Kjelda
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Nr. 1 - Mars 2010. Ă…rgang 19
Sogn og fjordane fylkeSkommune
Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Eit ausekar med informasjon Kor finn vi svara på livets store og små spørsmål? Kor skal vi gå når vi søkjer svar? Tidlegare var det kanskje bibelen for mange. I dag er det Internett sjølvsagt. Alt ligg jo der: Svaret på det meste mellom himmel og jord. Og nærare bestemt Google. For mange i dag er det blitt slik det som ikkje finst på Google, det finst ikkje; det er ikkje relevant eller noko å bry seg med. Utviklinga har akselerert dei siste 4-6 åra, i takt med betre utvikla søketeknologi og meir innhald. Internett har blitt vårt store informasjonsreservoar som vi kan ause av. Og Google er ausekaret. Det er lett i bli blenda av det store informasjonstilfanget, for det er jo ein fantastisk ressurs. Men ofte forsvinn dei kritiske tankane og spørsmåla når du finn det du tilsynelatande var ute etter. Du fekk svaret ditt og det er jo bra. Vi er heldigvis blitt lært opp til at vi skal vere kritiske og stille spørsmål
ved ting. Vi skal ikkje berre si ha og ja til alt. Oppover i skulesystemet, og særleg på høgskule- og universitetsnivå, har det vore lagt vekt på kjeldeanalyse og kjeldekritikk i så og seie alle fagdisiplinar. Men i kor stor grad er metodikken i utdanningssystemet vårt tilpassa den nye informasjonsrøyndomen? Det er jo tilsynelatande ikkje knappleik på informasjon, men snarare det motsette: Ei overflod av kjelder og tekster som fallbyr kvarandre. På mange måtar har Internett blitt eit nytt felles, globalt arkiv som vi alle bruker. Men her er det berre sjølvbetening, og bruk på eige ansvar og rekning. Det er lite av hjelp og rettleiing å få. På den andre sida sit dei tradisjonelle berarane av kjelder og kunnskap – arkiv- og kulturarvsinstitusjonane – som har årelang erfaring med handsaming, tolking og formidling av kjelder. Vi som representerer arkiva ser denne utviklinga og gjer oss våre tankar.
Redaksjon Snorre D. Øverbø (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Olaf Knarvik Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Elin Østevik. Utforming: Sogne-Prent AS.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Olaf Knarvik (foto), Fototeknisk avd., 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, olaf.knarvik@sfj.no Karianne Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, karianne.schmidt.vindenes@sfj.no Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (EuropeanaLocal) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 82 50 17, per.olav.boyum@sfj.no Håvard Kastet (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, havard.kastet@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Espen Sæterbø (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, espen.seterbo@sfj.no Ole Stian Hovland (kommunearkiv),tlf. 57 65 64 19, ole.stian.hovland@sfj.no Arne Henjesand (registrator), tlf. 57 65 64 00 Mari Ormberg (prosjekt), tlf. 913 32 136, mormberg@hotmail.com
I ein slik situasjon er det viktigare enn nokon gong at dei tradisjonelle leverandørane av kjelder og arkiv – museum, arkiv, bibliotek – står fast på sine kvalitetskrav. Vi skal vere trygge og gode leverandørar av informasjon. Brukarane våre skal stole på at det dei får utlevert er autentisk og med riktig kvalitet. Men vi skal og vere relevante og aktuelle når vi utviklar nye tenester, slik at vi ikkje støyter brukarane frå oss. Og kanskje det viktigaste, men som så ofte blir gløymd i dag: Vi skal hjelpe til med på å setje ting i kontekst, samanheng. At vi som arkivarar kan vere med på bidra til at folk kan forstå og stille spørsmål ved dei kjeldene dei får tilgang til. Ein slik praksis er kanskje gammaldags og kjedeleg, men slik må det vere. Eg trur at vi framover vil sjå at det vil bli stilt større krav til kvalitet og truverde på innhaldssida enn det vi ser i dag. I dei næraste åra vil store arkiv og samlingar i Noreg bli digitalisert og tilgjengeleggjort på Internett. Dei same fagfolka vil forhåpentlegvis følgje sine solide fagtradisjonar, og levere kjelder til deg og meg, godt innpakka og merka. Då treng vi kanskje ikkje alltid hente fram ausekaret når vi skal finne svar.
ABM-Sogn og Fjordane: Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, oystein.asnes@sfj.no Bjarnhild Samland, tlf. 57 65 64 08, bjarnhild.samland@sfj.no Nettstad: www.fylkesarkiv.no FRAMSIDEBILETE: Påskestemning på Vatnahalsen, Aurland kommune, påsken 1959. Fotograf: Aase Udberg.
2
Snorre D. Øverbø Fylkesarkivar
Personalnytt: sjå side 38.
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Innhald • Leiar: Eit ausekar med informasjon Av Snorre D. Øverbø.............................................................................................................. s. 2 • Koraholet i Leikanger - der Fatlaelvi korar seg Av Randi Melvær........................................................................................ s. 4 • Innsamling i Jostedalen Av Mari Ormberg........................................................................................................................................................... s. 6 • Jubileumsfest for ein viktig by Av Edvin Helgheim.................................................................................................................................... s. 7 • Minnestein over fyrste ordføraren i Kinn Av Hermund Kleppa................................................................................................... s. 9 • Ordningsarbeid etter Kinn kommune Av Espen Sæterbø.................................................................................................................. s. 11 • Boknytt Av Randi Melvær............................................................................................................................................................................................................ s. 12 • Sikring av elektroniske arkiv Av Håvard Kastet............................................................................................................................................ s. 13 • Drikk surmjølk! Av Espen Sæterbø................................................................................................................................................................................ s. 14 • Unge arkivarar Av Ole Stian Hovland........................................................................................................................................................................... s. 15 • Fabrikktilsynet Av Karianne Schmidt Vindenes...................................................................................................................................................... s. 16 • Inspeksjon ved verksemda Mineral og Kraft i Arnafjorden Av Karianne Schmidt Vindenes........................ s. 20 • Kvinnene i fabrikktilsynet Av Karianne Schmidt Vindenes...................................................................................................................... s. 23 • Skudal bedehus i Gaular Av Arne Kirkeli og Hermund Kleppa............................................................................................................. s. 25 • Eit liv i virke for idrett og fysisk aktivitet Av Per Olav Bøyum.................................................................................................... s. 27 • Nostalgiske hopp Av Olaf Knarvik.................................................................................................................................................................................. s. 29 • Digitalisering av fotografi Av Olaf Knarvik......................................................................................................................................................... s. 31 • Hunden - frå nyttedyr til familiemedlem Av Elin Østevik................................................................................................................ s. 33 • Pilotstudium med søkelys på lokal kulturarv Av Bjarnhild Samland.................................................................................... s. 35 • Ei framtid for losjehuset i Stongfjorden? Av Hermund Kleppa................................................................................................... s. 36 • Fyll og slagsmaal paa Sande i Sunnfjord Av Espen Sæterbø.......................................................................................................... s. 39
3
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
”En Hule paa Gaarden Njøs, Leganger Præstegjæld i Bergen Stift.”
Koraholet i Leikanger – der Fatlaelva korar seg Av Randi Melvær man fra Skydsskiftet ”Naar Hermansverk paa Nordsiden af Sognefjorden vandrer mod øst langs Stranden, aftager Bredden af den dyrkede Jordstrimmel ved foden af det steile Fjeld lidt efter lidt, indtil den aldeles afbrydes af en stor Ur, hinsides hvilken Fjeldet er saa steilt, at al videre Fremtrængen er umulig. Klavrer man paa skraa op over uren, træffer man i en Høide af 3400’<alner> over Fjorden Indgangen til en Hule, overraget af en mæktig Klippeblok (…) Foran voxer der smukke Smaatræer, som her har fæstet Rod mellem Stenene.” Slik fortalte Hans H. Reusch om vegen til Koraholet inne ved Fatlaelva. Han skreiv dette som student, og skildringa hans blei publisert i Cristiania Videnskabs-Selskabs forhandlinger for 1874. Han har nok plassert hola noko for høgt i terrenget. Etter 1870 rekna dei ein alen eller ein ”meteralen” til 60
cm, (Norsk historisk leksikon 1999). Reusch har truleg brukt dette målet. Han plasserte med andre ord Koraholet på 180-240 moh. Amund Helland meinte at høgda over havet var på vel 100 meter.
Hola Reusch skildra hola nøyaktig. Botnen skråna og var ”stenig”. Veggane var loddrette og taket var dekka av store klippeblokker. I delar av taket mangla blokker slik at dagslyset skein gjennom. Lengda var på vel 43 meter og på det breiaste var holet 9 meter. Midt i hola var høgda 10 meter. Holet gjekk mot aust inn i ei kløft som skråna oppover og var vel 50 meter lang. På utsida var det ein liten foss. Dette var ein av fossane i Fatlaelva. Reusch fortalte og at fossen delte seg i regnvêr, den ”kaarer” seg, etter det folket på Njøs sa. Dette skal ha gjeve staden namn. Bergarten skildra han som ein
På veg inn i Koraholet frå vest. Fotograf: Harald Nornes
4
hard, noko glimmerhaldig, blåleg grå kvartsskifer, som var oppsprukken og nokre stader falda.
Korleis oppstod denne hola? Reusch drøfta dette spørsmålet grundig. Han forkasta ei forklaring om berre forvitring. Det kunne ikkje vera ras åleine som skapte hola, meinte Reusch. Det kunne ikkje vera ei kløft som blei dekka over av steinar som raste ned frå høgdene over, fordi steinblokkene kom frå sjølve plassen. Neste forklaringa han forkasta var utgraving av sjø og bølgjer. Dette passa ikkje med retninga for hola som var langsetter berget. Her fekk ikkje sjø og bølgjer tak. Kunne hola vera eit gamalt elveleie? Reusch kalla Fatla for ”den lille Bæk”. Han må ha vore her om sommaren i tørt ver. Han meinte at det ikkje kunne ha vore kalk på staden som var vaska
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
som nu utgjør den paa denne Maade dannede Kløfts og Hules Bund.”
”En Grube og en Kløft” I nærleiken av Koraholet fann Reusch ”en Grube”, trekanta, 10 alner lang og 12 alner djup. Denne meinte han måtte vera laga på same måte som Koraholet, med sine kvasse kantar og uregelmessige overflater. Enda ei kløft fann Reusch, nedom Koraholet:
”Det indre af hulen, seet frå den nordvestlige aabning.” H.H.Reusch.
ut av berget og late etter seg ei slik hole. Veggane i hola var ikkje slipte, men rue. Det tyder ikkje på at det er vatn som har grave ut hola.
Jordskjelv Reusch var overtydd om at det var eit jordskjelv som knuste fjellet og opna opp allereie eksisterande sprekker (”Sletter”) i fjellet til ei hole (”Spalter”). Sprekkene var vertikale og så og seie parallelle og blei utvida. Slik blei det danna ei hole. Fjellbitar sank ned og danna tak i hola. I aust danna det seg ei kløft. Reusch skildra dette svært nøyaktig. Han laga og skisser som argumenterte for danninga av holefenomenet. Figur 8 og 9 viser staden før og etter jordskjelvet. Reusch forklarte alle fjellblokkene sine plasseringar i hola. ”Man maa, efter hvad man har Anledning til at iagttage, nærmest tænke sig, at det fornemlig har været 2 vertikale, indbyrdes nogenledes parallele Sletter, der er blevne udvidede. Fjeldet mellem dem er saaledes kommen til at staa som en isoleret Plade ved de gabende Spalter adskilt fra det øvrige Fjeld paa begge Sider. Idet Jorden rystede knustes Pladen, der har været gjennemsat af Sprækker ligesom Fjeldet rundt om. Stykkerne er det,
”et Fjeldstykke er løsnet efter en Slet paralel med Skifrigheden og er gledet et Stykke udover. Paa kløftens Vægge sees en liden Krusning i Skiferen; man finder, at Detallierne svarer til hverandre paa begge Sider, og man kand med Kompasset i Haanden overbevise sig om, at Udglidningen netop er skeet i Skiferens Faldretning; da denne som ved den større Kløft (…) er skraat stillet i Forhold til Længderetningen, staar de tilsvarende Krusninger ikke ret over for hverandre paa begge Sider, men paa skraas.” Reusch argumenterte for at denne kløfta også blei danna ved eit jordskjelv. I tillegg fann Reusch og ei liknande utgliding på Bjørgahaug vest for Koraholet. Retninga og bergarten var den same.
Gamalt eller nytt jordskjelv? Heving av landet i gamal tid kunne føra med seg jordskjelv, skreiv Reusch.
”Landets Hævning i den nyeste geologiske Periode sandsynligvis, efter hvad Terrasser og Strandlinier lærer os, er skeet i Ryk. Fra andre Steder hører vi om, at saadan rykkevis Hævning gjerne ledsager heftige Jordskjælv”… Men Reusch trudde ikkje det var under landhevinga Koraholet blei danna. Han trudde heller at det her var snakk om eit nyare jordskjelv. Det nyare jordskjelvet Reusch nemnde gjekk føre seg om natta den niande mars 1866. Det hadde sentrum utanfor Kristiansund og ristinga blei registrert like frå Shetland til Bottenhavet. Det synest som han meinte at dette skjelvet skapte Koraholet.
Kva meiner geologane i dag? Eg har spurt pensjonert fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes om korleis Koraholet blei danna. Han kan ikkje gje noko sikkert svar på spørsmålet, som rimeleg er, men kjem med nokre moment. For det første skriv han at Reusch kan ha rett i dette med eit nyare jordskjelv.
Fjellskred frå Anhovden Elles skriv han at det i tillegg har gått eit steinskred frå Anhovden som ligg over Koraholet og Bjørgahaug. Når raset gjekk er det ingen som veit. Steinmassane frå dette skredet ligg i lia ned mot riksvegen og ute i fjorden.
Slik meinte Hans Henrik Reusch at sprekkene og hola var før og etter jordskjelvet.
5
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Det siste er påvist gjennom seismiske undersøkingar som NGU har gjennomført. Eg undrast om fjellskredet kan ha dytta steinmassar som frå før låg rett over sprekksona ned i ei opna hole?
Tsunami på Husabø? Til sist opplyser Russenes at islandske kjelder fortel om eit fjellskred i Sogn i 1180. Eit skred som det frå Anhovden ville kunne utløysa ein tsunami eller ei flodbølgje. Ved utgravingane på Husabø i Leikanger fann arkeologane opprota lausmassar. Dette kan vera eit resultat av ei flodbølgje.
Andre kjelder Amund Helland skildra ”Kaurahole” i ”Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt, første del”. Denne skildringa tok bygdebokforfattaren Per H. Bøthun utgangspunkt i då han skreiv gardssoga for Leikanger. Bøthun meinte at rett namn var Koraholet. Namnet skulle visa til at ein del av hola liknar eit kyrkjekor. Inne i hola ligg og Preikestolen som er ei stor steinblokk der folk ofra. Elles meinte Bøthun at uttrykket at Fatlaelvi korar seg kjem frå Korahola. Dette blir motsett av det Reusch skreiv i artikkelen sin.
Koraholet i dag I dag er Koraholet eit spanande turmål i
”Kløften med hulens sydøstlige aabning.” H.H. Reusch 6
sommarhalvåret. Dersom du vil vitja hola, går du opp frå riksvegen aust for stien til Bjørgahaug inne på Sanden. Etter stien gjennom tett kratt, kjem me opp i steinurda som har ein del lause steinar ein må passa seg for. Gjennom urda ligg det små vardar langs stien, slik at folk skal finna vegen.
Innsamling i Jostedalen
Kven var Hans Henrik Reusch? Forfattaren av artikkelen, Hans Henrik Reusch (1852-1922) kom frå Bergen. Faren heitte Hans Leganger Reusch og farmora Anna Christine Blixencrone Leganger. Dette knyter han truleg til presten Iver Erikssøn Leganger (16291702), fødd på Leikanger prestegard. Han tok familienamn etter fødestaden sin. Hans Henrik Reusch studerte realfag og tok eksamen med beste karakter. Doktorgrad tok han i 1883. I 1888 blei han tilsett som leiar og seinare direktør for Norges Geologiske Undersøkelse. Den viktigaste forskinga hans var på geologien for Vestlandet. Reusch publiserte mange artiklar på fleire felt, og han populariserte gjerne stoffet sitt. I tillegg skreiv han lærebøker. Reusch tok og initiativet til oppretting av Det norske geografiske Selskab og Norsk geologisk Forening. Ein medalje som blir tildelt unge forskarar i geologi ber hans namn. Reusch var flink til å teikna, ei gåve han truleg hadde etter faren som var biletkunstnar. Difor kunne han illustrera artiklane sine på ein framifrå måte. Kjelder: • Reusch, Hans H.: En Hule paa Gaarden Njøs, Leganger Præstegjæld i Bergens Stift. Med 2 autographerede Plancher samt Textfigurer. Særskilt aftrykt af Christiania Videnskabs-Selskabs Forhandlinger for 1874. • Norsk biografisk leksikon, 1952. • Rekstad, J.: Hans Reusch nekrolog og bibliografi, Norges geologiske undersøkelse nr. 100. Kristiania 1923. • Wikipedia • Imsen, Steinar og Winge, Harald: Norsk historisk leksikon. Kultur og samfunn ca. 1500 - ca. 1800. Cappelen 1999. • Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus amt : første del. Kristiania 1901. • Bøthun, Per H.: Leikanger bygdebok : gardssoga. Leikanger bygdeboknemnd 1965. • Pensjonert fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes
Prosjektleiar er Mari Ormberg, som sjølv kjem frå Jostedalen. Ho kan kontaktast på telefon: 913 32 136 og epost: mormberg@hotmail.com
Jostedalen er ei bygd mest kjend for å liggje isolert mellom fjell og bre inst i Sogn. Men bygda er òg kjend for ein levande og rik folkemusikk- og folkedanstradisjon. Med impulsar frå både Nordfjord, Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal og Sogn, har Jostedalen fått ein særeigen tradisjon. Takka vere den geografiske isolasjonen, har musikken og dansen overlevd vekkelsesbølgjene som tok livet av denne tradisjonen i dei kringliggjande sognebygdene. Jostedal Spel- og Dansarlag har faktisk vorte eit av dei største og mest aktive spelemannslaga i landet. Med auka aktivitet i laget, kjem auka spurnad etter tradisjonsstoff. Fylkesarkivet har ein god del opptak av spel og noko song frå Jostedalen, medan Rådet for Folkemusikk i Trondheim har opptak av dans. Dei eldste opptaka er frå 60-talet. NRK har òg opptak frå Jostedalen, men desse er lite tilgjengelege for ålmenta. Fylkesarkivet har oppretta ei prosjektstilling for å samle inn gammal musikk, song og dans frå Jostedalen, slik at dette kan vidareformidlast til interesserte. Mari Ormberg
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Jubileumsfest for ein viktig by Av Edvin Helgheim, prosjektleiar som òg eigde sildesalteria, og dei bestemte alle prisar – ut og inn. Stortingskommisjonen, som skulle greie ut spørsmålet om ein by på kysten av Nordre Bergenhus Amt, har beskrive dette i uvanleg sterke og klare ordelag sikkert førd i pennen av Hans Blom, presten i Kinn. Derfor var det viktig at byen kom, og derfor er det ei viktig hending som no blir feira i Florø og Flora gjennom eit heilt år, med eit høgdepunkt rundt bursdagen 16. mai. Det var nemleg dagen då kong Carl på Stockholm slott skreiv under lova om ”Opprettelse af et Ladested på Florøen i Kinns Præstegjeld”.
som brukar å samle 2000 publikummarar kvart år, innslag frå den lokale revytradisjonen heilt tilbake til 19201930-åra. Den særeigne bykulturen levde sitt liv i denne isolerte byen. Derfor arranger Sogn og Fjordane Symfoniorkester sin hovudkonsert i Florø i mars der ein lokal komponist (Eirik Husabø) får presentere første sats av jubileumssymfonien sin, og der byen sitt unge musikktalent, Håvard Lothe, og hans gruppe skal spele i lag med symfoniorkesteret. Og derfor set Flora Ungdomsskule opp ein nyskapt jubileumsmusikal med stoff frå byen si historie og notid. Slik kan ein skule vere med å skape historieforståing.
Fotoutstillingar Festen er i full gang
Det var ikkje så mykje som i 1860 skulle tilseie at ein by skulle bli lagd til Florø, på ei smal, veglaus halvøy som stakk ut mot havet. Men by vart det, og no i 2010 feirar innbyggjarane Florø si 150-årige historie med ei rekke arrangement, utstillingar og bokutgjevingar.
”Opprettelse af et Ladested på Florøen” I 1860 budde det eit førtitals menneske innanfor grensa til den nye byen. Det var to gardsbruk, prestegarden i Kinn inkludert, og nokre buer og eit par handverkarar. Men havet låg utanfor, og sidan 1808 hadde det kvart år vore eit uendeleg rikt sildefiske som gjorde til at tusenvis av fiskarar dukka opp i sesongen og fylte opp alle hus, og store sjøbuer blei bygde på øyane. Omkring 1600 menneske budde i Kinn. Det var eit skrikande behov for ein administrasjonsstad, ein plass for nødvendig infrastruktur, for doktor og ikkje berre prest, telegraf og butikkar. All handel låg i hendene på Bergenskjøpmennene
Florafolk kan feste og er lette å be når noko skal markerast. Florafolk er stolte av byen sin og kreativiteten er uendeleg stor når det gjennom eit heilt år skal lagast til fest for å markere jubileet. Det er laga eit program med til no 100 arrangement gjennom året, som finst i eit fint programhefte og på www.flora150.no, og festen er alt godt i gang. Det starta i nyttårshelga med Kjippen – eit heilt forunderleg Florøfenomen med til dels ukjent opphav og kanskje over 100-årig tradisjon. Det var jubileumsfyrverkeri og nyttårskonsert, der ein nyskriven jubileumsfanfare vart presentert. Det er konsertar på rekke og rad, mellom anna har koret Jomentum presentert si jubileumsframsyning: ”Kjærlighet og musikk i paviljongen”, der det er leita fram historisk materiale om musikkpaviljongen ved Litlevatnet som òg vart bygd for snart 100 år sidan, men som blei riven på 1950/60-talet. Rundt den paviljongen og det historisk spennande området ved Litlevatnet blei det laga ei romantisk historie der gamle songar frå denne perioden blei framførde av eit kor i tidsrette kler. Dette er ei direkte følgje av jubileet: Folk ønskjer å skape noko, leite fram historia, vise noko fram – fordi det er jubileum. Derfor blir det i Florarevyen,
Det blir mange utstillingar gjennom året. Kystmuseet har ei brei markering av jubileet, først og fremst gjennom fire fotoutstillingar. Første utstillinga opna tidleg i februar og viser arbeida til Florø sin første profesjonelle fotograf, Christoffer L. Berg (1870-1929), og han lever att, ikkje minst gjennom dei mange små portrettbilda som var så typiske for tida. Han dreiv atelier frå 1894 fram til 1920. Nestemann er Malvin Horne (1904-1962) med ei utstilling som går fram til litt ut i mai, og som ved starten av jubileumsåret fekk si eiga bok samansett av barna til fotografen. Fleire tusen av bilda hans er digitaliserte i Fylkesarkivet sin base og er å finne på nett. Han er ikkje minst kjend for bilda sine frå sildefisket. Florøfotografen Are Fjellestad, er ein fotograf av vår tid og hans bilde blir presentert til hausten. Innimellom kjem ein spesiell fotograf, amerikanaren Robert Robinson (1927-1996), som budde på Vestlandet i ein lang periode og som tok ein heil masse spesielle og spennande bilde frå Florø og kysten. Det blir sommarutstillinga på Kystmuseet. Og så høyrer det med at fotografen Oddleif Apneseth, oppvaksen i Strandgata i Florø, flytter delar av Jølsterutstillinga til Florø i sommar og i tillegg planlegg eit eige Floraprosjekt!
7
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
er det elles planlagt ein lokalhistoriske konferanse der ei rekke historikarar vil setje lys på kysten si historie!
Tid for ein fest? ”Finn deg ein stad i byen i vest, plass er her alltid og tid for ein fest” står det å lese i ein av dei 33 Florø- og Florasongane i Florasongboka som kom ut i 2001 (Flora kommune). Den boka fortel sitt om Florø/a-patriotismen. Florø vart vel ikkje den motoren i næringsutviklinga i fylket som grunnleggarane hadde tenkt, men hadde ein svært viktig funksjon ikkje minst i høve til Bergen i oppstartstida. Sjølv om det kan butte mot på enkelte næringsområde, er det tid for ein fest i Florø, og kanskje nettopp no. For byen har store voner til jubileet: Ikkje berre som folkefest og ved å fortelje historia. Jubileet skal skape positiv blest for byen og vil vonleg vis trekke masse folk til byen. Og det kan brukast til å tenke nytt og bygge nye næringar. Fylket si største næringslivsmesse blir arrangert i Florø i slutten av mai, sildebord og Kinnaspel i juni og FotbhallFlora i juli og Fjord-Steam i august, og alle desse arrangementa vil samle tusenvis av feststemte menneske i byen. Og ikkje minst i den lange helga frå 13. til 17.mai blir det ein samanhengande fest i Florø-gatene. Det blir noko å få med seg! Les meir om jubileet, historia og alle arrangementa på www.flora150.no. Det trykte programmet blir tilsendt om du sender melding til post@flora150.no
Historiebøker I alt kjem det ut minst fem bøker til byjubileet. Horne-boka er nemnd. Bjarte Sindre har laga ei flott bok som heiter ”Hilsen fra Florø” der han gjennom interessante postkort og magasinbilde bokstavleg tala gjev fine tidsbilde frå byen. Trond Strømgren, som etter kvart har mange lokalhistoriske bøker på samvitet, kjem med ei bok som presenterer ei hending i kvart år frå 1860 med eitt eller fleire bilde, og med tekst både i ei norsk og ei engelsk utgåve. Firdaposten gjekk motsett veg og let folk i heile kommunen på ein dag, 09.06.09, ta og sende inn sine bilde og dokumenterte dagen frå kl 00.00 til kl 24.00. Eit flott tidsbilde. Og Florøjenta Herdis Dyvik kjem ut med bok til 16. mai om oppveksten i Florø: ”En bok til glede”. 8
Og ikkje minst: Flora kommune tar eit stort løft og får endeleg historieverket sitt. Hausten 2009 fekk Selja Forlag og forfattaren Gaute Losnegård oppdraget med å skrive Florahistoria i to bind. To rikt illustrerte bøker i stort format skal skrivast, og første bind kjem hausten 2012. Flora kommune kunne ikkje gå inn i jubileumsåret utan at arbeidet med dette historieverket var i gang. Heile det historiske arkivet til Flora kommune (inkludert Florø, Kinn, Bru og Eikefjord) er overført til Fylkesarkivet og blir no ordna. Fylkesarkivet digitaliserer i tillegg dei kommunale møtebøkene. Dette arkivmaterialet blir eit viktig grunnlag i historiearbeidet, og det same er digitaliseringa av Horne-samlinga saman med det registreringsarbeidet som Elsa Horne gjennomfører. Rundt 24. april
Kulturnett Sogn og Fjordane Nettstaden Kulturnett Sogn og Fjordane vil gå gjennom spennande endringar dette året. Det er sett ned ei gruppe med personar frå arkiv, bibliotek, museum og fylkeskommune som skal sjå på korleis nettstaden kan gjerast meir aktuell og tidsrett. Som me veit ønskjer publikum i større grad å vera aktive på nettet og dette er eit av omsyna omlegginga vil ta. Nettstaden Skulestova.no og Arkeologi i Vest vil også vevast inn i den nye løysinga som skal ha mål av seg å vera ein viktig vegvisar til kultur og kulturarv på nettet. Det er i dag ABM Sogn og Fjordane som har ansvar for drift av nettstaden.
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
MINNESTEIN
Minnestein over fyrste ordføraren i Kinn Av Hermund Kleppa
Kinn kyrkje 2007. Minnesteinen over den fyrste ordføraren i Kinn står på sørsida av kyrkja. (Foto: Hermund Kleppa/Fylkesarkivet)
På sørsida av Kinn kyrkje står ein minnestein over den fyrste ordføraren i Kinn, Elias N.H. Skorpeide. Steinen har ei lang historie. Ei tid låg han opp ned som dørhelle ved inngangsdøra i nordveggen.
Kommunehistorikk Kinn kommune vart oppretta i 1837. Kommunen var identisk med Kinn prestegjeld. I 1860 vart Florø skilt ut som ladestad (by). I 1864 vart Bremanger kyrkjesokn skilt ut som eige prestegjeld og i 1866 som eigen komune. I 1923 vart Eikefjord og Bru skilde frå som eigne kommunar. I 1964 vart kommunane Kinn, Florø, Bru og Eikefjord slegne saman til Flora kommune.
Innskriftene På framsida står: ELIAS. N.H. SKORPEIDE FØD 1796 DØDE 1844 FYRSTE ORDFØRAREN I KINN 1837 – 1839 Merknad: Innskrifta på framsida er todelt: a) namn, fødselsår og dødsår, og b) opplysning om kven mannen er. Skriftteikna på første delen er ikkje så godt forma som skriftteikna i siste delen. Siste delen er på nynorsk. Det er sannsynleg å slutta at første delen er den opphavlege innskrifta og at den andre delen er sett til seinare.
Gravi hans Elias Skorpeide. Det var skrive av signaturen ”M.[Magnus] N. Seim”. Magnus Seim (1872-?) var gardbrukar og laksefiskar på Kinn. Han var næraste nabo til Kinna-kyrkja og ein historisk interessert mann. Magnus Seim var medhjelpar då kyrkja vart restaurert i år 1910-1911. Han skreiv seinare eit lite hefte om Kinna-kyrkja (1955).
Kom for ein dag i 1910-1911 Seim fortel at då dei restaurerte kyrkja i 1910-1911 måtte dei flytta ein flat stein som låg utanfor inngangsdøra på nordsida av kyrkja. Det synte seg då at det var ein gravstein med innskrift på undersida: ”Elias. N.H. Skorpeide, fød 1796, døde 1844”.
Steinen Ordførarsteinen på Kinn er av ein finkorna, grønleg bergart med slipt framside og bakside. Steinen er om lag 120 cm høg, 52 cm brei og 18 cm tjukk. Det er innskrift på begge sidene, men overgroing gjer at innskriftene er vanskelege å lesa (2008). Steinen er festa i eit betongfundament.
På baksida står: STEINEN ATTERREIST AV KINN KOMMUNE 1937
Magnus Seim Den 30. juli 1953 hadde florøavisa Firda Folkeblad eit stykke under overskrifta
Sett til sides I 1912 vart steinen sett til sides attmed kyrkja. Ingen kunne med visse seia kor grava til Elias Skorpeide var. Men folk i slekta meinte det var eit stykke frå kyrkja på nordsida. Ingen hadde noka forklaring på korleis det hang saman at steinen var plassert som stein for inn9
MINNESTEIN
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
gangsdøra, om det hadde med gammal tru å gjera, at det var ein symbolverdi i at han vart lagd under ufsedråpane frå kyrkja, eller berre fordi han høvde som ”tritt” (stein til å trø på ved inngangsdør).
Kommunejubileum 1937 I 1937 feira kommunane 100 år. Magnus Seim tykte det høvde å markera jubileet for formannskapslovene med
Under mose og lav gøymde heile innskrifta seg: STEINEN ATTERREIST * AV KINN KOMMUNE * 1937 (Foto: Hermund Kleppa/Fylkesarkivet)
I 1937 vart ordførarsteinen sett opp på vestsida av kyrkja. Den reine sanden omkring kan tyda på at steinen ikkje har stått her lenge. (Foto: Unni Mørk/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane).
å reisa ordførarsteinen på ein passande stad; - ”på den frie plassen, tilsides for Stordøri, hovudinngangen i Vestgavlen.” Vidare føreslo han å hogga inn ei innskrift på framsida: ”Fyrste ordføraren i Kinn” og på baksida: ”Steinen atterreist av Kinn Kommune 1937.” Og ”dette vart gjort”, skreiv Magnus Seim i 1953.
Spor i møtebok Møteboka til formannskapet og kommunestyret i Kinn stadfester Seim si utgreiing. I 1937 finn me to innførsler om ordførarsteinen, 26. februar og 16. august. I februar vart det, etter framlegg frå Magnus Seim, vedteke å ”verna um gravsteinen åt Elias H. Skorpeide som var fyrste ordføraren i det gamle Kinn.” Det vart vald ei nemnd til å ta seg av saka vidare: Magnus Seim, Bernhard Skorpen og M. Eide. I august vart det vedteke å sjå nærare på saka i samband med eit møte som skulle haldast på Reksta seinare om hausten. Det ville då ”høve å taka ein tur til Kinn med det same”. Dette møtet vart halde i Klokkargarden på Reksta 11. oktober, men noko om Kinn og ordførarsteinen står det ikkje notert noko om.
Etter omleggingsarbeidet på kyrkjegarden i 1984 låg ordførarsteinen i velt i minst eitt år. (Foto: 1985. Hermund Kleppa)
10
Oppsummering Minnesteinen over første ordføraren i Kinn, Elias H. Skorpeide (1796-1844),
som no (2010) står på sørsida av kyrkja, var opphavleg ein gravstein. I 19101911 kom steinen for ein dag som dørstein framfor inngangsdøra på nordsida av kyrkja. Steinen vart sett tilsides ”attmed kyrkja”. I 1937 vart steinen attreist på vestsida, ikkje langt frå hovudinngangen. Det vart ordna med tilleggsinnskrift, på framsida og baksida. Etter alt å døma vart steinen flytta frå denne staden i samband med omfattande endring av kyrkjegardslandskapet i 1984 til noverande stad. Kjelder: • Kommunearkivet for Flora, Kinn kommune, Formannskapet, møtebok 1934-1938. • Firda Folkeblad, 30.07.1953
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Ordningsarbeid etter Kinn kommune Av Espen Sæterbø Vinteren 2010 vart arkivet etter Kinn kommune ferdig ordna, og plassert i magasinet til Fylkesarkivet for evig liv. Arkivet etter Kinn er omfattande, og er særs viktig for å kunne forstå historia til Kinn kommune.
Kinn kommune Kinn formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837. Som følgje av at formannskapslovene vart gjeldande frå 1837, vart Noreg no delt inn i formannskapsdistrikt der det var 355 på landet og 37 for byane. Denne lovendringa førte til at lokalt valde representantar no hadde kontrollerande, bevilgande og forvaltande myndigheit i lokale saker. Det lokale sjølvstyret tok seg av saker av ymse art; til dømes vegstubbar, skulehus og sosiale stønader 1. Kinn Kommune var av ein omfattande størrelse, men utover 1860-talet vart Florø og Bremanger skilt ut som eigne kommunar. I 1923 vart høvesvis Bru og Eikefjord utskilde frå Kinn, og i 1964 gjekk Kinn i lag med fleire omliggande kommunar og skipa Flora kommune.
Arkivet som kjelde til lokalhistoria – Sysselsetting Blar ein i arkivmateriale, kjem ein over mykje interessant stoff som egnar seg godt til formidling i våre dagar. Til dømes: På 1950- og 1960-talet sendte arbeidsnemnda i Kinn fleire søknader til fylkesarbeidsnemnda om midlar til sysselsetting av arbeidsledige. Dette skulle syta for at sysselsettingsreserven i samsvar med ”Lov om tiltak til å fremme sysselsetting” ”Gjennom ”lov om tiltak til å fremme sysselsetting” av 27.juni 1947 er Arbeidsdirektoratet bl.a pålagt å virke for å få satt i verk nyttige arbeidstiltak i tider med arbeidsløyse, og i samband med dette skal det virke for at statsinstitusjoner, fylker og kommuner utarbeider planer slik at arbeidene kan igangsettes på kort varsel i tilstrekkelig omfang i de ymse deler av landet. En skal også holde seg best mulig kjent med private arbeidsplaner av betydning for sysselsettinga”.
Det som skilde Kinn i frå ein del andre kommunar var at store deler av arbeidsstyrken var knytt opp til konjunkturavhengige og sesongprega arbeid innanfor fiske og fiskeri. I 1961 gav fylkesmannen i Sogn og Fjordane i samråd med fylkesarbeidskontoret Kinn kommune tilsegn om inntil 70.000 ,- for å setja i gang ekstraordinære kommunale anleggsarbeid for 35 mann som var råka av det feilslegne sildefisket. Tilsegnssummen Kinn kommune fekk kunne nyttast til 100% dekning av arbeidsløner, transportutgifter, sprengstoff, naudsynleg leige av utstyr m. m , men ikkje til kjøp og avskriving av kommunen sitt eige materiale. Inntaka av arbeidskrafta ved dette tilfellet skulle skje i samråd med arbeidsformidlinga. Fylkesmannen gav kommunen og arbeidsformidlinga ansvaret med å ikkje hindra rekrutteringa til fiskarflåten og resten av arbeidslivet, då dette tiltaket skulle vera av mellombels art og ha som hovudmål å syta for at dei arbeidsløyse hadde arbeid å gå til medan ein venta på å koma inn att i det ordinære arbeidslivet.
Som ledd i mi eiga opplæring på Fylkesarkivet har eg hatt arbeidet med å ordna arkivet etter Kinn Kommune. Dette arkivet inneheld det som Kinn formannskap, Kinn skulestyre, Kinn jordstyre, Kinn fattigstyre med fleire skapte av dokument i si forvaltning av Kinn kommune. Arkivet etter Kinn inneheld fleire hyllemeter med arkivmateriale frå 1825 og altså fram til 1964.
Det arbeidsnemnda i Kinn her gjorde var å benytta seg av arbeidshender som elles ville ha gått arbeidsledige og motteke passive stønader. Ved å benytta seg av slike tiltak kunne ein både få unnagjort mindre kommunale prosjekt som elles kanskje ville ha forfelle eller vorten utsette, i tillegg til at ein også sytte for at dei arbeidsledige hadde arbeid å gå til. Dette var nok kanskje ikkje meir typisk for Kinn enn for andre kommunar, men dei mange prosjekta og søknadane som vart produsert av Kinn arbeidsnemnd tyder i alle fall på at dette var noko som vart prioritert.
Med ordningsarbeid meiner ein at arkivet ordnast slik det opphavleg vart skapt. I arkivordninga føl me proveniensprinsippet, noko som betyr at den opphavlege ordninga til arkivet vert ivareteken. Prinsippet bak arkivering og ordningsarbeid er å ta vare på og gjere tilgjengeleg det rikhaldige arkivmaterialet som kommunale arkivskaparar har etterlett seg. På den måten kan lokalhistorikarar, forfattarar, privatpersonar med fleire lett få tilgang til historiske kjelder. Dette er og bakgrunnen for arkivlova slik at ”nasjonens hukommelse” vert bevart 2. Når det til dømes gjeld Kinn Kommune, så vil ein ved å ta eit dykk i arkivet finna fram til kva avgjersler lokaldemokratiet i tidlegare tid gjorde, og som kan ha hatt mindre eller større konsekvensar for framtidige hendingar på lokalnivå.
Arkivet etter Kinn på plass i magasinet. Fotograf: Ole Stian Hovland.
Ordning av arkivet
Dette er berre deler av det rikhaldige arkivet etter Kinn kommune, som no er i Fylkesarkivet sine hender. På Fylkesarkivet sin vevstad vil du kunne finne arkivkatalog som syner kva arkivmateriale som finst etter Kinn, i tillegg har du moglegheit til å søka i møtebøkene til Kinn formannskap til og med 1900. 1
For vidare lesing om utviklinga av formannskapsdistrikta kan me anbefala Tore Pryser: Frå standssamfunn til klassesamfunn 1814-1860 og Arne Bergsgård: Formannskapslovene, opphav og utvikling 2 For meir om arkivlova sjå: http://www.lovdata.no/all/nl19921204-126.html
11
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
BOKNYTT
Levd liv Florø 150 år – den store jubileumsboka med bilde frå byen vår Florø sett gjennom kystfotograf Horne si linse. Ei ny flott biletbok som er komen ut til byjubileet. Boka er faktisk ei av tre biletbøker frå byen. Boka er oppdelt i fem kapittel: Byen vår, Sildebyen, Byen og distriktet, Kystfotograf Horne og Bank for kysten. Det er det første kapittelet som er størst, Byen vår. Byen blir presentert med gatebilete, utsiktsbilete og gruppebilete av innbyggjarane. Her er foto frå 1930-talet fram til 1960-talet. Motiva er både kjente og ukjente. Somme viser same motivet med fleire års utvikling i mellom. Alle som av ein eller annan grunn er glad i byen Florø vil ha stor glede av denne flotte boka! Fotoarkivet etter Malvin Horne er deponert på Fylkesarkivet av slektningane og blir slik teke godt vare på for ettertida. Mange foto etter Horne kan lesarane våre finna i Fylkesarkivet sin fotobase på nettet. Randi Melvær
av Anna Avdem, Aage Engesæter og Lars Asle Vold, Skald forlag 2009 praktboka om sogningane si historie. Det er kjekt å lesa. Spesielt når ein får ei slik flott bok mellom hendene. Eg har hatt mange gode lesestunder etter julekvelden med denne boka i fanget. Her har eg funne soger eg har høyrt før og soger eg ikkje har høyrt før. Det er sogningane si soge fortalt gjennom gjenstandar og bygningar på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. I tillegg er forteljinga knytt saman med hendingar på nasjonalt plan. Boka har to delar. Den første og største delen tek føre seg soga til sogningane, den andre og mindre delen tek føre seg den hundreårige soga til museet og dei som var ansvarlege for samlingane. Teksten er lett å lesa, den fungerer nesten som ei munnleg sogeforteljing. Fotografia av gjenstandar og bygningar ligg tett opp til teksten, og blir med det illustrasjonar i ordet si rette meining. Dette er ei bok å bli glad i og glad av! Randi Melvær
Fylkesarkivet og hjelp med bokproduksjon
Biletet er frå 1935. Det viser strandgata sett mot vest. Til venstre, hus nr. 32, ”Herbyrge”: Her dreiv Margit Kvellestad Johannessen eit lite pensjonat til 1950talet ein gong. Mannen hennar dreiv trykkeri i første høgda. På rådhuset ved sida av flagga dei. Fotograf: Malvin Horne.
Fylkesarkivet blir ofte spurt om hjelp med kjelder eller foto når nokon skal skriva bøker eller artiklar. Vi hjelper svært gjerne til med dette. For nokon trykksaker er det snakk om lite hjelp, for andre kan det vera eit omfattande materiale som blir gjort tilgjengeleg og formidla til forfattaren. Når vi går inn i dette arbeidet, vil vi gjerne få tilsendt eit eksemplar av det ferdige produktet. Både Statens kartverk og andre arkiv bed om det same. Med andre ord: Hugs oss når boka di er ferdig! Biletet til venstre er frå ei bok som blei sendt til oss no i vinter. Randi Melvær
12
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Sikring av elektroniske arkiv Av Håvard Kastet Fylkesarkivet har motteke eit prøveuttrekk frå sak/-arkivsystemet med namn Acos Websak i Aurland kommune. Hensikta med eit uttrekk er å bevare spor og dokumentasjon av den kommunale saksbehandlinga for ettertida. Fylkesarkivet er depotmagasin for kommunane. Det tyder at det er vår oppgåve å vedlikehalde uttrekka og ta oss av innsyn i saker i framtida, når arkivet ikkje lenger er i bruk i kommunen.
Teknologi I den tida vi lever i har elektronisk arkivføring teke over for papirarkivet. Dette byr på utfordringar så vel som fordelar. Alle er kjende med den rivande utviklinga i dataverda. Nye maskiner og programvare blir avleggs på berre få år. Mange hugsar tekstbehandlingsprogrammet WordPerfect, men det er kanskje ikkje alle som er klar over at filene og dokumenta som blei laga i dette programmet ikkje er leselege lenger. Dette står i ein sterk kontrast til papirdokument. I Vatikanet kan vi lese tusen år gamle dokument utan større problem, rett nok om vi kan latin. Teknologien er blekk på eit tunn overflate, - enkelt og genialt. Elektroniske dokument, som WordPerfect dokument, er uleselege med mindre ein har programmet dei blei laga i. Sidan det er ein rivande utvikling i programteknologien går slike program ut av bruk og dei forsvinn når datamaskina dei ligg på blir bytt ut med nye. Det er praktisk talt umogleg å gjenskape eit elektronisk dokument berre ut i frå den fysiske informasjonen som ligg på ein disk i form av 1 og 0 verdiar. Dette fordi det blei skapt i eit program som låg oppå fleire lag med programvare, før det til slutt ligg som maskinkode på eit magnetisk eller optisk medium. Utfordringa her er uendeleg meir komplisert enn å lære seg latin og myse i ei lupe. Eit anna problem er at dei magnetiske og optiske lagringsmediuma ikkje er eigna for langtidbevaring. Dei er utsett for mekanisk svikt og slitasje, samtidig
Arkivaren i bakgrunnen jobbar i eit magasin som kan romme nesten sju millionar dokument. Til samanlikning treng ein fire av harddiskane i framgrunnen for å lagre same mengde dokument elektronisk. Fotograf: Håvard Kastet.
som dei er ømfintlige for fukt. Ein harddisk har difor sjeldan ei levetid på meir enn ti år. Sidan lagringskapasiteten i elektroniske lagringsmedium er enorm, er det også enorme mengder informasjon som kan forsvinne på ein blunk. Til samanlikning er papirdokument betydeleg meir haldbare om dei blir bevart i eigna lokale.
Arkiva våre Kva konsekvensar får elektronisk arkivering for arkiva våre? Dei skal vere tilgjengelege også om 50 eller 100 år. Det er her uttrekka kjem inn. Eit uttrekk er ein slags kopi av arkivdatabasen som er konstruert for å bestå over tid. Dette er gjort ved å nytte det ISO-standardiserte markeringsspråket XML og dokumentformatet PDF/A. Markeringsspråk er språk som eignar seg til å ta vare på tekst og informasjon om struktur – til dømes databasestruktur.
Databasetabellane blir bevart som XML filer og dokumenta som PDF dokument. Frå eit arkiv går over til å vere fullelektronisk skal kommunane levere slike uttrekk ved periodisering. Periodisering er å tidsavgrense arkivet og samla skilje ut alle saker registrert innanfor denne perioden. Ein arkivperiode er normalt fire år. Uttrekket som Aurland har levert oss er eit prøveuttrekk og slik sett ikkje del av ein formell periodisering. Uttrekk som kommunen leverer til Fylkesarkivet får status som deponert. Det vil seie at vi oppbevarer og held uttrekket ved like, men at alle spørsmål om innsyn skal rettast til kommunen. Vi tek ikkje over ansvaret for det før det har gått 25 år – då får uttrekket status som avlevert. Når vi mottek eit uttrekk må vi teste at det er av god nok kvalitet for deponering og bevaring. Dette blir gjort med Arkn4,
13
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
som er eit program utvikla hos Riksarkivaren og det måler det aktuelle uttrekket opp mot ein standard dei har laga for arkivsystem. Programmet gjev oss ein rapport over eventuelle feil, og vi vurderer kor alvorlege desse feila er.
Uttrekket frå Aurland hadde ingen alvorlege feil og det er godkjent og har fått status som deponert.
Bevaring Når eit uttrekk vert godkjent legg vi det
på eksterne harddiskar i magasinet saman med dokumentasjon over bruken av systemet. Kursdokumentasjon som syner bruken av systemet, og skjermbileta som sakshandsamar har forholdt seg til passar til dette føremålet. Harddiskane vi brukar er tre eksterne harddiskar. Det er same data på alle tre, slik at om ein av dei sviktar så har vi to i reserve. Desse må bytast ut med jamne mellomrom. Når uttrekket er ferdig deponert og ligg i magasinet vil det bli gjeve ein kvittering til kommunen på dette. Det er denne prosessen uttrekket frå Aurland har vore gjennom. Uttrekket har vore gjort av konsulentar innleidd frå Acos AS, og kvaliteten på uttrekket var utmerka. Vi vil no be fleire kommunar om å levere prøveuttrekk slik at vi får testa programvare og metodar både hjå dei og oss.
Harddiskar nytta til å bevare elektroniske arkiv. Fotograf: Håvard Kastet.
Drikk sur mjølk (Sogns Tidend 12. Oktober 1932) Og vert gamall, segjer ein 97-åring som aldri hev vore sjuk. Av Espen Sæterbø ”Firda folkeblad” hev havt ein samtale med ein 97 år gamall mann i Bygstad, Ludvig Eide, som hev vore slåttekar i sumar saman med son sin som er lærar i Bergen. Den fyrste tidi på dagen kunde læraren greida seg best, men den gamle var so mykje trottigare, han heldt best ut imot kveldane! -Eg hev aldri vore sjuk, segjer Ludvig Eide – anna enn når eg drakk brennevin! Og den sjukdomen hev eg heller ikkje havt mange gonger, segjer han, og so svintar han rundt på golvet. I gamall tid var det helst som ei skam å ikkje vera med i drikkeliv, men sume heldt seg undand då ogso, endå um ein vart vanyrd for det, segjer han. Det er vel mange umskifte på livemåten i det heile? Ja, ver sikker. Eg hev ikkje drukke søtemjølk i mi tid, det var ikkje vis og vane fyrr i tidi. Dei fær drikka skyr, soleis som eg hev gjort, so vert dei gamle. Og anna mat i det heile? Ja då, mykje enklare. Ikkje so mange skifte på rettane fyrr
14
i verdi! Men so kjende me ikkje til at me var matleide heller. Og havrebrød hadde me rikeleg, me åt ikkje sul som no. På gardane dyrka dei 40-50 tunnor korn eller meir for året, og hadde kvern kvar til seg. Maten vart sterk soleis! Men det er sakte lettare å slå seg igjenom no i bygdene enn i min uppvokster. Eg skynar det godt når eg samanliknar på mange vis. Då fanst ikkje anna enn småslått på bøane, og ikkje var det so lett å selja og kjøpa. Dei hadde noko som kallast ”å berga seg”, korleis det so var. og ferdsla er mykje lettare. Ja ein rodde eller siglde, og vegar var det snautt um. Eg var ein aldrande mann då dampbåtane kom. Det må vera underleg å sjå attende på mest hundrad år? Ja, mangt er betre no, men ikkje alt. Ikkje alt med livemåten heller. Dei må drikka sur mjølk, um dei vil ha god helse.
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Unge arkivarar Av Ole Stian Hovland
Henrik fekk forska i dagleglivet til ein ungdom frå Gloppen i etterkrigsåra. Me fann fram ein gamal skulestil frå avgangsprøva i norsk i 1949 der stølslivet og ein fisketur i Traudalen vart skildra. I tillegg fekk han studere andre kjelder, som bygdebøker, fotosamlinga og dei ulike databasane til Fylkesarkivet. Arbeidsdagen vart avslutta med eit intervju der arkivarane ved Fylkesarkivet vart utspurde av Håkon og Henrik om alt som har med jobben å gjera. Lønn og arbeidstilhøve var sjølvsagde tema, og me måtte også svara på kvifor me valde akkurat dette yrket. Alt i orden. Støvfrakkane er på og innplasseringa i dei nye magasina blir nøye kontrollert. Håkon Bøyum og onkelen Per Olav Bøyum tek oppgåva på alvor. Fotograf: Ole Stian Hovland.
- Kor mykje tenar ein arkivar? Det er Henrik Hovland som stiller dette spørsmålet. Han har førebudd seg godt til intervjuet han skal gjera i samband med jobbskyggingsdagen. Oppfølgingsspørsmålet kjem kjapt etter at han har fått vite kva lønna er. - Tykkjer du det er passeleg?
linga inn på dei nye magasina våre, og fekk også sjå litt i privatarkiv etter slektningar og frå heimbygda Fjærland. Han tykte det var overraskande og artig å finna ut at då tippoldefaren kjøpte jarn på landhandelen til M. Mundal, så fekk han betala med ost.
Gutane gav uttrykk for at dei likte arbeidsdagen, men at dei også ville prøva andre yrke før dei bestemte seg for kva yrke dei skulle velje. Noko lokalhistorisk interesse vart like fullt kveikt. Henrik skulle gjerne visst kor stor fisken i Traudalen var, men det seier soga ikkje noko om.
I februar hadde me besøk av to elevar frå 8.klasse ved Sogndal ungdomsskule. Håkon Bøyum og Henrik Hovland skulle vera med på ein arbeidsdag. Jobbskygging kallar dei dette. Føremålet er at elevane skal få vera med på ein arbeidsdag, gjerne med foreldre eller andre dei kjenner for å få ein smak av arbeidslivet og for å prøva seg på arbeidsoppgåver. På Fylkesarkivet jobbar me med mykje forskjellig, og det var såleis noko ulike arbeidsoppgåver dei to gutane fekk ta del i. Håkon var med og flytta deler av privatarkivsam-
Forskaren i arbeid. Henrik Hovland noterer flittig. Kan hende dette er starten på eit nytt historisk storverk? Fotograf: Ole Stian Hovland. 15
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Fabrikktilsynet Av Karianne Schmidt Vindenes Frå kommunane i Sogn og Fjordane har vi fleire arkiv etter fabrikktilsyn. Ordninga med fabrikktilsyn kom i gang frå 1892 og skulle drive førebyggande arbeid og kontroll med helse og tryggleikstilhøve i fabrikkar og andre verksemder.
Ein ny sosialpolitikk Frå om lag 1870 er norsk sosialpolitikk i endring. Dette inneber eit nytt syn på staten si rolle og ansvar for innbyggjarane. Politikken kom mellom anna til uttrykk med etableringa av den første arbeidarkommisjonen i 1885. Kommisjonen fekk til oppgåve å greie ut ulike sider ved arbeidarvern, sjukeog ulykkestrygd og alderspensjon. Kommisjonen gjekk også inn i diskusjonar om barnearbeid, arbeidstid, oppseiingstid og regulert overtid.
Kommisjonen leverte to instillingar til Stortinget; ein om arbeidarvern og fabrikktilsyn (1887) og ein om trygdespørsmål (1890). Historikar Jostein Nerbøvik kallar kommisjonen sitt arbeid eit pionerarbeid og resultatet av arbeidet eit bevis på at alle fraksjonar i norsk politikk kunne semjast om at staten skulle ta på seg oppgåver av sosialpolitisk innhald (Norsk historie 1870-1905 s. 210). Dette pionerarbeidet skulle etter kvart bli viktig for arbeidarar over heile landet. Innstillinga om arbeidarvern og fabrikktilsyn kom opp for Stortinget i 1892. Der vart mellom anna grensa for barnearbeid diskutert. Nedre grense vart sett til 12 år og det vart laga strenge reglar for arbeid for born mellom 12 og 14 år.
Biletet er teke inne i fabrikkhallen til innvik ullvarefabrikk Fotograf: Maurseth, Jens Knudsen 16
For aldersgruppa 14-18 år vart det sett ei maksimal arbeidstid på ti timar. Barn mellom 12 og 14 kunne arbeide inntil seks timar med arbeid som ”ikke skader deres Sundhed eller hemmer deres legemlige Udvikling”. For alle under 18 år var det også pålagt ein halv times kviletid etter at dei hadde arbeidd i fire og ein halv time. Viss arbeidet varte i over åtte timer skulle dei også ha ein time fri til ”Middagshvile”. Arbeidarkommisjonen vart med sine to instillingar ein del av den nye sosialpolitikken. I 1894 fekk Stortinget sin første sosialkomité og Indredepartementet fekk eit eige sosialkontor i 1902. Dette var forløparen for Sosialdepartementet som vart etablert i 1913. Nerbøvik konkluderar med at det er i 1890-åra vi finn
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
opphavet til den norske velferdsstaten (s. 211). Fabrikktilsynet er såleis eit viktig steg på vegen.
Lov om tilsyn med arbeid i fabrikkar Lova om tilsyn med arbeid i fabrikkar vart vedteke 14. Juni 1892 og skulle tre i kraft 1. juli 1893. Lova omfatta ”Enhver fabrikkmæssig dreven Virksomhed, hvorved samtidig og regelmæssig et større eller mindre Antal Arbeidere sysselsættes, herunder indbefatter Haandverksdrift, Drift af Bergverker, Opberedningsverksteder, hytteverker samt andre Anlæg for Udvindig og Forædling af Mineralier”. Fabrikkområdet til Innvik ullvarefabrikk. Fotograf: Maurseth, Jens Knudsen
Vernet for arbeidarane er ein viktig del av lova. Tilhøve som var regulert var mellom anna nødutgangar og vern mot skadelege stoff og støv. Arbeidsrom skulle vere godt opplyste med dagslys eller kunstig belysning. Dette var for å trygge arbeidstilhøva ved drift av maskiner. Vidare skulle talet arbeidarar stå i forhold til storleiken på arbeidsromma og den plass som gjekk med til maskiner, reiskapar og materiale. Lova sette også krav til at arbeidarane skulle ha høve til å varme mat på eller ved arbeidsstaden og at det ”naar Veiret kræver det”, skulle vere høve til ”at nyde sine Maaltider i opvarmet Rum”. Med lova av 1892 fekk også arbeidarane rettar når det gjaldt oppseiing og oppseiingstida vart fastsett til 14 dagar.
berre kunne arbeide fem timar dagleg. Som tidlegare var det ikkje lov for barn som gjekk på skulen å arbeide i skuletida. Skule- og arbeidstid kunne ikkje overskride sju timar. Vidare fekk skulestyret rett til å innskrenke arbeidstida for det einskilde barnet viss det var naudsynt for ”at et skolebarn skal opnaa det fornødne kundskapsmaal”. Lova av 1909 endra på samansetninga av dei lokale fabrikktilsyna. Desse skul-
le no bestå av minst fire medlemmer valt av kommunestyret. Det skulle vere ein lege, ei kvinne og ein arbeidar i tilsynet. Det skulle også velgast vararepresentantar. Av desse skulle ei vere kvinne, ein arbeidar og viss mogleg, ein lege. Arbeidstilhøva for arbeidarane vart stadig meir regulert. I 1936 vart lov om tilsyn med arbeid i fabrikkar erstatta av arbeidarvernlova. Denne oppretta
For å føre tilsyn med fabrikkane vart det etablert ei ordning med statlege fabrikkinspektørar. I tillegg vart det oppretta ”stedlige” eller lokale tilsyn i alle kommunar der det var verksemder som var omfatta av lova. Dette lokale fabrikktilsynet skulle bestå av leiaren av sunnheitskommisjonen 1 eller ein annan lege valt av kommunestyret. Kommunestyret hadde også høve til å velje andre medlemmer til fabrikktilsynet. Utgiftene til det lokale fabrikktilsynet skulle berast av den einskilde kommune.
Utviklinga Lov om tilsyn med arbeid i fabrikkar vart revidert i 1909. Lova vart utvida til å gjelde all verksemd som nytta mekanisk drivkraft og handverksverksemder med minst fem arbeidarar. Av endringar kan vi notere at barn no
Frå inspeksjonsprotokollen til Innvik fabrikktilsyn.
17
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
arbeidsnemnder i alle kommunar. Ein revisjon i 1956 fastsette ordninga med verneombod for arbeidarane. Arbeidarvernlova vart i 1977 erstatta av arbeidsmiljølova. Fabrikktilsynet var med andre ord forløparen til det arbeidarvernet vi har i dag.
Fabrikktilsyn i Sogn og Fjordane Fordi det berre var i kommunar med verksemder som var omfatta av lova at det skulle etablerast fabrikktilsyn, har vi ikkje tilsyn i alle kommunane i fylket. Vi har registrert arkivmateriale frå Askvoll, Breim, Gaular, Innvik, Leikanger, Stryn og Vik. I tillegg er det registrert arkivmateriale etter arbeidsnemnder og arbeidstilsyn som går tilbake til tida før 1936. Dette gjeld Eid, Gloppen og Hyllestad. Dei lokale fabrikktilsyna skulle føre forhandlingsprotokoll, journal, kopibok og inspeksjonsprotokoll. Det er ulikt kva som er bevart frå dei einskilde kommunane. Det eldste materialet finn vi frå Vik kommune der vi har ein inspek-
sjonsprotokoll for perioden 1897 - 1933. I forhandlingsprotokollane kan vi finne handsaming av retningsliner og saker om utbetring av tilhøve ved bedrifter slik som ei sak frå Innvik kommune. Der var tilhøva ved ei smedbedrift oppe til handsaming i 1934. For å sikre god informasjon og rettferdig handsaming vart leiaren av bedrifta kalla inn til møtet. Saka gjaldt arbeidslokalet til bedrifta. Handsaminga i Innvik fabrikktilsyn enda med at smeden fekk to år på seg til å innfri eit av tre alternativ: 1: Kutte talet på arbeidarar; 2: Utbetre dei eksisterande lokala; eller 3: Bygge nye lokale. Det er diverre få forhandlingsprotokollar som er bevart. Vi kjenner berre til protokollar frå Innvik (1934-) Gloppen (1910 og 1939) og Lærdal (1937-). Frå nokre kommunar er det bevart sakarkiv, men det er svært varierande kor omfattande materialet er. I sakarkivet kan vi finne rundskriv, korrespondanse og ulike skjema. Det er også bevart brevjournalar og kopibøker som gjev oversyn over utgåande og inngåande brev.
Journalane har ofte eit referat av innhaldet i brev og kan vere ei viktig kjelde der det manglar sakarkiv. Inspeksjonsprotokollane er bevart frå fleire kommunar, men tidsperioden varierer. Frå Innvik fabrikktilsyn har vi bevart ein inspeksjonsprotokoll frå perioden 1919-1921. Her kan vi mellom anna lese om inspeksjonen av Innvik Ullvarefabrikk i oktober 1920. I protokollen er det lista opp talet på arbeidarar. Det var fire jenter i aldersgruppa 14-16. Ein gut og fire jenter i aldersgruppa 1618, elleve vaksne menn og 31 vaksne kvinner. Den totale arbeidsstokken var på 51 personar. I 1920 hadde fabrikken ein dampkjele, maskinene gjekk på damp og var på totalt 110 hestekrefter. Fabrikkinspektøren har ikkje notert brot på lova og det er ingen merknader. I tillegg til informasjon om tal arbeidarar og maskineri inneheld protokollen svar på nokre spørsmål vedrørande personalet. På spørsmålet om det var tilgang til arbeidarbustadar var det notert i protokollen ”private rundt om fabrikken”. Arbeidarane hadde altså høve til å leige seg rom i private hus i nærleiken av fabrikken. Arbeidarane hadde ikkje ”forsamlings- eller læsesal”, men dei hadde tilgang til ”badeindretning” og sjukekasse med fri legehjelp. Frå Vik har vi ein inspeksjonsprotokoll som går over fleire år. Her kan vi følgje dei ulike bedriftene over lengre tid. I protokollen finn vi fleire merknader og pålegg om utbetring, som for bedrifta Mineral og Kraft i Arnafjorden. Her var det tryggleiken til arbeidarane som sto i fokus for ei rekke pålegg om utbetring. Dømet frå Vik viser at fabrikktilsynet hadde ein viktig funksjon. Inspektørane gjekk gjennom bedriftslokale med omsyn til kva som kunne skape farlege situasjonar for arbeidarane. Resultat frå inspeksjonane kan vi lese i pålegg og merknader som er referert i protokollen. Bedriftene var pålagde å melde frå om arbeidsulykker. Dei skulle vere av eit omfang som gjorde ein arbeidar arbeidsufør i minimum åtte dagar. Informasjon om arbeidsuhell er notert i inspeksjonsprotokollane.
Frå lov om tilsyn med arbeide i fabrikker av 1892
18
Arkivmaterialet etter fabrikktilsynet vil vere ei viktig kjelde til fabrikkhistorie og til historia om utviklinga av velferds-
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
samfunnet. Å få oversyn over bevart arkivmateriale er difor ei viktig oppgåve for oss på Fylkesarkivet. Ei utfordring i dette arbeidet er at arkivmateriale etter kommunale nemnder ofte vart ofte oppbevart av leiaren for nemnda. Det kan difor tenkast at materiale frå fabrikktilsynet framleis er oppbevart av privatpersonar. Eit anna alternativ er at arkiv kan vere arkivert i lag med arkiv etter sunnheitskommisjon/helseråd. Vi har fleire døme på at arkiv frå ulike nemnder/ arkivskparar er blanda saman når ein person har ansvar for fleire arkiv. Viss nokon kjenner til arkiv etter fabrikktilsynet eller andre kommunale nemnder er det flott viss de tek kontakt med oss. Målet vårt er å gje arkivmaterialet ei trygg oppbevaring og å gjere det tilgjengeleg for interesserte brukarar. Sunnheitskommisjonar/helseråd var oppretta i alle kommunane i landet. Dei viktigaste oppgåvene var å sette i verk tiltak mot smittsame og epidemiske sjukdommar, føre kontroll og ha tilsyn av teknisk og hygienisk art, ha tilsynet med helsepersonell og ha tilsyn og omsorg for visse vanskelegstilte grupper. 1
Litteratur • Nerbøvik, Jostein. Norsk historie 1870-1905. Oslo 1993 • Hageman Gro og Knut Helle (redaktør). Aschehougs Norgeshistorie, bind 9. Det moderne gjennombrudd 18701905. Oslo 1997 • Mykland, Liv og Kjell Olav Masdalen. Administrasjonshistorie og arkivkunnskap – kommunane. 1987. • Lov om tilsyn med arbeide i fabrikker.I Norsk Lovtidende. 1892 og 1909 Uprenta Kjelder • Innvik kommune. Fabrikktilsynet. Møtebok 1934-1964 • Innvik kommune. Fabrikktilsynet. Inspeksjonsprotokoll 1919-1921 • Vik kommune. Fabrikktilsynet. Inspeksjonsprotokoll 1897-1933
Frå inspeksjonsprotokollen til Vik fabrikktilsyn 19
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Inspeksjon ved verksemda Mineral og Kraft i Arnafjorden Av Karianne Schmidt Vindenes
Postkort frå Nese i Arnafjord, ca. 1910-1930. Fotograf: Ukjent. Eigar: Christensen, Annemor.
I 1910 vart det etablert ei bedrift med namnet Mineral og Kraft i Arnafjorden i Vik kommune. Bedrifta dreiv med steinknusing eller ”formaling” av stein som vi kan lese i eldre kjelder. I 1919 var fabrikktilsynet på inspeksjon på bedrifta som då hadde om lag 20 arbeidarar. Rapporten kan du her lese i sin heilskap. Fabrikktilsynet i Vik var på sin første inspeksjon på bedrifta i 1911. Då var det 10 personar som arbeidde der, alle menn og to av dei i aldersgruppa 16-18 år. Ved denne inspeksjonen vart det ikkje gjort merknader. Det var hyppige tilsyn og det ser ut til at situasjonen var bra fram til 1919. Då vart det gjennomført ein inspeksjon som førte til detaljerte krav om utbetringar. Inspektøren la vekt på at dette var til ”beskyttelse av arbeidernes liv og helse”. Her følgjer rapporten etter inspeksjonen i direkte avskrift frå protokollen. Til slutt er også oppfølginga referert. Fylkesarkivet har fått avlevert arkivet etter Mineral og Kraft AS. Vi har 20
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
korrespondanse, rekneskap og tekniske teikningar frå perioden rapporten nedanfor omfattar. Ved inspeksjon 15/12 – 1919 fandtes det påkrævet at påby følgende foranstaltninger vedkommende maskineri og fabrikklokale til beskyttelse av arbeidernes liv og helse: I etasje 1. Rem for stenkrysjer må indkoples 2. Do for desintegrator 4 ½ Do
3. Drivrem for mellemaksling til knuseren indklædes og remskiven indebygges 4. Enderne på vifteaksling indklædes (Revet benklæderne av Karl Nese) 5. Anbringe rekverk i høide med remskivens overkant på trappen ved stenknuseren 6. Ved stenrendens munding (ved stenknuseren) må anbringes en indretning som hindrer stenen fra at drive ind i gangen der folk arbeider
II etasje 1. Rekverk oppsættes omkring alle opninger i 2 etasje 2. Drrivrem for stenelevator og drivrem og aksling for fødeskrue indkoples 3. Drivrem for mellomaksling til smedjen indklædes 4. I opgangen til elevatoraklsing 4 ½ og mellomaksling for vifteelevator anbringes trapper med rekverk liksom der anbringes golv omgjærdet av rekverk for den som
Frå inspeksjonsprotokollen til Vik fabrikktilsyn.
21
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Frå inspeksjonsprotokollen til Vik fabrikktilsyn.
smører lagerne til nævnte akslinger. III etasje 1. Rekverk opsettes omkring alle opninger i 3 etasje 2. Alle trapper forsynes med rekverk 3. Gulvet gjøres i forsvarlig stand 4. Et tilstrekkelig antal lamper anbringes 5. Remskiven til elevator 4 ½ overdækkes 6. Der anbringes en reserveutgang fra 3 etasje til bruk i eldebrandstilfelde IIII taugbaneloftet 1. Gulvet gjøres forsvarlig i stand overalt 2. Langs alle opninger anbringes rekverk 3. Ved stensiloen anbringes tipindretning hvorved tipperen så vidt mulig beskyttes mot at falde ned i steinsiloen. (Det nu brukte arrangement er helt utilfredsstillende) V Grustippen 1. Gulvet gjøres overalt i god og 22
forsvarlig stand 2. Rundt utbygningen opsættes overalt solid rekverk 3. Trappen ned fra taugbaneloftet forsynes med to rekverk 4. Rekverk opsettes langs siderne av utstikkeren fra taugbaneloftet VI Motorhuset 1. Rekverk opsettes fra østre side av 75 h.k. motor til østre lager av 25 h.k. motor 2. Signalapparat som varsler når kraftmaskinen sættes i gang må opsettes VII Opslag Alle de opslag som er påbudt i lov om arb. beskyt. i industrivirksomheter savnes. De maa opslåes. Inspektionen er utført og henstilling til selskapet om at rette de paapekte mangler utsendt av den fung. form. J. O. Vikøren. Henstillingen at efterkomme inden 4 uker fra dags dato. Vik 21/12 – 1919
4/9 20 Ingen av de givne paalæg gjort. Paalæggerne indskjærpes 23/10 20 Inspisert sammen med inspektøren som gjorde paalæg som skule være udført inden drift gjenoptages 21/12 20 De givne paalæg delvis gjort, men gjenstaar helt paalæg 4, 5, 6, 7 og 8, delvis paalæg 1. Paalæg om at stenge opninger i gulvet over sørmøllen med rekverk. 11/10 21 De fleste paalæg utført. Kjelde • Vik kommune. Fabrikktilsynet. Inspeksjonsprotokoll 1897-1933
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Kvinnene i fabrikktilsynet Av Karianne Schmidt Vindenes
Ved endring av lov om tilsyn med arbeid i fabrikkar i 1909 vart det kravd at ein av medlemmene av tilsynet skulle vere ei kvinne. Då eg las om denne ordninga inspirerte det meg til å finne ut meir om kvinnene i fabrikktilsynet. Først måtte eg finne ut kven som vart valt i dei einskilde kommunane. Dette vil møtebøkene frå
kommunestyre/formannskap gje svar på. I dei digitaliserte møtebøkene har eg funne nokre namn, men eg har enno ikkje gått systematisk gjennom møtebøkene frå alle kommunane.
Grundarar med i fabrikktilsynet i Balestrand I Balestrand var Klaudine Skarestad og Brita Dahle med i fabrikktilsy-
Brita Dahle saman med ektemannen Olaus Dahle i hotellhagen ved Mundal hotell i Fjærland. Dato: 1929. Eigar: Kvamme, Kari.
net. Begge to var frå Fjærland. Klaudine Skarestad budde på garden Skarestad i Fjærland i lag med mannen Ivar O. Skarestad. Brita Dahle var gift med Olaus Dahle. Brita Dahle og mannen var med på å byggje og starte Mundal hotell. I tillegg starta ho og Klaudine Skarestad vevstove der dei arbeidde med biletvev. På det meste hadde dei sju tilsette. Dei to grundarane var med å danne grunnlaget for den sterke vevtradisjonen i Fjærland.
Klaudine Skarestad saman med ektemannen Ivar O. Skarestad. Fotograf: N. O. Reppen.
Klaudine Skarestad var også med å starte vevstove i Balestrand og ho deltok på utstilling og sal av vev i Oslo. Brita Dahle arbeidde både på hotellet og i vevstova. Kombinasjonen bidrog også til å skaffe heilårsarbeid til fleire kvinner som arbeidde ved hotellet i turistsesongen og i vevstova elles i året. 23
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Teppeveving i Mundal, Fjærland. Personane på biletet er Gunnhild Vangsnes og Svanhild Reinen.
Kan du hjelpe med informasjon? Informasjonen om yrkeslivet til Klaudine Skarestad og Britha Dahle er interessant. Den kan seie noko om kvifor nett dei to vart valte til å sitte i fabrikktilsynet. I mange tilfelle kan det vere ei stor utfordring å finne relevant informasjon om kvinnene som sat i fabrikktilsynet. Difor vil eg gjerne ha tilbakemelding frå lesarar som har informasjon om personane i kolonna nedanfor.
Målet er å danne eit bilete av kven som sat i fabrikktilsynet og kva andre roller dei hadde i samfunnet. Kontakt meg på e-post: karianne.schmidt.vindenes@sfj.no. Kjelder • Møtebøker frå formannskap/kommunestyre i Balestrand, Jostedal og Årdal.
Viss lesarane våre kjenner til andre kvinner som har vore medlem av fabrikktilsynet er også dette interessant informasjon. Eg er særskild interessert i namn, arbeid og andre verv.
Namn
Kommune Valt for perioden Gift med
Klaudine Skarestad Brita Dahle Gudveig Mundal Ingeborg Austin Haug Kristina Offerdal
Balestrand Balestrand Balestrand Jostedal Årdal
24
19191923-1925 1927-1931 1929-1940 1910-
Ivar O. Skarestad Olaus Dahle Ove Wangensten Haug Ivar Offerdal
Portrett av Kristina Offerdal, medlem av fabrikktilsynet i Årdal. Fotograf: Fehr, Joh. v.d.. Dato: 1880-1890.
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
BEDEHUS
Arne Kirkeli har samla opplysningar om historia til Skudal bedehus og laga eit oversyn. Diverre har det ikkje vore råd å finna møtereferat, rekneskapsnoteringar og lover frå dei første ti-åra. Han har også fotografert bedehuset slik det står no og skaffa til vegar tre eldre fotografi. Kirkeli sitt oversyn er her redigert og tilpassa for Fylkesarkivet sitt nettbaserte Kulturhistorisk Leksikon. Nokre få opplysningar er tekne med i tillegg.
Skudal bedehus i Gaular Av Arne Kirkeli og Hermund Kleppa (red.) livet i grenda. Huset må framleis brukast i samsvar med Bibelen og vedkjenninga åt den evangelisk-lutherske kyrkja.”
Trong for hus Fram til 1926 heldt skulen for Skudal krins til i den eine stova i hovudhuset i Fossevika. Krinsen omfatta då gardane Foss, Fossevik og Skudal. Stova i det noverande hovudhuset er den same som skulestova. Skulestova hadde også vore nytta som ein stad å samlast. Då ny skule stod ferdig på Flatene (om 1 km frå Sande sentrum mot Viksdalen) vart både krinsen og skulen i Fossevika lagd ned. Det gjorde at grenda med det miste ”forsamlingshuset”.
Skudal bedehus 2009. Troppa går opp til inngangsdøra på oppsida av huset. (Foto: Arne Kirkeli.)
År 1900 var Skudal ein av 18 skulekrinsar i Gaular. Krinsen omfatta matrikkelgardane Foss, Fossevik og Skudal. Skulen heldt i mange år til i den eine stova i hovudhuset på garden Fossevika. I 1926 vart skulekrinsen slegen saman med Sande krins, og med det miste bygdefolket ein stad å samlast. Tanken om å byggja bedehus kom opp, og sommaren 1928 stod huset ferdig.
Huset Skudal bedehus står på garden Fossevik som ligg om lag midt mellom Hestad kapell og Sande sentrum. Huset er bygt på grunnmur av naturstein og har utvendige mål er 10,3 x 6,25 m. Huset er tømra, har liggjande bordkledning og er tekt med skifer. Hovudetasjen har Storsal (5,7 x 5,7 m), Vetlesal (3,7 x 3,25 m) og gang (3,6 x 2,2 m). Huset er invendig kledd med
huntonitt og alle rom er måla i lyse fargar. Kjellarhøgda inneheld kjøkken og matsal, og er kledd med trepanel. Huset har ikkje innlagt vatn og såleis heller ikkje sanitæranlegg som svarar til krav i tida for forsamlingshus.
Lover Vedtektene eller lovene er det viktigaste dokumentet for eit bedehus. Det slår til vanleg fast kven som eig huset, kva huset skal brukast til og korleis bedehuset skal styrast. Sidan det var uråd å finna lovene for Skudal bedehus, vart det i 1975 sett opp og vedteke nye lover. Her går det fram at ”det er folket i Skudal, Foss, Fossevik og Eikeland” som eig bedehuset. Paragraf 2 har denne ordlyden: ”Bedehuset vart bygt i 1927 og innvigt i 1928 med tanke på at folket her skulle samlast om Guds Ord, og at det dermed skulle hjelpe til å nøre det kristelege
Såleis vart det sysla med tanken om å byggja eit eige hus. Det skjedde hausten 1927 då oppsitjarane på Skudal, Eikeland, Fossevik og Foss vart samde om å byggje bedehus. Vinteren 1927/28 arbeidde både ung og gamal med huset og 8. juli 1928 kunne huset vigslast.
Drivkraft Ananias Skudal, var emissær i Indremisjonen og Kinamisjonen (no Misjonssambandet). Rognald Hestebeit (1878-1977), gardbrukar på Hestebeit i Viksdalen, skriv følgjande om Ananias Skudal i skriftet Dalsfjord og Bremanger Fellesforening 90 år.: Det var han som var drivkrafta med å få opp bedehus i Skudalen. Han var av det gamle stillfarande gudfryktige slaget med eit klårt syn på Jesu lidingsverk, og Jesus-namnet hadde han trong etter å vera eit vitne om. Eg har aldri høyrt at nokon har tvila på at Ananias var ein ekte kristen. Naboen, Søren Skudal, var av same slaget som Ananias. Dei ar begge åndelege born av [sokneprest i Gaular] Echhoff. Å tala med Søren om anne enn frelse i Jesu blod, var mest rådlaust. Eg kan ikkje gløyma den 25
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
BEDEHUS
Framme i bedehuset med talarstol og elektronisk orgel. (Foto: Arne Kirkeli.)
underlege blenk i auga når han fekk tala om dette emnet. Han var far til Mads Skudal som var ein kjend forkynnar i Kinamisjonen og Indremisjonen, men meste tida av sin arbeidsdag var han forstandar i Frikyrkja. Hans kristensyn var som farens, og hans forkynning var heilt prega av dette.
Mykje brukt den første tida Huset var mykje brukt dei første 50-60 åra. Det kom jamleg forkynnarar og folket samlast til møte. Kvinneforeiningar for Sjømannsmisjonen, Misjonssambandet og Indremisjonen heldt sine basarar og julefestar. Likeeins var det basar til inntekt for huset ein gong for året fram til slutten av 1970-åra.
Søndagsskule Søndagsskulearbeidet har hatt trufaste arbeidarar. Albert Skilbrei var ein av dei. Om han kan ein trygt seia, for å sitera Skrifta: ”Sjå, der er ein ekte israellitt, ein som det ikkje finst svik i” (Joh. 1.47). Marie Horsevik (1923-2008) kom til Skudal krins i 1956 då familien busette seg der. Ho tok etter kvart over søndagsskulen etter Albert Skilbrei og ho stod i dette arbeidet i nærare 50 år. 26
For dette fekk ho i 1988 Kongens Fortenestemedalje i sølv. Dei siste åra samla ho borna i heimen sin.
Ein misjonsheim i dobbel forstand Heimen til Anna og Albert Skilbrei var ein misjonsheim i dobbel forstand. Dei hadde stor omsorg for alt misjonsarbeid. Anna deltok i foreiningsarbeidet og sytte for forkynnarane som kom, gav dei mat og husrom. Albert sytte for bedehuset, og heime heldt han andakt om morgonen, det var det same om dei hadde arbeidsfolk eller forkynnarar.
Nedlagt Skudal bedehus er ikkje lenger i bruk. Det siste styremøtet vart halde 7. januar 2003, men planlagt årsmøte same året vart det ikkje noko av. Same året fann styret å måtta seia om branntrygdinga og den elektriske straumen.
Formenn i styret Sidan det ikkje finst møtebok/bøker frå åra 1927-1974 er det uråd å setja opp eit fullgodt oversyn over kven som har vore med i styret. Etter det ein veit har desse vore formenn: a) Ananias Skudal (1864-1951) frå innviinga i 1928 til slutten av 1940-åra. b) Albert Skilbrei (1896-1971), frå slutten av 1940-åra, fram til ca 1969. c) Sverre Foss (1915-2008), frå ca 1969 til 1996.
Albert Skilbrei (1896-1971) var formann i bedehusstyret frå slutten av 1940-åra til kring 1969. Han var òg mykje med i søndagsskulearbeidet.
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Eit liv i virke for idrett og fysisk aktivitet Av Per Olav Bøyum I over 30 år arbeidde Grunde Selås med idrett og friluftsliv i Sogn og Fjordane. Etter at han vart pensjonist har han lagt ned ein umåteleg stor innsats for å fortelje soga om idretten her i fylket. Det har til no resultert i eit manus på godt over 1000 sider, som dokumenterer stort og smått av rørsleaktivitetar. Kjelda fekk ein prat med den spreke 81-åringen. Selås er fødd i 1929, og kjem frå Vegårshei i Aust-Agder. Han vaks opp i ein sportsinteressert familie, og har alltid hatt interesse for idrett og fysisk aktivitet. I barne- og ungdomsåra var det fyrst og fremst ski og friidrett som opptok han. Seinare vart orientering ein hovudaktivitet. Grunde fekk utdanninga si gjennom militæret og Statens gymnastikkskole, i dag Statens idrettshøgskole. Han tenestegjorde mange år i forsvaret, mellom anna seks år på Kongsvinger, før han i 1960 fekk jobben som fylkesidrettskonsulent i Sogn og Fjordane. Dei fyrste 15 åra var han underlagt fylkesmannen, men i 1975 vart stillinga overført til fylkeskommunen. Frå 1990 og fram til han gjekk av med alderspensjon i 1996 jobba han med friluftssaker i fylkeskommunen. Kjelda: Korleis hamna du i Sogn og Fjordane? Selås: Etter å ha jobba i forsvaret ein del år hadde eg ønske om å gå over i sivilt virke. Det blei til at eg tok ein jobb som kroppsøvingslærar ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Det var ein flott og tradisjonsrik plass å vere, så eg kunne fort ha blitt lenge der, men samstundes skjedde det ei utvikling der det offentlege tilsette personar i fylke, seinare òg kommunar, som jobba med fysisk aktivitet. Eg hadde ein del kameratar som vart tilsette som fylkesinstruktørar. Så blei det til at eg søkte på ei slik stilling, og kom til Sogn og Fjordane. Eg hadde ikkje tenkt at det var det endelege. Men det blir gjerne sånn, at når ein trivst med jobben så blir ein verande.
Grunde Selås. Fotograf: Per Olav Bøyum.
Kjelda: Kan du fortelje litt om arbeidet ditt? Selås: Det låg temmeleg langt tilbake dette med kunnskap om idrett og trening. Det galdt stort sett heile landet, så det var eit stort behov for treningsrettleiing. Det var eit nært samarbeid med Sogn og Fjordane idrettskrins. Dei hadde eit utval for barne- og ungdomsidrett. Eg var med der og utdanna leiarar som skulle jobbe spesielt med dei yngste. I tillegg til det var det eit stort behov for å lære aktive om treningsopplegg, og eg hugsar godt frå dei fyrste åra at det var mykje snakk om friidrett for eksempel. Eg måtte stille opp og vere med og plukke ut nokon som kunne vere leiarar og føre kunnskap vidare. Det var moro å lære dei om treningsopplegg. Noko av det fyrste som vart lært bort var ulike former for friidrettstrening, som intervalltrening. Om vinteren var det skiinstruksjon. Eg må nemne at eg hadde eit nært samarbeid med det som heitte Barnas skifond. Det var ein organisasjon under Den Norske Turistforening og Skiforeningen. Barnas skifond skaffa ski til skular som søkte om det. Det er fleire døme her frå fylket at skular mottok ski, og på den måten kunne me setje i gang med trening av ungane. Dei hadde òg eit system
i Barnas skifond som gjekk på dette med opplæring av barneskiinstruktørar. Slike kurs var eg leiar for. Dette var på 1960og 70 talet. Eg var også mykje med i dei forskjellige avdelingane innanfor idretten, og var med dei på møte og drøfta opplegg og så vidare. Idretten på den tida hadde ikkje tilsett nokon i sine organ. Det var ingen fast tilsette som jobba med dette bortsett frå idrettskonsulenten. I instruksen min gjekk det også fram at eg skulle gjere eit arbeid for aktiv idrett. Etter kvart blei andre oppgåver meir sentrale, og det var skuleverket som kanskje for mitt vedkomande blei det aller viktigaste. Då eg kom hit var det kanskje to eller tre gymnastikksalar på skulane. Sidan skjedde det mykje på dette området, og det var mellom anna mi oppgåve å sjå til at nye føresegner om kroppsøvingsrom og garderobar vart overhaldne. Kjelda: Det har skjedd ei rivande utvikling med bygging av anlegg? Selås: Det har blitt meir og meir tilretteleging for fysisk aktivitet, med bygging av idrettshallar. Den fyrste fekk me på Sandane i 1964, så kom Sogndal i 1968. Det var berre dei to ei god tid framover, før me fekk ein heil del, så i dag er det mange fullverdige idrettshallar i Sogn 27
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
og Fjordane. I tillegg til det har me også fått tre av det me kan kalle for større idrettshallar, utvida idrettshallar, det er i Sogndal, Florø og Måløy. Det var veldig dårleg stell når det galdt utandørsanlegg etter krigen i Sogn og Fjordane. Det var berre eit par anlegg som me kan kalle grasfotballbaner, mens det var veldig dårlege grusbaner. Slik var det ein god del år etter krigen, fordi det var kostbart å byggje ut. Etter kvart auka det på med tippemidlar, og det er blitt bygd veldig mange grasbaner for fotball. Også for skianlegg stod det dårleg til lenge. Me må heilt fram til 1970 før det skjedde noko stort innanfor tilrettelegging for skiaktivitet. Då kom dei fyrste lysløypene. Alt dette har betydd mykje for utviklinga av idretten, og me ser korleis det har utvikla seg prestasjonsmessig, med gode resultat, og det skuldast mykje at det vart lagt til rette for trening. Kjelda: Korleis starta dette prosjektet ditt med idrettshistorie? Selås: Etter at eg blei pensjonist har eg samla ein del opplysingar og tenkt tilbake på ting eg har opplevd mens eg har drive på her i Sogn og Fjordane. Eg synest det har vore interessant, og det heng vel saman med at eg er historisk interessert, spesielt lokalhistorie. Etter kvart har eg både lest og skrive mykje om idretten. Dette har eg arbeidd med i omkring ti år.
Kjelda: Kva var ambisjonane då du gjekk i gang? Selås: Eg tenkte ikkje stort til å byrje med, men det har utvikla seg etterkvart. Undervegs er det mange som har kontakta meg og overtalt meg til å utvide prosjektet. Kjelda: På eit seminar om idrettsarkiv i fjor kom det fram fleire klagemål om at idretten ikkje er interessert i si eiga historie, og at idrettslaga ikkje tek godt nok vare på eigne arkiv. Kva er ditt inntrykk av det? Selås: Biletet er nok nyansert. Det er mange idrettslag som har gjeve ut hefte og bøker, men det er viktig at idrettslaga tek vare på arkiva sine på ein god måte, slik at det i framtida er mogeleg å skrive historie om sporten her i fylket. Kjelda: Ein kongstanke hjå deg heile livet har vel vore det viktige i at folk held seg i fysisk form? Selås: Det er ikkje alle som kan nå dei store resultata og bli med på OL, slik me er vitne til no om dagane, men det at ein finn sin eigen plass innanfor dette med idrett og fysisk aktivitet er viktig. Det har blitt understreka i lang tid behovet for fysisk aktivitet som ein veldig sentral del av oppveksten, og også vidare i livet, det at me held oss i god fysisk form. Her i Sogn og Fjordane har me òg naturen omkring oss, som kanskje byr på det beste tilbodet for aktivitet. Det å
gå tur, åleine eller saman med andre, er kanskje den beste form for fysisk aktivitet me kan drive.
Ei historisk framstilling av idretten i Sogn og Fjordane Gjennom yrket sitt har Grunde Selås sidan 1960 hatt orkesterplass til mykje av det som har skjedd innan idrett i Sogn og Fjordane. Også på fritida har sportslege aktivitetar vore ein viktig del av livet hans. Såleis er det neppe nokon som har like brei kunnskap om idrettshistoria her i fylket som Grunde. Informasjonen han har samla inn er enorm. Eit så ambisiøst prosjekt er sjølvsagt ikkje lytefritt, men alt i alt rommar verket mykje stoff som truleg mange vil ha nytte og glede av. Det er opplysingar om idrettslag, einskildpersonar, ulike arrangement, idrettsbragder, rekordlister og mykje meir. I hovudsak dekkjer det perioden 19002000, og i oppbygging fylgjer det kronologisk dei ulike idrettane. Bortimot alle idrettar som vert drivne i Sogn og Fjordane er dekka. Men verket famnar breiare enn dei einskilde sportsgreinene. Perspektivet har på mange måtar vore folk i bevegelse. Det er eigne kapittel om bedrifts-, veteran- og handicapidrett, turstiar, utfartshytter og tilrettelagde friluftsområde. Eit interessant kapittel tek for seg nokre utøvarar sine minne frå aktiv idrett. Blant anna fortel Bjarne Huseklepp, den fremste langdistanseløparen i Sogn og Fjordane på 1970- og 80-talet, om trening, konkurranse og skadeproblem. Fylkesarkivet har gjort eit opptak med Grunde Selås, og som denne artikkelen i hovudsak byggjer på. Dette opptaket vil seinare bli redigert og stilt til rådvelde for dei som vil vite meir om kva denne kunnskapsrike mannen har å fortelje. Dei som er interesserte i fleire opplysingar om prosjektet til Grunde kan kontakte han på e-post: grunde.selas@enivest.net Fylkesarkivet har òg ein kopi av materialet, men grunna manglande opphavsrett til ein del av bileta har me ikkje lagt det ut på Internett.
Grunde i sitt rette element. På tur til Jernhetta 2003. Fotograf: Ukjent
28
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Nostalgiske hopp Av Olaf Knarvik
I desse olympiske tider vert vi overstrøymde av fargebilete tekne med dei nyaste kamera og som viser utøvarane frå dei mest avslørande vinklane. Vi får sjå bilete av detaljar vi aldri har sett før, akkurat som om heile vinter-OL vert sett gjennom eit gigantisk mikroskop.
Langrennsløperane sine fall har aldri likna så mye på ein actionfilm som no, og løparane sjølve liknar på futuristiske heltar. Som ei nostalgisk motsetning til dette grov vi fram nokre bilete av skihopp frå arkivet. Det melder seg mange spørsmål som vi let bileta svare på.
Her er det høgt og fritt, seier skihopparen Pål K.Seljeset, som her svever høgt i 'Sikle bakken' i Hornindal vinteren 1948. Dagens hopp vart 58 meter. SFFf-1992073.0021
Einar Myklebust i svevet, ca 1950. Han var aktiv i tida 1942 til 1965 med krinsmeisterskap og mange premiar frå fylkesrenn. Her i svevet med fin knekk-stil. SFFf-1988133.0001
Pål Seljeset i svevet, truleg i Vikabakken i Stryn i 1950. Pål var ein av fleire gode skihopparar frå Hornindal. SFFf-1989004.0257
Jon Alme hoppar i Almsbakken, Fjellbygda i Gloppen. Biletet er truleg frå tida rett før krigen. SFFf-1989004.0260
29
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Digitalisering av fotografi - ”Florence Declaration”
Av Olaf Knarvik
til eit anna er ikkje ein nøytral transformasjon. Den digitale kopien er eit nytt bilete som inneheld den visuelle informasjonen frå originalen, men samstundes har den andre kvalitetar enn denne. Poenget er at kvar fotografisk teknikk påverkar biletet sitt uttrykk i så stor grad at det former innhaldet. Dette inneber også at bileta ikkje er nøytrale dokument, men estetiske og teknologiske uttrykk avhengig av tidsalderen dei blir skapt i.
Foto: Olaf Knarvik
Vi begynner etter kvart å forstå at vi lever i den digitale tidsalderen. Med stortingsmeldinga tilegna digitalisering (St.meld. nr. 24 - Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv) blei dagsorden sett for store delar av kulturlivet.
Digitaliseringshysteri? Skal ein vere ukritisk til dette ”digitaliseringshysteriet” som Fridtjov Urdal uttrykte det under konferansen "Digital kulturformidling i Sogn og Fjordane" i februar i fjor? Skal ein berre vere begeistra konsument for teknologisk utvikling, eller fins det velgrunna motstand som ikkje berre er gammaldags?
hovudsakleg forskjellen mellom det analoge originalbiletet og den digitale kopien, samt konsekvensane av denne forskjellen. Begge har kvar sin verdi som må takast vare på og det er eit viktig poeng at det digitale ikkje erstattar det opphavlege, fysiske fotografiet. Fordelane med den digitale teknologien skulle vere ganske kjent. Ein har no ein heilt anna struktur for formidling av bilete gjennom internett og gjennom ein publikumsretta elektronisk katalog (database). Tilgjenge er ein eigen kvalitet som det allmenne publikum har stor glede og nytte av. Dette gjeld både privatpersonar, forskarar og andre.
Kva med originalbiletet? I oktober 2009 blei ”Florence Declaration” offentleggjort, ein deklarasjon med anbefalingar for bevaring av analoge fotoarkiv. Utgivar er MaxPlanck-instituttet i Firenze, vi skal her gi att nokre av hovudtrekka. Teksten som er signert av 419 fagfolk frå europeiske institusjonar, forklarar 30
Samstundes er fagfolka bekymra over denne utviklinga. Dei trur at originalbiletet vert gløymd og gøymt bort, og dei åtvarar spesielt arkiva mot denne utviklinga. Grunnen er at analoge fotografi inneheld fleire aspekt som ikkje den digitale kopien har fått med seg. Dei to bileta er to forskjellige objekt og omsetjinga frå eit medium
Erfaringa av bileta er annleis om vi ser på ei fotografisk glasplate enn på ein mobiltelefonskjerm. Eit digitalt bilete har inga overflate, kan ikkje berørast. Det analoge biletet er skapt av et materiale som inneheld spor av viktige fysiske element og tid. Dette er aspekt som fortel mykje om tida biletet blei laga i, og kva som har skjedd sidan det. Det analoge biletet som fysisk objekt er så samansett at det ikkje kan vidareførast til digitale media utan å miste fleire dimensjonar. Desse to biletverdene gir to forskjellige utgangspunkt for dei som vil undersøke bileta i ettertid. Derfor er det viktig at vi gjer bileta tilgjengelege gjennom det digitale, samstundes som vi bevarar originalbiletet.
Konsekvensar for arkivsektoren Konsekvensar for arkiva blir å utarbeide ein strategi for den mest korrekte bevaringa av den fotografiske arven. Dette kan berre gjerast ved å likestille det analoge og digitale formatet og ta vare på begge delar. Til ein viss grad må også den analoge originalen vere tilgjengeleg for dei som brukar gamle bilete i si forsking, om det er antropologar, kunsthistorikarar eller andre forskarar. Det er stor forskjell på ein database og eit fysisk arkiv som ein kan bevege seg i. Dette mangfaldet er viktig å ta vare på.
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Hunden – frå nyttedyr til familiemedlem Av Elin Østevik ”Det beste ved mennesket er hunden”, har det blitt sagt1. Hund og menneske deler ei felles historie som strekk seg fleire tusen år tilbake i tid. Likevel tenkjer vi sjeldan på hunden som eit kulturhistorisk emne. Men hunden og hundehaldet er i aller største grad eit spanande kulturhistorisk forskingsfelt som fortel minst like mykje om oss sjølve som om hunden.
Historia om hunden er såleis også ei historie om oss sjølve og vårt forhold til naturen, og om dyra si rolle i våre menneskesamfunn. I denne artikkelen vil eg fokusere på eit aspekt av hundehaldet si kulturhistorie – nemleg hunden som familiemedlem. Og familiehunden si historie, ja den startar i Viktoria-tida2.
Om hund og menneske
I Viktoria-tida vart bandet mellom menneske og hund tematisert av både kunstnarar og samfunnsdebattantar. Den franske kulturhistorikaren Alfred Franklin hevda til dømes at blant alle dyr var det hunden stod nest etter mennesket på rangstigen i skaparverket. Landsmannen og skribenten Alphonse Toussenel (1803-1885) gjekk enno lengre i si lovprising av hunden, i det han hevda at det var hunden som gjorde utviklinga av samfunnet mogeleg:
Hund og menneske har ei felles historie som strekk seg minst 15 000 år tilbake i tid. Hunden er det vi kan kalle eit menneskeskapt dyr; mennesket har tatt kontroll over formeiringa, matforsyninga og territoriet til hunden, og vi har gjennom avl gitt hunden eigenskapar som skil han frå ulven. Hunden har opp gjennom historia mellom anna blitt nytta til jakt, gjeting, vakthald, transport og selskap. I nyare tid har hunden også fått oppgåver innafor politi- og tollvesen, redningstenesta, militæret og som assistent for personar med fysiske handikap.
Trofast - hunden som ”menneskets beste ven”
I begynnelsen … skapte Gud mennesket. Da han så hvor svakt det var, ga Han det hunden … Uten hunden ville mennesket
vært dømt til en evig skyggetilværelse i barbariets mørke. Det er hunden som har ført mennesket fra naturtilstanden til det patriarkalske stadiet… (sitert i Thorsen 2001: 40). Men det var ikkje hunden sine eigenskapar som gjetar, jeger eller vakthund åleine som gjorde hunden fortent til denne framtredande posisjonen i skaparverket og historia: I debattane om kva dyr som stod mennesket nærast, vann hunden fordi den vart oppfatta som det einaste nyttedyret som også var i stand til å utvise sjølvoppofrande lojalitet og ei emosjonell tilknyting til mennesket. Dei mange Trofast-forteljingane som verserte i tidsepoken tematiserte nettopp hunden sin lojalitet og emosjonelle tilknyting til sin menneskelege følgjesvenn. Trofast-historiene var hovudsakleg variasjonar over eitt av følgjande tre tema: Hunden som vakar over og ikkje vil forlate den avlidne eigaren sitt lik eller si grav; hunden som utfører ein heltemodig redningsdåd; eller hunden
1. Leikanger ca. 1920-1930: Hund og eigar deler eit stille augeblikk i tunet. Vi har diverre ikkje namn på verken kvinna eller hunden. Tips oss om du har informasjon. Fotograf: Håkon Njøs (SFFf-1993357.101473).
31
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
ben i Noreg var forresten Den norske dyrehundklubb, oppretta i 1899 med det formål å oppdrette og foredle ”den finmarkske dyrehund”. Å eige ein rasehund vart altså ein måte å uttrykke både klassetilhøyrsle og moralitet på; hunden fungerte som ein sosial markør på eigaren sin sosiale status. Men korleis vart den individuelle hunden sin tilhøyrsle til familien, hunden sin identitet som familiemedlem, markert?
Hunden – eit familiemedlem
2. Fôringstid på Steinsetgarden, Fjaler, ca 1940-1945: Tenestejenta til Dr. Blaauw skal gje hundane hans mat. Ho får hjelp av ungane på garden. Frå venstre borna Jorunn, AnneMarie, Kristen og Turid Steinset. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1996019.0038).
som vert skilt frå eigaren sin og tilbakelegg store avstandar og hindringar for å lukkeleg gjenforeinast med eigaren. Trofast-historiene var svært populære på 1800-talet, og danna grunnlaget for karakteristikken av hunden som eit ”edelt” dyr. Den trufaste hunden personifiserte omskatta menneskelege dydar, og gjorde hunden fortent til tittelen ”menneskets beste ven”.
først og fremst personifisert dei ”edle” eigenskapane frå Trofast-forteljingane. Å ha ein rasehund vart såleis eit teikn på høg moralsk standard og klassemedvit, hevdar Thorsen (2001). Å ha hund vart no også ein hobby; rasehundklubbar vart etablerte og stadig fleire hunderasar vart avla fram i løpet av 1900-talet. Den første rasehundklub-
I den trufaste hunden såg menneska i Viktoria-tida dydar som dei sjølv var i ferd med å miste under industrialiseringa, påpeikar etnolog Liv Emma Thorsen (2001) med referanse til den amerikanske historikaren Kathleen Kete. Og det er mot dette bakteppet at hunden vert inkludert i den borgarlege familien sin intimsfære. Den lojale hunden kunne uttrykke kjærleik til familiemedlemma og beskytte dei mot uvedkomande i ei tid prega av store sosiale omveltingar.
Hundar og kjøterar Det var likevel ikkje kva for ein hund som helst som slapp inn i den borgarlege familiesfæren. Aller helst skulle det vere ein ”ekte” hund. Ideen om at det fanst ”rasehundar”, eller ganske enkelt ”hundar”, som skilte seg ut i positiv forstand frå kjøteren utvikla seg nemleg samstundes med at hunden i kulturell forstand vart etablert som den lydige og lojale Trofast. I følgje dei rådande tankane i tida var det rasehundane som 32
3. Familien Furset i finklede samla til fotografering kring 1910. Framme sit ekteparet Mikal og Anna Furset, bak står døtrene deira Marie og Laura. Aller fremst sit familiehunden Passopp. Fotograf: Ukjend. (SFFf-199037.0020).
Å la hunden delta i dei rituala som familien nyttar for å skape og uttrykke familiesamhald er ein måte å etablere hunden sin sosiale posisjon som familiemedlem, hevdar Thorsen (2001). I Hund! Fornuft og følelser fokuserer ho på høgtids- og festdagar (t.d. jul, bryllaup og fødselsdagar ) som nettopp slike ritualiserte sosiale hendingar der familiesamhaldet står sentralt. Når hunden også får smake på julematen eller får sin eigen pakke under treet, er det ein praksis som bidrar til å etablere hunden som medlem av familiefellesskapet. I desse familierituala er også familiefotografia eit viktig element, vil eg hevde. Fotografering, vil eg påpeike, er eit integrert aspekt ved desse familiesamkoma som Thorsen har sett på. Vidare er det slik at praksisen med å ta og vise fram familiefotografi i seg sjølv utgjer eit ”familiesamhaldsritual”. Og på familiefotografia dukkar dei altså opp – Passopp, Stella, Max, Frøya, Argus og alle dei andre firbeinte menneskevenane. La oss sjå på tre døme frå Fylkesarkivet sin fotobase. På bilete nummer 3 ser vi familien Furset frå Fjaler fotografert av ein omreisande fotograf kring 1910. Dei har kledd seg i finklede, og er oppstilt mot eit nøytralt bakteppe. Aller fremst sit Passopp. Passopp sin posisjon som familiemedlem vert tydleg etablert og formidla i dette formelle familiefotografiet. Også på amatørfotografi ser vi ein liknande komposisjon som på bilete 3: Eit relativt hyppig førekomande motiv blant ”hundebileta” Fylkesarkivet har i samlinga si, er hund og familie fotografert på gardstunet, gjerne med familieheimen i bakgrunnen. I desse fotografia vert hunden sin tilhøyrsle i heimen og familiefellesskapet uttrykt.
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
behandla som eit individ med ein eigenverdi og ein unik personlegdom (Thorsen 2001).
Individualisering og menneskeleggjering av hunden Antropolog Rolf David Ramslien forskar på jakt; meir spesifikt på korleis jegeren handlar i relasjon til og snakkar om landskap, byttedyr og jakthund. I artikkelen ”Forståelsen av antropomorfisme og den norske harejakta” diskuterer han omgrepet ”antropomorfisering”, det vil seie korleis vi tillegg dyr menneskelege eigenskapar, med utgangspunkt i empiri han har samla inn blant norske harejegerar.
4. Anne-Karin Lexau og Tassen fotografert ein sommardag kring 1950. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1996158.0053).
Bilete 1 og 4 er eksempel på eit anna vanleg motiv – hund og eigar. Bilete 1 er teke av fotograf Håkon Njøs på Leikanger ca. 1920-1930. Hund og eigar deler her eit stille augeblikk på tunet. Bandet og forholdet mellom dei to er i fokus i det kvinna ”held hender med” hunden som sit ved føtene hennar. På bilete 4 er det dei jamstore venene Anne-Karin Lexau og Tassen som sit i graset i ein sommardag kring 1950. Born og hund er eit tilbakevendande motiv i ”hund og eigar” kategorien. Motivet kan både forståast på bakgrunn av, og som eit uttrykk for, hunden sin posisjon i familien. Hunden har nemleg ein posisjon i familien som liknar på bornas i det både born og hund er underlagt dei vaksnes disiplin. Vidare, som både Thorsen (2001) og Ramslien (2009) har påpeikt, er det klare fellestrekk mellom normer for hundeoppdraging og normer for barneoppdraging. Når normene for sistnemnde endrar seg, endrar også normene for hundeoppdraginga seg i same retning. På 1930-talet var det til dømes borgarlege ideal om kroppsleg sjølvdisiplin som prega både barne- og hundeoppdraginga (Ramslien
2009). I våre dagar er sjølvstende og individualitet sentrale ideal i barneoppdraginga; så også når det gjeld hundar – familiehunden vert oppdradd og
Ramslien hevdar at harejegerane i dag i aukande grad menneskeleggjer hundane sine. Hundane er ikkje lenger berre jaktbikkjer, dei er også familiemedlem. Dårlege jaktbikkjer får såleis leve sitt naturlege livsløp, dei blir ikkje avliva slik som i tidlegare tiår. Hundane vert også i større grad enn tidlegare tekne til dyrlegen for behandling og, når livet går mot slutten, avliving. Også ulike jaktpraksisar vert forklart med utgangspunkt i omsynet til hunden og hunden sine kjensler og lyster. Hunden sitt indre kjensleliv vert referert til av jegerane som forklaring på val dei gjer i jakta. Det er altså ikkje berre selskapshunden
5. Rypejakt på Bergsete, Leikanger, ca. 1950-1955. Frå venstre Sjur Røysum, Eirik Røysum, Eirik Njøs, Einar Njøs og Sverre Røysum. Hunden har vi ikkje namn på. Antropolog David Ramslien si forsking på jakt med hund tyder på at også jaktbikkjene i aukande grad vert oppfatta og behandla som familiemedlem. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1994088.0001).
33
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
som har blitt familiemedlem, det har også brukshunden blitt. Emma Thorsen (2001) har identifisert den same dreiinga mot å oppfatte hunden som ein unik personlegdom i sin studie av hundehald. Denne dreiinga mot den individuelle hunden med ein unik personlegdom manifesterer seg i namna vi gir hundane, hevdar Thorsen. Dei gamle norske hundenamna viser anten til hunden sine eigenskapar, hunden sin utsjånad eller hunden sitt bruksområde – typiske døme er Trofast og Passopp. I dag derimot er variasjonen i hundenamn mykje større og hundane får i nokre tilfelle også personnamn. I fotobasen til Fylkesarkivet finn vi for eksempel bilete av Kari, Guro og Erik – alle hundar. Før var det dessutan vanligare at familiehundane heitte det same: Når gamle Trofast døydde vart han erstatta av ein ny kvelp med same namnet. I ei tid der kvar hund vert oppfatta som unik, er praksisen med oppattkalling i ferd med å forsvinne. Thorsen (2001) ser endringa mot å gi hundane unike namn i samanheng med at dei fleste hundar i Noreg i dag er selskapshundar og ikkje bruksdyr, medan Ramslien (2009) på si side meiner at endringa i retning av at jaktbikkjene i aukande grad vert tilskrive menneskelege eigenskapar og oppfatta og behandla som familiemedlem heng saman med endringar i samfunnet generelt mot eit fokus på individuelle dyr og deira rettar. Det vi uansett kan slå fast er at hunden har blitt eit familiemedlem.
Kjelder til hundeliv i Sogn og Fjordane I denne artikkelen har eg fokusert på eit element ved hundehaldet si kulturhistorie – nemleg familiehunden. I Emma Thorsen si bok Hund! Fornuft og følelser kan lesaren setje seg inn i fleire sider av hundehaldets rikhaldige kulturhistorie i Noreg og Europa. Men kva kjelder har vi til hundeliv og hundehald i Sogn og Fjordane spesifikt? I Fylkesarkivet sin fotodatabase finn vi kring 700 fotografi der hunden er ein sentral del av motivet. Det store fleirtalet av desse bileta er amatørfotografi av familie-, gards- og jaktbikkjer i ulike sosiale settingar saman med eigarane. I ord og bilete kan vi her finne spor av 34
6. Vi tenkjer gjerne på spesiallaga hundekle, senger, korger og anna utstyr som noko som først har blitt introdusert dei siste par tiåra. Men hundar heimehøyrande i dei øvre samfunnslaga kunne vere velutstyrte når det gjaldt kle, halsband og anna utstyr også på attenog nittenhundretalet. Her ser vi ein heldig hund som har fått eiga seng med pute og dyne (!) ved fotenden til eigarane si seng. Biletet er teke i 1910 i Ålesund. Fotograf: Johannes Sponland. Eigar: FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal. (AM-95003.012972c).
kva desse hundane har hatt for ei rolle, og kva dei har betydd for eigarane sine. For den som er interessert i hundehaldet si kulturhistorie er også kommunalt arkivmateriale ei kjelde. Her finn vi for eksempel dokument relatert til hundeskatten som fleire kommunar i fylket innførte i ein periode. Skatten vart innført for å regulere ned omfanget på hundepopulasjonen og bli kvitt laushundar (Thorsen 2001). Ved Musea i Sogn og Fjordane finst det vidare bevart ei handfull gjenstandar knytt til hundehald – det dreier seg om fire halsband og ei hue laga i hundeskinn. Når det gjeld museumsgjenstandar er det i det heile bevart svært få gjenstandar knytt til hundehald ved musea både i Noreg og utlandet, dette til tross for at hunden har ei lang historie som nyttedyr, og også i tidlegare hundreår, som i dag, kunne vere gjenstand for øydselt forbruk og ”utstyrsmani”
(Thorsen 2001). Kvifor, kan ein spørje seg, har det hatt høgare prioritet å bevare seletøy og gardsbygningar, enn halsband og hundehus? Har du ei hundehistorie, foto eller gjenstandar du vil dele med oss, så ta gjerne kontakt! 1
Nicolas Toussaint Charlet (1792 – 1845). Viktoria-tida er namnet gitt til den britiske dronning Victoria si regjeringstid som var frå 1837 til 1901. Perioden var prega av industrialisering og vitskaplege framsteg, men også av urbanisering, sosial ulikskap og fattigdom.
2
Litteratur • Ramslien, Rolf David (2009), „Forståelsen av antropomorfisme og den norske harejakta“, Norsk Antropologisk Tidsskrift, nr. 1, s. 28-43 • Thorsen, Liv Emma (2001), Hund! Fornuft og følelser, Oslo: Pax Forlag A/S
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Pilotstudium med søkelys på lokal kulturarv Av Bjarnhild Samland
Til hausten startar eit nytt studium opp ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiet samordnar Høgskulen si satsing på entreprenørskap og fylkeskommunen si satsing på digital kulturformidling.
prosjektsamarbeid mellom Høgskulen og ABM Sogn og Fjordane. ABM arbeider med digital tilrettelegging og formidling frå arkiv, bibliotek og museum i fylket.
Meir informasjon får du ved å kontakta Fylkeskommunen ved Bjarnhild Samland, bjarnhild.samland@sfj.no eller på http://hisf.no/no/studietilbod.
Studiet har tittelen ”Sam-funnsfag med vekt på entreprenørskap og digital formidling”, og er utvikla i samarbeid mellom Høgskulen og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Breitt spekter av målgrupper Studiet har som mål å få fram og fremja den lokale kulturarven, og vera pådrivarar for lokalsamfunnsutvikling i fylket. Studiet er tilrettelagt for ei brei målgruppe, og kan vera ein møtestad for nettverks- og kompetansebygging. Gjennom studiet kan ein gjennom eigne prosjekt vera med på å utvikla lokalsamfunna vidare. Studiet er ope for tilsette i skule, kulturinstitusjonar og andre som er opptekne av formidling av lokal kulturarv.
Med støtte frå utdanningsdirektoratet Dei som deltek på studiet vil læra å setta entreprenørskap og kreativitet i samanheng med digital formidling av lokal kulturarv. Dette er eit nytt studium, og er ein pilot i nasjonal samanheng. Utdanningsdirektoratet har finansiert studiet, og er gratis for deltakarane. Studiet gir 10 studiepoeng og søknadsfristen er 15. april.
Samarbeid mellom Høgskulen og ABM Sogn og Fjordane Studiet ”Samfunnsfag med vekt på entreprenørskap og digital formidling”er ein del av eit studie- og 35
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Ei framtid for losjehuset i Stongfjorden? Kommentar: Hermund Kleppa
Losjehuset i Songfjorden, bygd 1936. Huset står sentralt i bygda i Villabyen som var namnet på området i ”aluminiumstida”. Stongfjorden hadde aluminiumsindustri i åra 1908-1945. Aluminiumsproduksjonen i Stongfjorden var den første i sitt slag i Norden. Foto: Reidun Hovden.
Det ikkje altfor djuptgåande uttrykket Tidene skifter, og vi med dem har eg med meg frå ein frodig kollega i 1960-åra. Eg budde nord i landet. Orda kom gjerne når vi sat i litt ekstra godt lag og han fekk det føre seg at det ikkje var så mykje meir å leggja til. Eit trekk i tida akkurat då, på 60talet, var at fråhaldsrørsla hadde passert toppen. No, 50 år etter, kan me vel trygt seia at fråhald (frå alkohol) ikkje er typisk for tida, og noko i retning av ei rørsle for fråhald er vel kort og godt historie. Øl, vin og brennevin har større rom og er meir synleg nå, enn i 1960 åra. I Sogn og Fjordane kjem det til syne på fleire måtar, mellom anna i statistikkar (dobling av alkoholforbruk mellom ungdom 36
på 10 år (NRK-Sogn og Fjordane, 2003), i faste vinspalter i lokalaviser og i stadig fleire pol. ”Det stygga drikka”, som eg minnest somme sa der eg voks opp, har blitt daglegvare. Og ingen blir oppskaka av at ein samferdselsminister med godt grunnfeste i kyrkje og bedehus i ei ryfylkebygd, fortel til Dagbladet sitt laurdagsmagasin, at ho no ser på eit glas vin som ein del av livets goder. Det ligg 40 tilbake i tida at ho vart djupt vonbroten over at ein svoger kjøpte seg eit glas øl til ein middagsrett. Jau, rett skal vera rett, det skjer framleis ting som vekkjer oppsikt - i alle høve hjå mange av oss litt oppi åra -, så som at ein nestleiar i Kristeleg Folkeparti slår frampå om vinmonopol i kvar kommune. Ja, så sant , så sant, ”Tidene skifter, og vi
[helst dei andre] med dem” Det var fleire fråhaldsfolk før, og dei gjekk slettes ikkje stilt i dørene. Fråhaldsfolket var organisert i lag og losjar, i eit hierarki frå nasjonalt nivå, om distriktsnivået og ned til dei mange og spreidde lokale einingane på lokalplanet, vaksnelag og barnelag. Det Norske Totalavholdsselskap og IOGT-losjen var dei største. IOGT-losjane kom best til syne, slik reint visuelt. Somme hadde staslege faner (det hadde DNT-lag også), men IOGT hadde regaljar og somme stader eigne hus, losjehus. Fråhaldsfolket sette jamvel opp minnesteinar. Me har ein i Rutledal i Gulen og ein på Totland i Vågsøy. Fråhaldsrørsla var ei stor og viktig rørsle, mælt opp mot fleire målestokkar.
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Fråhaldsrørsla varde lenge, i godt og vel 100 år, rundt rekna frå 1850 til 1970. Det byrja som ei måtehaldsrørsle, som ein reaksjon, eit tiltak mot sterkt auka brennevinsforbruk fram mot midten av 1800-talet, men gjekk snart over til over til totalfråhaldsrørsle. Fråhaldsrørsla var viktig for mange (t.d. IOGT, 1953: 30 000 vaksne, 25 000 born), og eg vil tru at det var brei semje om at fråhaldsrørsla var til gagn for folk og samfunn. Det er ei viktig oppgåve å sikra fråhaldshistorisk dokumentasjon – i vid tyding. Det har også vore gjort. Me har mykje trykt kjeldetilfang (bøker og blad) både av nasjonal og lokal karakter. I Fylkesarkivet finst arkiv frå mange fråhaldslag og fråhaldslosjar, fotografi og gjenstandstilfang (t.d. regaljar). Men, har me losjehus? Kva veit me om losjehusa i fylket? Kor mange? Kor mange står att, og kor mange om lag slik dei vart bygde?
gamle bedehuset i Marifjøra. Det er eg og. Me har kvar vår uro, oftast fleire. I Stongfjorden sit Malmfrid Stang, kulturmennesket eg møtte då eg byrja på Fylkesarkivet i 1987, entusiastisk og kunnskapsrik, og godt til å ordleggja seg – med uro og uvisse omkring losjehuset i bygda. Ho og nokre andre kvinner kjøpte det frå Distrikstlosjen (no nedlagd) for fleire år sidan – huset er i bruk til fleire slag aktivitetar – men det kostar pengar å halda huset i stand, branntryg-
ding, kommunale avgifter, elektrisk straum, måling. Midlane til 8-10 kvinner toler ikkje all verda. Og det har vore smått med offentlege kroner. Malmfrid Stang ringde oss i februar. Det var ein bekymringstelefon, for losjehuset deira. Kva kan gjerast for å sikra det for framtida? Det er lett for ein pensjonert arkivar å gje uttrykk for forståing for saka og å vera med på synspunktet at losjehuset i Stongfjorden er eit verneverdig hus, ikkje minst ved at det representerer ein spesiell type for-
Eg veit det ikkje. Eg har sett eit losjehus på Lærdalsøyri . Det står meir eller mindre til nedfalls. Og eg meiner det stod noko i ei avis for ei tid sidan, om eit losjehus på Bremangerlandet. Skal tru om det skulle seljast? Frå arbeidet til Fylkesarkivet i 2005 om unionsoppløysingsåret 1905 i Sogn og Fjordane, minnest eg IOGT-huset ”Fram” i Florø. For fire år sidan skreiv eg om eit bedehus i Fortidsminnesforeinga sitt blad Fortidsvern. Temaet var forsamlingshus. Eg fortalde om Marifjøra bedehus, eit av dei eldste i fylket, ikkje i bruk lenger, og mykje godt slik det var opphavleg. Eg viste til Ivar Engan i Vik som nokre år før rykte ut med eit spørsmål om det gamle bedehuset på Vikøyri som då stod til nedfalls. - Bør vi ikkje la eit bedehus også koma inn under bygningsvernet vårt, tilliks med kyrkjer, eldre skulehus og gamle gardshus? Spørsmålet var på sin plass. For mange år sidan sikra Norsk Folkemuseum seg bedehuset Betlehem frå Hinna i Rogaland. Eg slutta stykket mitt i Fortidsvern med ei lett utfordring til avdelinga til Fortidsminnesforeininga i Sogn og Fjordane. Foreininga har ikkje berre eldgamle kyrkjer under vengjene sine. Eit bakeri i Lærdal høyrer også med. Bedehus bokstavrimar på bakeri. Eg snakka med bedehusveteranen Knut Rygg. Han var uroa for framtida til det
Fana til LOSJE ”SKAALEFJELL”, STIFTET 9-11-1909. Foto: Reidun Hovden
37 31
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
samlingshus og at huset står mykje godt slik det blei oppsett i 1936. Men losjehuset står ikkje tryggare for det. Det må takast grep, som det heiter. Tankane går til verneinstansane i fylket og fylkesbanken Sparebanken i Sogn og Fjordane som deler av overskotet sitt til kulturføremål. Og det er lett å lista opp mogelege alternativ: 1) At Fortidsminneforeininga føyer losjehuset i Stongfjorden til porteføljen sin. 2) At Sogn og Fjordane Museum – enten ved
Kystmuseet eller Sunnfjord Museum, set huset på si verneliste – men utan å flytta huset frå der det høyrer heime, 3) At vertskommunen, Askvoll, gjer det til ei kommunal oppgåve å sikra losjehuset. Og at det blir laga til og iverksett eit verneprosjekt Losjehuset i Stongfjorden der huset som bygning med funksjon og verksemd blir teke med, - gjerne også noko om fråhaldsrørsla i vidare forstand. Finansiering? Ja, gjerne gjennom spleiseslag.
Personalnytt Cecilie Astrup Bustad frå Trondheim er tilsett som arkivar for kommunale arkiv. Ho vil i hovudsak arbeide med depotoppgåver og personregistermateriale. Cecilie har master i historie frå NTNU, og starta hjå oss 1. mars. Ole Stian Hovland frå Sogndal er tilsett som arkivar for kommunale arkiv. Han vil i hovudsak arbeide med fylkeskommunale arkiv og arkivdanning. Ole Stian har houvdfag i nordisk frå Universitetet i Bergen. Han har vore tilsett hjå Fylkesarkivet før , i åra 2000-2006. Ole Stian begynte 25. januar. Espen Sæterbø frå Leikanger er tilsett i 1 års vikariat som arkivar for kommunale arkiv. Espen vikarierer for Marit Anita Skrede som har permisjon i eitt år. Espen skal arbeide med depotoppgåver og formidling. Han har master i historie frå Universitetet i Bergen. Han begynte hjå oss 11. desember 2009. Per Olav Bøyum frå Voss er tilsett som arkivar – privatarkiv. Han kjem frå jobb som arkivar på kommunearkivordninga i Sogn og Fjordane. Han har hovudfag i historie frå Universitetet i Bergen, og 3-årig bibliotekutdanning frå Høgskulen i Oslo. Per Olav starta 1. februar. Elin Østevik frå Klepp er tilsett som fotograf/fotoarkivar. Ho kjem frå jobb som prosjektrådgjevar på Fylkesarkivet. Ho har master i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen. Elin tek til i jobben 1. juni 2011. Erle Hind frå Tromsø er tilsett som musikkarkivar. Ho er for tida student ved masterprogrammet i kulturstudiar ved Høgskulen i Telemark, Avd. Bø. Erle tek til i jobben 14. juni 2010. Oskar Andersen frå Luster, er tilsett i 1 års vikariat som fotograf. Han har vore profesjonell fotograf i 10 år i fylket. Oskar tek til i jobben 1. juni 2010.
Det finst to minnesteinar om fråhaldsarbeid i Sogn og Fjordane, Anna-steinen står på kyrkjegarden ved Totland kyrkje, Vågsøy kommune. Anna Myklebust (1868-1942), Bryggja i Nordfjord, la ned eit stort arbeid i fråhaldrørsla.. På steinen står innskrive: Anna Myklebust, f. 17.4.1868, d. 21.4.1942, D.F.M. i 15 aar. Vidt om i Nordfjord du naadde. Det gror av frøet du saadde. (..) Reist i takksend av Nordfjord Distriktslosje 1947. Foto: Hermund Kleppa. 38
Mari Ormberg frå Jostedalen er tilsett i 3 månaders prosjektstilling. Ho skal arbeide med innsamling av tradisjonsmusikk frå Jostedalen. Mari tok til i jobben 22. februar.
kjelda, nr. 1 – 2010, årgang 19
Fyll og slagsmaal paa Sande i Sunnfjord Av: Espen Sæterbø
Det kunne gå vilt for seg i gamle dagar. Fyll, heimebrent og slagsmål er tradisjonar som høyrer våre dagar til og, men det er lite truleg at avisene skildrar hendingar på ein like fargerik måte som det vart gjort her i Firda Folkeblad i 1933. Ein mann skamskoren av eit knivstikk (Firda Folkeblad, fredag 19. August 1933) Natt til sundag skulde ein bil frå Breim i Nordfjord køyra yver til Vadheim. Ved Sande tok chaufføren som var ukjend med vegen feil retning
og køyrde innyver vegen til Viksdalen. Eit stykka innan for Sande trefte dei ein mann som kom springande mot deim, og bad chauføren venda og køyra attendte til Sande og henta doktoren. Ein mann var vorten skamskoren i eit slagsmaal og heldt paa og forbløda seg. Mannen som skulde henta hjelp hadde sjølv bil; men daa det gjalt minuttar, hadde han ikkje faat tid aa henta den. Chauføren køyrde attende til Sande, og doktor og lensmannsbetjenten vart henta, og der vart køyrt innyver til Foss. Mannen som var saara, laag i ei veggrøft. Eit par av dei som hadde
vore med i slagsmaalet, prøvde aa stogga blodet fraa eit gapande saar i nakken. Blodelta som mannen laag i, fortalde um det frygtelege blodtap som han hadde havt. Mannen var ogso nesten ferdig. Doktoren sydde att saaret og fekk stogga blodet; og mannen vart lagd inn paa ein gard i nærleiken, der han endaa ligg. Korleis det gaar med honom er endaa ikkje sikkert. Slagsmaalet hadde vore umkring kl. 12, men doktoren vart ikkje henta før kl. 3. Grunnen til slagsmaalet er naturlegvis fylla. Der gaar rygter um at det er heimebrendt som hev vore drukke. Ein tri fire mann hadde her inne paa Foss halde ”fest” um natti, og enden vart krangel og slagsmaal der dei hadde brukt paa kvarandre. Ein av desse vart so nedstukken. Ein annan av dei vilde so springa etter doktor; men vart nekta og hindra. Venteleg fær dette eit rettsleg etterspel, og der vil daa verta uppklaara um der er drive med heimebrenning inne paa Foss. Skudalen og Foss hev lenge vore kjent for fyll og slagsmaal. Folket der er ogso av ei serskild race. Ei gamal segn fortel at mange skal vera etterkomarar etter ein spanjol som for rekande der gjennom bygda. Tjuveri er ogso ein vanleg ting der inne. Julenatt 1932 vart der soleis gjort innbrot paa ein gard der, og millom anna vart der stole ein gris som laag nedsalta i eit kar. Um haustane hev der vore stole smale paa heiane der, og gjerningsmennene skal vera nokolunde kjende. Vonleg kan politiet paa ein grundig maate reinska upp i denne rammekroken. Meldar
Teikning av Henry Imsland.
39
Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682
Før og no
Over: Årdal Verk fotografert frå Ytre Moa i 1942. Biletet kjem frå den tyske verksemda Nordag (Nordische Aluminium Aktiengesellschaft/ Nordisk aluminium aksjeselskap) som bygde ut anlegg for aluminiumsproduksjon i Årdal og andre norske bygder i krigsåra. Under: Årdal Verk fotografert av Jonny Asperheim frå same staden i 2010.