Volum 1B Leksebok NYN (9788211039774)

Page 1

Nynorsk

– eit nytt læreverk i matematikk for barneskulen etter fagfornyinga 2020.

Leksebok 1B

Velkomen til Volum Leksebok 1B – og ei reise med mange nye oppdagingar for dykk som foreldre og ikkje minst ungane. Lekseboka er laga for at barnet dykkar skal få repetere og øve. I matematikk er målet at leksene ikkje inneheld nytt stoff, men er repetisjon og vedlikehald av det ungane har arbeidd med på skulen den siste veka. Eitt oppslag i boka svarar til ei veke med lekser. Les meir om verket på www.fagbokforlaget.no

Denne lekseboka høyrer til:

ISBN 978-82-11-03977-4



1B LEKSEBOK NN

Audun Rojahn Olafsen Helene E. Taasaasen Korsvold


Tips til hjelp med lekser Velkomen til skulestart – og ei lang reise med mange nye oppdagingar for dykk som foreldre og ikkje minst ungane.

Her er nokre velmeinte råd:

Lekseboka er laga slik at barnet dykkar skal få repetere og øve på emne og oppgåver som de har arbeidd med på skulen. Erfaringa vår er at leksesituasjonen blir hyggjelegare dersom barnet kjenner att oppgåvetypane frå skulekvardagen, og dermed ikkje treng for mykje støtte til å gjennomføre leksene. I matematikk er målet at leksene ikkje er nytt stoff, men ein repetisjon.

– Gi barnet ditt tid til å tenkje – ikkje løys oppgåvene for barnet.

De som foreldre kan bidra konstruktivt på fleire område i leksesituasjonen, ikkje minst med tanke på kva haldningar og tankar barnet har om skulen.

– La det vere ro rundt leksesituasjonen.

– Det er helt greitt at barnet gjer feil i leksene. Då kan læraren oppdage og leggje til rette undervisninga for å unngå vidare misoppfatningar hos barnet. – Snakk positivt om skulen og verdien av å lære. Dette er lange prosessar, så ver tolmodig. – Ta opp faglege og sosiale utfordringar direkte med læraren.


God start! Namnet ditt

Datoen i dag

Ă…rstal

Høgd

Interesser


Om klassen Talet på elevar på trinnet Talet på jenter på trinnet Talet på gutar på trinnet Talet på vaksne på trinnet

Om klasserommet Kva heiter klasserommet? Kor mange hjørne har klasserommet? Kva form har klasserommet? Kor breitt er rommet? Kor mange kantar har vindauga til saman? Kva form har pulten din?


Om skulen Kor mange ytterdører er det på skulen? Kor mange elevar går på 1. trinn? Kor mange elevar går på skulen?

Skuleutstyret ditt Kor mykje veg sekken? Kor mange kantar har matboksen din? Kor mange fargeblyantar har du i pennalet?

Om skulegarden Kor mange hjørne har skulegarden? Kor mange leikeapparat er det?

Om deg som matematikar Kor langt kan du telje?

Dette kan du gjere når du har gått på skulen ei stund!


VEKE 1

1

LENGST, KORTAST OG LIKE LANG

Skriv rett bokstav i sirkelen til kvar grein.

A – kortast B – lengst C og D – like lange

2

Set ring rundt linjalane som er like lange som denne

Kva jobbar vi med på skulen? Kva:

Vi arbeider med omgrepa kortast, lengst, nest kortast, nest lengst og like lang.

Lure grep: Linjalen er delt inn i intervall, og i 1. klasse konsentrerer vi oss om heile tal. Kvifor:

6

Barnet skal trene på å måle og samanlikne lengder. Vi eksperimenterer med teljing og utforskar ulike startpunkt på tallinja.


LENGST, KORTAST OG LIKE LANG

3

Sorter etter storleik frå kortast til lengst. Bruk bokstavane.

Kortast

4

VEKE 1

Lengst

Kva for nokre av vegane er a)

lengst? kortast?

b)

lengst? kortast?

Korleis gjekk leksene? Kommentar frå heimen:

Kommentar frå læraren:

7


VEKE 2

1

MÅLE OG SAMANLIKNE LENGDER

Teikn ein strek som er omtrent:

1 fingerbreidd

3 fingerspenn 1 fingerbreidd 10 fingerbreidder

1 fingerspenn

2

Gjett lengda på blyantane. Mål deretter med fingerbreidd og med linjal.

Gjettar

cm. Måler

fingerbreidder

cm.

Gjettar

cm. Måler

fingerbreidder

cm.

Gjettar

cm. Måler

fingerbreidder

cm.

Kva jobbar vi med på skulen? Kva:

Vi måler og samanliknar lengder. Vi bruker både ikkje-standardiserte måleiningar som fot, fingerspenn, skritt og fingerbreidd, og vi måler i centimeter (cm), som er ei standardisert måleining.

Lure grep: Når vi skal samanlikne lengder, er kroppsmål nyttige. Snakk saman heime om korleis vi bruker kroppsmål til måling. Kvifor:

8

Barnet skal samanlikne lengder ved hjelp av ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar.


MÅLE OG SAMANLIKNE LENGDER

3

VEKE 2

Kva linjestykke? Skriv bokstav.

A

D

B

E F C

4 cm lang:

og

Like lang som D:

Lengre enn 5 cm:

og

2 cm lengre enn A:

Korleis gjekk leksene? Kommentar frå heimen:

Kommentar frå læraren:

9


VEKE 3

1

VASSRETT, LODDRETT OG SKRÅ

Teikn eit hus med skrått tak, skorstein, 2 vindauge og 1 dør. Tel alle strekar, og skriv kor mange det er: Skrå

Vassrett

Loddrett

2

Set strek til rett ord. Vassrett linje

A

B

Loddrett linje

C

Vassrett linjestykke Punkt K

K

Skrått linjestykke

D

Loddrett linjestykke

Kva jobbar vi med på skulen? Kva:

Vi øver på omgrepa vassrett, loddrett, skrå, linje, linjestykke og punkt. Eit linjestykke er kortaste avstand mellom to punkt. Ei rett linje er uendeleg lang og kan teiknast gjennom to punkt slik som vist her.

Lure grep: Fyll eit glas halvfullt med vatn. Gå bort til ei hylle og sjekk om hylla og vassoverflata i glaset har lik helling. Kva om du held glaset litt skeivt? Er hylla vassrett? Hell vatnet sakte ut i vasken. Dropane fell loddrett! Kvifor:

10

Barnet skal etter kvart kunne skildre, kjenne att og teikne geometriske figurar og finne måtar å sortere dei på. Omgrepa vassrett, loddrett og skrå dannar grunnlaget for desse ferdigheitene.


LINJE, LINJESTYKKE OG PUNKT

3

4

VEKE 3

Kor mange punkt og linjestykke er det i kvar figur?

punkt

punkt

punkt

linjestykke

linjestykke

linjestykke

Kor mange linjestykke er det mogleg å teikne mellom desse punkta? Teikn dei.

Eit linjestykke er ei rett linje mellom to punkt.

linjestykke

Korleis gjekk leksene? Kommentar frå heimen:

Kommentar frå læraren:

11


VEKE 4

1

HJØRNE OG KANTAR

Teikn linjer frå orda til rett stad på figurane. Kant

A B

Hjørne Hjørne C Kant AC

C

Linjestykke CD

2

D

Kor mange hjørne og kantar er det?

Talet på hjørne

Talet på hjørne

Talet på hjørne

Talet på kantar

Talet på kantar

Talet på kantar

Kva jobbar vi med på skulen? Kva:

Vi utforskar omgrepa kant og hjørne i geometriske figurar. Mangekantar får namn etter talet på rette kantar i figuren. To linjestykke møtest i eitt punkt som vi kallar hjørne. Både linjestykke, side og kant er omgrep som blir brukte i geometri.

Lure grep: Sjå på ulike gjenstandar i heimen og snakk med barnet om kva som er kant, og kva som er hjørne. Er det nokon gjenstandar som ikkje har kant eller hjørne? Kvifor:

12

Elevane skal teikne, skildre og sortere geometriske figurar etter eigenskapar.


MANGEKANTAR

VEKE 4

3

Trekant, firkant, femkant eller sekskant? Skriv rett namn under kvar figur.

4

Teikn 2 ulike trekantar og 3 ulike firkantar.

Korleis gjekk leksene? Kommentar frå heimen:

Kommentar frå læraren:

13


Nynorsk

– eit nytt læreverk i matematikk for barneskulen etter fagfornyinga 2020.

Leksebok 1B

Velkomen til Volum Leksebok 1B – og ei reise med mange nye oppdagingar for dykk som foreldre og ikkje minst ungane. Lekseboka er laga for at barnet dykkar skal få repetere og øve. I matematikk er målet at leksene ikkje inneheld nytt stoff, men er repetisjon og vedlikehald av det ungane har arbeidd med på skulen den siste veka. Eitt oppslag i boka svarar til ei veke med lekser. Les meir om verket på www.fagbokforlaget.no

Denne lekseboka høyrer til:

ISBN 978-82-11-03977-4


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.