Ordriket 4A Lesebok NYN (9788211038203)

Page 1

1

Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland

Lesebok 4A

Nynorsk

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Lesebok 4A I denne boka følger vi Sam og Ina på ei spennande reise i tid og rom. Undervegs støyter dei på historiske menneske og havnar i situasjonar som dannar utgangspunkt for samtale og undring.

NYNORSK

Kvart kapittel opnar med ein introduksjon av temaet og ein lese­ strategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing. Med kvart tema følger eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og med ulik vanskegrad henta frå den nyaste barnelitteraturen og kjende klassikarar.

Ordriket Lesebok 4A

1–7

Leseboka finst også i digital utgåve. Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 4A. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03820-3

73)

Ordriket 4A Lesebok bm og nn.indd 2

06.04.2021 17:16



Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland Nynorsk

Lesebok 4A


VELKOMMEN TIL ORDRIKET! Visste du at det er skapt forteljingar til alle tider og alle stader i verda? Tenk så fantastisk å få reise i tid og ta del i all verdas historier! Vi som har laga denne boka, ønsker at du skal bli glad i å lese, skrive og å bruke språket. Derfor vil vi gjerne at du skal møte Ina, Sam og onkel Ola og bli med dei på tidsreise. Helsing forfattarane


Innhald 1 Oppfinningar 7

Ord og omgrep 8 Lesestrategi: Overvak lesinga di 9 Oppfinningar i kvardagen 10 Hjulet 12 Nye idear 14 Norske oppfinningar 16 Patent 18 Hattenøkkel 20 Eg er genial! Espen Herberts notisar III 22 Arkimedes og vindmølla 24 Den store tidsreisa 29 Ei stor hending 30 Gåta 34

2 Tal 41 Ord og omgrep 42 Lesestrategi: Fortel teksten med eigne ord 43 Talglede 44 Olles venstre sko 46 Teljeregle 47 Den mystiske talkoden 48 Ulykkestalet 13 52 Ingen spøk å telle til 13 54 Alle saman tel 57 Googolplex. Det største talet i verda? 58 Matilda 62 Den store tidsreisa 65 Reisa begynner 66 Skrifta på leirtavlene 71


3 Ung – gammal 77 Ord og omgrep 78 Lesestrategi: Lag tankekart 79 Farmor og jeg 80 Kor gammal blir ein tiger? 83 Emil og Alfred 86 Vaffelhjarte 88 Auget til oldefar 91 Sjuande far i huset 94 Den store tidsreisa 97 Snippen, ein gong for lenge, lenge sidan 98

4 Mat 103 Ord og omgrep 104 Lesestrategi: Undersøk teksten 105 Fruktkorg 106 Pølsevev 107 Onkel Gunnar koker saus 108 Mannen som nesten døydde av pasta 112 Et vi det same over heile verda? 114 Matpakkespisevise 117 Klovnebrød med salathår 118 Den lange reisa til maten 120 Koke suppe på en spiker 123 Den store tidsreisa 125 Franske freistingar 126


5 Filosofi 131 Ord og omgrep 132 Lesestrategi: Lag spørsmål til teksten 133 Hvor kommer tanker fra 134 Så rart! 136 Verda har ingen hjørne 138 Sokrates 140 TommelTittar 142 Tastaturnatur 144 Fakta om tid 146 Sokrates og pappa 149 Den vesle kyklopa 152 Ordtak 155 Kva i all verda! 156 Tida er ein sommarfugl 158 Den store tidsreisa 161 Høgt oppe i Hellas 162


6


1 Oppfinningar

• Kva for oppfinningar kjenner du til? • Kva oppfinningar ser du på bildet? • Kva skulle du ønske at nokon fann opp no? 7


Vennskap og uvennskap Oppfinningar I dette kapittelet skal du lese tekstar om oppfinningar. Nokre av tinga vi har rundt oss, er funne opp for lenge sidan, mens andre er nye. For å finne opp noko nytt treng vi ikkje berre kunnskap, men også mykje fantasi! Lær av det du les i kapittelet – kanskje blir det du som er oppfinnsam og finn opp noko nytt vi kan få glede av!

ORD OG OMGREP Oppfinnar Oppfinning Oppfinnsam Bruksrettleiing

8

ein person som finn opp nye ting noko som er funne opp for første gong ein som lett finn på noko nytt og originalt ei skildring av korleis ein brukar noko, steg for steg


LESESTRATEGI Overvak lesinga di Å overvake tyder å følge med på. Når du overvaker lesinga di, følger du med på kva du forstår, og kva du ikkje forstår. Du følger også med på kva du kan frå før, og kva som er nytt. Ein måte du kan overvake lesinga di på, er å notere. Du kan notere når • du les noko du visste frå før • du lærer noko nytt • noko er vanskeleg å forstå Døme:

OSTEHØVELEN Funnen opp av Thor Bjørklund i 1925. Ostehøvelen gjer det lett å skjere tynne skiver av osten. Nokre meiner han er ei typisk norsk oppfinning – i mange andre land vil folk ha mykje større og tjukkare osteskiver!

Eg lærte at ostehøvelen er funnen opp av Thor Bjørklund, og at han er typisk norsk. Eg visste allereie at han skjer tynne skiver ost, for eg brukar han sjølv kvar morgon.

9


Oppfinningar i kvardagen Vi brukar mange oppfinningar i kvardagen. Og vi ville hatt problem med å klare oss utan dei. Nokre av dei har eksistert i mange hundre år. Andre er ganske nye.

FAKTA

Vi brukar paraply for å halde oss tørre. Dei gamle kinesarane fann han opp for å skjerme seg mot sola.

10


Folk har brukt knivar, såpe og knappenåler i cirka 4000 år.

11


Hjulet Hjulet er kanskje den største oppfinninga som nokon gong er gjort. Dei første køyretøya med eikehjul var hestetrekte vogner som blei brukt i Tyrkia for cirka 4000 år sidan. For cirka 3500 år sidan begynte folk i Midtausten å bruke hjul når dei skulle lage keramikk- og leirvarer. Utan hjulet ville verda vår og måten vi lever på, vore heilt annleis. Vi brukar hjul til å lage elektrisitet, til transport og i mange andre samanhengar. Robert Coupe

12


OVERVAK LESINGA DI Lærte du noko nytt?

LES MEIR!

13


Nye idear Skepsis: tvil

Bidra til: hjelpe til med

Dei som har nye idear, blir ofte møtt med skepsis. Men utan nye idear kjem vi ikkje vidare. Vi treng alle dei som skaper noko nytt av eiga kraft. Albert Einstein sa at fantasi er viktigare enn kunnskap. Han meinte at fantasi må til for å få glede av kunnskapen. Barn har ein slik fantasi. Skolen må bidra til at fantasien får leve og vekse, slik at vi tar vare på evna til å tenke nytt. Jens Stoltenberg

14


15


Norske oppfinningar BINDERSEN Funnen opp av Johan Vaaler i 1899. Bindersen blir laga av bøygd ståltråd eller plast. Vi brukar han til å halde fleire papirark saman. Under krigen i Noreg i 1940–1945 brukte nordmenn han på jakka, som eit hemmeleg teikn. Det betydde: «Vi held saman.»

Næring: det menneske, dyr og planter treng for å vekse og få energi

OVERVAK LESINGA DI

KUNSTGJØDSEL Funne opp av Kristian Birkeland i 1906. Når planter veks, brukar dei opp næringa i jorda. Derfor treng dei gjødsel – eit stoff med masse næring som blir tilført jorda. Kristian Birkeland fann opp ein måte å lage kunstig gjødsel på – av luft! Saman med Sam Eyde bygde han ein fabrikk som laga kunstgjødsel. Fabrikken heitte Norsk Hydro.

Var det noko du visste frå før? Er det noko du ikkje forstår?

16


SPRAYBOKSEN Funnen opp av Erik Rotheim i 1927. Rotheim jobba på ein lakkfabrikk. Den første sprayboksen han laga, var til lakk. Men den hadde ein lei uvane: Hòlet som lakken skulle komme ut av, blei fort tett. Oppfinninga blei derfor seld til USA, og der løyste dei problemet. Under den andre verdskrigen brukte amerikanske soldatar sprayboksen til å ha insektmiddel på – og det verka!

ØV Ein binders blir brukt til å halde ark saman. Oppfinnar: Johan Vaaler i 1899 Ein sprayboks blir brukt til å sprute ut noko flytande. Den første sprayboksen blei brukt til lakk. Oppfinnar: Erik Rotheim i 1927 Kunstgjødsel er næring til planter, som er laga på ein kunstig måte. Oppfinnar: Kristian Birkeland i 1906

17


Patent Viss du har fått ein idé du meiner er god og ny, kan du vere i ferd med å bli ein oppfinnar. Mange tenker at alt er funne opp før, mens andre tenker at dei ØV er først ute med å tenke ut noko nytt. For å finne ut av dette kan Du kan søke patent på oppfinninga di. du søke patent hos Patentstyret. Med patent har du einerett Dei vil sjekke om ideen din finst til å lage det du har funne opp. frå før, eller om du er den første. Ingen kan bruke patentet ditt utan å be deg om lov først. Eit patent varer i 20 år.

18


Thor Bjørklund tok patent på ostehøvelen i 1926. Dette er teikninga som følgde med søknaden.

Eit patent er ein god teknisk idé som ingen andre har funne opp tidlegare. Patentet gir deg rett til å lage og selje denne ideen i det landet du har fått patent. Patent er ein einerett du har i 20 år. Det vil seie at andre må spørje deg om lov til å lage tingen du har funne opp, og dei må betale deg kvar gong dei brukar ideen din. Du kan også søke om einerett på namn, merke og utsjånad. Ikkje bli skuffa om ideen din er funnen opp frå før. Det er uendeleg mange moglegheiter for å få nye gode idear og patent. Å lykkast krev både kunnskap og fantasi. Mange oppfinnarar har teknisk utdanning og er tilsette i store og små bedrifter. Der arbeider dei med å utvikle nye produkt. Om du har fått ein god idé, er det lurt å samarbeide med folk du stolar på, og som kan ting du ikkje er så flink til sjølv. Då blir det lettare å lykkast.

OVERVAK LESINGA DI

Var noko vanskeleg å forstå? Lærte du noko nytt?

19


1

Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland

Lesebok 4A

Nynorsk

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Lesebok 4A I denne boka følger vi Sam og Ina på ei spennande reise i tid og rom. Undervegs støyter dei på historiske menneske og havnar i situasjonar som dannar utgangspunkt for samtale og undring.

NYNORSK

Kvart kapittel opnar med ein introduksjon av temaet og ein lese­ strategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing. Med kvart tema følger eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og med ulik vanskegrad henta frå den nyaste barnelitteraturen og kjende klassikarar.

Ordriket Lesebok 4A

1–7

Leseboka finst også i digital utgåve. Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 4A. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03820-3

73)

Ordriket 4A Lesebok bm og nn.indd 2

06.04.2021 17:16


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.