8 minute read
2.5.4 Rettskollisjonar
Utanfor området for legalitetsprinsippet
Lex superior
Lex specialis
Lex posterior
Rettsforhold mellom private personar ligg utanfor området for legalitetsprinsippet, men likevel er det behov for klare og føreseielege reglar. Omsynet til rettstryggleik og føreseielege reglar taler også på dette området for å halde seg nær ordlyden. Når ekteskapslova § 41 gjev ein «ektefelle» rett til å inngå visse avtalar med ansvar for begge ektefellane (representasjonsregelen), kan regelen verken tolkast utvida eller analogisk for sambuarar. Ordet «ektefellar» må respekterast.
2.5.4 Rettskollisjonar
Når to eller fleire rettsreglar tilsynelatande gjev forskjellige tolkingsresultat for same rettsspørsmål, må du først vurdere om problemet lèt seg løyse ved å harmonisere (samordne) reglane. Du kan til dømes tolke kvar av dei så innskrenka at dei ikkje lenger kolliderer. Dersom det ikkje er mogleg, har det oppstått ein rettskollisjon. Slike problem kan løysast etter ulike prinsipp.
Trinnhøgdeprinsippet (lex superior) vil seie at ei lov av høgare rang går føre ei lov av lågare rang. Grunnlova går føre ei formell lov, og ei formell lov går føre forskrifter.
Spesialregelprinsippet (lex specialis) vil seie at spesialreglar går føre generelle reglar på same trinnhøgde.
Tidsakseprinsippet (lex posterior) tyder at nye lover går føre gamle lover.
2.6 Lovgjevingslære
Lovgjevingslære er læra om korleis lover blir førebudde, skrivne, vedtekne og følgde opp. Faget er nytt ved dei universiteta i Noreg som underviser i rettsvitskap, og det er nær knytt til juridisk metode. Føremålet med faget er blant anna å lære jusstudentane å skrive lover, ikkje berre å lese dei. Studentane, og elevane i rettslære i vidaregåande skule, har i alle år lært å tolke reglar som alt er skrivne, men dei har ikkje lært å skrive reglane sjølv. Kunnskapar i juridisk metode er ein føresetnad for begge delar.
I ein rettsstat er det eit poeng at lovene er tilgjengelege for alle. I noreg kan alle finne gjeldande lov på lovdata.no, og lovene er korte og skrivne i eit så klart språk som mogleg.
Noreg har korte lover som er prega av vage og skjønsmessige ord og uttrykk. Desse krev mykje tolkingsarbeid, i tillegg til kunnskapar om juridisk metode.
Tolkinga av vage ord og uttrykk kan skje ovanfrå og ned (deduksjon) ved at du tek utgangspunkt i ordlyden i lova og resonnerer deg fram til presiseringar og avgrensingar av lovteksten. Minst like viktig er det å tolke nedanfrå og opp (induksjon) ved å trekkje slutningar frå einskildtilfelle som er behandla i domstolane eller forvaltninga. Kunnskapar om dette samspelet er grunnleggjande for å forstå korleis lovene i Noreg fungerer.
Moderne lover i Noreg er korte. Dei er skrivne i eit så klart språk som mogleg, sjølv om dei også har vage og skjønsmessige vendingar. Lovavdelinga i Justisdepartementet har gjeve ut ei rettleiing om lovskriving, som blant anna gjev retningslinjer for korleis lover blir konstruerte og utforma. Kunnskapar om dette er nyttig anten du skal skrive eller tolke ei lov.
Korleis skrive ei lov
Paragrafar
Innhaldet
Dersom lova skal ha føresegner om føremål, verkeområde og definisjonar, skal desse plasserast innleiingsvis i lova. Sjå til dømes likestillings- og diskrimineringslova kapittel 1 eller naturmangfaldlova §§ 1–3. Straffeføresegner og andre føresegner om konsekvensane av brot på lova skal stå i slutten av lova. Sjå til dømes vegtrafikklova kapittel V.
Lover av nokon storleik blir ofte delt inn i kapittel. Kvart kapittel har paragrafar, og desse blir nummererte fortløpande i heile lova. Store lover, til dømes straffelova, er også inndelt i delar.
Den einskilde paragrafen bør ha eit avgrensa tema. Han bør ikkje vere for lang. I moderne lover gjev ein kvar paragraf ei overskrift, og den skal setjast i kursiv. Overskrifta er ein del av lovteksten og kan brukast som argument i tolkinga.
Paragrafar blir delte inn i ledd. Nemninga «avsnitt» blir ikkje brukt. Kvart ledd blir delt inn i punktum, ikkje setning. Lovgjevaren legg vekt på at paragrafane skal vere korte og oversiktlege, utan for mange ledd og kvart ledd utan for mange punktum.
Innhaldet avheng av eigenarten til rettsområdet. Ein prøver å oppnå ei logisk oppbygning. Som døme kan du sjå nærare på forbrukarkjøpslova som følgjer gangen i kjøpet frå levering til forseinking, til mangelfull levering og vidare til fellesreglar for heving, omlevering og erstatning. Reglane skildrar rettane og pliktene partane har.
Lovskrivaren må ofte velje mellom å vere presis og vag. Ta likestillings- og diskrimineringslova § 17(3) som eit døme på ei vag og upresis føresegn. Hovudregelen (§ 17(1)) er at offentlege og private verksemder har plikt til universell utforming av dei alminnelege funksjonane i verksemda, til dømes heisar, inngang utan trapp, toalett for funksjonshemma, osv. Det følgjer likevel av § 17(3) at plikta ikkje gjeld dersom ho inneber ei «uforholdsmessig byrde» for verksemda. Det blir altså overlate til domstolane og forvaltninga å finne ut kva som kan vere ei uforholdsmessig byrde i det einskilde tilfellet. Rettspraksis og forvaltningspraksis vil etter som tida går, fylle det upresise uttrykket med innhald.
Språkbruken
I andre tilfelle er det behov for presis formulering, til dømes som i angrerettlova § 21(1) der det heiter at angrefristen går ut 14 dagar «fra den dag forbrukeren får varen i fysisk besittelse». Det er ofte viktig at reglar om fristar er nøyaktige.
Moderne lover skal ha eit klart språk som er forståeleg for folk flest. Setningane skal ikkje vere for lange, og ein bør unngå spesielle faguttrykk. Bruk norske ord som «mengde», ikkje «kvantum», «rette», ikkje «korrigere», «forskjell», ikkje «differanse, «aktløyse», ikkje «culpa».
Rettleiinga frå Justisdepartementet seier også at du skal unngå gammaldagse og høgtidelege ord og uttrykk. Til dømes kan «om», «likevel» og «også» med fordel nyttast i staden for gammaldagse ord som «hvorvidt», «dog» og «likeledes». Du bør unngå ord som «man» eller «ein».
Justisdepartementet er også oppteke av at lovene skal vere kjønnsnøytrale. I staden for ord som «tredjemann» bør du konsekvent bruke «tredjeperson» eller liknande. Ord som «formann» eller liknande bør erstattast med «leiar», «ordstyrar» eller andre kjønnsnøytrale nemningar. Ofte bruker vi vendinga «han eller ho» i staden for berre «han», men dette bør ikkje overdrivast.
TEST DEG SJØLV
1. Kvifor må lovtekstar tolkast? 2. Kva meiner vi med utvida tolking? 3. Kva meiner med innskrenka tolking? 4. Kva meiner vi med analogisk tolking? 5. Kva meiner vi med antitetisk tolking? 6. Kva for omsyn må takast med når det blir vurdert om eit tolkingsresultat skal avvike frå ordlyden? 7. Kva er ein rettskollisjon? 8. Korleis kan vi løyse ulike typar av rettskollisjonar?
ØVINGAR
2.1 Utdrag av friluftslova § 9 (Rasting og telting) lyder slik:
Telt må ikke settes opp så nær bebodd hus (hytte) at det forstyrrer beboernes fred og i hvert fall ikke nærmere enn 150 meter.
Telting eller annet opphold er ikke tillatt i mer enn 2 døgn om gangen uten eierens eller brukerens samtykke.
Tolk uklare ord og uttrykk i føresegna, og vurder om teltregelen bør kunne brukast analogisk for oppankring av fritidsbåt. 2.2 Ola sender eit nakenbilete av Kari til sine to kameratar, Jens og Jonas. Dette kan under visse føresetnader vere strafflagd.
• Bruk lovteksten i straffelova § 298 og avgjer om den gjev lovgrunnlag (heimel) for straff. Kva for sentrale ord må tolkast?
Straffelova § 298. Seksuelt krenkende atferd offentlig eller uten samtykke Med bot eller fengsel inntil 1 år straffes den som i ord eller handling utviser seksuelt krenkende eller annen uanstendig atferd […] b) i nærvær av eller overfor noen som ikke har samtykket i det.
2.3 Fleire studentar hadde fest i ei leilegheit. A (19 år) hadde drukke seks flasker øl og ei halv flaske brennevin då han la seg til å sove med den jamaldrande B på armen. B sovna. A stakk handa inn under shortsen til B, drog trusa hennar delvis ned og stakk ein finger inn i skjeden hennar. Fingeren vart stukken inn til andre fingerledd, men utan sirkulære eller rykkjande rørsler. B rykte til og vakna av fingringa. B melde forholdet til politiet. Drøft og avgjer om forholdet kan subsumerast under
a) Straffelova § 297 Seksuell handling uten samtykke b) Straffelova § 291 Voldtekt c) Straffelova § 292, jf. § 291 Voldtekt til samleie
Oppgåva byggjer på HR-2021-1600-U.
2.4 Olga døydde og etterlét seg mannen harald som einaste arving etter lova. ho etterlét seg også eit testament som bestemte at eksmannen hennar, Olav, skulle arve halvparten av formuen på kr 12 000 000. Olav eigde alle aksjane i sagbruket Trelast AS, der han også var styreleiar og dagleg leiar. Reidun var tilsett som sekretær i aksjeselskapet då ho signerte som vitne på Olga sitt testament.
harald meinte at han hadde rett til heile arven fordi testamentet måtte vere ugyldig. han viste til arvelova § 44 som i andre ledd første punktum lyder slik:
En disposisjon i testamentet til fordel for noen som vitnet er ansatt hos på testasjonstiden, er ugyldig.
• Kva for ord og uttrykk krev tolking for å kunne avgjere spørsmålet?
Oppgåva byggjer på RT-2003-198.
Djupdykk
Dykk 1
Drøft og vurder i kva grad utvida tolking av straff eføresegner kan truge rettstryggleiken. Gje døme.
Dykk 2
Forklar korleis Høgsterett skaper ny rett. Gje døme.
Dykk 3
Ein gardbrukar vart dømt i lagmannsretten, men frikjend i Høgsterett, for ulovleg å ha skote ein freda hønsehauk som hadde angripe hønene hans.
Gjer greie for Høgsterett sin bruk av rettskjelder i RT-1997-1341 Hønsehaukdommen.
Vis korleis dommen fekk betydning for naturmangfaldlova av 2009.
Rettslære 2
Rettslære 2 er skriven for læreplanen i programfaget rettslære 2 i vidaregåande skule, som gjeld frå 1. august 2022.
På grunn av endringane i læreplanen er denne 5. utgåva av Rettslære 2 ein gjennomgripande revisjon av tidlegare utgåver – både pedagogisk og juridisk.
Ei av dei sentrale endringane er at strafferetten er flytta frå rettslære 1 til rettslære 2 og utvida med seksuallovbrot. Reglane om seksuallovbrota er grundig forklarte og illustrerte med rettspraksis. Vidare er det eit nytt kapittel om personvern, som tek føre seg personvernlovgjevinga og «juridiske problemstillingar som oppstår i samband med bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi».
Omfanget og djupna i stoffet er også påverka av nyare eksamensoppgåvepraksis. Det er lagt vekt på grundige forklaringar av hovudreglar innanfor strafferett, erstatningsrett og forvaltningsrett, som tradisjonelt har vore kjernetema for eksamensoppgåver.
Dei fleste kapitla blir avslutta med djupdykkoppgåver. Desse er meinte som grunnlag for djupneundersøkingar og utforsking.
Læreverket omfattar • Lærebok • Lovsamling som blir oppdatert kvart år • Nettressursar for elev og lærar • SVAR – Slik løyser du oppgåver i rettslære, lære- og oppslagsbok
Forfattar Hasse Bergstrøm er cand.jur. og cand.oecon. frå Universitetet i Oslo. Han har meir enn 40 års erfaring frå undervisning i vidaregåande skule, medrekna fleire år ved lærarutdanninga (ILS) ved UiO. Han har lang erfaring som lærebokforfattar.
ISBN 978-82-11-04287-3