Pär Sahlin
Snakk
B
munnlege aktivitetar for mellomtrinnet
GAN Aschehoug
Klart for munnleg aktivitet!
fo rv
ur de rin g
Kan du snakke? Truleg svarar du ja på det spørsmålet. Men på kor mange ulike måtar kan du framføre noko munnleg? Dette spørsmålet er ikkje like lett å svare på. Det finst nemleg mange ulike måtar å gjere det på og mange ulike situasjonar. I ein del munnlege framføringar skal du fortelje ei spennande historie, og i andre skal du informere om noko du har sett, lese eller høyrt. I enkelte framføringar skal du resonnere rundt eit spørsmål eller argumentere for eit synspunkt, medan du i andre skal stille spørsmål, samtale og diskutere i ei gruppe. Og nokre gonger er det viktigare at du lyttar aktivt, enn at du snakkar sjølv!
U
td
ra g
I denne boka vil du få lære om ulike situasjonar der du skal snakke med og framfor andre. Du vil få hjelp til å førebu ulike typar framføringar og talar. Du vil også få gjere morosame, interessante og spennande snakke- og lytteøvingar saman med medelevane dine. Hugs: Jo meir du trenar på munnleg aktivitet, dess betre vil du lykkast. Lykke til med den munnlege aktiviteten!
2
Innhald
ur de rin g
Slik arbeider du i Snakk B........................................ 4 1 Høgtlesing av tekstar............................................ 6 2 Munnlege personskildringar................................ 17 3 Presentasjonar.................................................... 28 4 Debattar.............................................................. 40 5 Skodespel........................................................... 52 6 Nyttige tips.......................................................... 62
U
td
ra g
fo rv
Bruk stemma.................................................................. 62 Bruk kroppsspråket......................................................... 62 Ha ein god disposisjon................................................... 63 Bruk talemanus............................................................... 64 Bruk rekvisittar................................................................ 64 Bruk tekniske hjelpemiddel............................................. 65 Bruk språklege verkemiddel........................................... 65 Søk informasjon.............................................................. 66 Kjelder............................................................................ 67 Respons......................................................................... 68 Inspirasjonshjelp............................................................. 70 Tor å snakke................................................................... 70 Korleis kan du støtte venene dine?................................ 72
3
Slik arbeider du i Snakk B Snakk B har fem kapittel. Kvart kapittel er bygd opp på same måte og har dei same overskriftene. Her kan du lese litt om kva du skal gjere under kvar overskrift. Teksten I starten av kvart kapittel finn du éin eller fleire tekstar som er typiske for den munnlege framføringa du skal lære deg meir om. Ved å lese og lytte til ein tekst kan du lære meir om talesituasjonen og den typen tekst du skal framføre.
ur de rin g
Forstå
Forstå I dette avsnittet får du arbeide på eiga hand eller saman med ein ven for å forstå kva som er typisk for den teksten du skal framføre. Du vil få lære om føremålet med teksten (til dømes å argumentere) og i kva samanhengar du vanlegvis vil få høyre eller lese han. Du får også lære litt om strukturen og språket i den munnlege teksten. I dette avsnittet finn du også spørsmål til teksten du har lese og lytta til.
Førebu
td
ra g
fo rv
Førebu Etter at du har lært det viktigaste om teksttypen, vil du få førebu deg på ulike måtar før den munnlege framføringa. Du får gjere ulike øvingar der du trenar på sjølve den munnlege framføringa. Her arbeider de i par eller i gruppe. Du får også begynne å planleggje den munnlege framføringa – til dømes ved å velje tema.
U
Formulere
Formulere Under denne overskrifta handlar det om å skrive den teksten du skal framføre. Du vil også få respons på teksten din og gje respons på teksten til ein medelev.
Framføre Når du har kome hit, er det snart klart for den munnlege framføringa. Men før det får du nokre siste råd som du kan tenkje litt på. Det kan vere å memorere teksten, variere stemma eller lage manuskort. No begynner du så smått å bli klar!
4
Framføre
ur de rin g
Nyttige tips Til slutt i boka finn du mange nyttige tips. Desse tipsa kan du bruke når du skal skrive og framføre tekstane dine. Du finn mellom anna tips og råd om korleis du brukar stemma og kroppsspråket i ei munnleg framføring.
fo rv
Du får også lære korleis du kan bruke rekvisittar, talemanus og tekniske hjelpemiddel når du framfører ein tekst. Blant dei nyttige tipsa finn du også døme på språklege verkemiddel du kan bruke medan du snakkar.
U
td
ra g
Arbeidsreiskapar Når du skriv tekstane dine, kan du bruke blyant og papir, eller du kan skrive på datamaskin. Nokre likar å skrive på papir først og deretter reinskrive teksten på data. Andre likar best å skrive på data frå starten av, medan andre igjen berre vil skrive på papir. Du og læraren din kan saman finne ut av kva som passar best for deg.
5
1 Høgtlesing av tekstar Mange likar å høyre på når nokon les ein tekst høgt. Ein del høyrer til dømes på lydbøker i staden for å lese. På skulen høyrer du på læraren og medelevar som les høgt frå bøker eller andre tekstar. Her kjem eit utdrag frå det talemanuset Mohammed brukte då han las høgt for klassen.
forteljestemma til kvefsen
ur de rin g
Ute på kafé
Uteserveringa var einsam og forlaten. Eg såg ikkje noko til dei andre. Det ville seie at eg var først.
glad og forventningsfull
Det ville seie at eg kunne fråtse i restar av kakesmular og gjærbakst, og halvtomme saftglas.
fo rv
Eg gjorde ein høgresving, vippa ut beina og reduserte vengjerørslene. Med eit lett dunk i bakkroppen tok eg i bakken, idet klokka i kyrkjetårnet slo tolv.
ra g
Framfor meg låg det eit gigantisk, glitrande fjell. Foten av fjellet var rund, og om eg strekte på hovudet, kunne eg sjå den
td
kvitfarga toppen. Tenk at mat kunne sjå så godt ut, tenkte eg,
U
skjerande skrik spørjande opphissa og redd forteljestemma til kvefsen
og svirra i gang vengjene og tok nokre skritt mot fjellet. – Æææh! skreik ei stemme. raskt Få han vekk, få han vekk! – Kva då, kjære? svarte ei anna stemme. – På skillingsbollen! Ein kvefs! Før eg hadde rokke å få orden på vengjene, blei eg treft av eit vindkast som bles meg ned i grusen. Eg rista på meg, børsta av meg nokre sandkorn og sette fart på vengjene. Snart svevde eg over borda igjen. Ved eit bord lenger borte såg eg ein pizzasnurr. Var det noko den svarte og gule kroppen min likte, så var det pizzasnurrar.
6
Eg kjende at eg fekk vatn i munnen berre av å tenkje på det. Kjevane gjorde seg klare for å tyggje og fråtse. Eg fekk høg fart på vengjene og fauk av garde som eit skot mot den etterlengta pizzasnurren.
Det var då eg såg henne: vakre Zilja. summing
auk tempoet
på z-lyden
ur de rin g
Ho kom frå motsett retning i høg fart. Eg forstod at ho også hadde fått auge på pizzasnurren. reduser
tempoet
Eg saktna farten, gjorde ei naudlanding på næraste bord og
gøymde meg bak ein boks med tannpirkarar. kviskrande Herfrå kunne eg sjå på henne utan å bli oppdaga. Det fanst ingen som kunne måle seg med Zilja.
fo rv
drøymande Stripene hennar, beina hennar, dei silkemjuke vengjene og summinga hennar kunne ikkje måle seg med
nokon andre. Og måten ho angreip ein halveten pizzasnurr på!
U
td
ra g
Nydeleg! Ja, alt ved Zilja var perfekt …
7
No skal du få lære meir om høgtlesing av tekstar.
Forstå
Kva er høgtlesing?
Strukturen i høgtlesinga
ur de rin g
Mange skriftlege tekstar blir også framførte munnleg. Det kallar vi gjerne for høgtlesing eller å lese høgt. Høgtlesing kan skje i mange ulike situasjonar og samanhengar: Foreldre les høgt for ungane sine, ein lærar les høgt for elevane, og ein stemmeskodespelar les inn ei heil bok, som deretter blir ei lydbok. I dag er det nesten like vanleg å høyre på lydbøker som å lese bøker. Når ein les ein tekst høgt, er det viktig å kunne variere stemma på ulike måtar for å formidle kjenslene og tankane i teksten.
fo rv
Ein tekst som du skal lese høgt, kan vere bygd opp på ulike måtar. Ein del tekstar er berre på nokre få linjer. Dikt kan vere eit døme på dette. Andre tekstar er lange og har både dialogar og forteljande delar.
1
U
td
ra g
Innleiing I innleiinga av teksten presenterer vi ofte viktig informasjon. Det kan vere kven teksten handlar om, eller kvar og når han utspelar seg. Derfor er det fint om du allereie frå starten av lykkast med å fange interessa til lyttaren. Fortel først kva tittelen på teksten er, før du begynner å lese. Kva kan Mohammed gjere for å fange interessa til publikum?
Problem Ein forteljande tekst har ofte eit problem som personane må løyse. Når du les høgt, er det viktig at problemet kjem tydeleg fram. Lyttarane kan jo ikkje gå tilbake i teksten og lese han om att. 2
8
Korleis kan Mohammed lese for å vise at det oppstår eit problem i «Ute på kafé»?
Ute på kafé forteljestemma til kvefsen Uteserveringa var einsam og forlaten. Eg såg ikkje noko til dei andre. Det ville seie at eg var først. glad og forventningsfull Det ville seie at eg kunne fråtse i restar av kakesmular og gjærbakst, og halvtomme saftglas.
3
ur de rin g
Avsnittsinndeling Ein tekst er vanlegvis delt inn i avsnitt. Ofte skjer det noko nytt i kvart avsnitt. Når du les høgt, kan du bruke avsnitta til å ta litt lengre pausar. Det gjer det enklare for publikum å følgje med i hendingsgangen. Kva for ulike hendingar skjer i dei ulike avsnitta i «Ute på kafé»?
td
Korleis trur du forteljinga «Ute på kafé» sluttar?
U
4
ra g
fo rv
Avslutning Dei som høyrer på, veit ikkje når du er ferdig å lese. Men det finst knep for å vise lesarane dette. Du kan til dømes lese saktare og understreke kvart ord. Kanskje inneheld avslutninga di ein spennande vri i slutten, eller kanskje avsluttar du midt i ei spennande hending. Bruk stemma og forteljetempoet til å få fram ulike effektar i slutten av lesinga.
Språket i høgtlesinga Når du les ein tekst høgt, kan du bruke språket og stemma for å formidle innhaldet i teksten. Som ei hjelp til dette kan du kan bruke leseinstruksjonar som fortel deg korleis du skal lese teksten. Skildringar Ein skriftleg tekst eller ei skriftleg forteljing har skildringar som hjelper lesarane til å sjå, lukte, høyre og føle kva som skjer i forteljinga. Når du les teksten høgt, kan du hjelpe lyttarane ved å understreke viktige skildringar i teksten med stemma.
9
5
6
Kvifor trur du Mohammed har markert nettopp orda «gigantisk» og «glitrande» i teksten? Kom med fleire forslag til korleis Mohammed kan bruke stemma si for å understreke viktige skildringar i setningane.
Framfor meg låg det eit gigantisk, glitrande fjell. Foten av fjellet var rund, og om eg strekte på hovudet, kunne eg sjå den kvitfarga toppen.
ur de rin g
Forteljemåtar Ein del tekstar har ein forteljar. Forteljaren kan vere sterkt eller svakt til stades. I enkelte tekstar er forteljaren usynleg, gjerne slik at ein ikkje veit kven som fortel. I andre tekstar kan forteljaren vere ein av personane i forteljinga. Når du les teksten høgt, vil du bli forteljaren. Du kan vise kven forteljaren er, ved å gje forteljaren eit eige stemmeleie når du les. Kven er forteljaren i «Ute på kafé»?
8
Prøv å gje døme på korleis forteljinga «Ute på kafé» kan høyrast ut.
fo rv
7
Korleis høyrest det ut når ein summar på bokstaven Z i namnet Zilja?
td
9
ra g
Uttale Du kan understreke ord gjennom uttalen. Mohammed «summar» på bokstaven Z i namnet Zilja for å understreke at ho er ein summande kvefs.
U
Dialog Dialogar er dei delane av ein tekst der personar snakkar med kvarandre. Når du les høgt, kan du prøve å bruke ulike stemmer for å markere når ulike personar snakkar. 10 Les dialogen slik du trur Mohammed las han. Stemmeleie og tempo I ein tekst skjer det ulike ting. Nokre av dei er dramatiske, og andre er rolegare. Når du les høgt, kan du variere stemmeleiet ditt: Du kan snakke høgt eller lågt.
10
skjerande skrik – Æææh! skreik ei stemme. raskt Få han vekk, få han vekk! spørjande – Kva då, kjære? svarte ei anna stemme. opphissa og redd – På skillingsbollen! Ein kvefs!
Du kan også variere tempoet i lesinga – til dømes ved å lese raskare når det skjer noko dramatisk. 11 Vel ut ein del av «Ute på kafé» og prøv å variere stemmeleiet. Blei det nokon skilnad? 12 Vel ut ein del av «Ute på kafé» og prøv å variere tempoet i lesinga. Kva blei skilnaden?
ur de rin g
Kroppsspråk Ved hjelp av ansiktsuttrykk eller kroppsrørsler kan du understreke at det skjer noko spesielt i teksten. døme frå «Ute på kafé» der Mohammed kan bruke 13 Gje kroppsspråket sitt for å understreke noko i teksten. TIPS
U
td
ra g
fo rv
På side 62 i kapittelet «Nyttige tips» kan du lese meir om korleis du kan bruke stemma og kroppsspråket.
11
Førebu
No skal du førebu deg på å lese ein tekst høgt. Først skal de gjere to øvingar i par eller gruppe.
Les på ulike måtar ● Les ein tekst med innleving og variasjon.
ur de rin g
Korleis publikum oppfattar teksten din, er avhengig av korleis du framfører han. Vel ein del av «Ute på kafé» og les han høgt for kvarandre. Nedanfor finn de nokre tips om ulike måtar å lese teksten på. Kom gjerne også på dykkar eigne tips.
Les teksten med lange pausar
fnisete
som godnattforteljing
12
med babyspråk
med valfri dialekt
overlegent
ra g
sørgjeleg
fo rv
overtydeleg
Kva for ein variant syntest du var kjekkast å lese? Kvifor?
2
Kva for ein variant syntest du var vanskelegast å lese? Kvifor?
3
Kva for ein av variantane som medeleven din las, syntest du var mest interessant? Kvifor?
U
td
1
Lytt til ei nyheit ● Lytt til eit radioinnslag og fortel det att med dine eigne ord. Når du høyrer på nokon som les høgt, er det viktig å lytte nøye, slik at du ikkje går glipp av viktig informasjon. Lytt saman på eit utdrag frå ei nyheitssending på radio. Når de har gjort det, skal de fortelje for kvarandre kva radioinnslaget handla om. Kva handla radioinnslaget om?
5
Kva synest du var det vanskelegaste med å lytte til og fortelje att innslaget?
Førebu høgtlesinga
ur de rin g
4
Du skal no førebu deg på å lese ein tekst høgt.
2 Vel form Vil du lese ein tekst som har ein tydeleg forteljar? Vil du lese ein tekst som har mykje dialog eller mange skildringar?
U
td
ra g
1 Vel tema Kva for eit emne skal teksten handle om? Skal det vere ein skjønnlitterær tekst? Skal teksten vere ekkel, spennande, dramatisk, morosam eller trist?
fo rv
● Følg trinna nedanfor og lag ein plan.
3 Vel tekst Kva for ein tekst skal du lese? Leit etter bøker og tekstar heime, på biblioteket eller i klasserommet.
TIPS Er det vanskeleg å finne ut kva for ein tekst du skal lese? Bruk inspirasjonshjelpa på side 70 i kapittelet «Nyttige tips».
13
No skal du halde fram arbeidet med teksten. For at høgtlesinga skal bli så bra som mogleg, kan du markere kvar i teksten du skal ta pausar, kva som skal understrekast, eller kvar du skal bruke stemma på ulike måtar. Dersom du har valt ein tekst frå ei bok, kan du be læraren om å ta ein kopi av teksten, slik at du kan skrive leseinstruksjonane rett i teksten.
Formulere
Begynn å skrive
ur de rin g
● Skriv leseinstruksjonar i teksten. Hendingar Kva skjer i teksten? Korleis kan du ved hjelp av forteljetempo og stemma vise når det skjer noko dramatisk eller morosamt i teksten? Skriv leseinstruksjonar i teksten.
fo rv
Kjensler Med kva for kjensler kan du lese teksten? Skriv leseinstruksjonar i teksten.
ra g
Understreking og uttale Kva for skildringar i teksten er viktige å understreke? Set strek under dei. Er det ord i teksten du er usikker på korleis ein uttalar? Spør læraren eller slå opp ordet i ei ordbok. Skriv ned uttalen ved ordet dersom det hjelper deg.
U
td
Dialog Dersom teksten har dialog, kan du gje dei ulike personane ulike stemmer. For ikkje å gløyme kva for stemme du skal bruke, kan du skrive leseinstruksjonar ved replikkane. TIPS På side 8–11 kan du lese meir om struktur og språk i høgtlesing.
14
Respons på teksten Når du har skrive leseinstruksjonar til teksten, er det tid for å få respons. Byt tekst med ein medelev. Har medeleven fått med momenta nedanfor i leseinstruksjonane sine? • varierande forteljetempo • ulike kjensler • understreking av enkelte ord • ulike stemmer ved dialog TIPS
ur de rin g
På side 68 i kapittelet «Nyttige tips» kan du lese meir om korleis du kan gje respons.
Skriv ferdig
fo rv
No er det tid for å skrive ferdig leseinstruksjonane. Kva for nokre av dei held du på til slutt? Er det noko meir du bør leggje til? Bruk responsen du har fått, som hjelp.
U
td
ra g
Gratulerer! No er du ferdig med leseinstruksjonane!
15
Du har skrive leseinstruksjonar og førebudd teksten. No er det snart tid for å lese teksten høgt for ei større gruppe.
Framføre
Før du les teksten høgt Her får du nokre tips om ting du bør tenkje på før du framfører teksten.
ur de rin g
Kroppsspråk Korleis skal du stå eller sitje under høgtlesinga? Finn ei behageleg stilling der du kan lese høgt og tydeleg. Ta pustepausar i lesinga.
fo rv
Øv for deg sjølv Les teksten høgt for deg sjølv fleire gonger. Ein god måte å øve på er å gjere opptak av deg sjølv når du les. Lytt deretter til opptaket. Er det nokon stader i teksten der du ved å variere stemma kan forsterke enkeltelement? Varierer du dei ulike stemmene i dialogen? Skaper du ulikt tempo i teksten ved å variere forteljetempoet? Tenk også på stemmeleiet ditt. Snakk høgare eller lågare når det passar. Utnytt pausane mellom setningar og avsnitt.
ra g
Respons på høgtlesing
U
td
Når du har øvd eit par gonger på eiga hand, kan du lese teksten for ein medelev. Lytt også til medeleven din. Kor godt lykkast han eller ho med punkta nedanfor under høgtlesinga? • lese høgt og tydeleg •g jere lyttaren merksam og interessert • variere tempoet i lesinga • variere stemma •u tnytte orda og handlinga i teksten for å få fram ulike kjensler
Les teksten høgt No er det tid for å lese teksten høgt. Bruk responsen du har fått, som hjelp til å finjustere høgtlesinga endå meir. Lykke til!
16