

somSysterspelOmspeletvar,ogspeletsomvartborte
Her fortelst det at medan karane dreiv og spela, gjekk gjenta ikring og lydde på, og det vart ho som vart den verkelege felespelaren.1
31
Kva var det som skjedde? Kvifor forsvann dei kvinnelege felespelarane?
Fridom i form av setlar?
105
79
35
47
og Margrete Eriksdotter Otterdal (1791–1866)
25
Del 1
Bondekvinna og spelekvinna Samuline Seljeset (1804–72)
61
Kvinner som læremeistrar «Kvakksalvar-Guri»
Spelet som redning «Blinde-Sigrid» (1814–92)
91
100
Mari Levorsdotter Lå «Mari Lå» (1728–1803)
Den ugifte spelekvinna
45
Annbjørg Lien (f. 1971)
33 Lise Rasmusdotter Jyvall (1791–1873)
70
Del 3
89
81
Spelekvinna som slåttediktar og læremeister Marte Olsdotter Støverstein «Bø-Mari» (1797–1885), Margrete Andersdotter Maurset (1790–1888) og Lise Jyvall (1791–1873)
Spelekvinner som kjelder og slåttediktarar 98 Margrete (1790–1888) og Magne Maurset (1824–1916)
Systerspel
Ho fór omkring i bygdene 86 Eli Andersdotter Midtaune (1832–51)
66
Den uføre spelekvinna «Spelar-Berthe» (1801–55)
27
Del 2
Innhald(1774–1860)
39
63
Spelekvinner og stadsmusikantar 54 Lise Jyvall (1791–1873)
57
41
Anne Knutsdotter Frisvold «Romsa» (1819–87)
87
73
Spelekvinna i bondesamfunnet
157
114
Om å gjera seg til, og spela som ein kar 216 #metoo – Benedicte Maurseth (f. 1983)
299
191
Ingebjørg Åkre Rysstad (1919–98)
107
123
Hamskifte i liv og spel Laura Reigstad (1890–1978)
131
151
153
Torbjørg Aas Gravalid (1916–2008)
142
167
179
Den nye tida 181 Anne Hytta (f. 1974) 183
Ingeleiv Kjerland Kvammen (f. 1932)
206
224
134
Spelekvinna i konserttida 1900 til 1930-åra Tone Li Mo (1903–81)
Kvinnene som spela 268 Sluttnotar Kjelder
Sitt eige spel 222 Eit siste strøk – Kristiane Lund (1889–1976)
Fagleg respekt som spelekvinne 194 Honndalstausene
Det fall so for meg
Felefaget gjennom far, bror og ektemann 165
298
Munnlege kjelder Arkiv og nettstader Namneregister
300

160
Del 4
116
Soli Deo Gloria
124
227
Frå bryllaupsspel til framsyningskunst Rjukan hotell 15. oktober 1928
140
Del 6
Del 5
Du er for liten og søt til å spela så kraftig 203 Benedicte Maurseth (f. 1983)
220
Vekking og fråfall
109
129
Etterspel 226
Takk
Lisbeth Andersdotter (1783–1852)
Spelekvinner og kappleik 177 Kristiane Lund (1889–1976)
197
110
Skal jentene overta fullstendig? 188 Susanne Lundeng (f. 1969)
Spel og vekking Signe Flatin Neset (1912–75) Spelekvinna og haugfolket
290
I det gamle bondesamfunnet tente spelekvinner som ulike seremoni- og dansespelarar til liks med menn mange stader i Noreg. Ei av desse var Lise Rasmusdotter Jyvall (1791–1873), som budde på garden Djupvoll i Mar kane, på grensa mellom Stryn vog Hornindal. Ho rei av garde med fela si, og «gjorde full jobb som spelemann» i bryllaup, står det. Ho tok gjerne med barn på spelferd også, om det måtte til, og var rekna som ein av dei fremste felespelarar i sin generasjon. Foto: Benedicte Maurseth

Mange spelekvinner har vore gåverike i felekunsten. Spora etter desse er i stor grad forsvunne ut or den munnlege og skriftlege folkemusikkhistoria vår. Kari Olsdotter Syndrol (1848–1918), bak til venstre saman med familien sin, kanskje det eldste fotoet av ei spelekvinne, finst det berre nokre fragment etter, men som seier likevel ein heil del: «I felespel var ho mest like god som faren.» Far hennar, Ola Strand, er rekna blant dei fremste spelemenn i Vang på 1800-talet. Foto: Arne Bjørndals samling / Billed samlingen, Universitetet i Bergen


Bryllaupa gav gode og viktige inntekter for mange spela rar på 1700- og 1800-talet, og å vera bryllaupsspelar hadde stor status der spel var akta. I overgangen til 1900-talet endra bryllaups- og samværsskikkane våre seg. Såleis forsvann også ei viktig inntekt for mange felespelarar. Somme stader, som i Hardanger, heldt skikken likevel lenge fram, som her frå Skare i Hardanger, i andre halvdel av 1950-åra. Til høgre står spelekvinna Ingeleiv Kjerland Kvammen (f. 1932) frå Granvin, saman med mannen sin Olav Kvammen (1930–2008). Foto: Nils Løyning / Kraftmuseet


Nye religiøse overtydingar, særleg i andre halvdel av 1800-talet, gav mange felespelarar mykje motstand, og førte til at både menn og kvinner gav seg med å spela, eller dulde det. Felene deira vart ofte selde, gjevne bort, og stundom også øydelagde. Fleire tomme felehus står dimed att. I felehuset til Lise Rasmusdotter Jyvall fanst det berre ei einsleg utriven bokside, med orda «SOLI DEO GLORIA» prenta på. Kvar fela hennar vart av, veit ingen sikkert. Foto: Benedicte Maurseth


Om ein levde utan forsørgjar som kvinne, kunne felespelet for somme av dei vera ei viktig inntekt, som oftast attåt anna arbeid. Elen Feragen (1901–90), også kalla «BakkaElen», frå Feragen i Røros, vart aldri gift. Ho arbeidde som tenestejente, og bruka mellom anna å spela for reisande som kom med toget til Røros. Foto: Folkemusikkarkivet i Rørosdistriktet


Foto: ukjent

På byrjinga av 1900-talet vart slåttemusikken i stor grad omgjord til framsyningskunst, der konsertscena vart ein viktig arena. Ho vart i hovudsak dominert av menn fram til 1970- og 80-åra. Spelekvinna Kristiane Augusta Godt fredsdotter Lund (1889–1976) frå Bø, her avbilda i 1965, var ei av få unntak som var utøvande felespelar og folkedansar heile livet, frå tideleg på 1900-talet og fram til ho døydde. Ho var ei føregangskvinne også med grammofoninnspe lingar alt i 1919, og med sine mange sigrar på kappleikar.

Frå tidleg på 1900-talet og fram til ca. 1950-åra ser ein ein tendens til at mange kvinner spelar når dei er unge, og fram til dei blir gifte, men i liten eller ingen grad etter det. Årsaka er sannsynlegvis at det vart meir vanskeleg å livnæra seg av speling då bondebryllaupa endra form og dansespelet vart erstatta av nye dansar og instrument. Men også fordi nye sosiale normer for kvinna, særleg i føre- og etterkrigsåra, påverka kva som vart rekna som «sømmeleg». Felespel var ikkje det, meinte mange. Berg liot Wahlgren Tyvold (1901–91) frå Røros var ei av mange som spela mykje i ungdomen, men ikkje seinare i livet. Foto: Fjell-Ljom


Jenny Grønli Farestveit (1910–78), felespelar frå Ålen. Til liks med Kristiane Lund var ho også utøvande musikar. Ho busette seg mellom anna i Oslo, kor ho starta sin eigen trio, Jennys trio, som var eit sjeldsyn også i hovudstaden i slutten av 1930-åra. Ho var aktiv som spelar heile livet. Foto: ukjent / privat eige ved Åse Farestveit


Signe Flatin Neset (1912–75) frå Ramberg i Seljord, debu terte alt fjorten år gamal på turné med far sin, Kjetil Flatin. Ho var også musikar heile livet. Foto: ukjent / privat eige ved Knut Flatin og Anne Brit Flatin Borgen


Signe Flatin Neset reiste mellom anna på turné saman med hardingfelespelar Torbjørg Aas Gravalid (1916–2008) frå Kviteseid i 1930- og 40-åra. Det vekte åtgaum – aldri før hadde folk sett to kvinner som spela hardingfele halda konsertar saman. Foto: ukjent / privat eige ved Knut Fla tin og Anne Brit Flatin Borgen


Kappleikane var også ein ny og viktig offentleg arena for felespelarar i fyrste del av 1900-talet, til liks med kon sertscena. Menn dominerte også her fram til 1970- og 80-åra. På fotoet spelar Ingebjørg Åkre Rysstad (1919–98) på kappleik i 1949 på Rysstadmo i Setesdal. Mennene som sit i dress til høgre ved bordet, er truleg dommarane. Foto: Agder folkemusikkarkiv / privat eige ved Birgit Haugå Nordibø


Då fela lenge vart sett på som eit mannsinstrument, vart mange kvinnelege talent oversette, og far, bror, onkel eller ektemannen har for mange spelekvinner såleis vore avgjerande for å få tilgang til felekunsten. Ingeleiv Kjerland Kvammen var ei av desse, der far hennar vart merksam på interessa og gåvene hennar fyrst då ho var seint i tenåra, men ho byrja alt som barn å spela på eiga hand. Her lyder og lærer ho av far sin, Anders Kjerland (1900–89), som vaksen kvinne. Foto: ukjent / privat eige ved Ingeleiv Kjerland Kvammen


Utetter i 1970-åra skjer det ei endring i folkemusikktradisjonen vår. Kvinnene byrjar å spela fele att like sjølvsagt som menn. Susanne Lundeng (f. 1969) frå Bodø, her avbilda på Kjønnøya ca. 1985, er ein av pionerane som bana veg for ein ny generasjon også kvinnelege utøvarar. Foto: Harald Mikalsen

Gjennom oppretting av offentlege institusjonar som kul turskular frå 1970-åra vart felefaget gjort tilgjengeleg på ein heilt ny måte både for jenter og gutar. Dette tilbodet gjorde ein også mindre avhengig av å koma frå ei folke musikalsk ætt for å kunna læra å spela. I kulturskulen i Eidfjord, her frå 1995, gjekk Benedicte Maurseth i lære hjå Knut Hamre i mange år. Foto: Jan M. Lillebø / Bergens Tidende


Honndalstausene var ein avgjerande del av «jentebølgja» utetter 1980-åra, og vekte åtgaum kring Noreg. Enkelte vart urolege for at kvinnene skulle overta rolla som spelar i for stor grad, og somme hevda også at dei skodde seg på «skjørtetillegg». Dei aller fleste applauderte denne nye tida, der både menn og kvinner igjen spela fele jambyrdig. Foto: Lars E. Sørli

«Myllarjenta», Annbjørg Lien (f. 1971) frå Mauseidvåg på Sula, får autografen av Sigbjørn Bernhoft Osa (1910–90). Annbjørg Lien, til liks med Susanne Lundeng, var blant dei mest profilerte folkemusikarane i Noreg i 1980- og 90-åra og tidleg på 2000-talet. Dei vart både heidra og mykje omdiskuterte, særleg for utforskinga deira av folkemusikk saman med andre sjangrar. Fyrst og fremst synte dei ein komande generasjon felespelarar at både kvinner og menn kunne spela fele, og at å livnæra seg av folkemusikk igjen var mogeleg i større grad enn på lenge.
Foto: Jan Lien

Annbjørg24/25
Mora turkar den fuktige panna hennar med ein liten
I dag er det mor og dotter som har reist heile den lange vegen med fly frå Ålesund til Oslo, og vakna føre alle andre vakna der heime på øya Sula, i heimbygda Mauseidvåg, vest mot havet. Annbjørg kjenner seg ikkje heilt vel. Ho er øren, og den raude og kvite Fana-ullgenseren og leggvarmarane som ho har på seg, strikka heilt på eigen hand for denne heilt spesielle anledninga, hjelper ikkje på der ho no står og er varm frå før. Men dei kunne ikkje avlysa sjølv om ho kjende seg varm. Ho skal jo spela på TV. Kapellmeister Willy Andresen i Erik Byes frukost-TV-program har invitert ho. Annbjørg, som nyss er blitt fylkesmeister på kappleik i Møre og Roms dal. «Myllarjenta.» Som spelar slik som ikkje noko barn plar kunna spela. Spelar folk stumme av ovundring.
(f. 1971)Lien
Annbjørg står med felekassen i eine handa og ventar i NRKstudioet. Det er tidleg på morgonen. Ho seier ikkje noko. Held berre i den vesle felekassen sin. Mamma Sigrid står tolsam der ved sida hennar og ventar. Ja, alltid står ho der. Mamma Sigrid eller pappa Jan. Pappa Jan, som òg har lært henne å spela. Som jamleg sit og høyrer på ho når ho øver heime. Ja, mest kvar einaste dag heile året sit han der og høyrer på at Annbjørg veks i spelet. Veks inn i spelet. Er spelet.

Og medan mor Sigrid held den vesle felekassen, sit no Annbjørg der på ein stol midt på golvet, og med alle i orkes teret like bak seg. Det unge andletet, framleis varm i panna, med raude og kvite leggvarmarar og strikkegenser på, og det ljosebrune håret festa med to klemmer, på kvar side av hovu det hennar.Annbjørg løftar roleg hardingfela mot halsen og gjer bogen klar. Og medan alle andre står stille kring ho og stirer, ser ho at kameraljoset skiftar farge til raudt.2
klut medan produsentar, ljosteknikarar, kamerafolk og smin kørar går snøgt kring dei der i studio att og fram med hurtige steg og ser jamleg på klokkene sine. Det nærmar seg no. Ann bjørg har førebudd seg godt på springaren Tukthusen og ein galopp som ho har lært av ein av dei mange læremeistrane sine frå ulike delar av landet, og ho gler seg.
Og mot henne kjem det ein svær og høg mann, og han tek raust imot ho, slik han alltid ville koma til å gjera seinare i livet hennar også, Erik Bye. Han seier han har høyrt så godt om henne, om spelet hennar, og gratulerer ho no også som fylkesmeister og takkar for at ho kunne koma heile den lange vegen frå Vestlandet for å spela for han og alle andre i Noregs land på frukost-TV. Annbjørg veit ikkje heilt kven denne store mannen er, men han kjennest trygg, det merkar ho. Mest som ein stor bamse. Så høyrer ho ei røyst seia: «Nå må felespilleren gjøre seg klar!»


ISBN 978-82-450-3886-6

Systerspel er ei bok om spelekvinner, om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Benedicte Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og meddikting. Dei er fleire enn du trudde.
Kvifor vart dei borte frå kvardag og
høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte?

Benedicte Maurseth er hardingfelespelar, komponist og forfattar. Ho har turnert som solist både i Noreg og i utlandet, har fleire tingingsverk bak seg, og har skrive musikk for teater og film. Ho har gjeve ut fleire musikkalbum og skrive bøker, artiklar og essay.
