Vel rett kraftfôr til geita

Page 1

Vel rett kraftfĂ´r til geita

Rettleiing for god ernĂŚring og dyrehelse


Vel rett kraftfôr til geita Felleskjøpet har eit breitt utval av kraftfôr til geit. Formel er vårt varemerke til den konvensjonelle drøvtyggaren og Natura for dei som ynskjer eit økologisk produkt. Geita har sitt spesialutvikla fôr i Formel Geit, men vi tilbyr også ei rekke andre produkt som, brukt åleine eller i kombinasjon, vil gje deg som geitebonde fleire val. For mange vil høgt tørrstoffinnhald i mjølka vera eit mål, andre ynskjer ei fôring som gjer høg avdrått. Bruk denne oversikten for lett å finna eit kraftfôr som er tilpassa dine mål for drifta. Geita har eit høgt energibehov i tidleglaktasjon. Samtidig er ho avhengig av eit godt vom-miljø. Av di geita også er sensitiv for mengda av stivelse, er det viktig at kraftfôret har eit moderat innhald av raskt nedbrytbare karbohydrat. Dette har vi teke spesielt omsyn til i Formel Geit.

Vi hjelper deg å lukkast. Ta kontakt med våre salskonsulentar for val av kraftfôr

2

Vel rett kraftfôr til geita


Grovfôr og kraftfôr skal passa i lag Legg til rette for å laga eit vel-gjæra surfôr. Få til fortørking dersom det er mogleg og bruk alltid ensileringsmiddel. Eit vel-gjæra, godt fortørka surfôr gjev eit høgt opptak og bidreg positivt til både energi- og fibertilgang. Det gjev også ein høg mikrobeproduksjon. Riktig kraftfôrtype og -mengd er også viktig. For å velja rett kraftfôr er det viktig å kjenna til innhaldet i grovfôret. Ei grovfôranalyse gjev deg raskt svar på dei viktigaste faktorane, som energi-, fiber- og proteininnhald. Ein del Formel variantar er inndelt i 70, 80 og 90 variantar. Proteininnhaldet (PBV) i kraftfôret er ulikt om ein vel ei 70-, 80- eller 90-blanding. Kva grovfôret inneheld av energi og fiber, samt val av fôringsstrategi, er viktig for val av kraftfôr. Vi leverer kraftfôret i bulk, storsekk (800 kg) og småsekk. Ei fullstendig oversikt finnes på www.felleskjopet.no eller Min gård.

«

Riktig type og mengd kraftfôr er viktig

Standard kraftfôr brukast åleine eller i kombinasjon med andre kraftfôrslag Kraftfôr

Formel Geit 80 Formel Geit 90

Bruksområde Nå med ekstra metionin

Dette er vårt tilrådde kraftfôr til vaksen geit. Høgt fiberinnhald og lågare innhald av stivelse sikrar eit godt vom-miljø. God forsyning av langkjeda feittsyrer til juret legg til rette for god avdrått med høgt innhald av mjølkefeitt. Eit høgt metionin-innhald kan styrka geita sitt immunforsvar.

Formel Premium 70 Formel Premium 80 Formel Premium 90

Eit alternativ til dei som har fokus på høg avdrått. Har høgare nærings- og proteininnhald, men noko mindre fiber. Tilfører energi i form av vombeskytta feitt i staden for stivelse.

Natura Drøv 19

Eit økologisk kraftfôr som sikrar høg mjølkeproduksjon. Moderat fiberinnhald og relativt høgt innhald av stivelse. Godt protein -og energiinnhald.

Vel rett kraftfôr til geita

3


«

For oss er det viktig at du når dei måla du har sett deg for din produksjon

Ved tidleg beite eller andre situasjonar der det er behov for ekstra fiber

4

Kraftfôr

Bruksområde

Formel Fiber Elite

Dette er ei fiberrik blanding med moderat protein- og energiinnhald. Eit godt alternativ som gjev bra tørrstoffinnhald i mjølka.

Formel Pro-Fet

Denne spesialblandinga har mykje fiber og eit moderat innhald av stivelse. Blandinga stimulerer til auka feittinnhald i mjølka, utan at det går ut over vom-miljøet. Ei god beiteblanding, grunna det høge fiberinnhaldet.

Formel Sau Intensiv Formel Biff Intensiv

Dette er fiberrike kraftfôrblandingar som er veleigna der det er behov for ekstra fiber i rasjonen. Aktuell i situasjonar med lite grovfôr eller fiberfattig grovfôr. Også tilpassa intensiv oppfôring av killingar. Kan då tildelast i fri tilgang frå omlag åtte veker. Veleigna til kjøttproduksjon på geit. Koparinnhald i Formel Sau Intensiv er tilpassa sau.

Natura Drøv Fiber

Eit fiberrikt økologisk kraftfôr med moderat innhald av stivelse. Brukt åleine eller i kombinasjon med Natura Drøv 19 for høgare avdrått.

Vel rett kraftfôr til geita


Spesial produkter og produkter egnet til to-kraftfôrstrategi Kraftfôr

Bruksområde

Formel Optima

Med høgt innhald av glukogene næringsstoff legg denne blandinga til rette for høg avdrått. Samstundes vil bufferstoff og vombeskytta feitt og -stivelse ta vare på vom-miljøet. Høver spesielt godt å bruke i tidleglaktasjon, då energibehovet er høgt.

FK Betefôr

Eit fôr basert på betefôr. Varmebehandla og pelletert. Velkjent i to-kraftfôrstrategi til geit for å betre vom-miljøet. Den har svært negativ PBV og mykje fiber. Blandinga er ikkje mineralisert. Bør ikkje utgjere meir enn ¼ av rasjonen.

FK Pro-Ammon Bygg*

Valsa bygg – er tilsett urea og propionsyre. Dette gjev ein grov struktur som er veleigna til geita. Gjev eit høgt innhald av stivelse som gjev god energiforsyning. Veleigna i fullfôr eller i kombinasjon med eit anna kraftfôr. Produktet er ikkje tilsett vitamin eller mineral. Basert på norske råvarer, og utan soya og palmeolje.

Formel Linnea

Eit soya- og palmeoljefritt produkt basert på råvarer frå nærliggande land. Moderat protein-innhald. Noko høgt innhald av stivelse.

Natura Viola

Eit soya- og palmeoljefritt produkt basert på råvarer frå nærliggande land. Moderat proteininnhald. Noko høgt innhald av stivelse.

*Er tilsett urea – følg våre tilrådingar.

For kje Bruksområde

Formel Lam Formel Kalv

Begge to er startkraftfôr med god smakelegheit. Høver godt i fri tilgang frem mot beiteslepp og gjeve i restriktive mengder på beite.

Formel Mysli Start

Startkraftfôr til kje med unik smak og struktur. Kan brukast frem til åtte vekers alder.

Natura Drøv Start

Smakeleg kraftfôr til unge drøvtyggarar. Eigna som støttefôring frå fødsel fram mot beiteslepp og gjeve i restriktive mengder på beite.

Foto: Yngve Ask, Scanout.com

Kraftfôr

Vel rett kraftfôr til geita

5


Ved val av Formel kraftfôr bør haustetidspunkt, beitekvalitet og proteininnhaldet i grovfôret vektleggast Tabellen forklarar om ein skal bruke 70-, 80- eller 90-blanding. Formel Geit 80 er tilpassa middels til seint hausta grovfôr og Formel Geit 90 er tilpassa eit tidleg hausta grovfôr, eller eit godt beite med god proteindekning. Proteininnhaldet i grovfôret/beite

Seint hausta - dårleg beite

Middels hausta - middels godt beite

Tidleg hausta - svært godt beite

Protein innhald

11-14 %

14-17%

>17 %

Formel variant

70

80

90

Dine mål vil også påvirka val av kraftfôr For lettare å finne eit Formel- og Natura-produkt som passar, har vi laga ei oversikt over ulike styrker i sortimentet. Eksempel: Har du eit mål om høgt tørrstoff i mjølk så er Formel Pro-Fet vårt beste val. Jo fleire prikker, jo betre er kraftfôret egna for den eigenskapen. Kraftfôr

Høg avdrått

Formel Geit Formel Premium Formel Pro-Fet Formel Biff/Sau Intensiv Formel Pro-Ammon Formel Fiber Elite Natura Drøv 19 Natura Drøv Fiber Natura Drøv Viola *Andel norske råvarer vil variere gjennom sesongen.

6

Vel rett kraftfôr til geita

Høgt tørrstoff i mjølk

Høgt fiberinnhold

Norsk korn-andel*


Pluss tilskuddsfôr Rett tilførsel av mineral og vitamin sikrar geita god helse, tilvekst og trivsel. Geita har normalt god dekning av dette gjennom kraftfôret. Ved fôring av mindre enn 0,5 kg kraftfôr eller når ein brukar alternative formiddel i rasjonen må ein gje ekstra tillegg. Pluss er produktnamn til konvensjonell produksjon og Natura til økologisk produksjon. Ved fôring av mindre enn 0,5 kg kraftfôr

Bruksområde

Produkt

Merknad

Når det blir gjeve mindre enn 0,5 kg kraftfôr i rasjonen

Pluss Storfe Pluss Storfe VM-blokk Pluss Storfe Mineralstein Natura Minovit Storfe

Totaldekning av mineral og vitamin ved tilrådd tildeling

Saltslikkestein med nokre mikromineral

Pluss Saltslikkestein Grå

Saltslikkestein med ekstra Koppar-innhald. Økologisk godkjent

Ved behov for ekstra E-vitamin

Pluss E-konsentrat Natura E-konsentrat pellets

E-vitamintilskot

Det er også ei rekke tiltaksprodukt som høver godt til geit og kje Pluss-produkt som bidreg til god fordøying er døme på slike produkt. Bruksområde

Produkt

Merknad

Pluss Saltbalanse Drøv

Diettfôr ved diare. Kan brukast til geit og kje

Pluss Vomstabil (til vaksen geit)

Inneheld bufferstoff som sikrar geita god fordøying ved høge kraftfôrmengder eller andre situasjonar som kan gje sur vom

Sikrar god energidekning, begrensar risiko for ketose.

Pluss Energibalanse Tørr

Energitilskot som gjevast frå to veker før kjeing til åtte uker etter kjeing

Til svakfødte kje

Pluss Amigo

Som tilskot til kje i råmjølksperioden

Energidrikk som gir geita god start på laktasjonen

Pluss LaktStart

Blandast ut i vatnet, gjevast til geita rett etter kjeing.

Ved diare og akutte fordøyingsproblem til geit og kje

Mjølke-erstatning til kje Bruksområde Til kje frå etter råmjølksperioden til avvenning. Høgt protein- og feittinnhald sikrar god tilvekst på kjea. Kan nyttast i automat eller i bøtte. Fri tilgang.

Produkt

Merknad

Pluss Ulla

Inneheld ein andel norsk mjølkeråvare

Pluss Lambert

Inneheld norsk mjølkeråvare

Vel rett kraftfôr til geita

7


Tid&Rom Reklamebyrå AS. Foto forside: Yngve Ask, Scanout.com

«

Foto: Yngve Ask, Scanout.com

Med Formel i fjøset får du med deg kvalitet og kompetanse på kjøpet

Dei beste produkta og rådgjevinga Felleskjøpet sine hovudmål er å bidra til å styrke medlemmane sin økonomi på kort og lang sikt. Vi jobbar kontinuerleg med forsking og utvikling for å kunne tilby deg som småfeprodusent dei beste produkta og den beste rådgjevinga i marknaden. For oss er det viktig at du når dei måla du har sett for dine geiter. Val av riktig kraftfôr og korrekt bruk av dette, hjelper vi gjerne med. Når det gjev deg betre økonomi, har vi gjort jobben vår.

Felleskjøpet Fôrutvikling Med Formel i fjøset får du med deg kvalitet og kompetanse på kjøpet. Felleskjøpet har dyktige fagkonsulentar i heile landet og eiga forsking og utvikling gjennom Felleskjøpet Fôrutvikling. Felleskjøpet Fôrutvikling bidreg til at vi heile tida ligg i front på utvikling av nye innovative produkt som kjem våre kundar til gode. Det lønner seg å velje Felleskjøpet som kraftfôrleverandør!

November 2019

Felleskjøpet Agri • Tlf.: 72 50 50 50 • www.felleskjopet.no Felleskjøpet Rogaland Agder • Tlf.: 51 88 70 00 • www.fkra.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.