Kjelda
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Nr. 1 - Mars 2011. Ă…rgang 20
Sogn og fjordane fylkeSkommune
Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Semantisk teknologi inn i den digitale allmenningen Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har i ei årrekkje arbeidd for å gjere innhaldet vårt tilgjengeleg på Internett. Vi var tidleg ute med eigne nettsider, digitalisering av foto, arkivsaker og stadnamn og oppbygging og deltaking i portalar som arkivportalen og Europeana. Den digitale allmenningen byrjar å bli stor. Ny teknologi kan no gjere han betre. Fylkesarkivet vil bidra til dette arbeidet av to hovudgrunnar: 1. Sikre autentisiteten til opplysningane 2. Gjere det enklare for brukarane å finne fram til relevant informasjon Fylkesarkivet har i lag med gode samarbeidspartnarar fått midlar frå norsk kulturråd til prosjektet ”Semantisk samhandling i kulturformidlinga”. Prosjektet skal gjennomførast i løpet
av 2011 og er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet, Vestlandsforsking, Popsenteret, Oslo Byarkiv, KulturIT og Origo/Underskog. Teknologien som vert teken i bruk i dette prosjektet er kalla semantisk web eller web 3.0. Semantikk handlar om meining og semantisk web vil seie at datamaskiner skal ”forstå” meininga til den informasjonen som ligg på Internett. Ved hjelp av ei rekke autoriserte register blir informasjon lenka saman på ein ny måte. Eit av registra vil skal arbeide med i dette prosjektet er fotografregisteret som Preus museum og nasjonalbiblioteket har ansvar for. Fotografregisteret inneheld biografiske opplysningar om fotografar som har vore aktive i Noreg. Når vi knyter våre fotografi til det autoriserte registeret kan du bruke
Redaksjon Karianne Schmidt Vindenes (red.) Elin Østevik, Per Olav Bøyum, Kristjan Logason, Marit Anita Skrede Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Elin Østevik. Utforming: Sogne-Prent AS.
Fylkesarkivet si fototeneste som døropnar til å finne fleire bilete av ein bestemt fotograf og ulik informasjon om fotografen, til dømes ein artikkel i Wikipedia eller Kulturhistorisk leksikon. Det autoriserte fotografregisteret vil såleis fungere som eit knutepunkt som bind ulike informasjonskjelder saman. Fylkesarkivet nyttar godt av samarbeidet med andre fagmiljø i Sogn og Fjordane og arkivmiljøet i Noreg. Vi er glade for at vi med dette prosjektet er med på å opne ein ny teknologi for heile arkivmiljøet.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Karianne Schmidt Vindenes Fylkesarkivar
Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Karianne Schmidt Vindenes, tlf. 57 65 64 01, karianne.schmidt.vindenes@sfj.no Arkivarar: Kristjan Logason (foto), tlf. 57 65 64 33, kristjan.logason@sfj.no Ole Stian Hovland (fagleiar), tlf. 57 65 64 19, ole.stian.hovland@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, marit.anita.skrede@sfj.no Håvard Kastet (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, havard.kastet@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 06, kjerstin.risnes@sfj.no Cecilie Astrup Bustad (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, cecilie.astrup.bustad@sfj.no Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (EuropeanaLocal) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf. 57 82 50 17, per.olav.boyum@sfj.no Erle Hind (musikkarkivar), tlf. 57 65 64 12, erle.hind@sfj.no Arne Henjesand (registrator), tlf. 57 65 64 00 ABM-Sogn og Fjordane: Øystein Åsnes, Tlf. 57 65 64 04, oystein.asnes@sfj.no Eirik Stanghelle Morland, tlf. 57 65 64 08, eirik.stanghelle.morland@sfj.no
Personalnytt Håvard Kastet frå Jostedalen slutta 31. mars i jobben som arkivar for kommunale arkiv. Han har hatt hovudansvar for arbeidet med elektroniske arkiv.
Nettstad: www.fylkesarkiv.no FRAMSIDEBILETE: Handkolorert svart kvitt fotografi frå 1902: Hjalmar Botn og systera Lina Høynes som er komen til Bergen for å feire at broren har avlagt organisteksamen ved Musikkonservatoriet. Fotograf ukjend.
2
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Innhald • Semantisk teknologi inn i den digitale allmenningen Av Karianne Schmidt Vindenes............................................ s. 2 • 8. klasse ved Leikanger ungdomsskule vitjar Fylkesarkivet Av Reidun Sterri Fjell .......................................... s. 4 • Juletrefest på gamlemåten Av Harald Oppedal................................................................................................................................................ s. 5 • Hekta på slekta? Bruk av kommunale arkiv i slektsgransking Av Kjerstin Risnes.......................................... s. 6 • Strid mellom sokneprest og formannskap Av Cecilie Astrup Bustad ...................................................................................... s. 12 • Mottekne privatarkiv i 2010 Av Per Olav Bøyum ......................................................................................................................................... s. 13 • Dansemannen på Sogn Folkemuseum Av Erle Hind................................................................................................................................ s. 14 • I fargenes rike Av Kristjan Logason................................................................................................................................................................................ s. 16 • Objekt og motiv – Fotografiet som kjelde Av Elin Østevik............................................................................................................. s. 19 • 1814 Grunnlovsjubileet 2014 – Minnesteinar Av Hermund Kleppa........................................................................................ s. 24 • Jubileumslogoar Av Malvin Horne.................................................................................................................................................................................. s. 26 • Tilvekst til biblioteket 01.01.2011-25.02.2011 Av Randi Melvær................................................................................................ s. 27 • To kyrkjejubileum i 2010 Av Randi Melvær........................................................................................................................................................ s. 27 • Bakkevatnet – Holmedal sitt svar på Alma Ata Av Henning Rivedal.................................................................................... s. 29 • Attendemelding frå lesar Av Erle Hind................................................................................................................................................................... s. 30 • Jørgen Ryssdal Tøndefabrik Av Per Olav Bøyum.......................................................................................................................................... s. 31 • Skifjord bedehus i Hyllestad Av Hermund Kleppa....................................................................................................................................... s. 34 • 1917 – Første motorsykkelen på bygdevegane i Jostedalen Av Håvard Kastet........................................................ s. 37
3
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
8. klasse ved Leikanger ungdomsskule vitjar Fylkesarkivet
Av Reidun Sterri Fjell
Det vart ein lærerik og spanande dag elevane frå Leikanger ungdomsskule fekk då dei i februar vitja Fylkesarivet. Vi vart inviterte til å høyre om kva oppgåver arkivet har, og fekk studere mykje spanande materiell. Gamle bilete frå bygda vår vart vist på storskjerm, og elevane fekk bla gjennom mange bilete; med kvite hanskar på! Praten gjekk om korleis moten hadde endra seg - her var mange personar med finstasen på. Likeeins vekte det beundring då den sirlege skrifta kom fram. Reine kunstverket var det - i dag er det meste skrive på eit tastatur. Stor takk til Elin Østevik og Kristjan Logason! Kjerstin Risnes og Marit Anita Skrede tok oss med til sjølve arkivet. Det var ei verd vi ikkje kjende til. At gamle kister kunne innehalde skattar slik som Kjerstin fortalde om, gjorde at elevane verkeleg fekk noko å tenkje på! Her fekk elevane lese i
På lesesalen synte fotoarkivar Kristjan Logason fram gamle foto. Fotograf: Elin Østevik.
gamle protokollar, eller kanskje heller stave seg fram? Den gamle handskrifta var ikkje alltid enkel å tyde. Elevane fekk i tillegg prøve seg i kalligrafi, med blekk og penn. Det er ei stor oppgåve arkivet har
Elevane studerer gamle protokollar på ordningsrommet. Fotograf: Randi Sterri Fjell.
4
med å ta vare på gamle dokument. Vi frå ungdomsskulen er takknemlege for at vi får lære om dette. Det er viktig at kunnskapen vert vidareført, slik kan den haldast levande. Så igjen takk for ein inspirerande og lærerik dag!
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Juletrefest på gamlemåten Av Harald Oppedal
I Gravdal skule i Torskangerpoll Til festen hadde Asbjørn Våge skri- Julefest eller julepest? vart det den 14. januar halde ein ve velkomstdikt og eit dikt om jul O, jul med din glede du deilige jord. juletrefest etter gamle tradisjonar. som han sjølv framførte. Himlen er blå, det bles kaldt ifrå nord. Festen var eit ledd i arbeidet for å få Vi samlast rundt baret og trakkar og går. Gravdal skule frå 1907 har dei siste til ny aktivitet i det gamle skulehuset Og syng om ei hending frå tidlege år. åra blitt oppussa og rehabilitert for å som vi vonar skal verte ein ny arena Vi klappar i hendene, neiar og ler. tene som senter for kulturhistorie. for kulturhistorisk formidling. Og opp imot stjerna i toppen vi ser. Senteret vart åpna den 12. juni i Å snu etter annakvart vers er vel best. 2010. Her er samla ei mengd histoFor klokka har ringt inn til juletrefest. riske materiell i form av bilete, dokument og gjenstandar som på ein Velkommen til julefest Vi syng om eit barn som nyss er blitt født. god måte skildrar livet på land og Han ligg der og smiler mot mora så søtt. sjø, i ein tidsepoke frå ca. 1900 til No er endeleg dagen runnen Vi står her og ser som dei tre vise menn. Veit ikkje heilt om eg trur det mest ca.1960. Men det var jammen på tide i grunnen Om eit år så hender det same igjen. At Gravdal på ny er pynta til fest. Til festen vart lokala pynta etter gamle tradisjonar med oljelampar, Det er skrapa, mala og spikra ekte grantre pynta med norske flagg I tid så snakkar vi om fleire år og med levande lys, så ein kunne Vi måtte prøve å få huset sikra kjenne eimen frå fordums tider. Forfallet vert stort etter som åra går.
Festen vart leia av Asbjørn Våge. Hovudprogrammet bestod av gang rundt juletreet. Her vart det forutan dei tradisjonelle julesongane også sunge gamle songar som i eldre tid mykje vart nytta på juletrefestane som fiskarlag, skyttarlag, ungdomslag, losjelag og andre arrangerte. Det vart ei spesiell oppleving å vandre rundt juletreet, og i den grad ein kunne songane utanboks, feste auga på alle bilete og gjenstandar frå gamal tid. Bilete av samaldringar og foreldre som barn og ungdomar, og gjenstandar som våre foreldre, besteforeldre eller oldeforeldre har brukt i sitt daglege virke. Vi fekk høyre utdrag frå dei forskjellige lagsavisene frå 1940-50 åra, og ikkje å gløyme eit triveleg bordsete, fint pynta bord, smørbrød med det gode gamaldagse pålegget, heimelaga lefser og kringler av forskjellig slag. Ikkje rart at ein vart sitjande lengje ved borda.
Takka være ivrige hender Har mykje etter kvart teke form Ei stor takk til desse vi sender Som trassa regnvær, kulde og storm. Så no kan vi ønskje velkommen Til eit nypussa grendelagshus Likevel så trur vi nå jommen De kjenner ein eim av fortidas sus.
De ser vi har starta å samle På ting som i huset skal være Frå mykje av alt dette gamle Vil komande slekter få lære Om alt dette gamle sku’ fare Alt som fedrene etter seg let Så handlar det i grunnen bare Om at vi misser vår identitet. No må de alle på festen dykk kose Ta til dykk av mat og av ord Om ei stund vi dykk alle skal lose I kjellaren til festdekka bord.
Ja, jula er komen med mammon og fjas. Butikkane bugnar av glitter og stas. Dei fleste i jaget blir lett rivne med. Og mange kjem heimatt med plastjuletre. Vi kokar og bakar og vaskar med klor. Kor mykje av skiten som ligg frå i fjor. Og pyntar med nissar og granbar og nips. Til slutt tek vi fram både kjolar og slips. Vi pakkar ut gaver og gomlar og et. På fiken og dadlar og salta potet. Ribba er velkokt og smellfeit og fin. Vi skyljer ho ned med eit godt glas med vin. Så set vi oss ned i ein godstol ei stund. Og jammen så trur eg vi treng oss ein blund. Vi snorkar og søv i ein time og to. Det durar i stova så ingen får ro. Og snart er det kaffi med kaker attåt. Blautkaka kjem og vi skjer oss ein båt. Nysteikte lefser med gombe og smør. Vi et som vi aldri sku’ smakt dette før. Men så er det kvelden og alt er fortært. Vi meiner at no har vi endeleg lært. Til neste jul skal vi nok ta det med tål. Å stresse litt mindre vert høgaste mål. Eg må nok litt malurt i begeret helle. For sikkert det er at eg no kan fortelle. At siktar du slik vil du bomme på målet. For neste år vert det presis same gnålet!
5
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Hekta på slekta? Bruk av kommunale arkiv i slektsgransking Av Kjerstin Risnes
Er du på leit etter røtene dine du og, slik som kjendisane på tv? Har også du fått lyst til å rekkje litt i slektsveven for å finne ut meir om bakgrunnen din? Fylkesarkivet har ein del av historia di viss slekta kjem frå Sogn og Fjordane. For ei tid sidan hadde vi ein skuleklasse på vitjing. Elevane fekk m.a. sjå i gamle skuleprotokollar for å sjå kor mange person- og faktaopplysningar dei klarte å trekkje ut av ei slik side. Det var ikkje småtteri dei fann; namn på elevar, fødselsdato, når dei starta i skulen, kvar dei var fødde, budde, karakterar, kva skule dei gjekk på, skulefag etc. Ved eitt av borda var det stor glede for der vart det slektsnapp. Ein elev hadde funne ein av forfedrane sine. No kunne denne eleven leggje til ny kunnskap i slektsboka si berre ved å lese gjennom deler av ein skuleprotokoll. Ho fekk vite meir om forfaren som person og elev, men også om korleis det var å gå på skulen kring 1860. Kanskje ein liten slektsgranskar vart fødd der og då?
Bruk av kommunale arkiv Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane oppbevarer eldre og avslutta arkiv for 22 av dei 26 kommunane våre. Vi har såleis fleire tusen hyllemeter med offentlege arkiv trygt lagra i magasina våre. Fylkesarkivet og slektsgransking. Slektsgransking er ikkje vårt fagfelt, men vi stiller gjerne kjeldene våre til rådvelde for dei som vil bruke dei. Dei kommunale arkiva har tradisjonelt vore lite brukte av slektsgranskarar, men her er det mykje å finne. Frå vi vert fødde til vi døyr, set vi spor etter oss, og mange av desse spora finn vi i det kommunale 6
Fotoarkivet kan også gje nyttige slektsopplysningar. Her er brudeparet Helge Hove Stadheim og Brita Johannesdtr. Brekke avfotografert. Framme sit mor til Helge, Mari H. Stadheim (1856-), bror til Mari - Elling H. Stadheim (1863-) og Marta J. Brekke (18641947). Marta var mor til Brita. Fotograf: Norland
arkivmaterialet. Der kommunen har hatt krav om å dokumentere drifta si, der finst vi og deler av historia vår. Det kommunale arkivmaterialet kan gje ein del basisdata som fødselsår, giftarmål, barn og død til eit slektstre, men slike opplysningar er langt enklare å finne hos andre arkivinstitusjonar. Brukar du Internett, vil http://arkivverket.no/arkivverket/ Digitalarkivet vere ein god stad å byrje. Der vil du finne ”beingrinda” ved hjelp av kyrkjebøker, folketeljingar, skifteprotokollar, etc. Du vil også få god hjelp til å finne slike basisopplysningar på Statsarkivet i Bergen. Hos oss vil du kunne kle på personane dine gjennom kjelder som gjer utfyllande opplysningar om til levande menneske og levde liv i Sogn og Fjordane. Skifte av forvaltingsområde. Kva som har vore kommunalt eller statleg ansvarsområde har variert gjennom tidene, og dette vil også avspegle seg i kvar arkivmaterialet finst. Det materialet vi ikkje har
grunna slike endringar, skal vere innlevert til Statsarkivet i Bergen. Vårt kommunale arkivmateriale strekkjer seg i hovudsak frå 1837 då den folkevalde kommunen vart skipa, men vi har også noko materiale som strekkjer seg attende til 1700-talet. Kommunearkiva kan vere mangelfulle. Dei fleste arkiv er ordna i seriar som møtebøker/forhandlingsprotokollar, journalar/dagbøker, kopibøker og korrespondanse/saksarkiv. Kva seriar og kor mykje arkivmateriell den einskilde kommune har etterlete seg kan variere. Ein del har av ulike årsaker gått tapt. Men når vi veit at arkiva lenge og i stor grad vart oppbevart privat, heime hos ordføraren, skulestyreformannen osv, er det likevel imponerande kva som er blitt teke vare på og som vi i dag kan nyte godt av når vi er på leit etter slekta. Innsynsreglar. Før vi går laus på dei kommunale arkiva, må vi kort
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
nemne at det finst reglar for kva arkivmateriale vi kan gje innsyn i. Alle har i utgangspunktet innsynsrett i offentlege arkiv, men det vil likevel vere unntak. Vårt materiale inneheld mykje personopplysingar. Ein del av dette vil vere sensitive opplysningar om enkeltpersonar der teieplikta vil hindre innsyn. Teieplikta fell vanlegvis bort etter 60 år. Storparten av materialet som er eldre 60 år vil difor vere ope for alle. Nokre viktige kjelder. Den kommunale drifta og det kommunale ansvarsområdet har vakse seg stort og omfangsrikt. Det vil difor føre for langt å gå inn på heile det omfattande kommunale materialet, men vi vil trekkje fram nokre viktige kommunale kjelder som ein slektsgranskar ofte kan ha god nytte av.
Nokre gode kommunale kjelder til bruk i slektsgranskinga Formannskap og kommunestyre. Arkivet etter formannskapet går attende til skipinga av det kommunale sjølvstyret i 1837. Føremålet med dette arkivet var primært å dokumentere den kommunale drifta gjennom vedtaka som formannskapet/kommunestyret gjorde, men dette arkivet er spekka med personopplysningar. Kommunikasjonen mellom kommunen og innbyggjarane har sjølvsagt vore tovegs. Materialet viser difor når kommunen vende seg til einskildpersonar, men også det motsette. Viss du t.d. trur at onkel Hans hadde eit kommunalt verv, ja du har kanskje høyrt at han var skulestyreformann i hele 20 år, ta ein kikk i formannskapsprotokollane frå den aktuelle kommunen eller leit i møtebøker for val av kommunale ombod /verv. Ein av stadane vil du finne han om det er eit visst hald i opplysningane dine. Finn du han ikkje, så har du likevel funne ut noko. Du finn sjølvsagt også namnet på kommunestyremedlemmene i desse møtebøkene. I dei eldste møtebø-
kene vil du kunne sjå at det var ein del som skreiv under med påhalden penn. Det var nok ikkje alle dei folkevalde som var så skrivekunnige denne fyrste tida. Det var heller ikkje alle av dei folkevalde som kjende ansvaret med frammøte så tyngjande. Dei hadde kanskje andre ting dei heller skulle ha gjort. Men ugyldig fråvere var sett på som alvorleg og førte til trugsmål om bøter frå den samla møtelyden. Slike personopplysningar er ikkje så viktige, men dei gjev eit tidsbilete frå den fyrste perioden med folkevalde kommunar og dei utfordringane både dei folkevalde og lokaldemokratiet hadde. Dei mange søknadane kommunen/ formannskapet mottok, gjev ei rekkje personopplysningar. Viss du går til formannskapsprotokollane, vil du finne søkjarane med namns nemning, kva dei søkte om og kva utfallet av søknaden vart. I møtebok for Selje, 15.02.1841, kan vi til dømes lese at landhandlar Wiese har søkt kommunen om gjestgjevarløyve i Osmundsvåg. Eit anna slikt døme kan vi hente frå Stryn. I møteboka frå kommunestyremøtet 15.01.1856 kan vi lese at Anders M. Lunde ynskte å gå på amtsjordbruksskulen. Han søkte difor kommunestyret om
å gje han ei anbefaling då han skulle søkje om opptak. I dag er det karakterane som avgjer om vi får skuleplass. I 1856 kunne det kanskje vere attesten frå formannskapet/kommunestyret som avgjorde. På denne måten kan møtebøkene fortelje både om einskildpersonar og tida dei levde i. Søknadane spegla det øvste folkevalde organet sitt mynde og kunne elles handle om nedsetjing av skatt, fritak frå skatt, tilskot til skulegang eller opplæring, løyve til sal av alkohol, erstatning for skadar, søknad om lønnsauke, etc. Likning. Fram til 1964 var likninga ein del av den kommunale aktiviteten, og desse likningsarkiva vil finnast på Fylkesarkivet. I desse arkiva vil du kunne finne årlege likningslister med namn på skatteytarane, eige, inntekt og utlikna skatt. Her kan det også vere næringsoppgåver som gjev detaljopplysningar om gardseigedommar. Kommunale val. I 1896 vart det bestemt at det skulle veljast valstyre på landet. I arkivet etter valstyret kan du mellom anna finne manntal med namn og adresse på dei som hadde stemmerett. I og med at lensmannen skulle vere formann i valstyret, kan nokre av desse arkiva
Bilete av Sør-Vågsøy kommunestyre 1911-1913. Ordførar i perioden var Kr. Sunde (nr. 3 på biletet), og varaordførar var Hans Våge (nr. 4 på biletet). Fråværande var: Ole S. Kulen og Mons Gotteberg. For sistnemnde møtte varamann P.O. Midtgård. Fotograf: Ukjend
7
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
vere i lensmannsarkiva på Statsarkivet i Bergen. Skule. Skulevesenet har gått gjennom ei lang utvikling frå den fyrste forordninga om pliktig skulegang i 1739 til dagens 10-årige grunnskule. På vegen frå den 7-årige omgangskulen mot den moderne grunnskulen finn vi også ulike fortsetjingsskular som framhaldsskular og realskular. I skulestyrearkiva vil det finnast både skulehistorie og personopplysningar. Som før nemnt vil det i dei ulike protokollane vere mogeleg å finne klasselister, fråver, lengd på skuleåret, fødselsdatoar, namn på foreldre, karakterar, kva fag dei hadde, kva gard dei budde på, om det var omgangsskule eller fastskule osv. I dagbøkene som lærarane førte, kan det i merknadsfeltet liggje opplysningar som elles ville ha vorte ukjende eller vanskelege å finne. Det kan t.d. vere at eleven har flytta og kvar, at eleven er død grunna drukning eller at det store fråveret skuldast uveret som hindra elevane å kome seg til skulen. Ein slik liten kommentar som at uveret hindra elevane å møte, fortel oss noko både
om skulevegen og måten elevane tok seg fram på. Viss fråveret elles er lågt, fortel det også at det må ha vore eit fæla ver. Ein slik liten merknad kan såleis fortelje oss mykje meir enn det han tilsynelatande gjer, viss vi tek han i bruk. I ei dagbok frå ein skule i Hyllestad frå byrjinga av 2.verdskrig har læraren gjennom heile krigsperioden med jamne mellomrom fortalt ei lita ”krigshistorie”. Vi kan følgje med på krigen ute i ”verda” og sjå korleis han grip inn i kvardagslivet på skulen. Krigen og skulekvardagen går hand i hand. Læraren fortel mellom anna at tyskarane heldt til i det eine klasserommet. I same dagboka, noko seinare, kan vi finne kvardagslege faktaopplysningar frå skulekvardagen som elevoppmøte, dato for skistemne, når det skal vere skogplantingsdag på Heggebøen osv, kombinert med læraropprør og protest mot Quislingstyret. På vegne av elevane har læraren forfatta fylgjande: ” Måndag 30. mars 1942 var klassen samla. Alle var møtt fram. Læraren sa at skulen var stogga som fylgje av ein forordning av 5. februar om Norges Lærarsamband. Me fekk utlevert lærebøkene våre og
Frå hausten 1925 dreiv Balestrand kommune Balestrand 2-årige framhalds- og mellomskule, i andre høgdi i Sagatun skule. Oddmund Bøyum frå Fjærland var styrar og Eirik Skjerve frå Voss var lærar. Biletet viser avgangsklassen våren 1927 og er teke av ein fotograf på Voss, medan elevane var der for å ta munnleg eksamen. Fotograf: Ukjend
8
Skuledagbøker kan innehalde mykje informasjon både om enkeltelevar og skulekvardagen deira.
sa farvel med læraren. ” Alle elvane har skrive under. Denne dagboka fortel mykje. Ho fortel om ein skulekvardag som kvardagar flest, at skulen skulle gjennomførast så normalt som mogeleg sjølv om landet var i krig, samstundes som ho gjev eit unikt innblikk i ein skulekvardag som var heilt spesiell. Det er lett å falle i tankar om korleis både læraren og elevane kunne opplevde å ha tyske soldatar så tett inn på livet. Dagboka gjev også liv til læraren som person. Med dei tyske soldatane i naborommet brukar han dagboka til å markere synspunkta sine. Notatet han skriv på vegne av elevane, der dei skriv under, er også heilt spesielt og inga vanleg lærarhandling. Kanskje desse notatane også fortel om ein lærar som identifiserte seg så sterkt med skulen at skiljet mellom det private og skulen forsvann? Ein heilt annan type merknad kan vi finne i ein eksamensprotokoll frå skulestyrearkivet, året 1842, i ein annan kommune i fylket. Om den 13 år gamle eksamenskandidat er det notert fylgjande: ”( .. .) havde aldrig været i skole af mangel paa klæder,
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
barneflokk. Då kunne vegen til fattigvesenet vere kort om ein ikkje hadde formue eller slekt som stilte opp. Kor vidt ein var verdig eller uverdig fattig var det lovverket som styrde, og fattigstyra som til ein viss grad tolka.
Her vi ein sløydtime med læraren som førte notatar om krigen, Olav Førsund. Her ser vi seks unge gutar 'i fullt arbeid' - tre lagar krakk, to ski og ein gjer i stand ei spekefjøl. Biletet er datert til 1935-40. Fotograf: Råsberg, Bjarne
Arkiva etter fattigstyra er ei unik kjelde både med tanke både på personopplysningar og sosialhistoria vår. Dei som bad om offentleg hjelp vart nøye kartlagde, og difor vil vi i dag kunne finne eit breitt spekter opplysningar om einskildmenneske og ei gruppe som vi elles ikkje ville ha blitt kjende med.
men var underviist hjemme af sin moder.”1 I arkiva etter skulestyra kan det også vere eksamensoppgåver, mellom anna stiloppgåver. På leit etter stoff til denne artikkelen fann eg ei rekkje slike, nokre var endå til samla i eigne bøker. Slike stilar gjev eit gløtt inn i samtida til eksamenskandidaten og er på sett og vis kulturhistoriske dokument. Med andre ord, skulestyrearkiva er fylte med opplysningar og forteljingar både om einskildmenneska, kvardagsmenneska og tilhøva dei levde under. Sosial omsorg. Dei fattige og hjelpetrengjande har alltid funnest, men kven som har hjelpt dei, kva hjelp dei har fått og synet på dei fattige har variert gjennom tidene. Det offentlege fattigvesenet har gått ein lang veg frå den spede byrjinga frå midten av 1700-talet til dagens velferdsstat med eit velutbygt helsevesen, universelle trygderettar og differensierte sosiale hjelpetiltak. Frå 1845 overtok kommunane ansvaret for fattighjelpa frå stifta. Det skulle ofte lite til å hamne i kategorien fattig i ei tid der sikkerheitsnettet var svært grovmaska og familien i stor grad utgjorde fyrstelinetenesta. Det kunne vere nok at familieforsytaren døydde og kona sat att med ein stor
Denne vesle sida som omhandlar for budsjett for fattigstyret i Breim året 1894, gjev mykje informasjon om dei fattige og fattigstellet i Breim.
9
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
I desse arkiva finn vi lister med namna på dei understøtta, hjelpebehova deira, kvifor dei trong hjelp, kva hjelp dei har fått, storleik på støtte, kven dei var utsette til, kor stor betaling dei som tok hand om den fattige fekk, osv. Vidare vil det også kome fram korleis det lokale fattigstellet var organisert, kven som var med i fattigstyret, kven som var tilsynsmenn, sosialt syn, korleis dei hjelpetrengjande vart behandla og dei fattige sitt syn på det å vere hjelpemottakar. Heimstadsforklaringane kan gje ei rekkje samla opplysningar om ein person. Enkelt sagt var heimstadskommunen det fattigdistriktet ein person kunne ha rett på fattighjelp. Ordninga er svært gamal, men reglane for kor lenge ein måtte ha budd på ein plass før ein opparbeidde seg denne retten, har variert gjennom tidene. Kommunane var svært lite interesserte i å betale for andre enn sine eigne, og framande som søkte ein kommune om fattighjelp, måtte difor fylle ut eit skjema som kartla kvar dei kunne ha sin heimstavn. Slik vart deler av livshistoria deira nedteikna som dømet nedanfor viser. Nett dette dømet har vi henta frå Statsarkivet i Bergen,
men elles vil vi finne slike heimstadsforklaringar i sak/korrespondansearkivet til fattigstyret og stundom i eigne protokollar. Mads Rognaldsen Stavang har forklaret, at han er født den 31te August 1842 paa Gaarden Vie i Førde Præstegjeld af Forældre Gaardmand Rognald Olsen Vie og Hustru Helene, der begge ere døde. Konfirmeret 15 Aar gl. i Svanø Kirke af Præsten Irgens. Da han var 12 Aar gl. forlod han sine Forældre og kom i Tjeneste hos Anders Endresen Stavang i Kins Præstegj., hos hvem han var omtr. 12 Aar. Reiste derpaa til Grimelids Grube i Askevolds Præstegj., hvor han arbeidede i 2 Aar. Under sit Ophold der indtraadte han i Ægteskab med Enken Anne Andersdatter Stavang og med henne have han 6 Bøm. Fra Grimelid reiste han med Familie til Ingenieur Bruuns Grube paa Lindøen, hvor han arbeidede i 3 Aar; saa arbeidede han ved Øierhavns Grube i Strandebarms Præstegj. i omtr. 5 a 6 Aar indtil han i Juli Maaned 1876 reiste tid Glasværket paa Flesland i Fane Præstegj., hvor han han arbeidede og boede i uafbrudt 3 Aar, hvoretter han Sommeren 1879 reiste til Bergen og fikk Beskjeftigelse ved Byens Arbeide, medens hans Kone og Bøm vedblev at bo paa Flesland til Aarets Udgang, da de ogsaa flyttede til Bergen og tog Bopæl sammen med Komparenten i Arbeidsmand Nilsens (nu
Folk som flakka rundt var lite populære hos dei lokale fattigstyra. Det er ikkje uvanleg å finne slik slike åtvaringar i sak/korrespondansearkiva etter fattigstyra.
10
Stiglers) Hus ved Mulelven til Paaske 1880, hvorefter hans Kone og Børn flyttede tilbage til Flesland og boede der hos Ole Hansen 1/2 Aar i hvilken Tid Mads fremdeles var i Bergen og boede paa flere forskjellige Steder sammesteds. Høsten s.A. flyttede Familien sammen igjen til Farver Hansens Hus i Solheimsvigen, hvor de boede 1/2 Aar. Der efter flyttede de tilbage til Bergen og boede i Toldrorskarl Høilands Hus 22 Rode no 44 i 2 Aar, saa hos Peder Bødtker 22 Rode No 162, hvor de fremdeles bor. Konen Serenne Olsen og hendes datter Caroline, der paa samme Tid som Angj. Boede i Nilsens Hus ved Mulelven, har begge bevidnet Rigtigheden af foranstaaende Forklaring med Hensyn til den Tid omhandlede Familie boede der, Anne Olsen og Anne Nilsen ligesaa, hvad angaar den Tid han boede i Høilands Hus og Peder Bødtkers Kone ligeledes med Hensyn til den Tid Angj. Har boet hos de, Bergen Politikammer den 5 Juni 1883 I C ….2
Jordmora. Når dagens nye borgarar kjem til verda, vert dei straks registrerte. Alt i 1810 vart landet delt inn i jordmordistrikt og kvart distrikt skulle tilsetje ei kyndig jordmor. Jordmødrene var mellom dei fyrste kommunale tilsette3, og dei førte dagbøker, ofte kalla jordmorsprotokollar, som omhandla den fødande og fødselen. Her kan du finne dato for fødsel, namnet på mor, alderen hennar, om ho var gift eller ugift, kjønnet på den nyfødde, korleis fødselen hadde gått føre seg, fødsel i rekkja for den fødande, osv. Jordmora hadde ikkje avleveringsplikt, så det er ikkje alle kommunar som har avlevert desse dagbøkene til oss, men dei er gode kjelder for ein slektsgranskar. Slike protokollar kan også vere avleverte til Statsarkivet i Bergen. I tillegg personopplysningane som du kan finne, gjev dagbøkene også innblikk i korleis det var å vere fødande før moderne hjelpemiddel og utstyr gjorde sitt inntog i fødselsomsorga.
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Dersom materialet er ope for bruk, kan du kome på lesesalen vår, men hugs å ta kontakt med oss på førehand. Vi kan elles ta papirkopiar og sende til deg eller vi kan sende deg materialet digitalt. Velkomen til å ta i bruk dei kommunale arkiva våre som digital eller ordinær brukar. Vi legg til rettes, og du gjer jobben med sjølve slektsgranskinga. Lukke til ! Sandal, Per. 1991:154 http://www.arkivverket.no/ arkivverket/Arkivverket/Bergen/ Kilder-og-arkiv/ Hjemstavnforklaringer 3 Distriktsjordmødrene vart lønna gjennom eit spleiselag mellom staten, amtet og kommunen. 1 2
Eit barn er fødd. Vi ser jordmor Karen Kjørkleiv Egeland til venstre, saman med Marta Kvikne, Per Kvikne og Kari Kvikne. Karen var jordmor i Balestrand frå 1930 til ca. 1970. Biletet er teke på Kvikne`s Hotel. Fotograf: Ukjend
Krig og krise. Både under 1. og 2. verdskrigen vart det oppretta særskilde kommunale organ. Provianteringsråda frå 1.verdskrigen og forsyningsnemndene frå 2.verdskrigen er gode kjelder om deler av folk sitt daglegliv i form av varemangel, restriksjonar, forsyning og regulering. På personnivå vil det også vere opplysningar å hente, t.d. teljingslister frå provianteringsråda. Frå 1916 skulle det gjennom teljingar lagast oversikt over kor mykje poteter, korn og mjøl ein hadde i landet. Denne teljinga galdt mellom anna alle gardsbruk over 10 mål dyrka mark. Det kan også finnast husstandskort som gjev opplysningar om kor stor husstanden var, namn, adresse, fødselsår, stilling i husstanden og yrke frå 1.verdskrig. Arkivet etter forsyningsnemndene kan vere svært omfattande. Også i denne perioden var det ei rekkje teljingar, t.d. arealteljingar. Det vart også gjort rasjonaliseringsteljingar for å få oversikt over hushalda i den einskilde kommunen.
Kommunale arkiv på Internett http://www.fylkesarkiv.no/offentlegarkiv
Viss du brukar Internett, kan du enkelt og greitt finne ut kva kommunale arkiv vi har gjennom å lese arkivkatalogane våre. Vi har elles laga saksregister for formannskapsprotokollar/møtebøker for 16 kommunar i fylket, for perioden 1837 til om lag 1910-30. Under fana ”Møtebøker” vil du raskt kunne finne ut kva saker formannskapet/ kommunestyret i den aktuelle kommunen handsama i denne tidsperioden. I tillegg har vi digitalisert ei rekkje av desse møteprotokollane. Dei er lenka saman med saksregisteret, og slik kan du sitje heime og lese dei aktuelle sakene. Målet er at vi skal klare å digitalisere alle møtebøkene for formannskap/kommunestyre fram til 1964 i løpet av 2011, men i fyrste rekkje vert dei utan saksregister.
Kjelder og litteratur: Uprenta: • Skulestyret i Hyllestad. Skuledagbok, Heggebø/Leirvik skule 1930-1951 • Fattigstyret i Flora. Sak/korrespondanse. 1877 – 1933. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. • Møtebokregisteret http://www.fylkesarkiv.no/side/m%C3%B8tebokregisteret lese 25.02.2011 • http://www.arkivverket.no/ arkivverket/Arkivverket/Bergen/ Kilder-og-arkiv/ Hjemstavnforklaringer lese 12.01.2011 • http://www.byarkivet.oslo. kommune.no/ lese 28.02.2011 Prenta: • Mykland, Liv og Kjell Olav Masdalen. 1987. Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommunene. Universitetsforlaget. Oslo • Sandal, Per. 1991. På leit etter slekta. Det Norske Samlaget. Oslo
Du kan ta kontakt per telefon, brev eller e-post om du finn eit arkiv, eller ei konkret sak du ynskjer innsyn i. 11
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Strid mellom sokneprest og formannskap
Av Cecilie Astrup Bustad
I fjor sommar vart eg sittande å lese i formannskapsprotokollane til Jølster kommune i samband med ein førespurnad. Der kom eg tilfeldigvis over fleire innføringar om usemje mellom soknepresten og formannskapet. Denne varte ved i fleire år, og det utvikla seg etter kvart til ein kvass strid med ein amper tone. Saka fanga interessa mi, og når det viste seg at soknepresten var min eigen tippoldefar, så vart ikkje interessa mindre.
Bakgrunn Christian Astrup kom til Jølster frå Bremanger i februar 1883, og tok til i stillinga som sokneprest. Han og familien flytta inn på prestegarden i Ålhus, men sjølv om det var ein relativt stor gard med gode inntekter, vart det utfordrande å få endane til å møtast. Frakt til og frå garden var tungvint og kostbart, og gjorde at garden ikkje kasta så mykje av seg som storleiken skulle tilseie. På garden var det fleire bygningar, men ulike tilsynsrapportar vitnar om dårleg vedlikehald og for det meste rotne hus. Også hovudbygningen vart omtala som alt for liten, roten og upraktisk, og det skal ha vore direkte helseskadeleg å bu der. Soknepresten mista tre born i løpet av ei veke, og dei dårlege tilhøva på garden vart rekna som ein direkte årsak til dødsfalla, både av distriktslegen og presten sjølv. Kommunen var rett nok pliktig å skaffe bustad til presten, men det var prestane sjølve som måtte stå for vedlikehaldet, og garden kasta ikkje nok av seg til at dette kunne prioriterast. Etter innføringa av ei ny lønningslov i 1897 meinte Christian Astrup at inntektene hans vart endå mindre, og han kom etter kvart i konflikt med formannskapet.
Stridens kjerne Det var den nye lova for løninga av geistlege embetsmenn og kyrkjesongarar av 14. juli 1897 striden sto om, og korleis denne ville endre løna til soknepresten. Tidlegare vart løna fastsett utifrå ulike kjelder, til dømes tienda, drift og avkastning av prestegarden, 12
Christian Astrup. Sokneprest i Jølster frå 1883 til 1917.
avgifter frå jordegods som høyrte til embetet, og inntekta frå kyrkjelege handlingar. I den nye lova vart det no bestemt at sokneprestane i landdistrikta skulle over på fast løn frå staten. Den første referansen til saka er frå 12. april 1898. I oktober året før hadde ordføraren bedt soknepresten om å sende inn ein oversikt over soknet sine
såkalla lause inntekter for dei siste ti åra, for at desse skulle kunne brukast som grunnlag for å rekne ut den nye løna. Dette hadde soknepresten endå ikkje gjort, og saka vart utsett. 31. juli 1899 er det referert til forhandlingar mellom soknepresten, heradstyret, kyrkjesongaren for Ålhus og kommissær og stortingsmann Vinje. Forhandlingane dreier seg om gjennom-
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
føringa av lova, og her vert inntektene til både kyrkjesongaren og soknepresten lista opp. Det er tydeleg at inntektene av garden skulle reknast ut i frå fastsette prisar på korn og andre varer, og i striden inngår også usemje om desse prisane. Når det gjeld prisen som skal setjast på kornet er prisskilnaden på heile 10 % hos dei to partane. Og det var formannskapet sitt prisanslag som vart ståande.
Tonen hardnar til To år seinare kjem det fram at soknepresten igjen har klaga på fastsetjinga av inntektene, denne gongen i utlikninga av smøroffer, ungdomsoffer, tiende og husmannspengar. Saka er oppe på fleire formannskapsmøte i løpet av 1901, og det endar med at formannskapet avslår klaga i oktober. Krangelen held likevel fram, og på eit formannskapsmøte i desember er innføringa av lova, og innhaldet i denne, oppe på nytt. Sidan førre møte har soknepresten lagt fram si framstilling av saka for Departementet, som i sin tur har sendt brev til formannskapet til støtte for han, utan å innhente opplysningar frå formannskapet først. Denne framgangsmåten vekkjer oppsikt hos formannskapet, samstundes som dei meiner at soknepresten må ha framstilt saka heilt feil i og med at han har klart å få medhald. Formannskapet meiner at soknepresten ivrar for ei delvis innføring av lova, medan soknepresten hevdar at det er formannskapet som ynskjer dette. Begge partar synest å meine at ei delvis gjennomføring vil vere økonomisk fordelaktig for den andre parten, og begge refererer til ein samtale mellom ordføraren og soknepresten i 1900. I følgje notisen i formannskapsprotokollen skal soknepresten hevde at ordføraren har gått inn for ei slik delvis innføring i denne samtalen. Ordføraren på si side nektar for dette då han uansett ikkje kan gje slike lovnader på vegne av formannskapet. Han skjønar difor ikkje kvifor soknepresten i det heile meiner at denne samtalen er relevant for saka, anna enn at det er eit “plumt Forsøg paa at velte Skylden for Feilene og Forviklingerne over paa mig, skjøndt de er hans eget Værk”. I fleire møte vert det referert til brev frå soknepresten, men ingen av desse er bevarte. Difor er det vanskeleg å få ei heilskapleg framstilling av hendingsforløpet.
At saka vart svært betent kjem klart fram, og både referata og ordlyden i vedtaka til formannskapet vitnar om stor usemje og ein nedlatande tone i meiningsutvekslingane.
Striden toppar seg Striden kulminerer i 1904, og formannskapet vel å behandle saka for lukka dører. Det vert referert frå eit brev frå soknepresten, der han skriv at han har valt å gå til det steg å engasjere advokat frå Bergen. Han ynskjer å få ordføraren og tidlegare involverte medlemer av formannskapet tiltalte for bedrageri! Dette brevet, samt sokneprestens tidlegare omtale av medlemmene av formannskapet, finn formannskapet så ærekrenkande og injurierande at dei legg det til grunn for å gå til motsøksmål. Dessverre står det ikkje meir i protokollane om kor vidt det gjekk så langt at det vart rettssak, men det er klart at strida haldt fram. I september 1913 er det nok ein gong referert til usemje om kornprisen, og igjen er det snakk om ein skilnad på 10 %. Og nett som i 1899 var det prisanslaget til formannskapet som vart ståande.
Avslutning Etter 1913 er det ingen fleire innføringar i formannskapsprotokollen vedkomande denne saka. Saksarkivet til soknepresten er oppbevart ved Statsarkivet i Bergen, men heller ikkje her finst det opplysningar om utfallet av strida. Søksmålet i 1904 er ikkje nemnt med eit ord, og løna hans er berre omtala i to brev, utan referanse til strida. Christian Astrup haldt fram som sokneprest i Jølster til 1917, og døydde i 1920.
Litteratur: • Loge, Øystein. Gartneren under regnbuen. Nikolai Astrup, Oslo 1986, 3. opplag 1990 • Jølster kommune, Nikolai Astrup, 1880-1928, hefte, Jølster 1970 Uprenta kjelder: • Jølster kommune. Formannskapet. Møtebok 1869-1911 • Jølster kommune. Formannskapet. Møtebok 1911-1916 • 2 brev frå saksarkivet til soknepresten i Jølster, oppbevart ved Statsarkivet i Bergen
Mottekne privatarkiv i 2010 Av Per Olav Bøyum
Fylkesarkivet mottok fylgjande privatarkiv i 2010: - Leikanger Pensjonistlag - Solund Kommunale Forening - Sorenskrivar Stehen - Askvoll fealslag - Ask & Co landhandel - Stongfjord Bondekvinnelag - Leirvåg Fråhaldslag - Heradsagronomlaget i Sogn og Fjordane - Hole, Ragna - Florø Ungdomsklubb, NKUF - Grøvlen, Oddvar Peter - Sogn og Fjordane Sau og Geitalslag - Lægreid, Jan - Wittersø, Astrid - Rumohr, Aletta - Norsk Kommuneforbund, hovudtillitsvald i fylkeskommunen - Sunnfjord Søndagsskulekrins - Nordfjord Søndagsskulekrins - Sogn Søndagsskulekrins - Sogn og Fjordane Søndagsskulekrins - Vågene, Gjertrud - Sogn og Fjordane Ungdomslag - Norsk Kommuneforbund, avd. Førde - Sogn Folkeakademi - Norges Korforbund Sogn og Fjordane - Måløybrua A/S - Lavik Sparebank - Skipenes, gnr. 10 - Varpe, gnr. 18 - Nesse, Hans - Norsk Kommuneforbund, avd. Eid - Sogn og Fjordane Kommunerevisorforening
13
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Dansemannen på Sogn Folkemuseum Torsdag 20. januar var det tid for tilskipinga “Dansedokka og langeleiken” på Sogn Folkemuseum/ De Heibergske Samlinger. Tema for tilskipinga var dansemannen på Sogn Folkemuseum. Elisabeth Kværne og Stian Roland frå Valdresmusea kom til Sogn for å syne fram langeleikspel, folkesong og springardans. Langeleikspelaren Elisabeth Kværne, som til dagleg leiar folkemusikkarkivet ved Valdres Folkemuseum, forklarar historia til dansemannen på museet slik: I 2008 arbeidde ho med å kartleggje dansedokker i Noreg. Valdresmusea leitte etter ein langeleik frå Sogn. Dei oppdaga at det fanst ein langeleik med tilhøyrande dansedokke på Sogn Folkemuseum/De Heibergske Samlinger. Dokka og langeleiken var blant dei fyrste gjenstandane som kom til De Heibergske Samlinger i 1905. Truleg har dei band til Valdres. Ein
Stian Roland syner fram ei fele for tilskodarane på Sogn Folkemuseum. Foto: Erle Hind
14
Av Erle Hind
veit at dansedokka og langeleiken vart kjøpt frå hotelleigar Knut Hegg i Borgund. I følgje registreringa til Heiberg hadde dokka høyrt til Marta Anfinnsdotter Turtnæs i Brøyn i Borgund. Elisabeth Kværne fann at dansemannen på De Heibergske Samlinger er heilt unik, sidan det elles finst att berre ei dansedokke og ein dansehest i heile landet. Dansedokker vart nytta av langeleikspelarar som ville skape litt ekstra underhaldning når dei spelte: dei knytte ein tråd mellom handa si og dokka, slik at dokka dansa i takt med musikken. Dei som møtte fram på Sogn Folkemuseum 20. januar, fekk ei framsyning i spel, kveding og dans. Elisabeth Kværne fortalte om ferdselsvegen mellom aust og vest. Filefjellvegen var ein viktig ferdaveg mellom Sogn og Valdres. Frå gamalt av har den vore sjølve hovudferdselsåren mellom aust og vest. Mellom Lærdal og Vang er det berre om lag ni mil. Elisabeth Kværne hadde med seg valdrisen Stian Roland til Sogn Folkemuseum. Han er blant dei fremste kvedarane og folkedansarane i landet. I 2005 vann han Landskappleiken i dans saman med Gina Ingeborg Hagen og Tone Voldhaug. I dag er Roland tilsett på Valdresmusea saman med Elisabeth Kværne. Han bur i Valdres, men han slektar frå Øvstedalen i Norane i Sogn. Han er nemleg halvt sogning, og slik sett er han eit prakteksemplar på samhandling mellom aust og vest! Tilskipinga på Sogn Folkemuseum gav tilskodarane ny kunnskap om dei kulturelle banda og tradisjons-
Elisabeth Kværne speler langeleik. Foto: Erle Hind.
vandringa mellom Indre Sogn og Valdres. Stian Roland og Elisabeth Kværne fortalde om tradisjonsbanda mellom aust og vest. Dei greidde ut om repertoar og felespel i Øvre Valdres og Indre Sogn, og om korleis spelemenn har ført tradisjonane vidare frå ein stad til ein annan. Dansedokka har vore oppbevart i Sogn Folkemuseum sine magasin sidan minst 1905 (ein vil tru enda lengre). Dokka er ein av dei eldste gjenstandane på folkemuseet. Det er grunn til å tru at dansemannen på Sogn Folkemuseum er laga i Vang i Valdres rundt år 1835. I følgje Elisabeth Kværne er Berit på Pynten (1812-1899) den viktigaste kjelda til kunnskap om dokkedans i Valdres på 1800-talet. Kværne fortalte at Berit på Pynten, eller Berit Tørrisdotter Pynten, som er heile namnet hennar, var den mest
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
berømte langeleikspelaren gjennom tidene. Berit på Pynten sine tre dansedokker er i dag på Ringve Museum. Ragna Brenno Frydenberg (1906-2006) er òg ein annan kjent langeleikspelar. Ein av langeleikane hennar vart gitt i gåve til Ringve Museum. I tillegg til at Elisabeth Kværne og Stian Roland kunne by på ein kveld med kveding, dans og spel, fekk dei som møtte fram også sjå bilete av ei dansegeit frå Kirgisistan. Dette syner at dansedokka på Sogn Folkemuseum har likskapar med liknande tradisjonar i andre land. Dokkedans til langeleikspel er noko ein har hatt tradisjon for i mange år, både nasjonalt og internasjonalt. Dei frammøtte fekk òg sjå videoopptak av folkedans, som var gjort av Egil Bakka på syttitalet. Videoopptaka syner mellom anna ein springar frå Årdal. Saman ga Roland og Kværne tilskodarane ei framsyning i langeleik, springardans og kveding. Dansemannen frå Borgund fekk sjå dagens lys og danse att, etter å ha vore gøymd i magasina på museet sidan 1905. Valdrisane Roland og Kværne dansa ein Valdresspringar
Dansedokke. Foto: Vera deBruyn/Ringve Museum, Trondheim.
for dei frammøtte. Alt i alt fekk tilskodarane ein kveld som gav ny kunnskap om dei kulturelle banda mellom Indre Sogn og Valdres.
Kjelder: • Kværne, Elisabeth (2010). “Dansemannen på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum” i Årbok for Sogn 2010. Kaupanger: De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. • www.folkemusikkijostedal.no • www.folkemusikklaget.no
Langeleik. Foto: Vera deBruyn/Ringve Museum, Trondheim.
15
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
I fargenes rike Av Kristjan Logason
Så tidlig som 1801 hadde Thomas Young foreslått at det menneskelige øyet inneholdt tre typer fargesensorer eller kjegler, hver og en følsom for en del av det hvite lysspekteret. Ved å stimulere disse sensorene proporsjonalt kunne hvilken som helst farge oppfattes.
Helt siden de første dagene av fotografi, i begynnelsen av 1800tallet, søkte dens utøvere måter å lage bilder som gjenga fargene av verden rundt dem. Noen tok til håndfarging av daguerreotypi1, et system gjort kjent til verden i 1839, mens andre søkte etter å opprette direkte fargebilder ved å
finne den rette kombinasjonen av kjemikalier for å danne farger med eksponering.
Retusjering Fotografisk retusjering ble brukt til å rette opp resultatene av ufullstendig spektral sensitivitet og dårlig teknisk manipulasjon eller "forbedre" det generelle utseendet av et foto. Fargelegging er knyttet til retusjering, men var bare et estetisk program. Kalotypi2 ble rutinemessig retusjert med blekk, akvarell, og grafitt, særlig gjalt dette bilder der himmelen var framtredende. Selv om det var sjeldnere, kunne daguerreotypier bli retusjerte med pigmenter som likna på bildets lyse partier til å myke rynker. Kollodium3 landskapsnegativer viser ofte tegn på at himmelen ble retusiert med vannløselige ugjennomsiktige eller tynne ark av
Kanutte Olsdatter Helset og Tore Torsen frå Tronstad. Han flytta til Leivdalen, tok namnet Lefdal, og var gardbrukar på bruket som seinare er kalla Toregarden. Dei hadde tre born: Marie (f. 1887 g. Helset), Olav (f. 1888), og Toralf (f. 1891). Toralf vart heitande Lefdal, men Olav endra namnet sitt til Leivdal.
16
Ola Marius Holmøy saman med kona Helga f. Lund, og dei fire borna: Lars, Hans, Jon, og Ingeborg. Ola var styrar på Holmøy Arbeidsskule frå 1884 til 1913.
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
1
Daguerreotypi Daguerre en fransk oppfinner fant opp den første praktisk gjennomførbare fotografiske proscess i 1936 - 37: Daguerreotypi. Den gav et direkte positivbilde på en sølvovertrukket metallplate. Prosessen ble offentliggjort i 1839 og vakte furore. Hvert bilede var unikt etter som sluttbildet var på same metalpladen som ble eksponert i kameraet. 2
Calotype/Kalotypi Kalotypi ble funnet opp av engelskmannen Henry Fox Talbot som var en pioner innen fotografifaget. Hans egen metode for lysmåling var ikke god nok for portrettfotografi sjelv om bedre og mere lysfølsome linser ble oppfunnet. Han gjorde prøver på å bedre sin egen oppfinnelse med bruk av sølvnitrat, som Daguerre, men på papir. Papiret ble eksponert vått. Navnet Calotype kommer frå det greske ordet kalos som oversetts til vakker. 3
Familien i Holmøyane rundt 1870.
Anna Olsen, truleg fødd i Bergen. Familien kom frå Bergen, då dottera kjøpte ein gard i Lia, Handalen i 1902. Anna og mannen hennar Ivar budde hjå dottera på sine eldre dagar. Dei har mange etterkomarar i Leirvik.
Ivar Olsen. Han kom frå Bergen og var gift med Anna Olsen. Dottera deira kjøpte ein gard i Lia, Handalen. Foreldra budde truleg hjå henne på sine eldre dagar. Der finst mange etterkomarar etter dei i Leirvik.
Collodion/Kollodium Året 1848 fant Fredrick Scott Archer som var engelsk bildehogger en metode før å bedre Kalotypiprosessen. Archer hadde oppdaget, at en klebrig væske, ved navn collodion, som stammer fra et gresk ord for å feste seg, utgjorde et godt bindemiddel. Kollodium er cellulosenitrat (skyddebomull) oppløst i blanding av eter og alkohol. Glass ble sensitert med blandning av jodkalium og kollodium og etterpå sølv nitrat og senere etter eksponering i kamera ble bildet framkallet i pyrogalic syre. Glassplatene var skjøre men metoden gjorde at eksponeringstiden ble halvert og derfor ble kameraene mer brukbare i studio til portretfotografering.
17
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
århundret, var spesielt mottakelig for angrep fra velmenende, men hardhendte retusjerere. Den grunnleggende metoden ble oppfunnet på slutten av 1850-tallet og fortsatte til langt fram til våre dager.
Hjellen (Jeljen) var husmansplass. Under Kjøs. Brukar Rasmus Loen. Mannen på låvebrua er Mattis Kjøs (f.1840).
brunt, gult, svart eller hvitt papir som ble farget svart og limt til glasssiden av negativene. Kunsten ved fotografisk retusje-
Portrett av Jens Andersson Åfet (18271918) og Brita Ivarsdotter Berdal (18311914). Dei gifte seg i 1852 og fekk sju born: Kristi (f.1853), Anders (f.1855), Anna (f.1858), Brita (f.1860), Bjørond (f.1863), Guro (f.1865) og Ivar (f.1868). Anna og Ivar utvandra til USA. Anders, Brita, Bjørond og Guro vart i Feios. Kristi gifte seg Njøs. 18
ring, var fullt realisert med portrettnegativer av kollodiumtype. Den generelt ikke-aktiniske fargingen av menneskelig hud resulterte i “tynne” eller bleke områder på negativene. Fregner, kviser, rynker, og generelt mørke eller rødlig hud synes mange nyanser mørkere i den ferdige kopi. Nesten alle portrettnegativer tatt i det 19. århundret viser tegn til at retusjering ble brukt til å vise det endelige bildet som normalt. Selv om det ikke var mulig på en skjør kollodiumplate, kan tettheten faktisk reduseres gradvis på gelatinplatene ved å kontrollert skrape med en skarp skalpell eller ved å bruke abrasivepulver. Retusjering av kopier ble gjennomført med et bredt spekter av verktøy og fargetyper gjennom hele det 19. århundre. Akvarell, tusj, grafitt, kull, pasteller, og i fra midten av 1880-tallet airbrush, ble alle anvendt til et bredt spekter av fotografiske kopier. Fargstift (crayon), laget fra slutten av 1850-årene til slutten av
Johannes Storøy (1882-1959) og Josefine Røren Storøy (1877-1959). Dei fekk fire born, tre jenter og ein gut. Dei dreiv eit småbruk med tre kyr og hadde fiskebåten 'Løva' saman med to andre eigarar.
Portrett av Magnus Sørvik. Biletet er teke i England under krigen.
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Objekt og motiv – Fotografiet som kjelde
Av Elin Østevik
Med utgangspunkt i ei lita samling foto som utvandraren Johan K. Vatlestad frå Sogndal sende heim til syster si Sunneva tar denne artikkelen for seg fotografiet som kjelde for kulturhistorisk forsking.
Fotografiet som kjelde Med boka 80 millioner bilder sette Jonas Ekeberg og Harald Østgaard Lund i 2008 fokus på fotografiet som kjelde til kunnskap. Ekeberg og Lund skriv eksplisitt i innleiinga si at boka har ein brodd både mot den tradisjonelle historieforskinga som berre ser motivet og ikkje sjølve det objektet som fotografiet er, og mot den tradisjonelle kunsthistoria som berre ser den estetiske verdien til det fotografiske objektet og dermed neglisjerer bileta sin opphavlege brukskontekst. I staden for desse to, på kvar sine vis, mangelfulle måtane å forstå fotografiet oppfordrar Ekeberg og
2: ”Hved-haugen min, du ser jeg har hved for vinteren”, ca 1920-1930. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1997023.0010)
Lund til å studere kulturhistorisk fotografi ut frå ein fotohistorisk metode som omfattar to trinn: 1) Nærstudium av det fotografiske objektet og den samanhengen det opphavleg vart brukt i; og 2) Ei analytisk, estetisk og assosiativ tilnærming som inneber at ein drøftar dei bevisste og ubevisste kulturelle prosessane som kan identifiserast på fotografiet si overflate og/eller innafor fotografiet sitt virkeområde. Den metodiske tilnærminga som Ekeberg og Lund frontar er altså materielt og kontekstuelt forankra. Av den grunn har dei i boka si lagt vekt på å studere originalpositivar (dvs. originale papirbilete) og fotografiske seriar. Det er originalfotografia som ber vitne om bileta si brukshistorie – det er her vi finn påskrifter, brettar, innråming med meir. Negativ og kopiar på reprofilm er mangelfulle kunnskapskjelder i så måte.
1: Brudeparet Johan og Hilda Vatlestad foreviga i høve giftarmålet i 1910. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1997023.0001)
Det serielle ved fotografiet er vektlagt fordi fotografi som oftast blir
produsert som seriar, skriv dei to, og fordi fotografiet heilt frå starten av har blitt nytta til å fortelje med: Det enkelte fotografiet er såleis ofte ein del av ein større heilskap; eit element i ein narrativ (forteljande) struktur. I serien er det mogleg å avdekkje estetiske mønster og oppdage den fotografiske strategien som ligg bak produksjonen av bileta, hevdar Ekeberg og Lund (2008). Det serielle er også viktig å vere merksam på når ein ser på bileta sin seinare brukskontekst – for eksempel kan ordninga av familiefotografi i album skape ein kontekst som bind saman enkeltfotografia i ei biografisk forteljing (Lien 2009). La oss med utgangspunkt i Ekeberg og Lund sin fotohistoriske metode sjå på ei fotosamling frå Fylkesarkivet sin fotobase. Samlinga SFFf-1997023 omfattar 14 foto som utvandrar Johan Knutson Vatlestad sende heim til syster si Sunneva over ein 20-års periode. Fotografia har ein seriell karakter motivmessig og er reprodu19
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Hilda som har teke sjølve. Desse fotografia er frå 1920-talet og har alle motiv frå Johan og Hilda sin ”farm” i det nye landet.
3: ”Huset vi lever in”, ca. 1920-1930. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1997023.0011)
sert digitalt på basis av originale papirbilete.
Om Johan i arkivet Johan Knutson Vatlestad vart fødd 21.12.1881 i Sogndal som den nest yngste av fire søsken. Foreldra hans var Knut Samsonson Vatlestad og Brita Jondotter; husmenn på Vatlestad i Sogndal. Før Johan som 22-åring utvandra til USA i 1903 og med det forlèt foreldra og dei tre søskena Brita (f. 1888), Skakk (f. 1879) og Sunneva (f. 1877), jobba han i følgje folketeljingsdata som tenestegut og jordbruksarbeidar på garden Barsnes i Sogndal.
landet. Samlingsomtalen fortel oss også at viktig kontekstinformasjon i form av Johan sine eigne tekstar til bileta er bevarte som sitat knytt til det enkelte biletet i fotobasen.
”Huset vi lever in” – fotografia frå Johan til Sunneva Det fyrste biletet (1) som vi har bevart frå tida etter at Johan utvandra er eit portrett frå 1910 i høve giftarmålet med Hilda (jentenamn ukjend). Dei to poserer alvorstynga i fotografen sitt studio ståande mellom to stolar i mørkt treverk. Seinare bilete som Johan har sendt heim til Sunneva er amatørfotografi som det truleg stort sett er han og
Og kva er det ekteparet har fotografert? Jo, her er bilete av hus, gardsbygningar og buskap. Både bilete og tekst rettar fokus mot dei materielle goda husmannssonen Johan har opparbeidd seg i det nye landet. Til dømes har Johan fotografert ein stor haug ved på tunet, og på baksida av biletet har han skrive ”Hved-haugen min, du ser jeg har hved for vinteren”(2). Johan har også fotografert låven på farmen sin, og har spesielt vore oppteken av å få synt fram siloane sine til systera i heimlandet. På fotografiet av låven har han skrive ”Her ser de barnebygningen og de to silos” på baksida, medan han på biletflaten har merka inn dei to siloane ved å skrive ”silo” på tvers av dei (7). Biletet av gardshuset har ganske enkelt fått påskrifta ”Huset vi lever in” (3). Både Johan og Hilda er også med på bileta – ofte i samband med framvisning av tilhøva på farmen i USA. Johan er for eksempel fotografert saman med både hestane og grisane på garden, og ute i maisåkeren i lag med Hilda sin nevø (5, 10, 14, 12).
Om fotosamlinga etter Johan er det i Fylkesarkivet sine basar registrert følgjande: Samlingi har eigaren overteke etter oldemor si, Sunneva Knutsdtr. Orrestad (f. Vatlestad 1877). Mange av tekstane til bileta i utvalet er (etter Orrestad sitt ynskje) siterte frå baksida av bileti. Samlingi er bilete som Johan (John) Knutson Vatlestad fram igjennom åri har sendt heim til søsteri si, Sunneva Orrestad. Den korte samlingsomtalen gir oss viktig informasjon om bileta sin opphavlege brukskontekst. Bileta har som vi forstår blitt sende frå Johan i USA til eldstesystera i heim20
4: ”Jeg, Hulda og Trich”, ca. 1920. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1997023.0004)
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
5: ”John skal du og pløie”, ca. 1920. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1997023.0005)
Amerikabrev og Amerikabilete
6: ”Hilda og en liden gut”, ca. 1920-1930. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1997023.0012)
Gjennomgangen av Vatlestad-bileta syner verdien av å sjå på fotografiet som eit materielt objekt der biletflaten og eventuelle påskrifter med meir utgjer ein heilskap. Den kontekstinformasjonen som samlingsomtalen gir er dessutan også svært verdifull for lesinga av bileta. Ein sentral del av den opphavlege brukskonteksten manglar likevel: Truleg har ikkje Johan berre sendt fotografi heim til Sunneva; han har nok også sendt brev. Om desse breva er bevarte hjå Sunneva sine etterkomarar veit vi ikkje, men i arkivet er i alle fall forbindelsen mellom brev og bilete broten.
I sin studie av ”Amerikabilete” har Sigrid Lien (2009) nettopp retta fokus mot det faktum at sjølv om Amerikabrev som utvandra nordmenn sende heim til Noreg ofte inneheldt fotografi eller uttrykte inderlege ønske om å få tilsendt fotografi, så har fotografia hovudsakleg blitt oversett i utvandrarforskinga. At forbindelsen mellom brev og bilete ofte vert broten i arkiva sin innsamlings- og ordningssystematikk og/eller seinare oversett av forskarane, fører til at meiningspotensialet til både brev og bilete vert redusert i følgje Lien (2009). Som Lien har vist kommuniserer ”Amerikabileta” visuelt det som vanskeleg lar seg uttrykke skriftleg. Brev og bilete utgjer ein kommunikativ heilskap der tekst og bilete låner meining frå kvarandre.
Det arkiverte og digitaliserte fotografiet – motiv i flyt? I ein artikkel om digitalisering av fotografi poengterer Hege Oulie (2010) at den digitale biletfilta som er sluttproduktet av digitaliseringsprosessen lett vert redusert til ein formidlar berre av motivet. I overgangen frå eit papirbilete som ein kan ta og føle på til ei ikkje-materiell fil er det ein reell fare for at samanhengen mellom fotografiet og
Hilda og Johan hadde også fleire hundar som er med på bileta, og som også er omtala med namn: Rover, Trick/Trich og Treksi (4, 9, 11, 12). I tekst og bilete vert hundane inkluderte i familiefellesskapet (Østevik 2010). Gjennom sin fotografiske praksis dokumenterer og formidlar Johan og Hilda det nye livet dei har klart å opparbeide seg i USA. Med sitt fokus på dei materielle goda på ”farmen” formidlar fotografia (dvs. biletflaten og tekstane på baksida) også den endra sosiale statusen til ekteparet. Frå å vera gardsarbeidar og husmannsson har Johan klart å etablera seg som sjølveigande ”farmer”.
7: ”Her ser de barnebygingen og de to silos”, ca 1920-1930. Fotograf: Ukjend. (SFFf1997023.0013) 21
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
8:”Hilda og hønsene. John er fotografist”, ca. 1925-1930. Fotograf: Johan Vatlestad. (SFFf1997023.0003) 11: ”John og Treksi”, ca. 1925-1930. Fotograf: Ukjend (SFFf-1997023.0009)
brukshistoria går tapt. ”Difor er berre ein praksis som mogleggjer bevaringa av eit fotografi som eit objekt så vel som historia det formidlar, på best mogleg vis, ønskeleg”, skriv Oulie (2010:118, mi omsetjing).
9: ”John og Elling me står og holder Hunden i ver sin framfot Trick er hunden Navn”, ca. 1925-1930. Fotograf: Ukjend (SFFf-1997023.0007)
10: ”John og min søster søn dem vatner hestene”, ca. 1925-1930. Fotograf: Ukjend. (SFFf1997023.0008)
22
I praksis tyder dette at ein i digitaliseringsprosessen bevarer det som er unikt for det einskilde fotografiet – for eksempel retusjering, påskrifter, stempel og andre merker, montering og innråming (Oulie 2010). Dermed kan det vere at eit enkelt bilete, som til dømes bilete av Johan, Elling og Trick på gardstunet i USA (9), bør vere attgjeven av meir enn ei fil – ei for framsida/biletflaten og ei for baksida der Johan sin eigen biletkommentar er påført. Men i tilegg til gode digitale reproduksjonar treng ein også gode katalogdata som dokumenterer fotografiet sine materielle kvalitetar og opphavlege brukskontekst. Som vi såg tidlegare var det eigaren av Vatlestad-samlinga, skuleeleven Gunnar Orrestad, som på innsamlingstidspunktet i 1996 insisterte på at påskriftene på baksida av fotografia også burde bevarast. Det faktum at dette er nemnt spesifikt i sam-
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
altså, som mange bevaringsinstitusjonar i Noreg, ei motivfokusert bevaringsverksemd der fotografiet sitt innhald – motivet – utgjer grunnlaget både for vurderingar av kva fotografi som er bevaringsverdige og for korleis dei innsamla bileta seinare vert handsama og formidla. I vår bevaringspraksis kan vi dermed seiast å – anten det er målmedvite eller ikkje – bidra til å skape og opp
gåve som bevaringsinstitusjon, vonar eg å ha vist, bør ikkje berre vere å bevare og formidle motivet, men også å bevare og dokumentere fotografiet sin doble karakter som motiv og objekt. Berre med ei slik tilnærming til fotografiet kan vi klare å ta vare på både historia til fotografiet og kulturen som har produsert det – og dermed også fotografiet sitt potensiale som kulturhistorisk kjeldemateriale.
12: ”John og Rover og min søsters søn ude i maisåker”, ca.1925-1930. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1997023.0014)
lingsomtalen gjer det tydeleg at det ikkje har vore vanleg praksis på Fylkesarkivet å ta vare på kontekstinformasjon av denne typen verken i form av å digitalisere påskrifter som ikkje er gjort på sjølve biletflaten eller sitere desse påskriftene i kataloginnføringane. Samlingsomtalen som eg i denne artikkelen har sitert og nytta meg av i lesinga av Vatlestad-bileta er enn vidare ikkje offentleg publisert på Internett. For brukaren er det enkeltbilete og tilhøyrande motivinformasjon som er tilgjengeleg. Fylkesarkivet driv
14: ”John og grisene”, ca. 1930. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1997023.0002)
retthalde ei snever forståing av fotografiet som eit nær sagt immaterielt ”vindauge til verda”. Men vår opp-
Kjelder Fotosamlinga SFFf-1997023 Litteratur: • Ekeberg, Jonas og Harald Østgaard Lund (red) (2008), 80 millioner bilder. Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005, Forlaget Press: Oslo • Lien, Sigrid (2009), Lengselens bilder: Fotografiet i norsk utvandringshistorie, Scandinavian Academic press: Oslo • Oulie, Hege (2010), ”Screen Culture: Analogue photography in the digital era”, i Petra Trnková (ed) Oudadate Pix: Revealing a Photographic Archive, Artefactum: Prague • Østevik, Elin (2010), “Hunden – frå nyttedyr til familiemedlem”, Kjelda 1(31-34)
13: ”Vi havde frenede en søndag vi siter ude på gangen”, ca. 1930. Fotograf: Ukjend. (SFFf-1997023.0006)
23
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
MINNESMERKET
1814 Grunnlovsjubileum 2014 – Minnesteinar
Av Hermund Kleppa
1814. Merkeår i Noregssoga med mange avsnitt: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, Grunnlova 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss og union med Sverige. – Hundre år etter, i 1914, feira landet grunnlovsjubileum. Mange stader reiste dei minnesteinar.
Sjølvstendig land Grunnlova i 1814 var eit viktig steg mot fullt sjølvstende i 1905. Lokalt kom tvillaust unionsoppløysinga med Sverige best til syne 13. august 1905 då det norske folket røysta ja eller nei til 7. juni-vedtaket, at unionen var oppløyst. Knapt nokon gong har kyrkjesøkinga vore større og kyrkjene meir nasjonalt pynta.
1914 - Grunnlova 100 år Året 1914 vart det store jubileums-
Postkort laga til grunnlovsjubileet 1914. Teiknaren har henta element frå vikingtida: bautasteinen og skjoldmøya.
året; for 1814, for grunnlova og 17. mai, eidsvollsmennene, soldatane og kanonbåtane. 1914 vart året å sjå attende, på hundre framgangsrike år, på full attvinning av norsk sjølvstende og eige norsk kongedømme.
Posten gav ut sitt første særfrimerke i høve grunnlovsjubileet i 1914. Motivet er Oscar Wergelands bilete ”Eidsvold 1814” som er plassert i plenumssalen i Stortinget. Oscar Wergeland var brorson til eidsvollsmannen Nicolai Wergeland. Dei slekta frå garden Verkland i Gulen. 24
Minnesteinar Grunnlovsjubileet blei feira med mange og ulike markeringar: Mellom anna nasjonal næringsutstilling i hovudstaden, noregssoge i tre bind, særfrimerke og reising av minnesmerke. I Sogn og Fjordane kjem det siste, å reisa minnesteinar, tydeleg til syne i lokalavisene. Gong på gong står det om minnesteinar og bautasteinar; - i lesarbrev, bladstyrar-innlegg, og ikkje minst i fleire stykke signert av kraftpatrioten og soldaten framfor nokon, oberst Henrik Angell, fødd i Luster. Angell hadde til dømes eit stykke i Sogns Tidende, 30.1.1914, der han viser til at det alt var reist minnesteinar i Lærdal, Årdal og på Voss. Angell hadde framfor alt sut for soldatane i ufredsåra 1807-1814, og mana folk til å ta fatt: ”Tyngre tak hev ingen teke fyr Norig enn hine som fraus og svalt i dei lange ufredsåri – anten dei laag på grensa eller paa festningar eller
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
MINNESMERKET
1905-postkort, med datoane 7. juni og 13. august.
Oppmoding i Nordre Bergenhus Folkeblad, Florø, om å reisa bautasteinar (minnesteinar) i høve hundreårsjubileet for Grunnlova i 1914.
maatte manna kanonbaatar og skansar. Det var dei som skreiv den 17. mai inn i soga. Skulle det ikkje vera noko for ungdomslaga å tenkja på? Enno er det tid, og stein er der nok av. Det spørst berre om tiltak, vilje og hjartelag. (...) Hogg so inn i stei-
nen anten namni paa hine fedrelandsforsvararar eller so berre dette: Steinen er reist til minne um dei stridsmenn fraa (...) som skreiv 17. mai med sitt blod – eller noko liknande. Men skriv paa norsk!”
Periode på fleire år Nitten i fylket Og 1814-minnesmerke kom opp i hopetal. Me har opplysningar om 23, - 19 i fylket og 4 som har tilknytning til Sogn og Fjordane andre stader. Nordfjord har 2, Sunnfjord 5, Sogn 11. Minnesmerka i Sogn er, bortsett frå eitt (Holck-minnesmerket i Alværa i Høyanger), å finna i den indre del av fjorden; Sogndal 3, Årdal, Luster og Lærdal 2 kvar og Vik 1.
Fire utanom fylket
1814-minnestein på Hafslo, attmed kyrkja. Steinen vart reist av Hafslo ungdomslag i 1914. På steinen står innhogge 20 namn på soldatar som miste livet i krigshandlingar i åra 1807-1814. Fotograf: Hermund Kleppa, 1995
for Nordre Bergenhus Amt, og d) ei støtte på Ringerike til minne om Gamle Svarten, kaptein Jûrgens, den vidgjetne sjefen for Lærdalske lette infanterikompagni.
Dei fire 1814-minnesmerka utanom fylket er: a) ein minnestein ved Korskyrkja i Bergen til minne om slaget ved Alvøen 16. mai 1809 (to av dei falne var frå Sogn), b) ein i Østfold til minne om slaget ved Berby hausten 1808 (fleire frå Sogn og Fjordane var med), c) ei minneplate i muren på Borgund kyrkje i Ålesund til minne om Eidsvollmannen Niels Nielsen, representant
1814-minnesmerka vart reiste i perioden 1902-1914 med unnatak av Alvøen-minnesmerket som vart avduka 16. mai 1893. Dei fleste blei reiste i jubileumsåret, 1914.
Wergeland-stein på Verkland I Gulen har dei ein minnestein som høyrer med til Grunnlovsjubileet 2014, men som ikkje vart reist i høve hundreårsjubileet i 1914. Det er Wergeland-støtta på garden Verkland. Brekke Ungdomslag reiste steinen i 1975. ”Henrik Wergeland har fått bauta på ættargarden Verkland i Brekke” stod det i aviskunngjeringa om avdukingshøgtida, 11. juli 1975.
25
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Jubileet i Florø i 1960 og i 2010 Av Malvin Horne
Jubileumsåret er slutt. Det har vore eit stort år, med mange gode markeringar. Eit år som har sett byen på kartet på mange måtar. Det har vore mange som har bidrege til at byen kunne feire seg sjølv som ein verdig 150 åring. Den stolte historia til byen har blitt fortalt. Aldri har så mange meter med informasjon blitt laga. Vi kan kort nemne nettsidene til jubileet
Jubileumslogo 1960.
Jubileumslogo 2010.
26
og jubileumsfaldar. Hornearkivet, Firdaposten, Bjarte Sindre og Trond Strømgren har gitt ut bøker. A til Å har laga nostalgisk fargefilm frå 1964 til jubileet. Dessutan har Firdaposten og A til Å i samarbeid laga fleire aviser omkring jubileet, i samarbeid med jubileumskomiteen. Ein kan trygt seie at det aldri har vore laga meir stoff omkring eit byjubileum enn i år. Å lage byjubileum er eit fellesprosjekt, der mange har bidrege. Dei som hugsar jubileet i 1960 kan fortelje mykje om feiringa den gongen. Om nokre år seier folk ”hugsar du 150 års jubileet?” I 1960 laga Thor Johannessen den første jubileumslogoen til Florø. Det hadde seg slik, fortel Johannessen, at han var heime på semesterferie frå medisinstudiet i Austerrike i 1959. Då trefte han den tidlegare teiknelærar sin, Marianne Sætre i Strandgata. Marianne fortel Thor at ho er engasjert i arbeidet for jubileumskomiteen, for å få laga eit jubileumsemblem. Komiteen hadde fått inn mange forslag, men var ikkje fornøgd. Kunne du Thor kome med eit forslag? spurte Marianne. Thor laga forslag, og nettopp det emblemet vart godkjend, og brukt i 1960. Det er artig at no 50 år etter er dette også er eit moderne uttrykk. Moderne for si tid. Trond Sagen i A til Å har hatt som si oppgåve å utvikle profil for 150-års jubileet. Under byjubileet i år helste Thor og Trond på kvarandre. Det vart mimring over jubileumslogo i 1960 og 2010. Thor Johannessen hadde i samband med byjubileet
Thor Johannessen (høgre) og Trond Sagen utanfor barndomsheimen til Thor i Strandgata 32.
eigen utstilling på hotellet for å vise bilde og grafiske trykk. Litt kjekt for Thor, som er Florøgut, å kome heim å lage til utstilling i sin eigen barndoms by. Thor er son til trykkar Anders Nikolai Johannessen og vaks opp i Strandgata 32 i Florø. I dag er Thor pensjonist frå legeyrket. Thor har jobba mange år som sjukehuslege og øyrekirurg i Tromsø, Rikshospitalet og Sentralsjukehuset i Tønsberg i tillegg til eit amerikansk sjukehus i Midtausten.
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Tilvekst til biblioteket 01.01.2011-25.02.2011 Av Randi Melvær Dette er ei liste over dei lokalhistoriske bøkene og skriftene vi har fått inn til samlinga vår dei første vekene i 2011. Kyrkjehistorie: • Engevik, Reidar: Husøy kyrkje 100 år – 1896-1996. Husøy sokneråd 1996. 68 s. • Solund kyrkje 150 år; skriftnemnd: Bjørn Magne Hansen, Magne Hamre, Finn Jonny Hugøy og Hans Steinsund. Solund sogelag 2010. 342 s. • Hornindal kyrkje 125 år: 18561981; utgjeve av Hornindal sokneråd 1981. 78 s. Utvandring og turisme • Sogn Review: The fjord heritage club newsletter, 1998• Sæbø, Arne Inge: Hopstock hotell – frå gjestgivarstad til hotell. 57 s. Musikk • Vadheim musikklag 100 år 4. november 2010. 215 s.
To kyrkjejubileum i 2010
Av Randi Melvær
I fjor var Solund kyrkje 150 år og Jostedal kyrkje 350 år. I høve jubilea blei det gitt ut bøker for begge dei to kyrkjene. Det er to svært forskjellige kyrkjer og to forskjellige bøker. Kvar på sin måte er dette flotte lokalhistoriske bøker. Boka om Solund rettar seg mot lokalmarknaden og kyrkjelyden medan boka om Jostedal kyrkje i tillegg rettar seg mot norsk-amerikanarar og utanlandske turistar.
Solund kyrkje 150 år I 2010 fylte Solund kyrkje 150 år. Dette blei m.a. feira med ei flott og innhaldsrik bok om kyrkja som Solund sogelag har gitt ut. Boka er ei ekstra stor bok på heile 341 sider. Ho inneheld solide lokalhistoriske artiklar om kyrkja og kyrkjesoknet. Her er forteljinga om kyrkjelivet før kyrkja vart bygd og om prosessen med å få finansiert og bygd kyrkja. Kyrkjevegen som vart kortare med
den nye kyrkja på plass har og fått sin artikkel. Det har også kyrkjegarden fått. Møteboka til soknerådet er emne for ein heil artikkel. Nabogarden til kyrkja spela ei spesiell rolle for kyrkjefolket og har fått sin plass i boka. Dei kyrkjelege merkedagane i livet, som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd, har fått romsleg med plass. Her er mykje godt fotomateriale nytta. Dei har teke med den spesielle skikken med å gå kring altaret med dåpsbarnet og om at denne skikken kan hende kjem frå Sogndal. Prestane frå 1887 til i dag har og fått sitt kapittel. Her finn vi artig minnestoff frå nokre av dei. Ein av prestane fann ein kreativ måte å omgå forbodet mot å bruka dei nynorske salmane skrivne av Elias Blix i 1906. Han heldt gudstenesta i pres-
Landbruk • Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag: årsmelding 2010. 42 s. Geografi og historie • Ferdslevegar i fjella mellom Norddalsfjord, Hyen og Eikefjord; Norddalsfjord grendalag. 56 s. • På kjøl mellom kystperler i NordSolund : kulturhistorisk vegvisar for øyhopparar. Solund sogelag 2006. 47 s. • Solund sogeskrift fleire nummer: nr. 2006, 2007, 2008, 2009 og 2010. Solund sogelag. • Sogeskrift for Naustdal 2010. Naustdal sogelag. 63 s. • Ljøren: sogeskrift for Gloppen nummer 2009 og 2010; Gloppen sogelag. • Flora-minne: Flora historielag årsskrift 2009; skriftstyre Bjørn • Fjellheim, Anders J. Moen, John Aarønes og Harald J. Stavang. 72 s.
Solund kyrkje i 1910. Rundt kyrkja ser vi eit steingjerde. Midt på kyrkjetaket er det ei pipe. Bak kyrkja ligg prestebustaden med to piper. (Fotograf: ukjend)
27
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
telåven i staden for i kyrkja. På låven var det ikkje noko forbod mot bruk av desse salmane. Vi finn og ei forteljing frå andre verdskrigen då presten førte inn dei som rømte til England i kyrkjeboka som bortkomne på havet. Dette for å villeia okkupasjonsmakta og for å hindra at familiane skulle bli utsette for represaliar. Når krigen var over, førte presten inn dei verkelege hendingane for å retta opp att kyrkjeboka. Boka har med alle dei konfirmantbileta dei har greidd å få tak i, frå 1918 til 2011. Desse er med å gjere boka til ei allemannseige i Solund. Bileta er og viktig kjeldemateriale. Dei har og med nokre 50-årskonfirmantar.
Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år Her har Skald forlag og Jostedal sokneråd laga ei skikkeleg praktbok i tillegg til at boka er god og fagleg grundig lokalhistorie. Kvart kapittel har og samandrag på engelsk, slik at det kan bli ei minnebok for norskamerikanarar og for utanlandske turistar som kjem att for å vitja bygda der forfedrane kom frå. Boka tek føre seg ikkje berre kyrkja si soge, men og dalen og folket. I denne boka finn vi ein god del forteljingar og segner. Noko som er naturleg sidan kyrkja er så gamal. Vi finn segner om Jostedalsrypa og om mystisk flytting av kyrkjetømmeret til staden der det hadde stått ei kyrkje før. Dette siste skal ha hendt midt på natta. Då dei starta å grava ut tufta, trefte dei på ei kyrkjeklokke. Difor meiner ein at den eldste kyrkja skal ha stått på same staden som ”den nye kyrkja”, den 350 år gamle kyrkja, står. Etter svartedauden høyrte Jostedalen til andre kyrkjesokn, sjølv om dei hadde ei gamal kyrkje frå før sotta. Vegen til kyrkje kunne bli lang og strabasiøs for jostedølane. Då dei bygde kyrkje på 1600-talet brukte dei noko av den gamle stavkyrkja, viser det seg. 28
Presten var flink til å organisera bygginga, så arbeidet gjekk fort unna. Eit kapittel i boka tek føre seg utbetringar og påbyggingar. Det fortel om vind frå fonner – ras som øydela kyrkjetårnet i 1682. Dette vart bygd opp att. Jostedølane fekk lov til å utbetra den gamle kyrkja i staden for å bygga ny på slutten av 1800-talet. Det kan vi jo vera glade for i dag. Inventaret i kyrkja har fått ein lang og rikt illustrert artikkel. Her finn vi mange nydelege måla og utskorne detaljar frå kyrkjerommet i tillegg til foto av kyrkjeskipet, koret og inventar som preikestol og døypefont. Eit kapittel tek føre seg kyrkjelege tenester og aktivitetar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Det tek og føre seg kristeleg organisasjonsliv og aktiviteten kring misjonsforeiningar. Eit kapitel tek føre seg alle prestane. ”Det ringaste prestekallet i landet”: fattig bygd gav dårlege levekår for
presten. ”Præstekallet kand regnes for det allerbesværligste og ringeste udi Riiget, baade i henseende den farlige Iisbred, saa og til Præstens Indkomster, som icke skal beløbe sig til meere end 70 Rixdaler Aarligen”, skreiv stiftsamtmann Jonas Lym i 1743. Presten måtte spe på inntekta med gardsdrift, som var vanleg, i tillegg til det kyrkjelyden betalte. Men bygda fekk og tilskot utanfrå for å løna presten. Med dette fekk kyrkjelyden og presten ei felles interesse i å svartmåla situasjonen. Kjelder: • Solund kyrkje 150 år. Utgjevar Solund sogelag 2010. 342 s. Skriftnemnd: Bjørn Magne Hansen, Magne Hamre, Finn Jonny Hugøy og Hans H. Steinsund. • Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Utgjevar Jostedal sokneråd/Skald forlag 2010. 235 s. Skriftnemnd: Kåre Øvregard, Asbjørg Ormberg og Oddmund Løkensgard Hoel.
Jostedal kyrkje i 1949. Biletet er frå arkivet etter Per Tang. (Fotograf: ukjend, P. Tang?)
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Bakkevatnet - Holmedal sitt svar på Alma Ata
Av Henning Rivedal
Skøyteløparen Henning Rivedal på plass på Bakkevatnet med Ballangrud-skøytene på plass rundt halsen, den nye treningsdrakta til Holmedal idrettslag med kvit overdel og blå bukse og ”beksaumarane” med reim på føtene. Foto: Håkon Rivedal.
Då Sovjetunionen vinteren 1953 kom og sløkte sigersglansen frå den Olympiske elden i Oslo etter triumfen i 1952, gjekk Noreg inn i ei mørk idrettstid. Hjallis vart nærast tvinga til å gjere comeback i 1954, men sjølv magien til den gamle meister kunne ikkje hindre syndefloda frå aust i å feie oss av bana. Frå Alma Ata, ei skøytebane på eit fjerntliggjande asiatisk høgland i Sovjetunionen, no Kazakstan, kom skøytetider signert Boris Sjilkov, Oleg Gontsjarenko, Evgenij Grisjin og Dimitri Sakunenko som fekk det til å gå kaldt ned etter ryggen på oss. Hjallis og Sverre Haugli var rundt 30 og Odd Lundberg 37 i 1954. Roald Aas var for svak på 10 000 meter til å hamle opp med kommunistspøkelset. Framtida
såg ut som ein mørk skoddebanke, den kalde krigen, kommunistredsla i USA, atombombeprøvene i Stillehavet og rustningskappløpet med den store og mektige Sovjetunionen forsura livet generelt og idretten spesielt. Gamle forståsegpåarar spådde magre tider og at Noreg aldri meir ville greie å ta attende vinterhegemoniet; vi som to år tidlegare hadde skrytt av at: ”Vi viste verden vinterveien”. Så kom Knut ”Kuppern” Johannesen og gav eit ørlite håp likevel. Eit anna trumfkort som heldt seg var 16,32,6. Verdsrekorden til Hjallis på Hamar i 1952, greidde ikkje sovjetrussarane å knekke same kor mykje dei gjekk i Alma Ata. I Holmedal hadde me forresten vårt eige Alma Ata. Det var Bakkevatnet som låg undasolt, det vil seie i skuggen
bak høgdedraget mellom Holmedal og Rivedal langs Dalsfjorden. Når kulden som regel sette inn i romjula, var det 3 til 4 grader kaldare ved Bakkevatnet enn ved fjorden. Etter tre dagar med rundt 5 kuldegrader, drog me på speidartokt og kasta steinar ut på isen for å teste han. Så snart isen bar, var det utpå med hesjetråd i rett radiuslengde med spikar i enden og streke opp svingar og langsider. I Askvoll hadde dei Kyllaren og på Atløyna hadde dei Atløynipa der det vart gått på skøyter. På Kyllaren var ferskvatnet iblanda sjø, så isen der var litt trå. Atløynipa hadde fri flyt av havluft, og var såleis ikkje ein stad der isen vart liggjande til evig tid. Nei, det var Bakkevatnet som vart vårt Alma Ata. Når romjulskulden var slutt rett over nyttår, og snø og mildvêr sette inn, vart det ein beinhard kamp mot naturkreftene. Vi følgde med isen si utvikling kvar dag. Når snøen kom var det full mobilisering med snømåking. Slik kunne vi halde i allfall ei bane open. Vi trente mykje start og 100 meter for å få til gode startlangsider. Resultata kom og stoppeklokka stogga etter kvart på tider rundt 11,2 og 11,3. Det var gode utgangspunkt for 500 metertider som tok til å krype ned på 47 og 48 sekundar. Me las i lokalaviser og høyrde tider frå skøytemetropolane i Fresvik, Sogndal og Veitastrond der namn som Oskar Hilleren, Johan Johannnesen, Inge Øyri og Hans Dahl Hov figurerte. Dei gjekk på tider som var både 3 og 4 sekundar kvassare enn våre på 500 meter. I Dale litt lenger inne i Dalsfjorden var det også faretruande gode skøyteløparar. Til jul i 1961 hadde eg fått 100 kroner av bestefar min som tykte eg hadde vore så flink å hjelpe til i slåtten det året. Så la eg til 20 kroner ekstra, og då kunne eg gå til Størdalen, handelsmannen som hadde vore krinsmeister på 100 meter i friidrett. Han skaffa alt innan sportsutstyr og eg tinga eit par Ballangrud skoskøyter som me kalla det. Dei gamle langlauparskøytene som eg hadde arva etter onkelen min, og 29
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
som han hadde skrudd fast til eit par fotballstøvlar der han hadde demontert knottane, kunne dermed hengast på veggen. Ballangrud skøytene gav ein eventyrleg gli og eit fråspark som kjendest ut som du flaug. Far min vart derimot ikkje så glad då han oppdaga kva sonen hadde brukt sparepengane til, men så var det Sunnfjordmeisterskap på skøyter på Vassenden i Jølster seinare på vinteren. Då sonen kom heim med eit stort tinnfat som bevis på at han var Sunnfjordmeister på skøyter, framfor eit publikum så stort at dei måtte jagast opp på vegen fordi isen fekk overvatn, stilna kritikken. Vi prøvde å gå litt oppreist slik som Viktor Kositskin, sovjetrussaren som kjempa mot Kuppern i Squaw Valley. I 1963 kom skøyterevolusjonen samtidig med ein utstyrsrevolusjon der dei gamle ullstillongsane var skifta ut med nylon. I 1966 hadde eg forlate Alma Ata i Holmedal for å gå på Eik offentlege lærarskule på Lofts-Eik i Tønsberg. Eg budde i Horten og trente i Lystlunden for Horten Skøiteklubb. Det var krinsmeisterskap i Larvik med Roald Grønvold og Bjørn Tveter i favorittsjiktet. Sprintaren Rivedal hadde trent bra og vart nr. 3 på 500 meter. Nr. 1 Roald Grønvold 42,5, nr. 2 Bjørn Tveter 42,7 og nr.3 Henning Rivedal 44,2. Der tok skøytekarrieren slutt, for neste år bar det i marinen til idrettsutdanning der. Seinare når eg som sportsreportar innan skøytesport i NRK møtte skepsis fordi austlendingar hadde vanskeleg for å forstå at ein slik vestlending visste fram og bak på eit par Ballangrud skøyter, var det lett å vise til den offisielle resultatlista frå KM på skøyter for Vestfold på Larvik stadion i 1966. Eg våga meg endå til i ein del diskusjonar å spå at den dagen norsk skøytesport måtte ligge med broten rygg, ville den trassige og djupt forankra skøyteinteressa på Vestlandet bringe ny og sårt tiltrengt næring inn i idretten. Eg hadde ikkje då våga å tru at eg skulle få så rett i den spådommen.
Henning Rivedal på veg mot Sunnfjordmeisterskapen i 1962, vestre sving på Vassenden. Foto: Håkon Rivedal.
Attendemelding frå lesar Av Erle Hind
Etter at tingarane fekk førre utgåva av Kjelda i posten, fekk Fylkesarkivet attendemelding på ein tekst skrive om spelemannen og slåttekomponisten Jeremias Henden. Siri Jordal, som leiar dokumentasjonsavdelinga på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, kontakta Fylkesarkivet og fortalte at ho kunne bidra med meir stoff om Henden. I følgje Jordal var Jeremias Henden initiativtakar til tilskipinga av Odda Musikklag. Laget vart skipa i 1907, under industrireisinga i Odda. Til 75-årsjubileumskonserten i 1982 engasjerte musikklaget i Odda Helge Hurum til å lage eit verk i 3 satsar for korpset med den besetninga dei hadde då. "Eventus" blei framførd 20. mars 1982. Sulitjelmagaloppen, som er skrive av Jeremias Henden, inngjekk i sats 3. Siri Jordal la òg ved nokre utvalde scanna sider frå 75-årsjubileumsskriftet til Odda Musikklag. I tillegg kunne ho òg syne fram det eldste kjende fotoet av musikklaget.
Odda Musikklag. Foto: Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.
30
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Jørgen Ryssdal Tøndefabrik Av Per Olav Bøyum
I uminnelege tider har tønner vorte nytta til oppbevaring og transport av mat- og drikkevarer. Produksjonen blømde i periodar med rikt sildefiske, og i Sogn og Fjordane gav det ei kjærkome inntekt til mang ein bøkkar - handverkaren som laga tønnene. Frå kring 1900 skjedde mykje av tilverkinga i fabrikkar. Ein av dei var Jørgen Ryssdal Tøndefabrik på Sandane i Gloppen. Kunsten å setje saman trestavar til runde kjerald er eldgamal. Teknikken vert gjerne skilt frå lagging, som er framstilling av bøtter og liknande kar ved hjelp av rette stavar. Bøkkarane var organiserte i laug, med monopol til å drive pro-
duksjon og sal av varene sine. Her i landet gav ei forordning frå 1753 bøndene lov til å produsere og selje tønner.
rane ikkje var i stand til å lage nok tønner. Det vart difor utvikla reiskapar som auka produksjonen monaleg.
Til sildetønner vart det helst brukt stavar av furu. Hassel vart føretrekt som emne for band, men pil vart òg nytta ein del. Seinare tok jarnbanda over. På den tekniske sida representerte innføringa av sirkelsaga i 1860åra ei nyvinning. Frå då av kunne ujamne tre og trevyrke med kvist nyttast i tønneproduksjonen.
Tønnene kom i ulike storleikar: åttring, fjerding, halvtønne og tønne. Frå gamalt av varierte volumet, avhengig av geografi og kva type vare som vart lagra. Styresmaktene freista etterkvart å standardisere storleiken på tønnene. Ei fisketønne skulle såleis romme om lag 115 liter. I ei tønne med stampa sild gjekk det omtrent 520 fiskar.
Den maskinelle produksjonen av tønner har sitt opphav i USA. Aukande oljeproduksjon i andre halvdel av 1800-talet kravde ein så stor tilgang på emballasje at bøkka-
Mange bønder hadde bøkringa som ei attåtnæring i dei periodane anna gardsarbeid låg i dvale. Arbeidet var dessutan konjunkturbestemt. Den
Jørgen Ryssdal si bu på Sandane i 1920-åra. Han kjøpte bua hjå Gloppen og Breim Handelsforening. Bygningen fekk tilført ein ekstra etasje i 1917. I gluggen i andre og tredje etasje står det menn med tønner. Fotograf: Ukjend.
31
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Brevhovudet til Jørgen Ryssdal Tøndefabrikk.
viktigaste einskildfaktoren var sildefisket, som tidvis skapte ein svær etterspurnad etter emballasje.
Bøkkertradisjonen i Sogn og Fjordane Det er vanskeleg å vurdere kor viktig tønneproduksjonen samla sett var for fylket. Tek ein utgangspunkt i folketeljingane frå 1865 til 1910, ser det ut til at det var langt færre bøkkarar i Sogn og Fjordane enn i nabofylka på Vestlandet. Desse kjeldene har sjølvsagt sine fallgruver, men kan nok uansett gje ein indikator på aktiviteten. Utover 1900-talet vart likevel tønneproduksjon ei viktig næring her i fylket. I Sogn og Fjordane peikte Gaular seg ut som eit hovudområde for tønneproduksjon. Bygda hadde lange
tradisjonar for handverk, og på 1860-talet skal det årleg ha blitt produsert 20 000 tønner i Gaular. Det var det blømande sildefisket i 1850og 60-åra som skapte den hektiske tønneproduksjonen. Mest på kvar gard oppover Gaulardalføret var det bøkkarar i arbeid. Og etterspurnaden var stor: i nordre distrikt, ved kysten av Sogn og Fjordane, vart det til dømes i 1859 fiska 350 000 tønner vårsild. Men silda var ein svikefull ven, og i 1870 var det slutt på det rike vårsildfisket på vestlandskysten. Etter kvart tok havområda kring Island over som eit viktig fangstområde. I 1881 førte norske båtar 167 000 tønner salta sild heim til Noreg. Det norske sildefisket på Island varte i nær 100 år, og gav impulsar til tønneproduksjon, både i Gaular og andre kommunar i Sogn og Fjordane.
Jørgen Ryssdal Tøndefabrik Jørgen Larsson Ryssdal vart fødd i Gloppen i 1874. I folketeljinga 1900 er han oppført som snekker, busett på Ryssdal. Valet av yrke var nok ikkje tilfeldig. Skogen var ei god attåtnæring på garden. Heradskommisjonen noterte seg på 1860talet at dei to bruka på Ryssdal produserte skogprodukt for høvesvis 40 og 50 spesidalar i året. Finn Førsund har beskrive korleis Ola Hovland, grunnleggjaren av Dale Tønnefabrikk, grunnla og utvikla verksemda si. Han kom frå ein gard med lange bøkkartradisjonar, starta opp verkstad i ei handelsbu på Dale, og tok etter kvart steget over frå verkstad til fabrikkproduksjon av tønner.
Jørgen Ryssdal saman med kona Kristine. Guten heiter Anton Quashniska. Han kom frå Austerrike, og budde hjå paret i to periodar. Datering: 1920. Fotograf: Ukjend. 32
Det er sannsynleg at Jørgen Ryssdal hadde ein tilsvarande karriere: Frå enkle handverkskår på Ryssdal via eigen bøkkarverkstad til produksjon av tønner ved hjelp av elektrisk drivne maskiner. I 1909 starta kraftverket på Evebøfossen produksjon av
elektrisitet. I ein avisartikkel i Fjordenes Blad jolafta same året kjem det fram at „Bødker Jørgen Rysdal agter at faa en motor i sin tøndefabrik” Det er såleis truleg at maskinkrafta var på plass i 1910. I 1918 får me eit glimt inn i tønnefabrikken. Det vart då halde branntakstforretning på sjøbua til Jørgen. I bøkkarverkstaden var det på den tida ”1 tihestes elektrisk motor, 2 strykemaskine, 1 krydsemaskine, 1 bundemaskine samt 1 vifte der fører hovlesponen gjennem en rende til et paa husets vestre side staaende skur”. Forutan fabrikken låg det eit kontor og ein butikk i første etasje. Andre og tredje etasje, samt lemmen, vart nytta som lagerplass for tønner og ymse materiale. Jørgen Ryssdal var ikkje aleine om å drive maskinmessig framstilling av tønner i Gloppen. I 1919 var det tre andre tønnefabrikkar i kommunen: Alb. Øvens tøndefabrik, Ole J. Apalsæts sagbruk og tøndefabrik og Ragnvald Andersens sagbruk og tøndefabrik. Under fyrste verdskrigen, som var ei glanstid for tønneproduksjon, var den samla fabrikkmessige tilverkinga av tønner i Gloppen anslått til 20 000. Råstoffet fekk Jørgen Ryssdal frå nærområdet. Frå Evebø, Fitje, Søreide og mange andre gardar vart det levert både band og trestavar til fabrikken. I byrjinga ser det òg ut til at Jørgen kjøpte opp tønner som var produserte på gardane i nærleiken. Salet gjekk i hovudsak til Nordfjord og Sunnfjord. Landhandlarar var store tingarar, til dømes Ulf Lem i Måløy, Ole Solheim i Vågsvåg og Knud Kjelkenes i Svelgen. Store parti med tønner vart òg selt til fiskeselskap i Batalden og Lefdal. I tillegg kom det av og til inn bestillingar frå Bergen og Ålesund. Produksjonen må ha svinga ein god del, i takt med skiftande konjunktu-
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
”sild i tønne“ og ”falle i stavar“ er enno i ålmenn bruk.
Frå ein bøkkarverkstad på Salbu i Hyllestad. Frå venstre: Ingvald Øen, Kristoffer Haugsbakk, Edvard Bruåsdal, Lyder Giil, Nils Skauge og Edvard Hatlem. Datering: 1913. Fotograf: Ukjend.
rar. I 1925 vart det til dømes laga 10 000 tønner i fabrikken, i 1926 4000, og i 1927 var talet nede i 1500. Talet på arbeidarar varierte naturleg nok òg ein del. På 1920- og 30-talet ser det ut til å ha arbeidd 5-10 personar i fabrikken. Det er usikkert kor tid Jørgen la ned produksjonen av tønner. Han står oppført som bøkkar i skattelista for 1938/39, men etter krigen har det ikkje vore mogleg å finne spor etter verksemda hans. I 1953 sysselsette tønnefabrikkane i Sogn og Fjordane 100 arbeidarar.
Industrigreina hadde då sitt tyngdepunkt i Fjaler, Gaular og Eikefjord. Men sviktande sildefiske førte til at mange tønnefabrikkar fekk problem, og i Noreg vart dei fleste nedlagde på 1960-talet. Framleis er det ein viss bruk for bøkkarar, særleg knytt til restaurering og vedlikehald av fat og tønner. Sjølv om berre restar av den stolte bøkkarnæringa finst att, så lever minnet om denne verksemda vidare. Som andre handverkarar har bøkkaren gjeve namn til menneske: Cooper i England, Küfer i Tyskland og Bødker i Danmark. Ordtak som
Riksantikvaren freda i 1994 Hagevik Tønnefabrikk i Vågsøy. Verksemda vart starta i 1904, og produksjonen gjekk fram til 1986. I dag er det mogeleg å få omvising i fabrikken og demonstrert korleis tilverkinga av tønner gjekk føre seg. NRK har ein biletserie som viser produksjonsgangen: http://tinyurl.com/66tu64j. Fotograf: Arlen Bidne.
Medan musea samvitsfullt har teke vare på bøkkaren og handverket hans, ser det ut til at den skriftlege dokumentasjonen er heller tynn, sjølv frå den tida då tønner vart laga i fabrikkar. På Fylkesarkivet har me berre eitt arkiv frå ein tønnefabrikk. Forutan ei kopibok består materialet frå Jørgen Ryssdal Tøndefabrik av rekneskap. Arkivet er viktig fordi det set tønneproduksjonen inn i ei lokaløkonomisk ramme. Mellom anna gjev det glimt inn i mangesysleriet på gardane.
Kjelder • SFF-2009110 Jørgen Ryssdal Tøndefabrik • SFF-2000186 Ryssdal, Matias • Gloppen kommune. Likningsnemnda. Møtebok 1903-1920 • Gloppen kommune. Likningsnemnda. Møtebok 1920-1931 • Gloppen kommune. Heradskommisjonen. Skyldsetjingsprotokoll 1867 • Folketeljing 1865, 1875, 1900, 1910 • Fjordenes Blad 24.12.1909 Litteratur • Timberlid, Anders: Bygdebok for Gaular, band 2 • Timberlid, Anders: Bygdebok for Gaular, band 3 • Molaug, Svein: Vår gamle kystkultur, band 1 • Sogn og Fjordane: indstilling frå trafikplankomiteen av 1919 • Førsund, Finn B.: Kystbygdene skifter ham • Svendsen, Sverre Johan: Tønnemaskiner i Woldbrygga http://www.digitaltfortalt.no/show_si ngle.aspx?art_id=111898 • Tyssen, Asbjørn: Handverksbygda Viksdalen. S. 4-8. I: Jul i Sunnfjord 2009 • NRK Fylkesleksikon: Tønneproduksjon i Gaular. http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.p hp/Tønneproduksjonen_i_Gaular • Wikipedia: tønne • Ulvund, Frode: Bonden, Silda og handelsmannen 33
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
BEDEHUS
Skifjord bedehus i Hyllestad Av Hermund Kleppa
Skifjord bedehus står tett attmed vegen på garden Bjørnestad. Fotograf: Hermund Kleppa.
Hyllestad kommune har fem bedehus. Fire er i bruk: bedehuset på Ramsgrø, på Løland, i Sørbøvåg og i Skifjorden. Skifjord bedehus vart bygt i 1914. Gerhard Folkestad var bygningsmann, same mannen som eit par år før bygde Folkestad bedehus i dåverande Askvoll kommune.
På Bjørnestad Skifjord bedehus står vest i Hyllestad, på garden Bjørnestad, gnr 9, bnr. 4, tett attmed vegen på nedsida. Tilbygget med garderobe og sanitæranlegg er av nyare dato. Eit kort stykke nedom huset står ein pent oppmura grunnmur etter utedoet dei hadde frå starten av. 34
Aaberg Thor Aaberg var sokneprest i Hyllestad i åra 1922-1929. Han var interessert i bygdesoga og skreiv eit historiehefte (1929) om kyrkjene i Hyllestad. Heftet innheld også litt om bedehusa.
Gåver og dugnad I følgje Aaberg (1929) vart Skifjord bedehus bygt i 1914 etter at Aksel og Einar Myklebust hadde teke opp tanken i 1912. Peder Rutle var ei drivande kraft i arbeidet. Han var då formann i Øen Indremisjon. Ole M. Bjørnestad gav fri grunn [Bjørnestad, gnr. 9-4] og bygdefolk ytte gåver i form av pengar, material og dugnadsarbeid. Byggjekostnaden
kom på 4200 kroner utanom dugnadsarbeid og gåver in natura. I reine pengar kom det inn 4250 kroner og dermed var huset gjeldfritt. Grunnflata er oppgjeven til 18 x 12 meter. Huset har storsal, småsal, galleri og gang. Kjellaren er innreidd med kjøken og matsal. Huset har 100 sitjeplassar, men det er plass til om lag 200 menneske.
Indremisjonen sitt hus I 1929 stod Øen indremisjon som eigar, og styret for indremisjonen fungerte som bedehusstyre. Styret var samansett av S.E. Risnes (formann), Olav Liland (varaformann), Hans Øen (kasserar), Ole B. Vassenden og Aksel Myklebust.
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
BEDEHUS
sidan skulde gå; og difor vart ogso dette den grun kar [pillar, som] Skifjord Bedehus skulde fremme sin virksomhet [på].”
Aktivitet
predikantar, men det blei aldri noko av.
Vi sette oss til bords i Småsalen. Astrid hadde med kaffi, melkekake og lefse. Ho var i kjøkenet i kjellaren og henta koppar av den finaste sorten, dei med gullmønster på. Eg fekk høyra om basarar (den siste i 2009), juletrefestar, møte med tilreisande predikantar og møte ”inn i mellom”, om at det hadde vore skule i bedehuset i mange år, at eit smørlag heldt til i kjellaren ei tid, og at tyskarane brukte huset under krigen (som overnattingsstad når dei ferdast mellom krigsanlegga sine på Nesje og Fure og Lammetu). Eg fekk høyra den interessante soga om maleriet som heng framme i Storsalen. Og mykje meir.
Åndeleg grunnstein
Historiske spor på galleriet
Eg fekk sjå kopi av eit gamalt skriv, datert 6. september 1913. Det handlar om ikkje noko mindre enn grunnsteinen til huset, ikkje av det vanlege ”verdslege” slaget, med metallskrin og pengestykke og ord på papir. Skifjord bedehus har ikkje noko mindre enn ein ”åndeleg” grunnstein. Eg har aldri høyrt om noko liknande. Høyr berre:
Vi var ein tur oppe på galleriet. Det er fullt med bedehushistorie der, gamle oljelamper pent og pynteleg hengde opp på ein vegg, to store innramma portrett av to menn som det ikkje stod namn på (har tidlegare hange på vegg nede, det eine liknar på lekmannshovdingen Ludvig Hope), eit stort Jesus-bilete, ei gammal tavle, Norges-kart på veggen.
”Torsdag den 6 september 1913 var Oljohann Bjørnestad, Aksel Myklebust og Kristoffer Myklebust saman til arbeide på Bedehus grunnen på Bjørnestad. Då tok Oljohanen hua av seg og nedbad Guds velsignelse over det arbeide som me skulde utføre for å byggje Skifjord Bedehus. På den måten vart arbeidet for Skifjord Bedehus påbegynt. Gamle Oljohan hadde med den vesle bøni si fåt lagt alt for Bedehuset inn under Guds rike nåde og velvilje – dertil hadde han fåt anledning til å vise sine unge med arbeidere vegen til Guds faderhjarta, dermed var den vei opna som ein
Gammalt og nytt
Framme i den store salen med talarstol og bilete på veggen. Fotograf: Hermund Kleppa, 2010.
Historisk interessant I 2011 står bedehuset på Bjørnestad som eit interessant kulturminne. Eg var der, fredag 29. oktober 2010, saman med Haldor Bjørnestad og Astrid Waage. Haldor voks opp på næraste nabogarden, garden der huset står. Han gjekk på skule i småsalen. Og som bedehusmann i vid tyding kjenner Haldor bedehuset ut og inn. Eg la til dømes merke til innskotne plankestykke i tømmerveggen framme, som om det skulle ha vore ei dør der, og spurde. Haldor hadde svaret: Det var tankar om å byggja til eit lite rom for tilreisande
Ole Johan Bjørnestad (1843-1930), mannen som i 1913 tok huva av seg og heldt bøn då dei tok til med grunnarbeidet der Skifjorden bedehus vart bygt. Kona hans Bendikte Gurine, f. Hatlem (1838-1930) Foto: Konstanse Risnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Bedehuset i Skifjorden viser både korleis bedehuset var då dei bygde det og dei mindre endringar som har kome til seinare, som til dømes tilbygget, dei opphavlege trebenkene med dreia framføter (ikkje antydning til knirk og lealaust), og dei nyare stolane, dei opphavlege matborda i kjellaren med pålagde plater i ettertida, gamle skeier med pårita SB (utført av bestefar til Haldor, 50 stykkje, Haldor hugsar det godt), tvårer for store kokekar oppå skåpet, saman med kjøreld av nyare dato.
35
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
BEDEHUS
Bedehushistoriske ting på loftet, gamle oljelamper og innramma bilete av tidlegare bedehushovdingar. Haldor Bjørnestad held biletet. Fotograf: Hermund Kleppa, 2010
Godt frammøte på basar i Skifjord bedehus sommaren 2009. Fotograf: Astrid Waage, 2009.
Vern
tale å sikra det som bedhushistorisk kulturminne? Gjera det til ein freda bygning? Sogn og Fjordane har freda kyrkjer, gardshus, embetsmannshus og andre bygningar, men
Eit betimeleg spørsmål melder seg: Kva kjem til å skje med Skifjord bedehus i framtida? Det blir mindre og mindre brukt. Kan det koma på
ikkje BEDEHUS. Eg trur direktøren ved Norsk Folkemuseum ville ha gnidd seg i hendene over tilbod om bedehuset på Bjørnestad dersom han var på jakt etter eit bedehus på museumsområdet sitt. Og eg trur ein antikvar ville gledd seg over å kunna ordna med oppmåling og nøyaktige teikningar og meir enn gjerne sagt noko om bruk og vern. No kan Sogn og Fjordane Museum, eller Fortidsminnesforeningen si Sogn og Fjordane-avdeling, kjenna si gjestingstid, hiva seg rundt og melda interesse for eit verneprosjekt, saman med lokale krefter. Men Skifjord bedehus høyrer til på Bjørnestad. Kjelder: • Aaberg, Thor: Kyrkjorne i Hyllestad i gammel og ny tid (1929) • Eit gamalt skriv som tilhøyrer bedehuset. Munnlege opplysningar av: • Astrid Waage, Hyllestad • Haldor Bjørnestad, Hyllestad
Bedehushistorie i gamle papir, her ”oppdaga” på loftet i Skifjord bedehus, 29. oktober 2010. Spennande, tykkjer Haldor Bjørnestad og Astrid Waage. Fotograf: Hermund Kleppa, 2010
36
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
1917 – Første motorsykkel på bygdevegen i Jostedalen
Av Håvard Kastet
Heradsstyret i Jostedal mottok 26. juni 1917 ein førespurnad frå ingeniørassistent Bjarne Høie om løyve til å køyre motorsykkel på bygdevegen i Jostedal. Høye var frå Grue i Hedemark og var ingeniørassistent ved ingeniørkontoret i Nordre Bergenhus Amt på Leikanger i åra 1914 – 1917. Høye si ferd må reknast for å vere fyrste dokumenterte motorsykkelferda på bygdevegane i Jostedalen. Heradsstyrets behandling finn vi att i møteboka:
Kgl Resolution av 25. Juli 1913 om bruk av motorvogn. ”[…]indskrænkning gjælder ikke tohjulede motorcykler[…]”
Behandledes andragende frå amtsingeniør Bjarne Høie om tiladelse til at benytte motorcykkel paa bygdeveiene i Jostedalen herred 26 Juni d.a. samt amtets paategningsskrivelse av 28 juni nest efter.
Han som skreiv protokollen omtaler Høye som amtsingeniør, men han var altså ingeniørassistent. Det er verdt å merke seg at det dreier seg om løyve til å køyre på bygdevegen. Kongeleg resolusjon av 1913 forbaud bilkøyring på hovudvegane i Nordre Bergenhus, men motorsyklar var unnateke dette forbodet. Høye behøvde derfor ikkje å søke heradsstyret om løyve for å køyre på hovudvegane, men vegane fremst i dalen hadde status som bygdevegar og låg derfor under heradet sin jurisdiksjon.
I den anledning felledes saadan enstemmig beslutning: Andragende kan innvilges under føresetnad av at vedkommende bruker størst mulig forsiktighed.
Høie var mest truleg i Jostedalen i samband med hovudvegbygginga på strekninga Sperle – Høgkleiven – Mosevoll. Dette vegarbeidet føregjekk for amtet si rekning. I året 1917 vart parcelen Skaaraneset og Sperle til Prestgarden ferdig. Vi finn att namnet til Bjarne Høye i gjestebøkene til Sperløyane Skyss-stasjon på denne tida. At han valde motorsykkelen som framkomstmiddel var nok dels at han kunne køyre på hovudvegane utan å søke herada om løyve til dette, men det var nok også fleire grunnar.
Bjarne Høye. Født 4. juni 1893 Grue i Hedemark. Assisterande Ingeniør ved Amtsingeniørens kontor på Leikanger 1914 – 1917. Seinare overingeniør (vegsjef) i Møre og Romsdal fylke og deretter i Oppland fylke. Bilete og opplysningar frå Norges vegdirektører og Vegsjefer. 2. og utvidet utgave. 1962. Fotograf ukjend.
Eit brølande uhyre på norske landevegar Motorsykkelen var eit populært framkomstmiddel i motorkøyretøya si tidlege historie. I 1917 var det registrert 1550 motorsyklar i Noreg. Dette utgjer 38.2 prosent av samlege registrerte motorkøyretøy. Dette er ein
betydeleg større prosent enn i dag. Ein av grunnane til dette var at motorsykkelen hadde mykje enklare for å komme fram på smale grusvegar der det av og til skorta på vedlikehaldet. Vegstandarden var låg mange stader i Noreg på denne tida. I denne tidlege fasen var det ikkje fart, veggrep eller komfort som var det viktigaste for motorsykkelkøyrarane, men pålitelegheit. At sykkelen ikkje braut saman. Det vart arrangert ei rekke med pålitelegheitsløp. Norsk Motorcyckle-Club arrangerte fleire slike løp blant anna eit mellom Kristiania til Trondheim, ein enorm distanse for tida, og seks av tolv deltakarar måtte bryte. Ut i frå dette forstår ein at motorsykkelen var eit godt alternativ til automobilen på smale og svingete vestlandsvegar. Motorsyklane var også billigare i drift. I 1917 herja krigen Europa og dette førte til at det var strenge rasjoneringar på olje og bensin i Sogn og Fjordane. Ein motorsykkel brukte mindre bensin enn ein bil og var derfor eit passande framkomstmiddel for ein ingeniør på farten. Rundt 1917 var det ein god del forskjellig motorsykkelmerke, men det var mest vanleg med amerikanske og tyske merker. Indian var det mest populære av dei amerikanske, med Harley Davidson som nummer to. 37
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Under krigen vart det ikkje avertert motorsyklar eller bilar i avisene i Nordre Bergenhus Amt. Indianaren på Nordfjordeid er eit unnatak. Fjordenes blad 7. juni 1917.
Wanderer var eit tysk merke som det blei seld mykje av i Oppland og Buskerud. Det kan godt være att det var ein Wanderer eller ein Indian Høye kom køyrande til Jostedalen på. Motorsykkelpionerane Om ingeniørassistenten var fyrste man som vitja Jostedalen på motorsykkel kan vi ikkje vere heilt sikre på. Motorsykkelen hadde ikkje eksistert mange åra i Noreg. På den andre sida var det var mange motorsykkelpionerar som ville ta seg fram på det smale vegnettet i Noreg berre for eventyret si skuld. Nordre Bergenhus amt må ha vore som ein magnet på eventyraren i så måte. Bilforbodet på hovudvegane råka ikkje motorsykkelentusiasten og han kunne køyre fritt. I mellomtida måtte dei søke for å køyre på bygdevegane. Eit slikt ”brølande uhyre” har truleg ikkje kome langt på ein bygdeveg utan å ha blitt stoppa av lensmann Kart over Jostedalen som viser prosjekterte og ferdige hovudvegar og bygdevegar. Frå Trafikkplankomiteens innstilling av 1919.
Den ferdige vegparsellen forbi Prestegarden og kyrkja. Frå Trafikkplankomiteens innstilling av 1919. Fotograf Ukjend.
38
Olje og drivstoff var kom ikkje til bygdene av seg sjølv i 1917. Under 1 verdskrigen vart det rasjonering og fordeling av drivstoff og olje mellom amta. Motoreigarar i Nordre Bergenhus Amt omgjekk denne begrensinga ved å handle bensin og olje av kjøpmenn i Bergen. Fjordenes Blad 21. mars 1916.
kjelda, nr. 1 – 2011, årgang 20
Indian 1000 ccm 1914 modell. Biletet er teke i Ålesund. Indian var saman med Wanderer ein av dei vanlegaste syklane før 1920. Biletet syner den enkle teknikken i motorsykkelens tidlege historie. På styret er det ein eigen acetylentank for belysning. Fotograf: Johannes Sponland. Eigar Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdalen.
eller ein hop med arge bønder som ikkje likte levenet som forstyrra buskapen. Ein av grunnane til at Høye fekk løyve var nok at han var i embets medfør. Vi kan derfor slå fast at Bjarne Høye, juni 1917, var første motorsyklist på bygdevegane fremst i Jostedalen, samtidig som han var første dokumenterte motorsyklist på hovudvegen. Kjelder og litteratur: • Ein takk til Bjørn Austad Hvaleby daglig leder - Norsk Veteran Motorsykkel Club. • NMK’s historie: ttp://www.nmk.no/index.php?option= com_content&view=article&id=82&I temid=89 • Ingolf Elster Christensen, Knut Taraldset, L. P. Lefdal, Olai Tefre, A. Øen, M. Haugen. Indstilling frå trafikplankoiteen av 1919. A.S John Griegs boktrykkeri og N. Nilssen & søn.1921. • H. W. Paus. Norges Vegdirektører og Vegsjefer 2. og utvidet utgave. Oslo. 1962. • Nordre Bergenhus Amtstings Forhandligner 1914 – 1918. N. Nilsen & Søns Bok &
Accidentstrykkeri. Bergen. 1915 – 1919. • Møtebok for formanskap og kommunestyre. Jostedal kommune. 19151925; 26.06.1917. Søknad frå Bjarne Høye om løyve til å køyre motorsyk-
kel på bygdevegen. • Skyssbok for skysstasjonen i Sperløyane. 1917. • Skriv frå Oljerådet for Nordre Bergenhus. Provianteringsdepartementet. 1917.
Biletet syner ein 1912 Wanderer som er utstilt på Norsk vegmuseum. Wanderer var saman med Indian blant dei vanlegaste motorsyklane i Noreg før 1920. Vegstandarden gjorde at motorsyklane vart fort nedslitne. Fotograf: Ole A. Flatmark, Norsk Vegmuesum. Utlånt frå Norsk Vegmuseum. 39
Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682
Før og no
Øvst: Bilete av Måløy datert 1922. Vi ser den sørlege delen med Sæterneset, Skram øvre og Skram nedre. Til venstre ser vi buene til Skaar, Myhre, Kvalheim & Co og A. Osmundsvåg, der det vart drive fiskemottak. Nord for desse budene ligg Hagens Dampskips-ekspedisjon. Den kvite buda midt i biletet er Hendenbuda, mellom denne buda og Heradsheim ser vi Moldøen Canning som brann ned i 1946. Til høgre i biletet ser vi Skram skule. Fotograf: Ukjend. Nedst: Måløy i 2010. Endringane er store, men Veten ruvar framleis i bakgrunnen. Fotograf: Per Olav Bøyum.