Olje&energi Firdaposten
tema
Fredag 6. desember 2019
19
Tips oss!
tema 57 75 73 28
Miljøvennlege ferjer på løpande band TEMA: Ved årskiftet no er halve ferjeflåten til Fjord1 elektrifisert. 19 elektriske ferjer er sett i drift og i 2020 ventar det 13 nye ferjedåpar.. Arve Olav Solbakken
arve.solbakken@firdaposten.no
- Det er eit vanvittig arbeidstempo i Fjord1 for tida. Om ein månad startar vi opp ni nye samband i Hordaland. Dette hadde ikkje gått forutan dei fantastiske medarbeidarne som dreg selskapet som eit lokomotiv i riktig retning, utbasuenerer administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1. Ved utgangen av 2019 har Fjord1 19 elektriske ferjer i drift, og innan andre halvår 2020 vert ytterlegare 13 nybygg sett i drift.. Og i tillegg til dette kjem dei store prosjekta knytt til ombyggingar av eksisterande ferjer, og utbygging av rundt 40 nye ladestasjonar.
Kompetansearbeidsplassar -Vi er definitivt størst i Norge innan miljøvennleg drift av ferjer. Det er vi stolte av, men vi gir oss ikkje her, for vi skal bygge enda meir! Med ein visjon om å vere best på miljøvennleg og pålitetleg transport, treng vi og nye medarbeidarar. I dag har vi 2000 anløp kvar dag, og vi fraktar årleg 21 millionar menneske. Dette vil auke, og vi må til ei kvar tid følgje med på utviklinga for å vere best, seier Neteland. Bærekraftig, grønt og miljøvennleg er nøkkelord som går att i stillingsutlysningane frå selskapet. I Florø er Fjord1 ei av dei bedriftene med flest kompetansearbeidsplassar, og i dag tel administrasjonen om lag 120 personar, og i reiarlagsflåten elles arbeider det om lag 1100 tilsette. I administrasjonen er det tilsett 20 nye medarbeidarar i 2019. Behovet for ny kompetanse er stort, og dei nye kon-
Døyper: Administrerande direktør, Dagfinn Neteland i Fjord1, døyper nye elektriske ferjer på løpande band i Fjord1.
traktene krev ny teknologi og innovasjon.
Investerer fem mrd. Med eit samla investeringsprogram på over fem milliardar
FOTO: Arve Olav F. Solbakken
kroner gir dette store ringverknadar for andre bedrifter i Florø. -Vi tek samfunnsansvar, og vi er stolte av å kunne marknadsføre oss innan det grøne skiftet.
Våre store investeringar gir positive ringverknadar for samfunnet generelt, og Florø spesielt, understrekar Neteland. Han nemner viktige samarbeidsverksemder i regionen som Ivest Consult, Westcon og Multi Maritime. Fjord1 har til ei kvar tid fleire stillingar utlyst, og per i dag ligg det om lag 15 utlyste stillingar for selskapet totalt. Selskapet arbeider i dag med fleire spennande rekrutteringsprosessar i administrasjonen som ein håpar å lande innan jul. Innan kort tid vil det bli utlyst fleire ingeniørstillingar innan teknologi og innovasjon.
Omstilling
FJORD1: Nye tilsette; bemanningskoordinator Lisbeth Nordal, innkjøpsrådgjevar Steffen Refsnes, garantiansvarleg nybygg Leiv Magne Berge, teknisk sjef Henning Sætre, operativ leiar Simen Reksten Solheim, inspektør byggjetilsyn (elektro) Ole Jacob Endestad og rekneskapsleiar Håvard Ryland Grotle. Fremst: prosjektingeniør Foto: Fjord1 (elektro) Martin Book.
-Vi er i ein omstillingsprosess, kor vi har hatt mange spennande stillingar utlyst. Vi leitar stadig etter dei som tør og evnar å utfordre tankesettet. Folk som ser nye ting som vi ikkje har kunnskap om, og som har eit engasjementet og giv. Vi oppmodar generelt folk til å ta kon-
takt med oss om dei er interesserte i jobb og meiner dei har noko å tilføre Fjord1, opplyser HR-rådgjevar Heidi Felle. Miljøfotavtrykket er blitt mindre, og om kort tid vil Fjord1 kunne spare inn 50.000 tonn CO2, noko som tilsvarer omlag 32.000 bilar. Dagfinn Neteland viser til konkrete eksempel på miljøvinstar: - På sambandet Lote-Anda, har vi ein reduksjon på 1.500.000 liter med diesel samanlikna med dagens produksjon med miljøvennlege ferjer. Vi sparar over 4000 tonn CO2 berre på dette sambandet, seier han. I eit selskap som er kjent for ferjer og sveler, er tidene gode. I november hadde selskapet selt meir enn 650 000 sveler, og viser til eit sterkt økonomisk tredje kvartalsresultat. -Vi er ein attraktiv arbeidsplass, og vi håpar fleire vi følgje oss på den grøne reisa vår, avsluttar Neteland.
20
tema
Firdaposten
Fredag 6. desember 2019
HYDROGENSJEF: Kristin Svardal (39) er prosjektleiar for Hyway Ocean Cluster.
FOTO: David E. Antonsen
Kristin (39) slåst for det grøne skiftet
TEMA: Kristin Svardal er ny prosjektleiar for hydrogensatsinga Ocean Hyway Cluster. David E. Antonsen
david.antonsen@firdaposten.no
Etter å ha jobba som seniorkonsulent logistikk i det som no er Equinor, gjekk Kristin Svardal i desember 2017 over i jobb som forretningsutviklar i Hub for Ocean. No, to år seinare, har ho blitt prosjektleiar for Hub for Ocean sitt hydrogenprosjekt Ocean Hyway Cluster. Klynga skal vere den viktigaste katalysatoren for utvikling og bruk av hydrogen i maritim sektor i Norge. For tobarnsmammaen som er fødd, oppvaksen og busett i Florø er livet blitt eit hakk meir hektisk etter at ho vart prosjektleiar. Då er det viktig å prioritere rett. – Eg liker å ha det travelt, og eg ser at ein i denne jobben fort kan ende opp med å jobbe døgnet rundt. Men eg blei enke for nokre år sidan, og har åleineansvaret for to jenter; Lisa på 8 år og Maja på 10. Så sjølv om jobben krev mykje tid og merksemd av meg, har eg alltid vore tydeleg på at eg prioriterer tid
med jentene mine høgare enn jobben, seier Kristin og strekar under at familie som stillar opp, i kombinasjon med eit godt team, gjer at ho kan ta denne jobben og samstundes kunne ha tid til å følge opp døtrene sine på ein god måte. – Eg er heldigvis ikkje åleine. Eg har mange gode kollegaer rundt meg som bidrar mykje i ein travel kvardag: I Ocean Hyway Cluster har eg Trond Strømgren, Mark Purkis, Maria Brandsøy og Stein Kvalsund med meg, og i tillegg kjem dei fine kollegaene eg har i Hub for Ocean. Vi er eit godt team som komplementerer kvarandre både i kunnskap og kompetanse, legg Kristin til.
I front for grønt skifte Svardal legg til at det å vere prosjektleiar i Ocean Hyway Cluster er ein heilt annan målestokk å jobbe etter, enn då ho jobba som forretningsutviklar i Hub for Ocean. – Som næringsutviklar jobba eg tett mot næringslivet. Det gjer eg no også, i Ocean Hyway Cluster, men meir på eit nasjonalt nivå enn eg gjorde då, seier Kristin. I tillegg ber hydrogenfeltet preg av høg grad av innovasjon: Hydrogen har vore produsert i
Team Ocean Hyway cluster: Stein Kvalsund, Trond Strømgren, Mark Purkis, Kristin Svardal og Maria Brandsøy. Norge i vel hundre år, men å nytte hydrogen som drivstoff i maritim sektor er relativt nytt. Næringa er klare til å bygge sjølve fartøya som skal gå på hydrogen. – Det vi må fokusere på no er den maritime tilpassinga, blant anna etablering av ein marknad for hydrogen, i tillegg må vi få på plass støtteordningar. Men eg ser mange moglegheiter framover, og meiner hydrogen vil spille ei viktig rolle framover for å redusere klimagassutslippene i maritim sektor, seier Svardal og legg til at det er spesielt ein ting som motiverer: – Mange snakkar om det
«grøne skiftet». Arbeidet vi gjer i lag med medlemsbedriftene er konkrete tiltak som vil ha god effekt. Satsinga på hydrogen blir ei viktig brikke for å nå nullutsleppsmåla, seier ho.
– Vi er klare Sidan Ocean Hyway Cluster blei etablert i januar, har hydrogenklynga vakse jamt og trutt. Om ein ser Ocean Hyway Cluster og Hub for Ocean under eitt, er det no 100 tilknytte selskap og forskingsinstitusjonar som er med i nettverket. Mellom anna leier Institutt for energiteknikk (IFE) ei arbeidsgruppe som ser på hydrogenbasert in-
frastruktur. Målet er å teikne eit vegkart for hydrogen-verdikjeda i maritim sektor framover. Der ser ein også på alt frå forsking, teknologi, innovasjon, utdanning, finans og politikk som må til. – I denne arbeidsgruppa blir det i dag arbeidd med viktige barrierar som må overkommast og viktige spørsmål som må svarast på. Og så håper vi det endar ut i nye prosjekt som jobbar fram konkrete løysingar, seier Svardal. I tillegg fatta Vestland fylkesutval vedtak om miljøvennlege hurtigbåtar denne veka. – Vedtaket fylkesutvalet no har gjort er eineståande i verda og bidreg til at norsk næringsliv kan styrke sin leiande maritime posisjon. Den vidare satsinga på nullutsleppsløysingar der hydrogen er eit av svara, kan gje store utviklingsmoglegheiter framover. Toget går no, næringa er klare til å levere løysingane, og då er den offentlege innkjøpsmakta ein viktig utløysande faktor. No er det viktig at styresmaktene følgjer opp med midlar som kompenserer for dei ekstrakostnadane Vestland fylkeskommune får ved innføring av nullutsleppsteknologi, og dette vil OHC følgje opp, avsluttar Svardal.
Firdaposten
tema
Fredag 6. desember 2019
Foto: Photoevent | Harald M. Valderhaug
HVA ER NYTT PÅ FJORD BASE? En av elleve florøværinger går på jobb på Fjord Base hver dag. Den 20. desember kommer magasinet INC Nytt ut, og der kan du lese om hva vi arbeider med på Norges største forsyningsbase. Ta gjerne kontakt med oss her telefon: 5775 1800 | e-post: kontakt@incgruppen.no hjemmeside: www.incgruppen.no
Morselskap INC Invest Olje og gass Saga Fjordbase Eiendom Fjord Base Tekniske tjenester Norsk Contracting Partner West Industri Service WIS Møre NBN Elektro WIS VVS Akvakultur Havlandet Forskningslaboratorium Havlandet Marin Yngel Havlandet RAS Pilot
21
22
tema
Fredag 6. desember 2019
Firdaposten
På jakt etter nye oljefelt utanfor kysten vår:
Wintershall Dea slår seg ikkje
TEMA: – Dette er kjerneområdet vårt, slår Kjetil Hjertvik i Wintershall DEA fast. David E. Antonsen
david.antonsen@firdaposten.no
Kommunikasjonssjefen besøkte torsdag Vekst i Vest for å fortelje om progresjonen ved Nova-feltet deira like utforbi kysten vår. Til sommaren neste år skal Seadrill sin boreplattform West Mira bore seks undervassbrønnar for Wintershall på Nova, etter at den er ferdig med to nye brønnar på Vega. Sistnemnde kom i drift i desember 2010, og er per no ein av den nest største oljeprodusenten til Wintershall Dea etter Skarv. Kvar dag hentar dei opp 50.379 fat oljeekvivalentar frå Vega. – Så regionen her veldig viktig for oss som selskap, strekar Hjertvik under.
Framdrift på Nova Og mindre viktig blir den ikkje når Nova er byrja produsere, etter planen i 2021. I alt er feltet rekna til å innehalde kring 80 millionar fat olje og noko gass. Forventa levetid for feltet er kring 10 år.
Nova består av to havbotnsrammer som blir knytt opp mot Gjøa-plattforma. Her blir oljen prosessert før den blir transportert til Stureterminalen og terminalen i St. Fergus. Gjøa skal også levere straum, løftegass til Nova-feltet og vassinjeksjon. Men for at det skal bli mogleg, må det byggast ein ny modul på Gjøa der røyra frå Nova koplar seg på. Det er ein ganske stor operasjon. – Modifikasjonen på Gjøa er starta, og modulen er i ferd med å bli bygd ved Rosenberg Verft i Stavanger. Til neste år blir det tungløft om bord på Gjøa, då får vi eit av dei største kranskipa i verda til å løfte modulen om bord på plattforma, kunne Hjertvik fortelje under Vekst i Vest. I tillegg ser Wintershall Dea mot nye, spennande prospekt på sokkelen. Mellom dei lisens 989 som ligg aust for Gjøa, nærare land.
Ringverknader – Akkurat no er det enorm aktivitet, vi har all time high, seier Hjertvik. Og det kjem godt med for oss her i Florø: Saga Fjordbase AS skal levere alle basetenestene til Wintershall Dea når West Mira er i gang med produksjonsboringa
på Nova. Det vil seie at all lagring og forsyning av røyr og materiell til boreriggen gå frå Florø med forsyningsbåtar. I tillegg vil mannskapsbytet til supplybåtane gå via Florø lufthamn. I tillegg vil Subsea7 mobilisere og bytte folk tre til fire gonger neste år medan dei arbeidar for Wintershall Dea. Men det blir ikkje mannskapsbyte til West Mira over Florø lufthamn. I august i år forklara Hjertvik årsaka slik: – Hovudårsaka til at det blir flydd til West Mira frå Bergen, er at helikoptertransporten blir samkøyrd med flygingane vi allereie har til Brage-plattforma. Prisnivået til og frå Florø har vore ein faktor i vurderingane, men det har ikkje vore avgjerande i denne saka, strekar Hjertvik under.
Wintershall Dea Norge AS Resultatregnskap 2018 Sum driftsinnt. 14.087.509 Driftsresultat 4.150.148 2.703.866 Res. før skatt Årsresultat -471.372 Alle tal i heile tusen. Kjelde: regnskapstall.no
I GANG: Det er framdrift på Nova-utbygginga, slo kommunikasjonssjef Kjetil
Vannbehandling gir økonomisk gevinst Niprox 4-Element 3 – 80m 3 • Anleggenes levetid forlenges med 75% til 90%
1200
• Niprox er 100% miljøvennlig og kjemikaliefritt • Reduksjon i vedlikeholdsutgifter • Gjennomsnittlig reduksjon i fyringsutgifter på 6% • ENØK i praksis
300
800
Niprox –
Nr.1
www.niprox.no
på vannbehandling av vannbårne anlegg • www.niprox.no
Firdaposten
tema
Fredag 6. desember 2019
e til ro med Nova
Fjord Base betrar tryggleiken etter at ein arbeidar fall i sjøen TEMA: – Noko slikt skal ikkje skje igjen, seier Saga Fjordbasedirektøren. David E. Antonsen
david.antonsen@firdaposten.no
Hjertvik i Wintershall Dea fast undre hans presentasjon under Vekst i Vest.
FOTO: David E. Antonsen
DUNLOP HIFLEX AS - DIN FORETRUKNE LEVERANDØR AV SLANGER OG KUPLINGER
23
I slutten av september fall ein arbeidar frå FTA i sjøen under arbeid mellom kaia og båten dei lasta. Kollegaene hans reagerte raskt, og fekk berga mannen frå sjøen. Han fekk ikkje skader etter arbeidsulykka. Fjord Base tar ingen sjansar på at noko liknande skal skje igjen, og har tatt fleire grep for å betre tryggleiken langs kaikantane. – Vi har ein nullvisjon når det gjeld skader på personell og miljø. Når vi har ei hending som denne går vi gjennom rutinane våre, seier administrerande direktør Erlend Toftesund i Saga Fjordbase. Eit enkelt men livsviktig tiltak langs kaikantane er Tryg sine livbøyer. Seks av bøyene var dårlege og måtte bytast ut. I tillegg skal det plasserast ut 14 livbøyer langs kaiene på oljebasen. Onsdag 27. november overrekte direktør Tone Hjulstad i Tryg Forsikring dei nye livbøyene.
– Vi har hatt eit samarbeid med INC-gruppa i 30 år no. Dei har ein imponerande skadestatistikk, noko som kjem av at dei har konstant fokus på HMS og tryggleik. Vi i Tryg Forsikring er opptekne av HMS på arbeidsplassen, derfor synest vi det er eit godt initiativ leiinga ved Fjord Base tok då dei kontakta oss like etter arbeidsuhellet. Dei meinte at hendinga var eit godt høve til å gå gjennom alle livbøyene her på basen. Og det har vi gjort, seier Hjulstad. Toftesund legg til at dette er eitt av fleire viktige, skadeførebyggande tiltak på basen. – I tillegg til livbøyene har vi dei ni livreddande reglane Equinor har utarbeidd – og som vi er forplikta å etterleve. Vi har også eigne operasjonsprosedyrer som kvar tilsett skal kjenne til i detalj. Oppå det har vi Astandardblokka, ein tryggleiksbrief som alle skal gå gjennom i plenum for arbeidet byrjar, presiserer Toftesund. Tryg har i alt 47.000 livbøyer utplassert over heile landet. Vel 3000 av desse er plassert her i Sogn og Fjordane. Livbøyene har bidrege til å redde tusen menneskeliv sidan Tryg byrja plassere dei ut i 1952.
ORIGOD
- ei bru til arbeidslivet
KURS
// SOLHEIM DIESEL
Dunlop Hiflex Service Partner Fugelskjærgata 2, Florø +47 57 75 14 80 www.solheim.diesel.no
// DUNLOP HIFLEX BERGEN Dunlop Hiflex Service Senter Kokstadsvegen 38 A, Kokstad +47 23 00 47 70
www.dunlophiflex.no
• NOG 116 Pakking, sikring og transport av last • Truckførarkurs T1, T2, T3 og T4 • Truckkurs+ 10 tonn • Masseforflyttingskurs • G-11: Løfteredskap stroppekurs • Kurs i varme arbeider • Stillaskurs 2-9 meter
• Trefelling / Motorsagkurs • Anhuker og signalgiverløfteredskap • Lift- personløftekurs • Fallsikring • Traverskran kurs G-4 • Fastmontert hydraulisk kran G-20 • Førstehjelps kurs
VI LEVERER FØLGANDE TENESTER: - Kurs - Mekanisk tenester - Transport og logistikk - Lagringstenester - Renovasjon, bunkringstenester - Eigedomsvedlikehald sommar og vinter, anleggsgartnartenester - Rekruttering - Arbeidsmarkedstiltak: VTA, AFT, ARR og individuelle tiltak. Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no
24
tema
Fredag 6. desember 2019
TEMA: Kven er dei 34 som så langt har fått jobb i INC-gruppa i 2019?
Dette er nokre av dei nytilsette i INC Gruppen
B
Firdaposten
edriftene på Fjord Base rekrutterer som berre det. Så langt i år har dei ulike bedriftene i INC Gruppen på basen tilsett 34 nye. Om ein inkluderer INC-selskapa som ikkje er lokalisert på basen, WIS og NBN, er talet 57.. Saga Fjordbase, Fjord Base AS, Havlandet Marin Yngel og INC Support har fått , og det er tale om alle slags stillingar – frå mellomleiarar til maskinførarar og andre typar medarbeidarar. Etter oppteljinga i januar var det 550 INC-tilsette ved basen. No reknar dei med at talet vil passere 600 innan årsskiftet. Bakgrunnen for alle tilsettingane er forventingar om auka aktivitet i tida som kjem. Til neste år skal Equinor bore som aldri før; under Vekst i vest opplyste om at dei skulle bore mellom 20 og 30 brønnar på norsk sokkel i året. Og det fører til meir aktivitet i Florø, sidan Fjord Base er Equinor sitt globale røyrlager. I tillegg til aktiviteten til Equinor, skal Neptune Energy til neste år bygge ut Duva og P1, og så skal Wintershall Dea bygge ut Nova. Men kven er desse som har fått jobb ved Fjord Base? Kor kjem dei frå, og kva bakgrunn har dei?
Børge Nordal
Marta Szemiot
Marita Jarstad
Bodil Bø
(42) byrja som leiar for digitalisering og IT i INC Support 1. november i år. Han har ein bachelorgrad i systemutvikling. Etter enda utdanning flytta florøværingen heim att i 2008. Som leiar for digitalisering og IT i INC Support har Børge på mange måtar ansvaret for å lage sin eigen arbeidsplass. – Stillinga mi er ei heilt ny stilling i konsernet, og det er ei spennande satsing dei har gjort. Det var faktisk ein viktig grunn til at eg bestemte meg for å søke; stillingar som dette veks ikkje på tre, seier Nordal. Han skal mellom anna se på mulighetar til forbetring av eksisterande datasystem, synergier på tvers av desse, i tillegg til digitalisering av arbeidsprosessar. – Akkurat no handlar arbeidskvardagen min om å sondere terrenget og få ein oversikt over kva som er av eksisterande system. Heilt konkret kva system vi kjem til å innføre har eg ikkje noko klar meining om så tidleg i prosessen, men eg skal sjå kva moglegheiter vi har. Det er mange moglegheiter der ute, seier Nordal.
(35) har ein mastergrad i økonomi, og byrja som innkjøp- og kontraktsrådgjevar i INC Support 1. september. Marta kjem opphavleg frå Polen, der ho har jobba med offentlege anskaffingar i tolv år. Ho har budd i Florø dei siste tre åra. Her bur ho i lag med ektemannen og to små barn. – Det var eigentleg litt tilfeldig at eg søkte denne jobben, for det var mannen min som såg stillingsutlysinga i Firdaposten, og han meinte den jobben passa meg perfekt. Og det ville eg prøve, seier Marta. Og angre på at ho søkte og takka ja, det gjer ho ikkje i det heile. – Då vi kom hit til Florø, tok det ikkje lang tid før eg var klar på at eg ønskte å jobbe på Fjord Base. Det er ein veldig spennande jobb eg har, og eg føler meg heldig som får jobbe med kollegaer så har så stor kunnskap om det vi driv med som dei har. Eg føler eg lærer mykje av dei. Og så er det veldig praktisk at eg får øvt meg på å snakke norsk jamleg, seier Szemiot. Jobben hennar er i all hovudsak å passe på at kundane hennar er glade. – Min jobb er å sørge for at dei har varene og tenestene dei treng til ein kvar tid, både når det gjeld kvalitet og effektivitet. Det er ein veldig spennande jobb, du veit aldri kva som skjer når du kjem på jobb om morgonen, strålar Marta.
(31) byrja som leiar subsea i Saga Fjordbase 1. juni i år. Ho er utdanna energiingeniør og teknisk teiknar. Energiingeniørutdanninga er ein veldig generell ingeniørutdanning, og rettar seg mot alle energiformer – både oljeteknologi og «grøn» teknologi. Marita kom til Saga Fjordbase frå ein jobb for TechnipFMC ved CCB-basen på Ågotnes. Bak seg har ho mange år innan subsea. – Eg budde på Ågotnes med mannen min, som er frå Florø. Vi hadde lyst til å flytte hit, så eg la inn ein open søknad på INC sine sider rett etter nyttår. Så tok dei kontakt med meg om ei anna stilling, men eg enda opp som leiar subsea, smiler Marita. Ho har i dag ansvaret for subseaavdelinga som blant anna består av utleigd personell til Neptune Energy aust på basen. Ein stor del av jobben er å finne nye oppdrag og kommunisere med kunden. Marita stortrivast i jobben. – Eg har det veldig kjekt, og blei veldig godt teken imot. Eg har fått mange kjekke kollegaer som også er flinke på sosiale ting, i kveld skal vi til dømes lære å binde kransar, humrar Marita. Og som ein energiingeniør er det ekstra spennande å vere involvert i hydrogenprosjektet INC Hydrogenteam; spydspissen innan den grøne satsinga på Fjord Base. – Eg og Svein Arne Bjørkedal og Geir Johannessen gjer det vi kan for å få prosjektet realisert, og få på plass nullutsleppsdrivstoff for maritime kundar, seier Marita.
(42) byrja som økonomikonsulent i INC Support 1. januar. Ho er utdanna siviløkonom ved NHH, og jobbar til dagen med arbedisoppgåver knytt til rekneskap, lønn og økonomi i fem av selskapa under INC-paraplyen. – Eg synest det er veldig kjekt å jobbe her, det er ein super arbeidsplass med mange interessante arbeidsoppgåver. Det er eit stort pluss at eg har fleksitid. Og så har eg mange kjekke og svært kompetente kollegaer, seier Bodil Bø. Ho er opphavleg frå Florø, men har budd i Bergen i 17 år før ho flytta heim att. Her har ho budd dei siste fem åra. – Det er utruleg at det finst arbeidsplassar som dette i Florø, der ein kan få brukt kompetansen ein sit på. Så eg er glad for at det finst nokon private som vågar å satse på industriutvikling her. Inntrykket mitt er at INC-eigarane er villig til å satse, og vil det beste for Florø. Byen hadde ikkje vore den same utan oljebasen dei har bygd opp.
Firdaposten
tema
Fredag 6. desember 2019
25
18 av dei 29 nytilsette på Fjord Base 2019
Kim Gunnar Jensen
Sigurd Stavang Haugerud
Elise Midtbø
Marthe Opheim
(37) byrja som ingeniør i Fjord Base AS 1. oktober, og er ein av åtte som har ansvaret for oppfølging og drift av dei tekniske anlegga på basen, alt frå vasstyring, avløp til landstraum. Jensen er utdanna skipsingeniør. – Eg søkte stillinga fordi det verka som ein veldig spennande moglegheit til å lære nye fagfelt å kjenne. Og det har vore lærerikt. I tillegg til jobben som ingeniør tekniske anlegg, jobbar Kim Gunnar også med kontraktsoppfølging i arealforvaltninga i Fjord Base, som er selskapet som eig arealet på basen. – Alle leigeforhold som skal lysast ut eller fornyast, vil eg ha hand om. Det er ikkje eg som bestemmer, det er viktig å streke under, legg Jensen til. Kim Gunnar er nøgd med å ha ein arbeidsplass som er så viktig for florøsamfunnet som den er. Og det er også positivt at oljenæringa er i endring. – Det er ein flott arbeidsplass som syner godt att i lokalsamfunnet, og som bidrar til verdiskaping. Så ser vi ein bransje i transformasjon. Eg liker veldig godt å jobbe med endringar, seier han.
(40) er leiar prosjekt i Saga Fjordbase, og har ansvaret for oppfølging av kontraktar – mellom dei PGS. Sigurd byrja i Saga Fjordbase 1. juli, og kom frå Westcon Yards Florø der han arbeidde som prosjektleiar for rigg og skip. Før var han kaptein på ein av TK shipping sine store tankskip som går mellom oljefelta og prosessanlegga på land. – Jobben som prosjektleiar går ut på å halde tett kontakt med kundane våre, og sørge for god gjennomføring av prosjekta, seier Haugerud og legg til at han er nøgd med jobben han har. – INC-gruppa har vist over tid at dei har ein lang horisont med det dei gjer, og ser og tar moglegheitene som er her no. Og det er motiverande at vi klarer få auka aktivitet på basen, og sørge for at kundane våre får det dei treng, seier han. No held Sigurd på med å bygge opp teamet som skal drifte avdelinga han har ansvaret for. Dei skal mellom anna lyse ut stillinga som prosjektcontroller og prosjektkoordinator.
(25) byrja i jobben som logistikkplanleggar i Saga Fjordbase 1. juli i år. Ho har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon med spesialisering i logistikk og supply chain management. – Akkurat no jobbar eg med eit vedlikehaldsprosjekt på Snorre A, der eg tek imot og sender ut varer, seier Elise og legg til at ho elskar jobben sin. – Det er veldig kjekt å ha ein så variert arbeidskvardag som eg har. Eg har eg veldig kjekk arbeidsplass med kjekke kollegaer og ei veldig god velferdsordning som gjer at vi finn på ting på fritida også. Og så lærer eg noko nytt heile tida i denne jobben, seier ho. I tillegg til vedlikehaldsprosjektet på Snorre A, har Midtbø byrja opplæring innan røyrhandteringslogistikk og prosjekt knytt til det. – Det er noko eg har hatt lyst til å prøve, for eg synest det er kjekt med nye utfordringar, avsluttar Midtbø.
(28) frå Florø byrja som HR/HMSSKrådgjevar i INC support 1. september. – Eg søkte fordi eg synest stillinga verka spennande, og i tillegg gir stillinga meg gode moglegheiter for å utvikle meg og få utfordra meg. Og etter at eg byrja har eg opplevt at det inntrykket stemte. Eg har blitt tatt godt imot etter at eg byrja her, og har veldig hyggelege kollegaer, seier Opheim. Arbeidet hennar er ganske variert. No er ho travel med å lære organisasjonen å kjenne. I tillegg jobbar ho med kompetanse og opplæring, og har nyleg bidrege til gjennomføringa av eit A-standardkurs for alle tilsette i Saga Fjordbase. Opheim er også i gang med siste året av ein bachelorgrad i HR og personalleiing, og føler at ho får brukt utdanninga si. – Det er veldig kjekt at det finst spennande jobbmoglegheiter i Florø for oss som har denne utdanninga og ønsker å jobbe innan HR. Eg trur ikkje at eg hadde budd her i Florø om ikkje det hadde vore spennande jobbmoglegheiter og bedrifter som ser framover og tenker nytt, seier Opheim.
David E. Antonsen
david.antonsen@firdaposten.no
26
tema
Fredag 6. desember 2019
Firdaposten
TRYGG: – Eg føler meg veldig trygg når eg ha på meg selen her oppe, seier strømann Yevgen Yermakov i Ramco AS. Selskapet har gått til innkjøp av eit fallsikringssystem som gjer FOTO: David E. Antonsen at arbeid i høgda har blitt så trygt som mogleg.
I staden for å ta liv kan denne potensielt redde liv:
HMS-galgen TEMA: Ramco AS har investert i tryggleik for dei på golvet. David E. Antonsen
david.antonsen@firdaposten.no
– Eg føler meg veldig trygg når eg er festa til denne fallsikringa. Det er eit godt HMS-tiltak, seier Yevgen Yermakov. Yevgen jobbar som strømann i Ramco på Fjord Base, og når vi snakkar med han sit han oppå ein stabel med røyr som ligg lag på lag oppå ei H-ramme. Mellom laga med røyr ligg der eit lag med trestrø. Strømannen spikrar trekiler fast i strøet, for å unngå at røyra byrjar rulle sidelengs under transport.
Viktige tiltak Men jobben som strømann kan vere nokså farleg om ikkje det ligg tydelege HMS-tiltak i botn. Ein ting er klemfaren om røyra byrjar rulle. Risikoen for å falle ned er også eit faremoment, og det faremomentet blir større og større dess fleire røyr som er lagra i høgda. Men no har Ramco tatt grep for å eliminere fallrisikoen.
Dei har nemleg gått til innkjøp av ein type fallsikringssystem som på mange måtar ser ut som ein galge: I botnen har den ein 1500 kilo tung ballastsokkel vekter som gjer at den ikkje rikkar på seg under bruk, men ved hjelp av ein gaffeltruck flyttar dei den enkelt der det er behov for den. Frå sokkelen går det ein 6 meter høg bom som strekkjer seg over brukaren. Frå bommen, via ein trommel går det ein sterk kabel som blir festa i ein sele som brukaren har på seg. Kabelen fungerer på same måte som eit setebelte, og strammar automatisk dersom brukaren fell.
Henta frå lastebil – Vi har heldigvis ikkje hatt ei fallulykke her på Ramco, og målet er at vi heller ikkje skal ha det no når vi har fått eit godt system på plass, seier HMS-koordinator Torgeir Pedersen Hindøy i Ramco. Hindøy kom over «galgen» då han leitte på nettet etter eit fallsikringssystem som kunne passe til jobben dei utfører i høgda. Den typen dei enda opp med blir vanlegvis brukt når ein skal
sikre lasta oppå lastebilplan inne på lastebilterminalar. – Då eg såg bildet av korleis dette systemet blei brukt i praksis, såg eg kor lik ein lastebil med last er på Mafi-traktorane på basen, når dei transporterer H-bukkane med røyr. Etter ein kort brainstorming internt, enda vi opp med å kjøpe denne løysinga. Den er trygg, det er viktigast. Og den er fleksibel, mobil og effektiv, seier Hindøy.
HMS viktigast Oljenæringa har i mange år no gått i front når det gjeld å effektivisere drift. Det er Hindøy sin jobb å passe på at høg effektivitet og eit trongare tidsskjema ikkje skal føre til at nokon av dei 75 tilsette i Ramco på basen lempar på tryggleiken for å spare tid. – Det skal vere travelt og effektivt i oljebransjen, men det skal først og fremst vere trygt. Det er det aller viktigaste. Vi har ikkje råd til å tillate oss å lempe på tryggleiken til oss tilsette. HMS skal ikkje vere eit hinder for effektivitet, det er eit verktøy for sikker drift som må sitje i ryggrada på kvar av oss som
HMS-KOORDINATOR: Torgeir Pedersen Hindøy i Ramco.
jobbar her på Ramco – ja, heile basen. Vi har ein god dialog selskapa mellom her på basen kva gjeld HMS, der vi deler smarte løysingar oss. Målet må vere å vere den tryggaste basen i Norge. Målet er at vi alle kan komme heim att etter jobb utan skader, seier Hindøy men strekar under: – Om det står mellom produksjon, pengar og HMS, er HMS viktigast. Det er noko vi aldri vil gå på akkord med.
Godt økonomisk år Med HMS i fokus presterer også Ramco godt økonomisk. 2018 var eit godt år for Ramco Norway AS, sjølv om nøkkeltala var litt dårlegare samanlikna med året før. Dei kunne likevel notere eit overskot på heile 20 millionar kroner, og driftsinntekter på 143 millionar kroner.
Foto: David E. Antonsen
– Vi har dyktige eigarar som satsar på utvikling, mellom anna held vi på med å fase inn eit administrasjons-datasystem som skal gjere både logistikk og drift effektiv, seier operasjonsleiar Audun Hammerseth i Ramco i Florø. Han legg til at 2019 nok ikkje blir eit toppår for Ramco, men med tanke på aktivitetsauken som hovudkunden deira Equinor har varsla, ser 2020 veldig lovande ut.
Ramco Norway AS Resultatregnskap 2018 Sum driftsinnt. 143.232.000 Driftsresultat 26.931.000 Resultat før skatt 27.094.000 Årsresultat 20.838.000 Kjelde: regnskapstall.no
Firdaposten
Fredag 6. desember 2019
Store forventninger Nå bygger Neptune Energy ut feltene Duva og Gjøa P1. Dette er en vitamininnsprøytning for den nordre delen av Nordsjøen og forlenger levetiden til Gjøa-plattformen. Totalt investerer vi 10 milliarder kroner for utbyggingen av Duva og Gjøa P1. Det er bra – ikke bare for oss, men også for leverandørindustrien: De to feltene vil bidra med hele 8 400 årsverk under utbygging og drift.
Neptune Energy er blant nykommerne på norsk sokkel, og vi er ett av de mest offensive operatørselskapene. Vi bygger ut Duva, Gjøa P1 og Fenja med smarte undervannsløsninger. Vi skal også bore fire egenopererte letebrønner – for vi har store forventninger til framtiden på norsk sokkel. neptuneenergy.com
tema
27
28
tema
Fredag 6. desember 2019
Dei blir stadig fleire, og dei blir endå betre TEMA: – Det er nokre som legg premissane og andre som jobbar. Vi er dei som jobbar, seier Asgeir Øvrebotten og gliser.
ling under Vestbase Kristiansund og som er ein del av NorSea Group AS. Denne grupperinga driv med basetenester til offshoreindustrien som i stor grad betyr logistikktenester. Hovudaksjonærane i selskapet er Wilhelmsen (75 prosent), Simon Møkster Eiendom i Stavanger og Eidesvik Eiendomsinvest på Bømlo.
Dag Nesbø Frøyen dag@firdaposten.no
Asgeir Øvrebotten er operasjonssjef for Vestbase i Florø. Dei har berre Equinor som kunde, og såleis er dei i den spisse enden av det som skjer på basen. – Vi sender ikkje mailar fram og tilbake, vi produserer, seier han. Kontinuerleg forbetring, digitalisering og daglege tavlemøte gjer til at dei stadig blir meir effektive. Men det er ikkje alt dei klarer å digitalisere. Og det er ikkje alt som kan digitaliserast heller.
Jamn vekst Equinor tildelte kontrakten på forsyningstenester til Norsea-
SITE MANAGER: Asgeir
Øvrebotten har nær dobla staben på dei fire åra dei har hatt basekontrakten med Equinor. - Vi blir fleire, men viktigast av alt, vi blir meir effektive og betre.
Foto: Dag Nesbø Frøyen
group frå 1. juli 2015. Då Vestbase vann kontrakten med Equinor på basetenester, starta dei med om lag 35 tilsette pluss innleie. No er dei passert 50 tilsette og har framleis innleigde folk. Det kjem nye personar inn dørene i januar og mars som skal vere med på den aktivitetsauka dei no ser. Vestbase Florø er ein avde-
Smart undervass løysing
På besøk Den daglege leiaren for Vestbase i Florø ønsker lokalavisa høgtidleg velkommen i det vi kjem på besøk. Vi blir ikledd synlighetsbekledning og vernesko før vi kjem inn i lagerlokalet. For dei går ikkje på akkord med tryggleiken på basen. Vi har ikkje før kome inn på eit av Vestbase sine lager før verneombod Per Ståle Vågene måler oss frå topp til tå. Kvitterer så med eit nikk til Øvrebotten at alt var som det skulle. På lageret møter vi Marcus van den Bosch. Han er ein av tre teamleiarar Øvrebotten spelar på i Florø. Marcus har ansvaret
for varehus, eller er det ein kan kalle ein lagersjef. Eit lager i basesamanheng handlar om noko ganske anna enn noko du har på bakrommet. Svære storhallar med tusenvis av artiklar. For på ein rigg ute i havet er det lite rom for lager, så i Florø ligg alt ein treng av reservedelar for å produsere olje og gass på sokkelen lagra. Bente Nybø er teamleiar for subsea-operasjonane som er ein stadig viktigare del av Equinor sitt aktivitet og fokusområde ved basen i Florø. Så er det Edvin Førde som er den tredje teamleiaren. Han styrer det som på fagspråket heiter OCTG, og for oss lekfolk heiter røyr. Og når vi veit at Florø er Equinor sin hovudbase i Norge for røyr så har den godeste Edvin nok å henge fingrane i.
Oppgangstider At det er oppgangstider er noko vi kan merke i stemninga. På storskjermen i lageret fekk vi også ein smakebit av starten på dagen. Der fekk vi sjå Tina Tur-
Firdaposten
ner i fri dressur. Grunnen var at dei hadde ein 50 års jubilant i Lena Reksten på bruket. Det var ein presang til ho og julefrokost for alle dei tilsette laga ein god start på dagen. Og med favorittartisten til Jubilanten på storskjerm, sjølvsagt. – Det er slik vi gjer det her, vi rockar, humrar Øvrebotten. At slike positive stunt i kvardagen bygger lag, det kjenner han seg heilt trygg på. Og mangfaldet i laget blir stadig breiare. Her har dei folk med universitetsbakgrunn og fagfolk i logistikk. Dei har statsvitarar og postmenn, geologar og sveisarar, mekanikarar og elektrikarar. Dei har også fleire nasjonalitetar i arbeidsstokken frå finnar, franskmenn, nederlendarar, og til og med pendlande førdefolk som stadig blir bedne om å sette rot i Kystbyen. – Vi i NorSea Vestbase er opptekne av å levere sikre og effektive tenester for vår kunde og bygge ein god HMS kultur. Og det opplever eg at vi får til for tida, avsluttar han.
Nova er eit oljefelt om lag 50 kilometer vest av Florø. Wintershall Dea er operatør for feltet, og utbygginga vil gi aktivitet på land. Nova blir bygga ut med to havbotnrammer, som blir knyta til Gjøa-plattforma. Produksjonen er venta å byrje i 2021.
www.wintershalldea.no
Firdaposten
tema
Fredag 6. desember 2019
29
Frequency.no
VESTBASE FLORØ: Operasjonssjef Asgeir Øvrebotten t.v. saman med teamleiar for Subsea, Bente Nybø og teamleiar for varehus Marcus van den Bosch. Den tredje teamleiaren FOTO: Dag Nesbø Frøyen i Vestbase Florø er Edvin Førde med ansvar for OCTG, eller det som lekfolk kallar røyr.
BLI MED PÅ
DET GRØNE VINNARLAGET VÅRE VERDIAR: STOLTE • OPNE OG ÆRLEGE • PÅLITELEGE • GODT HUMØR • TEAMÅND • LØNSAME
FJORD1 ER LEIANDE I DET GRØNE SKIFTET Vi tenkjer energileiing og berekraft i alt vi gjer. Det gjev oss både meining og retning. No har du sjansen til å bli aktivt med i det grøne skiftet som ein del av vårt team. Vi gler oss til å få nettopp deg om bord hos oss! Vi treng folk både til fast jobb og vikariat om bord på gassferjer og elektriske ferjer.
Sjå ledige stillingar på fjord1.no
S T Ø R S T E
F E R J E S E L S K A P E T
I
N O R E G
OMSETNAD
REISANDE
KØYRETØY
3,1 MILLIARDAR
21,6 MILLIONAR
10,7 MILLIONAR
30
tema
Fredag 6. desember 2019
Firdaposten
Neptunedirektøren lovar meir aktivitet i Florø i tida som kjem
NEPTUNE: Driftsdirektør Martin Borthne i Neptune Energy AS lova mykje spennande frå deira sida i åra som kjem. Snart går dei mellom anna i gang med sju ulike leitebrønnar på sokkelen.
TEMA: Neptune Energy ønsker å ha eit langt og lykkeleg liv i Florø. David E. Antonsen
david.antonsen@firdaposten.no
For nokre år sidan var produksjonen ved Neptune Energy AS sin Gjøaplattform dalande, og eigaren såg seg nøydde til å byrje tenke ei framtidig avvikling. Det var ikkje godt nytt for Florø, for aktivitet på Gjøa fører til aktivitet på Fjord Base. Men no er situasjonen ein heilt annan. No har Gjøaplattforma blitt eitt av dei travlaste tilknytingspunkta for dei ulike oljefunna som er gjort på sokkelen utanfor Florø. Og med det kjem meir aktivitet på oljebasen. Men Neptune er ikkje ferdige. Dei er snart i gang med to
nye leiteoperasjonar i området vårt.
Duva og P1 Duva-funnet 14 kilometer nordaust for Gjøa er no under utbygging. Det same er Gjøa P1 på same lisens som plattforma ligg på. På begge to skal boreriggen Deepsea Yantqai borast tre brønnar; to oljeproduserande og ein gassproduserande. Og kanskje blir det behov for fleire brønnar i framtida. Under ei undervassutbygging som dette blir oljen og gassen henta opp frå bakken via ei havbotnramme, før den blir ført i røyr frå brønnen og til Gjøaplattforma. Derfrå går den vidare til prosessering på land. Neptune reknar med at produksjonsstart for både Duva og P1 er første kvartal neste år. Til saman reknar Neptune med at dei to funna til saman
inneheld kring 120 millionar fat. Dei reknar med at Duva vil kunne levere opp mot 30.000 fat olje per dag, og P1 maks 24.000 fat per dag. I tillegg blir Neptune gjennom det annonserte oppkjøpet av Edison no også medeigar i Wintershall sin Nova-utbygging. Også her skal oljen bli ført i røyr frå feltet til Gjøaplattforma, før frakt vidare. – Alt dette forlenger levetida på Gjøa, noko som gjer at vi kjem til å ha eit langt og lykkeleg liv på Fjord Base, sa driftsdirektør Martin Borthne i Neptune Energy under Vekst i Vestkonferansen i Florø torsdag.
Sju leitebrønnar Men Neptune har ikkje tenkt å gje seg med Gjøa P1 og Duva. Dei er ein del av den store leiteaktiviteten på sokkelen om dagen. I alt planlegg dei å bore sju
leitebrønnar utanfor kysten av Vestlandet. To av desse brønnane ligg i «vårt» nærområde; Dugong ligg like nordaust for Snorrefeltet til Equinor, og skal etter planen borast ut frå Florø hausten 2020. Hamlet ligg i Gjøa-lisensen og skal etter planen borast ein gong i 2021. Konsekvensen av all denne boringa er auka aktivitet i Florø, fortel Borthne. – P1 og Duva åleine har ein sysselsettingseffekt på 8400 årsverk fordelt over heile landet. For Florø sin del reknar vi med at det vil føre med seg ringverknader til ein verdi på vel 200 millionar kroner. Det blir kanskje mest synleg for dei som bur ved flyplassen. Widerøe har atskilleg fleire avgangar no enn tidlegare, og på ein del av turane er flya så fulle at vi har måtte diskutere med Widerøe om det kan vere aktuelt å
setje inn større fly, seier Borthne og strekar under at dei er svært nøgd med Widerøe og samarbeidet dei har. – Alt i alt så går det unna som berre det for tida, og vi har store ambisjonar for meir leiting og produksjon på sokkelen, strekar Borthne under.
Neptune Energy Norge AS Resultatregnskap 2018 Sum driftsinntekter 10.464.138 Driftsresultat 6.933.695 Resultat før skatt 6.998.516 Årsresultat 1.377.453 Tal i heile tusen Kjelde: regnskapstall.no
Firdaposten
tema
Fredag 6. desember 2019
Tuboscope Norge A/S Avd Florø. Tuboscope har 20 ansatte ved anlegget i Florø. Tuboscope driver med inspeksjon/klargjøring av Casing/Tubing før forsendelse og ved retur fra Offshore. Tuboscope inspiserer også løst borreutstyr samt drillpipe onshore og offshore. www.nov.com
Norges ledende bedrift innen Inspeksjon, klargjøring og overflatebehandling av olje og gass produksjonsrør.
SOKKELEN: Neptune sine felt og brønnar på sokkelen utanfor
Florø.
Foto: Neptune Energy
Ramco Norway AS Botnaneset 61, 6900 Florø Tlf. 57 75 43 00 www.ramco.no
31
32
tema
Fredag 6. desember 2019
Firdaposten
Tuva (24) med klar tale til olje- og gassnæringa:
– De er anten problemet eller løysinga
TEMA: Korleis kan oljenæringa bli ein del av framtida? David E. Antonsen
david.antonsen@firdaposten.no
I prosjektet #Dennyeoljen har Norsk olje og gass gitt tre studentar eit år på å gjere seg opp ei meining om dei store spørsmåla knytt til energi, velferd, klima og teknologi. Ei av dei som har delteke på prosjektet er statsvitskapstudenten Tuva Kvåle. Ho var på Vekst i vest i Florø i slutten av oktober for å fortelje om noko av det dei hadde komme fram til i løpet av året ho var med i #Dennyeoljen: Korleis ser unge på oljenæringa? Og korleis ser dei føre seg framtida til oljenæringa?
Oljeskam Før ho byrja foreldraget sitt, bad ho dei frammøtte frå olje- og energinæringa som var til stades om å feste setebeltet. Det kom til å bli ein humpete tur: – Eg skal vere ærleg: Bodskapen eg kjem med er litt
hardt, men det er velmeint. Om ein lurer på korleis unge ser på oljebransjen, kan ein starte med å sjå på prosjektet eg er med på. Kollegaen min Anders er 26 år, men har allereie jobba åtte år som boredekksarbeidar i Nordsjøen. Då han starta hadde han verdens kulaste jobb, men sidan dess har det skjedd mykje. Han har følt på det mange av dei unge i bransen føler på; oljeskammen. Når den første skulestreiken gjekk av stabelen i fjor, henta Andreas opp olje på Oseberg. Det er ikkje så gøy å høyre frå folk at dei ønsker å legge ned jobben din, presiserte Kvåle. Og ho har følt på det samme sjølv. Spesielt sidan ho som ein del av arbeidet knytt til #Dennyeoljen reiser rundt til skular for å fortelje ungdommar om kva oljenæringa faktisk driv med.
«Grøn forureining» Oljebransjen har dei seinare åra argumentert tungt for at dei skal produsere olje og gass så «grønt» som mogleg, eller med så lågt klimaavtrykk som mogleg. Men ungdommen kjøper ikkje desse argumenta. Sjølv om produksjonen av olje blir meir miljø-
vennleg, er produktet framleis forureinande når det blir brukt. – Ungdom vil sjå endringar no; aller helst i går. Og alt som ikkje er grønt eller fornybart, må vi berre droppe. Olje og gass er sett på som den rake motsetninga til klima og miljø, så å argumetnere for at olje og gassbransjen i Norge er klimavennleg, det manglar truverde hos dei unge uansett kor faktabasert det måtte vere. I dei unge sine auge er det umogleg å argumentere for at ein er noko ein umogleg kan vere. Det er lett å fnyse av dei unge og hevde dei meiner dette fordi dei ikkje har nok kunnskap, men det er faktisk bransjen sitt problem at dei ikkje klarer kommunisere truverdig om temaet, strekar Kvåle under og viser til ei uformell undersøking dei har utført blant vidaregåandeelevar dei har besøkt: – To ord går att: forureining og pengar. Ingen har nokon sinne svart «teknologi». Her har de ein kommunikasjonsjobb å gjere, poengterte Kvåle.
De har moglegheita Konsekvensen av at olje- og gassnæringa ikkje har klart å kommunisere overbevisande overfor ungdommen, er at ungdommen ikkje har teke olje- og gassnæringa med i framtidsbildet sitt – sjølv om bransjen sit på kompetansen og teknologutviklinga som skal til for å erstatte fossile brennstoff med fornybar energi. – Framtida er fornybar. De har moglegheita til å gjere noko her: Bransjen sit både å dei finansielle musklane og kompetansen som krevst for ei slik omstilling. Men de må våge å tenke nytt og våge å satse på det, sa Kvåle og presiserte at oljealderen ikkje er over først når all oljen er teke opp av bakken: – Steinalderen tok ikkje slutt fordi det var tom for stein. Bronsealderen tok ikkje slutt fordi ein var tom for bronse. Desse epokane tok slutt fordi betre teknologi kom til. Vi er ved eit slikt paradigmeskifte no.
– Det er no de skal vere best Og Tuva Kvåle utfordra dei frammøtte frå olje- og gassnæringa på kva side dei vil stå på i framtida. Kva arv har ein lyst til å etterlate seg? Skal ein vere næringa som øydela verda, eller dei som redda verda? – Kva er eigentleg dykkar plass i framtida? Har de lyst til å bli sett på, på same måte som vi ser på tobakksindustrien no? Eller kan de vere noko heilt anna? Kan de vere dei som ser endringane som er på veg, og som gjer omstilling og prioriteringane deretter? Det er no de skal vere best. Det er no de skal bruke kompetansen de faktisk har, og samarbeide for å finne løysingane vi skal leve av i framtida, sa Kvåle.
Firdaposten
Fredag 6. desember 2019
tema
33
DEN NYE OLJEN: Statsvitaren Tuva Kvåle er ein av dei unge som har inngått i Norsk olje og gass sitt prosjekt #dennyeoljen. Under Vekst i vest fortalte ho om oljeskammen FOTO: David E. Antonsen mange unge i oljenæringa føler på.