10 minute read

God økonomisk drift i krevende tider? S

Korleis oppretthalde god økonomisk drift i krevjande tider?

Med mjølkekvote på 500.000 liter og avdrått på 38-39 liter i snitt, har Erik Willgohs på Huglo i munninga av Hardangerfjorden i Stord kommune, ei god drift. Løyndomen: Avl, systematisk grovfôrproduksjon og maksimal utnytting av roboten.

Tekst/foto: Bethi Dirdal Jåtun

–Det handler om totalen på garden. Kva ein har gjort så langt, avgjer utslaga i drifta når om lag alle prisar stig, som no. Eit godt driftsoverskot blir no middels godt, mens eit middels godt fort blir dårleg, seier mjølkebonden som er ein av i alt tre mjølkebønder i heile Stord kommune. Han kjem smilande mot oss mellom den gamle, raude fjøsbygningen og huset frå 1880, der mor hans framleis bur. Faren døydde for eit par år sidan. Sjølv kom han tilbake til øya i 1996, etter tre års arbeid som landbruksteknikar ved Felleskjøpet i Laksevåg utanfor Bergen. Garden hadde den gongen ein mjølkekvote på 63.000 liter. –Resultata blir ikkje så gode i år som i fjor, seier han og legg raskt til: –Men i fjor var eit uvanleg godt år.

MYKJE Å HENTE PÅ AVLSARBEID Buskapen til bonden frå Huglo er av rasen Holstein. –Dei har ei relativt flat laktasjonskurve, eit jevnt eksteriør, godt lynne og held seg dessutan godt over tid, seier han og fortel at han gentestar alle kvigekalvane og avlar på dei beste kyrne. –Mange opererer med ei rekruttering på 40-50 prosent. Målet mitt er å koma ned i 20-25 prosent. Å få lengre levetid på dyra, er eit pluss både etisk, miljømessig og økonomisk, meiner mjølkebonden.

Erik Willgohs hentar ut embryo frå eigne dyr og kjøper frå Danmark og Holland. Han har alltid interessert seg for avl, noko far hans óg gjorde. –Me har robotar i fjøset og GPS på traktoren, men genteknologien bruker me i liten grad. Når me både kan gentesta dyra og gjera oss nytte av kjønsseparert sæd, kvifor skal me då ikkje gjere det? Folk bruker 10-15 millionar på nye fjøs, men i mange tilfelle lite på det som er inni. Når eg ser kor godt eg får betalt for krysningskalvane mine, forstår eg ikkje at ikkje fleire gjer det same, seier han og legg samstundes til at ein god del i Holstein-miljøet både på Jæren og i Trøndelag arbeider aktivt med desse tinga.

GRASKVALITET OG INNSATS Bonden frå Huglo eig i dag 320.000 i kvote. Resten av dei 500.000 leiger han. Medan han tidlegare var sjølvberga med grovfôr, må han i dag kjøpe ein del så lenge han mjølker på omtrent same grovfôrsgrunnlag som tidlegare. Det er difor om å gjera å få mest mogleg ut av det han har. Han pløyer og sår i Spire surfór normal, som er ein sørleg sort av timotei saman med kløver, og så vedlikehaldssår han med raigras før gjødsling, noko han konsekvent har gjort sidan 2013. –Eg slår graset tre eller fire gonger. Volumet blir det same, men kvaliteten på graset blir betre med fleire slåttar, noko som gjer at eg klarar meg med rimelegare kraftfôr, seier han.

Somme gonger har han slått graset om morgonen, balla same kveld og oppnådd ein tørrstoffprosent på 40. Han slår aldri graset på sein ettermiddag eller kveld, då det reduserer kvaliteten. Målet er kortast mogleg tørketid. Dei siste åra har han óg vendt graset, noko han heilt klart kjem til å fortsetja med. –Det gjev same volum, men betre ensilering og mindre plastbruk, påpeiker han.

Å GJØDSLA RETT God «timing» er avgjerande óg i gjødslinga. –Når vêret er der, må me køyra møkk. Det nyttar ikkje å skru då. Helst vil eg ut så tidleg som mogleg i mars, seier han og fortel at han nyttar stripespreiar, ei investering som raskt betalte seg med tilskuddet frå styresmaktene.

På grunn av galopperande gjødselprisar valde han, som fleire andre bønder, å kjøpa kunstgjødsel tidleg i år. –I september månad, kor me til vanleg ikkje sel meir enn mellom 150 og 200 tonn med kunstgjødsel, selde me i år 7.000 tonn, oppgjev Frank Morten Levang i Felleskjøpet Rogaland Agder. Ifølgje han kjem nok ikkje gjødselprisane til å gå ned igjen før i juni neste år. –Då er dei store landa i Europa ferdige med sin sesong, noko som gjer at etterspurnaden og dermed óg prisane som regel fell, seier han.

Erik Willgohs brukar mellom 15-25 kilo kunstgjødsel på kvar slått, alt etter kor mykje husdyrgjødsel han har køyrt på. Han har vurdert delgjødsling, men så langt har han køyrt ut all kunstgjødsla på ein gong. Målet er å få den på i siste halvdel av april.

Å halda grøftene ved like, er óg ein viktig del av dette arbeidet, noko bonden frå Huglo brukar tid på, saman med pløying. Å gjødsla gamal eng, er ikkje god butikk.

ENKLERE MED FULLFÔRMIKSAR Han er svært nøgd med fullfôrmiksaren, som han opplev gjer fôringa mykje enklare. –Når du køyrer tredje- og fjerdeslått på raigraset, blir det sterkt. I miksaren blandar eg det med første- og andreslåtten, og tilset óg litt halm. Utan miksaren, hadde dette vore vanskeleg å få til.

Fire ballar i miksaren, pluss halm og noko FK Roesuper, rekk til halvannan til to dagars forbruk i fjøset på Huglo. –Halmen brukar eg som strukturfôr, seier han og legg til at han byrja med dette i 2018. –I ei drift som denne, der du leverer mykje mjølk, er det ikkje så mange øre eller liter som skal til før det blir store summar utav det. Med ein kvote på rundt 100.000 liter, er tilskotet frå staten avgjerande. Når volumet blir større, er salsinntektene langt viktigare, noko eg trur fleire mjølkebønder har lett for å gløyme, seier han og fortel at han inseminerer kvigene på størrelse, ikkje alder. Her er det óg marginar å henta. –Når kvigene har eit brystmål på 1,70, er dei klare. Kan du ha ein innkalvingsalder på 22 månader istadenfor 24 eller 25, sparer du både fôr og plass.

ØKONOMI I GOD DYREVELFERD I dag er planen å skjera klauvar, noko han gjer sjølv. –Eg tek som regel klauvane tre gonger i løpet av ein laktasjon. Dette er viktig for dyrevelferden. Me har óg lagt gummi på spaltene mellom fôrbrettet og rekkja med liggjebåsar, noko som gjorde at kyrne steig i avdrått, smiler han.

Store delar av året er Erik Willgohs åleine om gardsdrifta, men når kona og dei to sønene hennar, som alle bur i London, kjem til gards, hjelper dei til. Han har óg nokre naboar som stiller opp og får gjerne óg avløysarar frå avløyserlaget når han innimellom er ei veke i London saman med familien.

Huglo har ikkje fleire enn 90 innbyggjarar, dei fleste med arbeid på fastlandet. Erik Willgohs har ingen planar om å gjera noko anna enn det han gjer i dag. Han trivst med jorda og dyra og dei mange moglegheitene som ligg i drifta. Dyrlegen som var ein tur innom medan vi var på besøk, lurte med eit smil på om me skulle skriva om kor mykje bonden jobba eller kor lite han ikkje jobba. Ho hadde eit poeng: Å driva gard og driva godt, er arbeidskrevjande. Då er det fint av og til å kunna ta heilt fri, noko han får med London-turane sine. Og, har du lurt på navnet «Willgohs», så er det frå Bergen, med anar tilbake til hanseatene og Mecklenburg i Tyskland.

Når vêret er der, må me køyra møkk. Det nyttar ikkje å skru då. Helst vil eg ut så tidleg som mogleg i mars.

Erik Willgohs, bonde

I september månad, kor me til vanleg ikkje sel meir enn mellom 150 og 200 tonn med kunstgjødsel, selde me i år 7.000 tonn.

Frank Morten Levang, salgskonsulent plantekultur

NYTT KRAFTFÔR TIL MELKEKU: Fettprosenten opp med 0,2 prosent

FV. Marte Refve Johannesen, salgskonsulent storfe, Ole Kristian og Solbjørg Rundevold, Vilde Bilstad, salgskonsulent storfe.

Melkebøndene Ole Kristian og Solbjørg Rundevold på Grøsfjeld i Eigersund har testet ut FKRAs nylanserte FK Premium Mysli siden april i år. Resultatet er gode kumager og en markant høyere fettprosent.

Tekst/foto: Bethi Dirdal Jåtun/Anne Linn Olsen

–Dette skal vi fortsette med, er konklusjonen fra de unge melkebøndene når kraftfôrkonsulentene Vilde Bilstad og Marte Refve Johannessen i Felleskjøpet Rogaland Agder er på gårdsbesøk.

PÅ JAKT ETTER MARGINER –Vi er på konstant jakt etter marginer. Dessuten er det alltid spennende å prøve ut nye ting, sier de to som har en melkeproduksjon på 450.000 liter og 20 ammekyr med full framfôring.

Gården overtok de i 2018, etter Ole Kristians far.

Melkebøndene på Grøsfjeld er imponert over smakligheten til det nye FK Premium Mysli-kraftfôret.

GOD SMAKLIGHET –Dyra har vært mottakelige som bare juling. Fra første dag. Både robot og fôrbrett har fått gjennomgå. Her er det snakk om å få i seg til siste «perle», smiler de to.

FK Premium Mysli, som bygger på Formel Premium 80, ble lansert i begynnelsen av oktober, etter flere måneders testing. Til sammen seks-sju melkebønder har prøvd ut det nye kraftfôret, og tilbakemeldingene er gode. Så å si alle har fått melk med høyere fettprosent, noe som betaler seg.

JUSTERTE MYSLIANDELEN Ole Kristian og Solbjørg fikk prøvd ut flere ting i testperioden. Den første testleveransen hadde ved en feiltakelse fått en mysliandel på femti prosent, mens de øvrige bøndene fikk et fôr med en mysliandel på 10-15 prosent. –Ole Kristian var den eneste av testbøndene som rapporterte om høyere fettverdier, noe som gjorde at vi måtte gå saken nærmere etter i sømmene, smiler Marte.

Resultatet ble en høyere mysliandel. Man gikk opp fra ti-femten prosent til tjue prosent, noe som gjorde at de fleste etter hvert meldte om høyere fettverdier i melka.

Paret på Grøsfjeld hadde ikke fått med seg at de måtte legge inn bestilling på ny rasjon, noe som gjorde at de måtte tilbake til Formel Premium 80 etter første testrunde med det nye fôret. For testingen var dette egentlig hell i uhell. Etter kort tids fôring med Formel Premium 80 gikk nemlig fettprosenten i melka ned med nesten en tiendedel, noe som tilsvarer ni øre.

MER NORSKE RÅVARER Produksjonen av FK Premium Mysli er et resultat av kombinasjonen anlegg som kan produsere mysli og behovet for bruk av en større andel norske råvarer i kraftfôrreseptene, påpeker Marte Refve Johannessen og fortsetter: –Om vi kan erstatte utenlandske fiberråvarer med norske, er det å foretrekke. Produksjonen av FK Premium Mysli begynte med et ønske om å «myslifisere» FK Korngrøpp Bygg istedenfor å pelletere den.

FK Premium Mysli ser ut som en frokostblanding med brune pellets og valset bygg i hvitt.

De to kraftfôrkonsulentene forteller om positive tilbakemeldinger fra så å si samtlige av testbøndene, som de fleste har opplevde stigende fettprosent og finere kumager.

MELKEDRIVENDE PROTEIN –Av årets grovfôrprøver ser vi at særlig deler av førsteslåtten er lav på melkedrivende proteiner. Derfor valgte vi å øke inngangen av dette proteinet i FK Premium Mysli like før lansering, noe som har gitt en liten prisøkning på fem øre, oppgir Marte.

For Solbjørg og Ole Kristian velter ikke dette regnestykket som fortsatt kommer i pluss når de fôrer med FK Premium Mysli: –Like før sommeren fikk jeg rådgiveren i Tine til å se på utviklingen siden vi begynte å teste ut det nye kraftfôret. Hun kommenterte med en gang at vi måtte ha begynt i april, da tallene viste en markant høyere fettprosent i melka sammenliknet med fjoråret. Da jeg snakket med henne for tre uker siden, var tilbakemeldingen at fettprosenten fortsatt var vesentlig høyere enn på samme tid i fjor. Så vi fortsetter med FK Premium Mysli, smiler Ole Kristian.

GODT FORDØYELIG Som kjøleskapsgrøten mange nordmenn har på frokostbordet hver morgen, legges også myslien i FK Premium Mysli i bløt i 24 timer. –Når korn legges i vann, blir næringsstoffer og stivelse mer tilgjengeliggjort, noe som gjør fôret mer fordøyelig, forklarer Marte.

Å få hjelp av kundene i Felleskjøpet til å teste ut nye fôrresepter, er helt avgjørende. De to konsulentene takker Ole Kristian og Solbjørg, og alle andre som har stilt opp. –Det er når vi arbeider sammen at vi finner gode løsninger. Er vi på i alle ledd, kommer også de gode resultatene, fastslår Vilde Bilstad som begynte som salgskonsulent storfe i Felleskjøpet Rogaland Agder i sommer og allerede er godt i gang.

Vi er på konstant jakt etter marginer. Dessuten er det alltid spennende å prøve ut nye ting.

Ole Kristian og Solbjørg Rundevold, melkebønder

This article is from: