Tema Båt og Fritid

Page 1

12

tema

Firdaposten

båt&fritid Fredag 3. mai 2019

14 sider tema:

Byskutene tek deg med både kort og langt i sommar

TEMA BÅT: Om du ikkje sjølv har båt, eller ønskjer deg eit litt eksotisk eventyr på sjøen i sommar, er moglegheitene betre enn på lenge. Liv Standal

liv.standal@firdaposten.no

Dei ligg i hamna året rundt, men i sommarhalvåret er dei også mykje ute og pløyer bølgjene med meir eller mindre entusiastiske medseglarar. Nokre nye på havet, andre er ombord og friskar opp gamle minner. Torsdag 6. juni - måndag 10. juni: Svanhild sin årlege pinseturen til Shetland og Lerwick. Laurdag 13. - onsdag 18. juli er Svanhild undervegs til Forbundet Kysten sitt Landsstemne i Trondheim. Her kan ein vere med over ein eller fleire dagsetappar, eller ein kan vere med på heile turen. Søndag 21. - onsdag 24. juli seglar ho tilbake til Florø. Då kan ein også vere med på heile eller delar av turen. Fleire opplysningar og opplysningar om kvar du melder deg på turane, finn du på Facebook-sida til Svanhild. Loyal startar sesongen i morgon, 1. mai. Då går dei frå Bergen til Lerwick og Shetland og målet er folkemusikkfestivalen i byen. Dei er tilbake måndag 6. mai. Søndag 26. mai -måndag 3. mai går turen til Orknøyene og Fair Isle saman med Dag Lindebjerg. Fredag 21. juni - torsdag 27. juni seglar Loyal frå Bergen til Stockholm via Skagen. Laurdag 13. juli går returen, også den via Skagen, og ein er tilbake i Bergen torsdag 18. juli. Mellom måndag 24. juli og fredag 2. august deltek Loyal i Tall Ships Races, og seglar den spennande sisteetappen til Århus i Danmark, medan returen frå Århus tilbake til Bergen går mellom søndag 4. august og onsdag 7. august. For begge skutene gjeld det at ein deltek i rorvakter, matlaging og sjølvsagt seglinga når ein er med ombord.

Atløy: Denne fjordabåten byr på mange fine dagsturar i sommar - dei fleste med utgangspunkt i Bergen.. Det er alltid mogleg å bestille dei til turar i eigen regi. Atløy går måndag 10. juni tur frå Bergen til Våge på Tysnes i samsegling med seks andre veteranskip. Laurdag 4. mai - kan du vere med den ut Nordfjorden til Måløy. 11. juni er det Torgdagen i Bergen. Då går Atløy turar mellom Nordhordland og Bergen sentrum. Jonsokaftan blir det råd å komme seg på Florøvika med Atløy. I august skal Atløy vere med på sjøbufestival i Fjaler, og under Matfestivalen i Bergen 30. august blir det nokre rundturar.

Foto: Arkiv.

TIL SHETLAND: Både Loyal og Svanhild gir deg moglegheit til å oppleve Lerwick og Shetland i sommar.

Foto: Liv Standal


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.