Framtida mi Arbeidsbok i

Denne arbeidsboka vil hjelpe deg til å bli kjend med faget utdanningsval. Ein del fag du har på ungdomsskulen, er du allereie kjend med frå før. Utdanningsval er garantert nytt, og forhåpentleg interessant og spennande. Du vil oppleve at faget handlar om deg, dine interesser, dine styrkar og kva som er viktig for deg. Du får øvd og tenkt på viktige ting du kanskje ikkje har tenkt så nøye på før. Ta godt vare på boka og vis henne også til dei føresette. I Framtida mi vil du finne tema som er spennande å diskutere både med dei heime og andre utanom skulen. På minframtid.skole.fagbokforlaget.no finn du ekstraressursar til mange av øvingane i boka, som filmar, nyttige nettsider, historier og refleksjonsoppgåver.
Reinhardt Jåstad Røyset og Kjell Helge Kleppestø
Sirklane med ordpar blir kalla karriereknappar. Karriereknappane kan få i gang gode samtalar og refleksjonar om viktige og spennande tema i utdanningsval.
Meg – Kontekst
MEG KONTEKST ENDRING STABILITET
TILPASSING MOTSTAND
VAL TILFELDIGHEITER
Handlar om å bli kjent med deg sjølv, samtidig som du er medviten om korleis du påverkar andre, og korleis samfunnet og andre er med å påverke deg.
Endring – Stabilitet
Viser til at du heile tida går gjennom endringar, samtidig som du kanskje ønskjer at livet er som du er vand med
Tilpassing – Motstand
Handlar om at du i utdanning og arbeid må kunne tilpasse deg, og at du og av og til må handtere motstand.
MOGLEGHEITER AVGRENSINGAR
Val – Tilfeldigheiter
Viser til at du vil oppleve mange valsituasjonar i livet. Tilfeldige hendingar kan også spele ei viktig rolle for deg.
Moglegheiter – Avgrensingar
Handlar om å undersøkje kva for moglegheiter og avgrensingar du har, og sjå korleis dei kan påverke vala og handlingane dine.
8. trinn
Livsmeistring og sjølvmedvit
Arbeid og yrker
9. trinn
Livsmeistring og sjølvleiing
Karrieren din no og i framtida
10. trinn
Livsmeistring og karrieren din
Videregåande opplæring og vegen vidare
I denne boka handlar ordet karriere om reisa gjennom liv, læring og arbeid for enkeltpersonar, altså deg. Mange av oppgåvene du skal arbeide med i denne boka, handlar om livet på og utanfor skulen, korleis du skal arbeide med utdanninga di etter ungdomsskulen, og korleis du kan få din første jobb.
KARRIERERETTLEIING
Alle elevar har rett til yrkes- og utdanningsrettleiing. I skulen er utdanningsval eit viktig fag for å bidra med hjelp dersom du ikkje heilt veit kva du vil eller skal gjere i overgangen til vidaregåande skule. Målet med karriererettleiing er å hjelpe deg til å bli betre til å handtere overgangar og gjere meiningsfylte val når det gjeld læring, utdanning og arbeid.
KARRIEREKOMPETANSE
Når du arbeider med karrieren din i og utanfor skulen, lærer du deg karrierekompetanse. Du blir meir kjend med deg sjølv og di eiga læring, og du utviklar identiteten din. Du samlar informasjon om utdanningsmoglegheiter og arbeidslivet. Du blir etter kvart god til å handtere overgangar, gjere val og forstå konsekvensane av vala. Du lærer at alle blir påverka av livsvilkåra og handlingane sine, og at du er med på å påverke både di eiga framtid og framtida til fellesskapet.
I arbeid med folkehelse og livsmeistring i utdanningsval lærer du å handtere medgang, motgang, utfordringar og overgangar på best mogleg måte for deg. Gjennom læring og samhandling vil du få innsikt i kva for faktorar som har innverknad på karrierevala dine og korleis du meistrar livet. Du blir førebudd på deltaking i arbeid og livslang læring, og du får høve til å utvikle eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet.
minframtid.skole.fagbokforlaget.no
Er det nokon av interessene de har, som kan brukast i yrkessamanheng? Kva for nokre? Er det nokon interesser som berre vil vere ein hobby? 1 SOLSTRÅLAR
På solstrålane fyller du inn alle interessene du kan kome på at du har hatt, interesser du har no, og interesseområde som kan vere spennande for framtida di. Du kan lage fleire strålar.
Samarbeid med ein partnar. Del og snakk om dei interessene de har notert. Fann de nokon felles interesser? Nokon ulike?
Kva for interesser trur du kan vere til nytte i karrieren din? Skriv ned interessene og kva dei kan hjelpe deg til å gjere i karrieren din. Skriv ned tankane dine her.
Ta interessetesten på vilbli.no
Kva blei resultata dine?
Kva har du lært om deg sjølv etter å ha arbeidd med interesser?
FN har utvikla 17 berekraftsmål[2] med 169 delmål, som medlemslanda har forplikta seg til å arbeide for å oppnå fram mot 2030. På nettsida seier FN: «Bærekraftig utvikling handler om å ta vare på behovene til mennesker som lever i dag, uten å ødelegge framtidige generasjoners muligheter til å dekke sine. Bærekraftmålene reflekterer de tre dimensjonene i bærekraftig utvikling: klima og miljø, økonomi og sosiale forhold.» (fn.no)
Finn ut meir om berekraftsmåla til FN og reflekter saman med ein læringspartnar.
Kva er det viktigaste målet for deg her og no?
Kva trur du vil vere det viktigaste målet for deg om 10 år?
Korleis vil berekraftmåla spele inn på arbeidslivet i framtida?
Korleis påverkar bærekraftsmåla tankane dine om karriera di?
I storgruppa skal du dele og reflektere over kva de har diskutert i læringspara.
Interesser, eigenskapar og ferdigheiter heng ofte saman. Mange av interessene du kan ha, passar i ulike interessekategoriar. Her
skal du finne ut kva for kategoriar dine interesser passar i.
Kva er du god til? Set ring rundt 5–8 av aktivitetane som du synest passar for deg.
lage ting observere setje i gang evaluere designe hjelpe andre
koordinere skape noko samarbeide setje i gang noko nytt reparere gje omsorg
kommunisere leie planleggje ha visjonar administrere rettleie
løyse problem budsjettere forske selje analysere styre/operere maskiner
passar i desse seks interessekategoriane
Praktisk (R): lage ting, reparere, koordinere, styre/operere maskiner
Teoretisk (I): forske, observere, løyse problem, analysere
Kreativ (A): designe, ha visjonar, skape noko, setje i gang noko nytt
Sosial (S): gje omsorg, samarbeide, hjelpe andre, kommunikasjon
Driftig (E): selje, leie, planleggje, setje i gang
Systematisk (C): administrere, rettleie, budsjettere, evaluere
• Finn dei orda du sette ring rundt i oppgåve 1 a.
• Kategoriane der du har sett ring rundt flest ord, er hovudinteressene dine.
• med deg kodebokstavane og noter dei i oppgåve 1 c. Har du stor spreiing og mange kategoriar, kan du kjenne etter kva for ein kategori du føler passar best.
c Kva for ein RIASEC-kode gjev interessene deg? Ut frå sekskanten prøver du å lage ein kode på 2–3 bokstavar basert på den kategorien flest av interessene dine fell i.
Skriv koden her: ____________________
I solstrålane skriv du ned alle interessene du kan kome på at du har hatt eller har. Du kan lage fleire strålar.
Skriv ned
• interesser du har no – bruk éin farge på dei
• interesser du hadde då du var mindre – vel ein annan farge
• interesseområde du tenkjer kan vere spennande for framtida di – vel ein tredje farge
Er noko ulikt frå 8. trinn?
Sjå side 18.
Samarbeid med ein partnar.
• Del dei interessene du fann i oppgåve 1 a.
• Snakk saman om interessene frå oppgåve 2.
• Har de noko til felles? Kva er ulikt?
I skya noterer du eller teiknar draumar, ønske og idear for framtida di. Skya kan vere ei idémyldring for draumar du har, har hatt eller får medan du visualiserer framtida di og ditt framtidige sjølv.
• Draumar du trur er lette å oppfylle, plasserer du nedst i skya.
• Dei draumane du trur er vanskelegare å oppnå, plasserer du lenger oppe i skya.
A dream written down with a date becomes a goal. A goal broken down into steps becomes a plan. A plan backed by action makes your dream become reality
I denne øvinga skal du visualisere ei mogleg framtid. Læraren din vil lese historia «Framtidsreise» (minframtid.skole.fagbokforlaget.no), der oppgåva di er å sjå føre deg i størst mogleg detalj og med sterkast moglege fargar det som skjer i historia. Det du ser føre deg, skal du teikne og skrive om i rammene.
Rommet mitt
Staden der eg bur
Arbeidsbok i utdanningsval
Framtida mi har øvingar og oppgåver som vil førebu deg på dei vala om utdanning du må gjere på 10. trinn. Du vil lære mykje om deg sjølv, og samtidig vil du få kunnskap om dei mange moglegheitene som finst. Du vil gå på jakt etter interesser, styrkar og eigenskapar ved deg sjølv, og du vil få hjelp til å sjå framover mot den vidare karrieren din. Etter at du har arbeidd med utdanningsval og temaet livsmeistring i tre år, vil du ha kome godt i gang med å utvikle karrierekompetansen din.
Innhald:
8. trinn
Livsmeistring og sjølvmedvit Arbeid og yrke
9. trinn
Livsmeistring og sjølvleiing Karrieren din no og i framtida
10. trinn
Livsmestring og karrieren din
Vidaregåande opplæring og vegen vidare
ISBN 978-82-450-5103-2