3 minute read
Boktips – februar
Fra biblioteket i Hemsedal
Høk over høk av Jan Guillou
I denne boka let Jan Guillou to av sine tidlegare heltar samarbeide. Erik Ponti og Carl Hamilton har både blitt pensjonistar, dei haltar på kvar sin fot og må bruke stokk. Men hjernen er det ingen ting å seie på. Handlinga foregår i tida då Russland invaderte Ukraina. For det svenske forsvaret er datatryggleik viktigare enn nokon gong. Forsvaret oppretter ein 100% trygg og tett arbeidsstasjon på garden til Erik Ponti. Samtidig utfordrar Ponti/Hamilton nettverket av svensk organisert kriminalitet. “Dette er ein spenningsroman av godt Guillou-merke”
Jeg elsker pinner – og minst 89 grunner til at du også burde gjøre det av Kristin Storrusten
Denne boka passar godt som høgtlesing eller samlesing, ungar og vaksne saman. Her kan ein i fellesskap undre seg over fun facts som desse: Det einaste kontinentet der det ikkje finst pinnar, er Antarktis. Arkeologiske utgravingar viser at folk brukte pølsepinnar i middelalderen (og korleis veit dei at det var akkurat pølse dei steikte?) Teknisk museum har eit pinnebibliotek der ein kan levere inn og låne pinnar. Veldig mange musikkinstrument var frå fyrst av laga med utgangspunkt i ein pinne. Boka er også rikt og artig illustrert.
Løftet av Damon Galgut
Løftet er ei familiehistorie over fleire generasjonar og slektsledd, om den kvite familien Swart. Den svarte kvinna Salome har jobba trufast for familien og er lova sitt eige hus og sin eigen eigedom. Mange år seinare har dette løftet enno ikkje vorte innfridd, noko den yngre generasjonen i familien er svært sinte for. Dette er utgangspunktet for ei fargerik forteljing, om ein stor familie. Forteljinga er bygd opp rundt dødsfall i familien, noko som kanskje høyres både trist og litt makabert ut, men det fungerer svært godt i denne romanen.
“Når las du sist ein roman av ein sørafrikansk forfattar?
Prøv denne!”
Udyr av Ingvild Bjerkeland
To barn på vandring, eller rettare, på flukt. Heilt aleine, på flukt frå udyra. Dei prøver å kome seg gjennom uframkomeleg skog og øydemark og forbi forlatte hus, til havet. Der har dei håp om å få bli med ein båt til den andre sida av havet. Kanskje kan dei finne att foreldra der?
Dette er spennande, det er litt trist og dystert, men også håpefullt, for barn i alderen 10-13 år.
“Boka er ein av årets finalistar i Bokslukerprisen og den fekk Arks barnebokpris i 2023”
Er du tilreisande til Hemsedal? Kom gjerne innom biblioteket. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du bruke det hos oss, om du ikkje har det kan me lage kort til deg. Alt du låner hos oss kan du levere på biblioteket ditt heime.
Helsing Anne Berit, Camilla, Sønnev og Lissy
Opningstidene våre er tysdag kl. 13-17, onsdag kl. 13-20, torsdag kl. 13-17, fredag og laurdag kl. 11-14