#lyrikk (9788211035318)

Page 1

Kva tenkjer DU når du høyrer ordet lyrikk? Kriblar det søtt av forventing, spissar du øyre, auge eller andre sanseorgan og kan nesten ikkje vente med å finne ut kva teksten gir deg? Eller ser du for deg uforståelege språklege bilete og halvgode rim, som får deg til å klø i nasen og gjespe før du i det heile har begynt å lese?

I denne antologien finn du over 60 dikt og songtekstar frå ulike stemmer i norsk samtidslyrikk. Tekstane er valde ut med tanke på at dei skal passe for ungdom og unge vaksne. Til kvar tekst er det mange oppgåver du kan jobbe med, både for å forstå deg sjølv og teksten betre. I tillegg finn du alt du treng når du skal jobbe grundig med lyrikk: ei litteratur­ historisk reise gjennom lyrikken opp gjennom tidene, analysehjelp, hjelp til å skrive eigne dikt, tematisk oversikt over tekstane i boka og ei liste over omgrep som forklarer alle faguttrykk du måtte lure på i arbeidet med lyrikk. Kort sagt – dette er boka for deg som gjerne vil bli betre kjend med den norske samtidslyrikken og som ønskjer eit realt djupdykk i lyrikken si verd. #lyrikk er ei frittståande bok som kan brukast uavhengig av læreverk. Boka passar for elevar på ungdomstrinnet og alle trinn og utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.

ISBN 978-82-11-03531-8

#lyrikk

Mange møter dikt berre i samband med skulen, då helst med ei analytisk tilnærming. Denne boka vil noko meir. Målet vårt er ikkje at du skal bli ein rutinert metaforjeger; vi ønskjer å skape leseglede!

Kvåle Garthus | Sandemose | Schulze

#lyrikk

Karen Marie Kvåle Garthus

Sigrid Sandemose

Anne-Marie Schulze

#lyrikk


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.