3 minute read

Våronn og krig

Det er 2023, folkens. Du les i eit landbruksmagasin frå Felleskjøpet Rogaland Agder. Eg sit ved tastaturet, og anten du trur det eller ei; eg slår så hardt med fingertuppane mot tastane at det faktisk gjer vondt. Normalt skulle eg skrive om noko hyggeleg og gøyalt. Eg skulle ha skapt pirrande godkjensler, og skrive malande og oppløftande om våronna. Om gul sol, blå himmel, svart husdyrgjødsel og spiredyktige raigrasfrø. Om lemming og kuslepp. Om traktorboning og 17. mai. Om vår med ljose dagar, lengting liv og song, og blomar og bier og nyforelska russ i 20 grader pluss.

I staden blir det det motsette. Det blir om eitt tema som ikkje berre er mørkt. Det er kolsvart. For det 21. hundreåret, som etter to verdskrigar skulle ha vore hundreåret for inkludering, rausheit og toleranse blant godt opplyste, fredselskande og vel utdanna menneske her i Europa, har blitt til noko av eit mareritt.

Eg må berre legga meg paddeflat, sjølv om eg har passert seksti, og det kan vera eit strev å koma på føtene att. Eg legg meg flat og beklagar på det sterkaste at eg har levd i den villfaringa at me aldri meir i Europa ville oppleva at sjølv dei verste tyrannar ville bli så inkompetente og primitive at dei går til militært åtak mot eit anna land. Så feil kan eg ta. Så blåøygd og godtruande går det an å bli.

Har du nokon gong prøvd å driva plogspissane ned gjennom ein seig grassvor i april for å pløya? Klart du har. Har du sete i traktorsete med hjarta i halsen i frykt for enga du snur kan vera teppelagd med eksplosive miner som kan ta livet av deg i løpet av eit nanosekund? Sjølvsagt ikkje!

Men dette er kvardagen til våre kollegar i Ukraina, Europa og verda sitt matolje­ og kornkammer, også denne våren. Det verserer mange tal og rykte, så det er ikkje godt å vita kva som er rett. Men ein reknar med at kring 30 prosent av det enorme landet er minelagt av fiendesoldatar som følgjer ordren om å utføra terror mot bønder og sivilbefolkninga elles. Barn. Kvinner og menn.

Heilt opplagt blir det då at optimal gjødsling blir tvingande nødvendig for å sikra gode avlingar på korn, mais og solsikke på arealet som framleis kan nyttast til matproduksjon. Men nei då. Krigen gjer at Ukraina truleg ikkje blir i stand til å gjødsle med meir enn halvparten av den gjødsla som dei har bruk for.

Det ligg an til at president Putin og hans krigsmaskineri kjem til å halda fram med den bestialske krigføringa. Vondskapens terrortyranni som teppebombar sivil infrastruktur for at barn skal lida og frysa og leva i redsel for at far skal bli drepen på slagmarka eller at mor skal bli råka av eit missilåttak på veg frå butikken ser ut til å halda fram.

Terroren er konstant mot eit land og eit folk som ikkje vil anna enn å leva i fred, harva ei kjelva, fø nokre høner, gå på butikken, kjøpa ein ny jakke, drikka øl, senda ein Snap og spela musikk når godkjensla kjem etter arbeidstid på fredag.

Medan det ukrainske folket blir råka direkte, får krigen alvorlege konsekvensar for særleg land i Midtausten og Nord­Afrika, som er heilt avhengig av kornimport frå den næringsrike matjorda i Ukraina.

Fleire vil svelta. Fleire vil lida. Fleire vil døy. På grunn av ein primitiv krig. Det er til å hytta med knyttnevane av. Det er til å grina av. Det er til å langskjemmast av.

I mai er det 78 år sidan krigstrøtte og heimlengtande tyske soldatar måtte rydda minene etter seg langs kysten her hjå oss etter at dei hadde kapitulert. Eg er temmeleg sikker på at min farfar sin generasjon av bønder pløgde desse areala eller sleppte husdyra ut på desse beita med høg puls og hjarta i halsen etter at areala var rydda.

«Krig er forakt for liv», skreiv Nordahl Grieg. Nå er det vår i Europa. Og krig. Ord blir fattige. Formuleringar blir lett til tomme fraser og klisjear. Likevel; denne våren vil våre bønder pløya, harva og slik at nye spirer kan veksa og gro. Me gjer vår plikt og gjer som me alltid har gjort. Men før alt anna sender me våre varmaste tankar til bøndene i Ukraina. Måtte de snart få leva liva dykkar og dyrka maten dykkar i fred!

Har du nokon gong prøvd å driva plogspissane ned gjennom ein seig grassvor i april for å pløya? Klart du har.

Har du sete i traktorsete med hjarta i halsen i frykt for enga du snur kan vera teppelagd med eksplosive miner som kan ta livet av deg i løpet av eit nanosekund? Sjølvsagt ikkje!

This article is from: