Bla i Kalle og Bulle - nynorsk

Page 1

Hanne Solem

BOKBUSSEN GRØNN inneholder 20 morsomme, engasjerende og spennende bøker – noe for enhver smak.

Nivå 5

Kalle og Bulle på tøff biltur

BOKBUSSEN GRØNN gir leseopplæring og leseglede!

Illustrert av Thor W. Kristensen

Bokbussen GRØNN bokmål ISBN 978-82-492-1752-6

9 788249 217526

www.gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no

GAN Aschehoug

Kalle har arvet en racerbil. Hold på hatten, Bulle! Her blir det full fart!

Nivå 5


– Sjå, Bulle! Sjå kva eg har fått etter onkel Ole! Tøff, ikkje sant? Dette er bilen for oss. Eg trur det er ein racerbil, trur ikkje du òg det? Han må få eit namn, eg vil kalle han Rasken!

2


Bulle er veldig stolt. Han har aldri hatt racerbil før, men han har alltid ønskt seg ein. No legg han store planar for seg og Bulle. Tøff biltur!

3


– Er du klar, Bulle? Klar for biltur med overnatting? Rasken er i alle fall klar! Vi kjem sikkert til å køyre frå alle dei andre. Tøft! Kalle set nøkkelen i tenninga. – Hald deg fast, Bulle! No susar vi av stad!

4


5


– Onkel Ole har nok ikkje trimma bilen skikkeleg, derfor går han ikkje lynraskt med ein gong. Men då får vi tid til å sjå oss om, ikkje sant, Bulle? Vi skal finne ein fin stad der vi kan slå opp teltet og nyte livet. Kalle ser seg rundt. Ei blomstereng! Der er det sikkert supert å setje opp teltet. Dessutan må Bulle tisse. Og Kalle er svolten.

6


7


– Det er lurt å slå opp teltet med ein gong, ikkje sant, Bulle? Men oi sann, er det noko feil med teltet? Kalle strevar. Teltet vil ikkje bli til eit ordentleg telt. Det vil visst helst liggje på bakken. – Kva skal vi med telt i dette fine sommarvêret, Bulle? Vi kan like gjerne sove under open himmel! Det finst ikkje noko betre enn det!

8


9


– Dette er livet, Bulle! God mat, sol, fri, ro og fred. Rasken står klar til heimturen i morgon. Kan vi ha det betre? Kalle og Bulle kosar seg. Dei legg allereie planar for neste biltur. Kanskje dei skal køyre til utlandet? Til Sverige?

10


11


– Eg trur vi like gjerne søv i bilen, eg, Bulle. Kva er betre enn å sove i ein ekte racerbil? Bulle er visst ikkje heilt einig, men han lograr hyggeleg til Kalle og kryp saman i setet. Kalle lukkar auga og tenkjer på at neste gong skal han ta med seg dyna.

12


13


– Ingenting er som å snu i tide, Bulle! Kanskje blir det regn? Kvifor sove i bilen når senga ventar heime? Den gode, mjuke senga? Kalle og Bulle køyrer heimover i Rasken. No er det ingen andre bilar som køyrer forbi dei. Dei er heilt åleine på vegen.

14


15


– Borte bra, men heime best. Ikkje sant, Bulle? Kalle og Bulle sovnar idet sola stür opp og ein ny dag gryr. Ein ny dag med nye sjansar! Rasken stür utanfor huset og ventar. Blir det ein tur til Sverige? 16


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.