10 ÅR MED KJELDA!
Kjelda Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Nr. 1
Mars 2001
Årgang 10
Tiande årgangen
Me har no starta med tiande årgangen av Kjelda. Fyrste nummeret kom i august 1992, det andre i november same året. Det vart med to nummer denne fyrste årgangen. Kvart år seinare har det kome 4 nummer i året. Dette nummeret av Kjelda blir såleis nr 35 i rekka. I alt har Kjelda gjeve nær 1000 sider med historisk stoff frå Sogn og Fjordane. Tingartalet ligg no kring 850.
11 000 bilete frå Sogn Dagblad
Fylkesarkivet har motteke over 11 000 bilete frå den nedlagde avisa Sogn Dagblad. Bileta blir no sikra av fotoavdelinga. Biletarkivet etter Sogn Dagblad er det fyrste samla biletmaterialet frå ei avis som Fylkesarkivet tek vare på. Her eit bilete frå samlinga. Me ser Bitten Hattevik, poststyrar på Buskøy i Solund. Meir side 14 - 15.
Fattigvesenet i Sogn og Fjordane, s. 4 - 6.