Kjelda nr. 1 2016

Page 1

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kjelda Nr. 1 - Juni 2016. Ă…rgang 25

Fylkesarkivet pĂĽ Internett: www.fylkesarkiv.no


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Fylkesarkivet i ny avdeling 1. april 2016 representerer ein merkedag i Fylkesarkivet si historie. Vi er ikkje lenger organisert under Kulturavdelinga. Vi er organisert under Næring- og kulturavdelinga. Det tyder mellom anna at vi tilhøyrer i same avdeling som mellom anna vassregionforvaltinga og marin forvaltning, men det tyder også at vi er komen i avdeling med kommunalt tiltaksarbeid, Regionalt forskingsfond, reiseliv og mange andre. Ein del profilerte personar innanfor kulturfeltet har uttrykt skepsis til den nye organisasjonsmodellen. Dei er redde kultur vert nedprioritert til fordel for andre satsingsområde. Som Fylkesarkivar er eg ikkje redd for dette. Tvert imot helsar eg den nye organisasjonsmodellen velkommen. Ikkje av di eg ynskjer å fjerne meg i frå kulturområdet, eller av di eg ynskjer å tone ned kulturprofilen til Fylkesarkivet. Eg helsar modellen velkommen av di eg

meiner han legg til rette for noko som bør vere ein kvar arkivinstitusjon si høgaste målsetjing, å auke tilgangen til det materiale ein skal forvalte. Ein føresetnad for tilgang, er at folk veit at dokumentasjonen finst. Innanfor arkivfeltet snakkar ein om primær og sekundær bruk. Den primære bruken er forankra i årsaken til at materialet vart skapt. Den sekundære bruken er gjenbruk av dette materiale. Motiva for gjenbruk av arkivmateriale er endelause. Motiva til ein rådmann vil vere fjernt frå motiva til ein forskar eller kulturmedarbeidar. Eit foto vil, i tillegg til å inneha kvalitetar som går på motiv og teknisk utforming, også ha kvalitetar som ligg utanfor fotoet i seg sjølv. Eg tenker på dei ulike kontekstane dette fotoet vil kunne opptre i. Eit foto vil gi ulik meining og ha ulik verdi basert på samanhengane det opptrer i. Nettopp difor er det viktig å nå ut med informasjonen på flest mogeleg arenaer. Eg er overtydd om at potensiale til stadnamn, foto og musikk ikkje er i nærleiken av å vere utnytta fullt ut. Når

Redaksjon Arnt Ola Fidjestøl (red.) Per Olav Bøyum, Kjerstin Risnes Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 2 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,- ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: Bergen Grafisk AS

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Arnt Ola Fidjestøl, tlf. 971 88 903, arnt.ola.fidjestol@sfj.no Arkivarar: Ole Stian Hovland (fagleiar kommunale arkiv), tlf. 57 63 81 31, ole.stian.hovland@sfj.no Espen Sæterbø (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 65, Espen.Seterbo@sfj.no Kjerstin Risnes (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 92, kjerstin.risnes@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 63 80 70 , geir.utmo@sfj.no Randi Melvær (bibliotek/stadnamn), tlf. 57 63 81 35 , randi.melvar@sfj.no Elin Østevik (fotoarkivar) tlf.57 63 80 53, elin.ostevik@sfj.no Per Olav Bøyum (privatarkiv), tlf.57 63 81 34, per.olav.boyum@sfj.no Synnøve S. Bjørset (musikkarkivar), tlf. 908 52 334, synnove.s.bjorset@sfj.no Oddbjørn Ramstad (musikkarkivar), 57 63 81 25, oddbjorn.ramstad@sfj.no Lars Berg Hustveit (informasjonsarkitekt), tlf. 57 63 81 01, lars.berg.hustveit@sfj.no Nettstad: www.fylkesarkiv.no

2

Av Arnt Ola Fidjestøl

Fylkesarkivet i seinare tid har intensivert arbeidet med å knytte dataene våre til kartløysingar, er det lett å sjå føre seg ei utviding av bruksområda. Sidan vi nå har utvida arenaen og mellom anna er i same avdeling som reiseliv, så har vi i større grad enn tidlegare, høve til å gjere nytte av den kompetansen og erfaringa som eksisterer der. I fellesskap vi vi såleis kunne tilby skreddarsydde løysingar. Ein vil lettare kunne gjere turistar kjent med forhistoria til det området dei vitjar, utan å verke påtrengande. Det er heller ikkje vanskeleg å sjå sideeffektar med breiare samarbeid. Blir fylket og fylkesarkivet flinkare til å leggje til rette og gjere informasjon tilgjengeleg, vil det også vere lettare for privat næringsliv å dra nytte av dette. Då er det også greitt at kultur og næring høyrer til same avdeling, slik at kulturavdelinga kan fortelje kva ein har å by på, og næringsavdelinga kan fortelje korleis det kan nyttast i næringsutvikling. Det er naturleg å sjå på dokumentasjon som kapital. Fylket vårt er då i ei særstode. Få, om nokon, har så mykje dokumentasjon i form av foto, musikk, stadnamn, privatarkiv og offentlege arkiv i høve til innbyggartalet som Sogn og Fjordane. Denne kapitalen må vi få best mogeleg avkastning på.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Innhald Norsk Reiselivsmuseum opna i storslåtte lokale i Balestrand   4

Sivertsens Hotel –med laks og lord i 100 år   6 Nye privatarkiv i 2015

15

Audhild Viken, ein pioner for turisthandel   16

Skulen min   18

Kåre sine skuleminne frå tre ulike krinsar   19

Vossavalsen, sa du?   22

Gald, Gadden og Galdane   23 Måløy bygningskommune – særkommunen som nekta å bli nedlagt   22

Ullsheim, Ullaland og Ullevål   28 Å gjere godt vatn til vin, øl og brennevin   29

«Grevle-Per» - historia held fram   30

Postkort om brannulukke i Førde   34

Kommunistarkiv frå Høyanger   35 Full klaff for kontaktkonferansen   36

Per Birger Lomheim og veghistorisk arkiv   38

Fjærlandstunnelen 30 år   42

Tilvekst til biblioteket 28.10.15-27.05.2016   45

Krigen kjem til Kvamme skule   46

Ættebok for Fresvik utgjeve av Fresvik Sogelag i 2015   47

Tyskarane tok læraren og kartet   47

FRAMSIDEBILETE: I prosjektet Skulen min tek vi sikte på å dokumentere mest mogeleg av skulehistoria i fylket. Gamle skulehus kan brukast til så mangt, også til dåp som vi ser her. Laurdag 28.mai vart dei to småjentene Thea Henriette Fossøy og Amanda Marås døypte i den gamle skulestova i Vigdal og skreiv seg inn i skulehushistoria i Luster kommune. På biletet ser vi m.a. prest Vegard Bondevik Lie, kyrkjemusikar Helene Myklemyr Bolstad, far Roger Fossøy med vesle Thea Henriette. Fotograf: Sigrid Svartefoss, Sogn avis.

3


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Norsk Reiselivsmuseum opna i storslåtte lokale i Balestrand

Av Arnt Ola Fidjestøl

Museet ligg flott til i tilknytning til Cooperhuset og Kviknes hotell.

Hogd inn i naturlege steinformasjonar i grunnfjellet vart det nye reiselivsmuseet endeleg opna 29. april ved statssekretær Himanshu Gulati. Styreleiar i Musea i Sogn og Fjordane, Harry Mowatt, peika i opningstalen sin på at det har vore ei lang og til dels kronglete reise i frå ideen om eit reiselivsmuseum vart lansert i 1980 og fram til det i dag, 36 år seinare, er samla i eit eige bygg. Når ein i dag ser kva ein har oppnådd, er det imidlertid all grunn til å vere stolt over resultatet av arbeidet som er lagt ned. I tillegg til å vere ei arkitektonisk perle, framstår det nye museet som hypermoderne med stor bruk av digitale formidlingsløysingar. Dette gjeld ikkje berre i form av utstyr, men også i form av nye metodar for bruk og gjenbruk av digitalt produsert dokumentasjon. 4

Fylkesarkivet er stolte, både av å ha bidrege med digitale foto i utstillingane, men også av å vere med i eit samarbeid med reiselivsmuseet på bruk av semantisk teknologi. I korte trekk tyder dette at det vert lagt til rette for at rådata kan hentast i frå fleire opne informasjonskjelder, deretter koplast og så presenterast både i utstillingssamanheng på museet eller gjennom internettpresentasjonar. Det var mange gjester som hadde funne turen til Balestrand denne litt gråe fredagen for å få med seg opninga. Den nye fylkesdirektøren for Næring- og kultur fungerte som vert og det var mange som bidrog i lukkeynskingane, både kulturaktørar og politikarar frå fylket, men også samarbeidspartnarar og pådrivarar i arbeidet med å få plass det nye kulturbygget. Bygget er ikkje stort i areal, men nettopp gjennom bruk av moderne teknologi, er det heller ikkje trong for så store areal. Ein får formidla mykje gjennom digitale presentasjonar av norsk reiseliv, som

Førstekonservator Aage Engesæter har vore prosjektmedarbeidar i utstillingsarbeidet på Norsk Reiselivsmuseum sidan arbeidet med det byrja. Han er også ein av dei som har vore sentrale i etableringsarbeidet frå drøftingsarbeidet i 1980 og fram til i dag.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Fylkesarkivet har bidrege med mange foto til utstillinga i museet. På biletet ser vi fylkesfotoarkivar Elin Østevik bivåne korleis bileta vert framstilt i ei av dei mange biletepresentasjonane i museet.

ein elles hadde trengt større areal for å få formidla. Måten reiselivsmuseet er bygd opp på legg til rette for hyppigare utskiftingar, rulleringar og tilpassingar. Det inneber at publikum vil kunne få ulike opplevingar i frå gong til gong. Eit av gjennomgangstema i alle gratulasjonane var plasseringa av reiselivsmuseet i Balestrand. Balestrand

representerer noko av det ypparste reiselivet kan by på, ikkje berre i Sogn og Fjordane, men i heile Noreg. I ei tid der Riksarkivet har fokus på samfunnsdokumentasjon, og m.a peikar på trongen for regionale institusjonar som kan ta eit nasjonalt ansvar for dokumentasjonen av næringslivet i Norge, så er det fristande å peike på oss sjølve og Fylkesarkivet som kandidat til eit

landsdekkande reiselivsarkiv. I dag har t.d Petroliumsindustrien sine viktigaste arkiv plassert i Stavanger, i same by som Norsk Oljemuseum. Ein kan berre forestille seg synergieffektane ein ville kunne opplevei samspelet mellom Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand og Norsk Reiselivsarkiv i Leikanger.

Personalnytt Cecilie Astrup Bustad har slutta som arkivar for offentlege arkiv. Ho tok til i stillinga i mars 2010, og har for det meste arbeidd med personmateriale. Fylkesarkivet takkar for kjempeflott innsats i desse seks åra! Jadranka Kurtic har byrja på eit engasjement knytt til skanning av kart brukt i samband med kartfesting av stadnamn. Jadranka kjem opphaveleg frå Slovenia, har 5 års tofaglige diplomstudier (tilsvarende mastergrad i Norge) innan faga geografi og kultursosiologi ved Universitet

Cecilie Astrup Bustad

i Ljubljana, Slovenia. I tillegg har Jadranka vidareutdanning innan

Jadranka Kurtic

geografiske informasjonssystem hjå Høgskolen i Nord-Trøndelag.

5


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Sivertsens Hotel –

med laks og lord i 100 år

Av Aadne Gloppestad og Ola Nyhagen

Dette er ein oppdatert versjon av artikkelen som stod på trykk i Ljøren, sogeskrift for Gloppen, i 2005.

Sivertsens Hotel på Sandane er eit av hotella som blei bygde som følgje av den aukande turisttrafikken til dei norske fjordane på slutten av 1800-talet. Det starta med gjestgjevarverksemd og skysstasjon i 1860-åra, og verksemda var i familien Sivertsen si eige heilt til 1988.

i Labergvika, staden der husa til Alf Ødven står i dag. Men handelen ville ikkje svare seg, og Sivert selde tomta han hadde kjøpt og flytte til Nordland. I Nordland arbeidde han som fyrvaktar, før han seinare reiste til Aust-Afrika. Joachim vart i motsetnad til broren verande på Sandane. I 1852 kjøpte han grunn frå Holvik gard og tok truleg til med gjestgjevarverksemd så snart han hadde fått reist høveleg hus. Som gjestgjevar på denne tida var ein også plikta til å syte for skyss til ferdafolk. Ein var det ein kalla ”skysskaffar”.

Då dei første utanlandske turistane kom til Noreg på 1800-talet, var tilbodet som møtte dei når det gjaldt kost og losji stort sett berre vanleg bondekost og ei seng med høy og saueskinn. Desse turistane var eventyrarar og si tids oppdagingsreisande. Dei trassa mangelen på vegar; til fots og på hesteryggen ”oppdaga” dei Noreg. Fulle av begeistring drog dei heim og skreiv og fortalde om den ville og mektige naturen, om fjordar, fjell, brear og fossefall. I kjølvatnet deira kom då kunstnarar, laksefiskarar og fjellklatrarar. Snart blei Noreg eit attraktivt og populært reisemål for overklassa i Europa, og etter kvart også for kongelege frå heile verda.

Grunnleggjaren av hotelldrifta, Joachim Ehrenreich Sivertsen (1824-1902).

ha drive landhandel på Jølster. Også på Sandane freista Sivert å drive handelsverksemd. Han etablerte landhandel

Dei fyrste åra han dreiv med gjestgjevarverksemd var trafikken liten. Det var dårleg med vegar, og dampbåtferdsla på fjorden var heller ikkje noko å skryte av. Såleis var det nok trong for fleire bein å stå på. Ei tid dreiv han med sildehandel og sildesalting i Tytingvåg ved Fåfjorden i Vågsøy. Nokre år var sildefisket svært godt, men utover i 1860-åra dabba dette kraftig av.

Denne nye typen reisande sette heilt andre krav til komfort og standard på overnattingsstadane. Skysstasjonane og gjestgjevarstadane, som til no hadde blitt nytta til overnatting, blei utvida og påbygde, og nye, staslege hotell såg dagens lys. Slik også på Sandane.

Dei første åra

Joachim Ehrenreich Sivertsen vart fødd i Bergen i 1824. Kristoffer, far til Joachim, kom frå Wahren i Meklenburg, Tyskland. Han busette seg i Bergen, og gifte seg der med Kathrine Wiesener. Joachim drog tidleg til sjøs, men etter ei tid gjekk han på land og reiste til Sandane. Her tok han teneste hjå broren Sivert. Sivert hadde kome hit til kommunen i 1846 etter først å 6

Bustadhuset, stabburet og skysstasjonen til Sivertsen. I framgrunnen Fargarbrua, som ligg på same staden i dag òg, utbetra fleire gongar. I huset til høgre budde ”Fargar-Agnete» og mannen Mathias Holvik. Biletet er truleg teke i slutten av 1870-åra. Foto: Knud Knudsen, Universitetsbiblioteket i Bergen.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Bustadhus (f.v.), stabbur og gjestgjeveri etter ombygginga i 1879.

I kongeleg resolusjon gjeven på Stockholm slott 31. Januar 1866 fekk Joachim E. Sivertsen løyve til å drive landhandel på: ”Sanden i Gloppen Prestegjeld, Sønd- Nordfjords Fogderi, Nordre Bergenshus Amt med forpligtelse til: 1. at holde gjestgiveri, dog uten ret til utskjenking av brændevin eller anden dermed blandet drik. 2. at om forlanges, at overtage tinghold mot saadan godtgjørelse som derfor er, eller vil bli bestemt, og forrette som expeditør for dampskib i Postvæsenets tjeneste mot en af Postvæsenet fastsat godtgjørelse. 3. at betale i aarlig avgift til statskassen 8 spesidaler. For øvrig paa vilkaar: a) at han steds skal holde stedet forsynt med de for almuen fornødne varer. b) at han holder gjestgiveriet i forsvarlig stand og mot billig betaling forsyner de Reisende med fornødent og godt herberge samt med spise- og drikkevarer, det siste dog med forsaavidt bevilling og lovgivningens bestemmelse for øvrig heri gjør indskrenkning. Alt under bevillings fortabelse.” Joachim E. Sivertsen bygde bustadhus og gjestgjeveri ved sida av kvarandre på tomta han kjøpte. Landhandelen hadde han i kjellaren på gjestgjev-

Sivertsens Hotel etter utbygginga i 1890.

eriet. Som nemnt var det ikkje særleg lønsamt å drive overnattingsverksemd på våre kantar i 1850- og 60-åra, og konkurransen var stor mellom landhandlarane, slik at heller ikkje dette var noko gullgruve. Men Joachim heldt det gåande til sonen Kristoffer Gerhard overtok verksemda i 1879.

Hotellet veks fram

Kristoffer Gerhard Sivertsen gifte seg med Mari Pederdotter Holvik. Saman fekk dei ti born. Sju av desse utvandra til Amerika. Kristoffer Gerhard tok over gjestgjevardrifta i ei tid då engelske fiskarar tok til å oppdage Gloppeelva som ein attraktiv stad å fiske. Dette styrka naturlegvis livsgrunnlaget til gjestgjeveriet. Allereie det første året etter at Kristoffer Gerhard overtok drifta etter faren i 1879, utvida han det eksisterande bygget. Huset vart påbygd i lengda og delar av taket vart løfta til ei ark. I slutten av 1880-åra vart vegen mellom Sandane og Breim gjort ferdig, noko som førte til auke i turistferdsla til Sandane. Fullføringa av riksvegen Sandane-Vadheim i 1890 la eksistensgrunnlag for ei rekkje nye hotell langs veglina. I Breim kom det to nye hotell, Hotel Gordon på Reed og Hotel Egge på Egge. Nokre år tidlegare hadde Sivertsens Hotel også fått ein ny konkurrent på Sandane, då Hotel Gloppen opna dørene for overnattingsgjester i det som no heiter Nordstrandsvegen.

Dei nye tidene i hotellbransjen i kommunen førte til at Kristoffer Gerhard Sivertsen i 1890 gjorde ei større ombygging av det gamle gjestgjevarbygget. Etter denne ombygginga kunne ein no med rette kalle verksemda til Sivertsenfamilien for hotelldrift. Jacob Aaland skreiv dette om denne tida i verket ”Nordfjord frå gamle dagar til no. 2. Gloppen – Breimn.”: ”…vart hotellet heilt umbygt og skipa tidhøveleg, og det fekk daa sterk søknad, daa det vart halde for eit av dei beste turisthotel paa Vestlandet.” Sidan hotelldrifta no hadde vakse seg sterkare, og landhandelen framleis gjekk heller trått, vart denne oppgjeven, og ein kunne heilt og fullt konsentrere seg om å drive hotell. Det er blitt sagt at Kristoffer Gerhard var altfor snill, og at dette var ein av grunnane til at han ikkje klarte å gjere landhandelen lønsam. Folk som mangla pengar fekk gjerne krite, og ofte vart gjelda aldri betalt. I samband med handelsverksemda åtte Sivertsen også ei sjøbu. Denne stod om lag der Kai-kiosken stod i mange år. Som nemnt oppdaga engelske fiskarar på andre del av 1800-talet kva moglegheiter som var for laksefiske i Gloppen. Gloppeelva blei til og med leigd ut til to engelskmenn, Mr. Safford og ein som truleg heitte Colters. Desse leigde like godt elva for tolv år frå 1879. Sivertsens Hotel blei raskt eit naturleg samlingspunkt for desse to og alle dei andre engelske lakselordane som vitja Sandane i åra som kom. Mellom folk 7


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

flest på Sandane vart nok desse rekna som rikingar med god tid til å dyrke hobbyen sin. Dei kom att år etter år og la igjen mykje pengar, ikkje berre til hotellet, men også til elveeigarar og bygda elles. Men det var ikkje berre laksefiskarane som var viktige for drifta av Sivertsens Hotel på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet. Straumen av norske utvandrarar til Amerika på denne tida var stor, og desse gav eit viktig bidrag til hotelløkonomien. Dampskipsselskapet Cunard Line hadde nemleg billettkontor på hotellet, og mange norske emigrantar var innom før dei reiste vidare.

Ny vekst under ny Joachim

Ein ny Joachim, son til Kristoffer Gerhard, kom heim frå Amerika for å overta drifta av hotellet i 1910. Han hadde vore i statane i fem år då han fekk brev frå mor si om at han laut kome heim, for faren tok til å bli gamal og sjukleg og kunne ikkje lenger drive hotellet på ein forsvarleg måte. I Amerika hadde Joachim drive landhandel og var også postmeister i Lynn i Sør-Dakota. Mellom anna dreiv han mykje med oppkjøp av pelsverk. På denne geskjeften tente han bra, og han kunne legge seg opp ein del midlar som kom vel med etter at han overtok familieverksemda heime på Sandane. Amerika-opphaldet hadde også vore ein god skule på andre måtar. Han hadde fått nyttig erfaring, og ikkje minst hadde han lært å beherske det engelske språket, noko som naturlegvis var svært nyttig i arbeidet som hotelldrivar. Joachim kom heim til eit hotell som var prega av trongen for at nye krefter tok over. Sjølv om dei siste par tiåra hadde gjeve eit solid oppsving i turisttrafikken, bar økonomien preg av at dei store ombyggingane hadde kosta. Men Joachim gjekk til verket med krumma nakke, og det var i tida med han som styrar hotellet på Sandane hadde si beste og mest lønsame tid. Trafikken auka år for år, og snart vart det naudsynt med nye ombyggingar. Kring 1923 vart verandaene i andre og tredje etasje kledde inn og innlemma i nye gjesterom. Hotellet hadde etter den store ombygginga i 1890 og fram til denne tid hatt nokre mindre rom i 8

første etasje, i andre etasje var det 13 gjesterom og på loftet fem. I 1925 vart det på nytt trong for ei større utviding. Hotellet blei utvida med eit tilbygg i lengda. Dette blei bygd i same stilen som den gamle delen. Også det nye tilbygget fekk eit utbygg på langsida, men utan veranda i første etasje. Byggmeister for denne påbygginga var Rasmus Gald frå Hopland. Det var same mannen som bygde August C. Mohr sitt hus på ”Holtene” i 1920. Den mektige inngangsfasaden som framleis pregar hotellet den dag i dag, var no skapt. Talet på rom var auka til kring 30. Kjellaren inneheldt i denne tida kjøkken, rullekjellar, fiskerom, ”Storesalongen” og lokala der det hadde vore drive landhandel. Den gamle landhandelen vart berre brukt som lager. I første etasje var det spisesal, resepsjon, anretning og stover. Anretninga låg vegg i vegg med spisesalen. Ein del småmat vart laga her, og maten som kom opp frå kjøkkenet vart gjerne lagt på fat i dette rommet før han vart servert. Kjøkkenet låg rett under anretninga, og mellom desse var det tauheis. Rundt 1930 vart det gjennomført ei ny oppgradering av hotellet. Joachim Sivertsen sende bod på to røyrleggjarar

frå Bergen, og det vart lagt inn vatn og sett opp vaskar på alle romma. Vaskane erstatta vaskefata, som gjestene fram til denne tid hadde måtta klare seg med. Hotellet kunne no også tilby tre rom med eige bad. To rom i andre og eitt rom i tredje etasje vart utstyrte med den luksusen dette var på denne tida. Men om opplegg av vatn til alle romma gjorde sanitærtilhøva enklare og betre for gjestene, hadde dette også sine ulemper. Hotellbygningen var dårleg isolert, så vatnet fraus lett. Dermed vart det mykje ekstraarbeid for personalet, som måtte prøve å tine dette opp att, og mang ein gong måtte dei gamle vaskefata finnast fram igjen. Med både vatn og elektrisitet innlagt, framstod hotellet som svært moderne for si tid. Frå no og fram til den andre verdskrigen braut ut i 1939/40, opplevde hotellet sine aller beste år. Jacob Aaland skreiv det slik: ”Hotellet er no eit av dei største og best budde turisthotell i Nordfjord. Det hev eit sers godt ord og er difor mykje søkt.”

Skysstasjon

Etter at vegen Sandane-Vadheim var ferdig i 1890, vart det endå meir aktuelt å syte for skyss til ferdafolk. Det vart ei oppblomstring i turisttrafikken, og mange skulle ha skyss langs ”Lina”,

Dette biletet frå kring 1900 syner ei skyssvogn med passasjer på veg ut frå hotellet. I bakgrunnen ser vi husa i Øyna.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

som den nye vegen blei kalla. Ved kvart av dei nye hotella var det skysstasjon. Desse skulle mot rimeleg godtgjersle syte for huslyd og mat til reisande. Dei måtte òg ha hest og køyredoningar, og føre turistar og andre som trong transport til neste skysstasjon. I tillegg måtte dei ha bevilling både på hest, vogn og han som køyrde. På Sandane dreiv Berent Sandene og Anders Ødven skyssing, i tillegg til Sivertsens Hotel. Seinare skyssa også Hotel Gloppen og Kornelius Mardal. Olav Sivertsen (f. 1893), var bror til hotelleigar Joachim. Han var i mange år Sivertsens Hotel sin skysskar. Berre 12 år gamal måtte han ta til å køyre turistar. I Årbok for Nordfjord 1973 fortalde Olav litt frå denne tida: – Det var skysskøyring heile året. Til vanleg køyrde ein berre til neste stasjon. Ein hadde ikkje lov til å køyre forbi ein stasjon. Berre når dei ikkje hadde hestar, kunne ein køyre vidare. Om somrane i turistsesongen køyrde ein gjerne heilt til Vadheim. På ein slik tur frå ende til ende brukte ein som regel to dagar. Sume tider brukte ein tre dagar, og med tilbaketuren gjekk såleis heile veka. Olav Sivertsen fortalde vidare at han tykte dette var interessante turar: – Vi levde oss inn i naturen. Det var fint å køyre over fjella – særleg frå Førde over Langelandsfjellet til Vadheim. Når vi kom fram, så hende det ofte at vi om kveldane tok ekstraturar med betjeninga på hotella. Dei hadde lange arbeidsdagar, frå klokka sju om morgonen til ti om kvelden, så ein luftetur friska opp. På desse turane hadde dei med seg fôr – ein høysekk og ein pose med havre. Ved endestasjonane var det middag for turistane, og dei skulle overnatte. Der var det stallar til hestane, og dei måtte brynnast, fôrast og stellast. Også kuskane overnatta på hotella. Dei fekk bu gratis om det ikkje var fullt med turistar. Sivertsens Hotel hadde stallar til hestane som vart brukte i skyssinga i naustrekka i Ødvenfjæra. I den eine enden av stallane hadde dei ishus, og seinare vart det bygd garasje vegg i vegg med desse. Under den andre verd-

skrigen vart stallane tekne til grisehus for tyskarane. Olav Sivertsen fortalde òg litt om skyssing av laksefiskarane som budde på Sivertsens Hotel: – I laksetida måtte vi ofte også køyre desse engelske lordane som pakta Storelva inn til Eidsfossen, eller Karavadet nedanfor Trøselfossen og Ryssdalsvatnet. Der måtte vi vente medan dei fiska. Dei hadde lunsj med seg og tok seg gjerne ein ”knert” whisky etterpå. Det same gjorde dei når dei hadde fått ein laks på land. Då fekk klepparen òg ein knert. I 1912 var det 70 hesteskyssløyve på strekninga Vadheim-Sandane-Utvik. Men på denne tida tok turiststraumen til å endre seg. Etter at Bergensbana opna i 1909, kom det fleire turistar til Vestlandet. Fleire og fleire turistskip dukka opp i fjordane, og sidan mange av passasjerane som var om bord på desse hadde relativt kort ferie, fekk dei ikkje sett så mykje av landet så lenge hesteskyssen var det einaste alternativet. Spørsmålet om biltransport dukka opp. Hotella i indre Nordfjord ville at det skulle opprettast ei bilrute, slik at turistane også fekk tid til å vitje naturperlene der. Mange av turistskipa gjekk inn til Vadheim, og turistane vart skyssa til Sandane, der dei gjekk om bord på skipa igjen. Med kortare reisetid, maksimum éin dag, ville fleire få høve til å ta turen nordover til deira distrikt. Det ville vere eit freistande alternativ for turistar, framfor å sitje på ein dampbåt ut Sognefjorden, nordover kysten og inn Nordfjorden eller Geirangerfjorden. Hotelleigarane langs ”Lina” var imot biltransporten. Med hestetransport måtte turistane overnatte på hotellet deira. Med biltransport ville ein stor del av overnattingsbehovet bli borte, då turistane ville få tid til å vitje indre Nordfjord og overnatte der. I eit protestskriv mot biltrafikk som fleire bønder og vognmenn stod bak ved årsskiftet 1910/11, skreiv dei fleste hotelleigarane langs ”Lina” under. Mellom desse også Joachim Sivertsen på Sivertsens Hotel. Men etter at Karl Mjelva, eigaren av Union Hotel i Geiranger, som den første hadde køyrt ruta Sandane-

Vadheim med bil i oktober 1912, snudde stemninga. Mjelva var naturlegvis mellom dei hotelleigarane som ville nyte godt av biltransport gjennom Sogn og Fjordane og vidare nordover. Mjelva køyrde Vadheim-Sandane på fem timar og ti minutt. Fleire og fleire innsåg no at dette var framtida, og mange av dei hotelleigarane som i førstninga var imot biltransporten, endra no standpunkt. Joachim Sivertsen var ein av desse. A/S Fjordenes Automobilselskap vart no skipa, og ein kunne finne Sivertsen mellom dei 78 aksjonærane. Det nye transportselskapet var ein stor suksess heilt til Den første verdskrigen braut ut hausten 1914. Somrane under krigen uteblei dei utanlandske turistane. A/S Fjordenes Automobilselskap blei oppkjøpt av det nystarta interkommunale selskapet Firda Billag i 1921. Aksjeprisane var no dobla sidan starten i 1913. Saman med salsvinsten, gav aksjeutbytet i selskapet dei første åra ein pen forteneste for Joachim Sivertsen og dei andre aksjonærane.

Daglegliv på hotellet i mellomkrigstida

Joachim Sivertsen gifta seg i Amerika i 1907 med Inger Vathne frå Stavanger. Saman fekk dei fem born: Margit, Borghild, Kristoffer, Sigrid og Johan. Som born i ein familie som dreiv hotell, var det naturleg at dei måtte hjelpe til i det daglege arbeidet. Borghild, fødd 1918, var dei av døtrene til hotelleigaren som var mest interessert i hotelldrifta. Ho tok tidleg til å arbeide som tenestejente på hotellet: – Eg likte ikkje skulen, eg likte å arbeide. Så eg tok til å arbeide som romjente. Bestemor sa ein dag til meg at du Borghild er minst like flink til å arbeide som mange av tenestejentene her. Då tenkte eg at det er no fastemann at eg skal gå her og arbeide for fritt viss eg er betre enn dei andre. Så då gjekk eg inn på kontoret hans far, stal eit treøres frimerke og sende han eit brev i posten der eg søkte jobb på hotellet. Då han fekk brevet, ropte han på meg og sa han ville snakke med meg. Far var ein streng mann. Vi var svært glade i han, men vi kunne også vere redde han. Han sa at eg hadde søkt på jobb, men at eg allereie arbeidde der, so han skjønte 9


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Familien Sivertsen fotografert ved hotellet i 1934. Frå venstre: Kristoffer, Borghild, Sigrid, Inger, Johan, Margit og Joachim.

ikkje heilt. Eg svarte at eg gjorde det, men at eg ikkje fekk pengar for det. «Nei, men du må vere klar over at du ikkje får noko spesiell behandling sjølv om du er døtra mi». Det får ikkje eg no heller, svarte eg. Etter dette fekk eg løn. Å drive hotell i dei dagar baud på mange utfordringar og tunge tak. Arbeidsoppgåver som med alle dagens moderne hjelpemiddel går som ein leik, kunne for 70-80 år sidan vere temmeleg omfattande og strabasiøse. På eit hotell blei klevasken stor og arbeidskrevjande. Borghild fortel: – Vi vaska kleda i kjellaren på gamlehuset (bustadhuset) tre gongar for veka. Då skrubba vi dei på vaskebrett før vi kokte dei i ein stor balje. Deretter hadde vi dei opp i store tre- og jernstampar. Desse sette vi på ei handkjerre. Denne køyrde onkel Kristoffer ned bakken og ut til elva. Der skylde vi kleda og la dei opp på ein stor stein som låg på elvekanten, slik at dei fekk renne av seg. Då vi var ferdige, kom Kristoffer 10

og køyrde kleda opp att og bak hotellet. Der var fjøsen vår, og ved sida av den var det mange klesnorer. Der hengde vi kleda opp. Når dei var tørre, bar vi dei ned i rullekjellaren, strekte alle lakena, la saman alle putevara, rulla dei ein gong og bar dei så bort på skytjelemmen. Der hadde vi mange snorer. Vi måtte væte kleda litt før vi hengde dei opp igjen der, slik at dei skulle bli heilt stive. Så hang dei der rulla og fine, og når dei var heilt tørre bar vi dei på ny ned i rullekjellaren, der vi rulla dei ein gong til. Til slutt gjekk vi heilt opp i tredje etasje på hotellet og la dei fint inn i skåpa som stod der. Det var ikkje berre klevasken som var langt meir tungvint trekvart hundreår tilbake i tid. Fryseboksen var enno ikkje komen, og det første kjøleskåpet fekk ein først mot slutten av 1930-åra. Løysinga for langtidsoppbevaring av mat i turistsesongen var å ha eige ishus. 30-40 centimeter tjukke isblokker blei skorne på Jardøla og Ryssdalsvatnet. Desse blokkene var gjerne kring 50

gongar 60 centimeter i flatevidde, og vart transporterte med hest og slede til hotellet sitt ishus i Ødvenfjæra. Isblokkene blei grundig dekte med sagemjøl etter kvart som dei kom på plass i ishuset, slik at vêr og vind ikkje skulle få tine dei opp. På denne måten kunne hotellet oppbevare mat over lenger tid. Ishuset vart nytta fram til etter krigen, då fryseboksen overtok. Hotellet var lenge nærast sjølvhjelpt med ein del varer. Dei hadde eigen fjøs med to kyr, hest og tre-fire grisar. I tillegg hadde dei eit stort hønsehus ved sida av vognhuset. Dette stod mellom hotellet og Øyna. Bak hotellet og på Kleivedammen hadde dei også fleire store potetåkrar. I mellomkrigsåra var det ni tenestejenter på hotellet om sommaren. Desse budde i tredje etasje. I tillegg arbeidde ei for familien i bustadhuset. Utanom sommarsesongen greidde ein seg med to tenestejenter på hotellet. Vinterstid var det stort sett handelsreisande som


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

trong kost og losji. Desse pakka ut vareprøvene sine i fiskerommet og ”Storesalongen” i kjellaren, og handelsmennene i bygda tinga det dei ville ha.

skulle inn, og då var det berre å snu. Dette starta vi med medan vi enno var små og vi var lutande leie av det til slutt.

Hotellbesetninga talde elles også ein portier. Han hadde hue som stod Sivertsens Hotel på. Frå 1929, då hotellet fekk den første bilen, ein Chevrolet, måtte ein også tilsetje ein sjåfør. Nokre år seinare vart bil nummer to, ein Buick kjøpt. Då måtte ein naturlegvis også ha to sjåførar. Kristoffer, bror av hotelleigaren, tok hand om gjestene sin bagasje og var ansvarleg for gardsdrifta til hotellet. Dessutan budde Johan, bror til den førre hotellverten heime all si tid, og han sytte for ved og gjorde ymse førefallande arbeid. Også dei to sønene til Joachim, Kristoffer og Johan, hjelpte til i hotelldrifta. Kristoffer som hotellet sin faste sjåfør då han vart gamal nok. Både han og broren gjekk på hotellfagskule.

Sigrid fortel om ein tur ho hugsar spesielt godt:

Arbeidsdagane kunne bli lange for tenestejentene. Borghild fortel at ho tok til klokka sju om morgonen, og klokka kunne ofte nærme seg elleve før ho var i seng om kvelden. Spesielt reveutstillingane om hausten var ei hektisk tid. Hotellet var då oppfylt med reveoppdrettarar som skulle stille ut dyra sine i Revehallen på Utstillingsplassen. Borghild fortel: – Reveutstillingane varte i tre dagar. Då arbeidde vi mykje. Når dei ringde på frå tredje etasje, måtte vi først opp og høyre kva dei ville, så ned att og hente det dei skulle ha og så opp att. Slik sprang vi heile dagen. Det viste på tavla i resepsjonen kven som ringde. Det var ingen telefon på romma på denne tid, så det var tungvint.

– Ein dag hadde eg vore der fire gongar, og tenkte at dette var den siste gongen for dagen, for eg hadde aldri vore der meir enn fire gongar på éin dag. Då eg kom heim, fann eg ut at ville eg ha meg noko godt. Eg gjekk ned i kjellaren der det stod mange kakeboksar fulle av småkaker som kokken hadde laga. Eg passa på når kokken var inne i kjøtkjellaren og ikkje såg meg, for det var ”hans” kaker. Eg tok meg nokre kaker og kosa meg med dei. Eg hadde ein kjole med puffarmar på. Eg fylte puffarmen med kaker, og med det same høyrde eg det ropte: ”Sigrid, Sigrid du må kome.” Då var det fleire turistar som skulle inn til Eidsfossen og eg måtte følgje dei. Ein ordre var ein ordre. Eg måtte berre gå, med puffarmen full av småkaker. På vegen innover var eg skikkeleg galen, tykte det fekk no vere måte på, femte gongen på ein dag! Eg kunne ikkje engelsk, berre nokre få ord. Turistane prata, eg var ganske stille, sa berre eitt og anna ord om dei spurde etter noko som eg forstod. Då vi kom inn til Eidsfossen, lurde eg på kva eg skulle gjere. Vi pleidde å følgje dei over brua

Frøknene Møller frå Bergen – også kalla ”Tippene Møller” – var eit kjent og kjært innslag om sommaren. Frå venstre: Marie, som var eldst, Betsy med gul hatt og Jenny. Marie og Betsy budde alltid på nr. 18, medan Jenny hadde nr. 14. I mange somrar fram til sist på 1930-talet var dei faste gjester på hotellet. Og alltid hadde dei med seg stråkoffertane sine med dyner, puter og sjølvsagt klede.

og opp langs fossen, men eg måtte ete opp kakene, for eg kunne ikkje gå med dei i armen lenger. Eg fortalde dei at det er enno finare oppover der, medan eg gestikulerte og veiva med armane. Då fann dei ut at dei ville gå opp på fossen. Eg sette meg ned, eg fann ut at det ikkje var nødvendig at eg gjekk opp kvar einaste gong. Eg tok fram kakene og åt dei opp – alle saman, kunne ikkje akkurat by turistane nokre av dei. Turistane kom snart tilbake og var over seg av begeistring. Detta var det

Også dei to systrene til Borghild, Margit (f. 1915) og Sigrid (f. 1922) var frå tid til anna med og hjelpte til. Margit og Sigrid hadde ikkje den same interessa for hotellarbeid som Borghild hadde, og seier at dei ikkje var nøydde til å hjelpe til, men éin ting måtte dei; vere med turistane til Eidsfossen og Gamle Gimmestad kyrkje: – Til Eidsfossen gjekk vi opp Ulvesbakken, innover Eide og ned til fossen. Ofte var vi ikkje komne heilt heim før vi møtte eit nytt følgje som

Turistsesongen varte frå mai til ut september, altså same tid som laksefisket. Personalet var vanlegvis ti personar, på slutten av 1930-åra også to sjåførar. Biletet vårt er frå 1920-åra. Namna vi har er: Bak frå venstre nr. 2 frk. Endestad og nr. 3 Kristoffer K. Sivertsen, framme frå venstre nr. 2 Kristianna Søreide og nr. 3 Eli Eimhjellen.

11


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Seinare fekk Sigrid erfare at det ikkje alltid var så enkelt å skulle oppvarte finare bergensfruer i ei vanskeleg tid:

Klevasken var eit slit den gongen, lenge før vaskemaskina. Etter at tøyet var vaska på hotellet, vart det køyrd ned til Fargarelva for skyljing. Her er to av betjeninga i full gang med dette.

mest fantastiske dei hadde sett, og eg var letta over at eg endeleg hadde fått i meg kakene. På vegen heim trefte vi bestemor som spurde om eg hadde gått inn til Eidsfossen no igjen. Eg svara at det hadde eg, og då sa ho: ”Eg tenkjer du blir liggande der til slutt.” På denne tid var eg 11-12 år gamal. I tillegg til turane til Eidsfossen, måtte dei tre hotelleigardøtrene som nemnt også vere med turistane til Gamle Gimmestad kyrkje. I førstninga køyrde ein med hest og vogn. Sigrid fortel: – Vi sat gjerne bak på vogna, med beina dinglande utom kanten. På denne tid fanst det mest ikkje bilar, og om vi trefte ein, vart hesten ofte veldig redd. Seinare fekk hotellet eigen bil og vi køyrde med denne ut dit. Då stod vi på stigbrettet, med mindre det var plass i bilen, då fekk vi sitje på klappsetet. Oppgåva vår var å late opp grindene langs vegen. Vi fekk gjerne ti øre grinda, og var alltid litt spente på om det stod nokon andre ved grindene når vi kom, for då opna dei grinda og fekk pengane. Borghild legg til at ho kunne alt om denne gamle kyrkja, og ho forklarte så godt ho kunne det ho visste til turistane – gong etter gong. Det er liten tvil om 12

at desse turane til dei lokale turistattraksjonane våre, er det dei tre systrene set minst pris på frå oppveksten som medlemer av ein hotellfamilie.

Krigsåra

Med utbrotet av Den andre verdskrigen forsvann dei to viktigaste kundegruppene til hotellet: turistar og sportsfiskarar. Til gjengjeld kom det mange gjester frå byane, særleg frå Bergen. Dette var folk som for kortare periodar trekte vekk frå byen for å prøve å skaffe mat og andre naudsynte ting frå gardane på landsbygda. Også tyske soldatar tok inn på hotellet i desse åra. Fiskerommet i kjellaren blei teke til hermetikklager for okkupasjonsmakta. Her arbeidde russiske krigsfangar. Sigrid fortel: – Eg hugsar godt 9. april 1940. Eg var på anretninga og far kom inn og var heilt kvit i fjeset. Han fortalde at krigen var broten ut, tyskarane var komne inn til Oslo. Eg hugsar også at far seinare sende mor og bestemor i potetkjellaren bak hotellet når det var flyalarm. Han ville òg ha meg opp der, men eg protesterte for eg ville ikkje, eg sprang berre opp med kaffi til dei.

– Det kunne vere vanskeleg å få tak i folk som ville arbeide på hotellet under krigen. Mange ville heller arbeide i fabrikkar, for der var det kortare arbeidstid. På eit hotell måtte ein jamvel arbeide på søndagar. I alle tilfelle måtte også eg, som eigentleg ikkje var brukande til den slags arbeid, hjelpe til med oppvarting, servering og slikt noko. Ein søndag skulle vi ha torsk til middag. Spisesalen var stappande full, stort sett av bergensarar. Ei jente frå Viksdalen og eg skulle servere. Det var mange småbord rundt i salen, og torsken var veldig fin, for far hadde god greie på fisk. Ved eitt av borda sat to bergensdamer. Den eine var heilt i harnisk, for ho kunne ikkje ete fisk på ein søndag. Her kom dei frå byen og vart servert fisk på helgedagar! Eg prøvde så godt eg kunne å forklare at noko anna ikkje var å oppdrive, men torsk skulle ho absolutt ikkje ete. Eg spurde far kva eg skulle gjere, og han gav beskjed om at vi ikkje hadde noko anna, så det var berre torsk som blei servert den dagen. Då vi gjekk rundt med fata andre gongen, gjekk eg forbi ho som absolutt ikkje ville ha. Då lurte ho på om ho ikkje skulle få, og eg sa at eg rekna med at ho ikkje ville ha noko, for det hadde ho sagt. Då ville ho ete likevel. Eit par veker seinare høyrde eg plutseleg: ”Hei hei, her kommer vi igjen”. Då stod dei same to damene i døra og ville ta inn att på hotellet. Dei hadde reist rundt litt og funne ut at det ikkje var noko betre stell å få andre plassar, og difor var dei komne tilbake. Litt av bakgrunnen for den finare bergensfrua sin reaksjon denne søndagen var nok at ho, som ein del andre byfolk, venta at det på landet framleis skulle vere rikeleg med mat å oppdrive. Rett nok var tilstanden på landsbygda langt betre enn i byane i krigsåra, men også her var det mangel på mange varer. Dette fekk også hotellet merke. Familiemedlemer måtte på bygda for å prøve å skaffe egg og andre matvarer ein kunne by gjestene. Resultatet kunne ofte vere heller dårleg.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

For Borghild, som hadde arbeidd på hotellet frå ho slutta på skulen, og som fram til no hadde tykt det var eit triveleg arbeid, vart krigsåra eit vendepunkt: – Eg likte hotellivet heilt til tyskarane kom. Etter kvart vart eg sint på desse som overtok heile greia. Dei leigde seg inn og fór veldig pent åt, for dei var under streng disiplin. Men støvlane deira stod på rad og rekke utanfor romma deira, og eg måtte pusse dei fordi eg var romjente. Å pusse desse støvlane baud meg så valdsamt imot at eg plutseleg bestemte meg for å slutte. Eg tok til i sjukepleia. Dette likte ikkje far. Han ville eg skulle gå hotellvegen. Han sa det aldri til meg, men han sa det til andre at var det nokon som skulle ha hotellet, så var det ho Borghild, for ho hadde interesse i det. Gutane vart sende på hotellskule, det vart ikkje eg, for eg skulle arbeide med ein av dei. Det ville ikkje eg gå med på, så då tok eg til i sjukepleia og reiste seinare til Amerika. Hotellet var ope heile året, med unntak av i julehelga. Då var det heilt stengt. Men ei jul under krigen kom ein gjest som absolutt ville bu på hotellet til jula var over. Den reisande fekk ønsket sitt oppfylt, og julekvelden hadde ikkje familien Sivertsen hjarte til å late han sitje igjen åleine i hotellet. Dei bad han

I soga om Sivertsens Hotel kjem ein ikkje utanom eit fiskebilete. Her frå sjøaurefiske i september 1936. Frå venstre kleppar Jon Nyhagen, kleppar Kristen Nyhagen, Miss Cross, Mrs. Tryninger, hotelleigar Joachim Sivertsen, Miss Mc Gregor, kleppar Ole J. Nyhagen og Mr. Tryninger.

difor inn til seg i bustadhuset for å feire jul. Med tanke på alle dei ettersøkte personane som var på flukt i krigsåra, kan ein i ettertid berre spekulere på kva som gjorde at denne framandkaren ville bu åleine på eit tomt hotell på Sandane i julehelga. Sivertsens Hotel kom seg gjennom krigsåra på ein skapeleg måte. Om aktiviteten var mindre enn til vanleg, heldt ein hjula i gang. Fem tunge år enda med stor glede. Engelske soldatar, The Red Devils, kom til Sandane og tok inn på hotellet. Det vart ein del festing og feiring av at krigen var vunnen, men dei allierte soldatane fekk gjere som dei ville, dei var så hjarteleg velkomne!

Hotellet i etterkrigstida

Portieren hadde alltid slik lue når han møtte på rutebil eller båt for å hente – eller kapre – gjester. Det kunne ofte vere ”kamp” om gjestene med det andre hotellet på Sandane. Her syner 5. generasjon Sivertsen fram lua som blei brukt.

Etter at krigen var slutt og kvardagen smått om senn vende tilbake til det normale, fall også hotelldrifta inn i det gamle sporet. Laksefiskarar og turistar vart igjen dei viktigaste inntektskjeldene. Rett nok var Gloppeelva dei første åra etter krigen berre sporadisk utleigd. Grunneigarane leigde ut kvar sine rettar, og tida då engelske flugefiskarar stod langs elvebreidda var over. I desse åra vart det dermed ikkje den same trafikken av laksefiskarar på hotellet som det hadde vore i mellomkrigstida. Frå 1954 leigde Den norske Amerikalinjen heile Gloppeelva, først for ti år,

seinare i ytterlegare 15 år. Første del av denne tida måtte Sivertsens Hotel konkurrere med Hotel Gloppen om å ha laksefiskarane buande hjå seg. Joachim Sivertsen døydde i 1958. I nokre år vart hotellet no eigd av familien, og drive av Johan Sivertsen. Johan kjøpte ut syskena i 1965. Han var gift med Inger Helen Andersen, fødd i Halden. Saman fekk dei borna Johnny og Frode. Johan gjorde etter kvart om ”Storesalongen” og den gamle landhandelen i kjellaren til festsal. I 1970 sette han opp eit tilbygg i betong på baksida av hotellet. Med flatt tak og vindauga plasserte i tette band bortover fasaden, var dette eit markert stilbrot i høve til den ærverdige trebygningen. Men dette skjedde i ei tid då respekten for den gamle stilen var så liten at ein kanskje bør vere glade for at den gamle delen i det heile blei bevart. Tilbygget inneheldt Johan sin privatbustad i første etasje, og nye gjesterom i andre. Broren Kristoffer kjøpte på denne tida ein folkevognbuss og brukte denne som hotellbil. Med denne køyrde han turistar rundt i distriktet. Kristoffer var flink til å prate med turistane og var såleis svært godt likt. Dei siste åra med Johan Sivertsen som hotelleigar kan vel i ettertid sjåast på som ei stagnasjonstid. Framleis var 13


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Hotellet etter at det vart bygd ny fløy attåt i 1970. Foto: Normann.

laksefiskarane ein viktig del av driftsgrunnlaget, og trafikken i sommarsesongen var såpass bra at det la grunnlag for heilårsdrift. Johan fekk også kjøpe Pettersen sin fiskerett i Gloppeelva medan han var hotelleigar, utan tvil eit pluss for drifta av hotellet.

Ein epoke tek slutt

I 1984 blei hotellskøyta overdregen frå Johan Sivertsen til Sivertsens Hotel A/S. Medlemer av Sivertsen-familien sat med alle aksjane, og hotellet blei drive av slekta. Også Johan hadde aksjar og sat i det nye styret. Det vart no føreteke ei større oppussing av store delar av hotellbygningen. I kjellaren vart det gamle fiskerommet og festsalen, som Johan hadde fått stelt i stand, slått saman til diskoteklokale. Fiskarane fekk eit nytt rom i enden av første etasje, det som sidan har vore kjent som Fiskesalongen. Det vart laga nytt kjøkken der den gamle anretninga og spisesalen hadde vore. Johan flytte ut av privatbustaden og denne blei gjort om til spisesal. Romma i andre etasje vart pussa opp og det vart laga ny resepsjon. Men det var ikkje enkelt å få økonomi i drifta av hotellet etter den omfattande oppussinga. Etter fleire år med underskot vart papira leverte til skifteretten i august 1988. Sivertsens Hotel A/S var konkurs. Langt over 100 år med gjestgjevar- og hotelldrift i Sivertsenfamilien var historie Hotellet blei oppkjøpt av K. Strømmens Lakseoppdrett i Bremanger, som også endra namn på hotellet. Gloppen Turisthotell A/S vart det nye namnet. 14

Gloppen Hotell etter den siste utbygginga i 2011.

Den 1. desember 1994 skifta hotellet igjen eigarar. Dag Moen, som hadde vore dagleg leiar av hotellet under K. Strømmens Lakseoppdrett, løyste saman med kona Irene ut dei tidlegare arbeidsgjevarane sine og overtok staden. Namnet vart nok ein gong endra, denne gongen til Gloppen Hotell. Dei var begge opptekne av hotellet si lange historie, og gjennom å ta vare på gamle gjenstandar og møblar, prøvde dei å føre den gamle trebygningen – så langt det lét seg gjere, tilbake til opphavleg stand. Eit omfattande rehabiliteringsarbeid vart utført. Ekteparet fekk mellom anna Gloppen kommune sin kulturpris for dette.

•• Samtale med Arne Øygard, hausten 2005.

I 1996 overtok hotellet fiskerettane i Gloppeelva. Sjølv om tidene har endra seg og hotellet sine gjestar i vintersesongen for det meste er kursog konferansedeltakarar, set framleis laksefiskarane sitt preg på det tradisjonsrike hotellet i sommarmånadane.

•• Thor Eide: ”Skysstrafikken 18901940”, Årbok for Nordfjord 1973.

I juni 2011 sto ny konferansedel med resepsjon, kontor og 24 gjesterom klar til bruk. Bygget er knytt til det historiske bygget med ein mellombygning. Dag Moen gjekk brått bort våren 2013. I dag er det sønene Preben og Dag Håkon som eig og driv hotellet, med god hjelp frå mor Irene.

Kjelder:

•• Samtale med systrene Margit Øygard, Borghild Wathne og Sigrid Dahle, hausten 2005. •• Samtale med Berent Sandene, hausten 2005.

•• Jacob Aaland: ”Nordfjord fraa gamle dagar til no. 2. Gloppen – Breimn.” 1935. •• Per Sandal: ”Soga om Gloppen og Breim”. Band 2, 1979 og band 4, 1992. •• Lars P. Søreide: ”Gloppenelva – folket og laksen”, 1991. •• Finn Borgen Førsund: ”Transport mellom fjordar”, 1995. •• Hans Martin Underdal og Jens Christian Eldal: ”Tradisjon og atmosfære – en reise til norske trehoteller”, 1996.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Nye privatarkiv i 2015 I alt vart det registrert 87 nye privatarkiv i katalogen vår i 2015. For meir informasjon om innhald og ytterår, sjå www.arkivportalen.no SFF-2015101 SFF-2015102 SFF-2015103 SFF-2015104 SFF-2015105 SFF-2015106 SFF-2015107 SFF-2015108 SFF-2015109 SFF-2015110 SFF-2015111 SFF-2015112 SFF-2015113 SFF-2015114 SFF-2015115 SFF-2015116 SFF-2015117 SFF-2015118 SFF-2015119 SFF-2015120 SFF-2015121 SFF-2015122 SFF-2015123 SFF-2015124 SFF-2015125 SFF-2015126 SFF-2015127 SFF-2015128 SFF-2015129 SFF-2015130 SFF-2015131 SFF-2015132 SFF-2015133 SFF-2015134 SFF-2015135 SFF-2015136 SFF-2015137 SFF-2015138 SFF-2015139 SFF-2015140 SFF-2015141 SFF-2015142

Brevegen AS Skram, Hans Årdalstangen Kjemiske Arbeidarlag Årdal Kjemiske Fagforening NBF Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane krets av Norges Bridgeforbund Tine Meieriet Vest, avd. Førde Mardal, Svein Steine, Haakon Sunnfjord Distriktsbarnelosje Sogn og Fjordane Ekspeditørlag Naustdal, Knut Grepstad, Knut Henning Vik Handelsforening Bruhjell, Eirik Thomassen, Olav Amerikabrev - oppsamling Bjørkum, Andreas Helle Teglverk Florø Samlag Gaular Skogeigarlag Lundekvam, Inga Yndestad, M.H. Bygstad Avhaldslag Heggheim, gnr. 15 i Jølster Nordnæs, Martha Sigrid Sogn og Fjordane fylkeslag av Noregs Heradsamband Gausemel, Rasmus Austrheim forsamlingshus Breims tobakafholdsforening Den Norske Jordmorforening, avd. Sogn og Fjordane Haugen, Sigurd Aarheim, Audun Stryn Samfunnshus Johan Scmidt Steen Vågsøy hestealslag Hilde, gnr. 42/9 i Stryn Sunnfjord Folkemuseum Sjukehusnemnda for Sogn og Fjordane Villesvik, Bergitt Bremanger Spareforening Systrond Sogelag

SFF-2015143 SFF-2015144 SFF-2015145 SFF-2015146 SFF-2015147 SFF-2015148 SFF-2015149 SFF-2015150 SFF-2015151 SFF-2015152 SFF-2015153 SFF-2015154 SFF-2015155 SFF-2015156 SFF-2015157 SFF-2015158 SFF-2015159 SFF-2015160 SFF-2015161 SFF-2015162 SFF-2015163 SFF-2015164 SFF-2015165 SFF-2015166 SFF-2015167 SFF-2015168 SFF-2015169 SFF-2015170 SFF-2015171 SFF-2015172 SFF-2015173 SFF-2015174 SFF-2015175 SFF-2015176 SFF-2015177 SFF-2015178 SFF-2015179 SFF-2015180 SFF-2015181 SFF-2015182 SFF-2015183 SFF-2015184 SFF-2015185 SFF-2015186 SFF-2015187

Engdal, Andreas Vik og Vangsnes Reiselivslag Sogndal/Leikanger Reiselivslag Årdal Reiselivslag Lærdal og Borgund Reiselivslag Luster Reiselivslag Fagerheim, Oddleif Monsson, Olav Sogn og Fjordane Skogselskap Davik Bondekvinnelag Davik Mållag Vik notlag Firda Exportlag Aasebø, Erik Sogn og Fjordane Reiselivsråd Skåsheim, gnr. 5 i Balestrand Sognefjorden AS Sogndal Reiselivslag Sogndal Næringssamskipnad 17.mai - nemnda, Balestrand Bygdeliste for Balestrand Lærdal Jordbrukslag Rikheim og Ljøsne kvegavlsforening Lærdal Slaktelag Lærdal Fjøsrekneskapslag Brødrene Kleiven Raudt Vågsøy Sogn og Fjordane Distrikt av NKP Høyanger Kommunistiske Ungdomslag Høyanger Ungdomsråd Høyanger Kommunistlag Lærdal og Borgund heradsparti (DNA) Lekangers Afholdsforening Rusten, Abraham Rusten, Anna (f. Meidell) Rusten, Erik Rusten, Ingeborg Christine Flood Fresvik Skoglag Fagleg 1. mai-front Høyanger Kvinnefronten i Førde Streikestøttekomiteen i Førde Streikestøttekomiteen i Høyanger 3. verda komiteen i Førde Veum, Owen L. Sogns Iskompagni 15


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Audhild Viken, ein pioner for turisthandel

Av Sigrun Espe

Audhild Viken (1915-2000) vaks opp på garden Fossheim i Jølster, der mor hennar, Olina Fossheim, var kjend som ei kjelde til kunnskap om og samlar av tradisjonell klednad. Audhild organisererte etter kvart eit stort nettverk av medarbeidarar og utvikla eit salsapparat gjennom Audhild Vikens Vevstove, den største turisthandelsverksemda i Noreg.

Turistar i Audhild Vikens vevstove

Salsbod på torget

Å gripa sjansen

I ei tid då mange vende ryggen til det tradisjonelle og til dei norske husflidstradisjonane, ville Audhild ta vare på og spreia desse. Ho starta i det små med å byta vevnad mot andre varer i Bergen. Dette fekk fleire til å forstå at husflidsvarer framleis hadde ein stor verdi. Under krigen 1940–45 vart det god marknad for vevnader på grunn av mangel på tekstilartiklar. Like etter krigen kom andre varer som utkonkurrerte vevsakene ei tid. Tidleg i 1950-åra tok omsetnaden seg opp att. Audhild starta vevstove og etablerte firmaet Audhild Vikens Vevstove på Skei i Jølster i 1950. Litt etter vart ektemaken arbeidsufør, og Viken vart eineforsørgjar av familien med mann og to søner.

Organisert produksjon og omsetnad

Med rikeleg tilgang til heimeproduserte husflidsprodukt reiste Audhild rundt med varer i kofferten. Salsturane gjekk fyrst med rutegåande transport, med båt, til fots, på sykkel og moped, og seinare med bil. Dei omfatta etter kvart heile Sør-Noreg. Ofte var det slekt 16

Salsboder

eller vener som tilbaud overnatting. Interessa for produkta ho baud fram var stor, salet auka sterkt, og ho hadde ei tid over 200 deltidsengasjerte vevarar frå store delar av Sunnfjord. For kvinnene som produserte for Audhild var dette vart ei viktig attåtinntekt. Svært mange var husmødrer som ikkje hadde arbeid utanfor heimen,

og for dei var husflidsproduksjonen og inntekta kjærkomen. Audhild greidde å organisere produksjon og omsetnad slik at produksjon av husflidsvarer kunne bli ein leveveg for mange i utkant-Noreg. Ho har vore ei føregangskvinne for det som i dag er eit viktig slagord i husflidsarbeidet: «Frå tradisjon til næring».


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Turisthandel

Viken tilsette etter kvart faste medarbeidarar og måtte sjølv slutta å veve for å ta seg av drifta av firmaet, og ikkje minst val av nye mønster og fargar i produkta. Utsalet på Skei vart utvida og trekte til seg den aukande turiststraumen i Noreg. Turisthandelen auka sterkt framover mot tusenårsskiftet. I sommarsesongen er utsalet på Skei no

Sal av husflidsvarer frå bilen

ein fast stoppestad for turistbussar frå mange land og turistar frå alle verdsdelar.

•• Kvinnestemmerettsprosjektet: www.kvinnestemmer.net/ jolster-audhild-viken

Litteratur og kjelder

Alle bileta tilhøyrer familien Viken. Fotograf: Ukjend.

•• Fossheim, Kristian (14.02.2011), Allkunne: «Audhild Viken» •• Fagermoen, Erland - Leiar i fylkeskulturutvalet (1988): Utdeling av Fylkeskulturprisen 1988

Souvenirs

Audhild Viken, Fotograf: Knut Uppstad / Stavanger Aftenblad

17


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Samlar inn bilete av skulehus

Av Sigrun Espe

Eit klasserom på den gamle skulen i Reksta, kjend som Rekstakjellaren. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune. cc-by-sa

Er det framleis lys i vindauga i ditt gamle skulehus? I kva form lever dei gamle skulehusa vidare der du bur? Mange gamle skulehus er i dag grendahus, privathus eller skulemuseum, og mange fleire har forsvunne. Prosjektet Skulen min er godt i gang med å samle skulehistoria i Sogn og Fjordane, og bilete av gamle skulehus er ein viktig del av dokumentasjonsarbeidet. Vi har allereie knipsa bilete av mange skular, men Sogn og Fjordane eit vidstrakt fylke og vi rekk ikkje over alle. Vil du hjelpe oss, eller er du kanskje medlem i eit sogelag som har lyst å engasjere seg i dette? Du kan fotografere skulehus i ditt nærområde og sende det til oss på skulenmin@sfj.no eller bruk emneknaggen #skulenmin på Instagram eller Facebook.

18

Etter kvart ønskjer vi også å samle inn meir informasjon om dei lokale skulane og personlege forteljingar frå skuletida. Ta kontakt om du vil bidra! Alle bidrag er velkomne, store som små. På LokalhistorieWiki.no kan du søke opp prosjektet «Skulen min» og sjå kva vi har gjort til no. For meir informasjon om prosjektet og kontaktinformasjon: www.sfj.no/ skulen-min.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Kåre sine skuleminne frå tre ulike krinsar

Av Annette Langedal Holme

Det er januar 2016. På kommunehuset i Hyllestad sit to damer som har tatt turen frå Leikanger for å snakke med Kåre Djupevik frå grenda Kolgrov. Han har sagt seg villig til å snakke med oss om skuleminna sine i samband med skuleprosjektet Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen held på med. Han ser på oss med kvikke auge og eit lurt smil. Han byrje å fortelje: Jau skuletida hugsa han godt. Visste vi at han hadde gått på tre ulike skular før han var ferdig på folkeskulen? Nei det visste vi ikkje. Han humrar litt før han tek til å fortelje: først gjekk eg på skule heime på Kolgrov, deretter gjekk eg på Sågnes og til slutt i Hyllestad. Kåre var ein skuleelev i utkanten som måtte byte skular for at skulebudsjettet skulle gå i orden. Han opplevde strabasiøse skulevegar og vart kasta ut i det nye og ukjente. Likevel har Kåre for det meste gode minne frå skuletida si.

Kolgrov skulekrins

Kolgrov skulekrins finn vi heilt tilbake til 1862. (13 ungar) Då bestod krinsen av gardane Ytrefjord, Indrefjord, Kolgrov og Atterås. Det må ha vore ein tungvint krins, trass i at det var omgangsskule. Ytre- og Indrefjorden ligg innerst i Lifjorden. Kolgrov ligg opp i høgda over fjorden. Atterås ligg ned på andre sida av høgda. I 1867 vart krinsen mindre då Atterås vart flytta til Hyllestad krins. Kolgrov, Indre- og Ytrefjord heldt fram med omgangsskule til 1881, då vart krinsen slått saman med Hellem krins i Lifjorden. Då måtte ungane frå Kolgrov krins bu vekke medan dei gjekk på skule. Utanom dei mørkaste vintermånadane, dei fekk då heimeskule i kring 5 veker. Denne ordninga hadde dei fram til 1893, då vart det bestemt at Kolgrov på ny skulle bli eigen krins. For å få til dette med lærarressursane Hyllestad kommune hadde,

Kåre Djupevik og prosjektmedarbeidar Annette Langedal Holme godt i gang med forteljinga til Kåre.

fekk Kolgrov berre 9 skuleveker, mot 12 som det strengt tatt skulle vere. Då Kåre Djupevik byrja på Kolgrov skule i 1932, var Kolgrov ein liten skulekrins med udelt skule. Det hadde vore eit jamt elevtal dei siste 40 åra. Elevtalet var sjeldan høgare enn 10 og aldri høgare enn 12. Dei første skuleåra til Kåre var dei 6 elevar. Det var ingen ungar i Ytrefjord, men det var elevar både på Kolgrov og i Indrefjord. Det vart aldri bygd eige skulehus i krinsen så det var omgangsskule rundt om på dei forskjellige gardane. Skulen hadde lenge vore i Ytrefjord, men kort tid etter at Kåre byrja skulegangen, vart den flytta til Indrefjorden til eine stova til Kristoffer Bekken.

Skulen i Indrefjord

Skulevegen til Indrefjord var både strabasiøs og kronglete, over stokk og gjennom steinur. Ein måtte passe seg for å ikkje gå seg ut på hamrar, for det er bratt i frå Kolgrov og ned i Indrefjorden. Heldigvis hadde Kåre følgje med systera, som er to år eldre på denne skulevegen. I 30-åra var

det mykje snø og sterk austavind om vinteren. Då måtte faren følgje med og måke veg for dei. I 1934 var to av dei seks elevane i Kolgrov krins ferdige i folkeskulen. Med berre fire elevar att i krinsen, utan utsikt til fleire elevar, spøkte det for skulen. Likevel fekk skulen halde fram med det låge elevtalet. Kolgrov krins fekk behalde skulen fram til våren 1937 , då var systera til Kåre og ei anna jente ferdig på skulen. Tilbake sat to gutar med eit, og to år att i skulen. Kva kom til å skje med dei? Vi kan lese i skulestyreprotokollen: «24.05.1937. Sak 8. Kolgrov krins vert inndregen frå 30.06 1937. Der er no 2 born i Kolgrov og dei bør etter skulestyret sitt skyn få høve til å søkja skule i Sognnes.»

Ein hit og ein dit

I møteboka til skulestyret kan vi lese at dei to ungane bør overførast til skulen i Sågnes. Men når det nye skuleåret starta over sommaren, var det berre 19


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Utdrag frå dagboka for Kolgrov krins 25.mai 1937. Lærarinna Orlaug Sognnes noterer at krinsen er inndregen.

Kåre som rodde over Lifjorden til ny skule på Sågnes. Den andre guten, Bjarne Bekken, måtte ta turen til skulen i Rysjedal. Kvifor det? Her kjem skuleøkonomien inn i bilete, og problemstillinga om ein skulle velje udelt eller todelt skule. Udelt skule tydde at heile folkeskulen gjekk på skulen samtidig. Var det 12 eller færre elevar hadde skulen udelt klasse. Ofte ønskte skulestyra å halde skulane udelt, for då kunne dei bruke ein lærar på to udelte skular. Då skulte læraren to veker på kvar skule. Om skulen vart todelt, tok den skulen opp ein heil lærarpost, noko som baud på store utfordringar i skulebudsjettet. Skulen i Sågnes hadde i 1937 11 elevar før gutane frå Kolgrov kom til. Med to nye elevar ville det nye elevtalet bli 13 og skulen måtte delast. Dette såg ikkje skulestyret seg syne med og det vart bestemt at Bjarne skulle sendast til skulen i Rysjedal, medan Kåre skulle til Sågnes.

Sågnes skulekrins

I frå 1862 bestod Sågnes krins av gardane Sågnes, Sætevik, Nesje og Rysjedal. Krinsreguleringa i 1862 var i mange høve eit prøveprosjekt og alt i 1864 kom det på ny endringar. Då vart Rysjedal skilt frå Sågnes og gjekk inn i Bøfjorden krins. Samtidig miste Sågnes rolla som sjølvstendig krins og fekk berre halde vinterskule heime på Sågnes. Resten av skuleåret måtte ungane reise til Lifjorden. I tidsrommet 1864-1867 omfatta Lifjorden krins heile Lifjorden frå Hellem til Risnes. I 1867 kom det på ny ei krinsregulering i Hyllestad og Lifjorden vart delt i to krinsar. Sågnes heldt fram med å reise på skule til Risnes krins i som20

marhalvåret fram til 1881. I frå 1881 vart elevtalet på ny så høgt i Sågnes at dei kunne halde skule i krinsen heile året. I 1886 vart også Rysjedalsvågen ført tilbake til krinsen. Resten av Rysjedal vart overført til Sågnes kring 1909-1911. Innan Kåre Djupevik tok til på Sågnes skule, hadde Rysjedal på ny forsvunne ut av krinsen og etter kvart blitt ein eigen krins frå 1926.

Sågnes skule

Første turen til Sågnes skule var ei ny oppleving frå både far og son, då dei rodde over Lifjorden til halvøya Sågnes. Dei hadde fått lånt seg ein båt i Indrefjorden og no måtte dei gå over halvøya for å komme til skulen. Det var nok med litt ekstra sommarfuglar i magen Kåre tok til på sitt sjette skuleår. For han skulle ikkje få følgje med faren heim att til Kolgrov når skuledagen var over, Kåre skulle bu vekke hos ein familie på Sågnes. Han budde to veker på Sågnes og hadde to veker heime. Skulen var seks dagar i veka, måndag til laurdag. Faren brukte å hente han på laurdagskveldane etter at skulen var slutt. «Det gjekk eigentleg overraskande greitt» seier Kåre sjølv. Familien han budde med var greie, og han hadde den same lærarinna som han hadde hatt i Kolgrov. Lærarinna, Orlaug Sognnes, hadde, fram til Kolgrov vart lagt ned, ei delt stilling mellom Kolgrov og Sågnes. For å få full stilling vidare fekk ho no ny lærarpost i Skor skulekrins. Kåre minnast lærarinna si med varme tankar. «Ho hadde omsorg for oss og passa alltid på at vi fekk tørka kleda våre på vedomnen når vi hadde baska oss til skulen i alt slags veir». Sjølve skulen var også noko nytt for

Lærarinne Orlaug Sognnes med ei bok utanfor huset sitt i Indrefjorden. Kåre kan fortelje at ho budde i same huset som han i Sågens, når ho heldt skule i der.

Kåre. Tidlegare hadde han gått på skule i ei privat stove, der dei sat langs med langbordet og arbeidde. I Sågnes hadde dei eige skulehus og ikkje minst pultar til alle elevane. Desse pultane var det litt stas med hugsar Kåre. Skulehuset i Sågnes stod i Sætevika. Sjølve huset vart opphavleg bygd i 1892 som skulehus for Birkeland krins. I Birkeland vart skulehuset for lite og det vart bestemt at dei skulle bygge eit nytt. Det gamle skulehuset vart då pakka ned og sett opp att i Sågnes i 1927. Kåre gjekk eit skuleår i Sågnes. Då neste skuleår skulle ta til, auka elevtalet til 13 elevar. Som nemnt over var skulestyret no plikta til å lage todelt skule i Sågnes. Det tydde at Sågnes krins ville ta opp ein full lærarpost og det måtte tilsetjast ein lærar til i kommunen. Dette såg ikkje kommunen seg råd til, så dei kom opp med ei anna løysing; Guten frå Kolgrov kunne bytte krins til Hyllestad. Då vart elevtalet i Sågnes 12, og dei kunne halde fram med udelt skule.

Hyllestad skulekrins

Hyllestad krins låg i dagens kommunesenter og famne i dag om heile


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Kåre Djupevik med familien på konfirmasjonsdagen til systera i 1937. Frå venstre: Brita Djupevik, Kåre Djupevik, Ole Djupevik og fremst konfirmanten Ragna Djupevik. Hausten same året måtte Kåre flytte heimafrå for å gå på skule i Sågnes.

kommunen. I 1860-åra var Hyllestad ein fattig krins som strevde med å få satt opp eit skulehus i krinsen. Skulehus fekk dei til kring 1895. Under krinsreguleringa i 1862 omfatta Hyllestad krins gardane Kleive, Myklebust Hyllestad, Nes, Einevoll, Sæsol, Sørefjord, Berge og Rønset. Alt i 1864 blir krinsen delt i to og Sørefjord, Berge og Rønset dannar Sørefjord krins. Som nemnt blir Atterås flytta frå Kolgrov krins til Hyllestad krins i 1867. I nokre år freistar skulestyre å slå saman Hyllestad og Sørefjord krinsar, frå 1888 til 1894. Skulevegen mellom Sørefjorden og Hyllestad viste seg å vere for krevjande for skuleborna, og krinsane vart på ny delt i to. Slik heldt krinsen seg fram til Kåre steig inn i skulehuset i Hyllestad, hausten 1938.

gjekk siste stykket ned til Hyllestad. På ny vart det mykje nytt for Kåre, han kjende korkje elevane eller læraren, men han kan ikkje minnest at det var eit problem. «Eg opplevde aldri nokon form for mobbing og læraren var grei». Det var todelt skule i Hyllestad, delt inn i småskule og storskule. Læraren var Olav Nornes, han hadde full lærarstilling i Hyllestad. Lærar Nornes var ein omtykt lærar som virka i fleire skular i Hyllestad frå 1923-1967. Han var også den første skuleinspektøren i kommunen, tilsett 1954. Kåre hugsa spesielt godt at dei måtte fram og seie høgt det dei hadde pugga. Det var helst landkunna (geografi) Kåre likte best. Han minnest ein gong han var fram og ramsa opp det dei hadde lært, då sa Nornesen «Detta var bra Kåre!».

Hyllestad skule

Skuleelevar som bur i utkanten av skulekretsar har ofte hatt lange og strabasiøse skulevegar gjennom krattskog og over bratte hamrar. Skulehistoria til Kåre Djupevik gir oss eit innblikk i utfordringane skulen hadde i dei harde 30-åra. Spørsmålet om det skal vere udelt eller todelt skule går att i alle skulestyra i fylket, og det er ikkje

På ny måtte Kåre ta til på nytt skuleår i ny skule. Det var ein lang skuleveg frå Kolgrov og ned til Hyllestad, men han kunne bu heime. Det hadde ikkje kome veg opp til Kolgrov på denne tida, det gjekk berre ei rås. Om vinteren brukte Kåre å gå på ski fram til brattaste bakkane, då sette han i frå seg skia og

Til slutt

uvanleg at grender med få ungar får lang skuleveg. Kva for grender som opplevde dette, endra seg også. I 1950 var det på ny nok ungar i Kolgrov til å opprette eigen skule. I 1955 sat det berre to ungar att i Sågnes krins, då er det interessant at skulestyret foreslo å flytte dei to elevane til Kolgrov.

Litteratur

•• Intervju med Kåre Djupevik 25. januar 2016. Kommunehuset i Hyllestad kommune. •• Intervju med Arvid Rysjedal 25. januar 2016. Hotel Sognefjord i Hyllestad kommune. •• Eide, Kjell (2003) Soga bak skulehuset i Sætevika, Sogeskrift for Hyllestad 2003, s17-20. •• Skulestyret i Hyllestad. Møtebok 1861-1890. •• Skulestyret i Hyllestad. Møtebok 1890-1917. •• Skulestyret i Hyllestad. Møtebok 1917-1945. •• Kolgrov krins. Dagbok 1914-1937.

21


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Vossavalsen, sa du?

Av Synnøve S. Bjørset, musikkarkivar

Vossavalsen har vore i flittig bruk av generasjonar av spelemenn, og er ein kjend og kjær danseslått som mang eit dansepar har svinga seg til på fest. Sigbjør n Ber nhof t Osa si innspeling av valsen var truleg med på gjere slåtten kjend for eit stort publikum landet over. Og eit kjapt søk på YouTube viser at Vossavalsen i dag har funne vegen heilt til Amerika. Men kjem denne valsen eigentleg frå Voss, slik namnet tyder på? Meisterspelemannen Sjur Helgeland

Mange reknar meisterspelemannen Sjur Helgeland (1858-1924) frå Myrkdalen som kjelda til Vossavalsen. Ein transkripsjon folkemusikksamlaren Arne Bjørndal gjorde etter Helgeland i 1914, fortel ei litt anna historie. På notearket kan vi lese: «S. Helgeland fekk slaatten av Per Sandnes, Lærdal». Kven Sandnes hadde slåtten etter, er ikkje kjent.

Kappleikane i Bergen

I 1896 skipa Vestmannalaget til den første kappleiken i Bergen, og her var Helgeland mellom dei 20 påmelde deltakarane. Og det var nettopp meisterspelemannen frå Vossestrand som skulle gå av med sigeren og få kr. 50,- i premie. Domsnemnd var «Herrarne: Dispachør Frants Beyer, Konsul John Grieg og Kapellmeister Johan Halvorsen». Etter kappleiken skreiv Bolette Pavels Larsen eit referat som vart prenta i Folkebladet 1896, nr 18: «Sjur Helgeland fra Vossestranden, der vandt første Præmie, er, efter Domsmændernes Sigende, rent et Geni. Han har, som man ser, et prægtigt ansigt, er en ægte Vossetype. Han er godt kjendt af mange Bergensere, men blandt dem der sætter Pris paa ham, maa det være nok at nævne bare et Navn, der veier alle de andre op: Edvard Grieg.»

22

Møttest i Bergen?

Moglegheit for å vinne pengepremiar, få godord og skryt, møte og «bryne seg på» andre gjorde kappleikane til ein magnet for spelemenn. Då, som no. Og alt året etter, i 1897, finn vi Per Sandnes som deltakar på kappleiken. I konkurranse med ei rekkje spelemenn frå heile Sør-Noreg spelte han seg til ein tredjeplass i klassen for dei over 22 år. Om Sjur Helgeland var med på kappleiken i 1897, kjenner vi ikkje til. Men i 1898 finn vi både Per Sandnes og Sjur Helgeland som deltakarar. Helgeland vann seniorklassen, medan Sandnes fekk «Umframpremie» saman med Ola Mosafinn og Eivind Aakhus. Kven veit, kanskje var det på denne kappleiken i 1898 Sjur lærde valsen av Per? Meir enn 100 år seinare lever valsen i alle høve i beste velgåande!

LITTERATUR

Hannaas, Tor. Vestmannalaget i 100 år. Bergen: Norsk bokreidingslag, 1978

ARKIVKJELDER / SAMLINGAR

Arne Bjørndals Samling, notesamlinga, Griegakademiet – Institutt for musikk, Universitetet i Bergen


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Gald, Gadden og Galdane

Av Kristian Solvang

Frå mange av støylane i Indre Nordfjord får vi ei ualminneleg fin utsikt over fjord og fjell. På Nordsida er det ei storarta utsikt innover fjorden frå Gadden i nærleiken av Rosetstøylen, der det også er bygt ei hytte. Men kva betyr så dette namnet Gadden – og f leirtalsforma Gaddane? Namnet er ikkje sjeldant, Gadden/ Gaddane finst mange stader i fylket, men berre i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn. I Indre Sogn heiter slike stader Galden og Galdane (frå Høyanger og innover), og det finst flust opp av dei, ca. 500 namn, om ein reknar med samansette namn. Fleirtalsforma dialekten i Indre Sogn er /galdadn/. I Stryn finst denne namneforma berre ein gong, i gardsnamnet Gald, uttala /’gall/. Gardsnamnet er svært gammalt, skrive «i Galde» og «i Gallde» i Bergens Kalvskinn (ca.1350). O.Rygh skriv i Norske Gaardnavne, b13, at uttalen «gald» er den mest korrekte, men at han kring 1900 registrerte uttalen /gallj/. Denne uttalen brukar vi i dag berre om personar, t.d. om lensmannen i gamle Innvik kommune: / Galljen/. Går ein opp på breen frå Fonn i Stardalen, går ein forbi Gallen (1386 m). Det norrøne ordet er «galdr m» eller «gald n» med grunntydinga «haardt sammenpakket, sammentraadt Sne». Det er også tydinga på islandsk (gaddur). Nordfjordingane har brukt ordet «galdtrakka» om hardtrakka snø. Gadd og gald har same tyding. Nemningane blir og brukt i tydinga «tyndt jordlag paa steengrund» (Torp) eller «smal vei».Grunnbetydninga i germansk var visst «tørr» (gazda-). Eg synest det stemmer bra med dei faktiske tilhøva der Gadden eller Gaddane ligg. Det er ofte namn på litt tørre knausar med svaberg og grunn jord. Reis til Lærdal og sjå på dei «tørre» fjellsidene der, / galdadn/. I Indre Nordfjord har eg høyrt uttrykket «snøen var heilt gaddtrakka» - om hardtrakka snø. Mange av oss veit kva «gaddefore» eller «gjeddefore»

er; gamle, litt forkrøpla furutre med mykje spik i, tyrived, særleg i røtene. Ei slik fure vart og kalla «ei gjedde». På Sunnmøre brukte dei også dette ordet om ei mager ku (Torp), og på Nordsida kalla dei ei ku som mjølka dårleg, for ei «torregjedde». Aasen si forklaring på «gjeddefore» er: «Fortørret Fyrretre, som indeholder megen Harpix og derfor kan staae længe uden at raadne».I svenske dialektar heitte trea «tjärigadd». Det var desse trea/røtene dei brukte til tjærebrenning. Nede på Ulvedalsfjellet på Nordsida i Stryn finst det rikeleg med slike furutre. Mellom Roset og Ulvedal finn vi eit stort område, Gaddane, som går heilt ut til Gasshilleren /gass’illjeren/. Det siste namnet er truleg Gaddshilleren (-dds>-ss-). Eit område der heiter Brennene /brennjene/. I min barndom hadde vi alltid ei spikrot ståande der vi hogg spøner til kveikje i omnen. Dei brann godt! Vi trong ikkje opptenningsbrikettar frå Europris. Garden Gald i Stryn ber namnet sitt med rette. Den ligg høgt oppe, og den som har prøvd å gå stigen opp frå Galdsnausta, har gått over mykje steingrunn. Det var nok her dei gjekk i vikingtida. At garden heiter Gald og ikkje Gadd, viser til høg alder, for i Fjordane gjekk dei over til Gadd i nyare tid. Det er tydeleg at Galdnamna i Indre Sogn ofte har noko med

vegar å gjere. Eit lite utdrag av namn: Våtegalden, Styggegalden, Persgalden, Nilsgalden, Nautagalden, Maragalden, Patrisgalden (her vart det hesja potetris). Kommentarane til namna er: «kløvjeveg, stølsveg, bratt kneik, bakke i veg, flate over brattlende, flatt oppå hammar». Søndagsgalden i Lærdal er ein veg som ligg på ein mur, den vart mura opp på ein søndag. Same ordet har vi i Galdhøpiggen, Norges høgaste fjell. Den har visst tidlegare heitt Galdhøi, førsteleddet har den frå garden Galde i Galdbygdi. I nærleiken av dette fjellet ligg eit ulendt berg med ein gammal veg, som heiter Gaddi. Namnet Galdhøpiggen inneheld tre grunnord: gald-, -hø- = rund fjelltopp, -pigg- = spiss fjelltopp. Dei to siste orda er motsetningar. Kjært barn har mange namn – den har og blitt kalla Galdhøtinden. Kanskje vil fjellet om nokre år bli kalla Galdhøpiggtoppen? Men ordet gadd har endå fleire tydingar. Allereide i norrøn tid kunne det tyde «pigg, spiss, brodd». Uttrykket «- var i gadda slegit» betydde «det var avgjort». I engelsk har dei lånt ordet «gad» = «fiskekrok» frå nordisk. På norsk kunne ordet og tyde «spit, fortræd, hånleg ironi». Og fisken gjedde har namn etter det spisse hovudet, (avleia av «gadd»)

23


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Måløy bygningskommune – særkommunen som nekta å bli nedlagt

Av Kjerstin Risnes

Vinteren 2016 fekk vi inn fleire kassar med gamalt arkivmateriale der Sør-Vågsøy kommune var godt representert. Eitt av arkiva var Måløy bygningskommune, som vart oppretta for 100 år sidan. Eit lite og ikkje komplett, men spanande arkiv som mellom anna fortel om kampen for å ha råderetten over utviklinga i Måløy. Tekniske oppgåver i byane og på bygda

Lovverk som regulerer dei tekniske oppgåvene som brann, vatn, kloakk, reguleringsplanar, byggjeløyve etc i alle landets kommunar er av relativt ny dato. Behovet for å få løyst slike tekniske oppgåver oppstod fyrst i byane. Det var såleis i og omkring byane Christiania, Bergen og Trondheim det fanst lovverk og eigne kommisjonar som regulerte og handheva denne verksemda. Ut etter 1800-talet vaks det fram fleire mindre byar og tettstader, og dermed oppstod det eit aukande behov for bygningslov, brann- og reguleringsvesen. Den alminnelige bygningslova av 1845 vart gjort gjeldande for alle kjøpstader og ladestader utanom dei før nemnde byane. Lova kunne også gjelde for større samlingar av bygningar på landet. Bygningslova av 1869 opna for å kunne opprette eigne bygningskommunar for slike tettbygde område. Føresetnaden var at bygningslova av 1845 vart gjort gjeldande for dette spesielle området. Fyrst i 1965 vart det innført felles bygningslov for heile landet, og grunnlaget for bygningskommunen fall bort.

Kva var ein bygningskommune?

Ein bygningskommune var ei eiga eining innan kommunen, ein særkommune, der lovverket og myndet galt for den definerte tettstaden. Bygningskommunen var eige rettssubjekt og hadde eit avgrensa, men viktig sjølvstyre innan eigen kommune. Denne særkommunen skulle ha eit eige bygningskommunestyre med fem medlemmar. Desse skulle veljast av og blant huseigarane i området. I tillegg skulle det vere ein bygningskommisjon på tre medlemmar, utpeika av amtmannen og dei valde representantane. Ein av dei tre representantane skulle 24

sitje i bygningskommunestyret. I 1924 kom det ei eiga lov om bygningskommunar, og ei viktig endring var at det kommunale helserådet sitt mynde i bygningsrådssaker no vart overført til bygningskommunen. I fylgje lova skulle bygningskommunen arbeide for interessene til huseigarane innan for tettstadens grenser. Bygningskommunen skulle syte for vasstilførsel, kloakk, reguleringa av gater, tomter, bygningar og elles andre utbyggingar som var til det beste for tettstaden. Bygningskommunen hadde eigen økonomi med eiga kommunekasse. Det vart kravt inn bygningsskatt, eller eigedomsskatt, utlikna etter branntaksten på bygningane i tettstaden. Resten av inntektene kunne kome gjennom ymse andre avgifter og overføringar frå heradskommunen. Under 2.verdskrig vart bygningskommunestyra avløyste av nemnder som fylkesmennene oppnemnde, men like etter krigen signaliserte styresmaktene at dei såg det som fornuftig å avvikle bygningskommunen i krigsherja strok. Som vi skal sjå, var Måløy bygningskommune ikkje klar for det.

Kvifor fekk Måløy bygningskommune ?

Den gamle handelsstaden på den vesle øya Moldøen hadde vakse over på Vågsøyna i løpet av 1800-talet. Her utvikla den nye tettstaden seg då Måløy på slutten av 1800-talet vaks fram som den leiande fiskerihamna i fylket. Grunnlaget for denne utviklinga kom som følgje av dei store sesongfiskeria etter torsk og sild ved Vågsøy, og kveitefisket på bankane frå Stadt og nordover. Måløy vart hamn for den nye

motoriserte fiskeflåten, Fylkesbaatane hadde stoppeplass her, det voks opp store fiskebuer, slippar og kaiar. Frå 1900 til 1920, som og var gullalderen for tettstaden, voks folketalet frå 400 til 1200 i perioden 1900 -1920. Krakket i mellomskrigstida gav stillstand, men i 1947 starta det store sildeeventyret. Måløy fekk ein ny gullalder med dobla folketal og hektisk aktivitet. Alt på slutten av 1800-talet hadde Måløy ambisjonar om å bli by, til liks med Florø, men det vart med ambisjonane i fyrste omgang. Veksten, utviklinga til ein tettstad og ambisjonane om kva dette kunne bli, fortel om ulike behov, ynskje og dermed grunnlag for interessemotsetnader mellom den vesle tettstaden med ambisjonar og stor vekst og den meir rurale delen av kommunen, dåverande Sør-Vågsøy kommune. Ein bygningskommune med ein viss grad av sjølvråderett, eigen økonomi og som konsentrerte seg om spesifikke oppgåver, kunne vere ei god løysing på dei utfordringane tettstaden hadde. Dei tradisjonelle kommunale kjeldene som formannskapsprotokollar og saksarkiv manglar og er mangelfulle for denne perioden. Vi støttar oss difor på forklaringa til ordførar Nystad, som regjerte i perioden 1945 -1951, på kvifor Måløy bygningskommune vart oppretta. Då Sør-Vågsøy kommune tok til å byggje vassbasseng og elektrisitetsverk for tettstaden, fann kommunestyret det mest fornuftig at det vart oppretta ein bygningskommune som skulle ha hand om desse oppgåvene.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

skulle bli firmaet Skaar og Co i 1915. Vi kan også nemne trønderen Ellef Ellingsen som starta og dreiv Moldøens Mekaniske Verksted med slipp i Måløy sentrum. Varamann til det fyrste bygningskommunestyret var Lars P. Lefdal, dåverande ordførar i Davik kommune (1913-1937). Han var medeigar i fleire fiskebåtar og slo seg stort opp som fiskehandlar både i Måløy og elles langs kysten. Lefdal hadde og mange andre forretningsjarn i elden før han, til liks med så mange av dei andre grunderane, vart råka av krakk og konkurs i den harde mellomkrigstida.

Faksimile av fyrste møtet i Måløy bygningskommune

Måløy bygningskommune

Møteboka for Måløy bygningskommune opnar slik: If. Kongeleig resolution av 24.11.1916 skal den alm. Bygningslovgivning være geldende for gaardene Sæternes, Øvre Skram, Nedre Skram, Midtgaard og Gotteberg under navn Moldøens bygningskommune. Året er 1917 og månaden er mars. Datoen har dei gløymt å skrive inn på dette fyrste møtet i den nyoppretta bygningskommunestyret. Lensmannen hadde kalla inn til møtet, og han stod for møteleiinga. Det var no duka for val av medlemmer i det nye bygningskommunestyret, og fylgjande var valde: R. Lodøen,(Lødøen?) T. Tonning, Hans Søreide, Elias Hagen og E. Ellefsen. L.P. Lefdal og Tommas Skram vart valde som vara . 19.mars 1917 kom bygningskommunestyret saman att, og alle møtte med unntak av T. Tonning. I hans stad møtte L.P Lefdal som vara. Det stod to saker på sakslista; val av formann og varaformann, samt å underteikne garantierklæring på pantebrev på kr. 100 000 frå Riksforsikringsanstalten. Hans Søreide vart samrøystes valt til formann, og det var full semje om å skrive under på pantebrevet. Bygningskommunen skulle ha også ha ein bygningskommisjon, og

2.april vart den fyrste kommisjonen samansett slik : dr. Strand, leiar av sunnheitskommisjonen, sakførar Bruvoll, ingeniør Ellingsen og Reinert Skram. Likeeins vart det valt Reguleringskommisjon som var identisk med Bygningskommisjonen berre supplert med Hans Søreide og Elias Hagen.

Gjennom møteboka og arkivet elles kan vi følgje arbeidet i bygningskommunen gjennom år. Noko av aktiviteten var eigenfinansiert, men Sør-Vågsøy kommune deltok også i stor grad med økonomiske midlar for å utvikle den raskt veksande tettstaden.

Dei var ivrige etter å kome i gang med arbeidet, og vedtok straks å lyse etter brannmeister, brannsjef, varabrannsjef for Måløy. Brann var den store trusselen og marerittet i tettbygde trehusstrok, og det hasta med å få skikkeleg brannvern.

Driftige menn styrde bygningskommunen

Ser vi på nokre av dei som hadde verv i den første perioden i bygningskommunen, finn vi naturleg nok menn med kvalifikasjonar og engasjement for å utvikle Måløy. Den fyrste leiaren vart som nemnt Hans Søreide frå Solund. Han var industribyggjar, hermetikkfabrikant og politikar. Søreide var også ordførar i Vågsøy frå 1920 -1922. Han hadde mange jarn i elden og grunnla Moldøen Canning Co i 1910, saman med Anton Lien. I 1916, same året som bygningskommunen vart ein realitet, starta han Firda Canning Co saman med Audun Lem. Ein anna driftig kar var Thorolf Tonning. Han kom opphavleg frå Stryn, men kom til Måløy der han var med og grunnla det som

Hans Søreide var den fyrste leiaren av Måløy bygningskommune. Hans Søreide (1878-1963), var seinare ordførar i Sør-Vågsøy heradsstyre, 1920-1922. Søreide, som var fødd i Solund, kom til Måløy på 1900-talet, og fekk seg arbeid hos Ulf Lem. Han var ein gløgg kar, og etter eit par år starta han hermetikkfabrikken ‘Moldøen Canning Co’ saman med Anton Lien. I 1913 bygde han sin eigen fabrikk, Firda Canning Co, den brann ned i august 1917. Søreide tapte ikkje motet, og bygde ny fabrikk på Midtgård i Måløy. I 1923 flytta han til Ålesund og overtok Møre Preservering.

25


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

late den resterande delen av kommunen går over til Nord-Vågsøy kommune. Grensene for den vordande byen skulle vere slik: Frå Selje grense til og med Skavøypoll, frå Nord-Vågsøy grense til og med Holvik. Fylkesmannen og fylkestinget avviste framlegget same året. Saka var for dårleg utgreidd med til dels urette opplysningar, og dei hadde heller ikkje teke kontakt med Nord-Vågsøy kommune i samband med den ynskte kommunegrensereguleringa. Dette biletet er frå Måløy og viser korleis tettstaden såg ut i 1917, året då bygningskommunen byrja sitt virke. Fotograf : Kristian Berge

Bygningskommunen var så tilbake til start. Kva skulle no skje med Måløy bygningskommune og sjølvråderetten?

Signal frå styresmaktene om at brannherja bygningskommunar burde leggjast ned

Kampen mellom bygningskommunen og SørVågsøy kommune

Som før nemnt vart bygningskommunane nedlagde under krigen. I Måløy tok dei oppatt funksjonane etter frigjeringa, men etter kvart kom det signal frå styresmaktene om at dei krigsråka bygningskommunane burde avviklast. Måløy bygningskommune, til liks med mange andre bygningskommunar, var hardt råka av krigsskader. I eit brev stila til fylkesmannen i Sogn og Fjordane, datert 18.12.1945, peikar Det Kongelege Departementet for de offentlege arbeider på dei store kostnadane det ville vere å bygge t.d. Måløy på nytt. I følgje lov om bygningskommunar av 1924 skulle nedbrende bygningar som skulle byggjast på nytt, skattleggjast på grunnlag av bygningens branntakstsum, til liks med bygningar som ikkje var råka av brann. Departementet hadde erfart at slik skattlegging ikkje hadde funne stad, og med ein slik praksis ville bygningskommunar i krigsherja strok få svært stor skattesvikt. Departementet viste også til dei store oppgåvene dei krigsherja bygningskommunane stod overfor for å kunne gjennomføre gjenreisinga, og peika på at dette neppe vil kunne gjennomførast utan statleg støtte og kommunale bidrag. Departementet foreslo difor at bygningskommunen burde avviklast, og at kommunen overtok oppgåvene og dei økonomiske pliktene. Viss bygningskommunen framleis skulle stå ved lag, måtte det

26

leggjast fram ei forklaring på korleis oppbygginga skulle finansierast.

Søknad om bystatus og kommuneregulering

Signalet om å måtte «underkaste seg» Sør-Vågsøy kommune, sette fart på dei styrande i bygningskommunen. Alt 29. desember samla bygningskommunestyre seg og vedtok å kalle huseigarane inn til møte for å uttale seg om saka. Den 19.februar 1946 vart det halde huseigarmøte, og svaret frå huseigarane og Måløy bygningskommune var tydeleg. Dei vedtok at avviklinga av bygningskommunen måtte utsetjast. Strategien var å få bystatus ved å få Måløy med kringliggjande område utskilt som by, med dei rettane ein kjøpstad hadde. 16.2. 1946 slutta Sør-Vågsøy kommunestyre seg samrøystes til vedtaket frå huseigarane i bygningskommunen. Arbeidsgruppa for Måløy by sende saka over til fylkesmannen der dei bad om at fylkestinget handsama saka på det komande fylkestinget. I utkastet til grunngjeving vart det mellom anna peika på at Måløy alt var by, med dei særprega som kjenneteiknar ein by, og hadde difor mange særinteresser og ikkje minst behov som krov investeringar for at tettstaden ikkje skal stagnere. Det vart i denne samanheng peika på motstridande interesser mellom Måløy og resten av Sør-Vågsøy kommune, som hadde vakse i takt med utviklinga og veksten i Måløy. Framlegget gjekk difor ut på å utvide» bykommunen» og

Avslaget om bystatus for Måløy i 1946 starta ein langvarig strid mellom kommunen og bygningskommunen. Dei styrande i bygningskommunen kjempa med nebb og klør for å behalde statusen sin, medan kommunen ville avskaffe denne særordninga og konfliktnivået eskalerte i dei komande åra. Heradskommunen meinte at bygningskommunen hadde problem med å løyse oppgåvene sine grunna økonomien, og at heilt naudsynte oppgåver vart sett på vent. Den resterande delen av kommunen hadde også trong for regulering for tettstadbygging, men dette let seg ikkje gjere så lenge reguleringsområdet berre galt for Måløy. Desse problemområda kjem fram i eit brev frå ordføraren til fylkesmannen, datert 4.02. 1949, der han også peikar på samarbeidsproblema som hadde auka etter at søknaden om bystatus vart avvist, og det meiningslause med å ha to administrasjonsledd i ein og same kommune. Dei styrande i bygningskommunen derimot meinte at avviklinga var initiert av ein liten klikk huseigarar som ikkje var representative for fleirtalet, og at kommunen sine påstandar om at dei ikkje klarte oppgåvene sine var heilt feilaktige. Dei påstod at kommunen aldri hadde vore interesserte i utbygginga av Måløy og såg det som heilt uhøyrt når kommunestyret 13.11.48 vedtok følgjande (…) «Sør-Vågsøy herredsstyre ser det som et fremskritt


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

for stedets og herredets utvikling at bygningskommunen blir oppløst.» Dei ynskte å styre utviklinga sjølv og såg på ei innlemming i heradskommunen som eit tilbakesteg der Måløy sine interesser ville tape mot distriktsinteressene. Kampen var hard, men vesle julaftan 1949 vart Måløy bygningskommune oppheva ved kongeleg resolusjon. Beskjeden var klar og tydeleg, innan 1.1.1950 skulle bygningskommunen vere «avskilta» og det nye kommunale bygningsdistriktet tre i kraft. Men det nedlagde bygningskommunestyret gav seg ikkje. Dei la no opp til ein rettsleg prosess mot ordføraren, lensmannen, kommunen og departementet for å få vedtaket omgjort. Det vart det ikkje. Vedtaket stod ved lag.

Bygningskommunen - ein stat i staten ?

I eit brev frå Sør-Vågsøy formannskap datert 27.11. 1948 går det fram at tanken om å oppheve Måløy bygningskommunen ikkje var av ny dato. Formannskapet trekkjer fram ei rekkje forhold som viser det problematiske med bygningskommunen. Det som i 1916 hadde sett ut til å vere ei god løysing, fungerte ikkje i praksis. Dei viser m.a. til ein fraksjonsstrid mellom den sørlege og nordlege delen i Måløy der den nordlege delen meinte at dei ikkje fekk ta del i utviklinga slik den sørlege fekk, det var strid mellom bygningskommunen og hamnevesenet,

bygningskommunen viste liten vilje med omsyn til vegbygging, økonomisk var bygningskommunen ikkje i stand til å klare korkje vedlikehald av eksisterande anlegg eller utvikle nye anlegg for å kunne utvikle staden, osv. Heradskommunen såg det som økonomisk uforsvarleg å ha ei slik ordning, ressursbruken vart feil, planlegginga mangelfull og det vart umogeleg å samordne dei kommunale behova når ein heile tida var avhengig av byggekommunens økonomi og vilje til å samarbeide.

jon som på sett og vis har overlevet seg selv…» Utdatert eller ikkje. Det skulle ta heile seks år før denne typen særkommune vart avvikla og heile landet fekk ei felles bygningslov med bygningsråd der kommunen sjølv rådde heile grunnen.

Det kan sjå ut til tida hadde gått frå bygningskommunane. Sør-Vågsøy kommune var ikkje den einaste som sleit med forholdet til bygningskommunen. I arkivet etter Måløy bygningskommune ligg det kopi av skriv til Laksevåg formannskap, datert 10.02.1949, frå ei nemnd som der arbeidde for å leggje ned Laksevåg bygningskommune. Til liks med i Sør-Vågsøy peikar denne nemnda på dei nye oppgåvene bygningskommunen ville få, og som dei ikkje ville ha økonomi til å gjennomføre. Dei viser til at heradskommunen gong på gong har vore nøydd til å ta på seg oppgåver som eigentleg låg under bygningskommunen. Nemnda hevdar at bygningskommunen er blitt ein stat i staten, og uavhengig av heradskommune bør denne ordninga avviklast.

•• https://no.wikipedia.org/wiki/ Bygningskommune Sett 19.05.16

«(…) Bygningskommunen har etter hvert utviklet seg til å bli en institus-

Kjelder og litteratur:

•• Arkivet etter Måløy Bygningskommune, Upublisert. •• Fylkestingsforhandlingar 1946, Sogn og Fjordane fylke. Trykt

Internett:

•• http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1548316.html Sett 19.05.16 •• http://www.allkunne.no/framside/ fylkesleksikon/oversikter/kommunehistoria-i-vagsoy/1896/75758/ Sett 19.05.16

Arkivet etter Måløy bygningskommune inneheld fylgjande: Serie 100 Møtebøker: 1916 - 1964 Serie 250 Korrespondanse/sakstilfang (kronologisk): 1937 - 1950 Serie 251 Saksdokument (ordna etter sak): 1941 - 1949 Serie 340 Hovudbøker: 1937 - 1948 Serie 360 Rekneskapsvedlegg: 1949 - 1950 Serie 399 Ymse: 1923 - 1931 Serie 502 Bygningsteikningar

Fiskeflåten etter storsild ligg ved hamn i Måløy. Biletet er teke i 1938-1939. Fotograf: Askeland, Martiuns Eliasson

Serie 900 Ymse: 1942 - 1950

27


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Ullsheim, Ullaland og Ullevål

Då det f lotte skianlegget i Markane stor ferdig i 1990-åra, fekk det namnet Ullsheim. Dette var resultatet av ein namnekonkurranse, som vart vunnen av Oddvar Sætren. Det er altså han som har æra av dette namnet. Etter mi meining er dette eit genialt namn på eit idrettsanlegg for langrenn og skiskyting, som vitnar om kjennskap til eldre mytologi. Namnet er ei oppkalling etter den nørrøne guden Ullr, som var både skigud, jaktgud og skjoldgud. Ull heitte også Ullin, namnet betyr «glans, herlegdom». At namnet er ofte brukt, tyder på at han i tidlegare tider var ein svært sentral og viktig gud, nærmast ein leiar for heile gudeflokken, heilt til Odin etter kvart overtok hans posisjon. I bronsealderen var han den viktigaste solguden. Gamle teikningar framstiller ofte Ull som jaktgud. Han skaut med boge, eit mykje eldre våpen enn skiskyttarene brukar. Bogen var laga av barlind. Ingen slo han på ski eller i holmgang. 28

Men han budde ikkje i/på Ullsheim, han budde i Ydalar – Barlinddalen – det var vel der han fann material til bogane. Men han kunne og funne det i Barlindbotn, ein arm av Eikefjorden, der det veks mykje av dette treslaget. Veden er spesiell, brun inni og bøyeleg, men planten er giftig. Ismannen Ötzi, som for nokre år sidan vart funnen i isen i Tirol, godt bevart etter 5000 år, hadde ein slik boge av barlind. Det hadde han og Ull til felles! Det fanst mange kultstader for Ull i tida før vikingtida. Namnet hans er knytta til gamle stadnamn, fleire av dei er kjende gardsnamn. Vi finn garden Ulleland/Ullaland (Ullinsland) i Sunnfjord, det same namnet skal visst ha funnest i Volda. Det finst ein interessant stein, Ullasteinen, /udlastain/, i Aurland. Steinen blir sagt å ha vore ein offerstein, den må då ha vore kultstad for Ull. I Hardanger kjenner vi namnet Ullensvang, og går vi til Austlandet, er Ullern (Ullr + vin), Ullensaker og Ullershov kjende namn. Det er nesten ein parallell til Ullsheim at også sportsarenaen Ullevål har namn etter Ull. Det var opprinneleg eit gardsnamn.

Av Kristian Solvang

Stadnamn med Ull og Ullin finst også i Sverige. I namn kan «ull» lett blandast saman med «ulv». Det er bl.a. tilfelle med gardsnamnet Ullebø ved Vadheim, som opphavleg har vore *Ulfabør, og Ulsteinsvik på Sunnmøre. Namnet Ullhammaren på Steinsåker kan kanskje vere Ulvhammaren? Mange «små» stadnamn ute i skog og fjell, som Ullamyra og Ullafjellet har nok fått namnet sitt frå myrull. Fjellet Ulriken i Bergen har derimot ei anna tyding, det kjem av namnet Alrekr, mannsnamn som tyder «den høgvørde, som bestemmer over alvane»». Då eg i 1996 informerte tyskelevane mine på Hafstad vgs om dette namnet – vi skulle nemleg ta busstur til Ulsheim for å sjå på den norske langrennseliten – spurde ein av elevane om eg visste kva guden for skiskyting heitte. «Du har kanskje eit godt forslag?», spurde eg. «Ja, han heiter Bomull!»


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Å gjere godt vatn til vin, øl og brennevin

Av Kristian Solvang

Stadnamn som Vinkjellaren, Vinhella, Vinkjelda finst mange stader i fylket vårt. Det kan verke litt merkeleg, for vin var nok ikkje ein vanleg drikk på våre kantar. Rett nok skal vin ha vore ein ettertrakta drikk av vikingane, men her i nord låg nok ikkje klimaet til rette for vindruer, så drikken måtte importerast. Men vi veit at nokre laga vin av rips, bæret vart kalla vinbær. Brennevin og øl var nok meir vanleg, det laga vi sjølv. Vin brukte dei i kyrkjene som altarvin, men den var ofte mangelvare. Men her lurer mange av stadnamna oss, for om namnet «smakar» godt, var det nok berre godt vatn dei drakk! Vinkjellaren i Høyanger var ei god oppkome, med same temperatur på vatnet sommar som vinter. Vinkjellargrovi i Vik det same. Alle veit kor godt det smakar med godt oppkomevatn ein varm sommardag. Det smakar som vin – det må vel vere kvitvin! Det er dette vi kallar rosande namn, på linje med det gode vatnet i Smørbekken. Dessutan fraus aldri oppkomevatnet om vinteren, slik som ved Vinkjellarsteinen i Luster. I Askvoll kalla dei bekken under ein stor stein for Vintapparen. Budeiene kunne legge seg ned ved slike «vinkjelder» ved støylsvegen og drikke seg utyrste, slik som i Lærdal. Ved Gamle Kongeveg i Lærdal finn vi Vinhella og Vinhelleelvi – jammen kan det hende reisande storfolk drakk ordentleg vin her. Ekte vare skal det ha vore i Vintønnevika i Solund, her fann dei nemleg ei vintønne på rek. Vinkjellaren i Hornindal og i Sogndal kan vere samanlikningsnamn, det var namn på innsøkk i fjellveggen. I Hornindal ligg den nede i fjøra. Kalla dei det ikkje vin, kalla dei det øl. 15 stader i fylket vårt heiter Ølkona,

dei fleste ligg utmed kysten. I gammalnorsk ordbok finn vi både «olkona f» = kone som sel øl, og «olkelda f» = kjelde med godt vatn. I Bremanger ligg Ølkonedalen. I merknadene til desse namna står: «lita elv frå oppkome», «hammar med elvesikle», «vasskjelde, godt vatn,», «gammal drikkeelv for dei som segla og rodde», «når dei rodde til kyrkje, drakk dei her» Kanskje hadde dei med øl og, men det var nok mest vatn dei drakk. Ølekjerringa i Solund var vasskjelde for fiskarar, i Ølkanna i Luster var det berre godt vatn. No var nok ikkje alle så edruelege, ved Ølhelleren i Høyanger sat roarane og kvilte seg i livd for austavinden. Dei var på veg til Kyrkjebøkyrkja, og her styrkte dei seg med heimelaga øl. Ved Ølhelleren i Fjaler sat dei og selde øl på kyrkjesøndagar. I bygda Ålhus ved Jølstravatnet skjedde det same. (Ålhus < Olhus = ølhus). Der selde dei visst det som var sterkare og. I ein rapport frå ein bispevisitas frå Bjørgvin først på 1800-talet klagar bispen over dei mange fulle mannfolka utafor kyrkja. Dei hadde vore tidleg ute, for skjenkestova opna i god tid før preika. Stadnamn med Brennevin- har fleire forklaringar. Brennevinsbotnen (Høyanger) og Brennevitappen (Bremanger) har med vatn å gjere. Godt vatn var der og i Brennevinsgrova på Skåre i Stryn og i Brennevinsfossen i Luster. Men denne gjæve drikken kunne ein og få som løn. Den som slo Brennevinslætta i Sogndal fekk ei flaske, det same fekk han som slo Brennevinsteigen i Luster. Drengen på garden kunne få ein liten åker, der han dyrka poteter til sprit: Brennevinsåkeren i Vik og i Balestrand. Brennevinsteinen finst både i Hornindal, Naustdal og Selje. I Naustdal sat dei her og drakk, men særs heldige var dei ved steinen i Hornindal, for frå han rann det brennevin kl.24.00. (Kvar ligg han, sa du?) Brennevinet kjøpte jektekarane med heim i store anker frå Bergen. I Brennevinsvika mellom Fjaler og Hyllestad bytte

dei brennevin og andre ting når dei kom siglande frå Bergen. «Litt av ein festplass», står det skrive. Då var det om å gjere å få ankeret velberga heim. På Brennevinsvadet i Bø i Stryn miste dei ein kagge brennevin, han knuste, og brennevinen rann utover svadet. Det var total katastrofe!

Musikkarkivet på SoundCloud For å nå eit breiare publikum og skape engasjement kring musikkarven i fylket vårt, har musikkarkivet har valt å publisere utvalde smakebitar frå tradisjonsmusikksamlinga på nettstaden SoundCloud. Dette er ei sosial nettenste for musikk, og alle som ønskjer det kan lytte til musikken vi publiserer her.

Den ferskaste spelelista heiter «Stemmer frå fortida», og her kan du lytte til nokre døme på den rike songarven vi har dokumentert i fylket vårt. Menneskestemma er truleg er verdas eldste instrument, og kanskje er den også det mest allsidige musikkinstrumentet vi har. Gjennom generasjonar har songen følgd oss frå vogge til grav, i kvardag, fest og høgtid. Det fins knapt ein situasjon eller eit høve det ikkje fins ein song til. Songen har mange funksjonar, og tekstane som følgjer melodien kan fortelje svært mykje om kulturen og samfunnet songane er og har vore ein integrert del av. Dei fleste lydopptaka vi har publisert er framføringar gjort av utøvarar fødde for meir enn 100 år sidan, og opptaka var gjerne gjort då dei var komne «godt opp i alderen». Likevel er det verdfulle dokumentasjonar på ein musikkpraksis som seier mykje om verdsbiletet i deira samtid. Vart du nysgjerrig? Gå til www.soundcloud.no/fylkesarkiv og sjekk ut kva vi kan by på!

29


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

«Grevle-Per» - historia held fram

Av Synnøve S. Bjørset, musikkarkivar

I førre nummer av Kjelda (3/2015) kunne du lese om spelemannen Per Sandnes (1858-1945) frå Lærdal. Historia om tusenkunstnaren som bar kallenamnet «Grevle- Per» er ei spennande historie, der mange lause trådar nærmast tryglar om å bli samla. For kva er opphavet til kallenamnet hans? Og kva veit vi eigentleg om livet han levde? Musikkarkivaren har grave djupt i tallause arkivskuffer – og funne ut at både Amerika, Edvard Grieg, skipet SS Tunisian, Hedmarken og dei reisande sin kultur er del av historia. «streifer kun, når det blir for dårlig»

Bygdeboka for Lærdal fortel at foreldra til Per budde på husmannsplassen kalla «Urahaugen» eller «Grevlehaugen» på Strendene, men mykje tyder likevel på at dei veksla mellom å reise langs Sognefjorden og ha tilhald på Sandnes; I Eilert Sundts «Fjerde Års- Beretning om Fantefolket» (1865) står foreldra til Per oppførde med merknaden om at «Mannen gaardmannasønn, streifer kun, når det blir for dårlig». Og i søskenflokken på åtte, der Per var nest yngst, er borna døypte i dei dåverande prestegjelda Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Lærdal. Også i skuledagbøkene for Aspevigstranden kredsskole/ omgangsskole kan vi finne informasjon som viser at familien stadig reiste. Den 13. november 1867 startar den då 9 ½ år gamle Per i skulen, men alt to dagar etter har han eit lengre fråvere: «No 8, 15 og 17 streifer med sine foreldre til Aardal den 15/11, kom tilbage 3/12.» Per rekk berre seks dagar skulegang den hausten, og i åra som kjem blir det stadig registrert høgt fråvere, rettnok i kategorien «borte med Tilladelse eller med formedelst gyldig Forfald». Likevel ser det ut 30

Per Sandnes poserer med fele og medaljar på bringa. Truleg fekk han desse medaljane i samband med deltaking på Vestmannalaget sine kappleikar i Bergen i 1907 og 1908. Per selde seinare medaljane av sølv og andre gjenstandar til G. Heiberg, og i De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum finn vi i dag både instrument og reiskap arbeidd av Per. Fotoet dukkar opp i NRK-programmet «De som dro vest» (1988). Fotograf: ukjend. Fotoeigar: Billedsamlingen, UiB.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

til at Per har klart seg godt i skulen, og karakterane er jamt gode.

Konfirmasjon og giftarmål

Per står konfirmant i Hauge kyrkje, Lærdal, den 15. juni 1873, og med dette får han også konfirmasjonsattesten som gjer at han formelt kan tre inn i dei vaksne sine rekkjer. Seks år etter, i Leikanger den 31. juli 1879, giftar han seg med Helga Antonsdtr. frå Vetlefjorden i Balestrand, dotter av Anton Olsen og Kristi Johnsdtr. som var plassfolk på Almenning under Ulvestad. I perioden 1879 til 1899 får Per og Helga til saman åtte born, og ved dåpen til dei fire eldste er dei oppførde som busette på Sandnes. I 1890 er dei komne til Lærdalsøyri, og dei sette seg etter kvart opp hus i Habben. Ved folketeljinga i 1900 bur også mora Helene Bertelsdtr. saman med Per, kona og borna på Nymark.

Skuledagboka for Aspevigstrandens Kretsskole i 1867. Peder Olsen d.y (nr. 17) har fått «Anmærkning» om fråvere saman med søskena Peder Olsen Uhren (nr. 8) og Sønneva Olsdatter (nr. 15) – sjå nr. 8.

Per møter Edvard Grieg i Bergen

I 1896 skipa Vestmannalaget til den første kappleiken i Bergen, og vi veit frå resultatlister at Per deltok på fleire kappleikar rundt hundreårsskiftet. I boka «Norsk folkemusikk» (1952) har folkemusikksamlaren Arne Bjørndal skrive om desse første kappleikane, og han fortel om eit møte med Edvard Grieg: «På kappleikane i Vestmannalaget i 90-åri og fram i vårt århundrad, var Edv. Grieg ofte tilstades. Han gjorde notater i skisseboki si. Og på feststemna i Logen 1898, skreiv han opp «St. Tomasklokkeslåtten» etter Per Sandnes (1858-1945) frå Lærdal. På ein av kappleikane spela Sandnes ein kjend springar, opphavleg frå Valdres. Han hadde lært slåtten av far sin, Ola Sandnes (1819-1888), som atter hadde han frå Trond Eldtan (1822 kr. 1815) (sic), Vang i Valdres. Springaren er kjend på Vestlandet, og ikkje ukjend for Edvard Grieg heller. Men då Per Sandnes hadde spela slåtten, kom Grieg bort til han og sa: «Dette er en av våre eldste slåtter». Motiv frå denne slåtten finn ein på fleire kantar av landet. Far til Sjur Helgeland, Lars Helgeland (1823-1907), sa ein gong: «Dette æ eit Myllar-tak». Grieg testamenterte dei handskrivne notane sine, artiklar og kunstnarbrev,

Vakker felekasse i tre med flotte utskjeringar, lås og beslag. Kassen er truleg arbeidd av Per, og er i dag å finne i De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, DHS.00167. Foto: Lars Asle Vold.

trykte notar og bøker, og anna materiale til Bergen Offentlege Bibliotek i 1906. Så langt har det dessverre ikkje vore mogleg å finne Grieg si nedskrift av Per sin «St. Tomasklokkeslåtten» i Grieg-samlinga.

Amerikareisa

Den 28. mai 1909 legg eit skip frå kai i Bergen, og om bord er den då 51 år gamle Per. Han er på veg til England, der SS Tunisian 4. juni skal ta han frå Liverpool til Quebec, Kanada, før han kjem til Port Huron i Michigan, USA 13. juni 1909. Emigrantprotokollen fortel at Per sitt reisemål er Hendricks i Minnesota, og at han reiser «for at besøke derboende familie». Få år tidlegare har tre av borna

hans emigrert; Helene til Washington, Ola til Minnesota og Hilda til Colorado. Per sin morbror, Even Bertelsen Dahl, emigrerte alt i 1872 og busette seg ved Alden i Wisconsin. Om ein eller fleire av desse var blant familiemedlemmene han vitja, og kor lenge opphaldet varte, har det vore vanskeleg å finne kjelder som seier noko om. Men ved folketeljinga i 1910 er Per attende i moderlandet. Ikkje saman med familien på Lærdalsøyri, men som «mellombels til stades» på garden Rendedal i Vetlefjorden, Balestrand. Han blir skriven som heimvend norskamerikanar, og siste bustad i Amerika var «staten Vassenton» (sic).

Hardingfelemiljø i Midtvesten

Over ein hundreårsperiode emigrerte om lag 800 000 nordmenn til Amerika, og blant desse var det ei rekkje spelemenn. Per var òg mellom dei som tok med seg fela «over there», og i Arne Bjørndal sine notat kan vi lese at han spelte i fleire byar i Midtvesten; Minneota, Canby, Wolverton og Breckenridge i Minnesota, Astoria i Sør-Dakota, Fargo og Christine i Nord-Dakota. NRK-programmet «De som dro vest» (1988) tek føre seg hardingfelemiljøet som vart etablert av norske emigrantar i Midtvesten frå slutten av 1800-talet og framover, og her dukkar det opp noko svært interessant: eit foto av 31


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Ringsaker. Men denne Berte har det vore vanskeleg å finne i folketeljingar og kyrkjebøker. Likevel fins det andre kjelder som kan setje oss på sporet av denne og andre reisande familiar.

Reisepass

Hardingfele arbeidd av Per Sandnes. Fela har 5 understrenger og enkel dekor med rankar på lóket og innfelt geometrisk mønster på gripebrett og strengehaldar. Fela ligg i dag i De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemusuem, DHS.00158. Foto: Lars Asle Vold.

Per Sandnes! Korleis og kvifor fotoet hamna i dette programmet har ikkje musikkarkivaren lukkast i å finne ut. I alle høvet fins fotoet også ved biletsamlinga etter folkemusikksamlaren Arne Bjørndal, men med ukjende opplysingar om stad, dato og fotograf. Var Per til fotograf i Amerika, og hadde han noko kontakt med spelemannsmiljøet der?

Handelsmann og «lurendræiær»?

Ulike kjelder vitnar om at Per var ein mangesyslar med yrke som båtbyggjar, blikkmakar, smed, urmakar, felemakar og spelemann. I «Norsk Folkemusikk» (1952) skriv Bjørndal at Per «arbeidde truleg dei fleste feler i Sogn, millom 2-3 hundrad stykke.» Vidare skriv han i sine eigne notat at «P. S. var ein hendig kar med hendene. Han laga ei mengd med feler. Men var og ein spekulant paa ymse vis. Bygde soleis baade motorbaatar og andre baatar. Men han tapte ikkje so faa pengar. Og det gjekk so vidt at det vesle huset hans vart seld paa tvangsauktion. Men han bala mest han kunde og hausten 1913 tok han til aa timbra seg nytt hus paa den gamle tufti. Han bala sjølv med det heile og fekk huset ypp med eigi hjelp». De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum forvaltar i dag over 40 gjenstandar som har vore i Per si eige. Blant desse er to feler med feleskrin, i tillegg til ein god del verktøy og reiskap. Men også verdigjenstandar. Korleis hamna dette i samlingane til museet? 32

I arkivet frå Øvre Amla ligg det nokre brev, skrive med sirleg løkkeskrift, som kan gje oss svar på dette. Breva fortel at Per på 1930-talet var i kontakt med G. Heiberg for å selje gjenstandar. Det går også fram at godseigar Heiberg leverte bord og plank til Per, og truleg var det her snakk om både kjøp og bytehandel. Handelen med Heiberg var nok vore viktig for Per, men avsluttinga på eitt av breva tyder også på at omstenda ikkje var utan komplikasjonar: «Lurendræiær maa ikkje Heiberg kadle mig oftere det vil eg varsle dere om.»

Kallenamnet Grevle-Per

Per blir i fleire kjelder omtala som «Grevle-Per», og han har etter alt å døme arva kallenamnet frå mor si. I yngre år reiste ho med det såkalla «Grevle-følget», og vart også omtala som «Grevle-Helene». Bjørndal har i sine notat skrive at mormor til Per kom frå Grevle på Voss, men det ligg ikkje føre dokumentasjon som stør denne påstanden. Snarare kan mykje tyde på at Grevle-namnet kjem til Sogn saman med ei reisande slekt frå Hedmarken som vi kan spore tilbake på 1700-talet. Ved dåpen til «Grevle-Helene» i 1818 er foreldra i kyrkjeboka for Vågå oppgjevne som Berthel Johannesen og Berte Henriksdtr. frå Mosevigen i Ringsaker. Den to år yngre broren til Helene, Johannes Bertelsen, vart døypt i Ringsaker i 1816, og faren Berthel sin dåp i 1786 finn vi óg i kyrkjeboka for

I over 200 år var det krav om at alle som her til lands var på reise frå eitt prestegjeld til eit anna måtte ha reisepass. Reisepassa var eit verkemiddel for å kunne setje i verk «inkvisisjonar» retta mot alle som var eller kunne mistenkjast for å vere lausgjengarar eller tiggarar. Dette gjorde det vanskeleg for dei reisande å leve i tråd med kulturen sin. Frå 1860 kunne norske borgarar reise utan pass, men det vart lagt restriksjonar som gjorde at dei reisande måtte ha pass fram til slutten på 1800-talet. Historikar Arnvid Lillehammer har gjeve verdfulle opplysingar til musikkarkivet om Grevle-familien, og kan fortelje at reisepasset til Berthel Johannesen og Berte Henriksdtr. ligg i arkivet etter politimeisteren i Bergen. Reisepasset fortel at dei kom til Sogn frå Stavanger hausten 1821, og dei fekk passet sitt påskrive i Sogn 26. mars 1822. Dei melde då at dei vil reise over Voss til Bergen. Den 19. april var dei komne til Bergen, og ville då reise til Gudbrandsdalen over Voss, Sogn og Sunnfjord. Om dei var innom Gudbrandsdalen er uvisst, og alt 27. august 1822 var dei tilbake i Bergen. Reisepasset knyter såleis Helene og foreldra hennar til Voss, men seier samstundes ikkje noko om tilknyting til garden Grevle. Det har ikkje lukkast å finne kjelder utover reisepasset som knyter dei til Voss. Ser vi alle funna under eitt, kan mykje tyde på at dette var ein reisande familie som hadde Hedmarken som base før dei reiste vestover. Første gongen namnet Grevle blir knytt til denne familien i ei skriftleg kjelde, er i Eilert Sundts «Fantefortegnelsen 1845». Men kor tid og kvifor dei fekk eller knytte til seg namnet er framleis ei uløyst gåte. Og kanskje vil vi aldri finne svar på det.

«Grevle-Per» i 2016

I 2016 er det 71 år sidan Per Sandnes gjekk bort, men spora etter han er framleis tydlege. I spelemannskretsar


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Passasjerlista for skipet SS Tunisian viser at den då 51 år gamle Peder O. Sandnes (nr. 14) var mellom dei som reiste frå Liverpool til Quebec 4. juni 1909. Som yrke er oppgjeve «laborer» (arbeidar). Canadian Passenger Lists 1865 - 1922

Besteforeldra til Per, Berthel Johannessen og Birthe Henrichs Datter, sitt reisepass. Bergen politimesterembete: Pass 1822. SAB.

gjev namnet «Grevle-Per» positive assosiasjonar, og mange skulle nok ønskje dei fekk høyre Per sjølv spele dei mange vakre og særeigne slåttane som Bjørndal skreiv ned etter han. Transkripsjonane har likevel sikra at slåttane etter Per i dag er del av ein levande hardingfeletradisjon der utøvarar i alle aldrar nyttar dei på konsertar, på kappleikar – og til eiga nyting! Handverkstradisjonar innan båtbygging og felemakeri er også dokumentert gjennom verktøy, reiskap og instrument etter Per, og er forvalta av De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Og kven veit, kanskje har du ei av felene Per laga liggande gøymt og gløymt på loftet eller i kjellaren?

Sundt, Eilert. Fjerde Års- Beretning om Fantefolket. Christiania, 1865

Digitalarkivet: Folketelling 1900 for 1422 Lærdal herred

Winge, Harald (red.). Fantefortegnelsen 1845. Oslo: Norsk lokalhistorisk institutt, 1986

Digitalarkivet: Folketelling 1910 for 1422 Lærdal herred

Kjenner du ei historie om «Grevle-Per» må du gjerne dele den med oss!

LITTERATUR

Bjørndal, Arne. Norsk Folkemusikk. Utgjeve som festskrift til 70-årsdagen. Bergen: Nord- og Midhordland Sogelag, 1952 Hovland, Kåre & Alfred Espe. Lærdal Bygdebok. IV. Heim og ætt. Lærdal: Lærdal kommune, 2001 Hovland, Kåre & Alfred Espe. Lærdal Bygdebok. V. Heim og ætt. Lærdal: Lærdal kommune, 2005

ARKIVKJELDER / SAMLINGAR

Digitalarkivet: Folketelling 1910 for 1418 Balestrand herred

Arne Bjørndals Samling: Manuskript- og notesamlingane, UiB.

Digitalarkivet: Emigranter over Bergen 1874-1930

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Lærdal kommune, dagbok Aspevigstrandens kredsskole 1859 - 1880

Library and Archives Canada: Canadian Passenger Lists 1865 - 1922

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF2013149 Øvre Amla, gnr. 106. Brever til G.F. Heiberg Statsarkivet i Bergen: Bergen politimesterembete: Pass 1822. SAB. Digitalarkivet: Kyrkjebøker for Vik Digitalarkivet: Kyrkjebøker for Leikanger Digitalarkivet: Kyrkjebøker for Lærdal Digitalarkivet: Kyrkjebøker for Ringerike Digitalarkivet: Kyrkjebøker for Vågå

33


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Hastverk er lastverk … Og rett skal vere rett!

I arbeidet med artikkelen om Per Sandnes til førre nummer av Kjelda (3/2015) var musikkarkivaren ivrig og noko hastig, og ei følgje av dette var at det dessverre sneik seg inn nokre upresise og urette opplysingar i artikkelen. - Det er ikkje dokumentert opplysingar om at Myllarguten var til stades på Lærdalsmarknaden. Men Per Sandnes fortalde til Arne Bjørndal at faren, Ola Hansen, hadde vore saman med Myllarguten på Lærdalsøyri. Til stades var også valdresspelemannen Trond Eltun, og Per skildra at han «spela noko mjukare enn Myllarguten». Om dette var i samband med Lærdalsmarknaden seier ikkje historia noko om. - Arne Bjørndal skreiv ikkje ned berre 9 slåttar etter Per Sandnes, men heile 14. I tillegg til slåttane omtala i førre nummer, skreiv Bjørndal ned hallingen «Røyskatten» (nr. 544), ein springar etter Sjur Aaretun (nr. 648), springaren «Ho Kjersti sjøl» (nr. 1024), Sjuspringaren (nr. 1050), og valsen «Dorte» (nr. 1051). - Fødsels- og dåpsdato for «Grævle-Helene» er feil skrive. Det rette skal vere fødselsdato 25/3-1881 og dåpsdato 29/3-1881.

Postkort om brannulukke i Førde Torill Befring Sætre kontakta oss for ei tid tilbake og lurte på om vi ville overta eit gammalt postkort med bilete av tre jenter ho hadde lese om i ein artikkel i kulturhistorisk leksikon.

tre eldste jentene. Ein annan grunn er at det kan ha vore som ein økonomisk støtteaksjon for Rasmus. Har Kjeldalesarane andre forklaringar?

Postkortet har ei syrgjeleg bakgrunnshistorie. I september 1910 brann Søndfjords ungdomsskole ned til grunnen. I alt døydde seks menneske i den fælslege ulukka. Skulestyrar Rasmus Øvrelid mista tre små jenter og svigermora i sjølve brannen. Same dagen døydde også den yngste dottera av skadane ho pådrog seg. Kona, som gjekk høggravid, fødde dagen etter ein son. Men også ho vart så skadd at ho berre levde om lag ei veke etter brannen.

http://tinyurl.com/jad3l8p

Ein kan undre seg over kvifor det vart gjeve ut postkort om ulukka. Var det for å heidre minnet om dei omkomne? I så fall ville det ha vore naturleg at alle dei avlidne kom med, og ikkje berre dei

34

I Kulturhistorisk leksikon kan du lese meir om brannulukka i Førde:

Postkortet med dei tre døtrene til Rasmus Øvrelid som døydde i ei brannulukke i Førde natt til 3. september 1910.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Kommunistarkiv frå Høyanger

Av Per Olav Bøyum

Fylkesarkivet fekk i fjor inn fleire arkiv som dokumenterer kommunistaktiviteten i Høyanger i den tidlege etterkrigstida. Det var Einar Rysjedal som leverte inn materialet til oss. Han har sjølv lang fartstid i Raudt, og i forløparane til dette partiet. Rysjedal sit inne med særs mykje kunnskap om kommunistane si historie i Høyanger, og såg det som viktig å få oppbevart kommunistarkiva i trygge magasinlokale.

Kommunismen i Høyanger

Den revolusjonære arbeidarrørsla sette tidleg røter i Høyanger. Etter splittinga i Arbeidarpartiet i 1923 var Norges Kommunistiske Parti (NKP) sterke konkurrentar til DNA, men mest berre i kommunestyreval. NKP dominerte i fleire år fagforeininga HKIF. Sjølv om kommunistpartiet vart svekka utover mellomkrigstida, representerte dei ei stor kraft i både politikk og fagforeiningsarbeid. Arkiva frå denne tidsperioden har i hovudsak gått tapt.

Rysjedal lurer på om kommunistane brann opp medlems- og møteprotokollane for å hindre at dei kom i hendene på nazistane. Organisasjonslivet låg i dvale under krigen, men aktiviteten tok seg opp att kort tid etter fredsvåren 1945. Møteboka fortel at det vart halde rekonstituerande møte i Høyanger Kommunistlag 28. juli. Forutan møteprotokollen, som dekkjer åra 1945-1947, inneheld arkivet ein del rekneskap. Noko større er arkivet etter Høyanger Kommunistiske Ungdomslag. Svært interessant er lagsbladet Lyskasteren, der ungdomane skreiv ned betraktningar om politikk og samfunnsliv. Elles inneheldt avleveringa frå Rysjedal ei møtebok frå fylkeslaget av Norges Kommunistiske Parti. Sogn og

Fjordane vart skilt ut som eige distrikt av NKP i 1952. Møteprotokollen, som har ytteråra 1952-1954, vitnar om heller liten aktivitet i fylkespartiet. Alt i alt er avleveringa frå Einar Rysjedal ein viktig tilvekst til Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane. Han har tidlegare levert inn kopiar av den stensilerte bedriftsavisa Bluss som vart utgjeven på 30-talet av NKP si celle på Norsk Aluminium Company i Høyanger. Denne finst det ni ulike utgjevingar av på fylkesarkivet.

Kjelder og litteratur

•• Hjermann, Klaus Bendik: Raud storm: Høyanger NKP 1923-1930. Bacheloroppgåve i historie. Sogndal, 2011. Avisa Fritt Folk kan stå som døme på konflikten innan arbeidarrørsla i mellomkrigstida. Avisa starta opp i 1919 som Sogns Socialdemokrat med utgjevarstad Lærdal. Etter eitt år flytta avisa til Vadheim, og endra samstundes namn til Sogn og Fjordane Socialdemokrat. Opphaldet i Vadheim skulle også bli kortvarig. I 1924 kom avisa til Høyanger. Ho hadde då endra namn til Fritt Folk. Ved partisplittinga i 1923 fylgde avisa med kommunistfraksjonen i Det Norske Arbeidarparti og Norges Kommunistiske Parti vart aviseigar. Fritt Folk retta etter kvart hardt skyts mot dei reformvenlege delane av arbeidarrørsla. Noko av den aggressive tonen skuldast nok Kominterns kompromisslause haldning mot sosialdemokratar, som vart sett på som fascistar i fåreham og svikarar av klassekampen. Fritt Folk heldt til i Folkets Hus i Høyanger. I 1927 fekk Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening problem med å betale attende lånet på Folkets Hus til bedrifta NACO, som på si side uttrykte sterk misnøye mot ei avis dei hevda ”motarbeider vårt selskap og arbeidernes interesser”. I fylgje avishistorikaren Terje Eggum enda det med at alliansen mellom den Apdominerte fagrørsla og metall-kapitalen fekk kasta avisa ut av Folkets Hus. Ettersom Fritt Folk ikkje hadde nokon annan stad å flytte inn, vart det kroken på døra for avisa. Då siste nummeret av avisa kom ut, var det med heftige skuldingar om klassesvik: ”Skandale i Høyanger. Socialdemokratene selger sig til NACO”.

•• Rysjedal, Einar: Kommunistisk intermesso for 90 år sidan. S. 69-72. I: Årbok Høyanger 2011. •• Eggum, Terje: Avisene i Høyanger. S. 75-81. I Årbok Høyanger 2011. •• SFF-2015173 Høyanger Kommunistlag •• SFF-2015171 Høyanger Kommunistiske Ungdomslag •• SFF-2015170 Sogn og Fjordane Distrikt av NKP

35


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Full klaff for kontaktkonferansen

Av Ole Stian Hovland

Gode føredragshaldarar, godt ver, godt vertskap og ikkje minst engasjerte deltakarar gjorde sitt til at arrangementet vart svært vellukka. Fylkesarkivet sin kontaktkonferanse vart i år arrangert på Gloppen Hotell, 11. og 12. mai. Målgruppa var arkivleiarar, leiarar for servicetorga og andre arkivtilsette i kommunane og fylkeskommunen. Dag 1 var den store arkivplandagen. I programmet hadde vi lagt opp til to perspektiv. Kva må til for at arkivplanen skal vere god nok og nyttig i samband med eit eventuelt tilsyn, og korleis kan vi jobbe for å lage ein god arkivplan? Vi starta med Eirik Andersen frå Statsarkivet i Trondheim som gjorde greie for arkivverket sine krav til ein arkivplan, og kva dei la vekt i på i ein tilsynssamanheng. Som ei oppfølging til dette hadde vi fått med oss Tove Lilleås og Synnøve Hunnes frå Sykkylven kommune. Dei fortalde om sine erfaringar med arkivplanen i samband med tilsyn frå arkivverket i 2015. Frå Lærdal kommune fekk vi med oss Magnhild Aspevik og Laila Kvigne som presenterte erfaringar med å bruke prosjektstyring som eit verktøy i arkivplanarbeidet og korleis kommunen har involvert tenesteeiningane i arbeidet. Arkivleiar i Øygarden kommune, Birte Young, fortalde om hennar måte å jobbe med arkivplanen på, utan prosjektorganisering. Her var arkivplanarbeidet initiert av ei omorganisering til sentralarkiv. Overskrifta på dag 2 var «Nye tenester og ei ny tid for arkivaren». Den teknologiske utviklinga og den føreståande kommunereforma gjer at fylkeskommunen og kommunane treng nye tenester frå Fylkesarkivet. Ei viktig oppgåve for kommunane og 36

Arkivplanen er svaret på alt. Eirik Andersen, Statsarkivet i Trondheim og Tove Lilleås og Synnøve Hunnes, Sykkylven kommune gjorde greie for erfaringar med arkivplanen i tilsynssamanheng. Foto: Fylkesarkivet. Datering: 2016

fylkeskommunen er å ordne arkiv som skal avleverast. Fylkesarkivet kan ta på seg denne jobben, og fleire har synt interesse for å kjøpe denne tenesta. Annette Langedal Holme og Espen Sæterbø orienterte om erfaringane med ordningsprosjekta så langt og kva strategi vi ved Fylkesarkivet brukar for å kunne ta på oss fleire slike oppdrag. Ei anna aktuell oppgåve er å digitalisere papirarkiv for å tryggje arkiva,

gjere dei meir tilgjengelege og for å effektivisere sakshandsaminga. Fylkesarkivet ynskjer å bygge opp ei digitaliseringsteneste, og vi hadde difor henta inn Odd Gunnar Ludvigsen frå Fylkesarkivet i Oppland for å høyre om deira erfaring med dette arbeidet. Arnt Ola Fidjestøl frå Fylkesarkivet tok opp tråden og orienterte om våre planar for ein digitaliseringsfabrikk.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Magnhild Aspevik og Laila Kvigne presenterte erfaringar med å bruke prosjektstyring i arkivplanarbeidet i Lærdal kommune. Foto: Fylkesarkivet. Datering: 2016

Den obligatoriske «Kviss-kampen» skapte stor engasjement. Foto:Fylkesarkivet. Datering: 2016

Arkivleiar i Øygarden kommune, Birte Young, fortalde om hennar måte å jobbe med arkivplanen på, utan prosjektorganisering. Foto: Fylkesarkivet. Datering: 2016

Annette Langedal Holme orienterte om erfaringane med ordningsprosjekta så langt. Foto: Fylkesarkivet. Datering: 2016

Arnt Ola Fidjestøl frå Fylkesarkivet tok opp tråden og orienterte om våre planar for ein digitaliseringsfabrikk. Foto: Fylkesarkivet. Datering: 2016

Vi avslutta konferansen med gruppeoppgåver knytte til arkivfaglege utfordringar i samband med kommunereforma og eventuelle kommunesamanslåingar, eller eventuell overføring av oppgåver frå fylkeskommunen til kommunane. Fylkesarkivet ynskjer å bygge opp ei digitaliseringsteneste, og vi hadde difor henta inn Odd Gunnar Ludvigsen frå Fylkesarkivet i Oppland for å høyre om deira erfaring med dette arbeidet. Foto: Fylkesarkivet. Datering: 2016

Vi fekk gode svar frå arbeidsgruppene. Her er det deltakarane frå Vågsøy, Bremanger og Selje som presenterer sine løysingar. Foto: Fylkesarkivet. Datering: 2016

Fylkesarkivet samarbeider med DIFI om eit prosjekt knytt til digitalt skapte arkiv. Rune Kjørlaug frå DIFI presenterte deira arbeid med e-Innsyn og meldingsutveksling, som mellom anna inneber at det skal utviklast ein fornya og forbetra offentleg elekt-

ronisk postjournal. Geir Utmo frå Fylkesarkivet følgde opp med våre planar for å utvikle ein modell for saumlaus overføring av elektroniske arkiv til eit arkivdepot som til dømes Fylkesarkivet.

Fylkesarkivet er godt nøgde med at vi fekk samla om lag 70 deltakarar, og engasjementet tyder også på at vi kan seie oss nøgde med arrangementet.

Sosialt

Ein slik konferanse må sjølvsagt ha eit sosialt opplegg. I tillegg til den obligatoriske «Kviss-kampen» var vi i år så heldige å få statsarkivar Yngve Nedrebø til å gi oss eit underhaldande føredrag om kva arkiva kan fortelje oss om regionale ulikheiter i fylket vårt. 37


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Per Birger Lomheim og veghistorisk arkiv

Av Per Olav Bøyum

Per Birger Lomheim framfor arbeidsplassen han trugent tente i over 40 år. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2016.

Per Birger Lomheim er personen du ikkje bør utfordre til vegkviss. Frå riksvegar til kjerrevegar: Per Birger veit det meste om vegane i Sogn og Fjordane - om byggeår, veglengd, avlevering og kostnad. Den veghistoriske dokumentasjonen han opp gjennom åra har samla inn, er no avlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Per Birger vaks opp på Hafslo, som eldst av fire brør. Etter to år på realskule i Sogndal gjekk utdanningsvegen vidare til Voss, der han utdanna seg til landmålar. Seinare tok han rekneskapsførarkurs i Telemark og tilleggsutdanning innan landmåling. Fyrste arbeidserfaring fekk Per Birger i Jordskifteverket. I 1969 bytte han beite, og tok til i det som då var seksjon for grunnerverv i Statens vegvesen. Der 38

vart han verande resten av yrkeslivet. Ved sida av oppmålingsarbeid fekk Per Birger i 1991 ansvar for museale saker ved vegkontoret på Leikanger. Dermed vart han djupt involvert i veghistoriske prosjekt i Sogn og Fjordane. I 2002 kom Nasjonal verneplan, ein stor rapport om vegrelaterte kulturminne. Per Birger har elles hatt ansvar for utstillingar, og dessutan skrive ein god del om samferdslehistorie.

Arkivet Per Birger Lomheim har avlevert. Foto: Per Olav Bøyum. Datering: 2016.


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Frå opninga av vegen Mjømna-Byrknesøy. Foto: Per Birger Lomheim. Datering: 1997.

Per Birger Lomheim ved Vindhellavegen. Delar av vegen raste i 2002 ut, men vart seinare sett i stand att. Fotograf: ukjent. Datering: 2002

porten mellom landsdelane. Frå Lærdal gjekk det veg austover, over Filefjell. Nordover snirkla den Trondhjemske postveg seg, over Sognefjorden ved Leirvik, deretter til Dale, så innover landet til Førde, Skei, Utvik og Hornindal.

Den gamle vegen over Mannseidet, ved Hellebakken. Mannseidvegen er truleg ein av dei eldste i landet, nemnt i både Snorre og Egilssoga. Her har både ålmuge og kongelege i uminnelege tider ferdast. Vegen kom i 2002 inn på nasjonal verneplan. I grunngjevinga vart det framheva at denne gamle ferdselsåra mellom Moldefjorden og Kjøde «er et godt bevart eksempel på en typisk eideveg». Vegen fungerte som eit tryggare kommunikasjonssamband enn det vèrharde Stadthavet. Foto: Per Birger Lomheim. Datering: 1994.

«Dalane først, kysten sist»

Frå gamalt av fungerte sjøen som hovudveg. Det var båten som batt i hop bygdene og transporterte sogningar og fjordingar til byen, Bergen. Ned til fjorden gjekk det gjerne sti eller rideveg. Men det fanst òg nokre landbaserte ferdslevegar, bygde for å betre trans-

Moderniseringa av samfunnet skapte trong for betre kommunikasjonar. Bøndene etterlyste vegar for transport av varene sine fram til marknaden. Ei gryande industrialisering og auka turisme pressa òg fram bygging av vegar. Den første vegplanen for Sogn og Fjordane kom i 1864. Det berande prinsippet i planen gjekk ut på å prioritere vegbygginga i indre strok: «Dalane først, kysten sist». Tanken bak var at områda ved kysten og sjøen trass alt hadde båten å hjelpe seg med.

Frå Skor bru i Fjaler. Foto: Per Birger Lomheim. Datering: 1993.

fem rutebilselskap i Sogn og Fjordane. Privatbilismen tok fyrst av etter krigen. I 1960 vart restriksjonane for å kjøpe bil oppheva. På same tid vart det òg semje på Stortinget om at det måtte setjast i gang ei storstila satsing på vegutbygging. I tillegg vart det utvikla reiskapar og hjelperåder som gjorde vegbygginga meir effektiv, som til dømes kompressorar og boremaskiner. I sum førte dette til ei massiv vegbygging i heile landet. Per Birger Lomheim har hatt orkesterplass til samferdsleendringane i Sogn og Fjordane siste 50 åra. Utviklinga har vore kolossal. Han fortel livleg om revolusjonen GPS førte med seg innan hans eige arbeidsfelt, landmåling.

Etter kvart skulle det finne stad ein samferdslerevolusjon, frå båt og hest til bil. Rett nok var det fram til siste verdskrigen store og luftige jernbaneplanar for fylket, men det resulterte ikkje i anna enn Flåmsbana.

Dessutan understrekar han den store kostnadsveksten. Fjærlandstunnelen kom i 1986 med ein prislapp på litt over 18 000 kroner pr. meter. Då Lærdalstunnelen vart opna i 2000, hadde den ein meterpris på 40 000 kroner. Ti år seinare opna Gullringen i Luster. For denne tunnelen hadde kostnaden auka til 100 000 kroner pr. meter.

Den fyrste motoriserte ferdsla på veg var knytt rutebilkøyring og varetransport. I perioden 1910-1916 kom det til

Lomheim har gjennom arbeidet sitt også hausta store kunnskapar om den eldre vegsoga. Ein person han fortel 39


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Fylkesveg 365 Værlandet-Bulandet i Askvoll. Den vann Vakre vegers pris i 2006, ei utmerking som går til estetisk utforma vegar tilpassa omgjevnadane. Sogn og Fjordane har forsynt seg grovt av prisen. Heile fem gonger har eit veganlegg i fylket vårt gått sigrande ut av konkurransen. Fotograf: Hermund Kleppa. Datering: 2007.

varmt om, og som han ikkje legg skjul på at han beundrar, er bilpioneren Petrus Beduin, den «flygande hollendaren» som 1901 gjorde vågestykket å køyre strekninga Kristiania-Lærdal.

Veghistorisk arkiv

Det veghistoriske materialet som har blitt avlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er eit produkt av arbeidet Per Birger har utført i Statens vegvesen. Arkivet er ei typisk samling. Det består av dokument Per Birger sjølv har skapt, og materiale av eksternt opphav. Det er temmeleg omfangsrikt, bortimot 15 hyllemeter. Av innhaldet bør den fotografiske dokumentasjonen bli trekt fram. Ikkje berre finst det store mengder bilete i arkivet, ein god del av dei er også grundig beskrive. Det gjeld framfor alt bileta Lomheim sjølv har teke. I tillegg har Per Birger samla inn litt mindre mengder med eldre foto. 40

Eksempel på fotodokumentasjon i arkivet. Biletet viser Maurstad. Foto: Per Birger Lomheim. Datering: 1995.

Arkivet frå Lomheim inneheld ein god del dokumentasjon i form av trykksaker og anna informasjonsmateriell. Denne brosjyren vart utarbeidd i samband med opninga av Naustdalstunnelen i 1995.

Elles er det mykje tilfang i form av brosjyrar, avisartiklar, plandokument, kart, rapportar og trykksaker. Dette er ikkje unik og original dokumentasjon, men det tenar like fullt som nyttig bakgrunnsstoff for dei som vil setje seg inn i soga åt eit veganlegg. Til dømes inneheld bedriftsbladet Vegstubben, som Statens vegvesen i Sogn og Fjordan gav


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Vegen Sletterust-Heirsnosi. Foto: Per Birger Lomheim. Datering: 1999.

Vegnettet i Sogn og Fjordan i 1900. Illustrasjonen er henta frå boka «På god veg».

ut, mykje interessant informasjon om vegbygginga i fylket vårt. Det meste av arkivet er ordna kommunevis. Det finst det materiale frå heile fylket. Nokre kommunar ligg det meir dokumentasjon på ann andre. Av naturlege årsaker finst det til dømes mykje stoff om vegane i Lærdal. Noko av materialet har ei tematisk inndeling. Det gjeld mellom anna vegbygging i okkupasjonstida. Frå denne delen av arkivet er det verdt å nemne lydopptak med vegfolk som vart utkommanderte til teneste for tyskarane. Det er ingen tvil om at samferdslespørsmål, og då spesielt vegbygging, skapar stort engasjement. Det er for eksempel ikkje få spaltemeter som har blitt skrive om trasèvalet for E39 gjennom Nordfjord. Den høge temperaturen i slike debattar er fullt ut forståeleg. Vegar er som blodårer i eit moderne samfunn. Ein tunnel eller ei bru kan utgjere forskjellen mellom vekst og fråflytting.

Kjelder og litteratur •• SFF-2014136 Veghistorisk arkiv (Statens vegvesen) •• Munnleg informasjon frå Per Birger Lomheim •• Sogn Avis 09.04.2016 •• Ese, Kristin: På god veg: veghistorie i Sogn og Fjordane. Førde: Selje forlag, 2007. •• Hovland, Kåre: Den fyrste bilen gjennom Lærdal. Henta frå Kulturhistorisk leksikon (http://www.fylkesarkiv.no/kl/ detalj/?id=278) •• Krogsæter, Trygve: 1901: innledningen til automobilens århundre. S. 23-33. I: St. Hallvard : 2001 Nr. 4

Petrus Beduin med følgje er her kommen til Ureteigsvingen ved Gram i Borgund. Dette er fyrste gongen det er bilspor på denne vegen. Beduin hadde lagt bak seg fleire bilekspedisjonar til Alpane då han i 1901 vende augo mot Skandinavia. Noreg var på den tida rekna for ein utpost, og såleis ein fin boltreplass for ein eventyrar med sans for tøffe utfordringar. Han skulle då òg få litt å bryne seg på. I forkant hadde Beduin gjort seg kjent med tilhøva i Noreg. Han kunne litt norsk etter å ha delteke i sykkelløp her på 1890-talet. Mellom anna konkurrerte han mot Wilhelm Henie, far til kunstløpdronninga. Beduin køyrde ein fransk bil av merket Panhard & Levassor. Den hadde imponerande 24 hestekrefter, og var ein moderne bil for si tid. Med seg hadde Beduin rikelege mengder med bensin, som på den tida berre var å få kjøpt i små mengder på apotek i Noreg. Hollendaren drog i veg utan løyve frå styresmaktene. Litt forbi Hønefoss hadde ei bru kollapsa, men Beduin var ikkje typen som gav seg. Han bygde ei provisorisk bru og kom seg over. I Lærdal står det ein minnestein om bragda hans i 1901. Fotograf: P. S. Beduin. Datering: 1901.

Ettersom kommunikasjonar på ein så grunnleggjande måte formar samfunnet, seier det seg sjølv at veganlegga òg blir ein viktig del av soga vår. Arkivet Per Birger Lomheim har skapt er eit særs flott bidrag til veghistoria for Sogn og Fjordane. 41


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Fjærlandstunnelen 30 år

Av Per Olav Bøyum

Walter Mondale opna vegen Fjærland-Skei 31. mai 1986 saman med kona Joan, flankert av fylkesmann Ingvald Ulveseth til venstre og vegdirektør Eskild Jensen til høgre. Rundt to tusen menneske var til stades ved opninga i Jølster. Bilkøen fram til Lunde var 5 km. Foto graf: Olav Handeland. Eigar: Statens vegvesen Region Vest. Datering: 1986.

«Kampen for vegutløysing for Fjærland er ei lang historie. Det ei soge med mange voner og store vonbrot, lovnader og luftslott og politikk. Tanken om sambindingsveg mellom Sogn og Sunnfjord med tunnel under Jostedalsbreen er så visst ikkje fødd i vår tekniske supertid.» Slik skildra Norvald Tveit i boka «Eit vegopprør i Bygde-Norge» fjærlendingane sin strid for å få veg ut av bygda. Då boka kom i 1973 skulle det framleis gå 13 år før tunnelen braut vegisolasjonen for innbyggjarane i Fjærland.

42

Frå jernbane til bilveg

Tveit hadde rett i at framlegget om kommunikasjonssamband nordover mot Sunnfjord ikkje var av ny dato. Amtsingeniør Engebreth Borch og presten Harald Ulrik Sverdrup i Balestrand lanserte tidleg på 1900-talet idèen om ein tunnel frå Fjærland til Jølster. Den skulle vere del av eit større jernbaneprosjekt gjennom fylket. Hotelleigar Dahle i Fjærland hengte seg snart på, og tala varmt for ei nordvestbane. Ho skulle gå frå Voss til Vangsnes, deretter ferje til Fjærland, tunnel til Lunde og vidare med ein banetrasè langs Kjøsnesfjorden til Skei.

Jernbaneplanane kom tett i tiåra før og etter den første verdskrigen. Borch og Sverdrup hadde lansert tanken om ei bane frå Fjærland til Gloppen. I tillegg vart ei ytre line skissert frå Vadheim og nordover. Andre argumenterte for jernvegsanlegg opp Jostedalen, men Dahle, som naturleg nok stod på barrikadane for si eiga bygd, var tydeleg på at ein ikkje måtte «tulla seg paa avveg med ei bana fraa Sogn eller Nordfjord til Sjaak.» I ettertid kan planen om jernbane gjennom Fjærland framstå som eit luftig prosjekt, men det svevde ikkje høgare enn at ei line langs Fjærlandsfjorden vart stukken og kostnadsrekna. Det skjedde etter at Stortinget i 1923 vedtok


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

at eit togsamband mellom Sogn og Nordfjord skulle byggjast ut. Kravet om landbasert kommunikasjon til Fjærland var såleis meir enn berre ei lokal kampsak. Det vart like mykje fremja som del av eit større samferdsleprosjekt der målet var å binde saman Sogn og Fjordane, og dessutan kople fylket til resten jernbanenettet. Men toget tøffa snart inn på eit sidespor. Mot slutten av 1920-talet gjekk Sverdrup og Dahle over til å argumentere for bilveg mellom Hella og Skei. I 1930 fekk dei med seg Jølster kommunestyre i kravet om vegutløysing mot Sunnfjord. I 1940 kom ein ny vegplan for Sogn og Fjordane. Den presenterte heile fire vegalternativ ut av bygda. Det eine gjekk ut på å byggje vegen sørover, på vestsida av Fjærlandsfjorden, mot Vetlefjord. Ei anna line gjekk frå Berge og over til Sogndalsdalen. I alternativ tre var det tale om tunnel til Lunde i Jølster. Det siste forslaget gjekk ut på å byggje veg frå Supphelledalen til Veitastrond. I tillegg argumenterte Anders J. Bøyum, stortingsmann og ordførar i Balestrand, for vegalternativet på austsida av fjorden, frå Hella til Fjærland. Tveit slo i boka si fast at «Fleire alternativ er bra. Så lenge folk slåst om dei, kan styresmaktene sitte med hendene i fanget. Når så folk samlar seg om eitt alternativ, skal det utgreiast, dei andre skal utgreiast, og tida går» Og tida gjekk, utan at fjærlendingane fekk vegutløysing. Dei heldt folkemøte, skreiv avisinnlegg og stridde elles så godt dei kunne for saka si, i kommunestyre, fylkesting og Storting. Vonbrot avløyste optimisme, før ein ny kveik vart tent – og slokna. Ei gåverik sjel, som Tveit litt svivyrdsleg omtala vedkomande, laga endå til eit fengande slagord for prosjektet, som henta ut frå ein amerikansk presidentvalkamp: «Vi kjem ingen veg utan veg». I 1967 prioriterte fylkestinget prosjektet Hella-Fjærland-Skei som nummer ein i sin 15-års plan for riksvegar. Ei eiga nemnd vart sett ned for å sjå til at prosjektet ikkje nok ein gong blei

Fjærlendingane tok i bruk fleire verkemiddel i striden for vegutløysing. Kristian Høisæter skreiv kampdikt, som han framførte på folkemøta.

trenert og ført inn på ein blindveg. Nemnda bestod solide samfunnsstøtter som gav saka tyngde: Olav K. Henden, Johan M. Skrede, Arne Grepstad og Per Horpedal. Det var denne nemnda som i 1971 tok initiativet til A/S Fjærlandstunnelen.

A/S Fjærlandstunnelen

Stiftinga av A/S Fjærlandstunnelen skjedde 11. september 1971 på Skei. Paragraf to i vedtektene slo fast at «Føremålet til selskapet er ved hjelp av bompengar å ta del i bygging av tunnel mellom Fjærland og Skei i Jølster. Dette som lekk i ferjefritt samband Hella– Fjærland-Skei.» Olav K. Henden vart vald til formann, og Johs. A. Bøyum til nestformann. Selskapet la vinn på å fremje sambindingsprosjektet som eit fylkeskrav. Vedtektene slo fast at styret skulle bestå av eitt medlem busett i Gloppen kommune, to i Jølster, eitt i Balestrand og

Då Stortinget i 1975 vedtok bygging av veganlegget Fjærland-Skei var det uklart kvar vidareføringa av vegen skulle gå. A/S Fjærlandstunnelen gjekk i sine vedtekter inn for sambandet Fjærland-Hella. Til slutt fall valet på Frudalslina.

eitt i Leikanger. Det interkommunale samarbeidet viste også att i aksjonærtala. Flest aksjeeigarar budde i Jølster. Deretter fylgde Balestrand og Gloppen. Nabokranglar og futekonfliktar vart for ei stakke stund rydda til sides 43


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Fjærlandstunnelen vart oppløyst i 1990.

Arkivet

I arkivet frå A/S Fjærlandstunnelen finst det mellom anna eit eige kartotek over aksjeeigarar.

for eit felles prosjekt. Skipingsmøtet vedtok å sende ein resolusjon til Stortinget der det heitte at «Folk frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samla på Skei i Jølster til skiping av A/S Fjærlandstunnelen er kjend med at Norsk Vegplan i næraste framtid kjem opp i Stortinget til endeleg avgjerd. [...] Fylkets prioriteringsplan gir anlegget Hella–Fjærland-Skei høgste prioritet avdi vegen på ein særeigen måte gir fylket eit ferjefritt låglandssamband, og såleis på ein effektiv måte bind fylket saman, samstundes som det skaffar vegutløysing for den gode jordbruksbygda Fjærland med sine omlag 500 menneske.»

Særleg stod stortingsrepresentanten Oddleif Fagerheim fram som ein ivrig talsmann for at alle stridande krefter burde stå samla under ei fane. Han føreslo skipinga av eit tunnelselskap som omfatta heile fylket. Det skulle få fortgang i bygginga av dei store sambandsvegane i Sogn og Fjordane. Til slutt lukkast kampen for vegutløysing. Stortinget vedtok i 1975 bygging av veganlegget Fjærland-Skei. Arbeidet tok til to år etter. 31. mai 1986 kunne så Walter Mondale klyppe snora som sette sluttstrek for sju tiår med strid for landkommunikasjon ut av bygda. A/S

Arkivet frå A/S Fjærlandstunnelen vart i april i år avlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Det består av ein god del rekneskap. Dessutan finst det oversyn over aksjeeigarar samla i eit eige kartotek. Arkivet inneheld også korrespondanse og avviklingsdokument. I tillegg finst det ein uferdig historikk, skriven av journalisten Kåre H. Haugen.

Kjelder og litteratur

•• SFF-2016108 A/S Fjærlandstunnelen •• SFF-2014136 Veghistorisk arkiv (Statens vegvesen) •• Tveit, Norvald: Eit vegopprør i Bygde-Norge : Fjærland. Oslo : Samlaget, 1973 •• Bergens Tidende 24.06.1919 •• Ese, Kristin: Under Jostedalsbreen frå Fjærland til Skei. Henta frå Kulturhistorisk leksikon (http://www.fylkesarkiv.no/kl/ detalj/?id=1322)

Vegen framover Bøyadalen i Fjærland, med tunnelopninga ved breen. Fotograf: Per Olav Bøyum. Datering: 2008

44


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Tilvekst til biblioteket 28.10.15-27.05.2016 •

Andenæs, Ivar: Godt folk. Rapport frå barndomens fagre Stryn. Selja forlag, 2015. 199s.

Sunnfjordingen. Tekstar av og om Nikka Vonen og Ole W. Fasting ved Einar Offerdahl. Selja forlag, 2015. 135 s.

Askeland, Kjell: Folk før III. Trettifem historier frå Nordfjord. Selja forlag, 2015. 239 s.

Stølane i Førde, frå fjord til bre. Førde historielag, redaksjon Berit Gjerland, Atle Furevik, Arne W. Aasland. Selja forlag, 2015. 608 s.

Førde historieskrift 2015. Førde historielag, 2015. 156 s.

Gloppen sogelag: Ljøren 2015.

Årbok for Sogn 2015. Musea i Sogn og Fjordane – De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, 2015. 126 s.

1974. 99 s.

Selje prestegard. Red. Terje Skaug. Selja forlag, 2015. 87 s.

Alsaker, Anny Berge: Nordfjorddiktaren Amund Mork og samtida hans. Eige forlag, 2013. 344 s.

Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000 (+) 2. opplag. Utarbeidd for Faleide skulemuseum 1997, oppdatert og redigert for bokform 2006. Red. Kåre Nygård.

Årboka 2015. Selja forlag, 2016. 272 s.

Byrkjeland, Martin: Vatnet, verket og byen. Høyanger 100 år – 19152015. Martin Byrkjeland og Jan Anders Timberlid. Fagbokforlaget, 2015. 2 band.

Årshefte 2007 og 2008, Fjærland sogelag.

Dar breadn kalva, 2009, 2010, 2012 og 2014, Fjærland sogelag.

Ættebok for Fresvik. Fresvik sogelag, 2015. 302 s.

Førsund, Finn Borgen: Førde Sementvare 1930-2000. Selja forlag, 2000. 111 s.

Kroken, Johan: Busetnadsoge for gardane Seljenes, Oresæter, Flatraket, Kupen, Gangeskar ca. 1750-2014. Flatraket, Eige forlag, 2014. 116 s.

Tvinnereim, Kjell: 50 år med Hornindal spelemannslag. Jubileumsskrift. 2010, 65 s.

Hafslo idrettslag 75 år 1934-2009. 92 s.

Timebyteplan for folkeskulane i Leikanger. Vedteke i Leikanger skulestyre den 11. november 1948 og 17. januar 1949. <1949> 3 s.

Timeplan for folke- og framhaldsskulen i Leikanger. Vedteke

Sogeskrift frå Hyllestad 2015. Hyllestad sogelag, redaktør Håkon Haukøy. 2015. 118 s.

Luster Arbeidarparti: Bygdene og folket. Arbeidarrørsla i Luster gjennom fortid og notid. 2015. 211 s.

Tomasgard, Paul O.: Om plassefolket i Hornindal. «… i hans og Hustruens Levetid» Eige forlag, 2015. 160 s.

Stryn historielag: Årbok 2015.

Hjelle, Aud: Skulane våre før og no. Ei bok om grunnskulane i Eid. Eige forlag, 2015. 271 s.

Solund sogeskrift år 2015. Utgjevar Solund sogelag, skriftnemnd: Bjørn Magne Hansen, Magne Hamre, Finn Jonny Hugøy et.al. 2015. 320 s.

Tandstad, Kjetil: Hagen 75 år, 1934-2009. 152 s. Kårstad, Leidulv: Utvik – heimbygda mi og Tistam – grannebygda mi. Selja forlag, 2009. 175 s.

Frøyen, Paul Ragnar: Frøya kyrkje i Bremanger 150 år. Selja forlag, 2015. 136 s.

Lavik kyrkje 150 år. Med folket gjennom tidene. Red. Andreas Ester, Olav Hellebø, Marie Løland, Geir Sørebø. Finurlig forlag, 2015. 244 s.

• •

Fjaler 2015. Utgjeve av Fjaler sogelag. 96 s.

Fladby, Rolf: Lokalhistorie frå gard til tettsted. Red. av Rolf Fladby og Steinar Imsen.

Sogeskrift for Eid 2015. Eid vidaregåande skule, 2015.

… so han sa … lokalhistorisk årshefte 2015. Sogndal sogelag, 2015. 92 s.

i Leikanger skulestyre i møte den 31. mars 1924. Monsens bok- og skulemateriellhandel, 1924. 7 s.

45


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Krigen kjem til Kvamme skule

Utklipp frå Karakterprotokollen til Yri og Kvamme krins 1908-1965.

I samband med prosjektet Skulen min, går Fylkesarkivet gjennom arkivmaterialet til skulane i fylket. Her kjem vi over mykje spanande som vi må dele med fleire. Eg sit og les i ein karakterprotokoll for Kvamme krins i Oldedalen. Eg forsøker å danne meg eit overblikk over kva for gardar som høyrde til krinsen ved å sjå på etternamna til elevane Kvamme er ein krins med små endringar så eg skummar raskt gjennom protokollen. På ei side står det meir enn berre karakterar. Eg blir nyfiken og tek til å lese: Notisen er skriven av lærar A. O. Kvamme, datoen er 20.april 1940. Kan det vere ein kommentar om krigen? Det var ikkje alle lærarar som våga å skrive om hendingane under okkupasjonstida. No vart det skikkelig interessant. Vi kan lese: «Den 19. april 1940 var det skriftleg rekning Då arbeidet var byrja, fekk eg melding om at eg – som landvern – skulle vera klar til å møta til krig med gode støvlar og gode klede og om mogleg med eigi gevær.

46

Av denne grunn har eg i går og i dag gjevi karakterar, og skrivi ut vitnemål åt dei som snart er ferdig med 7. skuleåret, og som i år kan ta til med konfirmasjonsførebuing. Det er komi påbod frå skulestyreformann Per Reme at frå 20 april stoggar skulen førebels. Det står no att 15 dagar storskule og 11 dagar småskule. I dag er det eksamensstil – fleire fly har i dag fari i nordaustleg retning over søre Oldedalen. Slikt skapar uro og mange tankebrot. «Gud signe vårt dyre fedreland» Kvamme skule 20 april 1940. A.O. Kvamme» Den 20. april 1940, sat det ein lærar på skulehuset innerst i Oldedalen og forstod alvoret. Norge og ikkje minst heimstaden var i krig. Hans eiga utkalling og lyden av tyske krigsfly må ha vore skremmande. Når kunne skulen starte opp att? Det var det ingen som visste. Vi kan lese at læraren skreiv ut vitnemål til dei han kunne, eit forsøk på å avslutte skulen best mogleg på ubestemt tid.

Allereie tre dagar seinare kom krigen til Stryn. Den 24. april kom tyske krigsfly inn fjorden, fullasta med bomber som skulle øydelegge bygda. Heldigvis traff tyskarane dårleg på dette toktet. Einaste huset som vart øydelagt under bombinga var det gamle kommunehuset. Tidlegare hadde dette vore skulehus for Tonning krins. I tillegg til bomba som traff det gamle skulehuset frå 1867, kom det fleire bomber som landa på opne plassar. I tillegg skaut tyskarane etter folk som flykta. Avisa Firda Folkeblad skriv 26. april at det var eit under at ingen liv gjekk tapt.

Kjelder:

•• Karakterprotokoll for Yri og Kvamme krins 1908-1965 •• Vik, Jon Rasmus Langseth (2010). Glimt frå Stryn under 2.verdskrig 1940-5. Årbok 2010. s. 125-135. •• 26.04.1940. Bombing i Stryn, på Sunnmøre og i Gudbrandsdalen. Firda folkeblad


Kjelda, nr. 1 – 2016, årgang 25

Ættebok for Fresvik utgjeve av Fresvik Sogelag i 2015

Bokmelding av Randi Melvær

Tidlegare høyrde Fresvik til Leikanger kommune og var med i ættesoga for Leikanger frå 1979. Fresvik høyrer no til i Vik kommune. For å få ei oppdatert slektssoge har sogelaget no laga ei bok, sidan Fresvik ikkje vart med i Vik si gards- og ættesoge frå 2008. Solid arbeid og oversiktleg bok

Resultatet av sogelaget sitt arbeid er blitt ei svært oversiktleg bok. Gardane er ordna alfabetisk og kvar huslyd har fått eit eige nummer. Dei eldste kjem først. Forkortingane som er brukt kjem på 3. side. Bak i boka er det eit personregister sortert på førenamn. Her er vist til gard og huslydnummer. Dette er ein fin inngang til søk etter slektningar. Det

er også ei lita kjeldeliste til slutt i boka. Her er dei skriftlege kjeldene presentert. Dei munnlege har fått ein felles takk. Dei er sikkert så mange at sogelaget ikkje kunne nemne alle. Boka er illustrert med personbilete og gruppebilete. På siste side får vi sjå eit foto frå 1890 nede ved sjøen med kyrkja og andre bygningar som er namngjevne.

Tyskarane tok læraren og kartet

Av Sigrun Espe

Under andre verdskrigen var ei gruppe tyske soldatar stasjonert på eit skip rett utanfor Rognaldsvåg – denne vart kalla «prama» av dei som budde der fordi den likna ein stor pram. Ungane i bygda var vande med å sjå krigsbåtar med soldatar, men ein dag fekk dei seg ein støkk. Midt i skuletimen kom ei gruppe soldatar marsjerande opp til det gamle skulehuset. Elevane såg hjelmane og pipebørsene som stakk i veret i det soldatane passerte vindauga. «Vi små karane var ikkje så høge i hatten då,» seier Ingolf Didriksen som var fire år då krigen byrja. «Vi sat no der på pultane våre som nokre harar.» Dei tyske soldatane kom inn i skulestova og røska ned det store kartet som hang på veggen. Dei rulla saman kartet

Det gamle skulehuset i Rognaldsvåg der Ingolf Didrikson gjekk på skule. Under krigen var det større vindauge i første etasje.

og tok med seg både kart og lærar og marsjerte ned mot skipet. Elevane vart heilt i frå seg og var sikre på at dei aldri kom til å sjå læraren i live igjen. «No er det sikkert det siste vi ser læraren,

tenkte vi. Men han kom no oppatt med kartet,» ler Ingolfsen. Kjelde: Ingolf Didriksen

47


Avsender Fylkesarkivet Askedalen 2 6863 Leikanger ISSN 0803-9682

Før og no: Loen


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.