store delar av landet, men det er sjølvsagt mange område
som står att. Reisemåten har vore slik at vi har prøvd å kartleggje grenser mellom beresystem. Det vil seia at ein godt kan finne lommer med avvikande mønster innafor område vi har sagt er homogene. Det nettet som vi har lagt ut, er til dels grovmaska. Vi ser for oss at ein på fylkes- og kommunenivå vil finne grunn til å gjera nøgnare og meir nøyaktige kartleggingar. Til dømes er grindeverksområdet ganske stort. Innafor dette område finst det nyansar og avvik som vi ikkje har fått med oss og som kan vera interessante og viktige. Vi har altså vore ute etter dei store linene i mønster og tankegang, meir enn historie og person. Metoden har gjeve oss eit oversyn som nettopp syner struktur og tankegang. Vi sit att med eit forsterka inntrykk av at bygging var skikk, meir enn personleg ytring. Sjølvsagt vil den einskilde byggmeisteren setja att sitt personlege kjenneteikn på mange ulike vis, men desse kjenneteikna går lite på logikk og grunndrag. Kartlegginga vår går i hovudsak ut på å lage ein typologi. Vi ser på mønster, får fram særkjenne og nemningsbruk. Vi tek ikkje opp til drøfting fordelinga av bereprinsippa innafor dei ulike områda. Somme stader og til somme tider er laft ein dominerande byggjemåte. På andre stader og til andre tider er det ei eller anna form for reiste konstruksjonar som dominerer. Korleis og kvifor det fordeler seg mellom laft og reisverk, har ikkje vore objekt i undersøkinga vår.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 21
21
04.06.2018 23.16
Feilkjelder I utvalet vårt av informantar har vi dyrka mest dei som har vore samarbeidsviljuge og som har hatt mykje å fortelje eller syne. Dette er i ein viss grad uavhengig av alder, men den typen bygningar som vi er ute etter, vart det stort sett slutt med å byggje i laupet av 1950-åra. Informantane våre var alle saman godt arbeidsføre før den tida. Det ligg alltid ei feilkjelde i eit utval av personar. Problemet vårt har vore å finne personar med rimeleg god innsikt. Ettersom vi heile tida har halde informanten sine opplysningar opp mot gjenstandsmaterialet, trur vi at utvalet av informantar i liten grad har misleidd oss. Når det gjeld utvalet av hus, er talet så stort at vi lyt erklære oss som utsegnskraftige i dei fleste mønstra som vi set fram. Det er likevel typar som det finst svært få att av. Det gjeld til dømes eldre stavliner i Salten og Troms. Her har vi funne berre nokre få hus, og lyt for resten lite på informantane som seier at «byggjemåten var vanleg». Det er når vi går attover i tida, at det tynnest ut. Til lenger bakover i tid, til færre hus og til mindre sjanse har vi til å teikne allmenne drag. Det finst eit par hus og nokre bygningsdelar som peikar mot som er eldre enn grindverket på Vestlandet. Dei seinaste granskinga peikar mot at grindverket, i den forma vi kjenner det, oppstod kring tida for reformasjonen (midt på 1500-talet). I hovudsak meiner vi å ha rimeleg godt grep attende til 1800. Før den tid blir materialet vårt meir fragmentarisk. Vi har heller ikkje lagt så stor vekt på dei gamle husa. Det var den skikken som vi kunne knyte til levande informantar, som var siktemålet vårt. I sluttfasen av arbeidet til første utgåva drog vi likevel inn nokre undersøkingar som gjekk på samanhengen mellom byggjeskikken på 1700-talet og lenger attover i
tida. I andre utgåva utvida vi den bakoverskodande delen i drøftingane våre både når det gjeld direkte undersøkingar av gamle system og når det meir indirekte tilnærming. Likevel lyt det vi presenterer av slike samanhengar framleis bli sett på som førebels konklusjonar, kanskje som brukbare hypotesar for vidare arbeid. Ei breiddeframstilling slik som vi gjer for 1800- og 1900-talet, krev at det vert dokumentert mange hus. Å vera fullt utsegnskraftig om mønster på grunnlag av einskildtilfelle er ikkje mogleg. Vi kan koma på sporet og stille spørsmål, men vi kan ikkje påstå noko om mønster. Vi har ein påfallande mangel på bindingsverkshus (stenderbygde og ikkje stavbygde hus) sett i relasjon til kor vanleg denne byggjemåten er i litteraturen. Ei feilkjelde kan vera at bindingsverkshusa oftast er bustadhus eller innreidde til andre føremål enn dei opphavlege. Husa kan vera kledde både på utsida og innsida, slik at det er vanskeleg å sjå konstruksjonen. Her står vi andsynes ei feilkjelde i materialet som kan ha ført til at framstillinga vår er skeiv og især når det gjeld byane. Ei anna og tydeleg feilkjelde er kva som vert lagt i ordet bindingsverk. Det er tydeleg at mange nyttar ordet bindingsverk om reisverkshus meir generelt. Her nyttar vi det slik tømrarane nytta det, berre om dei husa som har stenderveggar med fleire ståande stenderar for kvart rom (i lengderetninga av huset).
Overfortolking Vi har i mesteparten av den tida vi har arbeidd, sett bort frå kronologien. Det var logikken i huset vi var ute etter. Etter kvart synte det seg at vi hadde periodar der det skjedde noko. Vi meiner å kunne konstatere at det finst ein del dynamiske periodar, periodar der byggjeskikken er i utvik-
22 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 22
04.06.2018 23.16
ling også når det gjeld beresystema. Vi har gjeve ei framstilling av inntrykka våre i så måte. Dette tyder ikkje at vi kan eller vil peike på «fødselsår» eller «dødsår» for visse måtar å byggje på. Hovudkonklusjonane går heller i retning av at dei teknologiske prinsippa som vi les ut av husa, er utruleg gamle og seigliva, men at det kan variere frå tid til tid kor mykje av det eine eller det hitt prinsippet som er i bruk. Det vil vera feil å lesa ut av dette skriftet at åstaket oppstod på 1600-talet. Vi kan seia at åsen lèt til å ha styrkt posisjonen sin i byggjeskikken på 1600- og 1700talet. Det heng saman med overgangen frå liggjande bordtak av hogne bord til ståande bordtak av saga bord. Vi veit ikkje når det reine åstaket først kom i bruk. Vi kan til dømes tru at brædtaka kan vera gamle. Skal desse liggje på tak som er brattare enn femtungs røst (22o), er åstak ein føresetnad. Det er feil å seia at sveitserrøstet «oppstod» i 1850. Det slår inn i byggjeskikken i andre helvta av 1800-talet og systemet er mellom anna knytt til innføring av tyske tømmermenn. Samstundes finn vi at element av det som seinare gjekk inn som standard kjenneteikn i sveitserrøstet, er til stades i kyrkjer alt på 1600-talet. 1850– 1910 er ein dynamisk periode, og det er i denne perioden at sveitserrøstet oppstår i den forma som vi kjenner det i 1900-talet. Det er resultatet av ein prosess som involverer mange element av personar, teknologi, økonomi, økologi og politikk. Dei dynamiske periodane byggjer på det tankegodset og dei røynslene som tidlegare periodar har gjeve. Endringane blir som regel stegvise. Vi har konstatert at det kan ta ein generasjon eller to å gå over til ein ny gjennomorganisert struktur. Vi ser både store og små sprang. Vi kan ta saga som døme. Innføringa av sagteknologi med dei vassdrivne oppgangs-
sagene drog med seg eit stort sprang i byggjeskikk. Den omfattande bruken av handsager som starta i andre helvta av 1700-talet og innføringa av sirkelsager etter 1860 lik eins. Vi kjem attende til kva desse endringane går ut på. Vel så viktig som dei direkte følgjene av ny teknologi kan dei indirekte følgjene vera. Sagbrukstida førde til auka eksport og auka skogsdrift. Etterspurnaden etter arbeidskraft auka. Dette førde (saman med mange andre samfunnsmessige endringar) til at sagbrukstida innleier ein lang periode med forenkling av byggjeprosessen. Når det gjeld material, har vi også godt grunnlag for dei periodane som er representerte med mange hus, men dette skriftet tek ikkje sikte på å forklare materialbruken. Vi tek likevel med somme merknader om materialkvalitet. Når vi går tilbake i tida, tynnest det ut med talet på hus som finst att. Samstundes vil det vera slik at hus med høg materialkvalitet vil vare lenger enn hus med dårleg. Dette er ei opplagt feilkjelde. Det finst likevel stader å undersøkje der denne typen feilkjelde er mindre til stades enn elles. Til dømes har vi takbord på kyrkjer frå alle hundreåra sidan 1100-talet. Vi ser korleis dei i mellomalderen er laga av hogne bord av fullt utala furu, og at sagbrukstida dreg med seg ei mindre kritisk haldning. Det vil vera feil å lesa ut av framstillinga vår at alle hus i mellomalderen vart bygde med det beste som finst av material, men vi konstaterer at handverkarane på den tida hadde kunnskap og ressursar til å ta ut takbord som kan vare i 800 år. Det gjeld i så mange kyrkjer at vi lyt kalle det allment. Vi vil gjerne vita kva det er som gjer at visse typar material kan halde seg så lenge på ein så vanskeleg plass i huset. Den drøftinga vil vi likevel ta opp i andre samanhengar.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 23
23
04.06.2018 23.16
Byggjeskikk er skikk Vi talar om skikk; skikk og bruk. Skikk er mønster for handling. Ulike folk har ulik framferd, ulike mønster for handling, ulikt språk. Innafor det kulturelle fellesskapet er mykje av dette felles. Vi uttrykkjer kven og kor vi høyrer til i måten å vera på. Dei felles skikkane og uttrykksformene er forutan språk og målføre til dømes bordskikk, matskikk, gravferdsskikk, bryllaupsskikk, klesskikk og byggjeskikk (mellom mange andre). Skikkane har vore sterkt normerande. Skikk følgje eller land fly, heiter det. Trongen til å ha fellesskap i form er svært tydeleg. Beste dømet er kanskje språket. Når nye ord dukkar opp, blir dei snart tekne i bruk av mange. Måten å seia farvel på har endra seg fleire gonger i mi tid. Først sa vi liva godt, adjø eller fara vel til dels også skikke deg vel. Så vart det ha det, deretter hei og no; vi talast. Vi tilpassar oss det som til kvar tid er gjengs. Ved å ha felles språk kan vi uttrykkje oss på ein måte som blir forstått av dei vi bur i lag med. Vi kan kalle språket eitt av dei viktigaste kulturelle bindemidla. Språket er likt innafor eit språkfellesskap. Vi talar norsk i Noreg, jamvel om landet er delt i mange område med ulike målføre, og jamvel om språket endrar seg over tid. Språket er dimed viktig i det å binde oss saman til eitt folk. Språket kan også nyttast til å forstå noko om andre skikkar. Dette fellesskapet i ord og uttrykk gjer at vi samarbeider om å halde språket levande. Når vi meistrar språket godt, kan vi uttrykkje oss presist og nyansert. Klart sagt er klart tenkt, heiter det. Til betre vi meistrar språket, til meir omfattande kan vi kommunisere gjennom det. Byggjeskikk har mykje til felles med språk, men uttrykksmidla er andre. Skikken uttrykkjer seg gjennom material, verkty, handlingsmønster og -former. Likskapen
ligg i at det er fellesskap i desse uttrykka. Fellesskapet gjer det mogleg å nyansere og presisere samstundes som nyansane og presiseringane blir klart oppfatta innafor krinsen av dei som byggjer etter same skikk. Då vi skulle lære tysk grammatikk på skolen, oppfatta vi han som ei tvangstrøye. Inntil vi har lært språket, ter det seg som noko svært normativt. Når vi har lært det godt og gjort det til vårt eige, snur dette normative seg til ei frigjering. Vi får vilkår for å boltre oss i uttrykk. Tenk berre på frustrasjonen hos born som enno ikkje meistrar å tala og den ustoppelege talestraumen som kjem når dei endeleg får det til. Vi får etter kvart vilkår for å kunne bera fram dei mest finstrenga kjenslene. Vi får fridom til å seia svært nøye og tydeleg det vi vil ha sagt. Slik er det også med byggjeskikken. Samanføyingar, beresystem og proporsjonar vil i ein tidleg fase av læring te seg som noko vi nærast opplever å vera dogmatisk. Etter kvart som alt dette er gjort til noko vi kan godt, frigjer det oss. Vi kan nytte dei som byggjesteinar i den individuelle utforminga av det einskilde byggverket. Slik språket frigjer tanken, slik frigjer også byggjeskikken. Han gjer det mogleg å tenkje eit bygg og så blir det til. Og det blir til slik at nyansane i det vert oppfatta innafor kulturkrinsen. Normer frigjer. På hi sida vil mangel på normer svekkje kommunikasjonen. Såleis har det seg at normløyse stengjer og bind. Livet har mange paradoks.
SYSTEMINNGANGEN Overraskande fagtermar Det finst mange måtar å systematisere hus på. Ein måte er å gå på huset sin funksjon; det som i fagterminologien vert kalla kate-
24 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 24
04.06.2018 23.16
gori. Ein annan er å definere huset etter kva slags grunnplan dei har; toromsplan, treromsplan, akershusisk stueform osb. Ein tredje måte er å ta for seg stilarten; empire, barokk, sveitser, jugend, funkis. Ein fjerde er å sjå på byggjematerial; tre, stein, tegl. Alle desse formene har god heimel i bygningsfagleg litteratur. Vi har hatt omfattande drøftingar av kva som skulle vera inngangen i det vi presenterer av beresystem. Skulle vi starte med underbygget eller med mønet? Skulle vi handtere tak og vegg særskilt eller skulle vi halde dei saman i integrerte system. Skulle vi freiste å gjera avgrensingar på innarbeidde ord som bindingsverk, stenderverk eller stavverk? Under samtalane våre med eldre bygningsfolk har vi støytt bort i seiemåtar som har forundra oss. Det gjeld til dømes trønderane som kallar sin versjon av stavhus for sperreverkshus. I utgangspunktet gjev ordet sperreverk ein assosiasjon til taket og ikkje til heile huset. Vi har ein parallell i Lofoten og på Nordmøre. Dei kallar ein variant av stavhuset for ei stavline. Med stavline forstår vi elles ein stokk som ligg langsetter huset og oppå stavane. Stavlina formidlar mellom tak og vegger i huset. Vi kan halde fram med denne vandringa vår. Gamle byggmeistrar på Austlandet kallar den nyare typen av reisverk som kom frå 1850 og utover, for sveitserrøst. Hadelendingane kallar det gamle austnorske beresystemet for fotingsrøst. Valdrisen nemner hus etter snei. (Snei = skrå, den skrått skorne delen av gavl, takside, takvinkel. Dei talar om saksesnei og klavesnei. Saks tyder i dette tilfellet småsperre. Klave = sperrebukk). Saksesnei er i praksis det same som sveitserrøst, og klavesnei har eit sperrebore åstak. Det er tilsynelatande eit gjennomgåande drag å nemne huset etter måten taket er bygt opp på eller korleis det er formidla
mellom tak og vegg. Kvifor er det slik? Dei eldre vi har spurt, har ikkje kunna svara. Det berre er slik. Systema strekkjer seg stort sett lenger attover i tida enn manns minne. Spørsmålet vårt går også på kor fornuftig og råkande talemåten er i forhold til andre måtar å karakterisere huset på. Ordbruken gav ein ny innfallsvinkel som vi vart nøydde til å tenkje gjennom. Det var ein svensk arkitekt (Alf Pettersson) som stod og fotograferte eit norsk stavhus: Det ser ut som om taket bär huset, sa han. Det kan hende svensken på denne måten uttrykte noko heilt grunnleggjande for forståinga av stavhusa. Vi vil koma inn på prosedyrane (side 267–282). Då vil vi sjå at stavhusa på ein pussig måte er tenkt ovanfrå og liksom felt ned på bakken. Dei avgjerande og strategiske måla ligg i rafthøgd og ikkje ved grunnen. Det er ved raftet ein rettar opp. Det er der huset sitt nullpunkt er; det logiske utgangspunktet som resten av konstruksjonen rettar seg etter. Dette dreg tanken vår mot stavkyrkjene som har sidestivinga lagt til toppen av veggane. Etter kvart som vi arbeidde med systema, fekk vi eit stadig klårare inntrykk av denne tenkjemåten. Han er ført så langt at det heilt tydeleg er tekkinga som har vore avgjerande for utforminga lenger ned. Innføringa av ståande bord som tekking (på 1600-talet), og seinare med overtekking av tegl (på 1700- og 1800-talet), ser ut til å ha fremja bratte tak og bruken av åsar. I mellomalderkyrkjer er det ein klar samanheng mellom bratte tak, liggjande sulagt tekking og sperrer. Det ser også ut til å vera ein samanheng mellom ikkje for bratte tak, nevertekking med torv, liggjande tro og sperrer. Dette gjer at vi i den seinare gjennomgangen av dei einskilde elementa i huset startar med tekkinga.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 25
25
04.06.2018 23.16
Huset som beresystem Vi laut drøfte byggjeprinsippa og sjå på kva slags logikk som låg bak ein såpass gjennomført måte å karakterisere på. Svaret vårt vart at handverkarane har oppfatta huset som det vi i dag vil kalle eit statisk system. Dei har sett på konstruksjonen av huset som eit beresystem. Denne måten å karakterisere huset på set fingeren på noko heilt vesentleg. Skal huset stå, halde seg beint og sterkt over tid, er det vesentleg at ein tenkjer i kategoriar som gjeld styrke og måte å bera på. Både på grunn av tradisjonen og av di det gjev ein god karakteristikk, vil vi nytte desse yrkesborne orda og den «statiske» tenkjemåten som ligg til grunn for dei. Hovudinndelinga vår av husa blir gruppert etter prinsipp vi er gjorde merksame på av eldre bygningsfolk som vi har vore i kontakt med. Vi tek utgangspunkt i seiemåte for og kulturgeografisk spreiing av dei statiske systema som ein har nytta. Det vil då dreie seg mykje om røstinga, dei konstruktive elementa under taket og formidlinga av taktyngda nedover og suget oppover i veggene. På Austlandet er dei eldre byggjarane naturleg nok mest opptekne av tyngda av tak og snølast på det. På Vestlandet og nord for Stad især er det vinden og kva den gjer med huset, som står fremst i tankane. Omsynet til sug og sidetrykk er dei to dominerande i tankegangen bak bygga. Av di vi ser bygget som ei systemeining, talar vi vekselvis om vegg og tak. Dette kan virke forvirrande. Tankegangen er likevel at dei to delane er organisk bundne einingar. Endring på eitt punkt dreg med seg endring på andre. Især når det gjeld vind, er veggen avgjerande for vurderinga av samla styrke. Vi tek i denne omgangen ikkje opp anten fylling eller kledning anna enn når desse delane tek del i beringa. For oss er skjelter ein type kledning/fylling i veggen. Skjelterhusa i Nord-Noreg fell då i to slags
hus. I lafta hus og i stavreiste. I båe fall er skjeltrene å sjå på som ei rein fylling. Skjelterskjåen står for eit stavreist beresystem i framstillinga vår. Skjeltrene tek ikkje del i anten bering eller stabilisering av bygget. Dei er rein fylling. Skjelterskjåane står elles for ein rikhaldig variasjon av løysingar. Dei står for eitt av høgdepunkta i den eldre byggjeskikken vår og for noko av det som syner lengst kontinuitet i form, teknikk og uttrykk. Nord-Noreg kan vera stolt av å ha bore fram ein så flott del av kulturarven vår. Skjelterprinsippet er elles ikkje så eineståande nordnorsk som mange kanskje har hatt inntrykk av. Vi finn til dømes ordet i form skjæltæl i trøndersk, skjellfell i Numedal og i form skjaldtili i Telemark. Alle stader står det for veggfylling etter same prinsipp som skjelter i Nordland og Troms. Det er detaljar i utforminga som er særprega i nord, men ikkje prinsippet og ordet. Av di vi finn skjelterhusa i så mange variantar og kombinert til tømmer på ulikt vis, vil det vera ei svært interessant oppgåve å granske nærare kva det er som slår ut i dei konkrete vala til ulike tider og på ulike stader.
Blømingstid for stavreiste hus etter 1860 Vi fekk ei blømingstid for stolpereiste hus saman med omleggingane i jordbruksdrifta i andre helvta av 1800-talet. Stav-/stolpehuset er ypparleg til fôrlager; romsamt og luftig. Trongen til auka volum ser ut til å ha vore ein viktig pådrivar i denne utviklinga. Vassagene kom for alvor i gang i laupet av 1500-talet. Dei gav billegare bord. Endringane i byggjeskikkane kring 1600 og frametter går mellom anna mykje på stokkformer og tak og tekking. Tekking med ståande bord ser ut til å slå gjennom då, men framleies var lafting ein dominerande byggjemåte.
26 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 26
04.06.2018 23.16
Det bordkledde stolpereiste huset slo ikkje inn som eit omfattande og dominerande element over alt i landet vårt før etter midten av 1800-talet. I skogfattige strok har likevel stavreiste hus vore ein viktig del av byggjeskikken så langt attover som vi kan sjå. Det gjeld især Vestlandet med grindverkshus og Nord-Noreg med skjelterhus. Den store omlegginga heng tvillaust saman med eit samanfall av fleire faktorar. Fleire av vilkåra for bygging endra seg. Handsaga breidde seg i slutten av 1700talet. Ho gjorde det brått lettare for folk flest å skaffe seg kledning til huset. Industriframstilt spikar kom i bruk så tidleg som i slutten av 1700-talet og utviklinga skaut fart ikkje minst ved etablering av Christiania Spigerværk i 1850-åra. Sagbruksprivilegia vart oppheva i 1860. Samstundes kom dei mobile dampdrivne sirkelsagene. Dette førde til ei vesentleg endring i tilgang og pris på saga material. Tilgangen på billeg spikar vart vesentleg betra etter at vi fekk spikarfabrikkar. Billeg spikar drog med seg tynn spon. Ho kom ein stad i laupet av første helvt av 1800talet. Saging og billeg spikar førde også til at det kom meir bord på veggane. Innafor jordbruket gjekk det for seg store omleggingar i retning av handelsjordbruk og større behov for å halde store fôrlager heime på garden. Då var avgjerande føresetnader for dei bordkledde reisverkshusa lagde til rettes. Så lenge som byggjarane heldt seg til kløyving og øksing av borda, var det i alle fall i skognære strok dyrt og arbeidsamt å nytte bordkledde hus i staden for lafta. Bordkledningen laut sparast til dei bygningsdelane der dei trongst mest. Det var i tak og golv. Der det var lenger til skogs, lønte det seg å frakte bord i staden for tømmer. Den optimale blandinga av tømmer og bord var ei anna enn midt i tjukke skogen.
Sagene påverka også valet av bygningsvyrke. Med sagbruksprivilegia fekk sagene einerett til sagtømmeret, og det var berre det grove tømmeret og i hovudsak rotstokken som på den tida blir rekna som sagtømmer. Fram til 1725 hadde kravet til toppmål på sagtømmer dotte til 17˝ (ca. 45 cm) (sju-bord stokk). Frå 1725 til 1860 var normerande pris basert på 12˝ topp (firebord stokk). Halvmåls tømmer var 10˝ i toppen (to-bord stokk). Brorparten av borda vart eksporterte, medan det undermåls tømmeret låg att i skogen. Såleis ser vi at byggjeskikken ifrå slutten av 1600-talet i høg grad innrettar seg på det tømmeret som låg att etter at dei privilegerte sagene hadde tatt sitt. Tømmer med kvist og avsmalning gjev dårlege bord, men er greitt å lafte av. Paradoksalt nok ser det såleis ut til at saginga førte til meir lafting – især på 1700-talet. Handsagene lyt også takast med i vurderinga. Dei gav god materialutnytting, og tevla med oppgangssagene heilt frå slutten av 1700-talet. Svært mykje av den bordkledningen som vi ser på hus frå 1800-talet, var saga på handsag. Handsaga er nok ein av dei teknologiske føresetnadene som har verka sterkast inn på byggjeskikken i Noreg. Handsagene har revolusjonert byggeria i Noreg i ein grad som vi vanskeleg kan ta inn over oss. Dei er tvillaust ein føresetnad for utviklinga av byggjemåtar tidleg på 1800-talet, slik at dei ligg klare som utvikla system når den eksplosive utviklinga kjem etter 1860. Vi kan stille spørsmål om i kor stor grad det var sagene eller auka behov for bygningsvolum som dreiv fram den omfattande nybygginga på gardane på 1800-talet. Kanskje det var ein kombinasjon. Dei nye vilkåra gjorde det mogleg å omorganisere gardsdrifta i ein grad som ikkje fanst tidlegare.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 27
27
04.06.2018 23.16
Det skil seg ein del kor fort det gjekk med overgangen til nyare byggjemåtar og nyare måtar for tilverking av material. Transportvegen har truleg vore viktig for val av teknikk. Var det kort veg til skogen, men lang veg til saga, lønte det seg å økse og lafte. Låg saga ved skogen, men huset skulle byggjast langt unna, var det enklast å nytte saga material Slik var det i høg grad før handsagene kom, men desse opna for heilt nye vurderingar.
Kven sto bak? Vi tek ikkje opp til særleg grundig drøfting kven som var føregangsmenn når det galdt utviklinga av beresystema og tilpassinga av dei til stolpereiste hus og saga material på
1800-talet. Til dømes refererer Olav Hjulstad (Hjulstad 1991) til amtsagronomar og landbruksingeniørar i boka si om uthushistorie. For oss ser det heller ut til at handverkarane har vore dei viktigaste i utforminga av den tekniske delen av byggjeskikken. Mange løysingar i dei tidlege teikningane av landbruksbygg er litt hjelpelause. Dette gjeld også forslaga til løysingar som er skisserte av Th. Broch i Lærebog i bygningskunsten frå 1848 (Broch 1848). Det vi ser i mesteparten av dei samtidige husa, ber preg av sikker tradisjon og avklara oppfatningar om bering. Rett nok teikna Broch først og fremst for militærvesenet, og dei militære bygningane har vi ikkje sett på. Det er eit studium verdt å sjå i kor stor
Fig. 1.1. Amtsagronom Bærøe sine uthusplanar frå 1866. Han skriv: Flere i Buskerud Amt have de to siste år oppført Udhusbygninger efter samme Prinsipp. Han er oppteken av det runde fjøset. Den ryddige utforminga av takstolar har han etter alt å døme henta frå bygg han har sett. Eldste takstol her i landet er meir enn 100 år eldre. Konstruksjonen til Bærøe syner likevel ei tidleg og ryddig utforming av det vi kallar sveitserrøst.
28 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 28
04.06.2018 23.16
Fig. 1.2. Statsagronom Kjekstad sitt framlegg til alminnelig form for det østenfjeldske jordbrug. Kneveggar som dette er særleg vanlege i Buskerud. Vi ser at sideavstiving og stolpar ikkje er plassert slik som tømrarane i praksis gjorde det. Dei plasserte stolpane i vertikale rader opp mot takkonstruksjonen. Veksling i vegg, slik som her, har vi ikkje sett i ståande bygg. Sideavstivinga i første høgd er altfor svak til å kunne bera det store overbygget. Denne teikninga fell såleis inn i eit mønster som syner at tømringa var det tømrarane som ordna med, medan agronomane var mest opptekne av romplan og fasade.
grad han har verka inn på konstruksjonane i militære anlegg. Til dømes amtsagronom Ole Bærøe (Hjulstad op.cit.) er tidleg ute med å teikne eit etter måten ryddig sveitserrøst. Derimot ser Gudbrand Tandberg (Tandberg 1890) heller ut til å stadfeste etablert byggjeskikk enn å føre inn ny. Dei samtidige husa vi har dokumentert, er meir avklara i statikken enn Tandberg sine teikningar. Det ser ut som om han har hermt ein del element utan å ha fått med seg heile samanhengen. Handverkarane ser ut til å ha vore betre når det gjeld statikk og styrkemessige vur-
deringar enn agronomar og ingeniørar på den tida. Det same gjeld i nokon grad også A. Norheim (Norheim 1959). Han skreiv Landbruksbygninger, ei lærebok som vart mykje brukt av landbruksskolane etter krigen. Dei fleste av forslaga til konstruksjonar har vi ikkje sett mykje att av i terrenget, men på side 163 syner han den konstruksjonen som i Ryfylke heiter høghus. Denne takreisinga vart svært mykje brukt i Rogaland og det er rimeleg å setja utbreiinga saman med A. Norheim som var fylkesagronom i Rogaland frå 1922 til 1959.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 29
29
04.06.2018 23.16
Fig. 1.3. Uthusbygningen på Årønes ser ut som ein vanleg middelstor driftsbygning frå tida kring 1900 og med køyring på langs. Dette huset er likevel frå 1830.
Fig. 1.4. Inni ter konstruksjonen seg som ein typisk og velprøvd bukkehus frå Romsdal (sjå meir om dette systemet side 169).
30 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 30
04.06.2018 23.16
Konstruksjonen er eldre enn Norheim, men han har heilt sikkert hatt mykje å seia for utbreiinga. Noko av det som skjedde midt på 1800talet og frametter var at vi fekk dei samanbygde uthusa. Det kom fjøs, stall, saugarde, løer og låve under same tak. Dei store raude uthusa heng saman med denne samanbygginga. Kor og når dette først starta, veit vi ikkje, Det vi veit er at Romsdalingane var tidleg ute. På Årønes i Molde kommune ligg det ein samanbygd uthusbygning frå 1830. Det er den eldste vi hittil har registrert. Denne bygningen har mange typiske trekk frå tida han er bygd. Det er både handsaga og oppgangssaga bord i kledningen. Mørtelen i den steinmura delen er leire. Spikaren i veggane er smidde. I Romsdal er det som på Nordmøre og i Trøndelag også lange låner. Dei kom til utvikling på 1700-talet. Vi kan ikkje sjå bort frå at lånene har inspirert til det samanbygde uthuset. For oss er det viktigare å reise problemstillingar enn å konkludere bastant. Det får bli andre fagmiljø si oppgåve å granske innovasjonsprosessen meir i detalj. Vi presiserer at det heile tida er beresystem og tekniske løysingar når det gjeld samanføyingar, vi talar om. Vi kjem attende til meir omfattande drøftinga når det gjeld framvoksteren av systema i eit eige kapittel (side 326).
NEMNINGAR Treng vi normaliseringar? Same kva utgangspunkt vi hadde valt når det gjeld nemningsbruken, ville vi støytt på vanskar. Det er ulike tradisjonar og ulike målføre som møtest. Det som ein stad heiter eitt, heiter ein annan stad noko anna. Oftast er det likevel slik at ulike nemningar
knyter seg til ulike skikkar. Så lenge som vi held oss til ein konkret byggjemåte, er difor vanskane overkomelege. Det er når vi skal opp på eit høgare generalitetsnivå og tala meir allment og prinsipielt, at vi blir nøydde til å gjera ei eller anna form for normalisering. Til dømes går orda stav, stender og stolpe til ein viss grad om ein annan i dagleg tale. Det er likevel ein tendens i målføra til å halde seg til ordet stav der han ikkje står på syll eller er ein integrert del av veggen. Ordet stolpe, derimot, blir helst brukt der som han står på syll i veggen, og vi held oss hovudsakleg til denne forståinga av ordet. Likevel seier vi telefonstolpe, og han er jordgraven. I stavkyrkjeterminologi er stolpe nytta om dei jordgravne stavane, medan stavar er slike som står på syll. Det enklaste er å halde seg til dei tradisjonsborne nemningane der dei finst. Då heiter det stolpe i Trøndelag, medan tilsvarande bygningsdel på Nordmøre heiter stav. Båe står på syll. Å normalisere er ikkje lett. Stolpe og stender går også somme stader over i ein annan. Til dømes heiter det stav på Nordmøre og i Romsdal, det som vi elles kallar stender. Der skil dei i språket ikkje mellom stender (i lett bindingsverk) og stav i stavreiste hus. Ordet stolpe er bruka om ståande konstruksjonsdel i hus både i Telemark, i Agder og i Trøndelag. Allstad heiter det gjerdestolpe, telefonstolpe og kaistolpe. Vi har valt å kalle det stolpe eller stav når det berre står ein for kvart rom, men stender når det er fleire i rommet. I dagleg tale kan det likevel dukke opp forvirrande unnatak frå det vi har registrert som vanleg seiemåte. Tverrbindingane i rafthøgd heiter somme stader bete eller bite, andre stader samhald, atter andre bindar, krone, veggband, tverrline, tverrsyll, krokstokk, raustmor, stikksperrebjelke eller sperrelunn.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 31
31
04.06.2018 23.16
Fig. 1.5. Liggjande tømmer i botn av huset heiter alle stader syll eller svill. Loddrett ståande tømmer heiter stav eller stolpe når dei står ein for kvart rom. Med fleire i romet blir det stender. Liggjande tømmer oppå stavane kan heit garlægje, stavlægje raftstokk, raftall, stavline mfl. Nemininga er gjerne systemeigne. Kvart system har eigne nemningar. Ordet stavlægje høyrer grindverket til, medan stavline høyrer til sperreverk i Trøndelag. Sjå meir i tekst nedanfor.
I bygningslitteraturen er nemninga gjerne undergurt. Gurt er tysk og tyder gjord (band). På norsk står gjord helst for eit band rundt noko, og vi har ikkje funne ordet brukt om bete hos dei eldre. Det er vanskeleg å uttale seg om kva som er eldste ordet og som såleis har best heimel i norsk. Ordet bete, bætta eller bite er i alle fall eit gammalt ord. Grunntydinga er som bit. Det har etter måten stor geografisk spreiing og det finst i andre typar bygg (skip og båtar). Landsnormal for tverrband i rafthøgd kan difor gjerne vera veggband eller bete Veggbandet/beten har litt ulik utforming i dei ulike typane av beresystem. Så lenge som vi held oss til eit visst system, er det difor rimeleg å nytte den nemninga som lokalt er knytt til dette. Eit anna vanskeleg ord er reisverk. I litterær samanheng er dette ordet den innarbeidde nemninga på veggfylling av reist plank. Dei fleste eldre handverkarane vi har vore i kontakt med. nyttar derimot ordet reisverk som fellesnemning for alle reiste konstruksjonar. For dei tyder reisverk alle typar stavverk og bindingsverk. I Nedre Buskerud og Drammen ser reisverk ut til å vera knytt til reist plank, slik som det er arbeidd inn i skriftleg samanheng. Det er altså ikkje så enkelt som at skriven tradisjon står mot den munnlege. Vi har også talemål som står mot talemål. Vi er i beit med korleis vi skal halde oss til denne kollisjonen. Førebels har vi
landa på å ta utgangspunkt i den talemåten som har vore mest utbreidd. Vi nyttar reisverk som fellesnemning på alle typar reiste konstruksjonar. Nemning for fylling av ståande plank har vi henta med heimel i Trøndelag, Møre og Romsdal og i Oppland der dei kallar dette for reist plank. Dette er altså normalforma vår som vi nyttar i allmenn omtale. Øvste stokken i langveggen har mange namn. Vi nemner i fleng: raftlægje, raftstokk, stavlægje, gardlægje, raftall, krune, åladstokk, toppsvill. Vi har behov for å nyansere mellom den stokken som ligg under beten og den som ligg over. Trønderane skil konsekvent her og kallar den stokken som ligg på stavane og under beten for stavline, eventuelt langstavline, medan den som ligg oppå beten (tverrlina) heiter raftstokk. Vi vil gjerne nytte den trønderske seiemåten i allmenn omtale. Med stavline forstår vi den langveggstokken som ligg oppå stavane, medan raftstokken ligg oppå beten. Vi har ein del stavhus som manglar stavline, dei har berre ein eller to raftstokkar. Det kan heite dobbel raft. Når vi ikkje vel toppsvill, som er svært godt innarbeidd på mesteparten av Austlandet, er det av di toppsvill blir ei særtyding av stavline. Vi har toppsvill når det er sveitserrøst eller fotingsrøst. Der treng ikkje sperrene eller sperrelunnane vera i fase med veggstavane (eventuelt stenderane) og stavlina eller raftstokken tener som berande
32 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 32
04.06.2018 23.16
underlag for røsta. Ho er ei syll i samsvar med gjengs oppfatning av syll som ein underlagstokk. Stavlina, derimot, tek først og fremst krefter på langs frå strevarane og på tvers frå betar/tverrliner/samhald. Skråstivinga både i tak og vegger har ulike nemningar omkring i landet (fig. 1.5.). Trønderane seier oftast strevar, medan ein i Agder og Telemark talar om spenn eller skråspenn. Vestlendingane talar om skråband, snedband og broddeband. Nordlendingane seier snedband om dei som går frå syll til stav. Vi har vore nøydde til å innføre ein slags normal også på dette området. Vi har ein parallell til skipsbygging. Der heiter det band i klinkbygde båtar og skip. Banda blir lagde i etter at båten/skipet er borda, og dei fangar først og fremst opp eit strekk. I kravellbygde farty og skip heiter det spant. Dei blir reiste før planken kjem på. Spanta tek mot trykk under bygginga. Dei spenner. I hus har vi også både band og spenn eller strevar. Banda tek som regel opp strekk ved at dei er felte i eller nagla til det tømmeret dei skal stø eller stive. Spenn og strevarar er berre tappa inni og arbeider berre på trykk. Unnataket frå regelen er til dømes når det heiter broddeband om ei skråavstiving som ikkje tek strekk. Romsdalingane ligg i eit skjeringspunkt mellom fleire byggjeskikkar og har såleis hatt større trong til nyansering. I Romsdal seier dei slik: Skråband er band som går frå overliggjande tømmer til stav og som tek strekk. Dette bandet er nagla til stav og samhald (bete) og kan difor både ta trykk og strekk. Stikkband er band som går frå underliggjande tømmer til stav og som oftast er nagla til, slik at det er eit verkeleg band det dreiar seg om. I Nord-Noreg heiter eit slikt band for snedband. Strevar er skråstilt stav som går frå liggjande til liggjande tømmer. Dette svarar
til talemåten både i Trøndelag og på delar av Austlandet. Strevar er synonymt med spenn og streit (Oppland, Buskerud, Telemark, Agder), og desse orda blir brukte der dei ikkje seier strevar. Skorde, sprøys og sverte er same tingen. Uttala av skorde er med trong o og stum d. I område med tjukk l er det den som er bruka. Vi høyrer av og til at skorde bli uttala med open o eller å. Ordet kan då lett forvekslast med skåre som tyder hakk eller å lage hakk. Vi talar om skårekjevle (rund pinne med hakk for rekning), om felleskår når vi høgg tømmer, og om å skåre når vi feller med øks. Skorde, sprøys og sverte er mest brukt om mellombels oppstøtting. Skorde er i bruk både nordafjells og i Telemark, sprøys vestafjells og sverte på Austlandet. Orda står i utgangspunktet for ei skråstilt stø frå grunnen og opp til stav/stolpe/vegg. Men orda kan brukast allment om ei stø og helst i uspesifikk tyding. På Vestlandet kan ein tala om vindsprøys i tak og røst. Vi vil nytte orda skorde, sprøys og sverte som synonym for mellombels oppstøtting eller avstiving og helst slik at vi held oss til den geografiske utbreiinga som dei har. Det bandet som stør røsta, heiter også ulikt. Ein seier røststrevar (Trøndelag), vindfell (Nordmøre) eller vindsprøys (Vestlandet). Vi synest alle desse tre orda er knakande gode, men held oss stort sett til den trønderske forma som vår normal. Ordet røststrevar vil vera lett fatteleg over heile landet. Vi lyt likevel vera klar over at ein vindfell går frå samhald innover i huset og opp til mønsåsen. Såleis har røststrevar og vindfell same funksjonelle oppgåve, men dei er ulikt utforma. Vi lyt igjen minne om at ordgeografien er knytt til byggjeskikken. Skal vi vera presise lyt vi halde oss til terminologien for den einskilde skikken.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 33
33
04.06.2018 23.16
Tak, toke og røst Av di vi steller med beresystem, vil vi ta utgangspunktet vårt i det borne og startar øvst i huset. Med tak og tekking forstår vi, som nemnt ovanfor, det som gjer taket (vass) tett. Språkleg er dette det eigentlege taket, idet tak og tekking i ein del målføre og i gammalnorsk er same ordet. Såleis heiter til dømes tekkjenever tak i øvre Setesdalen. Ordet tak er i slekt både med det engelske ordet thack som tyder halmtak og det latinske tegula som vi i dag kjenner att som tegl (Bjorvand og Lindeman 2007). I fleire målføre vert det sagt både tak og toke. Av og til høyrest det ut som om toka er taket sett frå undersida. (I Hordaland heiter det tøke.) Til dømes er uttoke fellesnemning for takutstikk (i gavlen) og takskjegg (takofs) langsetter. I Setesdal er toka på huset, medan det dei tekkjer med (nevra), heiter tak. Egdene lenger sør talar om bordtoke eller bordtoge, og då er det det sulagde undertaket av bord dei talar om. Kor vidt dette er interessante distinksjonar eller eit uttrykk for at eldre og nyare former kan leva side om side, skal vera usagt. Ordet tak har tre tydingar: (1) det tekkjande, det som gjer taket tett. Dette er det eigentlege taket. I dagleg tale er det likevel kome med to tydingar til. Tyding (2) er heile systemet av dekking, tekking, og berande undertak, det som vi kallar tro (sjå nedafor). Somme tek også med nest-øvste bering, det som ber troet (tyding 3). Det vert sagt åstak og sperretak alt etter som det troet er bore av åsar eller sperrer. Eigentleg burde vi seia åsbore tak og sperrebore tak. Det er på same måten som vi seier golvås. Golvåsen er ikkje golvet, men han ber det. Vi vil i det følgjande i hovudsak halde oss til tyding 1. Det er av di språket skil mellom tak og røst. Røst tyder som reiser seg eller som er
reist, dvs. reiser opp frå jamveggen. Jamveggen er raftstokken saman med øvste tverrtømmer). Røstinga er det som held taket oppe. Øvste delen av røstet er troet (sjå nedafor). Troet er utett. Det ber tettande lag. Såleis blir det stor feil å kalle eit tett undertak for tro så vel som tro for undertak. Dei berande elementa i røstet kan i tillegg til troet vera sperrer eller åsar. Sperrene kan vera stødde av band eller åsar. Åsar kan vera stødde av sperrebukkar, trånnbukkar eller tømra røst. Med røsting/rausting forstår vi også kor mykje taket er reist, kva takfallet er, det som i skriftleg språk vert kalla takvinkel. Røsting blir oftast uttrykt i ein brøk som på ein eller annan måte markerer eit forholdstal mellom breidd og høgd i røstinga. Dette kjem vi attende til. Røstet er altså i utgangspunktet noko som går på tvers av huset, jamvel om det kan ha delar (åsar og liggjande tro) som går på langs.
Tro, trøe og undertak Ordet tro (n) er i slekt med trøe, ei stong. Den einskilde trøa er hokjønn, medan den samla flata, troet, er inkjekjønn. Flata er bygd opp av mange trøer. Dette kan vera grunnen til at troet mange stader vert uttala i fleirtalsforma troa. Språkleg er troet ein del av det som ber det tettande laget. I dag er som regel troet laga av bord og det kan vera ganske tett. Difor ser vi ofte at det ikkje blir gjort distinksjonar mellom undertak og tro. Eit undertak er ein del av det tettande systemet, som regel laga av ståande eller liggjande bord med omlegg. Det er eit sutak, eit tak der borda er sulagde, dvs. at dei ligg med omlegg. Både her i landet, og i Vesterhavsøyane (Shetland og Skottland) finst det fleire døme på at øvste berande lag i taket er laga
34 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 34
04.06.2018 23.16
av trøer, tynne stenger av eit eller anna tilgjengeleg treslag (sjå bilde side 72 og 157). Sous er «under» på fransk. Sutak blir somme stader også forstått på den måten, at det er eit undertak som ikkje treng å vera sua. Sutak er då nærast å forstå som synonym til tro. Det er helst i byane at denne oppfatninga av sutak har slått inn, men vi har ikkje gjort freistnad på kartlegging og tydingsinnhald i ordet sutak. Vi berre konstaterer at båe tydingar finst.
Rafte, skoftung, raftsperre, sperre, sperrebind, saks og kombinerte ås-sperretak Det gamle ordet på det vi i dag kallar sperre, er rafte (m). Som kjent heiter flåte i engelsk raft. Det kjem av at dei gamle englendarane kjøpte raftved i Noreg som dei bunta i flåtar og drog opp elvane inn i landet. Rafte heng saman med gammalnorsk ráf (n) og engelsk roof som båe tyder (sal)tak. Sperre heng saman med ordet å sperre, setja stengsel for. Tørrfisktilverkarane talar om å sperre fisk. Det er å binde to fiskar saman i sporden, slik at dei kan henge over ei råvedstang. Sperre tyder altså sperreparet og det som vi i dag kallar sperrebindet (dei er bundne med ein hanebjelke og/eller bete/sperrelunn). Vi talar då om dei takberande sperrene og ikkje om dei åsberande, dei som heiter sperrebukk, røstleiner og hestar. Sperre er då, som vi har nemnt ovanfor, i utgangspunktet paret av raftar. På Austlandet har ordet saks heimel for det som i Telemark heiter rafte, den eine av dei to i ei(t) sperre(-par). Det kan også seiast saks om undersperre som ikkje går opp til møna. Især den siste tydinga understrekar saks som noko halvsidig. Vi har tidlegare vore inne på at dei på Vestlandet har lang tradisjon for å kalle for sperre det som på Austlandet heitte saks.
Reine sperretak/saksesnei har vi når sperrene ber fritt frå møna til raft. Vi kallar det også sperretak om saksene/sperrene er stødde av hanebjelkar eller undersperrer. Frittberande sperrer er gjerne klauva i toppen (klauva = med klauv). Saks, saksesperre, sperre og sperrebind er ei gruppe ord som har sterkt varierande tydingar. Saks blir i dag gjerne assosiert med det instrumentet som vi klypper med. Av etymologiske ordbøker går det fram at saks heng saman med einegga (sverd) og såleis tyder noko halvsidig. Grunntydinga av saks er skjerande reiskap, seinare avgrensa til einegga sverd og i notida tyder det flekkjekniv. Saks til å klyppe med heiter på engelsk i samsvar med dette a pair of scissors (eit par sakser). På norsk er sax opphavleg eit eintalsord medan sǫx er fleirtal. Kor lenge denne distinksjonen heldt seg i aktiv språkbruk, har vi ikkje oversyn over. Det er likevel påfallande at flekkekniven heiter saks, medan det instrumentet til å klyppe med mange stader heiter soks. Sax er også eit område i leidangskip. Til leveransene når ein bygde leidangskip høyrde det saxband (Utgjerdsbolken Gulatingslovi, NGL 1846) om lag ved overgangen mellom det vi i dag kallar rom og det vi kallar skott i båtar av vestnorsk tradisjon. Vi har ikkje funne ut kva det er som kvalifiserer for å kalle dette området for sax. Saks er eit ord som gjer oss forvitne. Saks kan også tyde opphakka eller skoren. Som takdel har saks i eldre tømmermannspråk gått på den eine av dei to i sperreparet. Fleire eldre bygningsfolk som vi har vore i kontakt med, nyttar også saks om noko halvsidig, den eine av dei to i eit sperrepar. Bruken av ordet saks er knytt til Austlandet. Når det er paret om å gjera, er det somme som seier sakser, til dels soksir, altså fleirtal. Saksesperre er eit ord som er nytta litterært og om dei krosslagde undersperrene
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 35
35
04.06.2018 23.16
som ein finn i mellomalderkyrkjer. Ordet har, så vidt vi kan sjå, ikkje rot i eldre handverkarspråk. Problemet med nemninga er ordet saks som både etymologisk og i tradisjon går tilbake på noko halvsidig. I uttrykket saksesperre får saks derimot tyding av noko dobbelt. Vi har difor kalla det litt innvikla systemet av sperrer og hanebjelkar i mellomalderbygg for dobbelte sperrer. I mellomalderkyrkjene ser vi som oftast eit par krosslagde sperrer under eit par oversperrer, jamvel om det også finst døme på to undersakser på kvar side. Ordet sperre blir i dag bruka både om den halvsidige sperrearmen, som tidlegare og framleis somme stader heiter rafte, og dei ihopbundne sperrene. Etymologisk heng ordet sperre saman med å sperre, seta stengsel for. Sperra er altså å forstå som system og ikkje som einskild del. I alle fall så langt attende som i 1650 ser ordet ut til å ha gått over til også å tyde det som skal bli sperra, altså den eine delen (Bergens Historiske Forening 1951 s. 352). Det gjeld levering av tylfter av sperrer frå Bergen. I praksis blir då sperre og saks nærast å forstå som synonym. Ordet sperre i tyding saks har sitt sterkaste fotfeste på Vestlandet. Sperre i tyding sperrebind ser ut til å vera knytt til det sentrale Austlandet. Johan Wilberg (fødd 1922 i Nannestad), som var tømrar med lange familiære tradisjonar i faget, kalla til dømes eit moderne sperrebind for sperre, og hus som er bygde med slike, har sperrerøst. Dei eldre og åsberande sperrearmane kallar han sokser. Huset har sokserøst. Av di ordet sperre etter kvart ser ut til å ha erstatta ordet saks, har det oppstått behov for eit nytt ord til å uttrykkje det bundne systemet. Lærebøkene i tømrarfag held seg her til ordet sperrebind, medan ein del fabrikkar har lånt inn ordet takstol som erstatning for orda røst, sperre og sperrebind.
Sperrebindet er bygd opp av ein undergurt (bete) og to overgurtar (sakser). Gurt er tysk og tyder gjord, altså band. Det er eit ord som har kome til oss gjennom dei vandrande gesellane. Slik desse orda er brukte i dag, aukar dei ikkje presiseringsnivået. Vi vil difor halde oss til orda veggband eller bete, rafte og saks i den presise tydinga. Vi nyttar ordet sperre litt mindre presist både som bunden del og som einskild, medan gurt kan nyttast som tilleggsforklaring. Her er det grunnlag for mange upresise formuleringar. Vi vil prøve å halde tunga beint i munnen og i hovudsak halde oss til dei eldre nemningane. Dei ser ut til å vera både presise og betre i samsvar med ordtydingane enn seinare nemningar har vore.
Ås og kombinerte løysingar med åsar og sperrer Ordet ås kan ha samanheng med aksel – noko som ber. Det vert nytta både om takåsar og om golvåsar. Takåsane går frå røst til røst på langs med huset, medan golvåsane går på tvers. Vi talar om mønsås eller mønstong i (møna) og sideåsar eller leåsar på taksidene. Åsane kan bli borne av sperrerøst, sperrebukkar, røstleiner. Når åsane er korte, går nemningane over til å vera åsingar (diminutiv av ås), åsærbord eller åsbord. Overgangen er gradvis. Såleis lyt vi sjå på det samla byggverket kor vidt vi har ein ås eller ein åsing for oss. Åsane er knytte til at dei korresponderer med rom (sjå om rom nedafor), medan åsingane ikkje gjer det. Raftet er i dag der taket møter veggen. Det som raftane ligg på. Ytste ås og raftstokk kan av og til vera same stokk. På åsar er det som regel eit ståande tro. Utom raftet, på utsida av veggen, er som regel troet liggjande. Då trengst det ein bygningsdel mellom ytste ås og raftstokken som kan bera bremtroet, bruntroet eller ringtroet som det
36 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 36
04.06.2018 23.16
også kan heite. Denne bygningsdelen har fleire namn. Rafte er vanleg nemning sør i landet. Det er den stutte raften som ligg frå ytste leås, over raftstokken og som utanfor vegglivet ber takskjegget. Raf og raft er mange stader komne bort som aktive ord. Det har ført til løglege ord som raftsperre (Gudbrandsdalen). Same bygningsdel heiter i Trøndelag skoftung, raftskie, raftskõte eller raftstikke. På omtekte tak kan skoftungane bli dregne opp til andre leås. Det kan vera av di den ytre delen av reisetroet har rotna og det er erstatta av liggjande tro opp til første leås. Av og til har vi likevel spurt oss sjølve om liggjande tro til første leås er ein måte å styrke bygget på. Takflata kan bli stivare på den måten. Når det er lagt liggjande tro av di det skal spon oppå, ser vi ofte at skoftungane blir lagde heilt opp til mønet. Omtekte tak kan også få skoftungar/raftar heilt opp til møna. Dette er ofte tilfelle der ein har lagt blikk på eit tidlegare torvtak. Det blir då ein gradvis overgang frå åstak med lange skoftungar og til eit åsbore sperretak. Med aukande tyngd på taket og større fråstand mellom åsane, lyt dimensjonen på skoftungane opp. Dei vil etter kvart ta preg av å vera sperrer som har sin sjølvstendige del av beringa. På same måten som åsingen (æsingen) går over til å bli ås, går raftane/ skoftungane over til å bli sakser/sperrer. Vi får eit åsbore sperretak. Det kallar vi
gjerne kombinert ås-sperretak. Slike tak er det lett å gjera svært sterke – især mot sug. Dette kan vera ein grunn til at vi finn fleire variantar av slike kombinerte tak nettopp i Møre og Romsdal og mange stader i Nord-Noreg, der vindkreftene kan vera på det uregjerlegaste. Vi er ikkje visse på kva slags dimensjon på sperra som vi skal feste til overgangen. Den typiske skoftungen er på 1 ½ x 3˝ (og ligg på flasken). Den typiske sperra er på 4˝ x 5 eller større (og med breisida loddrett). Overgangen vil liggje i området 2˝ x 3 – 3˝ x 3. Likevel finn vi også sperrer i storleiksområdet 3˝ x 6 – 4˝ x 8 som ligg på flasken. Storleiken på huset, fråstanden mellom åsane, dimensjonen på skoftungane/sperrene, romdelinga og tyngda på taket vil ta del i ei samla vurdering når vi skal gi oss til å karakterisere overgangs-tilfella. Utan vidare vil vi seia at mønsåstaket (som berre har mønsås) og bjønneryggtaket (som ikkje har mønsås, men ein sideås på kvar side) er typiske former for kombinert ås-sperretak. Fem meter breie hus med mønsås og berre éin sideås på kvar side vil vi også kalle hus med åsborne sperrer/ sakser.
Takstol I etterkrigstida har ordet takstol vorte knytt til det som frå gammalt av har heitt sperre eller sperrebind. Slik vi ovanfor og Fig. 1.6. Takstol er i eldre handverkarar sin munn og i eldre bygningslitteratur ein stol under taket som går på langs av huset.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 37
37
04.06.2018 23.16
i samsvar med det innarbeidde tømmermannspråket (tyding 1) har definert tak, er åsar og sperrer/sakser ein del av røstet. Slik er det også brukt både av eldre tømmermenn og i eldre litteratur. (Sjå til dømes Nielsen mfl. 1944.) Takstolen er ein stol under taket, som går på langs med mønet. Sjå nærare om dette i kapitlet vårt om sveitserrøst.
Rom Typisk for stavhusa er at dei er delte opp i rom, slik som vi har vore inne på ovanfor. Omgrepet rom er framleis levande. Både på Austlandet (lauerom og hjelming) og i Trøndelag (rom) er det spørsmål om kor mange rom låvebygningen er på. Rom er ein volumrelasjon, men blir gjerne uttrykt som eit lengdemål. Rommet var så og så langt. På Vestlandet heiter det tilsvarande: Kor mange golv (mellomrom mellom stavpar med bete) er det i løa? Det kan også seiast brot. Då er det helst rom for høy eller lo det er snakk om. Denne måten å nemne på går langt attende. Det heitte om Tor med Hamaren at huset hans Bilskirne var på 540 golv (Snorre Sturlason/Egnund 1961). Golv er ein flaterelasjon, men elles blir rom og golv nytta synonymt. Det er mellomrom vi talar om. Stavkyrkjene er litt spesielle. Vi har i prinsippet to typar. I masterkyrkjene er det ein indre øvre vegg under det øvste taket. I den er det stav for kvart eller annakvart sperrepar. Einskips stavkyrkjer har ikkje denne indre øvre veggen. Då står det stavar berre i hjørna, slik at fråstanden mellom stavane blir lik lengda av kyrkjeskipet, lik eins som i den ytre veggen på masterkyrkjene. Lange einskipa stavkyrkjer har likevel mellomstavar i veggen. I stavkyrkjene er det altså tilsynelatande to omgrep for rom. Eitt er kort og knytt til
sperrene i taket. Det andre er langt og knytt til ei funksjonsmessig oppdeling i «golv». I opne lasteskip (og storskip) finn vi ei tilsvarande organisering i små og store rom, der det går eit varierande tal små rom opp eit større. I skip er dei små primære rorsromma definert til 1,5 gammal alen. Den gamle alna var 55 cm og rommet vart altså som regel på ca. 83 cm. Ser vi på dei eldste bygga, på jarnalderhusa, tyder det på at kortaste mellomrom mellom stavpar, altså den kortaste romlengda, er omkring 165 cm. Det svarar til to båtrom og til tre gamle alen. Det svarar igjen til eit sengerom eller ei mannslengd. I stavkyrkjene varierer sperrefråstanden i taket ned til båtromlengd. Ein heil del kyrkjer har denne fråstanden, men somme har 2 eller 2,5 gamle alen lange mellomrom (Bugge 1969). Det svarar til 137,5 cm. Dette er også i ein slags analogi med skip der det er to alen kjøllengd for kvart rom ein legg i det. På Åfjordsbåten er formelen slik at det går 2,5 alen kjøllengd for kvart rom som kjem til. I hus ser det ut til at romma som regel er minst to meter lange, men det er funksjonen som lyt avgjera det endelege valet av kor vidt vi har eit rom eller ikkje. Det trengst å gjerast eit omfattande oppmålingsprogram dersom vi skal kunne gå nærare inn på dette.
Vegg Ordet vegg heng saman med vidje. I ei viss tid var veggene laga av leirklint flettverk. Vegg har altså med tildekking og ikkje med bering å gjera. I jarnalderen (i utgravne avtrykk etter hus) vart tak og røst borne av stavar som stod fritt av veggen. Når vi talar om vegg, lyt vi samstundes koma inn på kva ved veggen er det vi talar om. Veggen er delt opp i tre hovudelement: berande, fyllande og kledande. I tømmer-
38 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 38
04.06.2018 23.16
husa er det enkelt. Bering, fylling og kledning er det same. Dei vertikale kreftene blir lett fanga opp. Nedoverkreftene finn vegen sin til hollsteinar eller mur, og oppoverkreftene har ei god forankring i den tunge tømmerkassa. Sidekreftene blir fanga opp ved at stokkane er dymla saman. Det typiske for reisverkshusa er at dei vertikale kreftene går i stavar eller stendarar (sjå side 317). Punktvis er eit svært relativt omgrep. I stavhuset er det i utgangspunktet stav berre for kvart rom. Mellom liggjande og ståande tømmer i reisverkshuset kan det vera ei fylling. Moderne isolerte hus har fylling av mineralull. I stavkyrkjer og burssvaler er fyllinga tiljer (f) av tre. Den samla flata av tiljer heiter eit tile (n).
Stav, stolpe og stender Norsk daglegtale skil ikkje skarpt mellom stolpe og stav. På Vestlandet er stav vanlegaste nemning, medan ein på Austlandet helst seier stolpe. Nordover vekslar det mellom stav og stolpe. I Trøndelag har vi den morosame kombinasjonen at mange seier veggstolpe, men stavline om den stokken som ligg oppå veggstolpane. På Austlandet og i Telemark har ordet stolpe til dels også gått over på stender. Då vil ein kvar vertikal konstruksjonsdel i veggen vera ein stolpe. På Nordmøre er tilsvarande kvar vertikal del i veggen ein stav.
I stavkyrkjeterminologi trengst det å skiljast mellom stav som står på syll og stav som ikkje gjer det. Det er ein innarbeidd skikk å kalle dei jordgravne for stolpe (slik som telefonstolpe) og dei som står på syll eller grunnstokk, for stav. Det heiter altså stolpekyrkje (med jordgravne stolpar) og stavkyrkje (med stavar på syll og eller grunnstokk). Etter det vi har sagt om rom og sperre (ovanfor), er vi i tvil om kor vi skal setja grensene for når stenderen går over til å bli stolpe eller stav. Nedste grensa for avstanden mellom stolpane/stavane (i nedre ytre vegg) er truleg 165 cm, 3 gamle alen. Dette gjeld så langt tilbake som vi førebels kan følgje dei stavbygde husa. Det lyt altså vera ei lysopning på ei mannslengd (3 gamle alen, 165 cm) eller meir for at vi skal kalle det stavar eller stolpar når dei står i den ytre veggen. Også her lyt det vera slik at logikken i systemet avgjer og ikkje formaliteten (altså dei 165 cm). I dei fleste slags stavhus vi har sett på, er fråstanden mellom stavane frå 2,5 til 5 m. Lange rom kan ha mellomstavar som ikkje er orienterte etter takkonstruksjonen. Det vanlege i stavhus er ei særskilt bering for veggkledningen. Vi talar då om kledning utanpå veggen og ikkje om fylte vegger slik som vi har i stavkyrkjer, sleppvegger og vegger av reist plank. For ståande kledning har ein liggjande spikarslag/drigler/slå/saumslå, og for liggjande kledning lyt det til mellomstavar eller midt-
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 39
Fig. 1.7. Stav og stolpe går om ein annan i den daglege tala mellom tømrarar. Stolpar og stavar korresponderer med overliggjande tømmer, og dei markerer det vi kallar rom i bygget. Stender er eit meir litterært omgrep, men det tyder også tettstilte stavar som ikkje korresponderer med overliggjande tømmer.
39
04.06.2018 23.16
Fig. 1.8. Foto frå reising av Husasnotra. Vi ser både enkel reising (i framgrunnen) og delt reising (i bakgrunnen).
stavar. Definisjonen på ein slik midtstav er at han ikkje har bete/samhald over seg. Smekrare og meir tettstilt enn staven og stolpen er altså stenderen. Denne definisjonen stemmer rimeleg godt med gjengs seiemåtar.
Delt eller heil reising Når veggstolpane går i heil lengd frå syll til raft i tvihøge hus, kallar vi det heil reising. Når veggstolpen, framleis i det tvihøge huset, er delt i to stubbar, heiter det delt reising. Då er det lagt betar/samhald i etasjedele. Det langveggtømmeret som ligg over og/eller under desse samhalda, går under nemninga melinne (Trøndelag). Ho kan vera enkel eller dobbel. På store hus er ho som regel dobbel. Oppålaget i den doble melina blir kalla overkneppar. Kor vidt det vart laga heil eller delt reising, hadde med behovet for etasjedele å
gjera. Skulle høgda delast i fleire etasjar, var det vanleg å dele reisinga ved kvar etasje (sjå meir om dette i kapitlet om prosedyrar side 267). Låvebygningar kan ha fri høgd med heil reising i ein del av bygget og etasjedele med delt reising i ein annan. Delt reising hadde praktiske fordelar under reisinga, men kravde samstundes meir material. Det varierer litt frå stad til stad kor vidt det vart laga delt reising når det ikkje trongst av omsyn til eit golv.
Bindingsverk Ordet bindingsverk er problematisk. Går vi etymologisk til verks. er bindingsverket knytt opp mot at det finst ein bindbjelke, eller ein bindar, som det også kan heite. Alle stolpereiste hus lyt ha ein bindar. Såleis er bindingsverk og reisverk prinsipielt sett å sjå på som synonyme. Dette strir til dels mot innarbeidde talemåtar.
40 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 40
04.06.2018 23.16
Vi vil i hovudsak nytte oss av særnemningar på dei ulike systema. Somme av desse vert kalla bindingsverk. Då får vi den typen problem som vi også har for båt. Båt tyder både alle slags farkostar og ei viss gruppe av farkostar (mindre enn farty). I dagleg tale talar vi om amerikansk bindingsverk, som også vert kalla lett bindingsverk. Dertil har vi utmura bindingsverk som også blir kalla tungt bindingsverk. Somme nyttar grovt bindingsverk om resten av det vi elles kallar reisverk. Bindingsverk er gjerne nytta der lokalnemningane på det aktuelle systemet er komne bort. Såleis vert den varianten av fotingsrøst som vi finn i Stavanger og nordover på Vestlandet, gjerne kalla bindingsverk, medan han i Sogn, etter det vi har funne fram til, ber nemninga stikksperrehus. (Sjå også om massive vegger side 82.) I til dømes Fagbok for Tømrere (Nielsen mfl. 1944) er omgrepet det norske reisverkssystemet nytta med både skjelettbygningar og bindingsverkshus som synonym. Den byggjemåten som boka presenterer, er eit bindingsverk med utgangspunkt i det utmura bindingsverket, men der mur-
verket manglar, og der skjelettet dimed er lettare enn det ville ha vore med mur. Ein slik bindingsverksvegg er ein vegg av likeverdige dimensjonar og som ikkje treng hjelpebering (spikarslag) for veggkledningen. Ordet bindingsverk er såleis eit vanskeleg ord å nytte anna enn i samanhengar som lett bindingsverk (slik det er i moderne byggeri) og i samanheng med tungt (utmura) bindingsverk. Ettersom byggjesystemet i sjøhusa i Stavanger er eit konsistent system, lokalt omtala som bindingsverk, vil vi i ein del samanhengar kunne kalle dette for det vestlandske bindingsverket. Like bra vil det vera å kalle det variant av stikksperrehus eller variant av fotingsrøst. I utgangspunktet er såleis bindingsverk ikkje del av norsk byggjeskikk som nettopp er dominert av eit stavtenkjande, at vi har ei romdeling og nedføring av krefter for kvart rom. Når vi bind, er det gjerne med eit band. Veggbandet heiter mange ting i Noreg, og i dei fleste tilfelle noko anna enn band. Det kan mellom anna vera bite, bete, bindar, krokstokk, tverrline, sperrelunn og samhald. Av di vi som oftast ikkje nyttar
Fig. 1.9. Bindingsverk som også vert kalla det norske reisverksystem. (Nielsen mfl. 1944) Vi legg merke til at himlingsbjelkane går i utakt med stendarane i veggen. Vi har altså ikkje for oss eit vanleg stavhus.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 41
41
04.06.2018 23.16
band om veggbandet, er det også unaturleg i dei fleste tilfelle å nytte ordet bindingsverk om dei reiste konstruksjonane. Reisverk derimot er eit både innarbeidd og godt ord i samanhengen. Ordet band er i norsk tømrarterminologi helst noko som tek strekk. Vi talar om snedband. Dei er nagla og/eller heng på ei spårfelling (svalahale, sulustjert). Skråavstiving som tek trykk, heiter på hi sida spenn eller strevar. Til norsk kom ordet bindingsverk tvillaust saman med det tunge utmura bindingsverket som det i si tid vart pålegg om å nytte i byane. Dette er eit tungt system som er utan eigentlege band anna enn i veggbanda (betane). Resten av det vi i andre hus får som strekkpåkjenning. er fanga opp av vekt, av den tunge veggen. Ordet bindingsverk ser altså ut til å vera overført frå det kontinentale og utmura systemet til den berande trekonstruksjonen også i hus som ikkje er mura ut. Før ca. 1950 var utmura bindingsverk den mest vanlege bindingsverkstypen i Noreg. Fig. 1.10. Det amerikanske bindingsverket, som etter kvart fekk nemninga lett bindingsverk slik det vart innført i 1950- åra av Granum og Lundby i læreboka si «Trehus» (Granum og Lundby 1958).
Standarddimensjonen i dette er gjerne er 6˝ x 6 eller større og modulen (lengda av eitt fag) svingar mellom 1 og 2 alen (63–126 cm). Med grovt bindingsverk forstår vi eit beresystem som er laga med dimensjonering som for utmuring, men utan at ein har mura ut. Dette er ein kjend byggjemåte frå litteraturen (sjå t.d. Bugge 1918), men vi har nesten ikkje støytt på slike hus i registreringsarbeidet vårt. Dette kan ha ein samanheng med at vi har hatt vanskar med å få til å registrere bustadhus – især i byområde der villaer truleg kan vera bygde på denne måten. Ordet bindingsverk nytta om reisverk er i første rekkje eit litterært ord og som ikkje ser ut til å ha rot i norsk talemål. Det er ein slags løvetann. Løvetann er som kjent ein plante og som har hatt over 20 norske namn i talemålet, men i skriftspråket er det Linné si nemning løvetann som totalt dominerer. Etter kvart har den litterære nemninga gått inn i talemålet og fortrengt dei eldre nemningane. På bygdene vart dei fleste husa tømra. Det var flattelgd tømmer eller lafta plank i den siste tida. Frå tida kring første verdskrigen og fram til 1950-åra var det også vanleg med reist plank i veggene (3˝ x 9). Denne reiste planken vart spent inn i rammer med struktur tilsvarande beresystema i uthus. Frå nyare tid har vi det amerikanske bindingsverket som sidan 1960 har dominert bygginga i Noreg. No heiter det lett bindingsverk. Her var det 2˝ x 4 som var standarddimensjonen, og med ein modul på 60 cm. Dimensjonen er endra til 1,5˝ x 6˝ eller 2˝ x 6˝ og tjukna på veggen er på rask veg oppover i samband med auka krav til energiøkonomisering. Det lette bindingsverket vart i utgangspunktet stiva av innfelte skrålagde bord. Etter kvart er desse erstatta av utanpålagde stive plater. Det
42 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 42
04.06.2018 23.16
lette bindingsverket er ikkje tema i denne boka. Det utmura bindingsverket har vi heller ikkje fått med oss.
Enkel eller dobbelt ring?
golvåsane hengjast opp i sylla. I hus med kjellar kan det også vera greitt at dei heng i sylla. For å få god binding og samanheng mellom tversgåande og loddrettståande også i botn, er det då praktisk å ha to ringar
Fig. 1.11. Naust under bygging på Lofotmuseet. Fig. 1.12. Kvitbrygga på Sortland (før brannen).
Som vi har vore inne på ovanfor, kan vi ha enkel eller dobbel raft. Dobbel raft tyder at det ligg to lag tømmer oppå stavane. Det finst jamvel hus som har tredobbel raft. Det gjev tyngd og stivleik i toppen. Omsyna til vind og snø er venteleg dei dominerande i denne samanhengen. Melina, ringen midt i huset der det er dobbelt reising, kan også vera enkel eller dobbel. Det vanlegaste som vi ser, er dobbel. Det gjeld på store hus især. Den øvre delen av dei to heiter overkneppar. Vi har vore inne på at skråstivinga kan krevje dobbel ring i botn, men det kan også koma inn fleire argument. Der huset står på stabbar eller pilarar av stein, lyt
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 43
43
04.06.2018 23.16
Fig. 1.13 Brygga er røsta i vinkel (45o takfakll) og med fotingsrøst.Fotingsrøst så langt nord tyder på at huset er importert sørantil.
Fig. 1.14. Brygga har dobbel reising og det er doble meliner.
i botn. Den øvre av dei to blir også overkneppar når det liggg eit bjelkelag mellom. Den dominerande måten er likevel at golvåsane ligg fritt av syll, lagt på mur eller i røys. Dette gjeld uavhengig av systemet elles.
Himling og fri bering Med himling forstår ein flatt tak inne i eit hus. Etasjedele sett frå undersida er himling lik eins som flatt tak i øvste høgda er det. Himlinga er boren av himlingsbjelkar
som også kan bli kalla himlingsåsar. Sett ovanfrå ter denne himlinga seg som eit golv. Det vekslar litt kor vidt ein kallar det himling eller golv. Oftast blir det sagt golv om etasjedele av di det er ei funksjonsmessig forklaring og rettleier for dimensjonering. I somme hus er spennet så langt at det trengst ei særskilt hjelpebering for himlingsåsane. Det kan vera løyst som delevegg, men i Gudbrandsdalen la ein også inn ein dragar, ei krone, i svært kraftig dimensjon, som var med og bar himlinga. Når spennet gjekk ut over det som kunne berast av vanleg heiltømmer, laut det andre hjelpekonstruksjonar til. Spennbukk er då ein svært vanleg konstruksjon. Vi finn han ofte over store fjøs og gjerne kombinert med bering av køyrebrua. Ein annan måte som er nytta, er såkalla tanningsdragar. Den tanna dragaren har synt seg svært stiv og sterk. Førebels testar stiller han, når det gjeld styrke og kor stiv han er, ved sida av og kanskje over laminerte bjelkar av same dimensjon. Tanna dragarar finst både i låvebygningar, kyrkjer og andre større bygg. Førebels kjenner vi ikkje til kor gammal denne teknikken er, men han har vore i bruk så lenge at vi har tradisjon på teknikken (Tradisjonsberar Oddbjørn Myrdal, Gran kommune Oppland, har synt og fortalt). Dei eldste døma er visstnok 600 år gamle (Anders Frøstrup hart fortalt), men då utan bolting.
Underbygg Vi har ovanfor vore inne på at det er logisk samanheng mellom mur og syll. Ein del hus manglar mur, men har likevel underbygg som gjer at anlegget blir beint og støtt. Både i store og små hus ligg golvet på ei uavhengig bering. Det heng ikkje i veggen.
44 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 44
04.06.2018 23.16
Golvåsane kan liggje beint i mur, på pilarar eller store stabbar. Dei kan også vera lagt på kraftige bjørnar (svært tømmer) mellom pilarane som huset står på. Dette underbygget heiter somme stader bånngjerd. Bjørnane er først og fremst anlegg for golvåsane.
Underbygg er ofte løyst ved ei særskilt bering, uavhengig av huset elles. Dette kan vera ein skikk som går langt attover. Kor langt veit vi ikkje, men vi ser i utgravingane frå Trondheim og Bergen at stabbar var vanlege. I prinsippet kan så vel stolpekyrkjene som jarnalderhusa ha stått på
Fig. 1.15. Foto av krone. Det er i store gardsbygningar i Gudbrandsdalen i sær, at vi finn ulike kroner (dragarar) inne i stogerom. Dømet er frå Budsjord i Dovre, Gudbrandsdal. Fotograf er Steinar Moldal.
Fig. 1.16. Spennbukk var ganske vanlege i større driftsbygningar. Dei står oftast under låvebrua. Dei stør denne samstundes som dei ber fjøstaket. Store fjøs kan på denne måten vera fri for stolpar. (Teikning Embret Sandbakken).
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 45
45
04.06.2018 23.16
Fig. 1.17. Tanningsdragar i fjosbygning på Isum i Sør-Fron (Gudbrandsdal).
Fig. 1.18. Test av tanningsdragar i Valsøyfjord, Møre og Romsdal, juni 2007. Dragaren skal inn i nytt bygg for Husasnotra. Resultatet synte at denne dregaren var litt sterkare enn ein tilsvarande dimensjon (20 x 50 cm) i limtre.
Fig. 1.19. Golvåsane ligg i røysa.
46 BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Bok 1.indb 46
04.06.2018 23.16
Fig. 1.20. Tanna dragar under kornlåve Sundnes, Inderøy, Nord-Trøndelag.
Fig. 1.21. Bånngjerd under låven på Moer, Ås kommune i Akershus (Vegard Heide/ NHU).
stabbar i ei bånngjerd som huset var bygd oppå. God bånngjerd gjer det mogleg å halde seg til ein enkel, smekker syll (jamfør grunnstokkane i stavkyrkjene).
Eit slags underbygg er også det som vart kalla villkvarv (Kleiven 1903). Villkvarv er lafting frå skrå grunn og opp til det første eigentlege og tilnærma vassrette omfaret.
1 HANDVERK OG BYGGJETRADISJON ALLMENN DRØFTING
Bok 1.indb 47
47
04.06.2018 23.17
Det er i hovudsak redaksjonelle endringar vi har gjort i denne utgåva, først og fremst ved at figurar har fått tekst. Dertil er det gjort nokre presiseringar, og vi har retta feil. Vi vonar omredigeringa fell i smak, og at boka blir lettare å lesa. Grunnlaget for framstillinga ligg i ein omfattande dokumentasjon av ståande byggverk kombinert med aktiv utøving rettleidd av tradisjonsberarar. Samhandling er stikkord. Forfattarane har lært seg arbeidsmåtar ved å byggje ulike slags hus saman med eldre handverkarar. Vi vågar å kalle desse dei siste representantane for ein lang tradisjon. Den måten å sjå bygget på som tradisjonsberarane uttrykte, har vore innfallsvinkelen til dokumentasjonen av kring 1000 byggverk frå Vardø i aust og nord til Lista i sør. Innfallsvinkelen til stoffet er den handverksfaglege. Det er anatomien, den indre, ofte ikkje synlege strukturen attom fasade og panel vi rettar blikket mot. Dertil tek vi for oss prosedyrar, det vi kan kalle rekkjefølgjekunnskapen så vel som vurdering av styrke. Ikkje minst er samanhengen mellom samla byggverk og den einskilde detaljen viktig. Alle fag har sitt eige språk, sine eigne nemningar på delar og prosessar. Boka legg stor vekt på å få med dei mest brukte nemningane på delar og system. Vi oppdagar at Noreg også på dette feltet er tospråkleg. Vi har ein litterær tradisjon som er knytt opp mot offisiell kunnskap i skole og laugsvesen. Dertil har vi ein uoffisiell nemningsbruk knytt opp mot det ikkje formaliserte opplæringssystemet som har eksistert ved sida av og i høg grad uavhengig av det offisielle heilt fram til i det første tiåret etter andre verdskrigen. Mykje av denne uoffisielle nemningsbruken er svært rik, og han ber i seg gamle termar – nokre av dei med ubrotne liner attende til gammalnorsk. Det alt vesentlege av materialet som ligg til grunn for boka, er samla inn gjennom prosjektarbeid for Norsk handverksinstitutt (tidlegare Handverksregisteret).
ISBN 978-82-450-2420-3
,!7II2E5-acecad!
BERESYSTEM I ELDRE NORSKE HUS
Det finst mange kvite flekkar på det bygningshistoriske kartet over Noreg. Denne boka tek for seg reiste konstruksjonar over eit tidsspenn på nesten 900 år. Med dette blir det farge på denne viktige delen av byggjeskikken vår. Denne boka er ei revidert utgåve av den som kom ut i 2009. Den første skissa til bok om dette temaet kom på TI-forlaget i 1994.
Jon Bojer Godal, Steinar Moldal, Trond Oalann og Embret Sandbakken
BERESYSTEM
I ELDRE NORSKE HUS 3. utgåve