5 minute read
2.5.2 Tolkingsresultatet
tilfelle spriker argumenta. Nokre taler for, medan andre taler imot eit bestemt resultat. Då må argumenta vektleggjast og vegast mot kvarandre før du kjem til eit tolkingsresultat.
Argument frå
• Lovtekstar • Førearbeid • Rettspraksis • Forvaltningspraksis • Sedvane • Juridisk teori • Reelle omsyn • EU/EØS-rett
Lovtolking Tolkingsresultat
Fig. 2.2 Tolkingsprosessen.
2.5.2 Tolkingsresultatet
Tolkingsresultatet er det vi kjem fram til gjennom tolkingsprosessen. Argument hentar vi frå alle rettskjelder som er rekna som relevante for det problemet som skal løysast. Deretter skal argumenta vektleggjast. Nokre får større vekt enn andre. Argument frå ordlyden i lovteksten veg som regel svært tungt. Det skal gode argument til for å fråvike den vanlege språklege forståinga av ein lovtekst.
Tenk deg at du skal tolke ordet «skip» i ei lovføresegn som bestemmer straff for å føre eit slikt fartøy i ruspåverka tilstand. Korleis oppfattar folk flest ordet «skip»? Dei fleste ser nok føre seg relativt store båtar, som tankskip, passasjerbåtar, bilferjer osv. Tilsvarande gjeld dersom lovteksten inneheld ordet «motorkøyretøy». Du tenkjer først og fremst på bil og buss, og ikkje på elektrisk sparkesykkel.
Støyter du på slike ord i ein lovtekst, blir spørsmålet korleis du skal tolke orda ut frå vanleg språkbruk. Skal du bruke ordet i ei utvida eller innskrenka tyding samanlikna med vanleg språkbruk? Svaret blir gjeve i tolkingsresultatet når du har vurdert og vege mot kvarandre alle dei argumenta du henta frå rettskjeldene.
Opp mot vanleg språkbruk kan tolkingsresultata skildrast slik:
• Utvida tolking • Innskrenka tolking • Analogisk tolking • Antitetisk tolking
Vi skal utdjupe dette med døme.
Utvida tolking
Utvida tolking tyder å leggje meir i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gjev grunnlag for.
Du står ikkje fritt til å velje tolkingsresultat. Ei utvida tolking føreset at du finn støtte for dette i andre lover eller paragrafar, lovførearbeid, rettspraksis, juridisk teori eller reelle omsyn. La oss sjå på eit kjent døme frå rettspraksis der ordet «skip» vart tolka utvida.
Det er bandtvang for hund!
Ja, men dette er ein ulv!
Hund skal tolkast utvida. Bandtvangen gjeld også ulv!
RT1973433 Passbåtdommen
Straffelova hadde i 1973 føresegner om straff for å føre skip i ruspåverka tilstand. Ein rusa person førte ein 17 fots passbåt med sterk motor (115 hk) i høg fart og med stor fare for å skade andre båtar og personar. høgsterett kom til at ordet «skip» måtte tolkast utvida i lys av føremålet med lova: tryggleik til sjøs. høgsterett la altså avgjerande vekt på reelle omsyn og dømte «skipsføraren» for promillekøyring til sjøs.
Men det er grenser for kva du kan leggje i ordet skip. Ein elvebåt på 14 fot, omtrent like stor som passbåten, men med mykje svakare motor, var ikkje eit skip. Føremålet med lova om tryggleik til sjøs gav ikkje grunnlag for å tolke skip så utvida.
RT19951734 Elvebåtdommen
Ein ruspåverka person hadde ført ein elvebåt på 14 fot som hadde ein motor på berre 4 hk. Spørsmålet var om skipperen hadde ført «skip i beruset tilstand». Saka vart samanlikna med passbåtdommen. høgsterett kom til at elvebåten ikkje kunne vere «skip» i straffelova si meining, og skipperen vart frifunnen.
Innskrenka tolking
Innskrenka tolking tyder å leggje mindre i eit ord eller uttrykk enn det vanleg språkforståing gjev grunnlag for. Argument til støtte for innskrenka tolking kan vere at eit tilfelle ikkje er dekt av føremålet i lova, eller at lovgjevarane ikkje ville ha meint at eit tilfelle skal rammast av lova, dersom dei hadde tenkt på dette då lova vart til. Pilsdommen (RT-1930-222) er eit tydeleg døme.
RT1930222 Pilsdommen
Ei idrettsforeining serverte varm lapskaus og ei halv flaske pils til kvar deltakar på ein årsfest. Politiet meinte dette var brot på rusdrikklova § 60 som den gongen sette straff dersom det «fortæres rusdrikk i forening» som ikkje hadde skjenkjeløyve. Pils var tvillaust rusdrikk, men «forening» vart tolka innskrenka. høgsterett fann støtte i førearbeida til lova for at
forbodet mot skjenking i foreiningar hadde som føremål å ramme drikkeklubbar eller liknande samanslutningar, som ønskte å omgå skjenkjereglane. Det var ikkje meininga å ramme enkel servering i idrettslag eller andre tilsvarande foreiningar. Styret i idrettslaget vart frikjent.
Føremålsvurderingar var også årsaka til innskrenka tolking av ordet «katt» i denne utkastingssaka i eit burettslag.
RT19931260 Innekattdommen
Eit burettslag hadde husordensreglar med forbod mot hund og katt. in av bebuarane skaffa seg ein katt og kalla henne for Emmeline. Styret gav han valet mellom å kvitte seg med katten eller bli kasta ut. Bebuaren hevda at katteforbodet ikkje kunne gjelde Emmeline sidan ho var ein innekatt. Sett i lys av føremålet med forbodet om å beskytte utemiljøet gav høgsterett bebuaren medhald. «Katt forbode» må kunne tolkast med unntak for innekattar.
«Katt forbode.» «Katt» vart tolka innskrenka, og innekatten Emmeline vart ikkje omfatta av forbodet.
Analogisk tolking
Analogisk tolking er å gje lovteksten eit meiningsinnhald utanfor ramma av ordlyden. Du tolkar til dømes analogisk dersom regelen «hund forbode» også skal gjelde for kattar, eller dersom reglar om dyremishandling også skal gjelde for barnemishandling. I RT-1997-1341 Hønsehaukdommen vart reglar som gjaldt viltangrep på «bufe», tolka analogisk for «fjørfe» (høner).
RT19971341 Hønsehaukdom I
Ein gardbrukar vart frifunnen på grunn av naudverjeføresegna i den dagjeldande viltlova § 11 då han skaut og drap ein hønsehauk som angrep ei av hønene hans. Viltlova gav høve til å avlive freda vilt under direkte angrep på «bufe». Vanleg språkleg forståing av ordet «bufe» er at det berre omfattar husdyr som ku, hest, sau, gris osv., men ikkje fjørfe. Språkleg sett er høner fjørfe, ikkje bufe. Likevel fann høgsterett at viltlova § 11 hadde som føremål å beskytte husdyr. Ved å tolke «bufe» analogisk for «fjørfe» vart bonden frikjent. Seinare vart naudverjeføresegna i viltlova § 11 oppheva og overført til naturmangfaldlova § 17. I denne lova er fjørfe nemnt spesielt saman med bufe, tamrein og gris. På den måten skapte høgsterett meir presis rett.
Du må ha særs gode grunnar for å tolke ei lovføresegn analogisk.
Antitetisk tolking
Antitetisk tolking tyder at du tolkar lova motsett av det som står i lovteksten. Om ei antitetisk tolking er riktig, slik at ho skal bli rekna som gjeldande rett, er eit anna spørsmål. Det blir avgjort av andre rettskjeldefaktorar.
Døme – antitetisk tolking
Ekteskapslova § 3 seier blant anna at du ikkje kan gifte deg med slektning i rett opp- eller nedstigande linje eller med søsken. Ei antitetisk tolking inneber at du kan gifte deg med andre slektningar, til dømes ein fetter eller kusine (søskenbarn).