Hanne Solem
Leseforst책ing 5
AR
PL EM
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU GAN Aschehoug
Til dei vaksne
D
R VU
Leseforståing 5 er ei bok som gir elevane trening i leseforståing og lesing som grunnleggjande dugleik. Alle tekstane har oppgåver på ulike nivå knytte til forskjellige aspekt ved leseforståing. Elevane får trening i å hente informasjon direkte ut av teksten, å tolke og kombinere informasjon og å reflektere rundt form og innhald. Nivådelinga på oppgåvene gjer at denne boka passar for samansette elevgrupper der ulike lese- og skriveferdigheiter er representerte.
G
IN
ER
Leseforståing 5 inneheld 22 oppslag som kvar består av ein tekst med tilhøyrande oppgåver. Elevane møter ulike typar tekstar på tvers av fag, i tråd med læreplanens føringar om lesing om grunnleggjande dugleik.
KS
SE
Kvart oppslag blir innleidd med eit spørsmål som tek utgangspunkt i det aktuelle temaet og i forkunnskapane til elevane. Spørsmåla, i tillegg til «Ord å snakke om», som står etter kvar tekst, eignar seg godt som utgangspunkt for felles samtale og refleksjon i forkant av arbeidet med oppslaget.
AR PL
EM
Leseforståing 5 gir òg elevane inspirasjon til eiga tekstskaping. Kvart oppslag har ulike skriveoppgåver knytte til temaet.
Leseforståing 5 Lærarboka Lærarboka er ei kort rettleiing som inkluderer fasit, slik at læraren raskt skal kunne vurdere om svaret på eit spørsmål er rimeleg. Nokre spørsmål vil ha fleire mogelege svar. Lærarboka kan ein laste ned gratis frå heimesida til forlaget, www.gan.aschehoug.no. Leseforståing 5 inngår i serien Leseforståing som dekkjer 1.–7. trinnet.
LF5_komplett_v3.indd 2
27/03/15 10:58
Innhald Elgen – kongen over skogen 4 Ny i klassa 6 Dei ni fjellvettreglane 8 Bier luktar seg fram til vennene 10 Den blå rosa 12 Norske poteter 14 Wilhelm Tell 16 Langrennsgruppa i S.I.K. 18 Lydar påverkar smaken 20 Naturfagtime 22 Jørgen + Anne er sant 24 Kor høgt er det mogleg å byggje? 26 Reklame 28 To dikt av Shel Silverstein 30 Vårrullar 32 Ønskeliste 34 Den forferdelege læraren 36 Å gjere nokon ei bjørneteneste 38 Å leve om bord på ein romstasjon 40 Lurt av store tal 42 Vaksen for ein dag 44 Rekn med pyramidebyggjarane 46
AR PL
EM
KS
SE
G
IN
ER
LF5_komplett_v3.indd 3
D
R VU
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 1 1 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22
27/03/15 10:58
1 Elgen – kongen over skogen Kva veit du om elgen? Korleis ville du reagert om du møtte ein elg?
Elgen er det største dyret i hjortefamilien og blir ofte kalla kongen over skogen. Han kan springe veldig stilt gjennom tett skog, med ein fart på opptil 60 km/t.
R VU
Dersom elgen føler seg trua og blir sint, kan han gå til angrep. Derfor er det lurt å vere varsam når ein møter elg. Om du for eksempel møter ei elgku med kalv, kan elgkua bli uroleg for kalven sin. Om du møter ein elg som går i djup snø, kan han bli hissig fordi det er vanskeleg for han å komme fram.
ER
D
Elgen lever i nærleiken av myrar, innsjøar og tjern og bruker det meste av tida på å ete. Elgen har kort nakke og lange bein, og då blir det vanskeleg å nå ned til bakken for å ete det som veks der. Derfor et han heller knoppar, blad, bork og kvistar frå trea.
Likevel vil elgen oftast trekkje seg unna når han møter menneske. Det er fordi han er vand med å bli jakta på. Elgen vil helst ikkje møte oss menneske.
Dersom elgen var ganske nær deg, kan det hende du ville tenkt på noko anna enn at han er eit vakkert og mektig dyr. Men er det nokon grunn til å vere redd for elgen?
AR PL
EM
KS
SE
G
IN
Har du nokon gong oppdaga ein elg når du har vore ute i skogen? Då har du sett kor stort og vakkert dette dyret er. Det er alltid annleis å sjå dyr i røynda enn på bilete.
Til liks med mange andre dyr har elgen kroppsspråk. Når elgen blir sint, legg han øyra flatt bakover. Dersom du ser ein elg som kjem mot deg på den måten, må du trekkje deg unna. Då skal du gjere det med tydelege rørsler, slik at elgen forstår at du skal gå din veg.
Elgkua kan få kalv i mai eller juni.
Ord å snakke om: hjortefamilie, tjern, elgku, hissig
4
LF5_komplett_v3.indd 4
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kva for familie høyrer elgen til? 2 Kor fort kan elgen springe? 3 Kva er det som gjer at elgen ikkje rekk ned til bakken med munnen?
R VU
4 Kvifor kan elgen bli sint når han går i djup snø? 5 Kvifor blir elgen kalla skogens konge, trur du? 6 Kva tyder det dersom elgen legg øyra bakover?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kvifor er det ikkje så lett å høyre elgen når han nærmar seg?
SE
2 Kva er det i teksten som viser at elgen er planteetar? 3 Sjå på fotografiet. Kva fortel det deg om elgen?
5 Forklar kva kroppsspråk er.
EM
KS
4 Kvifor kan det vere farleg å møte ein elg om våren, trur du?
6 Om du møter ein elg, er det mest sannsynleg at han trekkjer seg unna. Kvifor det?
1 Lag ei teikning av elgen og skriv ein kort tekst til.
AR PL
C Vel oppgåver.
2 Skriv ein tekst der du skildrar elgen. 3 Tenk deg at du møter ein elg. Skriv om møtet med elgen. 4 Vel deg eit anna skogsdyr og skriv om det dyret.
5
LF5_komplett_v3.indd 5
27/03/15 10:58
2 Ny i klassa Korleis er det å vere ny i ei klasse, trur du? Korleis kan ein ta imot ein ny elev på ein god måte? Det er nokre veker sidan Oskar blei vennen min.
IN
ER
D
R VU
– I dag får vi ein ny elev i klassa, sa Erik. Erik er læraren vår. Ved sida av Erik stod det ein lyshåra gut med tjukk ullgenser og sekk på ryggen. Det måtte vere den nye eleven. – Kanskje du vil fortelje klassa kva du heiter? sa Erik. Det var vanskeleg å høyre, men guten sa tydelegvis at han heitte Oskar. Det neste læraren sa, var nemleg: – Du kan setje deg ved sida av Jon, du, Oskar.
SE
G
Oskar tok den ledige plassen ved sida av meg. Han stirte ned i pulten då eg prøvde å helse. Han var kanskje sjenert. Eg prøvde å smile hyggeleg til han, men han såg ikkje på meg.
AR PL
EM
KS
Vi skulle ha matte, og vi begynte å løyse oppgåvene frå boka. Dei handla om partal og oddetal. Eg lurte på om Oskar hadde lært det same som vi. Brått lente han seg mot meg og spurde meg om noko. Kva var det for eit spørsmål? – Veit du kva verdas største primtal er? spurde han. Eg rista på hovudet og arbeidde vidare med oppgåvene. Eg hugsa ikkje eingong kva primtal var. Oskar lente seg mot meg ein gong til. Eg kjende at det lukta leverpostei av han. – Det største primtalet som er funne, har 17 millionar siffer! Tenk på det!
Eg prøvde å tenkje på det. Men eigentleg tenkte eg på Oskar. Han måtte vere veldig interessert i matte. Han rekna veldig fort. Før eg var ferdig med éi oppgåve, hadde han gjort halvparten av sida. Då det ringde ut, gjorde han seg ferdig med oppgåva han heldt på med, før han reiste seg. Det verka som han hadde veldig god tid. Ville han ikkje ha friminutt? Dei andre storma ut. Eg venta. I dag er Oskar den beste vennen min. Han er skikkeleg god i matte og skikkeleg dårleg til å lese. Han er veldig god på dataspel og veldig dårleg til å lage milkshake. Han er liksom heilt motsett av meg. Likevel er han den beste vennen min.
Ord å snakke om: partal, oddetal, primtal
6
LF5_komplett_v3.indd 6
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kva heiter læraren? 2 Korleis ser Oskar ut? 3 Kvifor får Oskar plass ved sida av Jon?
R VU
4 Kvar festa Oskar blikket då han sette seg? 5 Kva var det første spørsmålet Oskar stilte? 6 Kva er Oskar god til, og kva er han dårleg til?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
2 Kva for årstid trur du dette er?
3 Kva har Oskar truleg ete til frukost?
4 Kvifor spør Oskar om primtal, trur du?
KS
SE
G
1 På kva måte får Erik vite kva den nye eleven heiter?
EM
5 Kvifor somlar Oskar med å gå ut i friminuttet, trur du?
6 Jon og Oskar blir bestevenner. Skriv ditt forslag til ei forklaring på kvifor.
AR PL
C Vel oppgåver.
1 Tenk over korleis det er å vere ny i ei klasse. Skriv ein tekst om det. 2 Korleis er det viktig å ta imot ein ny elev i klassa? Skriv ein tekst om det. 3 Kva kjenneteiknar ein god venn? Skriv ein tekst om det. 4 Kva er du veldig god til, og kva er du ikkje så god til? Skriv ei liste.
7
LF5_komplett_v3.indd 7
27/03/15 10:58
3 Dei ni fjellvettreglane
Fjellvettreglane er utarbeidde av Den Norske Turistforening og Raudekrossen i Noreg.
Kva vil det seie å ha fjellvett? Kvifor treng vi eigne fjellvettreglar?
R VU
Når vi går tur i fjellet, må vi vere budde på at vêret og føret kan skifte veldig raskt. Fjellvettreglane kan hjelpe oss med å vere budde, slik at vi får ein trygg tur:
ER
D
1 Legg ikkje ut på langtur utan trening. Ikkje planlegg ein lengre tur enn du veit du meistrar. Før du legg i veg på langtur, bør du ha gått nokre turar med sekk, både i og utanfor stiar og løyper.
G
IN
2 Meld frå kvar du går. Sei alltid ifrå til nokon kvar du skal gå. Dersom du skiftar meining, må du seie frå om det òg.
6 Bruk kart og kompass. Lær deg å bruke kart og kompass, og følg med på kartet mens du går. Då veit du heile tida kvar du er, det er spesielt nyttig dersom uvêret kjem.
8 Vend i tide, det er inga skam å snu. Dersom du ikkje er sikker på om du vil nå målet på grunn av dårleg vêr eller føre, er det best å snu. Hugs òg at det er tyngre å gå mot vinden enn med vinden.
AR PL
5 Lytt til erfarne fjellfolk. Folk som er kjende i området, veit som regel om spesielle forhold som kan vere til hjelp på turen.
7 Gå ikkje åleine. For det første er det hyggeleg å gå saman, og skulle det skje eit uhell, er det nokon som kan hjelpe deg eller melde frå.
EM
4 Ver rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev. Hugs å ta på deg varme, vindtette og vasstette klede i tide, før du blir våt og kald. Det er vanskeleg å skifte med iskalde hender.
KS
SE
3 Vis respekt for vêret og vêrmeldingane. Vêromslag i fjellet kan komme uventa, og kanskje tidlegare eller seinare enn varsla.
9 Spar på kreftene, og grav deg inn i snøen om nødvendig. Ein sjeldan gong kan det bli nødvendig å grave seg ei snøhole. Vent ikkje med å grave til du er utsliten.
Ord å snakke om: vêromslag, vere rusta, erfarne, kompass
8
LF5_komplett_v3.indd 8
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kva skal fjellvettreglane hjelpe oss med? 2 Kva vil det seie at det kan komme uventa vêromslag? 3 Kvifor er det lurt å ta på seg varme klede før ein blir skikkeleg kald?
R VU
4 Skriv den setninga som gir ein god grunn til å følgje med på kartet. 5 Kvifor bør ein ikkje gå lange fjellturar åleine? 6 Kven har laga fjellvettreglane?
ER
D B Svar på spørsmåla.
IN
1 Kvifor er det viktig å seie frå til nokon dersom ein endrar målet for turen?
G
2 Tenk deg at du skal gå ein dagstur på fjellet i ganske sterk vind. Korleis er det lurt
SE
å leggje opp turen?
3 Sjå på regel nr. 8. Finn grunnar til at det kan vere bra også for andre enn dei som er
KS
med på turen, at de snur i tide. Grunngi svaret ditt.
EM
4 Kva for nokon av fjellvettreglane fortel deg at dei er tilpassa vinter og snø? 5 Kva for utstyr bør du minst ha i sekken, ut frå desse fjellvettreglane?
AR PL
6 I teksten står det kven som har utarbeidd fjellvettreglane. Kvifor er det akkurat dei, trur du?
C Vel oppgåver. 1 Illustrer ein av fjellvettreglane slik at innhaldet kjem tydeleg fram. 2 Skriv ein tekst ut frå ein av fjellvettreglane, for eksempel ei forteljing. 3 Lag eller finn fram til reglar for godt sjøvett.
9
LF5_komplett_v3.indd 9
27/03/15 10:58
4 Bier luktar seg fram til vennene Korleis kjenner du att vennene dine?
R VU
Korleis kjenner du eigentleg att vennene dine? Du hugsar sikkert korleis dei ser ut. Du kjenner nok att stemmene også. Men hadde du klart å kjenne att vennene dine berre ved å bruke luktesansen?
G
IN
ER
D
Bier luktar forskjell på venner og fiendar Bier som bur i same kube, er arbeidskameratar, mens bier frå forskjellige kubar er fiendar. Men korleis kan biene skilje mellom venner og fiendar når dei er utanfor kuben? Kjenner dei att arbeidskameratane sine på utsjånaden? Nei, biene bruker luktesansen!
SE
Luktesansen sit i følehorna Biene luktar ikkje med nasen. Dei luktar med følehorna, som er fulle av nerveceller.
AR PL
EM
Følehorna har ulike oppgåver Forskarane har lenge visst at biene har fleire celler for luktesans på det høgre følehornet
KS
Alle bier har to følehorn. Amerikanske forskarar ville finne ut om biene bruker venstre og høgre følehorn forskjellig. Derfor fjerna dei høgre følehorn på nokre bier, og venstre følehorn på andre. Det viste seg at biene som mangla høgre følehorn, sleit med å skilje mellom venner og fiendar. Dei kunne vere vennlege mot bier frå andre kubar, mens dei truga sine eigne arbeidskameratar. Då viste dei brodden og gjorde seg klare til å slåst. Bier som mangla det venstre følehornet, klarte seg mykje betre.
enn på det venstre. No veit dei også at biene bruker dei to følehorna til ulike oppgåver. Forskarane meiner dette kan vere med på å forklare kvifor mange dyr bruker høgre og venstre del av hjernen forskjellig. Slik er det med oss menneske òg, ulike delar av hjernen har ulike oppgåver. Livet til biene Det er veldig viktig for biene å skilje mellom venner og fiendar. Bier som bur i den same kuben er venner. Alle andre er fiendar. Korleis hadde det vore dersom vi menneske tenkte på same måten? Tenk om det var slik at alle som ikkje var frå vår «kube», blei sett på som fiendar. Korleis kunne vi då bli kjende med nye menneske og få nye venner?
Ord å snakke om: kube, luktesans, følehorn, brodd, celler
10
LF5_komplett_v3.indd 10
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Skriv setninga som viser kvar biene bur. 2 Kva for andre bier er det bia ser på som fiendar? 3 Frå kvar kjem forskarane som er nemnde i teksten?
R VU
4 Kva bruker biene for å lukte? 5 Kvar har biene flest celler med luktesans? 6 Kva for hjernehalvdelar er nemnde i teksten?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Korleis klarer biene å skilje mellom venn og fiende?
SE
2 Kvifor er vennene til biene kalla arbeidskameratar, trur du? 3 Kvifor fjerna forskarane eitt av følehorna på biene?
KS
4 Korleis kunne forskarane merke at biene blei sinte?
EM
5 Kva fann forskarane ut om følehorna til biene med forsøket sitt?
6 På kva måte såg forskarane ein samanheng mellom følehorna og hjernen?
AR PL
C Vel oppgåver.
1 Lag ei teikning av ei bie og skriv ein kort, forklarande tekst til.
2 Skriv kva tankar du gjer deg rundt spørsmålet: Korleis ville det blitt om alle som ikkje var frå vår «kube», blei sett på som fiendar? 3 Det er vanleg å bruke dyr i forsking. Kvifor er det slik, trur du? Kva synest du om det?
11
LF5_komplett_v3.indd 11
27/03/15 10:58
5 Den blå rosa Kva kjenneteiknar eventyr?
G
IN
ER
D
R VU
Ein gong for mange, mange år sidan levde det ein keisar i Kina. Han hadde ei dotter som var både klok og vakker. Det var mange som ville gifte seg med prinsessa, men ho svarte nei til alle som fridde. Keisaren blei etter kvart utolmodig og spurde dottera kva som måtte til for at ho skulle gifte seg. Korleis skulle den rette friaren vere? Svaret frå prinsessa overraska keisaren: – Eg vil berre gifte meg med den som gir meg ei blå rose.
Prinsessa og diktaren fortalde straks keisaren at dei ville gifte seg. Keisaren blei svært glad, men også overraska: – Men kvar er den blå rosa? Då gav diktaren prinsessa ei nydeleg kvit rose. – Å, for ei vakker blå rose! ropte prinsessa gledestrålande og omfamna diktaren. – Men det er jo berre ei vanleg kvit rose! protesterte krigaren og kjøpmannen. – Det må vel alle sjå!
Til slutt kom det ein diktar. Han ville òg fri til prinsessa, men rekte henne ikkje noka gåve, verken ei blå rose eller noko anna. Men han hadde noko ved seg som gjorde at prinsessa blei forelska i han.
AR PL
Like etter kom ein rik kjøpmann. Han ville gi prinsessa ein vakker porselenskopp med eit utsøkt mønster av blå roser. – Dei er vakre, sa prinsessa. – Men det er ikkje slike roser eg vil ha.
EM
Det varte ikkje lenge før den første friaren med ei blå rose dukka opp. Det var ein krigar, og rosa han hadde med seg, var av blå, skinande edelsteinar. Prinsessa såg på krigaren og på rosa han rekte henne: – Rosa er vakker, men det er inga ekte rose!
KS
SE
Dette syntest keisaren var eit underleg svar, men han fortalde det vidare og venta spent på kva som ville skje.
– Han vil eg ha, tenkte prinsessa, og ho var ikkje sein om å svare ja då diktaren fridde.
– Dotter mi er svært klok, sa keisaren. – Dersom ho seier at rosa er blå, så er rosa sjølvsagt blå. Det var ingen som torde å seie imot keisaren, og krigaren og kjøpmannen trekte seg raskt tilbake. Diktaren og prinsessa gifta seg, og dei blei svært lykkelege.
Ord å snakke om: keisar, friar, utsøkt
12
LF5_komplett_v3.indd 12
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kor mange personar høyrer vi om i eventyret? 2 Kva var grunnen til at keisaren blei utolmodig? 3 Kva for yrke høyrer vi om i teksten?
R VU
4 Kva for gåver fekk prinsessa? 5 Kvifor svarte prinsessa ja til diktaren? 6 Skriv setninga som viser at ein ikkje kunne protestere på det keisaren sa.
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kvifor blei keisaren overraska då prinsessa sa at ho berre ville gifte seg med ein som hadde med seg ei blå rose?
SE
2 Kvifor hadde ikkje krigaren og kjøpmannen med seg ei ekte rose, trur du?
KS
3 Kva tyder det at diktaren «hadde noko ved seg»?
4 Kva kan vere grunnen til at diktaren gav prinsessa ei kvit rose? Finn gjerne fleire
EM
forklaringar.
5 Kvifor sa prinsessa at den kvite rosa var blå? Finn gjerne fleire forklaringar.
C Vel oppgåver.
AR PL
6 Kva for typiske teikn ved eventyr finn du i teksten?
1 Lag eventyret som ein teikneserie. 2 Tenk deg at du er diktaren i eventyret. Fortel kva som skjedde. 3 Tenk deg at prinsessa sa at ho berre ville gifte seg med han som gav henne ein kvit hest. Skriv eventyret.
13
LF5_komplett_v3.indd 13
27/03/15 10:58
6 Norske poteter Kva veit du om poteter? Kva bruker ein poteter til? Poteta stammar frå Sør-Amerika, der ho har vore dyrka i fleire tusen år. I Noreg blei ho vanleg rundt 1740. No er poteta ei av dei viktigaste matvarene i verda.
R VU
Vi har mange ulike sortar poteter, og vi vel gjerne potetsort ut frå kva vi skal bruke potetene til, og kva slags mat vi skal ete ved sida av. Potetsortane har ulike namn, og kvar sort har spesielle kjenneteikn og eigenskapar:
Fløytegratinerte poteter: Skiva poteter, fløyte, kvitløk, salt og pepar. Gratiner dei i omnen med ost.
G
IN
ER
D
Mjølne poteter Mjølne poteter eignar seg veldig godt til potetmos, purear og omnsbaking. Dei kan lett sprekke under tillaginga, så dei bør kokast varsamt. Typiske mjølne potetsortar er: Pimpernell, Kerrs Pink, Troll, Mandelpotet, Ringerikspotet og Gullauge.
Röstipoteter er rå, grovraspa poteter tilsette egg, smør, salt og pepar. Steik dei som små lappar i steikjepanna til dei er gylne.
Potetmos: Mos kokte poteter, tilset mjølk, smør, salt og pepar, eventuelt litt kvitløk og krydderurter.
Gourmetpoteter Mandelpotet, Ringerikspotet og Gullauge blir ofte kalla gourmetpoteter. Desse sortane har kraftig potetsmak og passar saman med mat som har mykje smak. Kok dei helst med skalet på. Gi dei eit oppkok og la dei trekkje til dei er så vidt møyre.
AR PL
Nypoteter Nypoteter er dei første potetene, som i Noreg kjem rundt jonsok. Nypoteter er, som namnet seier, nye, og dei smaker best når dei blir etne innan få dagar.
EM
KS
SE
Kokefaste poteter Kokefaste poteter eignar seg godt til blant anna potetsalatar, rösti, fløytegratinerte poteter, lapskaus. Dei er fastare i konsistensen enn mjølne poteter og sprekk ikkje så lett ved koking. Dei mest typiske kokefaste potetene er: Asterix, Folva, Beate, Laila og ferskpoteter som Ostara og Rutt.
Tapaspoteter: Kok små uskrelte poteter i like delar havsalt og vatn. Server dei kalde eller lune med olivenolje, kvitløksmajones eller aioli.
Ord å snakke om: mjølne, gourmet, grovraspa, gratinere
14
LF5_komplett_v3.indd 14
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Skriv ned alle potetsortane du finn i denne teksten. 2 Kvifor er det ikkje tilfeldig kva for potetsort vi kjøper? 3 Kvifor må mjølne poteter kokast varsamt?
R VU
4 Kva for potetsortar kan du velje dersom du vil lage fløytegratinerte poteter? 5 Kva for potetsort ser ut til å ha fått namnet sitt etter kvar han kjem frå? 6 Til kva for nokre av potetoppskriftene treng du kvitløk?
IN
ER
D B Svar på spørsmåla.
G
1 Forklar kvifor nokre av potetsortane blir nemnde to gonger i teksten.
SE
2 Kvifor er det best med kokefaste poteter til lapskaus?
4 Kva tyder det å la potetene trekkje?
EM
KS
3 Kva for potetsortar passar best til sterk mat?
5 Kva for nokon av potetrettene som det står oppskrift på, trur du det er raskast å lage? Grunngi svaret ditt.
AR PL
C Vel oppgåver. 1 Vel ei av potetoppskriftene og skriv henne meir detaljert. Del inn i «Dette treng du» og «Dette gjer du».
2 Lag ein plakat som gir nyttig informasjon om norske poteter. 3 Skriv ei liste over alt du veit ein kan bruke poteta til.
15
LF5_komplett_v3.indd 15
27/03/15 10:58
7 Wilhelm Tell Kva kan ein gjere dersom det er reglar og påbod ein ikkje er einig i?
R VU
Wilhelm Tell budde i ein liten by i Sveits for mange hundre år sidan. Han var kjend for å vere svært flink til å skyte med armbrøst.
G
IN
ER
D
I den same byen budde Hermann Gessler, ein rik og mektig mann. Gessler var guvernør og oppteken av at alle skulle ha stor respekt for han. Ein dag sette han opp ein lang pinne på torget, plasserte hatten sin på toppen og sa at alle som gjekk forbi, måtte helse på hatten. Den som ikkje ville helse, kom til å bli hardt straffa.
Hermann Gessler blei rasande igjen, og sjølv om Wilhelm Tell meinte at han no burde vere ein fri mann, blei han sett i fengsel. Det blir sagt at han greidde å rømme etter nokre år.
SE
Wilhelm Tell likte ikkje Gessler, og endå mindre likte han påbodet om å helse på hatten til Gessler. Derfor ville han ikkje gjere som Gessler hadde sagt.
fór rett inn i eplet og delte det i to. Sonen var like heil, og jubelen braut laus hos alle dei frammøtte, utanom hos Gessler. – Hm, sa Gessler. Han måtte vedgå at det var eit godt skot. – Men kva skulle du med den andre pila? – Jau, no skal du høyre, svarte Wilhelm Tell. – Dersom eg hadde vore så uheldig å treffe son min med den første pila, ville eg ha skote deg med den andre!
AR PL
Mange hadde samla seg for å sjå på det som skjedde. Gessler stod fremst og følgde spent med. Pila skaut som eit lyn framover,
EM
Wilhelm Tell ville gjerne redde livet, og han var ein god skyttar, derfor valde han det siste alternativet. Han henta son sin, la eit eple på hovudet hans og stilte seg på avtalt avstand. Han hadde med seg to piler, og den eine la han på bogen og sikta.
KS
Det varte ikkje lenge før Gessler fekk høyre at Wilhelm Tell gjekk forbi hatten utan å helse, og det gjorde han rasande. Han tilkalla straks Tell: – Anten blir du straffa med døden, eller så skyt du eit eple av hovudet på din eigen son. Klarer du å skyte ned eplet med éi pil, skal du få leve vidare.
Vi veit ikkje om denne historia er sann. Derfor veit vi heller ikkje om det er sant at Wilhelm Tell, etter han kom ut av fengselet, sørgde for at den andre pila trefte Hermann Gessler.
Armbrøst var ein slags pil og boge.
Ord å snakke om: armbrøst, guvernør, påbod
16
LF5_komplett_v3.indd 16
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kva for personar får vi høyre om i denne teksten? 2 Forklar forskjellen på pil og boge og armbrøst. 3 Kva for alternativ var det Gessler gav Wilhelm Tell?
R VU
4 Kva for to hendingar var det som gjorde Gessler rasande? 5 Kva vil det seie at Wilhelm Tell stilte seg opp på avtalt avstand? 6 Kva er det i teksten som viser at denne historia kanskje er fantasi?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Gessler fastsette at folk skulle helse på hatten hans. Kva fortel det om Gessler? trur du?
SE
2 Kvifor ville Gessler setje pinnen med hatten på torget og ikkje ein annan stad,
KS
3 Kva er det i teksten som viser at Gessler også såg opp til Wilhelm Tell? 4 Kva er det som viser at det var fleire enn Wilhelm Tell som ikkje likte Gessler?
EM
5 På kva måte kan vi seie at Wilhelm Tell fekk dobbel straff?
C Vel oppgåver.
AR PL
6 Finn fleire eksempel frå teksten som viser at dette skjedde i «gamle dagar».
1 Fortel historia som teikneserie. 2 Førestill deg at du er Wilhelm Tell. Fortel historia di. 3 Tenk deg at du er journalist og skal skrive eit nyheitsoppslag om denne saka. Skriv oppslaget.
17
LF5_komplett_v3.indd 17
27/03/15 10:58
8 Langrennsgruppa i S.I.K. Kva kan vere fordelane med å trene saman med andre på same alder?
Vil du bli med i langrennsgruppa i S.I.K.? Håpar det! Du vil trivast hos oss!
R VU
Langrennsgruppa i S.I.K. er kjend for å vere eit godt fritidstilbod til barn og unge. Vi ønskjer å skape eit miljø der alle trivst, og der alle kan utvikle seg ut frå eigne ønske og evner.
D
IN
ER
Frå tidleg på hausten til utpå våren arrangerer vi treningar for ulike aldersgrupper. Gutar og jenter trenar saman. For dei yngste er det mykje leik, mens for dei litt eldre blir det meir målretta teknikk-, styrke- og kondisjonstrening.
• Idrettsglede er det viktigaste – langrenn skal vere moro! • Gjer ditt beste. • Ver positiv og gi oppmuntring til treningskameratane dine. • Respekter avgjerdene til trenaren. • Unngå negative tilrop og utsegner overfor andre. • Ver eit førebilete for dei som er yngre enn deg.
SE
G
Innsatsen til foreldra er avgjerande for det tilbodet langrennsgruppa har. Foreldre må rekne med å stille opp på dugnad og hjelpe til under trening og skirenn etter avtale. Dei som har interesse for det, er dessutan hjarteleg velkomne som trenarar eller hjelpetrenarar.
Her er trivselsreglane våre:
• Sei nei til mobbing! Du som ønskjer å melde deg inn i langrennsgruppa, må vere medlem i S.I.K. Du kan melde deg inn på nettet.
AR PL
EM
Vi har mange medlemmer, men det er alltid plass til fleire. Vi har utstyr å låne ut, om du ikkje har det utstyret du treng. Har du lite skierfaring, kan vi òg tilby deg eit innføringskurs i skiteknikk.
KS
Vi som er så heldige å bu i eit område med flotte snøforhold om vinteren, har gode sjansar til å lære å gå ordentleg på ski. Det er noko ein vil ha glede av heile livet. Vi håpar at tilbodet frå langrennsgruppa vil medverke til at flest mogleg blir glade i å gå på ski!
• Støtt gruppa di med ei positiv innstilling.
Velkommen til langrennsgruppa i S.I.K.!
Ord å snakke om: evner, kondisjonstrening, dugnad, førebilete
18
LF5_komplett_v3.indd 18
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Skriv setninga som viser at gutar og jenter ikkje trenar kvar for seg. 2 Kva er forskjellen på treningstilbodet for dei yngste og dei litt eldre? 3 Kva blir det forventa av foreldra til medlemmene?
R VU
4 Kva får du vite om området som medlemmene i langrennsgruppa bur i? 5 Kva kan du få hjelp til dersom du manglar skiutstyr og skierfaring? 6 Forklar kva det vil seie å respektere avgjerdene til trenaren.
ER
D B Svar på spørsmåla.
IN
1 Skriv setninga som viser at denne langrennsgruppa ikkje er for vaksne.
3 Kva tyder målretta teknikk?
SE
G
2 Kva for månader ser det ut til at langrennsgruppa har treningar?
4 Forklar korleis ein som medlem av ei langrennsgruppe kan vere eit førebilete
KS
for andre.
5 Kva er det i denne teksten som kan gi fleire lyst til å melde seg inn i langrenns-
EM
gruppa? Finn fleire forslag.
6 Kva kan forkortinga S.I.K. stå for, trur du? Finn gjerne fleire forslag.
AR PL
C Vel oppgåver.
1 Tenk deg at langrennsgruppa har bedt deg om å lage ein illustrert plakat med trivselsreglane. Lag denne plakaten.
2 Tenk deg at de skal lage trivselsreglar som skal gjelde i klassa. Skriv ditt forslag. Det bør vere seks–åtte reglar. 3 Har du ein fritidsaktivitet? Skriv ein tekst der formålet er å få fleire andre til å bli med på denne aktiviteten.
19
LF5_komplett_v3.indd 19
27/03/15 10:58
9 Lydar påverkar smaken Høyrer du på musikk når du et? Trur du det har noko å seie for korleis maten smakar?
ER
D
R VU
høyrde «bitter» musikk, meinte at karamellane hadde bitter smak. Ingen visste at dei fekk servert dei same karamellane. Altså blei smaken til forsøkspersonane påverka av musikken dei høyrde på. Den søte musikken var lett og lys og fin å høyre på, mens den bitre musikken var meir mørk og dyster.
Kanskje kan vi setje på musikk heime for å få ein litt keisam middag til å smake betre? Og kanskje vil restaurantane i framtida velje lydar eller musikk som passar akkurat til den maten dei serverer? For eksempel for å forsterke ein smak?
I eit forsøk fekk nokre personar servert karamellar mens dei høyrde på musikk. Personane som fekk høyre «søt» musikk, meinte at karamellane smakte søtt, mens dei som
AR PL
Med denne kunnskapen kan vi kanskje bruke lydar for å påverke smaken vår?
Vi veit i alle fall at det er ein samanheng mellom lyd og smak, sjølv om det står att mykje forsking før vi kan seie noko meir om dette. Når ein smak kan endre seg på grunn av lydar, kjem det kanskje av at hjernen set for eksempel ein vakker lyd i samband med noko godt, og dermed med ein god smak. Altså er det eigentleg ikkje smaken som endrar seg, men sjølve heilskaps opplevinga.
EM
Lydar fortel hjernen veldig mykje om den maten vi et. – Det finst smakar som er kopla til visse lydar, fortel Charles Spence. Han er professor og forskar ved Oxford University i England. Han fortel vidare at vi gjerne koplar saman høge tonar, for eksempel frå ei fløyte, og søte smakar. Mens djupe tonar frå ein bassaksofon knyter vi til bitter smak.
KS
SE
G
IN
Det er gjerne slik at vi får lyst til å smake på den maten som luktar ekstra godt. På same måte er det slik at mat som ser lekker ut på tallerkenen, verkar ekstra freistande. Men har du tenkt over at lydane rundt oss kan påverke korleis maten smakar?
Dette inneber kanskje at dersom vi et mørk, bitter sjokolade, så vil han smake meir søtt dersom vi høyrer på søt musikk?
Du kan jo sjølv prøve deg fram heime for å finne ut om du synest at lydane påverkar smaken din!
Ord å snakke om: påverke, bassaksofon, bitter smak, heilskapsoppleving
20
LF5_komplett_v3.indd 20
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 På restaurantar er dei gjerne nøye med korleis maten blir lagd på tallerkenen. Kvifor det? 2 Kva for smak blir gjerne knytt til høge tonar? 3 Kva for smak blir gjerne knytt til djupe tonar?
R VU
4 Kva for nokre instrument blir nemnde i teksten? 5 På kva måte blei forsøkspersonane påverka av musikken dei høyrde på? 6 Korleis kan restaurantane utnytte det vi veit om samanhengen mellom lyd og smak?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kvifor smaker ikkje maten like godt når vi er tette i nasen, trur du?
SE
2 Kvifor var det viktig å gi forsøkspersonane heilt like karamellar? 3 Kva får du vite om Charles Spence?
KS
4 Kva er forskjellen på tonar og musikk?
EM
5 Vi får høyre om lydar som blir knytte til søte og bitre smakar. Kva for lydar assosierer du med sur smak, for eksempel smaken av ein sitron? Og med salt smak?
C Vel oppgåver.
AR PL
6 Kva kan vere grunnen til at nokre lydar får oss til å føle at maten ikkje smaker så godt?
1 Finn eksempel på mat som smaker surt, søtt, salt og bittert. 2 Tenk deg at du skal utføre eit forsøk med lyd og smak heime. Fortel kva du vil gjere. 3 Det kan vere ganske upraktisk å vere kresen på maten. Foreslå korleis ein kan lære seg å like fleire smakar/matretter, utan å bruke lydar!
21
LF5_komplett_v3.indd 21
27/03/15 10:58
10 Naturfagtime Kva tankar gjer du deg om naturfag? Korleis kan vi lære oss naturfag?
R VU
Klassa har naturfag, og Anna, læraren, har gitt elevane ei «nøtt»: Kva skjer når høna rugar på egget? Blir egget lettare eller tyngre? Eller endrar ikkje vekta seg? Elevane skal diskutere i grupper.
SE
G
IN
ER
D
Elin er i gruppe med Mats og Hareth. – Egget blir sikkert tyngre, seier Hareth. Han er ofte først ute med å svare. – Det er klart at kyllingen veg meir etter kvart som han et, og då blir egget tyngre. – Eg trur det blir same vekt, seier Elin. – Kyllingen et det som er inni egget, men den maten blir ikkje borte, han berre flyttar seg inn i magen til kyllingen! Altså er vekta den same. Elin har høner heime, så ho bør vite svaret. Likevel synest Mats at han bør svare noko anna. – Då trur eg at egget blir lettare, seier han. Han leiter etter ei forklaring.
AR PL
Mats finn inga grunngiving for svaret sitt, og dermed må dei velje mellom dei to andre løysingane. Elin held på sitt svar og Hareth på sitt, og Mats foreslår at dei skal ta stein– saks–papir for å bli einige. Dei er så vidt i gang når Anna avbryt: – No ser det ut som leiken overtek! Vi må ha eit svar! Kva trur de? Denne gongen ser ho
Det viser seg at halvparten av elevane meiner at egget blir tyngre, og nesten halvparten trur at egget ikkje endrar vekt. Mats er den einaste som har ei tredje meining. Men han veit eigentleg ikkje kvifor han trur at egget blir lettare.
EM
Gruppene får nokre minutt til å bli einige. – Hugs at de må grunngi svaret, seier Anna.
KS
–Har de komme fram til eit svar? spør Anna. – Kva meiner dykkar gruppe? Ho ser på Elin. – Vi er ikkje einige, svarer Elin og ser strengt på dei to andre.
på Hareth. – Tyngre, svarer han fort, før Elin rekk å seie noko.
– Det er faktisk du som har rett, seier Anna. – Det stemmer at kyllingen et det som er inni egget. Og for å seie det enkelt: Noko av det han et, blir omdanna til karbondioksid som forsvinn ut gjennom skalet. Dermed blir egget lettare. Mats smiler nøgd og ser på Elin og Harteh. – Sånn er det ikkje med egga heime, seier Elin. – Det skal eg bevise! Ord å snakke om: ruge, grunngi, karbondioksid
22
LF5_komplett_v3.indd 22
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kva for fag har elevane? 2 Skriv namna på dei personane vi høyrer om i teksten. 3 Kva skal elevane finne svar på?
R VU
4 Kva for svar har Hareth? 5 Kva svarer Elin og Mats? 6 Kven har rett?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kvifor meiner Mats at Elin bør vite svaret?
SE
2 Kvifor synest Mats at han bør svare noko anna enn Elin, trur du? 3 Kva for svar ville du truleg sjølv foreslått, om du ikkje visste løysinga? 4 Kvifor svarer Hareth så fort, trur du?
5 Kvifor ser Elin strengt på dei andre i gruppa?
EM
KS
Grunngi svaret ditt.
6 Tenk deg at det er 26 elevar i denne klassa. Kor mange elevar støttar kvart av dei
C Vel oppgåver.
AR PL
tre ulike svaralternativa?
1 Kva kan ein bruke egg til? 2 Tenk deg at du er ein av personane som er nemnde i teksten. Vel kven av dei du vil vere, og fortel kva som skjer i timen ut frå ditt synspunkt. 3 Lag ein teikneserie ut frå det som skjer.
23
LF5_komplett_v3.indd 23
27/03/15 10:58
11
Jørgen + Anne er sant – utdrag frå ei bok av Vigdis Hjorth Kor gammal må ein vere for å bli forelska? Blir jenter lettare forelska enn gutar?
nærmere og nærmere. Hun låste opp sykkelen så sakte hun kunne, klirr-klirr, kom det nærmere, like bak henne, og svusj så var han forbi så hun kjente det på ranselen. Han sa ikke hei, og ikke hun heller, for de kjente jo ikke hverandre. Anne trillet sykkelen ut, og Jørgen trillet sin sykkel etter. Anne trillet ut av skolegården og over veien, og Jørgen fulgte etter. Så satte de seg på syklene og syklet nedover nedoverbakken, Anne Lunde først og Jørgen Ruge etter. De syklet fort, så det blåste i håret, klirr, klirr, sa nøkkelknippet bak henne, men snart måtte han svinge hvis han skulle til Banditthagen. Da hørte hun at han kom nærmere, like bak henne, klirr-klirr og svusjsvusj så hadde han syklet forbi henne og svingt. – Ha det, sa han. Da ble Anne varm i blodet, veldig varm i blodet. – Ha det, sa hun, men da var hun langt nede i den andre veien, og Jørgen var borte. Men hun visste det sikkert inni seg: Hun elsket Jørgen Ruge! Hun kunne ikke tenke på noe annet, og da hun kom hjem, glemte hun nesten å smøre skiver med jordbærsyltetøy på.
AR PL
EM
(…) Hun gikk bortover gangen og ut døren og ned trappen og sakte bortover skolegården, mot sykkelskuret. For nå var nok de andre hjemme alt. Da hørte hun plutselig noe, at det klirret bak henne, klirr-klirr-klirr. Hun snudde hodet og da så hun ham. Det var Jørgen Ruge! Han kom nedover trappen, klirr-klirr, sa det, og han gikk bortover skolegården, rett mot sykkelskuret. I hele den store skolegården var det bare de to. Bare Jørgen og hun. Og begge skulle til sykkelskuret. Da Anne var fremme, bøyde hun seg over sykkelen for å låse den opp, men hun så på Jørgen hele tiden under armen, han kom
KS
SE
G
IN
ER
D
R VU
Først da hun så ham, tenkte hun bare: – Der er han, den nye gutten! Han lekte høk over høk med B-klassen. Han hadde helt lyst hår og blå bukser og blå anorakk som var åpen. Under hadde han hvit strikkegenser, og blå- og rødstripet T-skjorte som hang nedenfor under der igjen. Og så hadde han et nøkkelknippe. Det hang i beltet og klirret når han løp, klirr-klirr. Han løp kjempefort … Øynene var store og veldig blå, og så hadde han fregner, sånne pene fregner, og liten munn.
Ord å snakke om: høk over høk, anorakk, ransel
24
LF5_komplett_v3.indd 24
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kva var den nye guten god til? 2 Korleis såg han ut? 3 Kva heiter Anne og Jørgen til etternamn?
R VU
4 Kvifor blæs det i håret til Anne? 5 Kvifor høyrde ikkje Jørgen at Anne sa «ha det»? 6 Kva plar Anne gjere med ein gong ho kjem heim frå skulen?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla. del år sidan?
SE
G
1 Kan du finne nokon ord i denne teksten som viser at dette skjedde for ein god 2 Korleis kan vi vite at den nye guten som er skildra i første avsnitt, er den same som Anne møter i sykkelskuret?
KS
3 Kor gamle trur du Anne og Jørgen er? Grunngi svaret ditt.
5 Kva for årstid trur du det er? Grunngi svaret ditt.
EM
4 Kvifor står det at Jørgen hadde «sånne pene fregner», trur du?
C Vel oppgåver.
AR PL
6 Finn eksempel frå teksten som viser at Anne er forelska i Jørgen Ruge.
1 Teikn Jørgen Ruge ut frå skildringa du finn i teksten. 2 Tenk deg at du er Anne og skriv ei side i dagboka same kveld som dette skjedde. 3 Tenk deg at du er Jørgen og skriv ei side i dagboka same kveld som dette skjedde.
25
LF5_komplett_v3.indd 25
27/03/15 10:58
12 Kor høgt er det mogleg å byggje? Kva tankar gjer du deg om skyskraparar? Korleis trur du det er å bu i ein skyskrapar
R VU
Noreg er ikkje kjent for å ha mange skyskraparar, men nokre har vi. Den høgaste bygningen i Noreg er Oslo Plaza, som er 117 meter høg. I USA er skyskraparar langt meir vanleg, og den høgaste av dei er One World Trade Center i New York på 541 meter.
AR PL
Alle som har bygd høge legotårn, veit at tårna fort kan velte og rase saman. Kan det same skje med Sky City? Dei som skal byggje Sky City, lovar at bygningen blir solid. Det vil gå med 220 000 tonn stål til bygginga. Skyskraparen skal tole eit jordskjelv med styrke 9,0 på jordskjelvskalaen.
EM
Mesteparten av bygningen skal etter planen vere bustader for over 100 000 menneske. Dei som bur der, treng ikkje uroe seg for trappene opp til leilegheitene, for det skal byggjast 104 høgfartsheisar. Sky City skal òg innehalde kontor, skular, sjukehus, butikkar, restaurantar og det meste folk kan tenkjast å ha bruk for. Då kan folk arbeide der dei bur, og dei treng ikkje bil til daglege gjeremål.
KS
SE
G
IN
ER
D
I Kina er det planar om å byggje ein skyskrapar som er 838 meter høg! Bygningen skal heite Sky City og ha 220 etasjar. Sky City skal byggjast omtrent som eit legohus. Små delar, eller modular, skal lagast ferdig på fabrikkar før dei blir sette oppå kvarandre på byggjeplassen. På den måten skal dei klare å byggje Sky City på veldig kort tid, kanskje så raskt som 210 dagar.
Men kor høgt er det eigentleg mogleg å byggje? Førsteamanuensis Jochen Köhler ved Institutt for konstruksjonsteknikk på NTNU trur det er mogleg å byggje veldig høgt, kanskje opp mot 1600 meter. Han meiner at ekstremt høge bygg må ha ei form som liknar Eiffeltårnet i Paris. Ein treng ei større grunnflate for at ikkje bygget skal bli veldig smalt i toppen. Etter kvart som bygget blir smalare, blir det vanskelegare å setje inn vindauge. Det er kanskje ikkje så kjekt å vere i rom utan dagslys 1600 meter over bakken?
Ord å snakke om: skyskrapar, jordskjelvskala, konstruksjonsteknikk, Eiffeltårnet
26
LF5_komplett_v3.indd 26
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kva for bygningar høyrer du om i teksten? 2 Kva heiter den høgaste bygningen i USA? 3 Kva tyder ordet modul?
R VU
4 Korleis kan ein hindre at Sky City rasar saman ved jordskjelv? 5 Kor høgt er det truleg mogleg å byggje? 6 Kvifor kan det vere vanskeleg å ha vindauge i toppen av ekstremt høge bygg?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kvifor kan ein ikkje ha ein vanleg heis i Sky City?
SE
2 Kva tyder det eigentleg at ein ikkje treng bil til daglege gjeremål? 3 Kva er grunnen til at skyskraparen skal kallast Sky City, trur du?
KS
4 Kvifor blir Sky City samanlikna med eit legotårn? Grunngi svaret ditt.
C Vel oppgåver.
AR PL
6 Kvifor blir Eiffeltårnet nemnt i teksten?
EM
5 Er Jochen Köhler sikker på at det er mogleg å byggje skyskraparar på 1600 meter?
1 Førestill deg at du bur i Sky City. Fortel om livet ditt der. 2 Kva kan toppen av ein skyskrapar på 1600 meter brukast til, dersom ein ikkje kan ha vindauge der? Tenk deg at du er arkitekt og skal komme med ulike forslag. 3 Kva kan vere fordelar og ulemper med skyskraparar? Skriv kva du meiner om det.
27
LF5_komplett_v3.indd 27
27/03/15 10:58
13 Reklame Kva synest du om reklame? Lèt du deg påverke eller lure av reklame?
Prosent
Kva synest du om reklame generelt? 100
Prosentdel med ulike synspunkt på reklame generelt, totalt og etter kjønn. 2014 (N =1014) («Anna» og «Veit ikkje» er ikkje medrekna).
90 80 70
R VU 60 50
50 53 48
40
29 29 29
30
26 27 25
19 20
20 0
D
10
10
7
13
6
4
8
Mann Kvinne
Viktig informasjon
Keisamt
Morosamt
ER
Irriterande
Totalt 17
Freistar til å kjøpe
2014 blei TV-sendingane frå konkurransane for første gong avbrotne av reklame, og det førte til store protestar frå sjåarane. Kan ein unngå reklame? Nei, det er vanskeleg å unngå, men noko av reklamen kan vi sleppe unna. Vi kan for eksempel reservere oss mot å få reklame i postkassa, men vi kan ikkje reservere oss mot reklame som ligg inni avisene som vedlegg. Vi kan velje å sjå på TV-kanalar som ikkje har reklame, og det same gjeld når vi høyrer på radio. På Internett er reklamen vanskelegare å unngå.
AR PL
SIFO har gjort slike undersøkingar fleire år på rad, og det er stadig fleire som svarer at dei ikkje liker reklame. Det gjeld alle former for reklame, men misnøya har auka mest når det gjeld reklame på TV. Under vinter-OL i
EM
Då deltakarane i undersøkinga blei spurde kva dei synest om reklame generelt, svarte halvparten at reklame er irriterande og forstyrrande. Éin av fire svarte at reklame er keisamt, mens éin av fem synest reklame er morosamt og underhaldande. Det er mest ungdom som synest at reklame kan vere morosamt, men samtidig er det òg flest unge som synest at reklame er forstyrrande.
KS
SE
G
IN
Folk flest har eit blanda forhold til reklame. Det gjeld kanskje deg òg? Mange meiner at reklame kan gi viktig informasjon, samtidig som dei synest at det skaper kjøpepress og til og med lurer oss. Ti prosent seier at dei er blitt lurte av reklame. Det viser ein rapport frå Statens institutt for forbruksforsking, SIFO, der drygt tusen forbrukarar deltok i ei undersøking (2014).
Blir lurt
Vi har også såkalla skjult reklame. Det er reklame som ikkje er merkt som reklame. Dermed forstår du heller ikkje at du blir utsett for reklame! Det kan for eksempel vere at ein plasserer eller omtaler utvalde varer i eit TV-program på ein slik måte at det påverkar sjåarane. Har du opplevd skjult reklame? I undersøkinga frå SIFO seier 89 prosent at dei meiner dei har vore utsette for skjult reklame. Truleg gjeld dette deg òg!
Ord å snakke om: kjøpepress, forbruksforsking, misnøye
28
LF5_komplett_v3.indd 28
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kva er SIFO forkorting for? 2 Kva er størst del, éin av fire eller éin av fem? 3 Kva er det som kjenneteiknar ungdommars syn på reklame? 4 Er det mest kvinner eller mest menn som lèt seg freiste av reklame?
R VU
5 Kva for typar reklame er det vanskeleg å unngå? 6 Forklar kva skjult reklame er.
ER
D B Svar på spørsmåla.
IN
1 Kva tyder det å ha eit blanda forhold til reklame?
G
2 Kva slags reklame er det stadig fleire som misliker? 3 Kvifor gjer SIFO den same undersøkinga fleire år på rad, trur du?
SE
4 Kva kan vere grunnen til at mange var spesielt irriterte over at OL-sendingane blei avbrotne av reklame?
KS
5 Dersom du legg saman alle dei grøne søylene, blir det meir enn 100 prosent. Kva kan det komme av?
EM
6 I andre avsnitt i teksten ser du kor stor del av dei spurde som sa at reklame var irriterande, keisamt eller morosamt. Kor mange av 1000 deltakarar var einige i
C Vel oppgåver.
AR PL
kvart av dei tre svara?
1 Skriv ein reklametekst som skal freiste andre på din eigen alder til å kjøpe noko spesielt. Illustrer. 2 Skriv eit avisinnlegg der du argumenterer anten for eller mot reklame. 3 Skriv ei forteljing med overskrifta: Lurt av reklamen.
29
LF5_komplett_v3.indd 29
27/03/15 10:58
14 To dikt av Shel Silverstein Kva tankar gjer du deg om dikt? Kva skal til for at ein tekst kan kallast eit dikt?
Kilne Kjell Har du høyrt kva som hende med kilne Kjell? Han blei rundkilt så veldig av bror sin ein kveld at han lo så han gret og blei eldraud rundt øyra. Han ramla av stolen og rulla ut døra, han trilla til skulen, der stod alle venner som kilte han alle med førti små hender. Han lo så han hiksta og ramla på baken, då kilte ein lærar han fælt under kjaken. Han hylte og skrålte, han rista av latter, men då blei han rundkilt av fire små kattar. Han rava til byen, han skogglo og smilte, Dess meir han rålo, dess meir folk kilte. Han lo til han enda langt ute på landet – der lét han seg kile av regnvêrsvatnet, av graset, av lufta, av småkryp og dyr, av sauer og grisar, av hestar og kyr. Han rulla seg rundt under gjerde og grinder og enda til slutt utpå jernbaneskjener. KA-DUNKA, KA-DUNKA og BANG, KRÆSJ og BRØL, og resten kan du vel tenkje deg sjølv!
AR PL
EM
Anna Susanna Anna Susanna frå Hjørungavåg kjøpte på postordre frå katalog alt som dei tilbaud av freistande saker: hårkrem og hudkrem og kremfylte kaker, sjampo og sminke og grøne gelear, piller mot kviser og mot diarear, såpe og tannkrem som filmstjerner bruker, pulver som slankar deg slank på få veker, plater og lårkorte skjørt frå Paris. Ho kjøpte alt usett, utan tanke på pris. Ein dag såg ho temmeleg lur ut i fjeset, for i katalogen der stod det å lese: «Nytt dette tilbodet – det beste vi har: Kjøp deg flunkande nye mor og far, snillare, blidare, rike som kongen.» Anna var rask til å fylle ut kupongen. Og tysdagen etter stod postbodet jammen med nye foreldre til Anna på trammen.
KS
SE
G
IN
ER
D
R VU
Dei gamle blei selde for ein rimeleg penge, dei var jo slitne, hadde mast altfor lenge. Og no lever Anna i sus og dus med nye foreldre i same hus. Og dersom du sjølv synest far eller mor er ekle mot deg og mot syster og bror, er strenge og stramme og masar om plikter, då er dei nok utslitne så godviljen sviktar. Då gjer du som Anna frå Hjørungavåg: Du kjøper deg nye frå katalog!
Ord å snakke om: postordre, kupong, godstog
30
LF5_komplett_v3.indd 30
27/03/15 10:58
A Svar på spørsmåla. 1 Kva for nokre hårprodukt kjøpte Anna? 2 Kva for eit klesplagg kjøpte ho? 3 Korleis var dei nye foreldra til Anna?
R VU
4 Kva skjedde med kroppen til Kjell når han lo? 5 Kva gjorde læraren til Kjell? 6 Kva for dyr hører vi om i «Kilne Kjell»?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kvifor har forfattaren late Anna Susanna vere frå Hjørungavåg, trur du? kosta?
SE
2 Kva er det i teksten som viser at Anna ikkje var oppteken av kor mykje varene
KS
3 Kvifor fekk ikkje Anna sett varene i røynda før ho kjøpte dei? 4 Kva vil det seie at Anna fekk selt foreldra sine for ein rimeleg penge?
C Vel oppgåver.
AR PL
6 Korleis gjekk det med Anna og Kjell?
EM
5 Kor mange venner venta utanfor døra til Kjell?
1 Skriv ein ny slutt på diktet om kilne Kjell. 2 Skriv ei forteljing om livet til Anna eller Kjell. 3 Skriv eit tøysedikt om Berit frå Bergen eller om frekke Frank.
31
LF5_komplett_v3.indd 31
27/03/15 10:58
15 Vårrullar Kor viktig er det å følgje ei oppskrift når ein skal lage mat?
12–15 vårrullar
Hugs: Ta vårrullarka ut av frysaren ca. 15 minutt før du skal bruke dei.
SE
G
IN
ER
D
R VU
Du treng: • 12–15 vårrullark, som ein får kjøpt frosne • 400 g kjøtdeig • 2 vårløkar eller ein bit hovudkål, finsnitta • 2 gulrøter, rivne • ca. 60 g glasnudlar (den tynne sorten som blir kalla vermicelli) • 3–4 ss soyasaus • 3–4 ss søt chilisaus • litt lunka vatn til «liming»
Server vårrullane nysteikte med jasminris og salat. Set gjerne fram eit par skåler med soyasaus og søt chilisaus. Det kan vere godt å ta på risen eller dyppe vårrullane i.
EM
KS
Tips: • Vårrullarka tørkar lett inn, så det er lurt å dekkje dei med plast mens du jobbar. • I staden for kjøtdeig kan du bruke steikte scampi. • Lag mange vårrullar i slengen! Pakk to og to usteikte vårrullar i aluminiumsfolie og legg dei i frysaren.
AR PL
Dette gjer du: • Rasp gulrøtene og finsnitt vårløken/ hovudkålen. • Kok glasnudlane etter oppskrifta på pakken, og hell av vatnet. • Steik kjøtdeiga i litt olje. Bland inn soyasaus og chilisaus. • Hell alt over i ein bolle og bland godt saman. • Riv forsiktig av eit vårrullark, dei går lett sund. Legg det med spissen mot deg. Legg eit par matskeier fyll på arket, og rull eit par gonger. Brett inn hjørna, pensle med litt lunka vatn på det siste hjørnet og lim fast. • Steik vårrullane i litt olje i wok eller steikjepanne til dei er gylne og fine. Hugs å snu dei, så dei blir steikte på alle fire sider. Vårrullane kan også frityrsteikjast, men det er ikkje nødvendig.
Ord å snakke om: vårrullark, finsnitte, frityrsteikje
32
LF5_komplett_v3.indd 32
27/03/15 10:59
A Svar på spørsmåla. Kva for nokre grønsaker blir nemnde i oppskrifta?
2
Kva er vermicelli?
3
Kor lenge bør vårrullarka tine?
4
Kvar kan ein finne oppskrifta på tillaging av glasnudlar?
5
Kvifor treng du plast?
6
Kva for kjøkenreiskapar treng du?
ER
D
R VU
1
IN
B Svar på spørsmåla.
Kvifor skal vårrullarket leggjast med spissen mot deg, trur du?
2
Kva tyder det at ein treng lunka vatn til «liming»?
3
Kva er fordelen med å lage nokre vårrullar som ein ikkje steikjer?
4
Kva treng du å handle inn om du skal ha noko ved sida av vårrullane?
5
Oppskrifta inneheld nokre val. Kva er det du kan velje?
6
Kvifor står det at oppskrifta gir 12–15 vårrullar? Kvifor står det ikkje eit nøyaktig tal?
C Vel oppgåver.
AR PL
EM
KS
SE
G
1
1
Lag ein teikneserie som viser korleis ein lagar vårrullar.
2
Lag ei handleliste for ein som skal lage vårrullar og ikkje har nokon av ingrediensane.
3
Skriv ei oppskrift og framgangsmåte, slik du hugsar det, på ein matrett du liker godt. Etterpå sjekkar du om oppskrifta di stemte bra.
33
LF5_komplett_v3.indd 33
27/03/15 10:59
16 Ønskeliste Kva vil det seie å overtyde? Korleis kan ein overtyde nokon?
Hei, mamma og pappa! Her er ønskelista mi! 1 Eg ønskjer meg eit pattedyr.
R VU
Ein blandingshund arvar eigenskapane til begge rasane han kjem frå. Sjå kva eg las om labradoodle:
«Labradoodle er veldig
IN
ER
D
Eg har alltid ønskt meg dyr. De foreslår gjerne gullfisk. Men kva er gøy med gullfisk? Kan ein kose med gullfisk? Gå tur? Få augekontakt? NEI! Gullfisk er berre så utruleg keisamt! (Sikkert pent å sjå på.)
SE
G
Ein gong foreslo de kanarifugl. Den held seg mest inni buret, om kvelden slengjer ein over eit teppe slik at han skjønar at det er natt. Praktisk, men ikkje det eg tenkjer på som kjæledyr. K EISAMT!
lærevillig og har eit godt gemytt. Labradorens stødige temperament og godlynte natur. Puddelens gode lynne, høge intelligens og røytefrie pels, som gir mindre plager for dei med astma og allergi.»
AR PL
Det er så mange fine hunderasar! Ikkje berre dalmatinar. Labradoodle, for eksempel, ei blanding av storpuddel og labrador retriever!
EM
De veit at eg ikkje liker å vere åleine heime om kvelden. Når de skal på eit eller anna, må vi alltid sørgje for at eg har ei venninne her, eller at mormor kjem innom. Dumt for dykk, dumt for meg. Med Prikk ville eg vore trygg. Er ikkje Prikk eit fint namn? Kanskje Prikk er ein dalmatinar?
KS
Eg vil ha eit PATTEDYR! Og helst ein hund. Eg veit at ein må gå tur med han. Eg gleder meg til det! Det vil vere superbra for dykk òg. Mykje sunnare enn å dra på det treningssenteret. Billigare òg!
Midt i blinken! Vi er jo ikkje allergiske, men røytefri pels er vel noko for deg, mamma? Dessutan kan ein velje mellom tre storleikar på hunden: standard, medium eller miniatyr. Eg foreslår standard, den blir 50–65 cm høy og veg mellom 20 og 40 kg. Men vil de helst ha medium? Katt er sjølvsagt også mogleg. Det finst mange fine kattar, og det er mykje kos med ein katt. Men det eg ønskjer meg MEST, er ein hund! Eg trur det vil vere bra for meg å få hund. Bra for heile familien!
2 Eg kjem ikkje på noko anna eg ønskjer meg. Og eg ønskjer meg ikkje nye skøyter. Eller ski. Mobilen min funkar heilt fint. Ord å snakke om: gemytt, godlynt, lynne, røytefri
34
LF5_komplett_v3.indd 34
27/03/15 10:59
A Svar på spørsmåla. 1 Nemn alt det eg-personen ikkje ønskjer seg. 2 Kva er det som kan vere praktisk med ein kanarifugl? 3 Kva for hunderasar blir nemnde i teksten?
R VU
4 Kva er det mormor slepp å gjere dersom familien får ein hund? 5 Kva for gode eigenskapar har ein labradoodle? 6 Kvifor står ordet KEISAMT med store bokstavar, trur du?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Overskrifta er Ønskeliste. Men kva skil denne teksten frå ei vanleg ønskeliste?
SE
2 Kva får vi vite om mora i teksten?
3 Trur du eg-personen er gut eller jente? Grunngi svaret ditt.
KS
4 Eg-personen meiner at foreldra også vil ha fordelar av ein hund. Kva for fordelar?
EM
5 Kva trur du eg-personen ønskjer å oppnå ved å ha med punkt 2 på ønskelista? 6 Trur du at eg-personen får ein hund? Grunngi svaret ditt.
AR PL
C Vel oppgåver. 1 Tenk deg at eg-personen får ein hund. Skriv korleis det går.
2 Tenk deg at eg-personen får ein hund. Skriv nokre gode råd om godt hundestell. 3 Skriv eit brev til dei vaksne heime der du prøver å overtyde dei om at du bør få eit kjæledyr du ønskjer deg.
35
LF5_komplett_v3.indd 35
27/03/15 10:59
17 Den forferdelege læraren Kva forbind du med ein god lærar?
R VU
Har du lese om Pippi som fortel om skulen i Argentina? Der elevane får karamellar, og læraren tek av godtepapiret fordi elevane ikkje gidd å gjere det? Dei går ikkje eingong på skulen sjølv, dei sender broren!
ER
D
Onkel Jo minner meg om Pippi. Ein gong fortalde han om då han fekk ny lærar. Det var litt motsett av skulen i Argentina:
– Og det fjerde viktigaste må vi aldri gløyme: SMITTEFRITT klasserom! Nysing, snufsing og hosting er strengt forbode. For å vere på den sikre sida deler eg ut munnbind. Det gir òg utmerkt arbeidsro. Dessutan får alle nye eingongshanskar før og etter at de har ete knekkebrød. Alt dette til ein latterleg pris av 15 kroner dagen! Prisen vil nok stige.
AR PL
Ei uro spreidde seg, og ein gut rekte forsiktig opp handa: – Vi treng vel mat og drikke utover dagen? – KUNNSKAP er det tredje viktigaste! brølte Bø. – Heldigvis kan ein studere mens ein et. Eg tilbyr vatn og knekkjebrød, når EG avgjer at det passar. 20 kroner dagen tek eg for det. Skammeleg billig! Han såg på oss med eit blikk som gjorde at ingen fleire rekte opp handa. Det var heilt stilt.
Bø såg seg rundt. – Dette var dei fire viktigaste KØYREREGLANE. No kviskra han, akkurat som om vi hadde fått vite ein løyndom.
EM
Bø smelte saman hælane som ein soldat. – Det nest viktigaste er å vere UTHALDANDE! Derfor droppar vi friminutt. Vi arbeider jamt og trutt heile skuledagen utan pause. Pausar er for dovne slabbedaskar!
KS
SE
G
IN
Vi skjønte fort at han var ein fæl lærar. Ikkje nok med at han heitte Bø, han skremte oss allereie i første time: – Roleg! Sit rett i ryggen! brølte han. – Alle møter blikket mitt! La meg fortelje dykk kva som er viktigast på skulen: å vere PUNKTLEG! Døra blir låst presis 8.30. Forseintkommarar får ikkje forstyrre. Sidan dei mistar glimrande undervisning, møter dei 7.30 neste dag. Forstått!!
– Resten seier seg sjølv. Som at det berre er EG som har lov til å heve stemma! No brølte han igjen. – Set i gang med arbeidet! STRAKS! Bø tok fram ei stoppeklokke og trykte på start. Vi såg på kvarandre. Kva skulle vi eigentleg gjere?
Dessverre fekk eg ikkje vite meir om korleis det gjekk med den nye læraren. Onkel Jo sa at han hadde gløymt resten. Ord å snakke om: punktleg, uthaldande, smitte
36
LF5_komplett_v3.indd 36
27/03/15 10:59
A Svar på spørsmåla. 1 Kva var den største forskjellen på læraren i Argentina og læraren til onkel Jo? 2 Lærar Bø har fire ord som står for fire køyrereglar. Kva ord er det? 3 Kva skjedde dersom ein kom for seint?
R VU
4 Kva syntest lærar Bø var typisk for dovne slabbedaskar? 5 Kva fekk lærar Bø til med blikket sitt? 6 Kva for fordelar var det med munnbind, meinte lærar Bø?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Korleis hadde det vore om alle sende bror sin på skulen og tok fri sjølv?
SE
2 Kva er likskapen mellom Pippi og onkel Jo?
3 Kva meiner onkel Jo med «Ikkje nok med at han heitte Bø ...»?
KS
4 Kva er det i forteljinga til onkel Jo som viser at læraren var veldig nøgd med si eiga undervisning?
EM
5 Kva var det lærar Bø oppnådde med å skifte mellom å brøle, kviskre og brøle igjen?
C Vel oppgåver.
AR PL
6 Kva meinte eigentleg lærar Bø med å ta opp stoppeklokka?
1 Set opp eit reknestykke som viser kor mykje lærar Bø ville tent ekstra per dag dersom han blei lærar i di klasse. 2 Tenk deg at onkel Jo hugsar korleis det gjekk vidare. Skriv framhaldet. 3 Skriv kva du synest kjenneteiknar ein god lærar.
37
LF5_komplett_v3.indd 37
27/03/15 10:59
18 Å gjere nokon ei bjørneteneste Kva tyder det å gjere nokon ei bjørneteneste? Kvar trur du slike uttrykk kjem frå? enda dessverre med at bjørnen øydela heile hovudet hans. Poenget er at bjørnen ønskte å vere snill og gjere han ei teneste.
Språket er fullt av rare ord og uttrykk. Mange av uttrykka, som dei du las i innleiinga, er det ikkje lett å forstå om ein ikkje har lært seg tydinga. Å gjere nokon ei bjørneteneste tyder å gjere nokon ei teneste som er godt meint, men som får motsett resultat. Å trakke i salaten tyder å gjere ein skikkeleg tabbe.
Har du kjøpt katta i sekken? Det vil seie å bli lurt når ein kjøper noko. Uttrykket kjem truleg frå ein handelsmann som kjøpte eit verdifullt dyr utan å ha sett det først. Det var ikkje lurt, for han fekk ein katt i sekken i staden for det dyret han trudde han skulle få.
ER
D
R VU
Har du gjort nokon ei bjørneteneste? I alle fall har du sikkert trakka skikkeleg i salaten ein gong.
G
IN
Men korleis har slike uttrykk oppstått, og kvifor er dei blitt ein naturleg del av språket?
SE
Mange av uttrykka vi bruker, er fleire tusen år gamle og stammar frå Bibelen og gresk og romersk mytologi, altså frå forteljingar og legender langt tilbake i tid. Historiske hendingar har òg påverka språket vårt. Ord og uttrykk har spreidd seg frå menneske til menneske, og etter kvart har dei blitt ein del av språket.
Uttrykket å sjå gjennom fingrane med tyder å oversjå noko med vilje. Det er jo slik at dersom du held hendene framfor auga og ser mellom fingrane, kan du velje kva du vil sjå, og oversjå det du ikkje ønskjer å sjå.
AR PL
EM
KS
Mange ord og uttrykk bruker dyr, kroppen og mat som bilete for å fortelje noko. Det kan gjere språket meir levande og morosamt. Kanskje du har høyrt uttrykket å svelgje kamelar? Det tyder at ein godtek noko som ein eigentleg er imot. Kamelar er jo store dyr, så du kan sjølv tenkje deg at det ikkje er særleg godt å prøve å svelgje ein kamel! Det uttrykket kjem faktisk frå Bibelen.
Veit du kva det tyder å bite i det sure eplet? Eller at noko er berre blåbær? Det kan du prøve å finne ut.
Uttrykket å gjere nokon ei bjørneteneste kjem frå ein fabel om ein bjørn som ville jage bort ein fluge frå nasen til herren sin, men det Ord å snakke om: mytologi, legender, fabel
38
LF5_komplett_v3.indd 38
27/03/15 10:59
A Svar på spørsmåla. 1 Korleis har uttrykka blitt ein del av språket? 2 Kva for eit av de nemnde uttrykka kjem frå Bibelen? 3 Kva tyder det å trakke i salaten?
R VU
4 Kva tyder det å kjøpe katta i sekken? 5 Kva var det bjørnen i fabelen ville hjelpe til med? 6 Kor mange uttrykk blir nemnde i teksten? Skriv alle uttrykka.
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kva gjer slike uttrykk med språket?
SE
2 Kva for nokre av uttrykka i teksten har med kroppen å gjere? 3 Forklar med eit eksempel du sjølv finn på, kva det tyder å gjere nokon ei
KS
bjørneteneste.
4 Forklar med eit eksempel du sjølv finn på, kva det tyder å svelgje ein kamel. «gjennom» med? Kvifor det?
EM
5 Eitt av uttrykka er å sjå gjennom fingrane med noko. Kva kunne vi bytt ut ordet
fingrane med?
C Vel oppgåver.
AR PL
6 Kva trur du for eksempel læraren din eller foreldra dine av og til ser gjennom
1 Forklar kva det vil seie å bite i det sure eplet, og at noko er berre blåbær. 2 Fortel om ein gong du, eller ein annan, trakka i salaten eller kjøpte katta i sekken. 3 Fortel ein fabel du har høyrt eller lese.
39
LF5_komplett_v3.indd 39
27/03/15 10:59
19 Å leve om bord på ein romstasjon Korleis er det å vere vektlaus og leve om bord på ein romstasjon?
G
IN
ER
D
R VU
Tenk deg at du er astronaut på ein romstasjon. Då vil mange daglege gjeremål vere ganske annleis enn du er vand til. Berre det å ete, for eksempel! Maten vil stort sett vere hermetikk eller pulver blanda med vatn, og du et han med sugerøyr frå ein pose. Du kan knekkje noko av maten i bitar, men då må du fange bitane i lufta mens dei svevar rundt. Det er kanskje morosamt dei første dagane, men korleis vil det vere å ha det slik i mange veker?
du tisse, må urinen renne ned i ein spesiell behaldar. Og tru det eller ei, gjennom ein kjemisk prosess kan urinen faktisk omdannast til noko heilt anna: Noko blir til drikkevatn og noko til oksygen! Urin er stort sett samansett av vatn, eller H2O. Det vil seie to hydrogenatom og eitt oksygenatom. Ved å setje på straum kan ein splitte vatn til hydrogen og oksygen.
AR PL
EM
Sjølv astronautar må på do. Når du skal gå på do, må du vite korleis du skal gjere det, elles svevar berre alt saman rundt i romstasjonen. Det kan bli ganske ekkelt. Derfor må du øve nede på jorda først. Du må blant anna lære å spenne deg fast til ein slags do mens du er i vektlaus tilstand, og skal
KS
SE
Utanfor romstasjonen er det både natt og dag heile tida, så du må berre fastsetje kva klokkeslett det passar å leggje seg. Du lirkar deg ned i soveposen, som du hektar fast ein eller annan stad, og søv i lause lufta på langs eller tvers, opp eller ned. Sidan det ikkje er tyngdekraft, kan du ikkje ha seng eller madrass. Det at det ikkje er tyngdekraft som pressar deg ned mot jorda, gjer at ryggen din blir strekt heilt ut, og du kan faktisk bli tre centimeter lengre! Til gjengjeld kan du få litt vondt i ryggen, men det går over.
Dersom du skal utanfor romstasjonen, må du bruke bleie. Kanskje skal du arbeide i mange timar, og då er det ikkje berre å gå inn på do. Romdrakta veg nesten 200 kilo, og to personar må hjelpe deg med å få henne av og på. Livet på ein romstasjon handlar naturlegvis om mykje meir enn å ete og sove og gå på do! Dette er berre ein del meir tungvint enn vi elles er vande med. Ord å snakke om: romstasjon, tyngdekraft, vektlaus
40
LF5_komplett_v3.indd 40
27/03/15 10:59
A Svar på spørsmåla. 1 Korleis kan du få i deg maten når du er på ein romstasjon? 2 Kvifor kan ein ikkje sove i ei seng? 3 Kor mykje lengre kan kroppen bli mens ein er på romstasjonen?
R VU
4 Kva er H2O?
5 Kvifor må ein øve seg på å gå på do før reisa?
6 Kva er grunnen til at ein må bruke bleie når ein er på utsida av romstasjonen?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kvifor er det praktisk å ete med sugerøyr på ein romstasjon?
SE
2 Kva er grunnen til at ein kan hengje opp hengekøya i alle retningar? 3 Kva for daglege gjeremål er nemnde i teksten?
KS
4 Kva for andre daglege gjeremål kunne vore nemnde?
EM
5 Kvifor kan ein ikkje leggje seg og stå opp «etter lyset» om bord på romstasjonen? 6 Kroppen kan bli lengre når ein er på romstasjonen. Kva trur du skjer med denne lengdeforskjellen når ein er tilbake på jorda igjen? Forklar.
AR PL
C Vel oppgåver.
1 Tenk deg at du er om bord på ein romstasjon. Skriv dagbok om livet ditt der. 2 Tenk deg at du er på veg heim frå eit langt opphald på ein romstasjon. Kva gleder du deg til? 3 Kva trur du må til for å kvalifisere seg til å bli astronaut? Skriv ei liste.
41
LF5_komplett_v3.indd 41
27/03/15 10:59
20 Lurt av store tal Korleis kan vi bli lurte av store tal? @Martes matteblogg # Flest er ikkje alltid mest!
D
R VU
Dersom eg legger 18 kronestykke og to tiarar framfor veslebror min og ber han velje, kva trur du han vel? Han vel 18 kronestykke, fordi det er flest myntar. Og sidan det er flest, tenkjer han at det er mest!
SE
G
IN
ER
Det er ikkje berre veslebror som lèt seg lure. Seljarar, for eksempel, utnyttar gjerne at dei kan lure oss med store tal. No er taletid ofte inkludert i eit mobilabonnement, men eg veit at mobilselskapa før freista med at ein fekk ei viss mengd gratis taletid ved å teikne eit abonnement. 120 minutt gratis taletid, stod det kanskje i tilbodet. Kvifor kunne dei ikkje like gjerne skrive to timar?
EM
Då eg var i ein klesbutikk nyleg, høyrde eg at ekspeditøren fortalde prisen på ei bukse: – Ho kostar eitt to, sa han. Eitt to? Han meinte eitt tusen to hundre kroner! Kunne han ikkje seie det, då? Eitt to? Det høyrest VELDIG billig ut! Lureri! Ikkje la deg lure!
AR PL
Sidan vi har lett for å la oss lure av store tal, kan vi òg tenkje motsett. Eit tal som kan verke litt for stort, kan ein prøve å framstille
KS
Eg las på nettet at det var gjort eit forsøk der deltakarane skulle samanlikne kjøp av to ulike oppvaskmaskiner. Deltakarane blei delte i to grupper, A og B. Begge gruppene fekk vite akkurat det same om korleis maskinene fungerte. Når det gjaldt garantitid for maskinene, blei dette oppgitt på to ulike måtar. Gruppe A fekk vite at den eine maskina hadde sju års garanti, og at den andre maskina hadde ni års garanti. Gruppe B fekk vite at garantien var 84 månader og 108 månader. Kva for gruppe trur du syntest det var størst forskjell på garantitida?
som eit noko mindre tal. Onkelen min er eit eksempel. Han er eigedomsmeklar. – Leilegheita kostar berre to ni, seier han. To ni? Kva tyder det? Det tyder to millionar ni hundre tusen. Kvifor kan han ikkje seie det?
PS: I morgon fyller forresten veslebror min 60! (60 kva? Gjett!).
Ord å snakke om: blogg, garanti, eigedomsmeklar
42
LF5_komplett_v3.indd 42
27/03/15 10:59
A Svar på spørsmåla. 1 Kvifor trur veslebror til Marte at 18 kroner er meir enn 20 kroner? 2 Kor mykje gratis taletid lokka gjerne mobilselskapa med? 3 Kva skulle forsøkspersonane i gruppe A og B samanlikne?
R VU
4 Kva er forskjellen på sju og ni år, samanlikna med 84 og 108 månader? 5 Korleis fortel onkelen til Marte prisen på ei leilegheit som kostar to millionar ni hundre tusen?
IN
ER
D
6 Kor mykje kosta buksa Marte skriv om?
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kvifor reklamerte mobilselskapa med gratis taletid på 120 minutt i staden for 2 Kva tyder garantitid?
KS
SE
to timar?
3 Kvifor trur du dei fortalde garantitida for oppvaskmaskinene på to ulike måtar?
5 Kor gammal blir veslebror til Marte?
C Vel oppgåver.
AR PL
6 Kva trur du Marte vil med mattebloggen sin?
EM
4 Kvifor meiner Marte at ekspeditøren som sel bukser, driv med lureri?
1 Finn eit anna eksempel enn det Marte nemner, der veslebror hennar truleg
vil velje feil. 2 Svar på blogginnlegget til Marte. 3 Tenk at du er Marte. Skriv eit nytt innlegg på bloggen.
43
LF5_komplett_v3.indd 43
27/03/15 10:59
21 Vaksen for ein dag Korleis ville det vore å bli vaksen med eitt? I ei klasse skulle elevane skrive ein tekst der dei førestilte seg at dei var vaksne for ein dag, for eksempel at dei var ein av dei vaksne heime. Her er ein av tekstane:
R VU
ER
D
Min dag som vaksen Var klokka sju alt? Då var det på tide å komme seg opp, opp av den tronge, korte senga. Det skulle bli skikkeleg herleg å sleppe skulen! Kva med å ta bilen til jobben og få tid til ein lang, roleg frukost!
Etter å ha lese SMS-ane kasta eg dei gule Post-it-lappane òg, tok meg ein kopp kaffi og las siste nytt på nettet. Der dukka det stadig opp reklame. Tur til Spania høyrdest herleg ut! Kva med ein ny bil? Eg fekk det travelt, det var så vidt eg fekk tid til lunsj. Endå det var ein skikkeleg god lunsj: to skulebrød og ein cola.
EM
Etter lunsj svarte eg på SMS-ane: - Kan dessverre ikkje selje pølser, har fått vondt i ryggen. - Klart eg hugsar det med handling og middag, men eg spanderer pizza! - Eg vaska trappa i dag før frukost, nokon må ha grisa henne til etterpå.
AR PL
Det gjekk overraskande greitt å køyre til jobben. Der sette eg meg ved det største skrivebordet, men skjønte snart at det ikkje var mitt. Den vesle pulten i hjørnet var nok min. På pc-en var det festa mange Post-itlappar der det stod alt eg måtte hugse gjennom veka. Nokre rosa lappar og nokre gule. Eg kasta alle dei rosa og beheldt dei gule. Ein kan bli altfor stressa av å ha for mange oppgåver! Dessutan fekk eg fleire private SMS-ar som eg måtte tenkje over: – Hugs pølsesal på fotballkampen i dag. Møt kl 18. Helsing LBK. – Hugs at det er din tur til å handle inn og lage middag. – Minner om trappevask, det ser ut som de har gløymt at det er dykkar tur. Helsing styret.
KS
SE
G
IN
Frukosten blei ikkje særleg roleg. Eg hadde heilt gløymt at eg hadde to masete ungar som skulle ha matpakke og komme tidsnok på skulen, og ha med seg reint gymtøy. Heretter kan dei lage matpakken sjølv! Gymtøyet kan dei forresten òg begynne å vaske. Ta ansvar!
Var klokka fire alt? På tide å komme seg heim etter ein hektisk dag. Dessutan skulle eg innom både eit reisebyrå og ein Volvoforhandlar på heimvegen. Ord å snakke om: stress, hektisk, reisebyrå
44
LF5_komplett_v3.indd 44
27/03/15 10:59
A Svar på spørsmåla. 1 Kvifor blei det hektisk om morgonen? 2 Kvifor vil eg-personen køyre til jobben? 3 Kva for eit skrivebord var det rette?
R VU
4 Kva for oppgåver får eg-personen via SMS? 5 Kva er det eg-personen blir freista til gjennom reklame? 6 Kva har eg-personen det travelt med etter jobb?
ER
D IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kva er det i innleiinga som viser at eg-personen brått er blitt stor? er barn?
SE
2 Kva fortel den hektiske frukosten om korleis eg-personen har det når han/ho
KS
3 Kvifor sette eg-personen seg ved det største skrivebordet, trur du? 4 Kva fortel alle Post-it-lappane om eg-personen?
EM
5 Sjå på svara eg-personen gir på SMS-ane. Kva fortel svara om eg-personen? 6 Trur du eg-personen som skriv, er gut eller jente? Og kven byter eg-personen rolle
AR PL
med? Grunngi svaret ditt.
C Vel oppgåver. 1 Tenk deg at du er eg-personen. Skriv eit framhald på forteljinga. 2 Kva trur du stod på alle Post-it-lappane? Skriv forslag. 3 Skriv din eigen tekst der du tenkjer deg at du er vaksen for ein dag.
45
LF5_komplett_v3.indd 45
27/03/15 10:59
22 Rekn med pyramidebyggjarane Kor mange arbeidarar måtte til for å byggje ein pyramide?
D
R VU
Korleis greidde dei gamle egyptarane å byggje dei enorme pyramidane sine? Dei hadde verken heisekranar, gravemaskiner eller dynamitt. Brukte dei rett og slett berre eigen kropp og muskelkraft? Etter alt å dømme var det slik.
Han visste omtrent kor mykje energi éin enkelt arbeidar brukte per dag. Men for å finne ut kor mange arbeidarar som skulle til, måtte han vite kor lang tid dei hadde på seg til å få byggverket ferdig.
Vi måler energi i kaloriar eller joule, og Wier klarte å rekne ut kor mange billionar joule som måtte til for å byggje pyramiden.
AR PL
Kor mykje energi måtte til for å løfte 7,7 millionar tonn stein opp frå botnen av steinbrotet? Kor mykje energi gjekk med til å slepe steinane fleire hundre meter bort til byggjeplassen? Det var ikkje enkle reknestykke. For eksempel trongst det mindre energi å setje dei første steinane på plass rett på bakken samanlikna med dei som skulle plasserast 146 meter høgare opp!
Det var vanleg at ein farao begynte å byggje ein pyramide så snart han kunne. Han skulle gravleggjast i pyramiden, og levealderen var ikkje særleg høg. Keops var farao i 23 år, og Wier gjekk ut frå at arbeidet med pyramiden varte heile denne tida. Dersom folk arbeidde absolutt kvar einaste dag heile året i 23 år, blei det omtrent 8400 arbeidsdagar. Då skulle det halde med 10 000 arbeidarar i snitt på byggjeplassen kvar dag. Det tilsvarer omtrent éin prosent av innbyggjartalet i Egypt på den tida.
EM
Wier sette opp mange små reknestykke for å finne ut kor mykje energi som måtte til.
KS
SE
G
IN
ER
Då er spørsmålet: Kor mange mann måtte til for å gjere denne jobben? Og kor mange år trong dei? Professor Stuart Kirkland Wier ville bruke matematikk for å finne svaret. Han valde den største pyramiden, Keopspyramiden. Den er 139 meter høg (opphaveleg var han 146,5 meter) og veg nesten åtte millionar tonn. Det var enorme mengder stein som måtte bankast laus, fraktast, hoggast til og løftast på plass. Dette arbeidet kravde mykje energi!
Wier fann svara gjennom matematikken. Men ingen veit nøyaktig korleis pyramidane blei bygde, eller kor mange som deltok. Det får vi kanskje aldri vite. Ord å snakke om: steinbrot, energi, joule
46
LF5_komplett_v3.indd 46
27/03/15 10:59
A Svar på spørsmåla. 1 Skriv setninga som viser kva for eit land dei bygde pyramidar i. 2 Kva fag brukte Wier for å finne ut kor mange arbeidarar som måtte til for å byggje ein pyramide? 3 Kva heitte den største pyramiden? Kvifor heitte han det?
R VU
4 Skriv setninga som viser at dei som bygde pyramidar, ikkje hadde nokon fridagar. 5 Kva for måleining har vi for energi?
ER
D
6 Kor mange arbeidarar rekna Wier med at det var på byggjeplassen kvar dag?
IN
B Svar på spørsmåla.
G
1 Kvifor er spørsmålet kor mange mann som måtte til for å gjere jobben?
SE
Kvifor spør ein ikkje om kvinner, trur du?
2 Kva for ulike arbeidsoppgåver for å byggje ein pyramide blir nemnde i teksten? voks?
EM
KS
3 Kva var grunnen til at nokre av oppgåvene blei vanskelegare etter som pyramiden 4 Kvifor rekna Wier med at det tok 23 år å byggje Keopspyramiden? 5 Sjå på illustrasjonen. Kva fortel han deg?
AR PL
6 Kvifor var det så viktig for ein farao å komme raskt i gang med å få bygd ein pyramide?
C Vel oppgåver. 1 Tenk deg at du er ein av dei som bygde Keopspyramiden. Fortel om arbeidsdagen din. 2 Lag ein plakat som skal lokke turistar til å vitje pyramidane i Egypt. 3 Tenk deg at du er faraoen Keops. Fortel om livet ditt og om planane for pyramiden.
47
LF5_komplett_v3.indd 47
27/03/15 10:59
D
R VU ER
© 2015 GAN Aschehoug, H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) AS ISBN 978-82-492-1799-1 Nynorsk 1. utgåva / 1. opplaget 2015 Forlagsredaktør: Kristin Hide
IN
Omsett til nynorsk av Ole Jan Borgund / NTB Arkitekst
Illustrasjonar: Teikningar: Ida Kristin Hanevold Foto: Shutterstock og NASA
KS
SE
G
Grafisk design og tilretteleggjing: Allworthy Design Trykk og ferdiggjering: Livonia Print SIA, Latvia
AR PL
EM
Tekstkjelder: Asker Skiklubb: Kjelde for teksten «Langrennsgruppa i S.I.K». Redigert etter avtale og omsett frå bokmål. Bjørneparken: Kjelde for teksten «Elgen – kongen over skogen». Redigert etter avtale og omsett frå bokmål. Den Norske Turistforening: «Dei ni fjellvettreglane». forskning.no/Anne Lise Stranden: Kjelde for teksten «Reklame». Redigert etter avtale og omsett frå bokmål. forskning.no/videnskap.dk/Louisa Field: Kjelde for teksten «Lydar påverkar smaken». Hjorth, Vigdis: Utdrag fra Jørgen + Anne er sant, Bokklubben Barn 1994 / J.W. Cappelens Forlag 1984. Naturfagsenteret/naturfag.no: Kjelde for teksten: «Naturfagtime». Redigert etter avtale og omsett frå bokmål. Nysgjerrigper.no/Trine-Lise Gjesdal: Kjelde for teksten «Å gjere nokon ei bjørneteneste». Redigert etter avtale og omsett frå bokmål. nysgjerrigper.no/Trude Hauge: Kjelde for teksten «Kor høgt er det mogleg å byggje?». Redigert etter avtale og omsett frå bokmål. nysgjerrigper/Dagny Holm: Kjelde for teksten «Regn med pyramidebyggjarane». Redigert etter avtale og omsett frå bokmål. nysgjerrigper.no/Magnus Holm: Kjelde for teksten «Lure bier luktar seg fram». Redigert etter avtale og omsett frå bokmål. nysgjerrigper/Vera Michalsen: Kjelde for teksten «Å leve om bord på ein romstasjon». Redigert etter avtale og omsett frå bokmål. Opplysningskontoret for frukt og grønt/frukt.no: «Norske poteter». Silverstein, Shel: «Anna Susanna» og «Kilne Kjell» fra Lys på loftet, Ernst G. Mortensens Forlag AS, 1988. Alle kommentarar til utgivingar frå forlaget kan rettast til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo E-post: forlag@gan.aschehoug.no www.gan.aschehoug.no Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.
LF5_komplett_v3.indd 48
27/03/15 10:59