Gina og Jon på sporet - Vaktmeistersaka

Page 1

Hanne Solem

Gina og Jon på sporet

Vaktmeistersaka Hanne Solem Illustrert av Charlotte Helgeland

NING

SPEN

Nivå 6

Gina og Jon på sporet

Vaktmeistersaka

GAN Aschehoug

Illustrert av Charlotte Helgeland

GAN Aschehoug


– Derfor må ballane bli liggjande på taket førebels, sa Randi og såg utover klassa. – Berre fordi vaktmeisteren er borte? Det ligg jo minst fire ballar der? Vi treng dei! Det var fleire i klassa som protesterte. – Når kjem Steinar tilbake, då? Kvifor er han borte?

2


3


– Mystisk at Steinar brått er borte, kviskra Gina til Jon. – Han bruker jo alltid å vere her! Men han kan sjølvsagt bli sjuk, han òg. – Endå meir mystisk er det at eg syntest eg såg han i gangen i går, kviskra Jon tilbake, – endå eg veit at han ikkje har vore her på fleire dagar.

4


5


– Dette er ei sak for oss, sa Gina. Ho og Jon stod saman ute i friminuttet. – Er du sikker på at du såg Steinar i går? – Det er ikkje så veldig mange andre vaksne her som går i gul caps, då! Men kvifor skal han låst som han er borte, dersom han er her? Eg syntest liksom han lista seg, han gjekk ikkje slik han plar! – Gina og Jon løyser saka, sa Gina. – Dette skal vi finne ut av!

6


7


Før skuledagen var over, hadde Gina og Jon lagt ein plan. Så snart Randi sa takk for i dag, var dei raskt ute med å tilby seg å ta ein runde i gangane og sjekke om nokon lysrøyr var gått, eller om noko anna måtte fiksast. Kanskje fann dei til og med nokre ballar, no som Steinar var borte. Randi blei glad for hjelpa. – Vi får håpe at Steinar kjem i morgon, sa ho. – Det har jo gått eit lysrøyr i klasserommet òg. Eg får i alle fall notere det i vaktmeisterboka. Rart at han ikkje er her …

8


9


Det verka som heile skulen var tom då Gina og Jon gjekk gjennom gangane. Det var stilt overalt. Stilt ei god stund i alle fall, til dei høyrde steg. – Sjå, kviskra Gina. – Det må vere Steinar! Han lever i det minste! Ho kika rundt hjørnet i gangen og var temmeleg sikker på at ho såg ein person med gul caps forsvinne ned trappa til kjellaren. Dei høyrde ei dør slamre igjen og låsen smekke i.

10


11


– Vi er jo rett ved kontoret til rektor. Kva med å melde frå til han om at Steinar gøymer seg i kjellaren? føreslo Jon. – Eller at han kanskje blir halden som fange der nede? meinte Gina. – Kanskje han blir tvinga av nokon? Dei banka på døra til rektor, men fekk ikkje noko svar.

12


13


Døra var låst. Det begynte å bli mørkt ute. Ingen av dei hadde særleg lyst til å gå ned i kjellaren og sjå etter Steinar. – Vi ser kva som skjer i morgon, sa Jon. Dei gjekk ut av skulebygningen. – Noko har visst skjedd allereie, sa Gina og peikte opp mot taket. Ballane var borte!

14


15


Ballane var ikkje borte, men i klasserommet. Det oppdaga dei neste morgon då dei kom på skulen. I tillegg var lysrøyret i klasserommet skifta. – Det var jo hyggeleg og praktisk, smilte Randi. Ho blunka til Gina og Jon. Som om det var dei som hadde ordna det! – Hyggeleg? Snart er det på tide å blande inn politiet, kviskra Gina. – Men vi kan jo stikke innom rektor igjen. Dersom han lever, då. Ho grøssa. Jon verka òg litt nervøs no.

16


17


Så fort det var friminutt, skunda Jon og Gina seg til rektors kontor. Døra var open! Stolen var tom! Var rektor òg låst inne i kjellaren? – Og kva kan eg hjelpe dykk to med, då? Gina og Jon skvatt av stemma frå hjørnet. Det var rektor. Han hadde eit digert plaster på nasen. – Det er noko mystisk her, sa Jon. – Steinar er borte! – Ja, han er borte akkurat no, sa rektor. – Men vi trur faktisk han er i kjellaren! Anten gøymer han seg, eller så er han teken til fange! Vi har sett han! – Jaså, har de det? smilte rektor. – Ja, vi kjenner han igjen bakfrå på den gule capsen! Det som er rart, er at han snik seg rundt og hentar ballar frå taket, og han skiftar til og med lysrøyr. 18


19


– Det var jo litt mystisk, sa rektor. Han snudde seg mot hylla. Med eitt hadde han den gule capsen på hovudet. – Så veldig mystisk er det ikkje. Steinar har fått fri av meg nokre dagar. Han kjem tilbake i morgon. – Fri? – Ja, og så har eg alltid hatt ein liten vaktmeister i magen.

20


21


– Ein vaktmeister i magen?? – Ja, det vil seie at eg kunne tenkje meg å vere vaktmeister, og no fekk eg sjansen til å prøve meg litt. Då var det kjekt med den capsen, som gav meg kjensla av å vere ordentleg vaktmeister. Eg lånte til og med Steinars kontor i kjellaren. Men eg trudde jo ikkje at de såg meg! Eg hadde forresten litt uflaks på taket. No skjøner de kanskje korleis ballane kom tilbake til klasserommet?

22


23


– Saka er i alle fall løyst, sa Gina. Ho og Jon var på veg ut frå skulen. – Og det er fint at Steinar kjem tilbake i morgon. Dei såg opp mot taket. To nye ballar hadde hamna der allereie.

24


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.