1 minute read

Guri Sørumgård Botheim

Høgfjellsmeldinga

Hjerkinn er den siste plassen eg har lyst til å bu, slår Lars fast og skrur på vifta over komfyren.

Advertisement

Hjerkinn er ein slik plass der alt uvesentleg blir viska ut, seier Ragna. Dei grunnleggjande livsvilkåra kjem til syne. Hæ? Lars snur seg og ser spørjande på ho med dei mørkeblå augo.

Du kan vel koma oppover til meg i helgene? seier Ragna. Du treng jo ikkje å bu der.

Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.

Den fyrste oppgåva Ragna får, er å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp –er ho trygg på kontoret, er ho trygg i sin eigen heim? Om fiendane er utspekulerte, er ikkje Ragna heilt framand for dristige arbeidsmetodar sjølv heller.

Ragna håpar at kjærasten Lars vil flytta etter ho på sikt. Men arbeidet med rapporten virvlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei radikal retning. Fortener ho Lars når ho ikkje fortel han alt?

Høgfjellsmeldinga er ein poetisk pageturner om naturrestaurering, kontorliv, radikale meiningar, kjærleik, hemn og usynlege drivkrefter.

This article is from: