2 minute read
Arbeid kritisk med kjelder
Dersom vi gjer feil, får ofte orda ny betydning:
lammelår = låret til eit lam lamme lår = lår som er lamme
kongekrabbar = ein type krabbe konge krabbar = ein konge som krabbar, eller gode krabbar
vårkafé = kafé som er open om våren vår kafé = kafeen vår
Viss du søker opp orddelingsfeil på internett, vil du finne mange artige eksempel.
Arbeid kritisk med kjelder – ei sjekkliste
1 Kven er avsendaren?
Er det éin person som står bak? I så fall: Finn ut kven han er, og kva for kompetanse han har. Er dette relevant kompetanse for å uttale seg om emnet?
Står myndigheitene bak, eller er det ein organisasjon eller ei gruppering? Finn ut kva dei står for. Eit statleg organ vil ha høgare truverd enn ei mindre gruppering. Domenenamnet kan ofte få varselklokkene til å ringe.
Store private organisasjonar, som Amnesty International og Naturvernforbundet, har høg kompetanse om eit emne, og høgt truverd. Det same har kjende forlag. Aviser forpliktar seg også til å presentere viktige nyheiter på ein balansert måte. Likevel gjer omsynet til klikk og inntening ofte nettavisene fulle av sensasjonsstoff. 2 Er det ein vitskapeleg artikkel?
Alle kan skrive «Forskning viser at …», så du må leite etter andre kjenneteikn på at dette er vitskap. Vitskapelege artiklar har alltid referansar og litteraturliste. Her finn du namn på forfattarar og titlar på bøker du kan sjekke vidare for å vurdere kvaliteten på kjelda.
3 Vurder språket
Er språket korrekt? Verkar det munnleg? Inneheld det utropsteikn? I useriøse kjelder finn vi også ofte sensasjonelle formuleringar (for eksempel Den beste! Verdssensasjon! Du vil ikkje tru kva som skjedde da …!).
4 Vurder utforminga
Finn du sterke visuelle verkemiddel, som blinkande element og spesiell fargebruk? Er det lesbart og ryddig presentert? Seriøse kjelder ser som regel seriøse ut! 5 Speler teksten på følelsane dine?
Mange useriøse kjelder har overskrifter som set følelsane i kok: Innvandrar fekk gratis leilegheit! Karrierekvinner er minst lykkelege! Hjerneforsking viser at menn ikkje kan vaske! 6 Når blei teksten skriven?
Er kjelda gammal, aukar sjansen for at innhaldet er utdatert. Leit etter ein publiseringsdato. Fleire nettstader har eit varsel når artikkelen er meir enn eitt år gammal. 7 Kan fleire kjelder stadfeste den same påstanden?
Dersom du finn ein interessant påstand du vil bruke, bør du sjekke om du kan finne den same opplysninga på fleire uavhengige nettstader. Da er det meir sannsynleg at påstanden stemmer. 8 Finn du balanserande kjelder?
Ofte treng du å finne kjelder som balanserer kvarandre, for eksempel når du skal drøfte eit emne. Leit derfor etter truverdige kjelder som står for ulike syn.