Kjelda nr. 2 2009

Page 1

Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 2 - Juni 2009. Årgang 18

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Nytt liv i gamle protokollar Vi som arbeider med arkiv spør oss sjølv ofte: - Kvifor er det slik at store mengder med viktig kjeldemateriale om Sogn og Fjordane ligg fullstendig ubrukt? Det gjeld til dømes dei gamle kommunearkiva. Det er kanskje den viktigaste kjelda til lokalhistorie frå nyare tid. Men i staden for å klage på publikum, må vi spørje oss sjølve: - kva kan vi gjere for å auke bruken av kommunearkiva? Korleis kan vi mest mogeleg effektivt spreie kunnskap om desse verdfulle kjeldene til lokalhistoria om bygdene i Sogn og Fjordane? Det er eit spørsmål som mange innanfor arkivsektoren har stilt seg opp gjennom åra. For vi må vel berre innrømme det: Generelt blir arkiva svært lite brukt; dei ligg der som ”muslingperler som skinner for ingens øyne”, for å seie det med diktaren. Skal kommunen og fylkeskommunen sine rike og verdfulle arkiv få ei rolle å spele, og bli ein viktig kunnskaps-

kjelde må det etter mitt syn gjerast nokre grep. Først og fremst må vi blåse støve av arkiva og få dei opp i dagsljoset, dvs. gjere dei tilgjengelege der folk er og ferdast. Og i våre dagar er det (og vil bli) Internett. Våre viktige kjeldeseriar må publiserast i sin heilskap på Internett, gratis og fritt tigjengeleg for alle. Dernest må det lagast gode verkty for søking, framfinning og lesing. Til sist må det leggjast til rette for at brukarane skal kunne ta tak i stoffet og produsere nye tekstar, nytt innhald, gjerne kopla mot anna innhald og andre tenester på nettet. Vi må lage opne løysingar som kan bruke vårt innhald. Potensialet for spreiing og gjenbruk av innhald er grenselaust. Og viss det blir gjort på ein god måte, kan desse viktige kjeldene vere døropnar for resten av arkiva, dvs skape interesse og kunnskap om alt det andre

Redaksjon

interessante og uoppdaga som finst i kommune- og fylkesarkiva. Draumen måtte jo vere at arkiva om nokre år kunne bli gjenstand for omfattande forsking og bruk, både hjå lek og lærd. Ein slik døropnar kan nettopp vere dei gamle formannskapsprotokollane frå kommunane i Sogn og Fjordane. Fylkesarkivet er allereie komen godt i gong med i gjere dei tilgjengeleg for alle på våre websider. I løpet av hausten og neste år vil tenesta blir relansert med mange nye spanande funksjonar. –Følg med på våre websider! Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar

Snorre D. Øverbø (red.) Marit Anita Skrede, Sturla Binder, Olaf Knarvik Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 155,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Marit Anita Skrede. Utforming: Sogne-Prent AS.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Olaf Knarvik (foto), Fototeknisk avd., 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, olaf.knarvik@sfj.no Karianne Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, karianne.schmidt.vindenes@sfj.no Sturla Binder (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, sturla.binder@sfj.no Gerd Vik (stadnamn/digitalisering) 57 65 64 00, gerd.vik@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, marit.anita.skrede@sfj.no Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (EuropeanaLocal) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (kommunearkiv), tlf. 57 82 50 17, per.olav.boyum@sfj.no Håvard Kastet (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, havard.kastet@sfj.no ABM-Sogn og Fjordane: Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, oystein.asnes@sfj.no Oddvar Natvik, tlf. 57 65 64 05, oddvar.natvik@sfj.no Bjarnhild Samland, tlf. 57 65 64 08, bjarnhild.samland@sfj.no Nettstad: www.fylkesarkiv.no

FRAMSIDEBILETE: Frå gravferda til Emma Hove, 1955. Fotograf: Ivar O. Hove. SFFf-1994251.0030.

2

Personalnytt Håvard Kastet frå Jostedalen er tilsett som arkivar for kommunale arkiv. Han vil ha hovudansvar for elektroniske arkiv, både med rettleiing til kommunar og fylkeskommune, og i samband med avlevering av elektroniske arkiv til depot.

Heidi Rohde Rafto har fullført sitt engasjement ved Fylkesarkivet knytt til prosjektet "Mangfaldige arkiv". Ho slutta 20. mai.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Innhald • Leiar: Nytt liv i gamle protokollar Av Snorre D. Øverbø...................................................................................................................... s. 2

• Stå på, Gamle Innvik Ullvarefabrikk! Av Hermund Kleppa............................................................................................................. s. 4

• Gamal meieribygning på Vassenden Av Hermund Kleppa................................................................................................................... s. 6

• Brekke bedehus Av Hermund Kleppa ........................................................................................................................................................................... s. 8

• Kva tyder “Jølster”? Av Arne W. Aasland................................................................................................................................................................. s. 11

• Langhus på Ålhus i Jølster Av Marit Anita Skrede.......................................................................................................................................... s. 12

• Kraftsats til formannskapet i Eivindvik prestegjeld Av Per Olav Bøyum........................................................................ s. 13

• Kommunalt edruskapsarbeid i Sogn og Fjordane -Frå forbod og straff til råd og hjelp Av Sturla Binder................................................................................................................................................................................................. s. 16

• Årdal kommune 150 år Av Oddvar Natvik............................................................................................................................................................. s. 19

• Forgifta lyd Av Karianne Schmidt Vindenes................................................................................................................................................................. s. 19

• Den siste kvila: Døden som fotografisk objekt Av Elin Østevik................................................................................................. s. 20

• Sogn og Fjordane sett med nye auge Av Heidi Rohde Rafto............................................................................................................... s. 25

• Opprøret i Ungarn 1956 og ungarske flyktningar i Noreg Av Karianne Shmidt Vindenes............................... s. 31

• Irske Potts-poteter i over hundre år Av Hermund Kleppa................................................................................................................... s. 34

• Vel blåst! Av Marit Anita Skrede............................................................................................................................................................................................ s. 35

3


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

KULTURMINNEÅRET 2009

Stå på, Gamle Innvik Ullvarefabrikk!

Av Hermund Kleppa

Innvik Ullvarefabrikk 1900.

”Tidenes kulturfest” var overskrifta på stykket i førre Kjelda om opninga av Kulturminneåret 2009 i Innvik Ullvarefabrikk, torsdag 5. mars. Ein stad mellom 350 og 400 interesserte var tilstades. I den ruvande bygningen fylt opp med gamalt produksjonsutstyr, utstilte gjenstandar og fotografi kom den vel hundre år lange historia til fabrikken tett innpå. Og det fyldige og samansette programmet var med på å levandegjera historia. Kjeldematerialet til kunnskap om Innvik Ullvarefabrikk er rikt og mangslunge: Bygningen, interiøret, svære produksjonsmaskinar og ulike produkt som har kome frå fabrikken, som tøy, ullteppe, pledd og meir. Vidare finst arkiv (rekneskapsbøker, brev o.a.), fotografi, informasjon i trykte kjelder som bøker, blad aviser, og sist, men ikkje minst minne4

stoff; slikt folk hugsar av eiga røynsle eller har høyrt frå andre. Leverandørane og kundane var mange, og heldt til i eit vidt område. Kvart kundeforhold er også ein flik av fabrikkhistoria, at folk tinga tøy eller noko anna frå fabrikken og i mange år gjerne gjorde opp med ei råvare, ull. Ein slags bytehandel. På tilstellinga gav Wald Skaaden, barnebarn til grunnleggjaren, interessante glimt frå fabrikkhistoria, frå det han hugsar og det han elles veit. Ei veke seinare skildra Inge Fænn i Fjordingen eit barndomsminne, om ein gong han som gutunge fekk vera med i fabrikken og sjå alt som rørde seg der. Framfor alt var det ristinga i bygningen som brende seg fast i minnet. Fænn knytte også nokre kommentarar til forteljinga si, om kulturvern og om formidling av historie gjennom musea i inn- og utland – og

framfor alt om potensialet i Gamle Innvik Ullvarefabrikk som historisk attraksjon og turistmagnet.

Eit lite barndomsminne Opninga av kulturminneåret i Gamle Innvik Ullvarefabrikk vart ei minnerik oppleving. Her har både Vikane [lokal nemning for Innvik og Utvik, sørsida av tidlegare Innvik kommune] og resten av kommunen [Stryn] fått ei storstove som må brukast oftare. Rett nok var det golvkaldt, men alt det andre varma. Det vart snakka mykje om kor bygningen rista den gongen det var full drift i bygningen, og det vart snakk om korleis folk bytte ull mot ”innviketøy”. [Det er] Historie for dei fleste etterkvart, men for meg er den mykje omtala ristinga eit spennande barndomsminne. Like etter krigen grodde sanitetsforeningane fram kring i bygdene. Dr. Andenæs


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

KULTURMINNEÅRET 2009 fortalde meg ein gong at største framsteget han opplevde som doktor i Stryn, var sanitetsforeningane og sjukerøktlaga som greidde å finansiera ei sjukesøster i halv stilling. Det hjelpte mykje på arbeidsdagen, eller rettare sagt arbeidsdøgnet. Markane sanitetsforening var ei av desse foreningane. Basaren var hovudinntekta, og mor var formann, som det heitte den gongen. Hovudgevinsten var eit ullteppe frå Innvik Ullvarefabriukk, og det vart satsa mange tiøres lodd for å sikre seg litt ekstra sengevarme til vinterkulden slo inn. Prosessen fram til basaren var fylgjande: Kvinnene i Markane skulle legge kvar sitt kilo med ull i ein papirsekk i Dalesmia. Når alle hadde gitt sin skjerv reiste mor til Innvik Ullvarefabrikk for å levere ulla og hente ullteppe. For meg var dette ein tur ut i den store verda. Først mjølkebilen frå Markane til Faleide med Andreas Bøe ved rattet og pipa i munnen. Frå Faleide var det båt til Innvik, anten Arve Nesdal eller Martin Frøholm. Bestemor var med. Skulle vi til Innvik så skulle vi til Innvik. Det var slektsbesøk, middag og kaffi og kaker. Dagen gjekk og alle hadde tid til å prate.

Det er likevel den ristande fabrikken som sit i minnet, og heisen som tok ullsekken opp gjennom etasjane. Det rista og rista, og ein kar tok meg i handa og viste meg rundt, Ristinga er borte for alltid, men bygningen står der. Vi augnar også eit gryande teikn til nytt liv. Det er brukt mykje pengar, og dersom styresmaktene verkeleg meiner noko med kulturminneår og kulturvern så må dei ikkje knipe att pengepungen. Det er tid for å opne den på vid vegg. Eg har alltid vore interessert i museum og historie. På reiser i utlandet, mellom anna i Danmark, har eg vore innom mange slike museum. Det som har slege meg er at det er liv i utanlandske museum. Vi møter historia gjennom nevenyttige folk som er i arbeid. Norske museum er døde museum, sa ein danske museumsbestyrar eg intervjua ein gong. Han hadde diverre rett, men i Innvik har dei ein eineståande sjanse til å snu på dette. Ullvarefabrikken er industrihistorie, men vi har ein levande i industri i kommunen vår [Stryn] som kunne få utstillingsplass i

desse lokala. Lokal industri i eit hundreårsperspektiv. Eg berre slengjer ut ideen. Og så må vi evne å sjå samanhengane. Vegen er kort til garden Lid og landbrukshistorie. Eg vågar ikkje nemne landbruksskule for det svevar framleis i eit tomrom. Når vi let tankane spinne så ser vi at vegen til Utvik er kort, og også den delen av Vikane har industrihistorie. Vi er stadig på leit etter ”turistmagnetar” som skal få folk til å ta ei ekstra natt i dei mange overnattingssengene vi har å tilby. Det er berre fantasien som set grenser for kva som er mogeleg å få til med utgangspunkt i Gamle Innvik Ullvarefabrikk og det som soknar til, dersom det er vilje til å setje inn økonomiske ressursar. Opninga av kulturminneåret vart ein festkveld, og det er viktig å gå vidare medan ein har feststemninga i kroppen. At det koldna litt i fotblada mot slutten var ikkje nok til å kjøle ned den gode stemninga. Det er på sommarstid at bygningen har sine store sjanse om styresmaktene verkeleg meiner noko med kulturvern, reiselivssatsing og distriktsutbygging

Innvik Ullvarefabrikk kring 1950.

5


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Gamal meieribygning på Vassenden

Av Hermund Kleppa

Gamlemeieriet på Vassenden 2009. Her heldt Vassenden meieri til i åra 1897-1957.

På Vassenden i Jølster står det eit lite hus som skil seg ut frå dei andre. Det ligg tett attmed vegen på den smale stripa mellom E39 og Jølstra. Det bur ikkje folk og der er heller ikkje noka verksemd. Det spesielle med huset er at bygningen blei sett opp i 1897, og at dette var Vassenden meieri i 60 år.

2009 Den gamle meiribygningen er godt synleg frå riksvegen enten ein køyrer sørover eller nordover. Det eine brystet vender mot vegen, det andre mot elva Jølstra. Huset ser ut til å vera lite brukt. Ein snødag viser ingen spor inn til inngangsdørene. To av dørene i svala på nordsida er spikra føre. Ein kikk inn eit vindauga viser at huset blir brukt som lagerplass.

Kring 1940 Gamlemeieriet var noko heilt anna før i tida, då det kom mjølk inn til 6

meieriet og det blei ekspedert smør og ost til Førde og endå vidare. Eit fotografi frå kring 1940 viser eit hus som utvendig er mykje det same som i 2009. Den einaste skilnaden er at pipa er borte, og at dei to dørene på framsida er noko utvida. Derimot er det stor skilnad på aktiviteten ved huset: Det gamle fotografiet viser folk med hestar og meierispann. Ein damesykkel står ved døra på langveggen, kan henda meierska sin?

Meieria i Sogn og Fjordane Meieriutviklinga i Sogn og Fjordane er i hovudtrekk denne: Dei første meieria starta opp på slutten av 1800talet som små grendemeieri. Fleire hadde kort levetid. Etter siste verdskrigen byrja utviklinga mot større meieri som avløyste fleire småmeieri. Denne utviklinga heldt fram til 2002 då fylket stod att med to meieri, stormeieriet til Tine på Byrkjelo og gamalostmeieriet i Vik. Frå det fyrste

meieriet i Vik i 1874 hadde då fylket hatt langt over 100 meieri.

Vassenden meieri Meieriet som stod ferdig på Vassenden i 1897, viste seg å vera liv laga. Mange og etter måten store gardar sikra ei stabil drift. I 1957 vart gamlemeieriet avløyst av ein ny og større meieribygning. Dette var i drift til 1976 då Vassenden meieri gjekk med i Firdameieriet (Sunnfjord Meieri), og mjølka vart frakta til Førde.

Jubileumsskrift Styret i meieriet på Vassenden vedtok på eit møte 27. november 1975 å få laga eit sogeskrift. Formannen i styret, Bjarne Hamar, fekk oppgåva med å samla tilfang og å stå føre skrivinga. Resultatet blei heftet Vassenden Meieri 1897-1976 på 32 sider som kom ut i 1976. I det følgjande tek me med nokre spreidde noteringar frå heftet.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

ning af meierianlegget. I henhold til generalforsamlingens bemyndigelse af 27de Februar d.å. underskrives kontrakt med Tollef Årseth om tomt m.v. Kontrakten er skrevet på stemplet papir til 50 øre.”

Meiersker Dei første meieria vart ofte kvinnene sitt domene, på same måten som fjøsa og matstellet var det på gardane. Første meierska på Vassenden meieri var Hanns Olsdotter Lien frå Førde. Frå februar 1898 fekk ho med seg ei "hjelperske", Nikoline E. Gjesdal. Fleire av meierskene hadde kort tenestetid, andre lenger. Olina D. Sandal var meierske i heile 14 år, frå 1934 til 1948. Vassenden Meieri kring 1940. Eksteriøret er mykje godt det same som 2009. (Foto i Meieribruket i Sogn og Fjordane (1974).

Stort meieri for si tid Meieriet på Vassenden var for si tid eit stort og godt utstyrt meieri. Det var drive med vasskraft. Meieriet hadde langt fleire leverandørar enn det som var vanleg ved andre meieri på denne tida. Hotelleigar Nikolai Nilsen, Vassenden, var ei drivande kraft i arbeidet med å byggja meieriet. Han hadde gode medspelarar i Johs. Kjelsnes og Lars Hammer. Skipingsdagen var 2. februar 1897. 24 interessentar var med på møtet og sette namnet sitt under lovene for Vassenden Meieri. Nikolai Nilsen vart valt til formann i det første styret. Han var også kasserar dei to første åra. Meieriet stod ferdig og kom i drift i oktober 1897.

Litt om byggjearbeidet i møteboka Den første møteboka innheld noteringar om byggjearbeidet. Til dømes står det 11. mars 1897: "År 1897 den 11 Mars sammentrådte bestyrelsen i Vassenden Meieri og overdrog til Ludv. j. Årset og Peder Gjesdal at påbegynde mineringsarbeide for en godtgjørelse af kr. 1,30 pr. dag g at disse to leier andre lige gode fo samme dagløn. Ligeledes besluttedes innkjøpt 2 stenger mineborstål og 2 "sæt" hamre, samt det tiltrængende minerkrudt og "streng": Formanden pålagdes at tilskrive meieriassistent Ihlen om at hans nærværelse ønskes straks for at bistå med planlegning og teg-

Olina D. Sandal, meierske i Vassenden Meieri i åra 1934-1948. (Foto i Meieribruket i Sogn og Fjordane (1974).

Nokre årstal 1897 Skipingsmøte vart halde 2. februar 1897 Meieriet starta opp i oktober 1928 Norske Meieriers Salgssentral (NMS) vart skipa 1932 Alt smøret vart sendt til NMS 1938 Jølster hadde 12 småmeieri 1943 Maskinanlegget vart modernisert 1948 Meieriet fekk godkjent pasteuriseringsanlegg 1957 Nytt meieribygg vart teke i bruk 18. oktober

Meieristyrar John Kvam og kona i gamlemeieriet i 1952. (Foto i Meieribruket i Sogn og Fjordane (1974).

Prenta kjelder: Vassenden Meieri 1897-1976. Hefte, 32 sider, 1976. Sandsmark, Kristian: Meieribruket i Sogn og Fjordane, 1974.

7


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

BEDEHUS

Brekke bedehus Av Hermund Kleppa

Bedehuset i Brekke er eitt av fire bedehus i Sogn og Fjordane som vart bygde på 1970-talet. Huset vart vigsla søndag 15. juli 1973.

Utvendig Brekke bedehus står på garden Tynning, eit par kilometer frå bygdesenteret. Huset har hovudinngang til garderobe og toalett i ein fløy bygd ut frå sjølve huset. I nordre enden er laga til inngang for rullestolbrukarar. Møtesalen har fire vindauga på kvar side og eitt vindauga med glassmaleri i endeveggen mot sør. På framsida er det planta prydplanter langs veggen.

"Vakkert og høveleg" Indremisjonsbladet Sognevarden hadde i august 1973 eit stykke om

vigslehøgtida søndag 15. juli. "Det er eit vakkert og høveleg bedehus bygda har fått", skreiv signaturen "O.M." Tidlegare Brekke kommune hadde gjeve fri grunn og elles eit gamalt skulehus. Mykje av materialen i skulehuset hadde blitt brukt i bedehuset. Heile kostnaden kom på 100.000 kroner, men i denne summen var ikkje rekna med mykje dugnadsarbeid. Johs. J. Takle hadde vore formann i byggjenemnda, og Georg Hjellum hadde vore byggjeleiar.

Vigslingsdagen - i kyrkja Vigslingsdagen byrja med gudsteneste i kyrkja som var fullsett med bygdefolk og tilreisande. Generalsekretær i Indremisjonsselskapet, Gustav Ballestad, heldt preika for dagen, ut frå bibelorda Matt. 7-16.

Brekke bedehus 2008. Huset stod ferdig og vart vigsla 15. juli 1973. Foto: H.Kleppa 8

Han understreka sterkt å først ordna opp med bjelken i sitt eige auga før ein ser etter flisa i auga til bror sin.

Vigslingsdagen - på sentralskulen Etter gudstenesta samlast over 200 menneske i sentralskulen som gjester til lærar Anders Kvamme. Kvamme fylte 90 år denne dagen. Han hadde i mange år vore ein ivrig talsmann for å få reist eit bedehus i Brekke. Det vart servert smørbrød og kaffi. Mange bar fram helsingar. Ordførar Harald Takle takka Kvamme og overleverte ein sjekk på 2500 kroner til bedehuset frå Gulen kommune. Lærar Kvamme takka til slutt for gode ord og gåver og sa at han var ein lukkeleg mann som hadde mykje å takka Gud for.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

BEDEHUS Vigslingsdagen - i det nye bedehuset Klokka 15.00 var bedehuset fullsett til vigslehøgtida, leia av Georg Hjellum. Han ynskte velkommen og las frå Johs. Op. 12,12-25. Han minna om dei mange oppgåvene i Guds rike og om å vera tru i det kallet ein er sett. Deretter las fleire skriftord frå Bibelen: Johs. J. Takle, A.J. Kvamme, Inga Haugland, Ingebjørg Tveit og Malene Engesæter. Soknepresten sa så huset vigsla i namnet til Faderen, Sonen og Den heilage ande. Generalsekretær Ballestad ynskte bygda til lukke med bedehuset og mana folket til å akta og tru Herrens ord. Mange bar fram helsingar, somme også nyttige gåver til det nye bedehuset. Musikklaget i bygda song fleire songar og det vart teke opp offer til bedehuset.

Bruk Brekke kristelege ungdomslag eig bedehuset og er ansvarleg for drifta og aktiviteten. Etter Vestlandske indremisjon sine normalreglar for bedehus skal huset brukast i ”samhøve med Guds ord og sannkjenningi åt den evangelisk-lutherske kyrkja.” Brekke bedehus har vore mykje i bruk sidan huset stod ferdig i 1973. Godt illustrerande i så måte er årsmeldinga for året 2008:

Storsalen 2009. Trefatet Sigurd Nyheim gav til bedehuset i 1989 heng framme attmed vindauga. (Foto utlånt av Erna Kjelby)

Årstalliste 1973 Huset vigsla 15. juli 1973 Småsalen utleigd til Brekke kommune i påvente av nybygg ved Brekke skule. 19781997 Huset utleigd til kommunal barnehage, 19 år. 1989 Kjøpt inn høgtalaranlegg 2004 Kjøpt inn elektronisk piano. (Frå før elektronisk orgel.) 2005 Maleri av kunstnaren Mons Breidvik, gåve frå Karin og Jon Takle. 2006 Bygt rullestolinngang 2007 Rusta opp varmeanlegget

”Brekke Bedehus er ein samlingsstad for born, unge og eldre ved ulike høve. Huset vert brukt til samlingar av ymse slag som møter, festar, minnestunder ved gravferder, barne- og ungdomsarbeid, selskap ved gebursdag, barnedåp, konfirmasjon, o.l.”

På veggen framme i Storesalen heng eit dreia trefat. Det er laga av Sigurd Nyheim og er ei gåve frå han i 1989. Saman med fatet skreiv Nyheim følgjande gåvebrev:

Sameleis seier årsplanen for 2009 noko om aktiviteten på bedehuset: Julefest, konfirmantfest, møte ved Israelsmisjonen, møte ved Sogn og Fjordane indremisjon, påskesamling, familiefest, møte ved tilreisande Anders Alme og haustmesse. I tillegg kjem tysdagskafe og barneforeininga Regnbogen annan kvar tysdagskveld utanom sommarhalvåret.

Fyrste gongen eg var inne i bedehuset so tykte eg verkeleg det var eit koselig hus De hadde fenge. Og eg sat å undra meg på at det verkelig gjekk an å få til noko slikt i Bygda. Og eg skyna at det har vore mykje planlegjing, arbeid og kostnad av folket for å få til noko slikt. Og eg kan tenkja meg De var glade da De hadde fenge huset ferdig.

Då eg stod å brende mønster i dette fatet, so kom eg ihug at det var igentleg altfor stort i ei vanleg stove. I eit forsamlingshus vilde det taka seg bedre ut. Då rann tanken i meg øyeblikkelig at på bedehuset i Brekke vilde det koma meir til sin rett, um det var intresert i det. Og eg gjorde meg den meining, at dei skulde få det, so sant det var intresert. Men so var det ein ting. Vilde dei hava det. Det motte eg fyrst undersøkja.

Trefat på veggen

Bilete av kunstnaren Mons Breidvik. Bedehuset fekk biletet som gåve. (Foto utlånt av Erna Kjelby) 9


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Rundt år for revebjølla Det er 20 år sidan Sogn og Fjordane fekk fylkesblomen sin. Den 6. juni 1989 slutta fylkestinget seg samrøystes til eit framlegg frå Det Norske Hageselskap og professor i botanikk, Olav Gjærevoll, om at revebjølla skulle vera Sogn og Fjordane sin fylkesblom.

Frå vigslingsdagen, søndag 15. juli 1973. (Foto utlånt av Erna Kjelby)

So trefte det so lagleg til at eg fekk snakka med ein mann som eg rekna med hadde vore ein av dei som hadde arbeidt for dette huset. Og eg lagde tankane mine fram for honom slik eg hadde tenkte det. Han var sverande grei og sa med eingong at han syntest

dette var svert posetivt og vart begeistra for det. Modet vaks liksom i meg og då eg høyrde det. Og glad vart eg og. Ingen viste då korleis dette fatet såg ut som eg hadde laga. Um det var noko å hava eller ei. Eg var då ein mann på 75 år då eg laga dette, so det kunde vel ikkje vera so rare greidene å hava kanskje. For arbeidet vert då dorlegare di eldre ein vert. Eg vil vona at De vart so nokolunde fornøgd med fatet og arbeidet mitt. De finn vel ein stad på veggen De kan henja det. Lukke til. Oppedal 18 mars 1989 Sigurd Nyheim (namnetrekk) Kjelder: Sognevarden. August 1973. Informasjon frå Erna Kjelby.

Frå jubileumsfest 1998. Bedehuset 25 år. Johs J. Takle (venstre), formann i byggjenemnda 1973, og prest Olav Rossabø som vigsla huset i 1973. (Foto utlånt av Erna Kjelby) 10

Sogn og Fjordane fekk fylkesblomen sin, revebjølla, i 1989. At fylket skulle ha sin fylkesblom, og at fylkesblomen skulle vera revebjølla, er forankra i fylkeskommunen sine øvste politiske organ. Fylkesutvalet handsama saka på møte 19. april 1989. Fylkesutvalet rådde til at fylkestinget fatta vedtak om å slutta seg til eit framlegg som var kome frå Det Norske Hageselskap og Norsk botanisk forening om at revebjølla skulle vera Sogn og Fjordane sin fylkesblom. Fylkestinget handsama saka under sak 1 på fylkestinget 6. juni 1989 og slutta seg samrøystes til framlegget.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Kva tyder ”Jølster”? Av Arne W. Aasland

Biletet er teke ca 1900, og syner starten av elva jølstra ved Vassenden i Jølster.

Både i Ryghs ”Norske gaardnavne” (1918) og Eivind Vågslids ”Stadnamntydingar 2” (1974) finn vi tilløp til forklaring av namnet ”Jølster”. Dei knyter seg til elv og vatn. Bygdebokforfattaren Albert Joleik har derimot prøvd å forklare namnet ut frå ein buskvekst. Denne teksten fører vassdragtolkinga vidare, men lesaren må ta den som eit forsøk for underteikna si rekning.

PROBLEMET Namna ”Jølster”, ”Jølst”, ”Jølstra” og ”Jølstravatnet” heng språkleg saman. Stammen ser ut til å vere ”jølstr” sidan ein ikkje snakkar om ”jølstingar”. Kva dette ordet kjem frå, må vi rekonstruere fordi dei eldste formene, frå 1300-talet, ikkje seier nok. Utgangspunktet ligg truleg langt over 1000 år tilbake. Ei vellukka tolking bør få alle formene på plass.

VATN OG ELV Dei eldste formene av ”jølstr” gjeld bygdenamnet. Elvenamnet finn vi stava som ”Jylster elv” og liknande i eldre dokument. Det tyder på at folk

sa ”Jølsterelva” eller ”Jølstraelva”, og at ”Jølstra” er ei kortform av dette frå dei siste 3-4 hundreåra. Namnet på vatnet er utan tvil eit sekundærnamn til bygdenamnet. Kva er då utgangspunktet for bygdenamnet? Sidan vatnet dominerer Jølster, og den vassrike elva er strengen mellom bygd og sjø, er det svært sannsynleg at namnet har med vassdraget å gjere. ”Jølstr” er heller ikkje gardsnamn eller grendanamn, og må då vere knytt til ein fellesnemnar for bygda. Elvar og store vatn fekk namn svært tidleg.

JOLMSTAR 1338 Frå ei rettsak i Breim 1338 har vi den eldste kjende forma av bygdenamnet. Saka galdt rettane ”jolmstar verir” (jølstringane) hadde til naust og beite på Sandane. ”Jolmstar” er eigeform, anten feilstava (for ”Jolmstrar”) eller eit uttrykk for uttalen blant folk. Då blir grunnforma (nominativ) ”Jolmstr”. Dokumentet er heller ikkje eintydig på o-lyden. Men berre o med kvist (kort å-lyd) gir oss eit spor. ”Jolm” kan då vere eit substantiv av ”å jalma”, som tyder ”gjalle, brake,

ljome”. Vi kjenner det frå engelsk ”jam session”. Verbet peikar mot elva, som har mange strie stryk og den lange Stakaldefossen; ”støtande foss”, som Vågslid har tolka den. Jølstra kan då ha hatt namnet ”Jalma”, ”ho som brakar”. Kanskje galdt namnet også Jølstravatnet. Nokre forskarar skal ha nemnd ”linn susing” som ei sidetyding av å jalma. Det passar på vatnet.

JOLUISTER 1367 Vi har endå ei gammal form, ”Joluister”, frå 1367. Den finst i ei avskriving frå 1500-talet. Forskarane har meint at her ligg ein feil. Forma skal vere ”Jolmster”. Men ein skrivar frå 1367 har og god kunnskap om gammalnorsk, og kan ha skrive noko reelt om opphavet til ordet. Vågslid ser her ei mogleg forklaring på endinga ”-str”, som er eit hovudproblem i Jolmstr-namnet. Endinga finst i nokre stadnamn, som t.d. Luster og Isteren, men er gåtefull.

JOLMUVISTR? ”Joluister” set Vågslid

på ordet 11


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

”vistr”, som tyder ”buplass med mat”, seinare ”føderåd”. ”Viste” er gardsnamn i Randaberg og på Voss, begge med gammal busetting, men bør eigne seg som bygdenamn. Jølster-namnet kan då vere ei samansetting av ”Jolmu”, eigeform av ”Jalma” og ”vistr”, altså ”buplass med mat ved Jalma”. At det var råd å bu så langt frå sjøen, må ha vore eit springande punkt då folk busette seg i innlandet. Namnet blir då både rettleiande om lokaliseringa og ein slags reklame. Her var mat nok.

”Jollstr”, kunne folk ikkje lenger høyre at elvenamnet ”Jalma” låg inni bygdenamnet. Men det var viktig å ha eit elvenamn som knytte seg til bygdenamnet. Bygdenamnet var no eit betre særmerke for elva enn at ho ”jalma”. Dermed kom forma ”Jølstraelva”, som sidan blei forenkla til ”Jølstra”. Ein parallell til dette er ”Nausta” i Naustdal. Ei elv kan ikkje ”nauste”, og opphavet må vere ”Naustdalselva”, som så har fått ei kortform.

INNSJØEN FORKLARING Formene Jolmstar og Joluister ligg nær kvarandre i tid, men er tilsynelatande svært ulike. Ei forklaring kan vere at begge skrivarane visste noko om opphavet til namnet, som var under radikal forenkling. I folkeleg uttale var uttalen alt blitt ”Jollstr”. Første skrivar la inn att ”m” til ”Jolmstar”, siste skrivar eit fyldigare andreledd ”-uister” til ”Jolluister”. Kanskje har han også skrive ”-vister”, som på 1500-talet blei mistolka til ”uister”? Når vi støter på namnet sidan, er forma stabilt ”Jøllster”, der ”o” har opna seg til ”ø”.

NYTT ELVENAMN Då ”Jolmuvistr” var brote ned til

”Jalma” kan ha vore namnet også på det store vatnet frå starten av. Men meir sannsynleg er forma ”Jolmu sær” (sjø). For ordet ”sær” har vore aktivt i området. Vi veit at Holsavatnet var ein ”sær”, og vi finn garden ”Seim” (av Særheimr) ved Breimsvatnet. Ved Jølstravatnet er namnet ”Sægrov” ein mogleg rest av at ein omtalte vatnet som ”sær”. Men også dette namnet blei det betre å knyte direkte til bygdenamnet, som ”Jølstravatnet”.

JØLSTER OG JØLST

ordet som eit særnamn og heller skaut inn ein ”e” for å lette uttalen. ”Joluister” 1367 kan vere eit vitnemål om det. Kanskje hadde ein ei kjensle av at ”r” hørte med fordi den var innarbeidd i ”jølstring” og eigeforma ”jølstra-”. Også dativ levde vidare i jølstramålet. Dativforma, etter preposisjonen ”på”, skulle teoretisk bli ”Jollste” ut frå ”viste”. Men sidan forma var tydeleg nok utan ”e”, fall ein truleg ned på ”Jollst” ganske raskt, kanskje alt før samantrekkinga av namnet. Varianten ”Jølst”, som mange jølstringar likar å bruke, bør ein då reservere til uttrykket ”på Jølst”, slik praksis stort sett er.

KONKLUSJON Med eit visst atterhald for at det er verbet ”jalma” som ligg i ”Jolmstar”, og eit større atterhald for å lese ”vistr” ut av forma ”Joluister”, har vi då ei forklaring på korleis Jølsternamnet og sekundærnamna er blitt til. Opphavet ligg i den brakande elva og i at området kring elv og vatn gav grunnlag for fast busetting. ”Jolmuvistr” var ”buplassen med mat ved elva Jalma”.

Etter vanleg språkutvikling, skulle forma ”Jollstr” ha mista ”-r” etter gammalnorsk tid. Det skjedde ikkje. Forklaringa kan vere at ein oppfatta

Langhus på Ålhus i Jølster Eit langhus på 41 meter er den siste månaden avdekka og undersøkt av tre arkeologar frå Bergen Museum. Dei arkeologiske registreringane som tidlegare er utført av Kulturavdelinga i fylkeskommunen viste at bygningen var i bruk i folkevandringstida (400-570 e.Kr). Undersøkingane som Bergen Museum har gjort vil gje utfyllande kunnskap om når bygningen har vore i bruk, og korleis den vart brukt. Dei førebelse resultata viser at langhuset var 41 m langt og 7 m breitt. Arkeologane har også funne spor som tyder på at det har vore fire dører i huset, to på kvar langside. Det er også ting som tyder på at huset har vore delt i fem rom. I tillegg til langhuset er det funne fleire kokegroper og spor etter dyrking. Det er dyrkingsspor i form av ardspor og åkerlag. Det yngste åkerlaget er datert til vikingtida (800-1000), men det er forventa at dateringane på dei eldste åkerlaga vil bli trekt bak til eldre bronsealder (rundt 1500 f.Kr). Ei kokegrop er datert til romartid (0-400 f.Kr). Den faktiske kunnskapen me sit med i dag, er at dette området har vore nytta i årtusenet etter Kristus.

12

Av Marit Anita Skrede Etterarbeidet til utgravinga vil gje mange fleire svar på når området var brukt og kva aktivitet me kan knyta til huset og området rundt. Feltleiar Anita Haugen har sagt seg viljug til å skriva ein artikkel til Kjelda der ho fortel om resultata frå utgravinga. Denne artikkelen vil koma i julenummeret. Me ser fram til å få meir og inngåande kunnskap om dette spanande området – garAudun den der Hugleikson fekk ført opp borga si på 1200-talet!

Feltleiar Anita Haugen skal skriva ein artikkel om utgravingane på Ålhus. Artikkelen blir presentert i julenummeret av Kjelda.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Kraftsats til formannskapet i Eivindvik prestegjeld

Av Per Olav Bøyum

Biletet viser Herresalen i Eivindvik til venstre for kyrkja. Huset vart bygt i 1819, og var prost Dahl sin bustad. (Fotograf: ukjend. SFFf-95155.0004)

Formannskapslovene frå 1837 var ikkje krystallklårt utforma med omsyn til kor langt kommunane sitt kompetanseområde skulle strekkje seg. Det førte fleire gonger til konfliktar mellom dei nye styringsapparata og høgare autoritetar. Formannskapet i Eivindvik hamna allereie i 1838 i ein heftig krangel med amtmannen om grensene for myndigheitsfeltet deira.

folkeopplysing Dahl i ettertid har hausta størst anerkjenning, men han førte òg ein strid kamp mot alkohol, sedløyse og fattigdom. I Eivindvik fekk han skipa eit fattigstell som var mønstergyldig. Alle som ikkje kunne ta vare på seg sjølv, fekk eit anstendig tilbod om hjelp. Blant anna skal legdlemmene ha fått utdelt tobakk, og det var visst heller ikkje det minst «nødtørftige» dei fekk.

Eivindvik prestegjeld omfatta omlag det som i dag er kommunane Gulen og Solund. Det blei i 1837 utgangspunkt for eit eige formannskapsdistrikt (kommune) med «Eivindvigens anden skaber», prost Niels Griis Alstrup Dahl, som fyrste ordførar. Dahl kom til Eivindvik i 1804, og fram til han døydde i 1853 la han for dagen eit samfunnsengasjement utanom det vanlege.

Men offentleg forsorg kosta, og fattighjelp var ein av dei store kommunale utgiftspostane. Alle tiltak som kunne avgrensa dette kostnadssluket var såleis av det gode. Dahl såg særleg på alkohol som eit samfunnsnedbrytande element som førte mange ut i fattigdom og elende. Av eiga lomme kjøpte han opp tre gjestgjevarstader, for slik å sikre seg at det ikkje vart servert brennevin der.

Det er for arbeidet innan jordbruk og

Rusdrykken førte ikkje berre til at

bønder drakk seg frå gard og grunn, i fylgje Dahl var det òg ei kopling mellom brennevin og sedløyse: Med Nattesværmeriet vedblir det, trods alle Forsikringer, omtrent som før der hvor en har Brændevin i tilstrækkelige Mængder, andre Steder der dette er i Avtagende, minker ogsaa Nattesværmeiet som en naturlig Følge af det. Dahl formidla her synspunkt som går att i mange visitasmeldingar frå 1800-talet. Brennevin blei sett på som årsak til nattefrieri og uekte fødslar, og særleg ille skal det ha vore i delar av Sogn.

Nattefrieri og horelivnad Det er ikkje overraskande at kampen mot alkohol og lauslivnad blei ført inn i det nyskipa formannskapet for Eivindvik, der Dahl sat som ordførar dei fyrste 12 åra. Saka som fekk amt13


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

mannen til å ta fram fjørpenn og papir blei handsama av dei folkevalde i 1838. Formennene retta innleiingsvis søkeljoset mot det usedelege nattefrieriet: [...]den Orden der paaligger enhver Husfader i sit Huus at overholde og iagttage med Hensyn til at forekomme Ungdommers usædelige og letfærdige Omgang og Forhold, bekjendt i Sogn under Navn av Nattesværmen, at være af yderste Vigtighed, da Ungdom af begge Kjøn forsøge paa af Husbonderne at tiltvinge sig Rettighed til hver Helligdags Aften og oftere at søge Omgang med hinanden. Denne fordærvelige Uorden har hidtil ikke været gængs her i Præstegjeldet. Nattefrieri – skikken at gutar besøkte jenter om natta – hadde lange røter, og skal ha vore særleg utbreidd i Indre Sogn. Slike usømelege vitjingar var visstnok sjeldsynte i Eivindvik, men det hadde blitt observert på eit par gardar i Brekke sokn: [...]denne Uorden har insmøget sig og endog draget til Følge ei mindre end 7 a 8 personer f.a. bleve venerisk smittede, og foranledigede Communen ei Liden Omkostning ved at Læge maatte tilhentes, og alle disse personer gientagne Gange maatte transporteres til Bergen og Sygehuset i Sogndahl. Syndarane kom visstnok frå andre prestegjeld, nokre av dei også frå Bergen. Dahl og medhjelparen hans greip då inn og bad bøndene på dei to gardane om å vise vekk dei aktuelle personane. Men eit par av dei – ei jente og ein gut – hadde etter kuropphald kome attende til Brekke og drive hor, høvesvis med ein gift husmann og ei enke. Resultatet var to uekte born. Nok ein gong vart det servert pauli ord om å vise dei vekk, men denne gongen til ingen nytte. Formennene oppmoda difor presten om å gå til sorenskrivaren og be han – utanom justisprotokollen – å ta opp forholdet med dei to bøndene det galdt. Viss dei framleis var steile og let sedløysa breie om seg på gardsbruka sine, vart neste stig at «et 14

Forhør til Politiretsags Anlæg maatte institueres». Korkje bonde eller tenestemann slapp unna: [...]«den første for at have sadt sig udover de af Sognepresten og ham givne Advarsler, og den anden for et beviselig førte usædelige Levnet.» Formennene meinte såleis at tvang mot både dei to tenestefolka og husfedrane deira var på sin plass for å hindre umoralske tilstandar i soknet. Når innstendige formaningar ikkje nådde fram, var det naudsynt å kople inn rettsstellet.

Kamp mot «ubetimelige» ekteskap Ei anna sak som vekte harme hjå amtmannen var formannskapet sin freistnad på å hindre giftarmål mellom folk som hadde spinkle utsikter til å livberge seg sjølv. Småkårsfolk med store barneflokkar blei sett på som ei tung bør for fattigstellet. År om anna kunne talet på born i Gulen som vart sette bort på legd kome opp i 30-40. Dahl opplyste at det i lengre tid hadde vore [...]”forsøgt at sætte Grænser for ubetimelige Ægteskabs forbindelser og den byrde Fattigvæsenet derved paaføres». På den måten hadde fattigstellet blitt spart for store utgifter. Men Dahl var no komen til eit punkt der han ikkje lenger tykte seg å ha mynde til å vedlikehalde ordninga. Han meinte difor at formennene og representantane skulle skipe til eit system der forlovarane tok på seg ansvar for «Bidrag til de Børns Forsørgelse hvis Ægteskab de have fremmet ved at være Forlovere». Formennene stetta forslaget til ordføraren. Å stille opp som forlovar skulle såleis innebere ei plikt til å ta på seg dei utgifter som ekteskapet eventuelt ville påføre fattigkassa. Om naudsynt skulle det vere mogleg for fattigkommisjonen å stemne forlovarar til forlikskommisjonen. Men formennene la til at forslaget fyrst måtte godkjennast av representantane, og at det dessutan måtte bli funnen ein lovheimel til forslaget.

Amtmannen reagerer Formannskapslovene slo fast at amtmennene skulle godkjenne vedtak i

dei nye folkevalde organa. Enkelte økonomiske avgjerder trong dessutan å bli approbert av regjeringa. Halvannan månad etter dei to vedtaka i Eivindvik formannskap kom det tilbakemelding frå amtmann Kastrup i Nordre Bergenhus. Det var uvanleg krast: Amtet vil ikke her omtale det Latterlige i at ville bringe Sædelighed og Orden tilveie ved at nægte Personer som have begaaet Leiermaal, at tage Tjeneste hvor de vil og kan erholde den – Man vil ikke omtale det Fordærvelige det prohebitiesystem, som gaaer igjennom Formandskabets Forhandlinger og Beslutninger, ligesom dette altid har været Ordførerens System, men man vil her Herigjennom paa det kraftigste protestere mod at Formandskabet tillader sig at agere Lovgiver, at tilsidesætte den giældende Lovs Forskrifter i den forfængelige Indbildning, at det spiller en sand Reformators Rolle, og idet Man Herigjennom opfordrer Formandskabet til at giøre sig Rede for, hvad dets Function egentlig er, for i fremtiden at undgaa at giøre Skridt, som det omhandlede, der maaske end og kunde qvalifisere sig til Paatale, tilkjendegive Man tillige, at Amtet af al Magt vil modarbeide Beslutningers Udførelse af saadan Beskaffenhed, som overnævnte, som strider mot Lov og Ret. Amtmannen reagerte særleg på saka om sedløyse i Brekke. Det et tydeleg at han oppfatta vedtaket slik at formannskapet hadde tvunge seg til ei lovgivarrolle. Opplagt er det òg at han sette inn eit særleg stikk mot ordføraren. Formelt var det sjølvsagt formannskapet som stod for vedtaket, men arkitekten bak mange av sakene formannskapet i Eivindvik handsama, var naturleg nok prost Dahl. Dahl var ein myndig mann som kriga heilhjarta for dei sakene han brann for. Til dømes kom han fleire gonger i konflikt med lensmenn og gjestgjevarar i kampen for å stanse sal av brennevin. I 1833 fekk han dessutan refs av amtmann Kastrup fordi han let bygdevektaren sende ein fattigmann attende til Bergen. Personen hadde


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Formannskapet svarer på kritikken Formennene viste til paragraf 21 i formannskapslova då dei tok opp saka om sedløyse i Brekke sokn. Den presiserte ansvars- og kompetansefeltet til formannskapet slik: at vaage over Kommunens eller dens enkeltes Afdelingers Rettigheder og paase sammes Anliggenders ordentlige og sparsommelige Forvaltning, saavelsom i enhver anden Henseende at varetage Kommunens Gavn og Bedste. Paragrafen inneheldt òg andre oppgåver og plikter, men det var passusen ovanfor som krita opp grensene for det kommunale sjølvstendet. Dahl viste sin stordom på mange felt. Særleg innan jordskifte var han ein framsynt person. Formidabel var òg innsatsen for folkeopplysing, skule- og fattigstell. Det er iaugefallande kor store personlege offer han la ned som samfunnsbyggjar. Av eiga lomme betalte han til dømes for vegbygging, kjøpte skulehus, spanderte utdanning på lærarar og tok til seg fattigborn til oppfostring. Dette biletet av Dahl hang i kommunestyresalen i Eivindvik. Lenge trudde ein det var av prosten, men det har seinare kome fram at det er av Niels Nielsen Dahl, sokneprest i Eid og stortingsmann frå Søndre Trondhjems Amt. (Fotograf: ukjend)

etla seg Trondheim og passet var i orden, men Dahl mistenkte at han ville tigge på vegen gjennom Eivindvik, og det fann ikkje prosten seg i. Det er fleire slike eksempel på at Dahl tukta og straffa folk, og kanskje til og med tøya lovverket meir enn kva godt var. Kastrup støtte nok Dahl sin paternalisme, men i synet på formannskapslovene stod dei på kvar sin kant. Medan Dahl var ein overtydd tilhengjar av lovene, uttrykte amtmannen seg kritisk til kommunalt sjølvstyre. Som mange andre embetsmenn var Kastrup bekymra for om ålmugen var tilstrekkeleg opplyst og mogen for det ansvaret formannskapslovene innebar. I Eivindvik var det rett nok ikkje berre uvitande bønder som var problemet. Det er tydeleg at amtmannen like mykje såg seg lei på det «prohebitiesystem» som den eigenrådige ordføraren hadde utvikla.

Så kva var eigentleg funksjonen til formannskapa? Historikarane Edgar Hovland og Sverre Steen understrekar båe at verkeområdet var temmeleg vagt definert. Tradisjonelt har kommunane sin kompetanse blitt negativt avgrensa. Dei kunne treffe vedtak så lenge desse ikkje utrykkeleg var i strid med lovverket. Konsekvensen blei at lova måtte bli tolka, og i praksis gå seg til gjennom approbasjonssystem og prøving av saker til regjeringa. Formannskapet i Eivindvik kan såleis ikkje skuldast for å ha drive rå sjølvtekt; ved å vise til paragraf 21 i formannskapslova hadde dei funne ein heimel for vedtaka sine, men amtmannen var altså ikkje samd i denne tolkinga Formennene hevda difor at dei var blitt misforstått av amtmannen. Dei understreka at saka om sedløyse i Brekke ikkje innebar eit generelt forbod mod leiermål, men at det galdt personar som nyleg hadde blitt smitta av kjønnssjukdommar. Når det galdt saka om å hindre ekteskap som kunne føre til ei belastning for fattigstellet, peikte formannskapet på at heller ikkje dette var eit lovpålegg, men fullt ut ei frivillig ordning. Avslutningsvis kom formannskapet med formuleringar som tyder på at dei likevel tok sjølvkritikk for dei

to sakene amtmannen hadde nekta å godkjenne: Til slutning bemerkes, at Amtet kan være forvisset om, at skulle end Evindvigs Formandskab nære Anskuelser, og i sin Tid fatte Beslutning, som Amtet for sit Vedkommende ikke deler, er det dog Formandskabets kjæreste Ønske, samt ufravigelige Pligt med at modtage og benytte Amtet, som indsigtsfull og rettskaffen Mands Raad og Veiledning, i fuld Erkjendelse af hvormeget der kan mangle i, at Formandskabet ikke kan formaa fuldelig at sætte sig ind i en saa aldeles uvandt og ny Indretning, samt alle dens former. Den fyrste tida etter at formannskapslovene blei sanksjonerte var ein læringsperiode for både lokalt folkevalde og amtmenn. Slik måtte det nesten bli, ettersom fleire av paragrafane var vage og difor trong å bli tolka. I Eivindvik blei truleg konflikten mellom formannskapet og amtmannen ytterlegare tilspissa ved at ordføraren var ein stridshuga person, glad i tukt og tvang, både mot stein og stril. Kjelder: Gulen kommune. Formannskapet. Møtebok 1837-1885 Gulen kommune. Formannskapet. Korrespondanse/saksdokument Litteratur Hovland, Edgar: Grotid og glanstid. S. 30153. I: Folkestyre i by og bygd: norske kommuner gjennom 150 år. Oslo: Universitetsforlaget, 1987 Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl. S. 10-28. I: Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn, nr 17 (1955) Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl: II. S. 76-90. I: Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn, nr 18 (1956) Randal, Aud: Eivindvigens anden skaber: Niels Griis Alstrup Dahl (1778-1852). Hovudoppgåve i historie - Universitetet i Bergen, 1995 Seip, Hans: Sogn og Fjordane: eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune, 1958 Steen, Sverre: Lokalt selvstyre i Norges bygder: første fase. Oslo: Cappelen, 1968

15


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Kommunalt edruskapsarbeid i Sogn og Fjordane

-Frå forbod og straff til råd og hjelp Av Sturla Binder Eit overordna mål for alkoholpolitikken i Noreg var å hindre at folk misbrukte alkohol, men historia syner at det har vore ulike syn på korleis ein skulle gå fram for å oppnå målet. To verkemiddel synast å vere sentrale: Å hindre tilgang til alkohol, og tvinge misbrukaren til å avstå frå alkohol. Når dei kommunale edruskapsnemndene vart sett ned gjennom edruskapslova av 1932, var det på mange måtar resultat av erfaringar med bruk av desse verkemidla i kampen mot alkoholmisbruket.

Under fattiglovas regime. ”Lov om fattigvæsenet i Kjøbstæderne” i 1845 gjorde det mogleg å setje personar på tvangsarbeid i tukthus grunna ”ørkesløshed” (dagdriveri) og drukkenskap. Kort tid etter vart ”Tvangen” i Bergen ein berykta tvangsarbeidsanstalt. I eit fleirtal av sakene er drukkenskap nemnt som ei av årsakene til innsetjing, og drukkenskap vart igjen knytt opp mot mistanke om kriminell handling ved at dei ”af den Grund ikke kunne lovlig ernære sig”. I 1865 inngjekk leiinga ved anstalten ein avtale med Nordre Bergenhus amt om å ta imot tvangslemar frå kommunane, men mottaket var ikkje særleg omfattande. Det er gjort ein studie av personar med ”karriere” som innsett i tvangsarbeids- og straffanstaltar i Bergen ca 1850-75. Den syner at det mellom 15. august 1865 og 22. juni 1867 fann stad til saman 327 innsetjingar, men frå Sogn og Fjordane var det blant desse berre ein frå kvart av fogderia. Tvangsarbeid var altså inga løysing kommunane tydde til i nokon særleg grad, men det var sikkert greitt å ha som siste utveg. Av dei innsette som hadde heimstad i Sogn og Fjordane i heile den perioden som studien tek for seg, var dei fleste rekruttert frå Sogn (Ulvund 2003). I den kommunale møteboka frå Leikanger i 1872 finn ein eit sjeldant døme på korleis ein kommune kunne ty til tvangsarbeid som løysing. I saka kjem det fram at Erik Eriksen Henjum (fødd 1855) hadde vore innsett på Bergens tvangsarbeids anstalt i tre månadar. Innsetjinga vert grunngjeve 16

Teikning av manufakturhuset i Bergen frå 1765. Det vart brukt som tvangsarbeidsanstalt kort tid etter fattiglova kom i 1845. Den vart først lagt ned i 1912. Illustrasjon henta frå wikipedia

med at han er ”hengiven til Ørkesløshed og ikke lovlig kan ernære sig”. Faren, Erik Johannesen Henjum, måtte betale kostnadane kommunen hadde til transport. Det gjekk nok ikkje så bra med sonen. I 1875 er han registrert som tukthusfange i folketeljinga for Bergen.

Lausgjengarlova Medan fattiglova av 1845 skulle hindre drukkenskap utelukkande ved hjelp av straff og refs, la lausgjengarlova i 1900 meir vekt på behandling. Vel å merkje var det ikkje snakk om behandling slik vi tenkjer oss i dag, men stort sett hardt arbeid og fråhald frå alkohol. Vidare bar behandlinga preg av tvang, og vart primært ei straffelov. Men lova var viktig fordi behandlingstanken vart etablert.

”Alkoholnemnd” etter mønster frå Sverige Resultata av behandlinga var sørgjelege, og dei fleste vart domfelt kort tid etter opphaldet på kur- eller tvangsarbeidsanstalt. Situasjonen kravde alternative tiltak overfor alkoholmisbrukarane, og blikket vart retta mot Sverige. Der hadde det over lengre tid vore ein diskusjon om korleis problemet med misbruk kunne løysast. Merksemda vart retta mot førebyggjande tiltak. Stort sett ville det seie avgrensing av omsetjinga av alkoholhaldig drykk, men kunne misbruksproblemet løysast utan totalfor-

bod? Ei førebyggjande ”alkoholnemnd” vart føreslått. Ho skulle trå støttande til overfor misbrukarane og familiane deira, både økonomisk og sosialt. Berre i siste instans skulle ein bruke tvangsinternering. I Noreg vart det i 1910 sett ned ein statleg alkoholkommisjon. Eit sentralt medlem her var Johan Scharffenberg. Han vidareførte den svenske modellen med lokale nemnder til norske forhold. Kvar kommune skulle opprette eit eige organ som skulle ha ansvar for offentlege tiltak mot alkoholbruken. Lensmannen skulle vere formann i nemnda. Dessutan skulle nemnda ha ein lege eller andre medhjelparar for å undersøke drikkfeldige og gje råd og støtte til pårørande. Det var opp til nemnda å avgjere om ein person var drikkfeldig, og eventuelt bestemme åtgjerder. Tiltak som nemnda kunne setje iverk kunne vere alt i frå å nekte vedkommande å kjøpe alkohol til å sjå til at misbrukaren vart lagt inn på kurstad, psykiatrisk klinikk eller tvangsarbeidshus. Forslaget til Scharffenberg liknar mykje dei edruskapsnemndene som sidan vart etablert. Kommisjonen romma ulike syn på kor langt ein skulle gå når det gjaldt kontroll. Schaffenberg var den ivrigaste pådrivaren for eit totalt forbod mot alkohol.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Forbodstida Forbodet mot brennevin og heitvin som varte frå 1919-1926, hadde stor innverknad på etableringa av edruskapslova i 1932. Sjølv om folkeavstemminga i 1919 gav ein klar siger for forbod, utvikla det seg til ein fiasko. Forbodet var meint å få bukt med drukkenskapen, men fekk berre liten verknad. Årsaka var mellom anna manglande respekt for fleirtalet sin vilje både frå myndigheiter og meinigmann. Dette synast ikkje så rart når sjølv statsminister Otto B. Halvorsen frå Høgre uttalte at han såg på avstemninga som eit folkebedrag. Sjølv i eit sterkt fråhaldsfylke som Sogn og Fjordane kan vi sjå utslag av denne manglande respekten. I alle høve om vi skal tru medisinalberetningane frå legane i dei forskjellige legedistrikta. Det vi må ta omsyn til når vi les denne type skildringar, er at motstandarane av forbodet nok ville trekkje fram til dømes smugling og heimebrenning som naturlege utslag av forbodet. Motsett ville fråhaldsfolket forklare lovbrota med passiv haldning frå myndigheitene til denne type kriminalitet. For åra 1919 og 1921 finn vi følgjande omtaler av edruskapen: Leikanger 1919: "Edrueligheten synes ikke å være så god som tidligere. Der brygges maltøl, rosinvin og moseøl, og

anleggsarbeidere, som kommer hjem, skal også ha med seg sterkere saker". 1921: "Edrueligheten er ikke så god som før. Møreøl, heimabrent og 'pip pip', en vare, som tillaves av rosiner og gjær - nytes av ungdom til overmål". Vik 1919: "Edruelighetstilstanden er langt i fra god tross forbudet, og den almindelige mening er, at der aldrig har været så megen fyll som nu, og de dårlige varer vino blanco og tinto, som nytes er årsak i at lægen ofte søges, hvor årsaken er 'tømmermenn' som varer i dagevis. Nærsagt hver båt kommer med kasser av disse viner". 1921: "Den gamle ølbrygning har tatt sig betydelig op, men 'heimebrenning' forekommer likevel. Tallet av avholdsfolk minker jevnt, snart er de kun en saga blot, hvis forbudet vedvarer". Kyrkjebø: "Drikkfeldigheten og usedeligheten er ringe". Naustdal 1919: ”Bruken av hjemmebrygget øl er øket efter forbudsbestemmelsene. Der lages også et produkt av sukkervann og gjær, som kan virke ganske kraftig berusende. De fleste drikker hele suppen, når den er ferdiggjæret, men nogle forsøker sig på destillasjonskunsten med større eller mindre held. Jeg har latt undersøke destillatet, som viste sig å holde 55 pct". Førde 1921: "Av alkoholholdig drikke nytes hjemmebrygget øl, der kan være meget sterk, og gjæret 'sukkervatn'. Drikkfeldighet er skjelden". Bremanger 1921: "...alkohol betraktes som universalmiddel" Vågsøy 1921: "Edrueligheten og sedeligheten er bra, men det er her som andre steder: moralen og ansvarsfølelsen er slappet efter krigen og høikonjukturen". Ytre Nordfjord 1919: "Noget større misbruk av drikkevarer er der ikke, men det ser ut som vindrikkingen tiltar".

Johan Scharffenberg (født 23. november 1869, død 1. februar 1965) var ein norsk psykiater. Han var dessutan kriminolog, samfunnsforskar og forfattar, samt medlem av Alkoholkommisjonen og aktiv i fråhaldsrørsla

Innvik 1919: "Forbudet har brakt frem igjen det gode hjemmebryggete øl, som der fremstilles ikke litet av". 1921: "Der drikkes mye hjemmebrygget øl, navnlig i Opstryn og Hornindal, dessuten har man under forbudet slått sig på sprit, som før var litet kjent". Gloppen 1921: "Edrueligheten er god, men skal ikke ha bedret sig de siste år".

Elles sto det visstnok bra til med "edruligheten" både i Lærdal (1921: ”Sedelighets- og edruelighetsforholdene er gjennomgående upåklagelige), Lavik (1919: "litt hjemmebrygging, men ingen brenning"), Fjaler (1919: "hjemmebrenning hører man intet til og ølbrygging blir sjeldnere"), Nordfjordeid, Selje og Davik. I dei øvrige legedistrikta er ”edrueligheten” ikkje omtalt i desse åra.

Edruskapsnemnder - behandling framfor forbod og straff Resultatet av forbodstida var tydeleg: Sjølv under slike forhold måtte ein rekne med eit stort alkoholmisbruk. Dette aktualiserte ideen om behandling av alkoholmisbrukarar. Kunne ein ikkje få bukt med bruken av alkohol, ville det vere eit framsteg å hindre misbruk. Ein statleg komité vart sett ned for å greie ut ”edruelighetstilstanden og behandlingen av drikkfeldige” i Noreg. Blikket vart retta mot alkoholmisbruket som ei sosial plage som var øydeleggjande for heim, familie og samfunn. Her vart ikkje alkoholen eller tilgangen til alkohol presentert som noko problem, men heller bruken av den. I 1931 la komiteen fram forslag til ”lov om edruelighetsnevnder og behandling av drikkfeldige” for Stortinget. Lova vart vedteke året etter, men dei vanskelege økonomiske tilhøva i mellomkrigstida gjorde at systemet ikkje vart innført før mot slutten av 1930-talet. Gjennom denne lova vart det bestemt at kommunane kunne opprette edruskapsnemnder. Edruskapsnemndene skulle arbeide for betre ”edruelighetsforhold” i kommunane. Oppgåva var tredelt: 1. å ta sig av drikkfeldige og yde råd og hjelp til deres pårørende; 2. Å støtte og fremme undervisning og oplysningsvirksomhet om alkoholspørsmålet i skoler og på annen måte; 3. Å gjøre henstillinger og avgi uttalelser overfor de kommunale myndigheter til fremme av nevndens opgaver. Kvar kommune som hadde gjeve løyve til sal eller skjenking av alkohaldig drykk med meir enn 2,50 volumprosent alkohol, skulle setje ned ei edruskapsnemnd. Medlemmene av nemnda skulle veljast av kommunestyret for tre år. Begge kjønn skulle vere representert, og det burde vere ein lege blant dei. Medlemmene skulle vidare ha særlige 17


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

minst seks born - lid vondt av den grunn. Ho uttala seg omlag soleis til formannen i nemndi: ’der ingen som kan setja seg inn i korleis eg har hatt det’. Kona åt NN er eit dugande og likande menneske med godt omdøme, og etter det kjennskap nemndi har til henne, er det uråd å tru at ho ville ha kome med dette klagemålet utan tvingande og sers sterke grunnar. NN er av yrke førar for ein større motorbåt som går i fraktfart på Bergen, han har eit svert ansvarsfullt arbeid, og det er klårt at det er eit arbeid som set store krav til sin mann og serleg at han Skadeverknadene alkoholen hadde på heim og barn fekk ikkje misbrukar alkohol. stor merksemd mot slutten av 1800-talet og byrjinga av Nemndi finn etter dette å 1900-talet. Illustrasjonen er henta frå Norsk Barnehjelps- måtte gjere dette vedtaket: tidende frå 1907. Nemndi bed til a/s Vinmonopolet i Bergen om å stogga kvalifikasjonar og interesser for å gå inn alt sal av spiritiosa til motorbåtførar i arbeidet med å fremje edruskapen i NN, minstfald? for ei tid av 3 år”. kommunen. Å hindre tilgang til alkohol var altså førRåd og hjelp ste steg. Den omtalte mannen klaga til Når det gjaldt punkt 1, så kunne nemn- nemnda og fekk følgjande svar: da gripe inn mot ein person viss ved- ”Då sjølve vedtaket har havt den uskurkommande sjølv meldte seg, eller dei den det har havt på tilhøva i heimen, kunne gripe inn etter initiativ frå ekte- finn vi å kunne gå med på å råde til at felle eller slektningar. Prest eller lege NN alt no får retten att så han får høve kunne også ta kontakt på vegne av dei å vise at han kan eige retten utan å mispårørande. Elles kunne initiativet bruke han. Men han vart gjort kjend komme frå til dømes verjeråd, fattigsty- med at han måtte halde seg unna misre eller politi. Det vart etablert eit nett bruk i framtida”. med informasjonskanalar mellom lokal- Om ikkje den drikkfeldige innretta seg, samfunn og nemnd. På bakgrunn av måtte nemnda "ta dei steg som lov og informasjonen nemnda fekk, skulle dei tilhøve tilseier". gjere undersøkingar og setje inn tiltak. Kva ”steg” det kunne vere snakk om Frå edruskapsnemndene i fylket vart det finn vi døme på i ei anna sak frå same i 1949 meldt at 16 av dei 23 nemndene kommune: som hadde levert årsmelding, hadde "Då edruskapsnemnda bad stogge alt teke imot melding om alkoholmisbruk. sal til NN i tre år, var vi samstundes Av desse var tre meldingar frå huslydar, tenkt på å få han til friviljugt å reise på 1 frå lege, 86 frå politi, og fem personar kuranstalt. Då dette ikkje var, sa vi frå at hadde nemnder sjølv teke seg av. Berre kunne han ikkje halde seg frå misbruk ei nemnd melde om ein som var innlagd av alkohol, vart det tvangsinnlegging". på kurheim. Nemnda skulle altså i første omgang leggje opp til samarbeid og frivilje i Frå edruskapsnemnda i ein av kystkom- behandlingstiltaka, men riset bak spegemunane i Sogn og Fjordane fann eg føl- len var heile tida tvangsinnlegging. gjande døme på korleis edruskapsnemndene kunne gå fram om dei fekk mel- Slutt på bruk av tvang ding om alkoholmisbruk: Edruskapsloven, med etableringa av edruskapsnemnder, vart til som eit ”Kona åt NN har klaga til dr. NN nokre resultat av ein mislukka forbodspolitikk gonger over at mannen hennar drikk så og ein erkjenning av at straff ikkje var mykje at ho og heile den stor huslyden - noko eigna middel til å hindre alkohol18

misbruk. Men trusselen om bruk av tvang var felles for alle tiltaka mot alkoholmisbrukaren. Bak denne trusselen låg ei grunnleggjande forståing av misbrukaren som ein person som trengde vern mot seg sjølv. På 1960-talet byrja ein for alvor å setje spørsmål ved bruken av tvang, og i 1970 forsvann tvangsparagrafen i lausgjengarlova. Det vart slutt på umyndiggjeringa av alkoholmisbrukaren, og alkoholistomsorga vart integrert i helse-, trygde og sosialapparatet. Kjelder: - Kommunale arkiv: korrespondanse/saksarkiv og møtebøker frå edruskapsnemnder - Edruelighetsnemndene i 1950 – sammendrag av årsmeldingane - Norges offisielle statistikk, Sundhetstilstanden og medisinalforholdene, årgang 67 og 69 Litteratur: - Fuglum, P. (1995), Brennevinsforbudet i Norge. Trondheim - Løvsland, A (1979), "Det gjelder nå at kjerring og onger får fred": edruskapsloven av 1932 - Schrumpf, E. (2003), "Berus eder!": norske drikkekulturer i de siste 200 år. Oslo blir til. Oslo - Ulvund, F. (2003),"det frygtelige krigsskib" - utforming, iverksetjing og virkemåte til lausgjengarlova av 31. mai 1900, Bergen. Henta frå www.bora.uib.no 14.05.2009

Ei av arbeidsoppgåvene for edruskapsnemndene var å fremje undervisning og opplysingsverksemd om alkoholspørsmålet i skulane. Her ser vi omslaget på ein brosjyre som vart brukt i skulen på 1950-talet.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Årdal kommune 150 år Av Oddvar Natvik

Utover i 1850-åra tok einskilde i Årdal til å lufta tanken om at Årdal burde få status som sjølvstendig kommune. I 1837 vart lovene om formannskap på landet og i byane vedtekne, men den gongen vart Årdal del av Lærdal kommune. Det var prestegjeldsgrensene som låg til grunn for inndelinga, og Årdal sokn hadde i fleire hundre år vore del av Lærdal prestegjeld. 26. april 1859 sende formennene og representantane frå Årdal ei grunngjeven føreteljing til futen i Sogn om å verta utskild i 'geistlig som verdslig henseende'. Dei bad futen, som eit første steg i denne lei, om å syta for ei avrøysting i saka på det første sommartinget for Årdal tinglag. Røystingi vart halden 28. mai, og 21 av dei 29 røysteføre møtte. Alle frammøtte røysta for søknad om serskilt kommunestyre for Årdal. Futen rådde så til at talet på formenn vart sett til 3, og at dei kunne byrja verksemda si 1. januar 1860. Fylkesmann Aubert skreiv 7. september at han ikkje såg noko til hinder for det. Tanken om Årdal som eigen kommune var visseleg ikkje ny den gongen kravet vart reist skriftleg, men først då hadde han vokse til eit folkekrav

som gjorde tida mogen til å realisera han. Tre representantar og ein formann vart valde 17. oktober 1859 ved utfyllande val, og 14. november same år vart det fyrste møtet i Årdal heradsstyre halde. Endre I. Offerdal vart vald til fyrste ordføraren og Erik E. Offerdal til varaordførar. Endre Offerdal hadde gjort det meste av arbeidet for at Årdal skulle bli eigen kommune, og han har hovudæra for utskiljinga. Det var difor naturleg at han vart vald til fyrste ordføraren. Heradsstyret hadde ikkje møtebok i fyrste møtet sitt, men hadde skaffa seg det til møtet 20. februar 1860. Dette blir dermed rekna som startdatoen for den nye kommunen. Sjølv om Årdal var vorten eigen kommune, hadde ikkje bygda vorte eige prestegjeld, men den saka vart ordna ved kgl. res. 4. oktober 1862, og 11. april 1863 vart den fyrste presten etter reformasjonen utnemnd i Årdal. Folketalet var kring 1700 i 1860. Den store utvandringa til Amerika reduserte folketalet til 1299 i 1900. Seinare vaks det jamt til 2182 like etter andre verdskrigen. Med ny industri i bygda

Forgifta lyd Frå Fjordabladet 5. januar 1957:

Rock’n Roll galskapen kjem av ”forgifta” lyd I Amerika har Rock’n allereide sett sine beste dagar. Over heile verda har Rock’n Roll ført til mykje oppstyr mellom ungdommen. Ei rekkje psykiatere har analysert innverknaden av rytmen på ungdommen og har stilt diagnosen: Akutt form for sinnsjuke framkalla ved ”forgifta lyd”. Musikken sjølv set kjenslene i gang. Han kan også skape godt humør, nøytralisere trøttleiken, skape ro og fred, fremkalle lengt, skape patriotisme og piska opp masse psykose. Rock’n

Endre I. Offerdal (1832 - 1919) vart fyrste ordføraren i den nye Årdal kommune, berre 28 år gamal. Han var i alt ordførar i 17 år, fordelt på tre ulike bolkar.

vart det ein eksplosiv vekst utover i 1950- og 60-åra. Toppen vart nådd i 1972 med 7556 innbyggjarar. I jubileumsåret 2010 blir det planlagt ei aktivitetsveke i februar. Det er og sett ned ein redaksjon for å koma med eit skrift i høve jubileet. Kjelde: Knut Kramviken, Årdal kommune i dag. 1860 - 1960. Årdal, 1960.

Av Karianne Schmidt Vindenes Roll er som eit fossefall av ulyd, forgifta lyd som eksploderer som sprenggranatar i unge og kjenslevare sinn, og framkalle vill og tøylelaus galskap og vitløyse. Tempoet er uregelrett og komplisert og løyser opp alle kjente omgrep. Rock’n Roll er inga oppmoding til dans, men ein grov ordre om å bryte med det tilvante og viljelaus la seg rive med av rytmen og ulyden si makt. Og uutvikla ungdom let seg føre med ut i villskapen. Rock’n Roll har sin parallell i visse avartar av den moderne roman sin prosa. Normale menneske får vondt i hovudet av å lese det. Men Rock’n Roll har allereide sett sine beste dagar. I Amerika er han allereide avlegs og motsetnaden, den langsame vals, er kome i staden. Om nokre månader vil ein kanskje seie det var ei døgnfluge.

19


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Den siste kvila:

Døden som fotografisk objekt Av Elin Østevik

Praksisen vert ofte forklart med høg dødsfrekvens, spesielt blant småbarn, og mangelen på fotografi blant folk flest i den gjeldande perioden. I mangel på eit fotografi av den døde i live, valde mange å få tatt eit portrett i samband med gravferda. Fotografiet vart eit viktig minne om den døde og var til hjelp i sorgprosessen. Den amerikanske antropologen Jay Ruby (1999) har synleggjort at post mortem-fotografering av dødfødde og for tidleg fødde spedbarn er ein etablert, om enn lite omtala, praksis ved fleire amerikanske sjukehus også i dag. Motivasjonen for å ta slike bilete er framleis ønsket om å ha eit minnebilete av den døde, og forståinga av kor viktige slike bilete kan vere i foreldras sorgprosess. I motsetning til tidlegare tider er desse bileta i dag å forstå som svært private. Dei vert ikkje sirkulert og synt fram i det offentlege rommet eller i det større sosiale fellesskapet slik som tidlegare. Våre haldningar til døden har endra seg på fundamentalt vis i høve tidlegare tider. Utbreiinga av post mortem-fotografering fram mot mellomkrigstida må forståast på bakgrunn av ei annleis kulturell grunnhaldning til døden i perioden frå 1840 og fram mot mellomkrigstida.

Døden som den siste kvila 1. ”Min Søn Bernt som Lig”. Fotograf: Schilling. Privatarkiv SFF-881100.

Frå fotografiets barndom og fram til mellomkrigstida var det ein utbreidd praksis å portrettere avlidne personar i samband med gravferda. Desse post mortem-fotografia vart behandla som andre familiebilete – dei vart sende til 20

slekt og vener, dei hadde ein naturleg plass i familiealbumet og dei vart rama inn og hengde opp på veggen.

Fotografi, minne og sorg Kvifor vart slike fotografi laga?

Post mortem-fotografi kan seiast å utgjere ein eigen fotografisk sjanger. Sjangeren oppstod likevel ikkje med fotografiet, men har røter tilbake til før-fotografiske biletkonvensjonar. Sjangeren er knytt til ei romantisk estetisering av døden som den siste kvila. I perioden fram mot mellomkrigstida var døden ein naturleg del av både det


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

2. Post-mortem portrett av ukjent mor og barn, datert til ca. 1895-1930. Fotograf: Isak I. Hellebust. SFFf-1990060.119916.

offentlege rom og heimen som sosialt rom. Dei døde vart stelt heime og dødsritualet omfatta kistelegging, likstrå, likvake (forbode i 1860), utsynging og gravferd (Reiakvam 1997). Fotografering av den døde var ein meir eller mindre integrert del av dødsrituala som fann stad i heimen. Etnologen Oddlaug Reiakvam, som har skrive om post mortem-fotografi med utgangspunkt i produksjonen til fotograf Olai Fauske frå Førde, hevdar at bygdefotografen si rolle var ”å vere seremonimeister for transformasjonen, frå lik til ein estetisert representasjon av den døde” (Reiakvam 1997: 286). I post mortem-portretta vart døden framstilt som eit endeleg farvel, med søvnen som den sentrale metaforen: Døden er den siste kvila.

Sjangervariasjonar På dei tidlegaste post mortem-portretta, ca 1840-1870, er den avlidne gjerne portrettert som sovande eller sitjande, i nokre tilfelle med opne auge. Dødssymbol som blomar og liknande er fråverande. Bileta kan

nærast gi eit inntrykk av eit ønske om å fornekte døden og framstille den avbilda som å vere i live. Bilete 1, frå privatarkivet etter Bernt Askevold (1846-1926), er eit døme på eit tidleg post mortemportrett. Eksplisitte dødssymbol er fråverande i biletet; barnet ser ut som det søv. Det er påskrifta på biletet som fortel oss at så ikkje er tilfelle. Seinare, frå 1890-åra av, vert symbol på døden, som til dømes forseggjorte likklede, eviggrønt og falda hender, ein integrert del av post mortem-portretta. Søvnmetaforen dominerer likevel framstillinga, døden er berre diskret antyda, sjå bilete 2 og 3. På bilete 4 og 5 er kista 3. Familien Hove avbilda på gravferdsdagen til Agnes godt synleg. Søvnmeta- (19414-1915). Fotograf: Ukjend. SFFf-1995021.0045. 21


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

4. Johannes Solbakken (1918-1927) vart berre 9 år. Kista er plassert på gardstunet. Fotograf: Ukjend. SFFf-1997046.0017.

foren synest dermed ikkje så tydeleg uttrykt i desse fotografia; sjølve døden trer klarare fram.

Frå post mortem-fotografi til gravferdsbilete I dagens samfunn er døden i stor grad

skjult, døden er privatisert og institusjonalisert. Heimen er ikkje lenger den sentrale rituelle arena for død og gravferd, og fleire av dei tidlegare dødsrituala som post mortem-fotograferinga var ein del av vert ikkje lenger praktisert. Døden vert ikkje

lenger oppfatta som den siste kvila, hevdar Reiakvam, men som ingenting. Døden vert fortrengd og tabubelagt. Med den endra kulturelle haldninga til døden og tilhøyrande endring i

6. Gravferda til Samuel Rasmussen Førde i 1924. I dette tilfellet er fotografen også prest. Fotograf: Olav Kvaale. NFMf-1984002.0024 22


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

5. Uidentifisert mann fotografert i lyset frå eit delvis tildekt vindauge, ca. 1930-1935. Fotografiet er frå Vetlefjorden i Balestrand kommune. Fotograf: Ukjend. SFFf-1991102.0017.

rituell praksis, skjer det ei endring også i fotografisk praksis. I mellomkrigstida skjer det ei dreiing frå post mortem-portrettering til gravferdsfotografi med den sosiale fellesskapen i fokus. Slike kollektive gravferdsbilete vart også teke tidlegare parallelt

med post mortem-fotografia, men vert no altså meir eller mindre einerådande. Gravfylgje vert fotografert utanfor heimen eller på veg til kyrkja, sjå bilete 6 og 7. Seinare er det i all

hovudsak kyrkja eller sjølve gravplassen, sjå bilete 8, som blir den fotografiske hovudarena (Reiakvam 1997).

Avslutning I produksjonen av post mortem-foto23


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

grafi og gravferdsfotografi har det å fotografere ein dobbel funksjon: …både som del av rituelle handlingar ved høgdepunkta/vendepunkta i livet, anten det gjeld bryllaup eller gravferd, og som historiske vitnemål om dei same hendingane (Reiakvam 1997: 280). Fotografia vi her har sett på kan dermed fortelje oss om endra fotografisk praksis og sjangerutvikling, og dei er kjelder til kunnskap om døden i eit kulturhistorisk perspektiv. At post mortem-fotografia i dag kan virke morbide og upassande på oss er kanskje desto større grunn til å gjere dei til gjenstand for fagleg merksemd og personleg ettertanke.

Litteratur: Ekeberg, Jonas og Harald Østgaard Lund (red), (2008), 80 millioner bilder: Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005, Forlaget Press: Oslo Grindland, Kari (1992), ”Post-mortem fotografier: Noen skjebner fra Smaalenenes Amt”, Bildet lever! Bidrag til norsk fotohistorie, 6: 65-80 Reiakvam, Oddlaug (1997), Bilderøyndom. Røyndomsbilde: Fotografi som kulturelle tidsuttrykk, Det Norske Samlaget: Oslo Ruby, Jay (1999), Secure the Shadow: Death and Photography in America, The MIT Press: Cambridge

7. Gravferda til Emma Hove, 1955. Fotograf: Ivar O. Hove. SFFf-1994251.0030.

8. Frå gravferda til Jon J. Aase i 1956. Kista vert senka. Fotograf: Ukjend. SFFf-1993135.0010 24


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Sogn og Fjordane sett med nye auge Av Heidi Rohde Rafto Noreg i 2003. Før det hadde ho allereie i mange år levd utanfor heimlandet, Burundi, Ho fortel: Eg blei født i Burundi. Så i 1972 braut krigen i Burundi ut, og vi måtte flykte til Rwanda. Vi budde i Rwanda i 22 år. Så braut krigen i Rwanda ut, vi måtte flykte til Tanzania. Og eg kom til Noreg frå Tanzania. Fleire andre har òg fått føle krigens brutalitet nært på kroppen. Ei kvinne fortel: Eg hadde tre søstrer, og så mor og far. Ja. Og dei er døde. Det er berre eg som overlevde. Etterarbeid med lydfiler. Prosjektmedarbeidar Heidi Rohde Rafto.

I overkant av fem tusen menneske med utanlandsk bakgrunn bur i Sogn og Fjordane. Våren 2009 har Fylkesarkivet intervjua ti av dei. I denne artikkelen får vi eit innblikk i deira liv og erfaringar.

Sogndal, 23. mars 2009 Det er ein fredfylt måndag i slutten av mars. Sola skin skarpt frå ein lettskya himmel, snøen glitrar kvit på fjelltoppane og fjorden ligg mørk og stille - Sogn og Fjordane viser seg frå si beste side. I Sogndalsfjøra ønskjer eit stort skilt velkomen til Fjøra Intro, eit introduksjonssenter for flyktningar og innvandrarar. Her kan ein kome innom for å treffe vener, bruke internett, spille TV-spill, eller slå av ein prat med leiaren for senteret, Dag Olav Osen. Kaffi og te er gratis, og det er rikeleg med bord og stolar kor ein kan slå seg ned for ei stund. Bak disken står Eto, ei ung kvinne som har eit varmt smil og nokre venlege ord til alle som kjem innom. På trass av det fine veret ute er lokala fulle av menneske i dag. Stemninga er god, praten går høgt på mange språk. Nokon er berre innom for å helse på kjente, andre blir her i mange timar. Dei kjem frå Somalia, Etiopia, Kenya og Eritrea, frå Guinea, Palestina, Tsjetsjenia. Ein mann har fått avslag på asylsøknaden sin. Han gjengir med alvorleg mine eit utvalt bibelsitat: "The system will allways be against good people". Og han legg til: Dersom du får positivt svar på din asylsøknad, bør du gå i deg sjølv! Sjølv er han ein svært god person, og

målet hans er å kome til Paradis. Men først vil han gjerne til USA. Venene ler. Ein solid dose galgenhumor kjem nok godt med her. Lokala er lyse, med store vindauge mot gata, dekka av tynne, kvite gardiner. På ein vegg heng plakatar med typiske sogndalsuttrykk, som "ke", "kest", "keleis" og så vidare. Plakaten kan nok vere til god hjelp for dei nytilflytta i Sogndal, som lærar bokmål på norskkurs. Etter kvart som det nærmar seg stengetid blir det færre menneske i lokalet. Nokre enkeltpersonar kjem innom for å bruke internett. Eto snur Åpen Fjøra Intro-skiltet i vindauget, ryddar bort tekoppar og dei to stolane som har knekt saman i løpet av dagen. I overmorgon er ho tilbake og opnar dørene for nye samtalar, tv-spel, latter og alvor.

Palestinske Mohammad Haraza hadde foreldre som var flyktningar, og vaks sjølv opp i eksil. Han fortel om ein god og trygg oppvekst i Kuwait. Men etter Golfkrigen på byrjinga av 90-talet måtte palestinarane forlate landet, og saman med foreldra reiste han tilbake til Palestina. Der gifta han seg og fekk to born. Men livet var utrygt, prega av stadige krigshandlingar. På spørsmål om kvifor han valde å forlate Palestina fortel han om då sonen hans vart skada i eit israelsk bombeangrep. Sonen, som var knapt to år gamal, låg 45 dagar på sjukehus, bevisst-

Bakgrunn I samband med Mangfaldsåret 2008 sette Fylkesarkivet i gang prosjektet Mangfaldige arkiv. Målet med dette prosjektet har vore å auke fokuset på etnisk og kulturelt mangfald i fylket, blant anna gjennom innsamling av nye kjelder. I løpet av ein prosjektperiode på 3,5 månader har vi gjennomført livsminneintervju med ti personar som har utanlandsk bakgrunn og som bur her i fylket. Fem av desse deltakarane har bakgrunn som flyktningar og asylsøkarar. Dei kjem frå Somalia, Rwanda, Burundi, Eritrea og Palestina, og dei har flykta frå krig og uro til ein tryggare kvardag i Noreg. Det er sterke historier dei har bak seg. Francesca Tué kom som FN-overføringsflyktning til

Prosjektmedarbeidar Heidi Rohde Rafto saman med prosjektdeltakar Jonathan Di Blasi. Di Blasi er italiensk-amerikanar, oppvaksen i California, no busett i Leikanger, der han driv kafeen Herman. 25


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

laus. Så opna han augo og gret. Heile familien var fortvila, dei var så redd han skulle døy. Men guten vakna til, og han kom seg. Utruleg nok kom sonen frå det heile utan varige skadar, og blei frisk og rask som før. Men for Haraza blei frykta stadig sterkare. Han ønskte ikkje lenger å bli buande i Palestina: Etter denne hendinga tenkte eg: Du må dra. Eg var ikkje redd for min eigen del; dersom eg døyr, er det normalt - som andre menneske i Palestina. Men å sjå sonen min døy... Ingen kan sjå sonen sin døy utan å gjere noko. Om eg ser sonen min, kona mi eller brørne mine bli drepne, kva kan eg gjere? Skaffe våpen, gå til gatene og drepe israelarar? Fordi dei har drepe sonen min? Det er ikkje bra. Det er ikkje bra å løyse problemet ved å slåss eller drepe. Det vi treng er fred, men israelske styresmakter gir oss ikkje fred. I 2008 kom Haraza til Noreg som asylsøkjar. Han håper etter kvart å kunne få kona og sønene i tryggleik til Noreg. I migrasjonsforskinga skil ein gjerne mellom "push" og "pull"-faktorar. Pushfaktorar er grunnar til at folk reiser frå ein stad, som krig, fattigdom og arbeidsløyse. Pull-faktorar er grunnar til at folk reiser til ein stad. For flyktningane er det pushfaktorane som utløysar reisa. Dei vil ikkje forlate heimlandet sitt, men har ikkje noko val. Krig og utryggleik har tvinga dei til å prøve å starte livet på nytt ein annan stad, og denne staden blei – for mange av rein slump – nettopp Noreg og Sogn og Fjordane. Men for andre deltakarar i prosjektet er det pull-faktorane som står sentralt. Dei har sjølv valt å flytte frå heimlandet sitt, og dei har – meir eller mindre medvitne – også valt Noreg som destinasjon. Betre løna arbeid, vakker natur, plass rundt seg, trygge omgivnader for barna, eit mindre stressande arbeidsliv, eventyrlyst, ønske om å oppleve noko nytt og kjærleikens uransakelege vegar er grunnane dei oppgjer for at dei valde å flytte til Noreg. I ein artikkel i Kommunal Rapport (18.02.04) blir nederlendarar som flyttar frå kontinental trengsel til ro og armslag i urørt norsk natur kalla "stressflyktningar". Anne van Oorschot er ein av desse stressflyktningane. Ho flytta med mann og to barn frå Rotterdam til Bremanger for sju og eit halvt år sidan. Om bakgrunnen for flyttinga fortel ho: Eg må nok seie at grunnen til at eg i det heile tatt reiste, det var jo mannen min. 26

Fordi vi fant ut at han hadde eit veldig sterkt ønske om – han hadde lyst på noko som rett og slett ikkje fanst i Nederland: det var urørt natur og god plass rundt seg. Og for han så var det viktig å ha ein jobb der han faktisk kunne jobbe ute, ikkje berre på eit kontor. Og det som òg låg bak, var jo tanken om å kunne tilby ungane våre eit godt og trygt oppvekstmiljø. Og i ein periode så fant vi jo ut at det ønsket var så sterkt for han at eg såg at eg ikkje kunne motarbeide han på det. Eg ville ikkje at vi skulle sitte på aldersheimen når vi var åtti år og at han var sur og bitter på meg og sa at "Ja, det var på grunn av deg at ikkje vi fekk flytte!" Og eg tenkte ja, eg kan finne på masse gode grunnar til at vi ikkje skal flytte, men kanskje vi rett og slett skal gjere det; no hadde vi berre små ungar, vi var relativt fleksible - så vi fant ut at vi måtte berre prøve det. Så ønskte mannen min - han har nemlig reist veldig mykje - han ønskte å flytte til New Zealand. Men det fant eg ut at det hørtes no skrekkeleg langt ut. Dersom ein vil halde kontakten med familie og vener så er New Zealand absolutt den andre enden av jordkloden. Så det var litt for ambisiøst for min del. Da sa Rogier at kanskje det skal bli Europa sitt New Zealand... og det er jo Noreg! Etter å ha bestemt seg for å flytte til Noreg gjekk van Oorschot og ektemannen Rogier i gang med førebuingar til reisa. Dei var bestemt på at dette skulle dei få til, og gav ikkje opp - sjølv om prosessen ikkje var enkel. Ein av dei måtte finne seg ein jobb i Noreg før dei kunne flytte, men det tok lang tid før dei fekk napp, trass i aktiv og engasjert arbeidssøking. Dei byrja likevel på norskkurs gjennom Den norske kyrkja i Rotterdam. Etter kvart vurderte dei å flytte til Oslo først, for så seinare å flytte vidare til Vestlandet. Men så fekk Rogier, som er ingeniør og økonom, høyre om eit nederlandsk firma som skulle starte opp i Nordfjord. Han ringte og tilbaud arbeidskrafta si. Først fekk han eit skuffande avslag - men så, nokre månader seinare, blei han kontakta igjen, med spørsmål om han framleis var interessert. Det var han, og kort tid etter flytta familien, med to barn - den yngste to månader gamal - til Dyrstad i Bremanger. Kunnskapen Anne van Oorschot tilegna seg i denne prosessen fekk ho god nytte av seinare, då ho blei tilsett som prosjektleiar for å rekruttere nederlendarar til Bremanger. No jobbar ho som dagleg leiar i Framtidsfylket AS, og koordinerer arbeidet med å rekruttere unge vaksne med høgare utdanning til Sogn og Fjordane.

Deltakar Mohamed Shute Mohamud. Mohamud er 20 år og kjem frå Somalia. Han har budd i Noreg og Sogndal i 2 år.

Medan van Oorschot hadde ein klar plan om å flytte til Vestlandet, har andre ”stressflyktningar” hamna i Noreg og i Sogn og Fjordane som følgje av ei rekkje tilfelle. Jonathan Di Blasi er italienskamerikanar med lang erfaring frå restaurantbransjen i California bak seg. Han ønskte seg bort frå det han opplevde som eit materialistisk, overflatisk og stressande samfunn og arbeidsliv. Han hadde først kortare opphald i Italia og i Sveits, med tanke på å slå seg ned der, men forventningane blei ikkje innfridde, og han vende tilbake til California og til sin tidlegare jobb. Eit besøk hjå ein ven som hadde flytta til Noreg gav han inspirasjon til å flytte hit. Han fortel: Min beste ven var i lag med ei norsk jente. Dei møtte kvarande rett før eg drog til Italia. Ho var i California som au pair, dei reiste fram og tilbake ein del år, og så etablerte dei seg i California. Nokre år seinare var ho lei av California og ville flytte heim. Så ho flytta heim, og han flytta etter ho. Men innan eit år skilde dei seg. Og etter at dei skilde seg sa eg til venen min: Å, så du kjem tilbake til California! Men han sa: Nei, Bergen er heimen min. Og eg tenkte; her er guten som ikkje flytta frå mora si før han var 30 år gamal; han er skilt, han har ingen familie i Noreg; han har vener, men kvifor skulle han bli buande i Noreg? Så eg tenkte ok, du har overtydd meg, no vil eg kome og besøke deg - for han hadde alltid spurt meg om å kome på besøk.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Di Blasi dreg på besøk til venen sin i Bergen, og besøket blir svært vellukka. Han møter mange venlege menneske og stor gjestfridom, han kan snakke engelsk og alle forstår han. Han opplever at menneska han treff er oppriktig interesserte når dei snakkar med han, og er fascinert av at dei òg latar til å vere oppriktig interesserte når dei snakkar med kvarandre dette er heilt annleis enn den overflatiske kommunikasjonen han er van med heimanfrå. Venen hans, som tidlegare var ein nokså tough guy, har òg forandra seg - i Noreg verker han roleg og tilfreds. Di Blasi ringjer heim og fortel at her treng ein ikkje ein gong sjå seg for før ein kryssar vegen. Ni månader seinare flytter han til Noreg. Han får jobb i Bergen og bur der i seks år. I Bergen møter han sambuaren sin, og når sjansen dukkar opp for å flytte til hennar heimbygd, Leikanger, grip dei den. Di Blasi driv no sin eigen kafé og får dermed god nytte av den lange erfaringa si frå restaurantbransjen. Han snakkar varmt om Leikanger, og kallar bygda a dream-like place. Også for Nomeda Høgseth var det uventa hendingar som førte til at ho busette seg her i landet. Ho er frå Litauen og kom til Noreg av eventyrlyst, med ønske om å oppleve noko nytt. Ho fortel at ho alltid har vore slik - nyfiken, interessert i å lære nye ting. Gjennom ei dame ho kjende fekk ho jobb som avløysar i Førde - sjølv om ho aldri før hadde vore nær ei ku. Då ho gjekk av bussen fekk ho brått ei kjensle av tvil; ho snakka ikkje norsk og kunne lite engelsk. Korleis skulle ho kommunisere med arbeidsgivaren? Men ho lærte seg fort engelsk, og kommunikasjonen gjekk langt betre enn frykta; ho gifta seg med arbeidsgivaren, og har no etablert seg i Førde med mann og barn.

ingenting her. Etterpå fekk eg nokre kameratar som kunne hjelpe meg og vise meg kor biblioteket var, og mottakskontoret, og storsenteret. Det var i desember. Og det var kjempemørkt på denne tida. Det er kjempeforskjellig frå Somalia - der er det ikkje så mørkt, og det var masse snø - det er ikkje snø i Somalia. Det er det som er mest forskjellig. Så, etterpå, skjønte eg litt og litt. Og så når eg hadde budd her på Sogndal mottak i 4 månader blei det lysare - ikkje det same som før. Mørkret gjekk bort, i byrjinga av april. Så det som skjedde som eg hugsar er ein dag då sto eg opp så tidleg - og her i Noreg har folk fri laurdag og søndag. Men i Somalia har vi ikkje fri søndag og laurdag. Vi går på skule, vi går på jobb; når vi har fri frå skulen for eksempel, det er to dagar; fredag og torsdag. Og vi har fri frå jobben berre fredag. Men søndag og laurdag, det er vanlege dagar for oss. Så det var ein laurdag då eg sto opp så tidleg, kanskje klokka seks. Eg går på badet og kler på meg, eg tenker at det er opent overalt fordi eg sjekkar ut vindauget og ser at det er kjempelyst, og tenker at klokka er ni, eller meir. På grunn av at eg kom hit i den mørke tida. Men eg tenker ikkje på å sjekke klokka. Etterpå går eg til mottakskontoret, det er stengt - eg går til kameraten sitt hus, der er ingen - eg sjekkar vegen, det er heilt tomt; ingen folk ute - eg kjem tilbake åleine og sjekkar klokka: den er halv sju om morgonen. Då tenker eg: "Å... tida er forskjellig - eller eg er blitt gal...!" Fleire fortel at det vanskelegaste med å kome til Noreg var kulda, og snøen. Ikkje alle var kledd for klimaet som venta dei her. Ei afrikansk kvinne fortel leande om afrikanarar som kjem i sandalar, og har

store problem med å røre seg på norsk vinterføre - om det så er snakk om nokre få meter. Mohammad Haraza fortel om eit møte då han var ny i landet: Eg hadde ikkje jakke fordi i landet mitt er det 35 grader - veldig varmt. Eg kom hit, og eg visste ikkje korleis veret var. Og det var november - veldig kaldt. Eg fraus. Ein mann kom bort til meg og spurde meg kvar eg kom frå. Eg sa: Kvifor spør du meg? Han spurde om eg var arabisk, og eg svarte ja. Han sa "Salaam aleikum" på arabisk. Puh! Eg var i himmelen! Og eg... eg forsto ikkje. Du er arabisk? Ja. Kva kan eg gjere? Han sa: Du er galen, du har ikkje jakke... Og han gav meg jakka si. Eg sa nei, no blir du kald. Men han sa: Eg kom hit før deg, det er normalt - du kan ta jakka. Han skulle gå og ete, og spurte meg kva eg gjorde her. Eg sa at eg måtte gå til politistasjonen, at eg var flyktning. Han tok meg med for å ete, så gjekk han saman med meg og viste meg kor politistasjonen var, og ønskte meg lukke til. Eg kjem aldri til å gløyme denne mannen. Dei fleste innvandrarar i Noreg vel å busette seg i større byar; ein tredel av innvandrarbefolkninga i Noreg bur i Oslo. Men dei ti deltakarane i Mangfaldige arkiv set pris på å bu i Sogn og Fjordane, i mindre lokalsamfunn. "Small place - big possibility" seier ein, og oppsumerar såleis det også fleire andre seier; på ein liten stad er det lettare å kome i kontakt med folk, å lære seg språket, å bli integrert. Det er kanskje òg lettare å få praksisplass og jobb. Mange set pris på vakker natur og å ha god plass rundt seg. Fleire kjem frå store byar og set pris på eit rolegare liv. På spørsmål om kva dei saknar ved å bu på ein liten stad er svara

Møtet med Noreg Vi ser at dei ti deltakarene i prosjektet har svært ulik bakgrunn, og dermed ulike føresetnader for møtet med Noreg og lokalsamfunnet. Mens nokre var godt førebudd då dei kom hit, har andre ikkje hatt same moglegheit til å setje seg inn i norsk språk, kultur og samfunn før dei kom. For dei baud møtet med Noreg på mange overraskingar. Liban Warsame Liban gjev ei levande skildring av ein episode som gjorde han merksam på at årstidene, døgnet og veka kan vere svært ulik i Noreg og Somalia. Han ler når han fortel: Første gong når eg kom hit til Sogndal eg kom til Sogndal mottak - dei første 4-5 dagane berre sov eg og åt, fordi eg kjende 27


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

forskjellige. Nokon saknar vener som bur andre stader. Nokon saknar eit religiøst fellesskap; i Sogn og Fjordane er det til dømes ofte langt til næraste moské. Det er heller ikkje alltid lett å få tak i halal-kjøt, eller andre matvarer ein treng om ein vil lage mat som ein likar frå heimlandet. For dei som skal til med studiar er det ofte naudsynt å flytte - kanskje for ein periode - fordi den utdanninga ein ønskjer å ta ikkje finst i her i fylket.

Livet i dag I Stortingsmelding nr. 17 (2005-2006) blir det kulturelle mangfaldet lovprist med store ord. Kulturelt mangfald er, i følgje stortingsmeldinga, "ei grunnleggjande kjelde til berekraftig utvikling for samfunn, folk og nasjonar" og "opphav til ei rik og variert verd som gir fleire valmoglegheiter og gjer menneskelege evner og verdiar rikare". Men ikkje alle er like euforiske. I ei diskusjonsgruppe på Facebook heiter det at eit asylmottak i Aurland vil vere uheldig fordi "Aurland skal vise turistane den vakre naturen og kulturen vår. Me tykkjer det blir feil dersom turistane blir motteke av 80-120 asylsøkjarar, alle med ulike kulturar". Syna på kulturelt mangfald er svært mangfaldige. Tema knytt til mangfald, til kulturmøte og -kollisjonar, innvandring og innvandrarar er svært aktuelle i den norske offentlege debatten. Og mellom dei ulike diskursane rundt og haldningane til desse tema lever dei fem tusen innflyttarane og innvandrarane i Sogn og Fjordane dei daglege liva sine. Dei ti som eg har intervjua utgjer ei samansett gruppe. Dei kjem frå ni ulike land og fire verdsdelar, alder frå 20 til 54 år. Til dagleg går dei på skule, dei jobbar, er heime med barn. På fritida gjer dei lekser, ser på TV, møter vener, har deltidsjobb, jobbar frivillig, deltek i ulike aktivitetar, tek vidareutdanning, gjør husarbeid, ringjer heim til familien, reiser på tur og bruker tid saman med kjæraste, ektefelle, barn. På mange måtar skil ikkje liva deira seg ut frå liva til andre i lokalsamfunnet. Men mykje er annleis her enn i landa dei kjem frå, og det er mykje nytt å bli van med. Integrering er ein lang prosess. Ein av deltakarane fortel at det har teke ho 12 år å kunne slappe av - å ikkje alltid måtte vere på vakt for å unngå misforståingar. Ho forklarar: No forstår eg kva eg ser, eg forstår kva eg opplever, eg forstår folk sin måte å vere på; eg forstår kroppsspråk. Eg for28

står dei reglane som er skrivne og dei uskrivne reglane. Og eg føler no, etter tolv år, at eg kan slappe av. Sånn var det ikkje før. Heile tida var hjernen full av nye inntrykk og spørsmål: Kva tyder dette her? Kva slags situasjon er dette? Også med språk: Kva sa den og den? Og situasjonar - forståing av situasjonar, heile tida. Beste måte å relatere seg til - ja - jobb, vener og aktivitetar. Veldig morosamt for eksempel var dette med at her i Noreg, dersom du inviterer meg sånn har eg opplevd; eg inviterer deg, skal vi gå og ta ein kaffi, eller noko sånt. Og da betaler du din kaffi, og eg betaler min kaffi. Riktig? Ja.! Surprise, surprise! Sånn er det ikkje i Portugal. Dersom eg seier at eg inviterer deg, så betaler eg. Så det er ein liten forskjell mellom å invitere og spandere. DET lærer ein seg veldig fort!

Arbeidsliv og skule Deltakarane har ulik bakgrunn med seg i møtet med Noreg og lokalsamfunnet. Dermed opplever dei òg det som møter dei her ulikt. Eit eksempel på dette er møtet med arbeidslivet. Zelfanya Tewelde går på norskkurs, og har ein deltidsjobb nokre timar i veka som reinhaldar. Ho opplever det norske arbeidslivet som krevjande, og forklarar med ei samanlikning med arbeidslivet i heimlandet, Eritrea: For eksempel her, dersom du jobbar fire timar ein dag, då jobbar du hardt. Etter dei fire timane har du fri. Men i mitt land - kontoret opnar klokka åtte; og klokka ti er det tepause. Og ein jobbar fram til tolv, då avsluttar ein. Og du kan stengje før om du vil; ikkje noko problem! Og så startar ein igjen klokka to, og jobbar fram til klokka fem. Men

dette er ikkje hardt. Nokre stader kanskje, men dei største arbeidsplassane, der er det lett. Ikkje som i Noreg. Her dersom du har ein time å jobbe, då jobbar du hardt i ein time. Anne van Oorschot, på si side, opplever og ein kontrast mellom arbeidslivet i opphavslandet og her, men med motsatt forteikn. Ho fortel om ein ting alle nederlendarar i Noreg reagerer på: Det er dette uttrykket "Ting tar tid". Det synest vi er heilt frykteleg! Fordi vi synest altså at ting generelt sett går seint. Og det er ikkje vi vande med frå Nederland. Der skal alt gå veldig fort. Og når du jobbar i ei bedrift eller i det offentlege, då har du masse fristar å forhalde deg til og du må vere utruleg serviceinnstilt. Det med at ting tar tid, det trur eg at alle nordmenn har eit forhold til. Men det er klart at den positive sida av det er jo at i Nederland bikkar det over på den gale sida med at det er utruleg mykje stress - det er veldig mykje konkurranse også i arbeidslivet, der du skal kome på jobb ein halvtime før sjefen kjem og skal reise heim ein halvtime etter at han har dratt frå kontoret. Og alt går alt for fort der. Så det er klart at om vi no kan finne eit kompromiss eller balanse mellom det samfunnet og det norske samfunnet - det trur eg hadde vore ideelt! Ønsket om eit kompromiss eller ein "gylden middelveg" kjem òg opp når det gjeld erfaringar med skule og barnehage. Fleire av deltakarane som har barn i skule og barnehage seier at dei set pris på at i Noreg får barna utfalde seg, dei blir tekne på alvor og har krav på å bli høyrt i saker som gjeld dei, og skule og barnehage set fokus på trivsel, ikkje berre fagleg progresjon. Samstundes er det fleire som skulle


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

ønskje seg noko meir disiplin og klare rammer. Ei mor fortel: Sånn som når ungane kjem og seier [etterliknar barnerop]:"Du Ann-Mari, kan eg gå der?" Eg - eg fikk sjokk i byrjinga, fordi at det var ikkje sånn vi var oppdratt. Vi måtte først rekke handa opp, og så om du får lov å spørje, og så vidare. Så det var mykje strengare. Eg synast at ungane har det mykje betre her. Kanskje litt for bra! (...) Då eg var barn hadde vi meir respekt for foreldre. Heilt frå barnehagen har vaksne makt over deg. Og då sit det i hovudet, at det skal vere sånn, du skal ikkje motseie noko - så vi fekk eit anna forhold til familie. Vi skulle gjere som foreldra sa. Eg hugser at eg følte meg ganske som eit barn sjølv då eg var 30 år gamal; for eg følte press frå faren min og frå tantene mine, dei bestemte kor eg skulle gå og kva eg skulle gjere, sjølv om eg var ein vaksen person. Men her har folk det mykje friare, dei gjer som dei vil, på ein måte; foreldre berre rettleiar ungane på ein fri måte. Ingen får noko press - ikkje på den måten som vi hadde det. Men eg at synast når folk blir eldre, dette med respekt for foreldre - då synast eg det er betre i Litauen. For mor ho er mor og du kan ikkje tenkje annleis. Ho er liksom.. ho er sol og himmel! Sånn som her, at folk har foreldre på gamleheim, det skjer ikkje i Litauen. Ei anna mor seier at det å skulle forstå skulesystemet har vore noko av det vanskelegaste med å kome til Noreg. Ho forklarar: Fordi - i alle fall for ti år sidan - hadde lærarane i Portugal mykje makt. Det var mange reglar. Heilt frå barnehagen blir ein vurdert, kanskje med rød prikk og

grøn prikk. Det er reglar for alt, ein skal alltid leggje ting tilbake på plass. Det er veldig mykje orden og oppdraging, heile tida. Korleis ein oppfører seg og ikkje oppfører seg, kva som er bra og ikkje bra. Hele dagen høyrer du om reglar, om du gjer det godt nok eller ikkje godt nok. Mange ting. Og så då eg kom til Noreg var det veldig fritt. Overalt! I skulen, i fritidsordninga. Barna var veldig frie til å bestemme kva de ville gjere, korleis de ville gjere det, om dei kanskje gadd eller ikkje å rydde etter seg - det var veldig merkeleg. Det er framleis litt merkeleg! Ho reagerer på debatten rundt kor vidt heimelekser er viktige eller ikkje, og slår fast at ein slik diskusjon ville vore utenkjeleg i Portugal. Men ho legg til: Men - det er Noreg. Noreg er veldig sånn - alt kan stillast spørsmål rundt. Ein må berre venne seg til det, og akseptere det. Dersom ein vil fungere her.

Religion Ein dag eg var innom Fjøra Intro møtte eg ei ung kvinne som var på randen av utmatting etter dagens dose lærdom om det norske samfunnet. Ho hadde besøkt ei lokal kyrkje og fått informasjon om den nye kjønnsnøytrale ekteskapslova, og om at personar som lever homofilt kan bli prestar i den norske kyrkja. Det var nesten ikkje mogleg å snakke med ho; i dag kunne ho ikkje ta inn meir. Ho måtte heim og kvile. Religion og religiøs praksis er eit felt som kan skape utfordringar for dei som flyttar frå eit land til eit anna. Migrasjonsforsking viser at den religiøse tilhøyrsla ofte kan endre seg i samband med migrasjon. Religionen kan bli ein viktigare del

av livet, fordi den blir eit forankringspunkt for identitet i eit samfunn der mykje er framand og ukjend. Men personars forståing av eigen religion kan òg utvikle og endre seg, fordi møtet med eit annleis samfunn og andre livssyn utfordrar dei normene og det verdsbiletet ein lærte å kjenne i heimlandet. Kva erfaringar har deltakarane i Mangfaldige arkiv med dette? Kva refleksjonar har dei gjort seg kring religion og religiøs praksis, i samband med eigen migrasjon? På spørsmål om kor vidt deira livssyn, tru eller religiøse tilhøyrsle har endra seg på grunn av at dei flytta til Noreg, er svara ulike. Fleire svarar bestemt nei: Nei. Då eg kom frå Somalia var eg muslim. Og når eg kom hit, er eg muslim. Det er det same, seier Liban Warsame Liban. Frå ein annan deltakar kjem eit like klart "ja." Ho seier: Sjølvsagt. Fordi viss du - for å sette det på spissen - viss du hadde budd med andre rasar som var heilt, heilt annleis enn deg, hadde det ikkje påverka deg og forandra deg? Det er sjølvsagt slik. Altså, detaljar på prosentvis, det kan eg ikkje gi deg. Men heilt klart, ja. Og det er ikkje noko dårlig. Det er berre at man utvidar - eg trur eg blei eit meir komplekst menneske, med meir forståing for andre, andre sin kultur, andre sitt språk, andre måtar å vere på, andre typar tankeverksemd altså; du blir mykje rikare enn du var før. Og det gjer igjen at du må vurdere, og utvide, og kanskje kaste bort nokre synspunkt du hadde frå før. Og opne deg for noko nytt! Når det gjeld kor vidt deira religiøse praksis har endra seg som følgje av at dei flytta frå heimlandet og kom til Noreg, er deltakarane meir samstemde. For dei fleste har det vore endring, fordi rammene rundt det religiøse livet er annleis der dei bur no enn der dei budde før. For nokon betyr det at dei går oftare i kyrkja enn før - kyrkja har kanskje ei sentral rolle i lokalsamfunnet der dei bur. Andre går sjeldnare til gudsteneste, bøn eller religiøse møte no enn før, nokon fordi det ikkje er like lett å finne eit religiøst fellesskap der dei bur no, andre fordi kyrkja i Noreg ikkje organiserer storslåtte folkefester som dei er vande med heimanfrå – der ein gjekk like mykje for å treffe folk, som for det religiøse innhaldet i markeringa. Ei kvinne fortel om fellesskap på tvers av 29


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Fjøra Intro er et introduksjonssenter for flyktningar og innvandrarar i Sogndal.

skiljeliner som hadde mykje å seie i heimlandet – her i Noreg har identiteten som kristen blitt viktigare, og kva for ei retning av kristendomen ein høyrer til speler mindre rolle. For muslimane eg har intervjua har religiøs praksis endra seg fordi det i Sogn og Fjordane er langt å reise til næraste moské; private heimar overtar difor rolla som samlingsstad for religiøse markeringar og høgtider.

Framtida Vi har no fått eit innblikk i bakgrunnen til deltakarane i prosjektet Mangfaldige arkiv. Vi har høyrt om ulike grunnar til at dei valde å forlate heimlandet sitt, og at dei enda opp nettopp her. Deltakarane har fortalt om sine første opplevingar i møte med norske årstider, klima og samfunn, og om sine refleksjonar rundt forskjellar mellom livet her og i dei landa dei kjem frå. Vi har òg fått eit innblikk i erfaringar knytt til arbeidsliv, oppdraging av barn i eit nytt land og korleis religiøs tru og praksis kan bli påverka av migrasjon. Eit tema står att - framtida. Kva slags planar og draumar har deltakarane for livet vidare? Ønskjer dei å bli buande i Sogn og Fjordane? Kva slags ønskjer har dei eventuelt for barna sine? Eg ønskjer å bu her i Sogndal. Eg vil jobbe, og ta utdanning, gifte meg og få barn, seier Mohamed Shute Mohamud. Han er interessert i sport, og kunne gjerne tenkje seg å jobbe i ein sportsbutikk. 30

Viss eg ikkje var gift ville eg kanskje studere og byrje livet på nytt. No må eg sjå mine draumar i min familie og mine barn. Kanskje, dersom min familie får komme hit... Eg håpar å sjå min familie lukkeleg. Eg ser norske folk vere glade, eg ønskjer å sjå min familie glad. Og sjå barna mine lære og få ei god framtid, seier Mohammad Haraza. Eg kan drøyme, men - det er vanskeleg å forklare. Du veit at for å leve godt er det avhengig av korleis ein tener pengar. Men eg har ikkje jobb slik at eg kan få pengar. Derfor kan eg ikkje drøyme om noko, seier Francesca Tué. Dersom ho hadde hatt moglegheit til å drøyme, ville ho ha ønskt å kunne kjøpe sitt eige hus. Eg ønskjer å bli lege eller forskar, seier Maria Jones. Ho kom til Noreg frå Rwanda for tre år sidan, no går ho siste året på vidaregåande skule. Til hausten skal ho flytte for å studere. Ho kan gjerne tenkje seg å flytte tilbake til Sogn etter utdanninga, men kor ho skal bu avhenger av kor ho får seg jobb når den tid kjem. Framtida den er her på Davik, utan tvil! seier Anne van Oorschot. Ho håper at om 20-30 år er Davik framleis ei bygd som blomstrar, med mange kjekke menneske å omgåast. Ho håper også at barna hennar får ei fin framtid, med god helse, og - når den tid kjem - at dei får jobbar dei trivst med. Ikkje minst håper ho at barna, når

dei er ferdige med studiar og reiser, vil flytte tilbake til Sogn og Fjordane. For, som ho seier: her har vi så mange gode verdiar og så mange moglegheiter! For å høyre alle livsminneintervjua frå Mangfaldige arkiv-prosjektet, sjå www.fylkesarkiv.no. Kjelder: Stortingsmelding nr. 17 (2005-2006): 2008 som markeringsår for kulturelt mangfold. Facebook: Opprop for NEI til asylmottak i Aurland www.kommunal-rapport.no, 18.02.04 www.byarkivet.oslo.kommune.no Fuglerud, Øivind 2001: Migrasjonsforståelse. Oslo: Universitetsforlaget Takk til: Nomeda Høgseth, Francesca Tué, Mohammad Haraza, Mohamed Shute Mohamud, Maria Jones, Liban Warsame Liban, Zelfanya Tewelde, Jonathan Di Blasi, Anne van Oorshot og Dag Olav Osen.

Alle sitat er omarbeidd eller omsett av artikkelforfattaren.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Opprøret i Ungarn 1956 og ungarske flyktningar i Noreg Av Karianne Schmidt Vindenes Etter andre verdskrigen hadde ni europeiske statar kommuniststyre og jernteppet som Churchill kalla det, hadde lagt seg over Aust-Europa. Mange av leiarane i dei kommunistiske partia hadde opphalde seg i Sovjetunionen. Kombinert med sovjetisk militært nærvær i åra etter krigen skapte det grunnlag for sterke kommunistiske styre. I Ungarn vart kommunistpartiet det einaste lovlege partiet i 1949. Partiet sin leiar János Kádár hadde sterke band til Sovjetunionen og var prega av stalinistiske idear. I 1953 tok Imre Nagy over som statsminister. Dette vart starten på ein periode prega av oppmjuking i tilhøvet til Sovjetunionen og arbeid med politiske reformer. Hjå ungararane skapte politikken til Nagy krav og forventning om ytterlegare demokratiseringsprosess. Tida fram til hausten 1956 var prega av maktkamp mellom Nagy og Kádár og begge hadde sine periodar som statsminister. 23. oktober 1956 demonstrerte 200 000 menneske i Budapest med krav om fridom frå Sovjetunionen. Nagy vart på nytt satt inn som statsminister. Han sette ned ei samlingsregjering og meldte landet ut av Warszavapakta.

Stor merksemd i Vest-Europa ”I Ungarn opplever ein ikkje berre ei nasjonal reising, men også eit politisk oppreist mot kommunismen. Vasalstatane vil ikkje lenger vera vasall. Dei underkua vil ikkje lenger verta underkua. Dei som har vore utnytta vil ikkje lata seg utnytta lenger”. Dette sitatet er henta frå Fjordabladet 2. november 1956 og illustrerer korleis situasjonen i Ungarn var blitt eit tema for media i heile Vest-Europa. Medan Europa følgde med intervenerte Sovjetunionens væpna styrker Ungarn 4. november 1956. Nær 20 000 ungararar vart drepne og Sovjetunionen sytte for at eit nytt undertrykksregime vart etablert i løpet av kort tid. Sovjet kalla demonstrasjonane i Ungarn ”kontrare-

Under demonstrasjonane hausten 1956 var ein statue av Stalin tatt ned og øydelagd av demonstrantane.

volusjon” (Palmer (1995), s. 912) og gjennomførte strenge rettsoppgjer. Hendingane i november 1956 og oppgjeret i etterkant, førte til masseflukt. Minst 180 000 ungararar flykta til Austerrike og 20 000 til Jugoslavia i perioden frå vinteren 1956 til våren 1958. 6. november kunne abonnentane av Fjordabladet lese om den Sovjetiske intervensjonen: ”Sovjet-russiske fly bomba i går Budapest. Fridomskjemparane held fram med striden sjølv om russarane har sendt ut sterke oppmodingar om å leggja ned våpna”. I same avisa var det også ei oppmoding om å hjelpe Ungarn: ”Fridom og fred for ein einaste dag. Det var alt Ungarn kunne få. Det tappert kjempende ungarske folk er atter under russarane sine klør. For berre nokre dagar sidan lova russarane at dei ville tinge om å drage troppene attende. No har dei hersett landet. Situasjonen er dypt tragisk. Framferda til russarane har vekt ein storm av protestar.” I Norsk innvandringshistorie (Kjeldstadli, red. (2003)) drøftar Hallvard Tjelmeland

korleis hendingane i Ungarn vart oppfatta i Noreg og resten av Europa. Som sitatet frå Fjordabladet 2. november viser, var opprøret mot kommunismen viktig. Fjordabladet har brukt ord som ”fridomskjempar”, ”det tappert kjempende ungarske folk” og ”under russarane sine klør” for å beskrive situasjonen. Med den kalde krigen som bakteppe vart ungararane sin kamp symbolet på vesten sin kamp mot kommunismen. I Noreg vart den sovjetiske invasjonen fordømt av dei politiske partia. Media rapporterte om dramatisk flukt og vanskelege tilhøve i flyktningleirane. Det vart skipa til fleire innsamlingsaksjonar, og Raude Krossen si innsamling var til dømes godt omtala i Fjordabladet.

Ungarske flyktningar i Noreg Etter den sovjetiske intervensjonen i Ungarn flykta altså om lag 200 000 ungararar. Dei fleste til Austerrike der det vart etablert flyktningleirar. Den første tida var i følgje Norsk innvandringshistorie Noreg sin politikk å yte hjelp til flyktningane som opphaldt seg i Austerrike og Jugoslavia, og Stortinget løyvde ein halv million kroner 31


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

til hjelpearbeidet. Den store mengda med flyktningar gjorde at Austerrike etter kvart oppmoda andre land om å ta i mot flyktningar. Noreg bestemte at dei ville ta imot 1000 flyktningar og det vart etablert eit overføringsstyre som skulle organisere mottaket. Totalt kom det om lag 1500 flyktningar til Noreg. Nordmenn hadde god kunnskap om bakgrunnen flyktningane kom frå og Norsk innvandringshistorie seier at ”… verken før eller seinare har flyktningar blitt møtt med så stor velvilje og entusiasme” (Tjelmeland (2005), s. 53)

Sovjetiske stidsvogner etter invasjonen 4. november 1956.

Ulike land organiserte mottaket av flyktningar på ulikt vis, og i Noreg var det kommunane som fekk ansvar for mottak og integrering i lokalsamfunna. I eit rundskriv frå Styret for overføring av ungarske flyktninger til Norge kan vi lese at målet var å sikre flyktningane rask tilpassing til det norske samfunnet. Helseråda i kommunane fekk ansvar for å undersøke alle flyktningar for tuberkulose og kommunane hadde ansvar for bustad- og arbeidsformidling.

omfatta barnetrygd og sjuketrygd frå det tidspunktet dei kom til Noreg, ulukkestrygd frå det tidspunktet flyktningane kom i arbeid, arbeidsløysetrygd og pensjonstrygd etter gjeldande oppteningstider. Rett til alderstrygd var avhengig av at søkjar var over 70 år og hadde budd i Noreg i fem år. Overføringsstyret presiserte i rundskrivet at dei einskilde trygdestyra hadde høve til å fråvike kravet om fem års opphald i landet.

Overføringsstyret presiserte kva sosiale rettar flyktningane hadde krav på. Dette

Ungarske barn i Vågsøy Sør-Vågsøy kommune var ein av kom-

munane som tok i mot ungarske flyktningar. 4. september 1957 hadde SørVågsøy skulestyre opp ei sak om ”tilleggstimar for Ungarn-barn”. I referatet kan vi lese at skulestyret ville organisere opplæring for to ungarske barn som hadde komme til kommunen. Skulestyret hadde søkt om stønad til ekstratimar og laga ein plan for undervisinga. Barna frå Ungarn skulle gå i 3. klasse som besto av 5., 6. og 7. årskull. Nokre dagar gjekk alle kulla i lag, andre dagar var dei delte og ungararane skulle gå med alle tre kulla etter eit mønster. Måndag og laurdag: heile 3. klasse, tysdag og torsdag: 5. årskull, onsdag og torsdag 6. og 7. årskull. Skulestyret laga ein plan for skuleåret 1957/58. I åra etterpå finn vi ikkje referanse til vidare oppfølging av barna frå Ungarn.

Flest menn Fleirtalet av dei ungarske flyktningane som kom til Noreg var menn (sju av ti), det var i hovudsak yngre folk med bakgrunn som fagarbeidarar eller elevar ved yrkesskular, berre eit fåtal hadde høgare utdanning. Som vi kan sjå frå eit brev frå Lærdal kommune, hadde også kommunane klare forventningar om kva flyktningar dei ville ta i mot.”…Lærdal er viljug å ta mot ein familie på inntil 5 personar, kone, mann og inntil tre born, ein ungdom i alderen 16-20 år og 2 born, i alt 8 personar. Dei vaksne må vere kropsarbeidarar, og helst landsfolk”.

Ein av ti reiste tilbake Her kan vi sjå korleis statuen av Stalin vert dratt gjennom gatene i Budapest.

32

Vi har diverre ikkje tilgjenge til statistikk som kan fortelje kor mange ungararar som kom til Sogn og


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Sovjetisk stridsvogn på gata i Budapest.

Fjordane. Dei nasjonale statistikkane kan fortelje at talet har helde seg relativt stabilt i Noreg. I 1950, før krisa i Ungarn, budde det 198 personar med fødeland Ungarn i Noreg. I 1960, nokre få år etter krisa, var talet 1360. Totalt var det komme om lag 1500 ungarske flyktningar og etter tala i frå 1960 kan vi seie at om lag 10% av flyktningane reiste tilbake til Ungarn. I tiåra etter har talet vore relativt stabilt: 1255 i 1970, 1254 i 1980 og 1305 i 1990.

Del di historie Fylkesarkivet har kjelder som kan vere med å dokumentere det praktiske vedrørande ungarske flyktningar i Sogn og Fjordane. Vi er også interessert i nytt materiale som kan kaste lys over dei ungarske flyktningane si historie i Sogn og Fjordane. Viss du kom som flyktning frå Ungarn eller er etterkommar etter ein av flyktningane vil vi gjerne at du tek kontakt

1950

1960

1970

1980

1990

Pers. 198

Pers. 1360

Pers. 1255

Pers. 1254

Pers. 1305

Viser folkemengd sortert på fødeland Ungarn og årstal.

Menn, Ungarn Kvinner, Ungarn

1970

1980

1990

2000

2009

Pers. 909 572

Pers. 938 624

Pers. 991 655

Pers. 903 739

Pers. 1077 1018

Viser innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn (to utanlandske foreldre) sortert på fødeland, kjønn og årstal.

med oss. Vi vil til dømes vere interessert i bilete som er med på å fortelje historia om livet i Ungarn, flukta og livet i Noreg, dagbøker og korrespondanse med familie i Ungarn eller andre land Var du klassekamerat eller arbeidskamerat med ein ungarar? Viss du har ei historie å fortelje vil vi gjerne at du kontaktar oss eller legg inn historia di i digitalt fortalt (www.digitaltfortalt.no). Kjelder: Palmer, R.R. og Joel Colton (1995) A History of the Modern World. Åttande utgåve Tjelmeland, Hallvard (2003) ”Del 1 1940-1975”. I: Knut Kjeldstadli (red.). Norsk innvandringshistorie, bind 3, I globaliseringens tid 1940-2000. Oslo Lærdal kommune, formannskapet, korrespondanse/sakarkiv 1957 Sør-Vågsøy kommune, skulestyret, møtebok 1955-1963 Alle bileta er henta frå www.Hungary1956.com, opplysning om fotograf er ukjend.

33


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Irske Potts-poteter i over hundre år Av Hermund Kleppa

Me sat attmed Potts-bordet, og det blei spørsmål om eg hadde lyst på ein kopp kaffi. Eg takka ja, sjølv om eg akkurat då ikkje sakna noko som helst. Det kom ei kaffikanne på plass, koppar, syltetøy, kjeks, - og ei skål med femseks poteter. Det siste stussa eg litt på, men heldt det med meg sjølv. Poteter til kaffien er ikkje daglegdags servering.

Osen gard i august 2008. Pottspoteter servert til kaffi på Potts-bordet i gardstunet.

Eit par dagar etter 17. mai kom det melding frå Osen gard i Gaular: Potts-potetene er komne i jorda! Det har skjedd kvart einaste år sidan slutten av 1800-talet. I 1878 kom irlendaren William Trumperant Potts til Osen for å fiska laks. Han og to andre med namnet Potts åtte Osen gard i mange år. Dei prøvde seg også med setjepoteter frå Irland.

Eg skreiv eit stykke i Kjelda nr. 3/2008 om korleis det bar til at eg sommaren 2008 fekk kjennskap til irlendarane Potts på Osen gard. Eg fortalde om Potts-poteten og om det aller første møtet mitt med denne særs spesielle poteten, i gardstunet attmed eit steinbord med innhogde Pottsnamn og årstal:

Dei blei som rosina i pølsa, potetene. Olav Johan [Mo, noverande eigar] fortalde at det er poteter etter Potts. Potts hadde med seg setjepoteter frå Irland. Og så har dei dyrka desse potetene kvart år seinare. Eg la merke til at mor til Olav Johan kalla dei potts-poteter. - Dei er ekstra rike på stivelse, fortalde Olav Johan. Før i tida hende det rett som det var at naboar kom og fekk seg potts-poteter når dei skulle baka poteteskaker. Deigen blei fastare enn av andre slag.

Om kvelden, 13. mai, sette dei Potts-poteter på Osen gard. Det har dei gjort i over 100 år.

Eitt av Potts-potet-felta i Sogn 2009. Den første spira kom til syne alt 3. mai! Unn Karin Kleppe på Osen gard skreiv då ho høyrde dette: "Eg er imponert kva de får til inne på Systranda". Biletet viser feltet 4. juni. 34

No – i 2009 – er Potts-poteten komne i jorda att på Osen gard, kanskje for 125. gongen. Og ikkje nok med det. Henning Rivedal og underskrivne har sett irske Potts-poteter i Sogn. Godt åla og tidleg sette er dei alt komne til syne på Røysafeltet. Me kjem til å følgja "årets vekst" med age og undring, både i Osen og på heimlege trakter. Og me lovar ei melding om "årets avling" i Kjelda til jul.


kjelda, nr. 2 – 2009, årgang 18

Vel blåst! Av Marit Anita Skrede

Kontaktkonferansen 2009 vart arrangert i Flåm 27. og 28. april. Dette er ein årleg konferanse som kommunearkivordninga arrangerar for personar som jobbar med arkiv i kommunane og fylkeskommunen. Koselege Fretheim hotell var ei fin ramme for konferansen som samla i overkant av 50 deltakarar. Kontaktkonferansen vart opna av ordføraren i Aurland, Olav Turen med Flåmsbana var eit populært innslag på konferansen. Foto: Sturla Binder. Ellingsen. Han gav oss ei fin reise gjennom kommunen i Det er eit prosjekt i regi av alle prosjekt. Prosjekta vart presenterte ord og bilete. Programmet fortsette Nordfjord-kommunane som mellom på konferansen. Elin er prosjektrådmed fleire interessante føredrag, anna jobbar med å finna løysingar gjevar i Europeana Local, eit EUmellom anna fleire eksterne føre- for arkivering av arkiv frå skular og prosjekt som arbeider med å gjera dragshaldarar. Frode Vik, IKT- barnehagar. Inge Manfred Bjørlin digitalt innhald frå lokale og regioansvarleg for skular og barnehagar i frå Aust-Agder kulturhistoriske nale ABM-institusjonar i Europa tilStryn kommune, presenterte senter er med i eit prosjekt som gjengleg via ein felles fleirspråkleg prosjektet Sikker sone Nordfjord. jobbar med å samordna alle fag- portal. Heidi dokumenterar mangsystem og sak-/arkivsystem frå tre fald i fylket vårt ved å intervjua innkommunar og Aust-Agder fylkes- vandrarar frå ulike land og verdskommune. I innlegget delte han ein delar om møtet med Sogn og del av kunnskapane og erfaringane Fjordane. sine med oss. Det sosiale er viktig på kontaktDet var eit variert program på konfe- konferansen. I tillegg til god mat, ransen, der me også fekk høyra om ynskjer me å sjå litt av den staden mellom anna arbeidet med arkiv- me vitjar. Sidan konferansen vart plan.no, den nye offentleglova og halden i Flåm, var Flåmsbana eit noko av det arbeidet som kommune- naturleg val for utflukt. Dette var arkivarane held på med. Petter von tydelegvis noko som fall i smak, for Krogh, kulturkonsulent i Aurland dei fleste av deltakarane gjorde seg kommune, fortalde om noko av nytte av dette tilbodet. Diverre vart arbeidet på Lokalhistorisk senter i det litt grått då me tok bana til Aurland. På Flickr, ei biletteneste på Myrdal og tilbake måndag etternettet, har dei lagt ut bilete frå middag. Det var likevel ein fin tur, kommunen. Her kan publikum koma og me let oss imponera over dei som i si tid bygde denne spektakulære med tilbakemeldingar av ulik art. bana. Ordføraren i Aurland, Olav Ellingsen, opna Elin Østevik og Heidi Rohde Rafto kontaktkonferansen i Flåm. Foto: Sturla er tilsette på Fylkesarkivet i to ulike Binder. 35


Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Før: Biletet syner Hafstad i Førde ein gong mellom 1910 og 1920. Utsikt frå Hafstadbakken mot fjorden. Gardsbusetnaden på Hafstad i framgrunnen og den framveksande tettstaden bak. Foto: Olai Fauske.

No: Utsikt frå grustaket på Hafstad i 2009. Her er det nesten berre horisonten som er gjenkjenneleg. Foto: Sturla Binder.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.