Publikum på alle kantar høver for skodespelarar, lærarar, journalistar, politikarar, prestar, treningsinstruktørar og mange, mange fleire. Alle desse veit kor mykje ei godt fungerande stemme betyr i møtet med tilhøyrarane.
«Jeg vil anbefale alle som har lyst til å gjøre seg bevisst sin egen kropp og stemme, og som skal snakke i større forsamlinger, å lese denne boken. Jeg jobbet med Eldbjørg på Teaterhøgskolen og har dratt stor nytte av teknikkene hun lærte meg. På teaterscenen har de vært uvurderlige, og også da jeg skulle lære meg dansk, og når jeg skal lese inn lydbøker eller være animerte karakterer i tegnefilm.»
PUBLIKUM PÅ ALLE K ANTAR
Eldbjørg Lognvik er logoped og har mange års erfaring som stemmepedagog ved Kunsthøgskolen i Oslo, Teaterhøgskolen. Ho har halde stemmekurs, drive stemmebehandling og har rettleia i stemmebruk både innanfor film og teater og private og offentlege verksemder.
I boka finst det ei enkel innføring i korleis stemma fungerer, øvingar for å finne den gode stemma, korleis bruke stemma optimalt, gode tips og råd til korleis ein kan halde stemma ved like, og korleis ein kan reparere stemma etter kraftig eller feil bruk. Korleis kan du betre uttala di? Korleis kan du takle ulike romakustiske forhold og nervøsitet?
ELDBJØRG LOGNVIK
Er du ein person som treng å bruke stemma i arbeidet ditt, eller som har lyst til å få ei betre stemme og bli tryggare i formidling generelt? Kanskje du skal lære bort munnlege ferdigheiter til elevar? Her har du ei lettlesen bok med gode råd og tips til korleis du kan utvikle, trene og ta vare på eiga og andre si stemme.
Jakob Oftebro, skuespiller
www.fagbokforlaget.no ISBN 978-82-450-1789-2
,!7II2E5-abhijc!
LANDSLAGET FOR NORSKUNDERVISNING
Publikum p책 alle kantar
105070 GRMAT Publikum p책 alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 1
08.05.15 14.55
105070 GRMAT Publikum p책 alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 2
08.05.15 14.55
Eldbjørg Lognvik
Publikum på alle kantar Ei stemmehandbok
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 3
08.05.15 14.55
© 2015 Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS All rights reserved ISBN: 978-82-450-1789-2
Forfatteren har fått støtte fra Norsk kulturfond. Boken er utgitt med støtte fra Kunnskapsdepartementet ved Lærebokutvalget for høyere utdanning. Omslagsdesign ved forlaget Grafisk produksjon: John Grieg AS, Bergen Sats og ombrekking: Laboremus Oslo AS Spørsmål om boken kan rettes til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 E-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er vernet av åndsverkloven. Uten uttrykkelig samtykke er eksemplarfremstilling bare tillatt når det er hjemlet i lov eller etter avtale med Kopinor.
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 4
08.05.15 14.55
Forord Kanskje du skulle samle saman all kunnskapen om stemmebruk som ligg i veggane her, og skrive det ned i ei bok? Saman med gule lappar, lause ark og alle erfaringane dine burde det jo bli noko ut av det? Sjefen på Teaterhøgskolen ser spørjande på meg. Jau, seier eg og dreg litt på det. Men eg veit jo at det trengst bøker om stemme på norsk. Bøker som er enklare å lese, lettare å forstå enn dei andre har skrive før. Eg set i gang. På ny og på ny set eg i gang. Men det er vanskeleg. Plutseleg bankar det på døra. Inn kjem ein liten fyrstikkperson. Han vil gjerne hjelpe meg, seier han. Og jammen, kjem det fleire tynne, små raringar inn på kontoret. Alle vil vere med og lage bok. Og dermed er vi i gang for alvor. Tusen takk, fyrstikkfolk! Tusen takk til Teaterhøgskolen, til Even som fekk meg i gang med skrivinga, til Ingebjørg og Lise, mine aller første læremeistrar, og til alle studentar eg har lært så mykje av. Tusen takk Cecilie, Nina, Turid og Maria, mine gode kollegaer og inspirasjonskjelder.
5
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 5
08.05.15 14.55
Ein stor takk til Anne Lognvik og Tor Halmrast for nyttige tilbakemeldingar undervegs. Og tusen takk til alle dykk andre som har hjelpt meg så eg fekk fullføre bokprosjektet: først og fremst Tor Arve, Mathias og Abdi, og dei snille besteforeldra! Flatdal, 08.04.2015 Eldbjørg Lognvik
6
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 6
08.05.15 14.55
Innhald INNLEIING................................................................ Kapittel 1
OM KOMMUNIKASJONSPROSESSEN.................
9
27
Kapittel 2
KORLEIS STEMMA BLIR TIL, OG KORLEIS HO FÅR SITT SÆRPREG..........................................
33
Kapittel 3
KROPPSHALDNING................................................
47
Kapittel 4
AVSPENNING OG OPPVARMING AV KROPPEN.
57
Kapittel 5
KORLEIS FINNE DEN GODE PUSTEN...................
69
– og kva i all verda er «støtte»?
Kapittel 6
STEMMEUTVIKLINGSARBEID.. .............................
89
7
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 7
08.05.15 14.55
Kapittel 7
DYNAMIKK............................................................... 115 Kapittel 8
DIKSJON.. .................................................................. 133 Kapittel 9
DIKSJON OG AKUSTIKK........................................ 151 Kapittel 10
METODE FOR SPRÅK- OG DIALEKTENDRING. . . 171 Kapittel 11
KORLEIS TA VARE PÅ OG BEHANDLE STEMMA. . .................................................................. 195 LITTERATUR.. ........................................................... 233
8
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 8
08.05.15 14.55
Innleiing Alle har ei forståing for at stemma kjem frå halsen ein stad, og at ho kjem ut gjennom munnen.
Nr 0.1
Nokre gonger synest vi at stemma er heilt fantastisk … 9
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 9
08.05.15 14.55
… andre gonger sviktar stemma oss. Vi mistar sjølvtillit, mistar autoritet – eller vi mistar publikum.
Nokre gonger klarer vi å uttrykke dei mest avanserte ytringar velklingande, smidig, dynamisk og presist … 10
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 10
08.05.15 14.55
Nr 0.4
… andre gonger går vi av scenen eller podiet med kjensla av det totale nederlag; ingenting fungerer, stemma er rar, det er stotring og stamming …
Nr 0.5
Av og til er stemma sterk. 11
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 11
08.05.15 14.55
7
Andre gonger blir vi så slitne av å snakke at vi helst vil gøyme oss bak ei bok.
Og har vi det ekstra travelt, da kan stemma finne på å bli borte …
12
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 12
08.05.15 14.55
Nr 0.8
Ei stemme har mange utfordringar. Ho må vere uthaldande og sterk, ho må tole å bli brukt mykje og lenge, ofte i høgt volum, og under alle slags fysiske tilhøve.
13
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 13
08.05.15 14.55
.9
0.10
Stemma speglar fort korleis vi har det. Får du telefon frå ein god venn, kan du lett høyre om vennen er glad eller sint, frisk og rask eller slapp og trist. Stemma skal tole alle våre sinnsstemningar og mentale utfordringar.
Ei stemme skal bere fram orda i ein tekst. Det kan vere eit foredrag, ei tale eller ein mange hundre år gammal dialog. 14
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 14
08.05.15 14.55
Nr 0.1
I tillegg skal stemma sørge for at teksten når fram til publikum – stort eller lite – i eit godt eller dårleg akustisk rom.
Nr 0.1
Stemma må også formidle innhaldet i teksten. Både intensjon og kjensler skal nå tilhøyrarane i tråd med det som teksten, karakteren eller rolla krev. 15
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 15
08.05.15 14.55
STEMMEARBEID Vi er alle fødde med ei perfekt stemme. Det er vanar og uvanar gjennom eit levd liv som har endra føresetnadene for stemmedanninga vår, som har gitt oss «kvardagsstemma». Stemmetrening eller stemmeutviklingsarbeid dreier seg først og fremst om å ta bort uvanane og å finne tilbake til den måten å lage stemme på som er naturleg og sunn.
For dei fleste av oss kan «kvardagsstemma» vere god nok. Men for alle formidlarar av ord og tekst – om ein er skodespelar, foredragshaldar eller lærar, profesjonell eller amatør – ei godt fungerande stemme er ein svært viktig reiskap. I mange tilfelle er stemma avgjerande for om du kan utføre jobben i det heile. Det er ulike årsaker til at folk må trene eller behandle stemmene sine. 16
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 16
08.05.15 14.55
Nokre opplever ofte at stemma blir svært sliten, og har behov for ei sterkare eller meir uthaldande stemme i arbeidssamanheng. Andre har fått ein skade på stemmeapparatet slik at opptrening og endra stemmeteknikk er avgjerande for restitusjon av stemma. Innanfor teaterutdanning er stemmefaget naturleg nok obligatorisk. Kanskje burde stemmebruk ha vore på timeplanen i fleire utdanningar. Det er forska mykje på stemmevanskar i ulike yrkesgrupper der stemmebelastninga er stor.
TIDSPERSPEKTIV Arbeid med stemmeteknikk, eller stemmeutviklingsarbeid, er eit kjempespennande detektivarbeid. Somme gonger må vi jobbe lenge for å avdekke årsaka til at stemma ikkje fungerer topp. Andre gonger er det nok å senke skuldrene (men skuldrene vil jo gjerne opp att, og da er kanskje avspenning det viktigaste stemmearbeidet du kan gjere). Sidan stemma er ein mykje større del av identiteten vår enn vi ofte tenker på, er endring av stemmevanar og -uvanar ofte lang og smertefull. Når muskulaturen i artikulasjonsapparatet, halsen eller pusteorgana er vant til å arbeide etter visse mønster, vil musklane gjerne halde fram slik. Ein må repetere nye muskulære rørsler mange gonger for at dei skal bli automatiserte. Ein må lage nye stiar i hjernen, så å seie, og alle veit at det tek tid å tråkke ein ny sti. Ofte er det lett å endre stemmekvaliteten til det betre når du arbeider med ein stemmepedagog. Men det er denne tråkkinga på eiga hand for å lage den nye stien som er utfordrande. Det å skulle gjere ei øving så mange gonger at ho klistrar seg fast i muskelminnet … 17
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 17
08.05.15 14.55
TIDSBRUK Sjølv om det kan ta tid å endre stemmeteknikk eller å utvikle stemma, er det er ikkje slik at ein treng å øve i timevis kvar dag for å oppnå eit godt resultat. I byrjinga vil det ta tid å utføre øvingane korrekt. Etter kvart kan tanken på øvinga, kanskje ein assosiasjon, vere nok til at kroppen og stemmeapparatet stiller seg inn slik vi ønsker. Eksempel: Du er anstrengt i kjevemuskulaturen. Dette må det arbeidast med fordi kjevemuskulaturen direkte og indirekte påverkar stemmeproduksjonen. For å få ein avspent kjeve har du funne ut at du kan tenke på enkelte medlemmer av kongefamilien (f.eks. som når ein av medlemmene uttalar «Dronningen og jeg», og, vips, der er kjeven avspent.) Dersom stemma er viktig for deg og du er ein bevisst stemmebrukar, blir rutinar for stemmetrening, oppvarming, vedlikehald eller restitusjon av stemma like naturleg og viktig som tannpuss. HALDNING TIL STEMMEARBEID Negativ eller kritisk haldning til eiga stemme eller eige stemmearbeid kan gjere så vel kvalitetane til stemma som resultatet av treninga dårlegare. Den engelske stemmepedagogen Barbara Houseman skreiv i boka Finding your voice at det er viktig å vere positiv og ubekymra i treningssamanheng: «… as if you were slightly intoxicated …» Bekymringar skaper muskulære spenningar, og desse hindrar stemmeapparatet i arbeidet og i utviklinga.
18
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 18
08.05.15 14.55
105070 GRMAT Publikum p책 alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 19
08.05.15 14.55
OPPBYGGING AV BOKA Det ligg mange moglegheiter for individuell variasjon i stemmeutviklingsarbeidet. Likevel er det nokre prinsipp det er naturleg å følge. For eksempel er det normalt å varme opp stemma før ein startar med volumøvingar. Slik er også denne boka lagd opp – som ei ganske normal og godt planlagd stemmeøkt – eller som ei grundig oppvarming før jobb.
Først må du ta ein sjekk på kroppshaldninga di. Har stemmeapparatet gode arbeidsforhold, eller har du eit forbetrings potensial?
20
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 20
08.05.15 14.55
Deretter må du spenne av i kroppen. Prøv å falle til ro. Kjenner du ein muskel eller to som har stramma seg, kan du gje desse hjelp. For å få kroppen til å bli fysisk innstilt på stemmearbeid er det lurt å varme opp. Dersom øvingane også får deg til å kjenne styrke i kroppen, er dette flott. Da kan du finne eit slags mentalt fokus som gjer deg klar til å ta tak i arbeidsoppgåvene. Med kroppen varm og konsentrasjonen på topp går vi over til å finne det reflektoriske pusten, den måten å bruke pusten på som best støttar stemmedanninga.
[utgå
[utgå
Nr 0.1
21
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 21
08.05.15 14.55
Stemmeutviklingsarbeidet startar vi med å konsentrere oss om dei bitte små musklane inne i strupehovudet: stemmemuskulaturen. Oppvarming av indre strupemuskulatur gjer at vi finn «dagsforma» til stemma, og at vi kan fininnstille instrumentet. Da ligg alt til rette for å begynne arbeidet med stemmeklangen. Stemma er vårt heilt personlege instrument. Her dreier det seg ikkje om å lage ein spesiell klang, men å få instrumentet til å fungere så godt at den klangen som alt finst der, kjem til sin rett.
Og så har tida kome for at stemma må strekke seg litt utanfor si eiga komfortsone. Ho må utfordrast både i register og volum. I tillegg skal ho brukast saman med tekst. 22
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 22
08.05.15 14.55
Nr 0.2
Ei klangfull, dynamisk og nyanserik stemme er flott. Men dersom uttalen er slapp og utydeleg, er stemma dessverre fort gløymd. Vi må ta tak i diksjonen.
Nr 0.2
23
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 23
08.05.15 14.55
Nå har vi lagt ned mykje arbeid i stemme og diksjon. Da er det kjedeleg dersom dei akustiske forholda i eit rom øydelegg alt arbeidet. Vi må bli kjende med elementær akustikk. Da veit vi korleis vi kan bruke stemme og diksjon for likevel å nå ut til publikum.
Ein dag kan det hende du får ein jobb som krev språklege justeringar. Du skal ikkje lenger snakke din eigen dialekt, men må lære deg ein ny. På slutten av stemmetimen jobbar vi med ein metode for innlæring av ny dialekt, ein metode som også er anvendeleg i tileigninga av til dømes språk, sosiolekt eller språkstil.
24
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 24
08.05.15 14.55
Jobben er gjord. Kva er bra for stemma etterpå? Avspenning eller nedvarming? Er det nokre faste reglar for stemmehygiene, kanskje? Gode råd for slitne, håse eller «halsbetente stemmer»? På slutten av timen er det ok å tenke over slike spørsmål. Det er teiknet på at ein er ein bevisst stemmebrukar. Omtrent slik er boka lagd opp. Aller først sneik det seg likevel inn eit kapittel om kommunikasjon. Det handlar om korleis vi blir påverka og sjølve påverkar andre i språkleg samhandling, korleis vi, med stemma som medium, når fram til publikum med det vi ønsker å formidle, eller korleis vi ikkje når fram …
N 0.25
25
105070 GRMAT Publikum på alle kantar - Ei stemmehandbok 150101.indd 25
08.05.15 14.55
Publikum på alle kantar høver for skodespelarar, lærarar, journalistar, politikarar, prestar, treningsinstruktørar og mange, mange fleire. Alle desse veit kor mykje ei godt fungerande stemme betyr i møtet med tilhøyrarane.
«Jeg vil anbefale alle som har lyst til å gjøre seg bevisst sin egen kropp og stemme, og som skal snakke i større forsamlinger, å lese denne boken. Jeg jobbet med Eldbjørg på Teaterhøgskolen og har dratt stor nytte av teknikkene hun lærte meg. På teaterscenen har de vært uvurderlige, og også da jeg skulle lære meg dansk, og når jeg skal lese inn lydbøker eller være animerte karakterer i tegnefilm.»
PUBLIKUM PÅ ALLE K ANTAR
Eldbjørg Lognvik er logoped og har mange års erfaring som stemmepedagog ved Kunsthøgskolen i Oslo, Teaterhøgskolen. Ho har halde stemmekurs, drive stemmebehandling og har rettleia i stemmebruk både innanfor film og teater og private og offentlege verksemder.
I boka finst det ei enkel innføring i korleis stemma fungerer, øvingar for å finne den gode stemma, korleis bruke stemma optimalt, gode tips og råd til korleis ein kan halde stemma ved like, og korleis ein kan reparere stemma etter kraftig eller feil bruk. Korleis kan du betre uttala di? Korleis kan du takle ulike romakustiske forhold og nervøsitet?
ELDBJØRG LOGNVIK
Er du ein person som treng å bruke stemma i arbeidet ditt, eller som har lyst til å få ei betre stemme og bli tryggare i formidling generelt? Kanskje du skal lære bort munnlege ferdigheiter til elevar? Her har du ei lettlesen bok med gode råd og tips til korleis du kan utvikle, trene og ta vare på eiga og andre si stemme.
Jakob Oftebro, skuespiller
www.fagbokforlaget.no ISBN 978-82-450-1789-2
,!7II2E5-abhijc!
LANDSLAGET FOR NORSKUNDERVISNING