Klart det! Tekstbok NYN (9788211022844)

Page 1

SPOR 2 OG 3

• • • • •

Tema som motiverer Rikeleg med lytteøvingar Eigen grammatikkdel Diskusjonsoppgåver Visuelt uttrykk som engasjerer • Mange autentiske tekstar • Gradvis progresjon frå B1 til B2 Gølin Kaurin Nilsen har lang undervisningserfaring innan språkopplæring for minoritetsspråklege og har utgitt fleire læreverk, blant anna Norsk nå!, Ny i Norge og Mer norsk.

Klart det! dekker nivå B2 etter Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (2012) og leier fram til Norskprøven B1–B2 eller Test i norsk – høgare nivå (Bergenstesten). Verket passar for opplæring på spor 2 og 3 med normal eller rask progresjon.

GØLIN KAURIN NILSEN

KLART DET! er skreddersydd for vaksne som vil lære meir norsk eller ønsker å bestå ein av språktestane på høgare mellomnivå (nivå B2).

TEKSTBOK

,!7II2B1-acciee!

GØLIN KAURIN NILSEN

TEKSTBOK

Læreverket består av: • Tekstbok • Arbeidsbok inkludert lytteøvingar • Gratis nettressurs • Digital utgåve av tekstboka med tekstar som er lest inn og ordlistefunksjon • Lærarrettleiing • Eigen nettstad for læreren • Lydbøker tilgjengelege på nettressursen eller CD (på bestilling)

ISBN 978-82-11-02284-4

NYNORSK

NYN



KLART DET! Gølin Kaurin nilsen

Norsk på høgare Nivå – sjølvsteNdig brukar


Copyright © 2015 by Vigmostad & Bjørke AS All Rights Reserved 1. utgåve / 2. opplag 2020 ISBN: 978-82-11-02284-4 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Grafisk design: Amund Lie Nitter Nynorsk omsetjing: Bernt Haug Omslagsfoto: Kieran Kolle Omslagsdesign: Amund Lie Nitter Foto og andre illustrasjonar: Sjå side 149 Med støtte frå NFF (Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening). Boka er utgitt med støtte frå Vox.

Så langt det har latt seg gjere er alle rettar innhenta til verk i denne utgivinga. Ved spørsmål som gjeld opphavsrett, ver vennleg å ta kontakt med Fagbokforlaget. Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 Faks: 55 38 88 01 E-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no

Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


INNHALD

B2a SIDE 9

1 FRÅ BARN TIL VAKSEN TEMA: oppvekst, familiepolitikk, oppdraging, forholdet mellom generasjonane TEKSTAR:

GRAMMATIKK:

Familien – samfunnets hjørnesteinsbedrift? 10 Håvamål 13 Kva skal barnet heite? 14 Tett inntil dagane 15

Substantiv og adjektiv 18 1 Bruk av ubestemt og bestemt form og artikkel 18 2 Gradbøying av adjektiv 19 3 Adjektivet som predikativ 19 4 Substantiverte adjektiv 20

SIDE 21

2 HER BUR VI TEMA: fritid, kultur, kulturelle uttrykk, språk og dialektar TEKSTAR:

GRAMMATIKK:

By og land 22 Natur og miljø 24 Språksituasjonen i Noreg 27 Når blir eg norsk? 29

Determinativ 32 1 Demonstrativ 32 2 Eigedomsord 32 3 Kvantorar 33 Substantiv, adjektiv og determinativ 34

SIDE 35

3 KORLEIS HAR DU DET? TEMA: helse, helsepolitikk, alternativ medisin, psykisk helse, eldreomsorg TEKSTAR:

GRAMMATIKK:

Helse i kvar krone? 36 Ein song i Anna 39 Ord over grind 42 Alternativ behandling 44

Leddsetningar (del 1) 46 1 Subjunksjonar som innleier adverbiale leddsetningar 46 2 Ordstilling i leddsetningar 47 Subjunksjonar og adverb 47

KLART DET!

3


B2b SIDE 49

4 SKULE OG UTDANNING TEMA: skulepolitikk, utdanningsnivå i befolkninga, norsk som andrespråk, høgare utdanning (arbeidsmåtar og vurderingsformer) TEKSTAR:

GRAMMATIKK:

Utdanning for alle? 50 Skulepolitiske spørsmål 52 Skal eg snakke norsk, eller …? 54 Høgare utdanning 56

Verb (del 1) 60 1 Verbsystema 60 2 Imperativ 61 3 Partisipp 61

SIDE 63

5 ARBEID OG ARBEIDSLIV

TEMA: lovreguleringar av arbeidslivet, gründerverksemd, lønnspolitikk, yrkesval og kjønn TEKSTAR:

GRAMMATIKK:

Lønnsnivå og arbeidsløyse – statistisk sett 64 Regulering av arbeidslivet 66 På eiga hand 68 «Født sånn eller blitt sånn?» 70

Verb (del 2) 73 1 Passiv 73 2 Subjektive og hypotetiske uttrykk 74

SIDE 75

6 DET FRIE ORD OG BILDE TEMA: medium og samfunn, kjeldekritikk, ytringsfridom, miljøvern

4

TEKSTAR:

GRAMMATIKK:

Har du sjekka fjesboka i dag? 76 Om oljeboring i nord 78 Media og samfunn 80 Ein rettskaf­fen mann 81

Verb (del 3) 83 1 Modale verb 83 2 Kva skjer, korleis og når? 83

KLART DET!


B2c SIDE 87

7 POLITIKK OG SAMFUNN TEMA: konstitusjonelle forhold, politiske forhold og val, politiske parti, stemmerett TEKSTAR:

GRAMMATIKK:

Noregs konstitusjonelle system 88 Dei politiske partia 90 Bruker du stemmeretten din? 92 Alt handlar om politikk 94

Leddsetningar (del 2) 97 1 Nominale leddsetningar: at, om, spørjepronomen 97 2 Adjektiviske leddsetningar: som 97 3 Adverbiale leddsetningar med viss eller dersom 98

SIDE 99

8 LOV OG RETT TEMA: rettssystemet, konstitusjonelle forhold, politiet, fengselsvesenet TEKSTAR:

GRAMMATIKK:

Med lov skal landet byggast 100 Lovas lange arm 102 Lauslatingsordren 104

Det-setningar 107 1 Upersonlege det-setningar 107 2 Presentering 107 3 At-setningar og infinitivkonstruksjonar 108 4 Utbryting 108

SIDE 109

9 NOREG I VERDA

TEMA: miljøvern, Noreg i ein internasjonal kontekst, forholdet til internasjonale organisasjonar, forvalting av oljeressursar og velferd TEKSTAR:

GRAMMATIKK:

«Og den saganatt som senker drømmer på vår jord …» 110 Våre venner kinesarane 114 Internasjonalt ansvar og plikt 116 Internasjonale avtalar: EØS, FN og NATO 118 Noreg, oljen og verda 120

Ordlaging 122 1 Av to forskjellige ord 122 2 Av det same ordet 122 Partikkelverb 123 1 Laust samansette partikkelverb 123 2 Same tyding 124 3 Ulik tyding 124 4 Plassering av preposisjonen i laust samansette partikkelverb 124 5 Substantiv og adjektiv av fast samansette partikkelverb 124

Minigrammatikk 125 Tillegg 1: uregelrette verb 139 Tillegg 2: preposisjonar 141

Grammatisk indeks 145 Kjelder 147 Foto og andre illustrasjonar 149 KLART DET!

5


Forord KLART DET! er eit læreverk som dekker arbeidet med kompetansemål

IKON TIL TEKSTBOKA OG ARBEIDSBOKA

B2

B2+ SPØRS MÅL TIL

TEKSTEN I AR BEIDS BO KA.

kØYR DEBaTT!

Snakk Saman

6

KLART DET!

og tema på nivå B2 i Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (Vox 2012). Læreverket består av tekstbok, arbeidsbok inkludert lytteøvingar og lærarrettleiing. I tillegg finst det ei digital utgåve av tekstboka med tekstar som er lesne inn og ordlistefunksjon. For deltakaren er det også ein gratis nettressurs. For læraren har vi utarbeidd ein eigen nettstad der ein blant anna finn fasit til arbeidsboka, tekstane til lytteøvingane, kopieringsoriginalar, lytteøvingar til utskrift og ei digital utgåve av lærarrettleiinga. Lydbøker finst på nettressursen eller CD (på bestilling). Verket skal vere mogleg å bruke for alle deltakarar som har nådd nivå B1 og ønsker å arbeide vidare med språkferdigheiter på B2. Målet med Klart det! er å gi deltakarane tilstrekkeleg vokabular, grammatisk innsikt og språkferdigheiter til å kunne klare B2-nivå i høve til Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (Vox 2012), Vox’ testbatteri og Det felles europeiske rammeverket for språk (engelsk utgåve 2001, norsk utgåve 2011). Ettersom mange kursdeltakarar tar sikte på å begynne å studere på universitet eller høgskule etter at norskopplæringa er enda, legg verket stor vekt på å arbeide med ferdigheiter som trengst då: oppgåveskriving, leseforståing og det å hente ut informasjon. Tekstboka er kjernen i læreverket. Derfor er kompetansemåla for heile læreverket sett opp her. Temaa og tekstane i tekstboka dannar utgangspunkt for arbeidet med dei forskjellige ferdigheitene i resten av læreverket. Å kunne skrive ulike typar saksorienterte tekstar er eit viktig mål for arbeidet på B2-nivået. Dette er ei ferdigheit som vi arbeider med i arbeidsboka. Å ha god grammatisk kontroll er eit anna viktig ferdigheitsmål. Derfor arbeider vi i djupna med enkelte sentrale grammatiske tema her i tekstboka, og deretter er det oppgåver i arbeidsboka og på nettressursen. I gjennomgangen av grammatikken her i tekstboka vil du finne nokre setningar som er merkte med ei stjerne: *. Det betyr at desse setningane er ugrammatiske og feil. I nokre tilfelle står det (*). Det betyr at setningane kan gå an, og at dei ikkje er direkte ugrammatiske, men det er ikkje «godt norsk». Læreverket er delt i tre bolkar: B2a (leksjon 1–3), B2b (leksjon 4–6) og B2c (leksjon 7–9). Det er ein viss progresjon innanfor verket, både når det gjeld tema og tekstar. Kvar seksjon blir innleidd med ei samla oversikt over tema som blir gjennomgått i tillegg til kompetansemål. Til slutt i boka er det ein minigrammatikk og to tillegg: ei liste over uregelrette verb og ei oversikt over preposisjonar med eksempel.


Språket i bruk, både munnleg og skriftleg, må vere essensen i alle språkkurs. Eg har derfor valt å ikkje ha altfor mykje samfunnsfagleg tekst, men heller utforme tekstane slik at dei dannar dører inn til vidare diskusjon og språkleg samhandling. Kva for ord, uttrykk og faste formuleringar bruker vi i samtaler, i diskusjonar, i lunsjpausar, i familieselskap, på møte? Korleis kan vi gi uttrykk for ei meining på ein stringent og forståeleg måte? Eksempeltekstar, både munnleg og skriftleg, er tatt med både i tekstboka og i arbeidsboka, og i snakkeboblene under punktet «Køyr debatt!» finst det forslag til formuleringar for å uttrykke eiga meining eller vurdering. På lytteøvingane er det til kvar leksjon ei oppgåve der vi følger nokre kollegaer i lunsjpausane deira. Gjennom desse samtalene blir deltakarane presenterte for ei rekke formuleringar som dei kan bruke når dei sjølve skal delta i samtaler, både formelle og meir uformelle. Samtidig må vi ikkje gløyme gleda ved å beherske eit språk godt, og etter kvart som ein lærer meir og meir av det nye språket, blir ein i stadig større grad i stand til å titte inn i det skattkammeret av vakre tekstar som finst på norsk – så vel som på andre språk. Detaljar trer fram, og nyansar blir tydelegare. Derfor er det også med eit utval skjønnlitterære tekstar, men eg oppfordrar alle som lærer språk på dette nivået, til å gå vidare inn i skjønnlitteratur på norsk. Les, les, les: Det finst så uendeleg mykje vakkert, morosamt, skummelt og fantastisk! Å lese romanar, noveller eller dikt på eit andrespråk må ein faktisk øve på, men etter ei stund blir ein riven med, og til slutt tenker ein kanskje ikkje heilt over at ein les norsk. Og då speler det ikkje lenger noka rolle om ein ikkje forstår absolutt alle orda. Spør den lokale bibliotekaren om råd. Forklar kva type litteratur du liker å lese. Bibliotekaren vil heilt sikkert ha mange gode forslag til interessant norskspråkleg litteratur som passar din smak. Eg har hatt fleire gode hjelparar i arbeidet med Klart det!: redaktør Linda Joensen, fagleg dyktig og dertil raus og kreativ, faglege konsulentar, gode kollegaer og ikkje minst ein forståingsfull familie. Men innhaldet, didaktiske val og pedagogiske vurderingar må eg ta det fulle ansvaret for sjølv. Eg håper boka vil vere til nytte i det ganske så omfattande og krevjande arbeidet med å komme frå B1-nivå til B2-nivå. Lykke til i arbeidet! Stavanger, januar 2015 Gølin Kaurin Nilsen

KLART DET!

7


B2a

TEMA n

Familiepolitikk

n

Fritid

n

Noreg: språk, kultur, demografi

n

Miljøvern

n

Språk og integrering

n

Helsepolitiske spørsmål

n

Alternative behandlingsformer

KOMPETANSEMÅL Etter arbeidet med leksjon 1–3 (B2a) i læreverket: n kan n

n

n

8

KLART DET!

du beskrive eit bilde kort og konkret kan du gi uttrykk for refleksjon omkring dei temaa som leksjonane tar opp, og har arbeidd med formuleringar som «eg trur at …», «slik eg ser det …», «etter mi meining bør …», osv. har du bygd ut ordforråd og faktakunnskap (om norske forhold) tilstrekkeleg til å kunne samtale om og diskutere dei temaa som leksjonane tar opp har du forståing for samsvarsbøyinga mellom substantiv, adjektiv og determinativ, og kan stort sett bruke systemet korrekt skriftleg og til ein viss grad munnleg

n

n n

n

har du forståing for kva ei adverbial leddsetning er, korleis ho blir brukt og kva for ordstilling ho har, og kan stort sett bruke slike leddsetningar korrekt skriftleg og til ein viss grad munnleg har du blitt kjent med sjangeren samandrag kan du til ein viss grad presentere og utdjupe eit argument kan du skrive eit innlegg der du argumenterer for ei sak


LEKSJON 1

FRÃ… BARN TIL VAKSEN


LEKSjON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

Familien – samfunnets hjørnesteinsbedrift? KVA VIL DET SEIE Å BLI VAKSEN? Når er ein vaksen? Dette

har variert gjennom tidene, og det varierer frå kultur til kultur, frå land til land – ja, til og med frå landsdel til landsdel. Somme stiftar familie i byrjinga av 20-åra, mens andre prioriterer utdanning og karriere framfor familieliv. Dei kjem kanskje ikkje i gang med den delen av livet før i midten av 30-åra. Men ikkje alt er avhengig av om ein stiftar familie eller ikkje. Stadig fleire par vel å ikkje få barn, og mange vel å leve aleine. Det tradisjonelle familielivet kan altså neppe vere ein indikator på om ein har blitt vaksen. I nokre familiar seier dei at ein har blitt vaksen når ein har begynt å drikke kaffi. Kanskje det verkeleg er så enkelt?

FORTIDAS MAMMA? På 1950- og 60-talet var det vanleg at mor var heime og passa barn og hus. Først mot slutten av 1970-åra blei det vanleg at både mor og far var i lønna arbeid utanfor heimen. Enkelte meinte likevel lenge at kvinner burde halde seg ved kjøkkenbenken, og at kvinner som arbeidde, tok jobbane frå mennene.

Familiepolitikk Etter andre verdskrigen har regjeringane i Noreg vore opptatte av familiepolitikk. Det er blant anna sett i verk tiltak for å halde fødselsraten oppe. No ligg han på 1,78 per kvinne, noko som er høgare enn i dei fleste andre land i Europa. Det første tiltaket for å betre barnefamiliane sin situasjon blei sett i gang i 1946. Det var barnetrygd. I starten fekk ein barnetrygd frå og med det andre barnet i familien. Dette var ei universell trygd, det vil seie at ho blei utbetalt til alle uavhengig av inntekt. Det andre tiltaket var subsidiering av viktige matvarer for å sikre at alle barn skulle få næringsrik mat. Seinare har vi fått kontantstøtte og lønna fødselspermisjon for å støtte småbarnsfamiliane. For dei med litt større barn har det vore positivt med utviding av barnetrygda opp til 18 år og gratis tannlege fram til ein er 19 år. Strid om fødselspermisjon Nokre av tiltaka for å hjelpe barnefamiliane er det stor usemje om, slik som kontantstøtta. Andre gonger er ein ikkje usamd om sjølve tiltaket, men om utforminga av det. Det gjeld for eksempel den lønna fødselspermisjonen. Diskusjonen handlar om fordelinga av permisjonstida mellom far og mor, og om kven som skal bestemme fordelinga. SPØRSMÅL TIL TEKSTEN I ARBEIDSBOKA.

10

KLART DET!


DAGENS PAPPA: I våre dagar samarbeider ofte mor og far om å oppdra og følge opp barna, og av og til kan dagane bli i overkant hektiske for både foreldre og barn. Stadig oftare snakkar ein om å «hamne i tidsklemma», men dei fleste fedrar uttrykker at dei er glade for den kontakten som fedrar av deira generasjon har med sine barn.

Snakk Saman n

Når meiner de at ein er vaksen? Opplever de at det er store forskjellar mellom Noreg og det landet de kjem frå når det gjeld dette? Viss ja, forklar korleis.

n

I teksten er det nemnt nokre av tiltaka for å hjelpe familiar med barn, blant anna kontantstøtte og gratis tannlege. Kjenner de til fleire tiltak? Kva meiner de er mest viktig?

n

Ikkje alle par vel å få barn, men staten prioriterer familiar med barn både når det gjeld skattar og økonomiske støtteordningar. Kva synest de om det?

n

Kva for ef­fekt kan det ha på samfunnet dersom mange vel å bu aleine eller å ikkje få barn?

«I nokre familiar er ein vaksen når ein drikk kaffi.»

KLART DET!

11


LEKSjON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

RADIKAL UTVIKLING: Barnehagane har gått gjennom ei radikal utvikling dei siste 25 åra. I løpet av desse åra har Stortinget vedtatt ei barnehagelov om rammevilkåra for barnehagane, både dei private og dei offentlege, og ein rammeplan som definerer innhaldet. På 2000-talet blei det innført ein makspris på barnehageplassar etterfølgd av ein garanti om at alle foreldre som ønsker det, skal få barnehageplass til barna.

KONFIRMASjON: I gamle dagar blei ungdommane konfirmerte samtidig som dei gjekk ut av skulen. Då var konfirmasjonen også ein overgang som markerte at ein hadde blitt vaksen. På landsbygda betydde det at gutane måtte begynne å arbeide eller komme i lære, og jentene kunne gifte seg.

12

KLART DET!


LEKSjON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

Håvamål

fakTa

MANGE STADER I VERDA finst det gamle visdomsdikt som har gått i arv munnleg før dei blei nedskrivne. Desse visdomsdikta fortel menneska korleis dei skal leve saman, og kva for verdiar dei skal sette høgt. Vi kan seie at dei har hatt ein oppdragande og samtidig ein samfunnsbevarande funksjon. På 1200-talet blei ei samling slike gammalnordiske dikt skrivne ned, men sannsynlegvis er dikta mykje eldre enn det. Viktige verdiar i desse dikta er å vere klok, vise måtehald, ha omsorg for andre, vere ein god venn og ta vare på gode venner, vere modig og vere moralsk – blant anna. Denne diktsamlinga blir kalla Håvamål.

Utdrag

Håvamål betyr «den høge si tale», og «den høge» viser sannsynlegvis til Odin, leiaren for dei norrøne gudane.

Odin blir ofte framstilt som klok og vis, og han likte å vandre rundt i verda og sjå korleis det stod til med menneska.

Ifølge forteljingane om dei norrøne gudane gav Odin det eine auget sitt i byte for all verdas visdom og for å kunne forstå og sjå betre kva som skjer i verda.

Kanskje har Odin vore inspirasjon for fleire skikkelsar i verdslitteraturen. Det finst for eksempel store likskapar mellom Odin og trollmannen Gandalv frå boka Ringenes herre (J. R. R. Tolkien).

Omsett av: Ivar Mortensson­Egnund

9

Lykkeleg er han som har hos seg sjølv ros og vett her i verda atale råd kan det ofte komme ut av andre sitt bryst. 10

Betre bør å bere har ingen enn mykje mannevett; i framand gard er det betre enn gull vett er vesalmannen sin trøyst. 12

Så godt for folk som folk seier, det er ølet ikkje; jo meir ein drikk dess mindre kan ein styre sitt vesle vett.

34

Omveg er det til utru ven om enn ved bygdevegen han bur; men til sann ven fører mange snarvegar om han er langt av leid. 55

Middels klok bør ein mann vere, ikkje altfor klok; fagraste livet lever den mannen som veit måteleg mykje. Tilrettelagt av forf.

OrdfOrklaringar atal: vond, dårleg mannevett (eit): forstand, folkevett vesalmann (ein): fattigmann, ein som ikkje eig mykje langt av leid: langt borte måteleg: passeleg, ikkje for mykje

HÅVamÅl

Snakk Saman n

Kjenner de til slike gamle visdomsdikt frå landet de kjem frå?

n

Les versa høgt for kvarandre. Kor skal trykket plasserast? Finst det ein rytme i dikta sjølv om dei ikkje har enderim?

n

Snakk saman om eitt og eitt vers. Kva er moralen i dei forskjellige versa? Formuler det som står i kvart vers i éi setning. Gjeld moralen i råda framleis? Kva gjeld, og kva gjeld eventuelt ikkje?

KLART DET!

13


LEKSjON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

Kva skal barnet heite? I 2013 VAR dei fem vanlegaste kvinnenamna i Noreg

Anne, Inger, Kari, Marit og Ingrid, og dei fem vanlegaste mannsnamna var Jan, Per, Bjørn, Ole og Lars. Men det var ikkje så mange nyfødde som fekk desse namna. Blant dei nyfødde barna var Emma og Filip dei vanlegaste namna. Statistikkane under viser kva fornamn som var dei fem mest populære for nyfødde barn i åra 1970, 1980, 1990, 2000, 2010 og 2013. Jentenamn 1970–2019 ÅR

1. PLASS

2. PLASS

3. PLASS

4. PLASS

5. PLASS

1970

Anne

Hege

Hilde

Monica

Anita

1980

Anne

Camilla

Katrine

Marianne

Linda

1990

Ida

Karoline

Marte

Silje

Camilla

2000

Ida

Emilie

Julie

Thea

Sara

2010

Emma

Linnea

Sara

Nora

Sofie

2019

Emma

Nora

Sofie

Ella

Olivia

Gutenamn 1970–2019 ÅR

1. PLASS

2. PLASS

3. PLASS

4. PLASS

5. PLASS

1970

Jan

Geir

Rune

Bjørn

Lars

1980

Kristian

Thomas

Lars

Stian

Jan

1990

Kristian

Thomas

Kristof­fer

Andreas

Alexander

2000

Markus

Kristian

Martin

Sander

Kristof­fer

2010

Lucas

Emil

Mathias

William

Markus

2019

Jakob

Lucas

Filip

Oskar

Oliver

(Kjelde: http://www.ssb.no/navn/)

14

KLART DET!

Snakk Saman n

Kva for namn har vore populære over lengre tid? Finst desse namna på fleire språk?

n

Kva synest de at det er viktig å tenke på når foreldre skal velje namn til barnet sitt?

n

Kva for namnetradisjonar finst i dykkar opphavsland? Er det vanleg å kalle opp etter slektningar? Speler namnet si betyding ei rolle?

n

Når ein flytter til eit anna land der namnet ein har med seg, kan vere vanskeleg å uttale eller lyder framandt, synest du det er i or­ den å skifte namn? Kvifor / kvifor ikkje?

n

Kjenner de nokon med eit namn frå tabellen over? Passar alderen til desse personane med at namnet var populært då dei blei fødde?


LEKSjON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

Tett inntil dagane MUSTAFA CANS MOR, Güllü Can, blei fødd i

Kurdistan rundt 1930. Sju av barna hennar døydde, åtte overlevde. På 1970-talet utvandra ho til Sverige med ein draum om eit liv utan fattigdom og svolt. I Can si forteljing om mor si får vi høyre om ei kvinne som forundra og overraska møter ei verd som er heilt ukjent for henne. Ho lærer seg å meistre alt frå vaskemaskin og blodsukkermålar til det latinske alfabetet, og ho øver seg kvar dag på å balansere mellom det som var og det som er, og heile tida blir ho driven av ein grenselaus kjærleik til barna sine. Til slutt blir Güllü Can veldig sjuk, men barna passar på henne dei siste månadene av livet hennar. Ho døydde i 2005.

Utdrag Av: Mustafa Can Omsett av: Johann Grip

Det var sjeldan eg som foreslo aktivitetar for mor. Eg var van med at mor si verd utspelte seg innanfor heimens fire vegger. Kanskje førestilte eg meg at ho var fornøgd med å bake, lage mat, vaske, stryke og rydde før ho deretter enten leikte med barnebarna eller sat ved matbordet på kjøkkenet og kikka ut gjennom vindauget. Ofte gjennom desse månadene når eg sit på rommet til mor og ser henne svinne langsamt bort, tenker eg på at eg burde ha vore meir aktiv. Dei stundene hugsar eg alltid ein vakker forsommardag for to år sidan, då mor besøkte søster mi Edibe og meg i Stockholm. Først seinare avslørte søskena mine for meg kor mykje den dagen betydde for mor. Eg tok med mor på ei utflukt til byen, sjølv om ho sa at ho ikkje orka det og heller ville leike med dei to små barnebarna. Eg viste henne kor Sveriges Television og Sveriges Radio låg. Mor syntest at bygningane var stygge, men var fascinert over at så mange av Sveriges radio- og tv-program kom ut av berre to bygningar. Vi køyrde rundt på Djurgården, og mor naut at det var grønt og stille, trass i at parkane var fulle av barnefamiliar, solbadarar og kjærastpar som låg i tett omfamning i det grøne graset. Lenger ut 

OrdfOrklaringar å vake over (­te): å halde seg vaken, blir ofte brukt om å passe på, vanlegvis nokon som er sjuke eller søv å utspele seg (­te): å finne stad å svinne bort (svann, svunne): å forsvinne, å bli borte, å bli mindre (minske) å avsløre (­te): å røpe, å fortelje noko som ein person ikkje veit, ofte ei hemmelegheit eller nyheit

KLART DET!

15


LEKSjON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

 sette vi oss på ein trebenk, nokre meter frå eit

«… når ein i staden burde anstrenge seg endå meir for ein elska forelder»

OrdfOrklaringar øvre dekk (eit): her: dekk betyr etasje på ein båt, og øvre dekk = øvste etasje å live opp (­a): å kvikke opp, å få noko (eller nokon) til å sjå friskare eller gladare ut som om (subjunksjon): når noko ser ut til å vere slik Sveriges Utbildningsradio (svensk): Sveriges Undervisningsradio børek (ein): tyrkisk matrett, ofte ein pai med ulike typar fyll forfine (­a): å gjere noko finare enn det (kanskje) eigentleg er, å forbetre forsone seg (­a): å lære å leve med, å bli van til at det er slik anstrenge seg (­te): å gjere ein ekstra innsats for noko

16

KLART DET!

pensjonistpar som hadde piknik i det grøne, og følgde med blikket Finlands-ferjene som glei majestetiske over Saltsjöns glitrande vatn. Ein passasjer frå øvre dekk vinka i vår retning, og mor vinka tilbake. Så køyrde vi langsamt og med opne vindauge forbi familien Wallenberg sin imponerande residens, som tronar på ei høgde bak portar som er overvaka av kamera. Då mor fekk vite at Sveriges truleg rikaste mann budde der, nikka ho mot huset og sa: – Han har dårleg smak til å vere så rik; ein urtehage, nokre divanar, eit par sauer og hestar ville ha liva opp staden. Litt kyllingar også, kanskje – det er jo så stille bak porten. Sidan mor ikkje orka å gå lengre strekningar på grunn av dei vonde beina sine, køyrde vi omkring i fleire bydelar. Eg viste henne kor avisa Dagens Nyheter held til, og lurte på om ho ville bli med inn og helse på nokre av vennene mine. – Nei, nei, sa ho brått. – Sjølvsagt vil eg tref­fe avisvennene dine, men eg skammar meg. Kva skal vel eg snakke med så kunnskapsrike menneske om? – Du er minst like klok som dei, prøvde eg meg. – Ikkje spøk slik med di gamle mor, sa ho og kasta eit blikk oppover, som om ho vende seg mot Gud. Sidan ho ofte hadde spurt meg om kva eg gjer på fritida mi, kva slags venner eg har og kor eg et lunsj, tok eg henne med til venninna mi Brit sin restaurant, som ligg ved inngangen til Sveriges Utbildningsradio. Då mor gjekk inn i restauranten iført sjal, fotsid kåpe og den vesle svarte handveska, såg ho seg sjenert omkring. – Kva har vi her å gjere? rakk ho å kviskre før Britt skunda seg fram og ønskte mor velkommen. Ho plasserte oss ved eit ovalt bord i den rolegaste delen. Først rørte ho knapt skaldyrsbøreken, dei sjokoladedyppa jordbæra, fruktsalaten, jusen og teen som Britt serverte. Men etter nokre minutt slappa ho av og naut maten; ho roste særleg skaldyrsbøreken, sjølv om ho aldri hadde smakt skaldyr før: – Ikkje visste eg at dei krypa smakte så godt, og aldri kunne eg drøyme om at ein kan ha dei som fyll i børek. Tenk at venninna di, som nok må ha kurdisk blod i seg, gjestfri som ho er, kan forfine ein tradisjonell kurdisk matrett. Etter besøket hos Britt, som mor gav ein klem og kyssa på panna når vi skulle dra, vandra vi rundt i kvartalet og fortsette mot det sentrale Stockholm. (…)


LEKSjON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

Nokre timar seinare køyrde eg henne heim igjen til søstrene mine. Før mor gjekk ut av bilen, smilte ho ømt til meg og sa fortruleg: – Det var ei svært interessant og fin utflukt du gav meg, sonen min. Mor snudde seg fleire gonger mens ho gjekk dei ti metrane frå bilen til porten, ho smilte og vinka langsamt med handa, som om ho tok avskjed med ein ho ikkje kom til å sjå på lang tid. Edibe fortalde at mor strålte etterpå: – Ho sa at det var ein av dei beste dagane ho har hatt på årevis. «Det var ein lærerik dag med sonen min, eg blei heilt stum av alle dei merkelege stadene han tok meg til, og alt det interessante som han fortalde,» sa ho. Den gongen kunne eg ikkje i det heile tatt skjønne at dei korte timane hadde betydd så mykje for mor. Eg har framleis vanskeleg for å godta tanken på at eit restaurantbesøk hos vennene mine og ein liten rundtur i Stockholm kunne gjere henne så begeistra. Eg kan ikkje eller vil ikkje forsone meg med tanken, for han gir meg angst. Angst for at eg ikkje brukte meir tid saman med mor i den opplyste verda, som ho såg på som mi. Angst fordi ein ofte set av tid til ein nær venn eller kjærasten, når ein i staden burde anstrenge seg endå meir for ein elska forelder.

Eg synest det er viktig å legge vekt på at …

kØYr dEBaTT! n

Alle barn bør gå i barnehage.

n

Det er viktig at mor er heime og passar på barna når dei er små.

n

Far og mor må dele på ansvaret for barna.

n

Barn bør legge seg mellom klokka sju og ni, avhengig av alder.

n

Foreldre må vite kva ungdommane deira held på med på fritida.

n

Det er ikkje bra å bu heime etter at ein har fylt 25 år.

n

Besteforeldra må stille opp for barna sine og ta seg av barnebarna.

n

Staten må sørge for at barnefamiliar har god økonomi.

n

Barnetrygda bør avskaf­fast.

Til nynorsk av Bernt Haug

Snakk Saman n

Fortel om igjen for kvarandre kva Mustafa og mora gjorde saman denne dagen.

n

Kva fortel utdraget om forholdet mellom Mustafa og mora hans?

n

Kva seier dette utdraget om forholdet mellom foreldre og barn?

n

Mustafas familie var immigrantar til eit nytt land. På kva måte trur de dette hadde betyding for forholdet mellom mora og barna i familien?

n

Mustafa meiner at både han, og andre, lett bruker mykje tid på venner og lite tid på foreldre og familie. Er de einige i det? Kvifor / kvifor ikkje?

Er du einig eller ueinig i at …?

Mi meining er at …

KLART DET!

17


LEKSJON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

Grammatikk

Substantiv og adjektiv I minigrammatikken bak i boka finn du ei oversikt over bøying av substantiv og adjektiv. Dette kan det vere nyttig å repetere før du går vidare med arbeidet her.

1 Bruk av ubestemt og bestemt form og artikkel Når vi bruker av, bruker vi bestemt form: UBESTEMT FORM

BESTEMT FORM

nokre gutar

nokre av gutane

fleire jenter

fleire av jentene

fem bord

fem av borda

mange hus

mange av husa

Når substantiv og verb lagar ei handling saman, kan artikkelen brukast i nokre tilfelle, andre gonger ikkje. Utan artikkel er handlinga meir i fokus enn objektet UTAN ARTIKKEL

MED ARTIKKEL

Eg baker kake.

Eg baker ei kake.

Eg treng ferie.

Eg treng ein ferie.

Eg speler piano.

Vi bruker ikkje artikkel når vi snakkar om yrke eller eigenskap. Men dersom vi set eit adjektiv til substantivet, må vi også sette inn artikkel: Elias er katolikk. Elias er ein dedikert katolikk.

* Elias er ein katolikk.

Aksel er pensjonist. Aksel er ein sprek pensjonist.

* Aksel er ein pensjonist.

Per er tenåring. Per er ein vilter tenåring.

* Per er ein tenåring.

Nokre substantiv kan ikkje teljast, eller vi tenker på dei som mengder, slik som vatn, sukker, kaffi. Då bruker vi ikkje artikkel i ubestemt form. Vi må likevel lære kva kjønn substantivet har, for nokre gonger bruker vi ordet i bestemt form: Brasil eksporterer mykje kaffi. Kaffien frå Brasil er god. Det er viktig å drikke mykje vatn. Vatnet i Noreg er godt. Bruker du sukker i kaffien? Sukkeret står til venstre for saltet.

18

KLART DET!


LEKSJON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

UBESTEMT FORM

BESTEMT FORM

mi jente – mine jenter min gut – mine gutar mitt hus – mine hus

jenta mi – jentene mine guten min – gutane mine huset mitt – husa mine

Geirs bil – Geirs bilar

bilen til Geir – bilane til Geir

Grammatikk

Når genitiv eller eigedomsord står saman med substantivet, er reglane slik:

2 Gradbøying av adjektiv

Adjektiv kan bøyast i grad. Grunnforma av adjektivet kallar vi positiv. Når vi samanliknar noko, bruker vi enten komparativ eller superlativ. Viss vi samanliknar to eller fleire ting, bruker vi vanlegvis komparativ. Då må samanlikninga enten vere til stades (enn …) eller underforstått. Viss vi meiner at noko eller nokon er nummer éin av fleire, kan vi bruke superlativ. Adjektiv i superlativ kan brukast framfor substantiv på same måte som adjektiv i positiv, men berre i bestemt form. Då bøyer vi dei på same måte. Far er eldre enn mor. No kjem vinteren, og det blir kaldare (enn før). Det er kaldast i januar. Ho er den flinkaste studenten i klassen.

2A

Komparativ og superlativ i spørsmål

I spørsmål med spørjeord bruker vi ofte superlativ sjølv om vi eigentleg samanliknar to ting, men i ja/nei-spørsmål kan vi bruke komparativ: Kva liker du best av ost og syltetøy? Liker du ost betre enn syltetøy? Kva for by er størst, Oslo eller Bergen? Er Oslo større enn Bergen?

* Kva liker du betre av ost og syltetøy? * Kva for by er større, Oslo eller Bergen?

3 Adjektivet som predikativ

Adjektivet kan stå framfor substantivet, eller det kan stå som predikativ (etter vere eller bli): Eg ser eit raudt hus. (adjektivet står framfor substantivet) Huset er raudt. (adjektivet står som predikativ)

Når adjektivet er predikativ i ei setning, må det bøyast til substantivet, men berre når det er i grunnforma (positiv). Komparativ form er alltid den same, og superlativ blir ikkje bøygd når det står i predikativ: Ola og Kari er flinke, men Per og Lise er flinkast. Huset mitt er fint, men huset hennar er finast.

KLART DET!

19


LEKSJON 1: FRÅ BARN TIL VAKSEN

Grammatikk

I slike setningar set vi ofte inn bestemt artikkel framfor adjektivet utan at det blir nokon forskjell i tyding, men då må vi bøye adjektivet: Ola og Kari er flinke, men Per og Lise er dei flinkaste. Huset mitt er fint, men huset hennar er det finaste.

4 Substantiverte adjektiv

Nokre gonger bruker vi adjektiv utan å bruke substantivet dei står til. Vi gjer det ofte dersom vi snakkar om personar. Då blir adjektivet gjort om til eit substantiv (substantivert), men vi bøyer det likevel som eit adjektiv. Mange perfektum partisipp bruker vi på denne måten (partisipp: leksjon 6). Ikkje alle dei substantiverte adjektiva bruker vi i alle formene: EINTAL

FLEIRTAL

UBESTEMT FORM

BESTEMT FORM

UBESTEMT FORM

BESTEMT FORM

UNG

den unge

tre unge

dei unge

VAKSEN

ein vaksen

den vaksne

mange vaksne

dei vaksne

GAMMAL

den gamle

fleire gamle

dei gamle

TILSETT

ein tilsett

den tilsette

fem tilsette

dei tilsette

Alle dei tilsette blei sagde opp på dagen. Mange gamle flytter til Spania når dei blir pensjonistar. Vi blir fire vaksne og tre barn.

20

KLART DET!



SPOR 2 OG 3

• • • • •

Tema som motiverer Rikeleg med lytteøvingar Eigen grammatikkdel Diskusjonsoppgåver Visuelt uttrykk som engasjerer • Mange autentiske tekstar • Gradvis progresjon frå B1 til B2 Gølin Kaurin Nilsen har lang undervisningserfaring innan språkopplæring for minoritetsspråklege og har utgitt fleire læreverk, blant anna Norsk nå!, Ny i Norge og Mer norsk.

Klart det! dekker nivå B2 etter Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (2012) og leier fram til Norskprøven B1–B2 eller Test i norsk – høgare nivå (Bergenstesten). Verket passar for opplæring på spor 2 og 3 med normal eller rask progresjon.

GØLIN KAURIN NILSEN

KLART DET! er skreddersydd for vaksne som vil lære meir norsk eller ønsker å bestå ein av språktestane på høgare mellomnivå (nivå B2).

TEKSTBOK

,!7II2B1-acciee!

GØLIN KAURIN NILSEN

TEKSTBOK

Læreverket består av: • Tekstbok • Arbeidsbok inkludert lytteøvingar • Gratis nettressurs • Digital utgåve av tekstboka med tekstar som er lest inn og ordlistefunksjon • Lærarrettleiing • Eigen nettstad for læreren • Lydbøker tilgjengelege på nettressursen eller CD (på bestilling)

ISBN 978-82-11-02284-4

NYNORSK

NYN


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.