1 minute read

2.5.3 Rettstryggleik og lovtolking

2.5.3 Rettstryggleik og lovtolking

Rettstryggleik inneber at borgarane skal kunne føreseie rettslege konsekvensar av lovbrot. Dei skal kunne stole på det som står i lovene, og innrette seg deretter. Straff eller inngripande forvaltningsvedtak skal ikkje kome som overraskingar.

Lovtolking som avvik for mykje frå kjernen i lovteksten, er ein trugsel mot rettstryggleiken. Dette gjeld særleg på legalitetsprinsippet sitt område, det vil seie på rettsområde der avgjerdene frå styresmaktene grip inn i private forhold. Det følgjer av Grunnlova § 113, jf. § 96, at slike avgjerder skal ha grunnlag i lov.

Omsynet til rettstryggleiken taler ofte mot utvida tolking. Dersom det er strafflagd å føre eit «skip» i ruspåverka tilstand, kan det for føraren kome som ei overrasking at regelen også skal gjelde for småbåtar. Passbåtdommen kan derfor kritiserast. Høgsterett ville ha vore på trygg avstand frå yttergrensa for rettstryggleiken dersom han hadde frikjent båtføraren og erkjent at promillelovgjevinga til sjøs hadde hol å tette. Men hola vart tetta i 1998 då Stortinget vedtok småbåtlova som klart og tydeleg definerer ein småbåt som «enhver flytende innretning som er beregnet på og i stand til å bevege seg på vann, og som har en største lengde på inntil 15 meter». I § 37 i same lov, jf. § 33, blir det fastsett ei promillegrense for småbåtkøyring på 0,8 promille. Straffa er bot eller fengsel inntil eitt år.

Omsynet til rettstryggleik kan også tale mot innskrenka tolking av straffriande eller straffnedsetjande føresegner, til dømes straffelova §§ 17 og 18 om naudrett og naudverje.

Omsynet til rettstryggleik taler sterkt imot analogisk tolking. Du ville nok reagert kraftig dersom du hadde vore tiltalt for «ulvedrap» og dømt for drap etter ein analogisk bruk av straffelova § 275 om drap på menneske. Tilsvarande kan straffeføresegnene for promillekøyring med bil ikkje brukast analogisk for promillekøyring med småbåt.

Norsk rettspraksis er kjent for å rette seg nokså fritt etter lovtekstane, og blir kritisert for dette. Det kan hevdast at eit resultat som i Passbåtdommen neppe ville ha førekome i Sverige eller Danmark.

På legalitetsprinsippet sitt område

This article is from: