Hanne Solem
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
EM PL AR
Leseforst책ing 7
GAN Aschehoug
Til dei vaksne
EM PL AR
Leseforståing 7 er ei bok som gir elevane trening i leseforståing og lesing som grunnleggjande dugleik. Alle tekstane har oppgåver på ulike nivå knytte til forskjellige aspekt ved leseforståing. Elevane får trening i å hente informasjon direkte ut av teksten, å tolke og kombinere informasjon og å reflektere rundt form og innhald. Nivådelinga på oppgåvene gjer at denne boka passar for samansette elevgrupper der ulike lese- og skriveferdigheiter er representerte.
SE
KS
Leseforståing 7 inneheld 20 oppslag som kvar består av ein tekst med tilhøyrande oppgåver. Elevane møter ulike typar tekstar på tvers av fag, i tråd med læreplanens føringar om lesing om grunnleggjande dugleik.
ER
IN
G
Kvart oppslag blir innleidd med eit spørsmål som tek utgangspunkt i det aktuelle temaet og i forkunnskapane til elevane. Spørsmåla, i tillegg til «Ord å snakke om», som står etter kvar tekst, eignar seg godt som utgangspunkt for felles samtale og refleksjon i forkant av arbeidet med oppslaget.
D
Leseforståing 7 gir òg elevane inspirasjon til eiga tekstskaping. Kvart oppslag har ulike skriveoppgåver knytte til temaet.
VU
R
Leseforståing 7 Lærarboka Lærarboka er ei kort rettleiing som inkluderer fasit, slik at læraren raskt skal kunne vurdere om svaret på eit spørsmål er rimeleg. Nokre spørsmål vil ha fleire mogelege svar. Lærarboka kan ein laste ned gratis frå heimesida til forlaget, www.gan.aschehoug.no. Leseforståing 7 inngår i serien Leseforståing som dekkjer 1.–7. trinnet.
Innhald
R
D
ER
IN
G
SE
KS
EM PL AR
Norske romforskarar vil ikkje reise til Mars 4 #hundediggar 6 Kva skal eigentleg til for å bli fotballproff? 8 Hardangerbrua – det lengste bruspennet i verda med to køyrefelt! 10 Kongeleg himmel 12 Pym Pettersons mislykka brevvenn 14 Kva skjer når isen smeltar? 16 Latteryoga: Le deg frisk! 18 Breva som ikkje kom fram 20 Den dagen eg vann 22 Det er kult å seie at eg har spelt mot Ronaldo 24 Kan eg påverke forbruket til andre? 26 Festivalarrangøren 28 Er det skadeleg å sjå lenge på TV? 30 Boktilråding: Eksperimentet av Harald Nortun 32 Er gutane best i matte? 34 For eller imot lekser? 36 Er godt eller dårleg minne medfødt? 38 Abu Hassans fjert 40 Dei ukjende utvandrarane 44
VU
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 1 1 12 13 14 15 16 17 18 19 20 22
Norske romforskarar vil ikkje reise til Mars Kva veit du om planeten Mars? Korleis ser du på å reise til Mars? Selskapet Mars One vil lage reality-TV på Mars, men norske astronomar har ikkje tru på prosjektet. Eller er dei berre feige? Ungdomsreporter Nora Heyerdahl, som har feriejobb i forskning.no, prøver å rekruttere dei til marsferd.
EM PL AR
Sci-fi-nerdar har lenge drøymt om å kolonisere Mars, og no følgjer det nederlandske selskapet Mars One etter. Dei vil sende folk til Mars med einvegsbillett innan 2023. Mange hundre nordmenn har søkt om å få vere Adam og Eva på den raude planeten, og to har komme vidare i konkurransen – men ingen av astrofysikarane på Universitetet i Oslo har meldt seg. Kvifor ikkje? Eg dreg til Institutt for teoretisk astrofysikk for å spørje dei.
VU
R
D
ER
IN
G
KS
SE
Med ein gong eg kjem inn i bygget, kjenner eg lukta av tal og teoriar, og eg passar på å ta på meg brillene for å sjå litt eldre ut. Førsteinntrykket er at ei fjorten år gammal jente – som vil studere språk og kulturforståing – passar dårleg inn her. Sit ikkje alle inne på kontoret sitt og støvar ned?
Nei. Astrofysikar Anna Kathinka Dalland Evans, som er formidlingsansvarleg på huset, støvar slett ikkje ned. Ho inviterer meg leande inn på kontoret sitt, som er tapetsert med plakatar av stjerner, galaksar og sci-fi-seriar.
NASA vil plassere ein velutstyrt robot på Mars for å finne ut mest mogeleg om korleis planetane blei til.
4
Astrofysikar – ingen stor eventyrar Då eg ringde på førehand, hadde ho ikkje høyrt om den ambisiøse Mars One-romferda, men ho kan mykje om stjerner og planetar, og no har ho også har tenkt litt på det nederlandske prosjektet. – Om du synest at tanken er morosam, kvifor har du ikkje meldt deg på? – Utan at eg kan veldig mykje om det tekniske rundt prosjektet, vil eg kanskje seie at akkurat dette prosjektet høyrest litt overambisiøst ut. Dessutan er det jo snakk om ein einvegsbillett, og eg kunne ikkje forlate alt på jorda no. – Eg er ingen stor eventyrar, og Mars One er litt som dei første oppdagingsreisene på jorda. Ein la i veg mot det ukjende, og det var ikkje sikkert ein kom heim att. – For å melde seg på dette prosjektet må ein nok ha den eventyrlysta og innstillinga som Columbus og Vasco da Gama hadde, seier Evans.
Ord å snakke om: rekruttere, kolonisere, astrofysikar, institutt, kosmologi, galaksehopar
1
Når eg stig inn i kaffipauserommet til kosmologigruppa, får eg stadfesta fleire av fordommane mine enn eg gjorde hos Evans. Somme vil ikkje filmast fordi det ikkje er deira fagfelt, og nesten ingen har høyrt om Mars One før.
Dei minste tinga kosmologigruppa jobbar med, er galaksehopar. Det er det største i universet som eg har lært om på skulen! Her er det nok fleire som er støva inne på eit kontor, og eg føler meg brått ganske liten og i alle fall ikkje veldig smart! Men astrofysikarar er visst like forskjellige som andre menneske – somme er meir enn villige til å prate med oss. Men – ingen vil vere med på marsferd. I alle fall ikkje utan returbillett.
EM PL AR
Nei, nei og nei Ho er kanskje ingen Vasco da Gama, men kva med dei andre astrofysikarane på instituttet? Dei som jobbar så mykje med stjerner og verdsrommet, må vel vere motiverte for ein tur til Mars?
A Svar på spørsmåla. 1 Kven vil lage reality-TV på Mars?
KS
2 Kva inneber det å sende folk til Mars med einvegsbillett?
3 Skriv setninga som viser at det er vanskeleg å bli deltakar i reality-TV på Mars.
SE
4 Kva vil Nora spørje om på Institutt for teoretisk astrofysikk? 5 Kva planar har Nora for vidare studiar?
IN
G
6 Kor mange på instituttet har høyrt om Mars One?
ER
B Svar på spørsmåla.
1 Kva er meint med spørsmålet «Eller er dei berre feige?» i teksten? 2 Korleis veit du at Nora Heyerdahl ikkje har fast jobb i forskning.no?
D
3 Kva meiner Nora med «å få vere Adam og Eva på den raude planeten»?
R
4 Kva meiner Nora med å kjenne lukta av tal og teoriar?
VU
5 På kva måte er kontoret til Anna Kathinka Dalland Evans prega av jobben hennar? 6 Kva for fordommar er det Nora meiner ho får stadfesta?
C Vel oppgåver. 1 Tenk deg at du har kjøpt einvegsbillett til Mars med utreise i 2023. Skriv eit brev til dei du reiser frå, og forklar valet ditt. 2 Tenk deg at du har komme fram til Mars som deltakar i reality-TV. Skriv om kva som skjer. 3 Kva synest du om å få folk til å melde seg på ein planlagd reality-TV-tur til Mars? Skriv ein tekst der du argumenterer for meininga di.
5
#hundediggar Korleis bør ein førebu seg når ein skal få kvalp?
Blir han stoverein? Dei fleste kvalpar blir stovereine imponerande raskt dersom vi følgjer nokre enkle huskereglar: Kvalpen må nesten alltid tisse etter at han har: sove, ete, drukke, togge på noko, leikt. Tek du med kvalpen ut etter at han har gjort noko av dette, vil han fort venje seg til å gjere det ute.
SE
Ver roleg og fatta, unngå brå rørsler, rop og kjefting. Det er viktig å hugse at ein kan oppfattast som truande utan at ein meiner det. Når du for eksempel løftar opp kvalpen, gjer det forsiktig og helst frå sida. Om du kjem brått framanfrå, kan det verke skremmande.
Kvar skal hunden sove? Same kvar du planlegg at hunden skal sove, kan det vere lurt at nokon søv saman med han dei første nettene, mens alt framleis er ukjent og litt skummelt. Om du ikkje vil at hunden skal sove på soverommet, men i stova, kan du leggje ein madrass på golvet i stova og eventuelt setje det opne buret ved sida av madrassen.
EM PL AR
Kvalpen treng tryggleik Det første du må lære kvalpen, er at han har hamna hos verdas beste familie, der det er trygt å vere. Det er første steg på vegen til å få ein glad og lærevillig hund.
Kvalpen treng både trygge personar og trygge stader. Eit bur kan vere ein trygg stad. Men steng ikkje kvalpen inne i buret. Lat døra stå open, slik at kvalpen sjølv kan velje om han vil vere der eller ikkje.
KS
Tips til nybakte kvalpeeigarar Skal du skaffe deg kvalp? Mitt første tips er: HALD DEG HEIME i minst seks veker! Det er kanskje ikkje så lett? Då er det lurt å få seg kvalp i ferien. Om du konsentrerer deg fullt og heilt om kvalpen, vil du spare deg sjølv og familien for mykje slit dei neste åra.
IN
G
Bruk tid på å observere og bli kjend. Ingen kvalpar er like! Er han nysgjerrig, leiken, kjælen? Kvar likar han å bli klødd? Korleis reagerer han på høge lydar? Bruk også tid på å finne ut kva kvalpen liker å ete.
VU
R
D
ER
Om kvalpen blir redd for noko, så la han bli det. Ikkje lag noko nummer ut av det. Gjer heller situasjonen mindre skummel ved å avleie og få merksemda over på noko anna.
Leik med kvalpen! Kvalpen skal oppleve tryggleik, men han skal òg oppleve at vi er leikne. Du treng ikkje kjøpe mange dyre hundeleiker, men finn gjerne fram det du har av gamle T-skjorter, ballar og kosedyr. Lag liv i dei og bruk deg sjølv – vis at du er leiken og morosam! Og hugs: Dersom kvalpen har fått tak i noko som du ikkje har tenkt at han skal få ha, så ikkje spring etter han. Då kan resultatet bli
6
Ord å snakke om: lærevillig, observere, avleie
2 Ta bort alt laust på golvet som du ikkje vil at kvalpen skal putte i munnen. Dersom kvalpen opplever at det er moro å tyggje på sko, aukar sjansen for at han vil gjere det same neste gong han ser eit par sko. Får han likevel tak i noko han ikkje skal tyggje på, byter du det berre med noko anna han kan tyggje på. Det same gjeld om kvalpen prøver seg på menneske: Gi han noko anna å bite på!
Kvalpar bit Kvalpar bit på det meste dei første par månadene. Det er fordi dei vil undersøkje alt, og fordi det klør i tennene. Men tek du nokre grep med det same, vil det ikkje bli noko problem:
A Svar på spørsmåla. 1 Kvifor kan det vere lurt å skaffe seg hund i ferien?
EM PL AR
at han alltid stikk av med det han har fått tak i. Prøv heller å byte tingen med ei anna leike eller ein godbit.
2 Kva er første steg på vegen til å få ein lærevillig hund? 3 Korleis bør ein løfte ein kvalp?
KS
4 Kva er fordelane med å ha bur til kvalpen?
5 Korleis kan ein lære opp ein kvalp til å bli stoverein?
IN
B Svar på spørsmåla.
G
SE
6 Kva gjer du om kvalpen har teke noko du vil ha tilbake?
1 Kva tyder uttrykket «nybakt kvalpeeigar»?
ER
2 Korleis kan ein kvalp oppfatte brå rørsler? 3 Kvifor bør ein bruke tid på å observere kvalpen?
D
4 Kva bør du tenkje spesielt på om du har ein kvalp som er under to månader, og du får besøk av ein venn som er litt redd for hundar?
R
5 Kva for nokon av tipsa i teksten trur du er lettast å gløyme å følgje? Grunngi svaret ditt.
VU
6 Er det nokon av tipsa i teksten ein kan ha nytte av når ein er saman med små barn, for eksempel?
C Vel oppgåver. 1 Lag ein plakat med tips til nybakte kvalpeeigarar. 2 Kva for tips er nyttige om ein skaffar seg eit anna dyr enn hund? Vel eit dyr og skriv ein tekst med gode tips. 3 Tenk deg at du synest de bør kjøpe hund, men dei vaksne heime er ueinige. Skriv eit brev der du prøver å overtyde dei vaksne om at dei også vil ha glede av hunden.
7
Kva skal eigentleg til for å bli fotballproff? Har du ein draum om å bli fotballproff? Kva skal til for å bli fotballproff?
IN
G
SE
– Det er ikkje berre mengda det kjem an på – det er kvaliteten i det du gjer, seier han. Haugaasen meiner treningsmengda ikkje berre eit nødvendig grunnlag for å utvikle gode dugleikar, det er òg avgjerande for at spelarane etter kvart skal tole dei fysiske og mentale påkjenningane av trening og spel på høgare nivå.
Motivasjon for trening Trenarar for unge spelarar må likevel vere varsame med å fokusere for mykje på mengda, meiner Haugaasen. Viktigare enn at elitespelarar har trena mykje, er kvifor dei trenar.
KS
Mathias Haugaasen på Norges idrettshøgskole har skrive doktorgrad om kva som skal til for å nå opp blant dei aller beste. Éi enkelt oppskrift finst ikkje, men Haugaasen har komme litt nærmare svaret:
– Eit godt fundament frå tidleg alder vil gi eit fortrinn for å vidareutvikle eller lære nye dugleikar. Dette speglar våre funn, som viser at forskjellen i treningsmengd mellom profesjonelle og ikkjeprofesjonelle spelarar er størst i tidleg alder. Profesjonelle spelarar har rett og slett trena meir fotball frå dei var veldig unge.
EM PL AR
Det er ikkje berre treningsmengda det handlar om. Nyare forsking viser at kvaliteten på treninga er minst like viktig for unge fotballspelarar. Og det å møtast og trene på løkka er heilt avgjerande.
D
ER
Det er likevel slik at forskjellane i nivå på spelarane ikkje kan forklarast med mengda av trening. Sannsynlegvis er ulikskapane knytte til at nokre spelarar får meir ut av treninga enn andre. Det vil seie at kvaliteten på treninga er svært viktig.
VU
R
Ein del forskarar har vore inne på at spelarane er ekstremt mottakelege for trening og påverknad fram til puberteten. Sjølv om det er delte meiningar om dette, meiner Haugaasen at det er god grunn til å tru at mykje trening i desse åra gir viktige fordelar for den vidare utviklinga. – Dugleiksutvikling handlar om å byggje stein på stein, fortel Haugaasen.
8
– Den underliggjande motivasjonen for å delta i fotball vil variere frå spelar til spelar og ikkje minst over tid. Dei færraste kjem gjennom nålauget og blir profesjonelle, og langt frå alle har dette som framtidig mål. – Å ta vare på motivasjonen for vidare deltaking og utvikling hos kvar enkelt – ikkje berre som fotballspelar, men også på andre arenaer – vil vere langt viktigare enn å skape ein vane med å trene mest mogleg, forklarer han. Det same gjeld kva og korleis spelarane har trena. – Eit av dei tydelegaste funna våre er at alle fotballproffane har brukt mykje tid på løkka frå ung alder. Løkkefotballen gjenskaper mange kampliknande situasjonar og kan derfor vere føremålstenleg i dei yngste aldersgruppene.
Ord å snakke om: doktorgrad, mentale, elitespelar, sjølvregulering
3 Ta leiken tilbake Haugaasen har lenge sett ein trend i retning av at unge spelarar i Noreg stadig tidlegare blir styrte inn i eit opplegg kontrollert av vaksne. Dersom treninga er kontrollert og organisert av vaksne, i staden for av barna sjølv, kan det verke mot siktemålet. – Aktivitetar som ungane organiserer sjølv, har naturlege element av eigenkontroll og sjølv-
regulering. Desse to faktorane ser ut til å vere heilt avgjerande for utvikling på sikt. Sjølvregulering vil seie at ungane lærer å kontrollere seg sjølv og si eiga åtferd – dei reflekterer, evaluerer og justerer. Samtidig har spelarane sjølv i stor grad kontroll over kva dei har mest lyst til å gjere. – Trenarstyrt aktivitet vil i langt mindre grad representere same føremoner og behov, seier Haugaasen. Han meiner derfor at rolla til trenarar på dei yngste aldersstega bør vere meir tilretteleggjar enn aktivitetsleiar.
EM PL AR
I tillegg representerer løkkefotballen naturlegvis ein viktig sosial motivasjonsfaktor.
A Svar på spørsmåla.
KS
1 Kvifor veit Haugaasen mykje om kva som skal til for å bli blant dei beste i fotball? 2 I kva alder verkar det som trening er spesielt viktig for spelarutviklinga?
SE
3 Kva skil profesjonelle og ikkje-profesjonelle spelarar når det gjeld trening? 4 Skriv setninga som viser at det berre er nokre få spelarar som blir profesjonelle.
ER
IN
6 Kva tyder sjølvregulering?
G
5 Kva meiner Haugaasen om trening av unge spelarar som blir heilt styrt av vaksne?
B Svar på spørsmåla.
D
1 Kva vil det seie at kvalitet er like viktig som kvantitet? 2 Kvifor blir ikkje to spelarar som trenar like mykje, nødvendigvis like gode, ifølgje teksten?
R
3 Kva skil yngre spelarar frå eldre spelarar når det gjeld utbytte av trening og påverknad?
VU
4 Kva meiner Haugaasen med at dugleikstrening er som å byggje stein på stein? 5 Kva meiner vi med uttrykket «å komme gjennom nålauget»? 6 Kva kan vere grunnen til at nesten alle profesjonelle spelarar har spelt mykje løkkefotball?
C Vel oppgåver. 1 Skriv ei liste med gode råd til dei som er fotballtrenarar for dei yngste. 2 Vel deg ein profesjonell fotballspelar og skriv om vegen fram til å bli proff. 3 Skriv ein tekst med ein av desse titlane: «Eg elskar fotball!» eller «Eg er lei av fotball».
9
Hardangerbrua – det lengste bruspennet i verda med to køyrefelt! Kva for bruer kjenner du til? Kor viktig kan bruer vere for fastbuande og for turistane? Det er fleire ulike måtar å betale når ein skal køyre over Hardangerbrua: Ein kan betale kontant, det er det dyraste. Dersom ein veit at ein skal reise fleire gonger over brua, lønner det seg å betale for ei viss mengd turar på førehand. Dess fleire turar ein førehandsbetaler, dess lågare er prisen per tur.
Hardangerbrua er 1380 meter lang. Det er ei av verdas ti lengste hengebruer og den lengste i Noreg.
I 2013 passerte 190 000 køyretøy brua. Det er 75 % meir enn trafikken med ferja og gir eit gjennomsnitt på 1400 køyretøy i døgnet. Dei to neste åra var det fleire som køyrde over brua, men likevel er det litt færre som passerer enn det ein rekna med.
KS
Forskotsbetaling
Pris per passering
Kategori
G
IN
Kontant
15 (30 %) 30 (40 %) 50 (50 %)
0–3500 kg
150 kr
105 kr
90 kr
75 kr
Stor bil
over 3500 kg
600 kr
420 kr
360 kr
300 kr
Fordelar og ulemper med hengebruer Det er fleire fordelar med hengebruer. Konstruksjonen er slik at dei kan ha lengre hovudspenn enn andre bruer. Dei kan byggjast høgt over vassflata, slik at store skip kan passere under dei.
VU
R
D
ER
Vekt
Talet på passeringar (rabatt)
Liten bil
SE
Ei hengebru er ei bru som er hengd opp i kjettingar eller kablar utspente mellom høge pilarar eller tårn på kvar side. Lengda måler vi i spenn mellom pilarane. Det lengste spennet kallar vi hovudspennet, og hovudspennet på Hardangerbrua er 1310 meter. Det er 30 meter lenger enn Golden Gate Bridge i San Francisco i USA! Å byggje ei bru som Hardangerbrua tek lang tid og kostar mykje pengar. Store delar av utgiftene får ein refundert ved at bilistane betaler for å køyre over brua. Dess fleire som bruker brua, dess raskare får ein betalt ned gjelda. Planen er at brua skal vere nedbetalt innan 14 år etter ho stod ferdig, men blir det færre køyretøy enn forventa, vil nedbetalinga ta lengre tid.
EM PL AR
Hardangerbrua er ei bru mellom Vallavik i Ulvik og Bu i Ullensvang kommune på Vestlandet. Før brua blei opna i august 2013, måtte ein ta ferje for å komme over fjorden. Dette førte ofte til lange køar og ventetid. Det var derfor svært mange som var glade for at dei no kunne sleppe ferje – både fastbuande og turistar.
10
Ord å snakke om: refundert, gjeld, kategori
4 Hengebruer er meir fleksible i sterk vind og under jordskjelv enn andre bruer, som må vere tyngre og meir solide. Ulempa med denne fleksibiliteten er at nokre hengebruer må stengje når det er sterk vind. Hengebruene eignar seg heller ikkje for jernbane, for tog toler ikkje så godt rørsler i underlaget.
A Svar på spørsmåla. 1 Mellom kva for to stader går Hardangerbrua?
KS
2 Kva er eigentleg ei hengebru?
EM PL AR
Andre hengebruer i Noreg • Gjemnessundbrua i Gjemnes, 1257 meter • Askøybrua ved Bergen, 850 meter • Osterøybrua ved Bergen, 595 meter • Sotrabrua ved Bergen, 468 meter • Lysefjordbrua i Forsand, 446 meter • Gamle Varoddbrua i Kristiansand, 337 meter • Tromøybrua i Arendal, 240 meter • Fyksesundbrua i Hardanger, 230 meter • Alversund bru i Lindås, 198 meter
3 Kva er grunnen til at ein må betale for å køyre over Hardangerbrua?
SE
4 Kvifor betaler somme 75 kr og andre 150 kr for å køyre over brua med personbil? 5 Kvifor eignar ikkje hengebruer seg for jernbane?
IN
G
6 Forklar kvifor lista over andre hengebruer er skriven i den rekkjefølgja.
ER
B Svar på spørsmåla.
1 Kor mange meter er hovudspennet på Golden Gate Bridge? 2 Omtrent kor mange bilar pla ta ferja før Hardangerbrua blei bygd?
D
3 Kva er grunnen til at ein kanskje må betale bompengar i meir enn 14 år?
R
4 Kor mykje dyrare er det å passere brua med eit vogntog enn med ein personbil dersom ein betaler kontant?
VU
5 Kva kan vere grunnen til at ein ikkje sluttar heilt med ferjetrafikk sjølv om det har komme hengebru? 6 Kva for andre hengebruer er det på Vestlandet?
C Vel oppgåver. 1 Lag ein turistreklame som skal få fleire til å bruke Hardangerbrua. 2 Teikn ei hengebru og skriv ein forklarande tekst til. 3 Finn informasjon om ei eller fleire av dei andre hengebruene vi har i Noreg.
11
Kongeleg himmel Kva for stjernebilete kjenner du til?
Restane av havuhyret Cetus kan vi sjå den dag i dag som øyar i Middelhavet. Og Persevs og kongefamilien i dag? Jau, dei er på himmelen, alle saman, i nærleiken av Polstjerna. Stjernebiletet av kong Kefevs blir ofte teikna med den eine handa over hovudet, kanskje i ei bønn til gudane om å spare livet til Andromeda? Stjernebiletet Kassiopeia er samansett av fem hovudstjerner som dannar ein lysande W på
IN
G
SE
Då havguden, Poseidon, høyrde kva dronninga sa, blei han rasande. Som straff skapte han havuhyret Cetus, og i dei neste åra sørgde Cetus for at det var flodbølgjer og uår i heile landet. Til slutt var heile landet utarma og fattig, og kongen visste ikkje si arme råd. Han oppsøkte orakelet i Ammon, og orakelet sa at han måtte ofre dottera til Cetus for å få fred i Etiopia.
EM PL AR
Kefevs og Kassiopeia var konge og dronning i Etiopia. Dottera deira, den vakre prinsesse Andromeda, likte å gå ned til stranda og sjå ut over havet. Ho pla beundre dei vakre døtrene til havguden, nereidene, og lytta til songen deira. Ein dag kom dronninga ned og spurde prinsessa kvifor ho såg på nereidene, for ho, Kassiopeia, var då mykje vakrare enn dei!
Prinsessa stod med lukka auge og venta i redsel mens ho høyrde at Persevs slost med havuhyret. I sekken hadde Persevs hovudet til Medusa, eit hovud med ei spesiell kraft. Han reiv opp hovudet og heldt det mot Cetus. I same augeblink som havuhyret såg auga til Medusa og slangane som var håret hennar, blei uhyret til stein. Andromeda var redda. Det blei halde eit fantastisk bryllaup, og Andromeda og Persevs levde sjølvsagt lykkeleg alle sine dagar!
KS
Kva får ordet eventyr oss til å tenkje på? I eventyra møter vi ofte kongen, dronninga, prinsessa og ein modig helt som reddar prinsessa og vinn halve kongeriket. Alt dette finn vi på stjernehimmelen! Dei kongelege stjernebileta har utspring i gresk mytologi:
ER
Kongen blei heilt ute av seg, og djupt fortvilt forstod han at han ikkje hadde noko val. Han måtte ofre Andromeda.
VU
R
D
Prinsessa blei lenkja fast til bergveggen for at ho ikkje skulle rømme når havuhyret kom for å ta henne. Mens ho stod og venta, kom halvguden Persevs ridande på Pegasus. Pegasus var ein hest med vengjer, og Persevs rei gjennom lufta. Han var på veg heim frå ei farefull ferd der han hadde hogge hovudet av den vonde gorgonen, eller uhyret, Medusa. Persevs fekk auge på den vakre, ulykkelege prinsessa og tilbaud seg å redde henne om ho ville gifte seg med han.
12
Ord å snakke om: mytologi, flodbølgje, uår, utarma, orakel
5 Andromeda er ei rekkje av ganske klare stjerner. Hovudet hennar er stjerna Alpheratz, som er ein del av stjernebiletet Pegasus. Pegasus ser vi som fire tydelege stjerner, nesten som hjørna i eit kvadrat. Persevs tronar vernande over Andromeda, og han held hovudet til Medusa. Ei av stjernene i hovudet blir kalla Algol. Med berre auget kan vi sjå at ho endrar lysstyrke kvar tredje dag. I gamle dagar trudde folk at det var fordi det vonde auget til Medusa blunka sjølv om ho var død.
EM PL AR
himmelen. Kassiopeia var ei svært vakker dronning, men ho var også hovmodig og innbilsk. Som straff dømde gudane henne til å krinse rundt Polstjerna. Kassiopeia blir ofte teikna sitjande på ein stol. Fordi stjernebiletet går rundt Polstjerna, vil vi sjå stjernene som ein W eller som ein M til ulike tider på døgnet. Dette er kanskje også ein del av straffa. Når vi ser stjernebiletet som ein M, sit nemleg Kassiopeia opp ned og må klamre seg fast. Tolv timar seinare får ho sitje riktig veg og kvile litt.
A Svar på spørsmåla. 1 Kva kjenneteikna nereidene? 3 Kvifor skapte Poseidon havuhyret Cetus? 4 Kva var ein gorgon?
KS
2 Kva slags slektskap var det mellom Poseidon og nereidene?
SE
5 Kvifor ser ikkje stjernebiletet Kassiopeia alltid likt ut?
IN
G
6 Kva for stjerner er lettast å sjå, dei i Andromedas eller dei i Pegasus’ stjernebilete?
B Svar på spørsmåla.
ER
1 Kvifor likte ikkje Kassiopeia at Andromeda beundra nereidene? 2 Kvifor var det eigentleg Kassiopeias skuld at det blei uår i landet?
D
3 Kva skjedde om ein møtte blikket til Medusa?
R
4 Kvifor står det at dei «levde sjølvsagt lykkeleg alle sine dagar»? Kvifor er ordet sjølvsagt brukt?
VU
5 Fleire gonger i teksten står det at nokon er vakre. Kven? 6 Kva for eit av stjernebileta som er nemnde, synest du viser det viktigaste frå denne forteljinga?
C Vel oppgåver. 1 Lag ein teikneserie som fortel historia om Andromeda. 2 Skriv eit utdrag frå Andromedas dagbok. Bruk det du har lese, i tillegg til eigen fantasi. 3 Vel deg eit stjernebilete, det treng ikkje vere eit av dei som er nemnde i teksten. Lag di eiga forteljing til biletet.
13
Pym Pettersons mislykka brevvenn Kva kan utdrag frå ei bok fortelje oss om boka?
VU
R
D
ER
KS
IN
G
SE
– Kommer han hit?! utbrøt Sanna og så seg rundt, som om selveste Zlatan plutselig skulle komme rett inn hit, på kjøkkenet vårt. – Han kommer til Norge, sa Sigmund. –Til Oslo. – Kjøpte du ikke ost? sa mamma og kikka inn i kjøleskapet. – Jo, sa pappa. Han pekte på en av hyllene, og mamma tok osten og gikk i gang med å smøre på lasset med brødskiver. Samtidig begynte Sigmund å fortelle meg om kampen. Det var altså en treningskamp mellom Norge og Sverige som skulle spilles på Ullevål neste lørdag. – Jeg skjønner ikke at vi ikke kan dra på den kampen, sa Sigmund og kikka surt bort på pappa. – Dette har vi snakket om før, sa pappa. – Og som jeg har sagt: Jeg betaler ikke mange hundre kroner billetten for å se et middelmådig norsk fotballlandslag jogge rundt i en kamp som likevel ikke betyr noe. – Det er jo svenskene jeg vil se! sa Sigmund. Han kikka bort på pappa med et dådyraktig blikk, og et øyeblikk trodde jeg faktisk at pappa ville gi etter og ombestemme seg. Men så rista han bestemt på hodet og snudde seg mot kjøleskapet igjen. – Den diskusjonen er vi ferdig med, sa han. (…) Sigmund dro hendene gjennom håret og stønna. – Det er bare så sjukt at jeg ikke skal få treffe Zlatan når han først kommer til Norge.
EM PL AR
To utdrag frå boka Pym Pettersons mislykka brevvenn av Heidi Linde.
*** Søndag ble det skitur med familien. Og for å si det rett ut: den ble skikkelig mislykka. Noen ganger tenker jeg at mamma og pappa har et slags bilde inni hodet av hvordan ting skal se ut, og at de prøver å få oss fem i familien til å likne på det bildet. Problemet er bare at bildet de ser for seg, er altfor perfekt, og at det ekte bildet av sånn vi faktisk ser ut, aldri likner. I dag var det perfekte bildet en glad og opplagt familie ute i skogen på ski i deilig vintervær.
14
En leende mor som satt med ansiktet vendt mot sola. En blid far med hendene fulle av appelsiner og kvikklunsj. Og tre glade barn som holdt rundt hverandre mens de smilte mot kameraet, kledd i rene, pene skiklær og med røde roser i kinna. Et sånt bilde hadde sikkert fått mange likes hvis noen hadde lagt det ut på Facebook. Vårt bilde ville derimot bare fått klikk hvis det var en knapp som het «hater», eller kanskje «jeg ler meg i hjel, for dette ser bare utrolig dustete ut». Sånn så det ekte familiebildet ut: Mamma først i løypa, sur fordi hun mente at vi andre gikk altfor seint. (Men egentlig tror jeg hun var mest sur fordi alle skiene våre var så bakglatte, enda hun hadde gått på det smørekurset og smurt alle skiene våre.) Pappa, sur fordi han oppdaga at han hadde glemt igjen sekken med appelsiner Ord å snakke om: middelmådig, mosjonere, smørekurs
6 sur, kledd i svarte olabukser og skinnjakke som protest mot at han måtte tvangsmosjonere, som han kalte det. Og himmelen, som hadde vært blå da vi sto opp, dekt til av mørke skyer straks vi kom oss av gårde.
A Svar på spørsmåla. 1 Kva slags kamp skal spelast på Ullevål stadion?
EM PL AR
og kvikklunsj og ikke minst alle de kjempegode (påsto han) nistepakkene han hadde lagd hjemme. Sanna, Sigmund og jeg også sure for det med sekken, og ellers sure fordi vi egentlig ikke hadde lyst til å gå på ski. Broren min, ekstra
2 Kvifor stønnar Sigmund og dreg hendene gjennom håret? 3 Kvifor burde mamma ha klart å smørje skia riktig?
4 Korleis hadde pappa medverka til at skituren blei mislykka?
KS
5 Kvifor har Sigmund på seg skinnjakke på ski?
SE
6 Kvifor kan familien aldri bli slik mamma og pappa har som eit bilete inni hovudet?
G
B Svar på spørsmåla.
IN
1 Kva trur du kan ha vore replikken før denne: «– Kjem han hit?! utbraut Sanna og såg seg rundt»? 2 Kva oppfatning har pappa av det norske fotballandslaget?
ER
3 Kva er det i teksten som viser at mamma ikkje engasjerer seg i diskusjonen om fotball kampen?
D
4 Kvifor har Sigmund eit dådyraktig blikk? 5 Skriv den første setninga som viser at eg-personen har to sysken.
VU
R
6 Kvifor står «påstod han» i parentes i «… ikkje minst alle dei kjempegode (påstod han) nistepakkane»?
C Vel oppgåver. 1 Vis med illustrasjon og tekst dei vaksne sin draum om familien på ski, og slik turen var i røynda. 2 Tenk deg at du er Sigmund og får møte Zlatan i garderoben på Ullevål stadion. Skriv ein tekst om korleis det gjekk. 3 Skriv eit framhald av eitt av utdraga.
15
Kva skjer når isen smeltar? Kva kan vere grunnen til at isen på polane smeltar? Kan vi bremse eller hindre smeltinga, trur du?
IN
G
SE
KS
Isbjørnen, verdas største landlevande rovdyr, er i fare. Talet på isbjørnar er no lågare enn 25 000, og ein av grunnane til det er at isen smeltar. Isbjørnen står overfor eit stort problem fordi leveområda deira forsvinn litt etter litt. Ikkje berre bur isbjørnen i desse områda, det er også her dette flotte vesenet jaktar. Det blir vanskeleg å finne hi når isen smeltar, men det blir også kortare jaktsesong og mykje mindre mat.
Miljøgifter Utrekningar som FNs klimapanel har gjort, viser at isen kan bli redusert med 50 prosent eller meir før år 2100. Det er òg fare for at sommarisen kan forsvinne heilt innanfor same tidsramme. Dersom dette skjer, er det vanskeleg å førestille seg at isbjørnen, og andre arktiske dyr som er avhengige av det kalde miljøet, kjem til å overleve. Tidlegare issmelting om våren og seinare isdanning om hausten forlengjer fasteperioden til isbjørnen. Då blir det vanskelegare å byggje opp det feittlaget dei treng for å formeire seg. I tillegg blir mange av isbjørnungane overlatne til seg sjølv allereie i eittårsalderen. Dette er altfor tidleg, for ungane
EM PL AR
Klimaendringar er den største trusselen isbjørnen og andre arktiske dyreartar står overfor. I framtida kan varmare klima føre til at dette praktfulle, kvite dyret blir utrydda. Kva kjem til å skje om vi ikkje opnar auga?
D
ER
Havet stig 1 meter I 2013 åtvara FNs klimapanel om at havnivåa kunne stige mellom 0,3 og 0,9 meter innan utgangen av hundreåret. Nyare forsking frå NASA tyder på at stiginga mest sannsynleg vil liggje heilt i toppen av det som blei spådd, det vil seie nærmare 1 meter.
VU
R
Havnivåa har i snitt stige nesten 8 centimeter på 23 år på grunn av issmelting og oppvarming, ifølgje NASA. Endringane er ikkje like overalt. I nokre område har havnivåa stige over 25 centimeter! Forskjellane kjem blant anna av havstraumane og at landet hevar seg i ein del område. Stigande havnivå kjem til å få store konsekvensar for heile jordkloden. Over 150 millionar menneske bur mindre enn 1 meter over havet, dei fleste av dei i Asia. Forskarane har komme til at rundt ein tredel av stiginga i havnivåa skjer fordi vatnet utvidar seg på grunn av global oppvarming. Ein tredel kjem av at isen smeltar på polane, polis, og resten kjem av smeltande isbrear i fjella. NASA gjer sine utrekningar basert på ei rekkje høgdemålingar som avdekkjer vasstanden. Målingane blir utførte frå verdsrommet ved hjelp av satellittar. Instrumenta dei bruker, er ekstremt følsame. Dersom dei blei plasserte på eit passasjerfly som flaug 1200 meter over bakken, ville dei registrert ei ørlita forhøging på grunn av ein mynt som låg flatt på bakken!
16
Ord å snakke om: arktisk, global oppvarming, raudliste, klimapanel
7 blir normalt forlatne når dei er rundt to og eit halvt år.
i staden for bil. Det aller viktigaste er at vi er klar over kva følgjer utsleppa får. Isbjørnen er berre eitt eksempel på til saman 938 artar som er å finne i kategorien «sårbar» på den norske raudlista. Vi må skjerpe oss! Elles kan det vere for seint å redde disse dyra. Ikkje gløym at vi ikkje er dei einaste på denne jorda, og at vi må respektere det mangfaldet vi har her.
EM PL AR
Vår skuld Det er den globale oppvarminga som fører til issmelting. Vi må opne auga og innsjå at dagens CO2 ikkje er ein del av naturleg global oppvarming. Men ikkje fortvil, det er mykje kvar enkeltperson kan gjere for å redusere CO2-forbruket sitt. For eksempel kan vi bruke kollektivtransport
Henrikke 15 år
A Svar på spørsmåla.
1 Kva kan mindre feitt på kroppen føre til for isbjørnen?
2 Korleis kan det å reise kollektivt vere med på å redde isbjørnen? 4 Kvifor stig ikkje havet like mykje overalt?
KS
3 Kva er forskjellen på det FNs klimapanel meinte om havnivået, og det NASA har funne ut?
SE
5 Kva grunnar gir forskarane for at havnivået stig?
IN
B Svar på spørsmåla.
G
6 Kvar er det is, utanom på polane?
ER
1 Kvifor kallar vi isbjørnen ein arktisk dyreart? Kva andre arktiske dyreartar veit du om? 2 Kva meiner Henrikke med utrykket «opne auga»? Kvifor bruker ho uttrykket to gonger, trur du?
D
3 Kva meiner Henrikke med at fasteperioden til isbjørnen blir forlengd?
R
4 Henrikke vender seg direkte til lesaren ved å skrive «Men ikkje fortvil». Kva ønskjer ho å oppnå med det?
VU
5 Kva er landheving? Kva kan det komme av? 6 Kvifor har temperaturauken i havet noko å seie for havnivået?
C Vel oppgåver. 1 Du blir invitert av avisa til å skrive eit svar på Henrikkes innlegg. Skriv innlegget. 2 Skriv ein faktatekst om isbjørnen. 3 Kva for andre dyr er på den norske raudlista? Finn informasjon om dette og lag ei oversikt som viser eit utval.
17
Latteryoga: Le deg frisk! Er det ein samanheng mellom latter og helse? Er det slik at ein god latter forlengjer livet?
Latteryoga har opphav i India og blei starta av den indiske legen Madan Kataria i 1995. Dr. Kataria arbeidde i Mumbay, og han begynte å studere latter og kva påverkad det hadde på dei som var sjuke. Han skal ha samla nokre pasientar i ein park, og dei fortalde kvarandre vitsar. Dei lo godt, og dr. Kataria var overraska over kva verknad latteren hadde på pasientane. Dei blei raskt mykje betre og kunne slutte med medisinar. Men ein dag skal dei ha gått tom for vitsar, og Dr. Kataria fekk med eitt ideen om latteryoga. Han valde ut enkle øvingar frå yoga og blanda med latterøvingar, og dermed hadde han funne opp latteryoga.
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Visste du at du kan le sjølv om du ikkje føler for det? Du treng ikkje ha stor sans for humor for å le, og du kan faktisk le sjølv om du ikkje er glad. Med latteryoga kan du le utan grunn. Latteryoga som helsefremmande tiltak er ganske nytt og spreier seg over heile verda. I tillegg er det lett å lære, og det skal vere morosamt! Latteryoga blir brukt i bedrifter, sports- og treningssenter, yogasenter, eldresenter, skular, fengsel, universitet, for dei som slit psykisk eller fysisk, m.m.
Latteryoga går altså føre seg i grupper, ein kallar det gjerne latterklubbar. Slike klubbar er ofte gratis og blir drivne av frivillige som er utdanna latteryogalærarar. Formålet er å fremme god helse, glede og fred gjennom latter. I India møtest gjerne medlemmer av latterklubbane om morgonen i offentlege parkar. Deltakarane møtest jamleg fordi det gir dei glede, helse og energi, og for mange har det endra livet.
EM PL AR
Ein treng absolutt ikkje å vere medlem av eit treningssenter, ein rask gåtur kan også vere god trening. Men det å bruke latter som trening er kanskje ikkje det som er mest vanleg?
kvarandre og leikar. Dette fører til at det som i gruppa først kan vere ein meir kunstig latter, etter kvart blir til ekte og smittande latter.
KS
Helsedirektoratet tilrår at vi får ei eller anna form for fysisk trening minst 30 minutt kvar dag. Det er sunt for alle, uavhengig av alder og fysisk form. Treninga skal både førebyggje helseproblem og hjelpe oss å bli friskare og sunnare.
Latteryoga kombinerer latterøvingar med pusteøvingar frå yogaen, noko som fører meir oksygen til kroppen og hjernen. Det gjer at ein føler seg meir energisk og sunn. Alle kan le uavhengig av vitsar og anna morosamt. Latteryoga er noko ein gjer i gruppe, og då gjer ein øvingar der deltakarane har augekontakt med
18
Ord å snakke om: førebyggje, yoga, mentale
8 Kataria oppdaga at latter var den beste medisinen han kunne gi pasientane sine. Han forstod raskt at det å kombinere pusteøvingar med latter var veldig bra for oss, sidan pusten vår ofte blir kort og oppstykka av stress og mentale spenningar. Dessutan var latteryoga bra for alle indre organ, somme kallar det indre jogging.
helseutbyttet av latteren, eit utbytte som skal vere vitskapleg bevist. 10 minutt med hjarteleg latter skal tilsvare 30 minutts trening på ei romaskin!
EM PL AR
Av dette kan ein kanskje slutte at dersom du både er i rørsle kvar dag og ler høgt og støyande fleire gonger om dagen, blir du både sunn og glad?
Latteryogaekspertane meiner at ein må le høgt i minst 15 til 20 minutt per dag for å få det beste
A Svar på spørsmåla.
1 Kven er 30 minutts dagleg trening bra for, ifølgje Helsedirektoratet? 2 Kvar blir latteryoga gjerne brukt?
KS
3 Kva skjer med oksygentilførselen når ein gjer pusteøvingar? 4 Kor mange år er det sidan latteryogaen oppstod?
SE
5 Kva er latteryoga ei blanding av?
IN
G
6 Korleis påverkar stress pusten vår?
B Svar på spørsmåla.
ER
1 Kva inneber det å førebyggje helseproblem? 2 Korleis kjenner ein seg når kroppen og hjernen får meir oksygen?
D
3 Kvifor føregår latteryoga i grupper?
R
4 Korleis fekk dr. Kataria ideen til latteryoga? 5 Kvifor kan latteryoga kallast indre jogging?
VU
6 Det står i teksten at ein bør le høgt. Kvifor kan ein ikkje berre le inni seg eller lågt, trur du?
C Vel oppgåver. 1 Lag ein invitasjon til eit kurs i latteryoga. 2 Tenk deg at du startar eit treningssenter som byggjer på god latter. Lag ein reklame for senteret. 3 Skriv ein tekst om kva ein sjølv kan gjere for å få god helse.
19
Breva som ikkje kom fram Kva kan vere interessant med gamle brev? Når skriv vi brev?
Før var det slik at dersom sendaren av eit brev hadde gløymt å setje på frimerke, eller ikkje hadde sett på frimerke av riktig verdi, var det mottakaren som måtte betale den manglande portoen. Slik var det også før ein begynte å bruke frimerke, då ein hadde andre system for å betale for å sende brev. Då fekk ein gjerne beskjed frå postkontoret om at ein kunne hente brevet dersom ein betalte det sendaren skulda.
Forskarane meiner at desse 300 år gamle breva inneheld fleire problemstillingar som mange vil kjenne seg att i. Eitt eksempel er foreldre som skriv at dei uroar seg for barna sine. Det eine brevet som forskarane har rokke å opne, skal vere frå ei kvinne som har reist frå Haag til Paris. Vel framme i Paris oppdagar ho at ho er gravid. I brevet ber kvinna ein handelsmann i Haag om økonomisk hjelp til å reise tilbake. Dette brevet har postmeisteren merkt med dei nederlandske orda «niet hebben», direkte omsett tyder det «ikkje ha», noko som tyder på at mottakaren nekta å ta imot brevet. Ifølgje forskarane kan grunnen vere at handelsmannen tenkte brevet kunne innehalde ein beskjed han helst ikkje ville ha.
G
SE
Det var nok ikkje alle som var villige til å betale for å ta imot brev. Kanskje blei dei irriterte på sendaren som ikkje hadde betalt nok, kanskje var det grunnar til at dei ikkje hadde lyst til å lese brevet, kanskje gjekk det heile i gløymeboka. Det kan vere mange årsaker til at breva ikkje blei henta.
Forskarane har stor tru på at breva kan fortelje oss mykje om dagleglivet på 1600-talet. I kista er det brev frå Frankrike og Spania i tillegg til nederlandske brev, og breva stammar frå alle samfunnslag.
EM PL AR
Korleis kan tusenvis av gamle, ulesne brev hamne i ei kiste på eit museum i Nederland? Og kva kjem det av at brev ikkje blir lesne?
Mange av dei er opna, men 600 er framleis ikkje opna. Dei skal heller ikkje opnast, men gjennomstrålast og lesast med røntgen.
KS
Tusenvis av ulesne brev fortel korleis vi levde på 1600-talet.
D
ER
IN
Det var postmeisteren som tok vare på desse breva. Postmeisteren i Haag på slutten av 1600-talet heitte Simone dei Brienne. Han la alle breva i ei kiste. Etter kvart var det rundt 2600 brev i kista. Truleg var dei uhenta breva ein viktig verdi for postmeisteren, dei fungerte som ein slags «sparegris».
VU
R
Det er denne kista som står på det nederlandske kommunikasjonsmuseet Museum voor Communicatie. Der har ho stått sidan 1926, og eit forskarteam er i gang med å undersøkje breva.
20
Det er ikkje berre innhaldet i breva som er interessant for forskarane. Korleis brevpapiret og konvolutten er bretta, fortel mykje, og brevsegla i voks er òg interessante. Eit segl fungerte som forsegling av brevet, samtidig som det kunne fortelje noko om sendaren. I mellomalderen var det vanleg at segl fungerte som ei underskrift. Ein brukte eit slags stempel som ein trykte ned
Ord å snakke om: porto, brevsegl, kommunikasjonsmuseum
9 i den varme voksen eller lakken. På stempelet var det ein figur eller eit teikn som fortalde kven sendaren var.
eigen nettstad: Brienne.org. Etter planen skal dei mest oppsiktsvekkjande breva presenterast både på nettstaden og på utstillinga «Signed, Sealed & Undelivered» på kommunikasjonsmuseet i Haag.
EM PL AR
Forskingsprosjektet rundt dei gamle breva blir presentert på ein
A Svar på spørsmåla.
1 Kven måtte betale portoen før, dersom sendaren ikkje hadde betalt nok? 2 Skriv setninga som viser at kista inneheld brev frå alle slags folk. 3 Omtrent kor mange av dei rundt 2600 breva er opna? 4 Kva var formålet med å forsegle brev?
KS
5 Korleis kan vi vite at kommunikasjonsmuseet har eksistert i mange år?
G
B Svar på spørsmåla.
SE
6 Korleis kan du få kikke på breva utan å reise til Nederland?
IN
1 Det står at det kunne vere fleire grunnar til at ein mottakar ikkje hadde lyst til å lese eit brev. Foreslå fleire slike grunnar.
ER
2 Korleis kunne uhenta brev vere ein sparegris for postmeisteren? 3 Kvifor vil ikkje forskarane opne alle breva, trur du?
D
4 Kvifor kan vi gå ut frå at handelsmannen hadde komme til postmeisteren for å hente eit brev, men ombestemt seg då han så kven det var frå?
R
5 Kva kan grunnene vere til at ein i dag kan kjenne seg att i mykje av det som står skrive i dei gamle breva?
VU
6 Kva trur du konvoluttane, brevpapiret og forseglinga på dei gamle breva kan fortelje om sendarane?
C Vel oppgåver. 1 Skriv brevet som kvinna frå Haag har skrive til handelsmannen. Legg vekt på gammaldags språk og skrift. 2 Skriv eit brev til nokon du veit vil bli glad for å få det. 3 I dag skriv vi færre brev enn før, for vi har andre måtar å kommunisere skriftleg på. Skriv dine tankar rundt det.
21
Den dagen eg vann Kva vil geologi seie for deg? Kva for steinsortar veit du om?
• Metamorfe bergartar er omdanna berg-artar. Dei har lege nede på djupet og er altså blitt omdanna frå andre bergartar. Sedimentære bergartar blir danna lag på lag over lang tid, anten i havet eller på land. Magmatiske bergartar blir gjerne danna av bergartar som har smelta og størkna, for eksempel vulkanske bergartar.
ER
IN
G
SE
Men ein gong vann eg altså, utruleg nok. Grunnen var sikkert at eg ikkje visste at ein kunne vinne! Det verste var at eg ikkje blei særleg glad. Jon syntest det var umogleg å forstå. Kven blir ikkje glad for å vinne?
EM PL AR
No er det vel òg slik at eg eigentleg ikkje har vore særleg oppteken av å vinne. Kameraten min, Jon, er heilt motsett. Han er eit skikkeleg konkurransemenneske, mens eg trivst dårleg med konkurransar. Dei vanlege lærartriksa med at «No skal vi sjå kven som rekk å gjere ferdig oppgåva, det blir spennande» eller «No skal eg ta tida og sjå kor lenge de bruker på å rydde bort alt», har aldri vore noko for meg. Dessutan er slike triks altfor lette å gjennomskode, eg skjønar ikkje at nokon er så dumme at dei bit på dei! Eg har til og med opplevd lærarar som prøver seg på slike triks i 7.-klasse. Utruleg teit og barnsleg.
Læraren – Andreas, heiter han – gjekk rundt og observerte dei ulike laga. Eg hadde sett Jon i arbeid, det vil seie bedt han om å sortere steinane etter prikkete mønster (magmatiske), stripete (metamorfe) og lag på lag (sedimentære). Jon er ekstremt nærsynt, han tok av seg brillene og hadde steinane nærmast heilt innpå auget. Likevel var han ei kløne til å sortere. Vi hadde ikkje mykje tid, og eg ville gjerne finne ut mest mogleg om kvar stein. Dessutan skulle vi forklare dei tre omgrepa magmatiske, metamorfe og sedimentære nærmare. Eg dikterte, mens Jon skreiv:
KS
Eg, Mads, har aldri vore van med å vinne. Eg er ikkje ein som alltid taper, det er ikkje det, eg er berre så veldig lite van med å vinne. Til og med når eg speler kort med veslebror min, taper eg.
VU
R
D
Vi hadde vore på ekskursjon i naturfagtimen. Vi hadde geologi og skulle finne ulike steinsortar. Dei skulle sorterast i dei tre hovudtypane av bergartar, nemleg sedimentære, magmatiske og metamorfe, og vi skulle gjerne finne namna på dei òg. Jon og eg var på lag, og Jon hadde gløymt kva som kjenneteikna dei ulike bergartane. Til stor irritasjon for seg sjølv. Eigentleg var han ikkje irritert i utgangspunktet, og han er i motsetning til meg heilt uinteressert i geologi, men då han begynte å ane at læraren la opp til ein slags konkurranse, blei han brått overinteressert. (Det skjøna eg altså etterpå, at det var konkurranse.)
22
Ord å snakke om: ekskursjon, geologi, bergartar
10 Dagen etter sa Andreas at vi hadde vunne. Glimrande sortering, riktig namn på steinane, gode forklaringar. Vunne? Eg skjøna ikkje noko. Men Jon jubla. Heilt til Andreas sa at sigeren eigentleg var min, han hadde merkt seg at Jon ikkje medverka noko særleg fagleg. Jon fekk beskjed om å repetere geologikapittelet, mens eg slapp å gjere noko. Ingen av oss blei særleg glade. Jon var uinteressert i å lære noko om geologi, mens eg gjerne ville lære meir. Altså: Ikkje noko moro å vinne.
Jon stønna og klødde seg i hovudet. Altfor mange framandord! Dessutan sa Andreas brått at tida var ute. Han tok bilete av sorteringane våre, såg kva eg hadde skrive på lappane eg hadde festa på steinane, dei eg visste nøyaktig nemninga på, og las Jons rableskrift med forklaringane.
A Svar på spørsmåla.
EM PL AR
• Magmatiske bergartar blir òg kalla for eruptive bergartar, føydde eg til. Og det er i dei sedimentære vi finn fossil!
1 Skriv setninga som viser at Mads bryr seg lite om at han sjeldan vinn.
KS
2 Kva for klasse går truleg Mads i? Grunngi svaret.
3 Kva meiner Mads er grunnen til at han med eitt vann? 4 Kva kjenneteiknar sedimentære bergartar?
SE
5 Kva vil det seie at ein bergart er omdanna?
IN
G
6 Kvifor blei Jon likevel ikkje så glad for at dei hadde vunne?
ER
B Svar på spørsmåla.
1 Kva meiner Mads med at triksa til lærarane er lette å gjennomskode? 2 Kvifor blei Jon irritert då dei skulle begynne å sortere steinane? Var det fleire grunnar?
D
3 Kvifor er vulkanske bergartar magmatiske?
R
4 Kva kan vere grunnen til at det er i sedimentære bergartar vi finn fossil?
VU
5 Jon synest det er for mange framandord. Kva fortel det om Jon? 6 Korleis kunne Andreas lønne gutane på ein betre og meir nyttig måte? Grunngi svaret ditt
C Vel oppgåver. 1 Tenk deg at det er Jon som fortel om ekskursjonen. Skriv hans versjon. 2 Skriv ein faktatekst om ein av dei bergartane som er nemnde i teksten. 3 Førestill deg at du finn eit sjeldan fossil. Skriv kva som skjer.
23
Det er kult å seie at eg har spelt mot Ronaldo Har du ein fotballhelt du beundrar? Kva vil det seie å vere ein helt? proff heilt sidan eg var liten. Som proff har eg flytta mykje, eg har budd i Italia, Wales, Skottland og Sverige. Og eg har fått mange nye venner.
EM PL AR
Kva er det verste? – At eg nesten aldri har fri. Somme gonger drøymer eg om å ta meg ein tur på hytta eller berre gjere kva eg vil. Skulle du nokon gang ønskje at du hadde ein vanleg jobb? – Nei. Eg er for uroleg til det. Eg er ein person som må vere i rørsle heile tida.
KS
SE
Ja, kvifor har du eigentleg så langt skjegg? – Det begynte med at eg ikkje orka å barbere meg. No har eg skjegg fordi eg synest det ser kult ut. Eg er nok litt jålete.
IN
Jo Inge Berget (fødd 1990) lever ut barndomsdraumen sin som fotballproff i Malmö, og han har spelt fleire gode kampar for det norske landslaget. No har han hatt sin beste sesong nokosinne. Men er det eigentleg berre gøy å ha fotball som jobb?
som gjer at alle kjenner meg att.
G
Junior-journalistane Arnt og Susanna speler fotball for Nesodden IF. Dei tok kontakt med Aftenposten Junior for å få intervjue den store fotballhelten sin, Jo Inge Berget.
VU
R
D
ER
Du har vore proff i mange klubbar. Blir du nokon gong lei fotball? – Ja, det hender. Særleg dersom eg ikkje får spele kampar.
Kvifor har du fått det store gjennombrotet denne sesongen? – Eg har fått mykje speletid og fått vist at eg er god. Før denne sesongen sette eg meg føre verkeleg å vise kva slags spelar eg er. No veit med eitt «alle» kven du er. Korleis er det? – Gøy! Det er nok skjegget
24
Då du var 17 år, flytta du til Italia og blei proff. Korleis var det? – Det var ganske tøft, fordi eg flytta dit heilt åleine. Eg kjende ingen og kunne ikkje italiensk. Derfor måtte mamma komme på nokre ekstraturar til Italia for å vitje meg. Kva er det beste med profflivet? – At eg kan gjere det eg liker best. Eg har drøymt om å bli
Nyleg spilte du mot Real Madrid og Ronaldo i Meisterligaen. Korleis var det? – Dei var frykteleg gode! Men det er viktig at ein ikkje har for stor respekt for motstandarane før og under kamper. Ein må setje seg føre å vise kor god ein er. Men eg synest det er kult å seie at eg har spelt mot Ronaldo. Spelte du mykje fotball som barn? – Ja, eg var alltid med storesystera mi (Lillestrøm-spelaren Marte Berget, 27 år) på trening. Ho var veldig god og lærte meg mykje. Eg har sett eit bilete frå då eg var tre år og var med henne på trening. Eg hadde på meg ei drakt som var altfor stor. Det ser ut som eg hadde på meg kjole. Er det sant at lærarane dine blei sure fordi du spelte fotball i klasserommet? – Ja. Eg hadde alltid med meg ball, og det hende at eg triksa
Ord å snakke om: gjennombrot, proff, trikse
11
Skåra du mange mål som liten? – Ja. Ein gong skåra eg ti mål i éin kamp.
Er det noko spesielt du har trena ekstra mykje på for å bli så god? – Då eg var liten, trena eg mykje på mottak og ballkontroll. No jobbar eg ekstra mykje med å ta vare på kroppen. Eg tøyer, bøyer og trenar styrke. Og så trenar eg mykje på avslutningar og skot.
A Svar på spørsmåla. 1 Kor gammal er Jo Inge Berget no?
Aftenposten Junior 13.–19. oktober 2015
KS
2 Kva grunnar har Jo Inge for å ha skjegg? 3 Kva kan få Jo Inge til å bli lei fotball?
Er det framleis noko du ikkje er så god til? – Eg er ganske høg (184 cm) og burde kanskje vore litt betre til å nikke ballen.
EM PL AR
litt bakarst i klasserommet. Det er ikkje så rart at lærarane blei litt sure, for dei andre barna klarte jo ikkje å følgje med når eg heldt på med det.
4 Kva synest Jo Inge er det beste og det verste med å vere proff?
SE
5 Kvifor passar han ikkje til å ha ein vanleg jobb?
IN
G
6 Kvifor burde han vore betre til å nikke ballen?
ER
B Svar på spørsmåla.
1 Kor gamle trur du Arnt og Susanna er? Grunngi svaret. 2 Kva skal til for at ein fotballspelar får vist at han er god?
D
3 Kva er det i teksten som viser at Jo Inge alltid tenkte på fotball då han var barn?
R
4 Kvifor er det viktig ikkje å ha for stor respekt for gode motstandarar?
VU
5 Korleis blei Jo Inge truleg påverka av syster si? 6 Kva er forskjellen på Jo Inges trening no og då han var yngre?
C Vel oppgåver. 1 Tenk deg at Arnt og Susanna fekk tid til å stille fleire spørsmål. Lag forslag til spørsmål. 2 Tenk deg at du får intervjue ein person du beundrar. Skriv spørsmåla du vil stille. 3 Tenk deg at du sjølv skal bli intervjua om ein hobby eller ei interesse du har. Skriv spørsmåla frå journalisten og dine eigne svar.
25
Kan eg påverke forbruket til andre? Korleis blir vi påverka av andre når det gjeld motar og merkevarer?
På skulen er det «uniform» Jakka eg har på meg, er etter ein av dei eldre brørne mine og bikkar sikkert ti år. For meg er det framleis vanleg å arve eller låne ting av andre i familien. Vi kjøper sjeldan nye ting, om ikkje vi har eit spesielt behov. Eg skal ikkje påstå at eg ikkje har hatt nokon bomkjøp.
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Eg tenkte ikkje noko særleg på verken klima eller miljø før eg innsåg kor mykje ein sjølv kan påverke det. Eg har vakse opp i eit samfunn og gått på ein skule der dei fleste er svært opptekne av det siste innan mote. Ein er ikkje kul nok om ein ikkje har det og det merket. Ein skal helst ha ei veske til fleire tusen – og skuleveske framfor sekk. Det er ikkje så viktig kva kjønn ein er – veske skal ein ha i alle høve. Det har til dels vore ei slags uniform på skulen. Dei velkjende merkeveskene, skjerfa, skorne og jakkene.
Som 17-åring kjøpte eg meg ny skulesekk, men eg blei såpass påverka at eg begynte å gå med veske, sjølv om det var vondt for både rygg og skuldrer og til dels upraktisk. Eg begynte til og med å sminke meg kvar dag, men ikkje spesielt mykje.
EM PL AR
Det er påske, sola skin. Eg har møtt eit par venninner i byen for å sjå på livet. Ein av dei utbryt: – Vi skal ikkje ta ein tur på Fretex, då? – Jau, det kan vi vel! svarer eg. Og blir svært forundra når venninnene fniser av svaret mitt.
Kjøpte veske og sminka meg Eg har aldri vore oppteken av mote eller av å ha det siste nye, men som dei fleste andre har eg òg hatt ein trong til å passe inn. Eg har opplevd kjensla av å få lange blikk etter å ha kledd meg annleis enn normalen.
KS
No har eg budd eit halvt år utanlands, og eg bur midt i fattigdommen. Etter at eg flytta til utlandet, innførte eg shoppestopp, skriv jente (20).
Utlandet var ein tankevekkjar No har eg budd eit halvt år utanlands og møtt menneske frå andre land og kulturar. Dei fleste kjøper ikkje nye ting, dei handlar brukt. Dei fortel at dei ikkje har pengar eller ikkje treng å kjøpe det siste nye. Desse menneska tenkjer også på klima og miljø. I dag bur eg midt i fattigdommen. Eg traskar forbi tiggarar og uteliggjarar kvar dag. Det er bruktbutikkar på kvart hjørne. På eit tidspunkt spurde eg meg sjølv: Kan eg endre min eigen tankegang og påverke den store innkjøpsbølgja? Då innførte eg shoppestopp. Har slutta med kjøtt Om det er noko eg verkeleg treng i dag, prøver eg å handle Fairtrade, brukt eller kvalitetsvarer. Klesskapet til mamma er òg godt gjennomskoda før eg handlar noko nytt.
26
Ord å snakke om: shoppestopp, Fretex, Fairtrade, animalske
12 Eg har også bestemt meg for å kutte ut kjøtt av omsyn til klimaet og miljøet. Eg bruker heller ikkje produkt som inneheld animalske stoff, eller som har vore testa på dyr.
Likevel prøver eg å bruke den vesle stemma eg har, til å nå ut til eit par menneske. Jente (20)
EM PL AR
Eg forstår at vala mine åleine ikkje kan påverke det norske samfunnet, klimaet eller miljøet. Eg forstår òg at eg ikkje lever eit perfekt liv.
A Svar på spørsmåla. 1 Kva tyder det at ei jakke bikkar ti år?
2 Kva meiner «Jente» med at ho har gjort nokre bomkjøp? 4 Kvifor innførte «Jente» shoppestopp?
KS
3 Kva grunnar har innbyggjarane til å kjøpe brukt der «Jente» bur no?
SE
5 Kva for andre miljøtiltak gjer «Jente», utanom det som gjeld klede?
IN
G
6 Kvifor står det ikkje fullt namn under innlegget, trur du?
ER
B Svar på spørsmåla.
1 Kva vil «Jente» fortelje ved å nemne episoden om Fretex, trur du? 2 Kva vil det seie å få lange blikk?
D
3 Kvifor står ordet uniform i hermeteikn: På skulen er det «uniform»?
R
4 «Jente» slutta å bruke sekk på skulen. Kvifor fortel ho det, trur du? 5 «Jente» handlar ikkje berre brukt, men også kvalitetsvarer. Kvifor gjer ho det, trur du?
VU
6 I teksten står det at klesskapet til mamma er godt «gjennomskoda». Kva er det eigentleg «Jente» meiner? Korleis kunne ho elles ha formulert seg?
C Vel oppgåver. 1 Skriv ditt eige Si ;D-innlegg der du får fram dine meiningar om forbruk. 2 Korleis blir du påverka av andre sine meiningar om forbruk? Skriv dine tankar rundt dette. 3 Tenk deg at du innførte shoppestopp ein heil månad. Skriv korleis det gjekk.
27
Festivalarrangøren Kva seier ordet festival deg? Har du vore på nokon festivalar?
Her er noko av det vi kan freiste deg med: Osterulling i Glouchester Kunne du tenkje deg å jage ein stor ost ned ei skråning? Besøk den årlege osterullingkonkurransen i Glouchester!
G
ER
IN
Det er alltid nokon av deltakarane som skader seg på veg ned bakken, og alltid nokon av tilskodarane som òg skader seg eller svimar av, men likevel – for ei oppleving!
Gjørma blir graven opp utanfor byen Boryeong, frakta til Daecheon Beach og dumpa i det vi kan kalle «Gjørmeland». Gjørmebryting, gjørmesklier og gjørmebasseng er nokre av aktivitetane ein har tilbod om her. Og kva med gjørmemassasje? Dette er nemleg ei sunn gjørme som er spesielt rik på mineral og ofte blir brukt til kosmetikk.
SE
Osten er handlaga av ein lokal ystar og veg rundt fire kilo. Han blir kasta frå toppen ned ein bakke, og det er sagt at osten kan få ein fart på over hundre kilometer i timen. Denne farten gjer det eigentleg umogleg for nokon å fange osten, likevel er mange villige til å prøve, og endå fleire har lyst til å sjå på. Det plar vere fleire tusen tilskodarar på osterullinga.
Gjørmefestival i Korea Saknar du å hoppe i sølepyttar og rulle deg i søla? Då er gjørmefestivalen Boryeong Mud Festival noko for deg. Her kan du boltre deg i gjørme saman med rundt 1,5 millionar andre gjørmeglade deltakarar.
EM PL AR
Lengtar du etter å vitje ein annleis festival? Eit annleis meisterskap? Festivalarrangøren hjelper deg!
Arrangørane oppfordrar deltakarane til å låne kona til grannen om dei ikkje har kone sjølv, så her har alle sjansen!
KS
Er du glad i festivalar?
VU
R
D
Konebering i Finland Kva med verdsmeisterskapen i konebering? Den er i Finland, i Sonkajärvi, nord for Helsingfors, og har vore arrangert sidan 1992. Ideen stammar visstnok frå legenda om røvaren Ronkainen og banden hans, som levde i skogane og stal kvinner frå landsbyane. Etter reglane i meisterskapen skal bana ha underlag av sand, asfalt, gras og grus, med to hinder og ei vassgrav. Kvinna må vere over 17 år og vege minst 49 kilo. Det er to par som konkurrerer mot kvarandre på tid. Dersom ein mistar kona i bakken, gir det eit tillegg i tid på 15 sekund.
28
Festivalarrangørens eigen festival I sommar vil vi, som i fjor, arrangere vår eigen familiefestival. Denne gongen går festivalen vår føre seg utanfor Trondheim ei helg i juni. I tillegg til levande musikk og eit utal grillstasjonar kan du delta i konkurransar som for eksempel sauebering, mjølkespannkasting, handbak, kiling, baklengskrabbing, ballongblåsing, tømmerstokk-sisten, Ord å snakke om: ystar, guide, turistmål
13 Freistar ein av festivalane deg? Dette gjer du: Du kan klikke deg inn på kvar festival for å få nærmare informasjon om tid, stad osv. Vi kan hjelpe til med å skaffe billettar, og vi kan også arrangere reise og overnatting. For større grupper på minst 12 personar kan vi skreddarsy ein opplevingstur. Det inneber eit eige opplegg
med ønskt festival, reise og overnatting og eigen guide. Guiden vil gjere dykk kjende med området der festivalen blir arrangert, vise dykk turistmål og tipse om gode matstader, handlestrøk, naturopplevingar osv. Dette krev sjølvsagt at de set av nokre dagar! Hugs: Dei mest populære festivalane blir fort utselde! Finn ut kva du vil i dag!
EM PL AR
hallingkast, sleggje og årets grimase. Festivalen var ein kjempesuksess i fjor, vi gjentek han i år!
Festivalarrangøren – det beste valet
A Svar på spørsmåla.
1 Kvifor er det eigentleg umogleg å fange osten i Glouchester?
2 Kva for ei setning i teksten viser at ein ikkje treng å vere gift for å delta i konebering?
KS
3 Kva er spesielt med gjørma som blir brukt under Boryeong Mud Festival? 4 Kva meiner dei med at du kan «klikke deg inn på kvar festival»?
SE
5 Kvifor må det vere minst 12 personar for å få ein skreddarsydd opplevingstur, trur du?
IN
B Svar på spørsmåla.
G
6 Kva for ein av festivalane verkar mest risikabel å delta i? Grunngi svaret ditt.
ER
1 Kva høyrest rart ut med å «jage ein stor ost ned ei skråning»? Kva kunne ein sagt i staden for jage?
D
2 Kva kan vere grunnen til at bana som blir brukt under konebering, har underlag av både sand, asfalt, gras og grus?
R
3 Kva festival ser ut til å samle flest deltakarar? Kvifor? 4 Kva i teksten viser at familiefestivalen utanfor Trondheim blei arrangert ein annan stad i fjor?
VU
5 Kva for ein av festivalane har ikkje berre konkurranseprega innhald? Grunngi svaret. 6 Kva for ein av festivalane kan du delta i utan å vere sterk eller rask? Grunngi svaret.
C Vel oppgåver. 1 Vel ein av festivalane som er omtalt i teksten, og lag ein informasjonsbrosjyre eller ein plakat. 2 Tenk deg at du har vore på ein av festivalane, som deltakar eller tilskodar. Skriv om kva du opplevde. 3 Klassa di får i oppgåve å arrangere ein helgefestival på skulen. Fortel om opplegget.
29
Er det skadeleg å sjå lenge på TV? Kva kan vere negativt med å sjå mykje på TV? Kor mykje ser du på TV på ei vanleg veke?
Men er det bra for oss? Korleis påverkar det oss å sjå på TV-seriar i 10–15 timar i strekk? Kva skjer med hjernen vår og sansane våre?
Så veldig sunt og nødvendig er det derimot ikkje å sjå seriar eller spele dataspel med meir ufyseleg og valdeleg innhald. – Folk som bruker mykje tid på å spele dataspel med zombiar, får ei aggressiv haldning også i røynda. Dei blir ikkje nødvendigvis valdelege, men hjernen ven seg til å reagere med skepsis på nye menneske, seier Lieberoth.
VU
R
D
IN
ER
– Det positive er at hjernen reparerer seg sjølv. Du blir ikkje zombie sjølv om du i ein kort periode i livet har lågt nivå av nokre nevrotransmittarar, eller om nokre nervesambindingar ikkje blir trena. Det gjer berre at hjernen treng litt tid på å komme i form igjen, seier Lieberoth. (Nevrotransmittarar er kjemiske sambindingar som overfører ein nerveimpuls frå ei nervecelle til ei anna.)
G
SE
Den danske forskaren Andreas Lieberoth kan avsløre at «hjernen blir det han gjer». Det vil seie at om du bruker hjernen din aktivt til å løyse for eksempel mattenøtter, vil han bli god til å løyse slike oppgåver. Det blir ikkje hjernen god til ved å sløve framfor TV-en, sidan TV-seriar ikkje gir hjernen dei same utfordringane.
EM PL AR
Då er du midt inne i ein seriemaraton. På engelsk blir det kalla binge-watching, det vil seie å sjå mange episodar på rad av ein TV-serie.
Når vi ser på TV i timevis, blir altså ikkje hjernen spesielt aktivisert. Men det er forskjell på om vi ser seriar fylte av skrekk og spenning eller seriar som handlar meir om relasjonar mellom menneske. Den delen av hjernen som er knytt til relasjonar, blir aktivisert når vi ser på TV-seriar som handlar om vennskap og kjærleik. Rett nok skjer det ikkje i same grad som om dette skulle hende i røynda. Hjernen fortel oss at det vi ser, ikkje er ekte. Men Lieberoth kan fortelje at å sjå på slike seriar likevel kan gi oss ein dose av dei kjemikaliane som er knytte til kjærleik og vennskap, og at det kan vere både sunt og nødvendig.
KS
Er du ein av dei som synest det er utruleg avslappande å slengje seg på sofaen framfor TV-en og rett og slett bli der? I time etter time? Kanskje er du hekta på ein serie og har tilgang til mange episodar, og det blir berre så utruleg spennande at det er nesten uråd å forlate sofaen?
30
Noko anna som gjer at det ikkje er så bra med bingewatching, er at det kan øydeleggje søvnen. Det blå lyset frå TVskjermen forstyrrar søvnhormona og gjer at vi føler oss vakne når vi eigentleg bør sove. Og søvn er viktig for hjernen. Då får han tid til å kvile ut frå dagens inntrykk og gjere seg klar til ein ny dag med nye opplevingar.
Ord å snakke om: maraton, zombie, relasjonar, søvnhormon
14 Sjølv om det truleg ikkje er særleg sunt å drive med binge-watching, kan du trygt sjå på TV-seriar. – Det kan nemleg vere bra for hjernen å kople ut med TV-seriane, fortel Andreas Lieberoth. – Då lader hjernen seg opp og gjer seg klar til å sjå ting på ein ny måte.
EM PL AR
Det er vel heller ikkje så overraskande at det ikkje er bra for kroppen å sitje så lenge i ro framfor TV-en, sjølv om ein ikkje veit heilt sikkert kor lenge vi kan sitje stille før det får konsekvensar. Dessutan er det stor forskjell på om ein ser på TV i timevis av og til, eller om dette skjer fleire gonger i veka.
A Svar på spørsmåla. 1 Kva for språk snakkar Andreas Lieberoth? 2 Kva vil det seie å bli hekta på ein serie?
3 Korleis blir hjernen din påverka om du løyser mange mattenøtter?
KS
4 Kva er nevrotransmittarar?
5 Kva er spesielt med det blå lyset frå ein TV-skjerm?
G
B Svar på spørsmåla.
SE
6 På kva måte kan TV-seriar ha positiv innverknad på hjernen?
IN
1 Forklar kva det vil seie å vere inne i ein seriemaraton.
ER
2 Kva inneber det at «hjernen blir det han gjer»? Forklar ved å finne andre eksempel enn dei som er nemnde i teksten. 3 Kva meiner Lieberoth med at hjernen reparerer seg sjølv?
D
4 Forklar korleis TV-seriar om zombiar og TV-seriar om vennskap påverkar oss ulikt.
R
5 I teksten står det «Den danske forskaren Andreas Lieberoth kan avsløre …». Kvifor blir ordet avsløre brukt?
VU
6 På kva måte kan vi ha nytte av Andreas Lieberoths forsking?
C Vel oppgåver. 1 Lag ei undersøking om TV-vanane i klassa di for å finne ut kor mykje tid som blir brukt på TV-titting på ei veke. Vis resultata i eit diagram med forklarande tekst. 2 Kva for TV-serie liker du best å sjå på? Skriv om den, og grunngi kvifor du liker han. 3 Tenk deg at du skal få avgjere programmet på ein utvald TV-kanal for ein heil dag. Set opp ein sendeplan.
31
Boktilråding: Eksperimentet av Harald Nortun Kva er bra med at biblioteket legg ut boktilrådingar på nettet? Tvillingane Amund og Amanda er så like at det er vanskeleg å sjå forskjell på dei. Amund er den sjenerte. Men det er han som får den ville ideen: Han kan vere jente, og Amanda kan vere gut. Det går lettare enn dei hadde trudd, og snart har dei lurt mange fleire enn dei tenkte.
EM PL AR
Gjennom nokre spennande sommardagar får Amund både ei ny venninne og ein beundrar som heiter Carl. Problemet er berre at dei trur Amund er jente og heiter Amanda.
Eksperimentet av Harald Nortun er både ei spennande sommarferieforteljing og ei tankevekkjande historie om å føle seg heime i ei anna innpakning.
ER
IN
G
SE
Ein vill idé Det er ikkje godt å seie kva som gjer at Amund får den ville ideen på toget på veg til besteforeldra. Kanskje fordi han drøymer om å bli skodespelar, fordi han allereie har prøvd å spele ein heilt annan på skuleavslutninga, og det kjendest så bra. Kanskje fordi han synest Amanda er like flink, eller kanskje betre, til å vere gut enn han sjølv. Eller kanskje det berre er eit innfall, heilt enkelt eit resultat av sommarferiekeisemd.
KS
For eit rot. Eg vaknar ein morgon og veit ikkje kven eg er. Amund eller Amanda, gut eller jente, har eg bror eller søster?
VU
R
D
I alle fall prøver Amund å leggje det fram som ein spontan idé for tvillingsystera, som noko han nesten ikkje meiner. Men Amund trur seg til lesaren – vi veit at dette er noko han har planlagt lenge, og no skal det endeleg skje. Ut frå toget i Kristiansand kjem Amund med rosa T-skjorte, sminke og parfyme, og Amanda med fotballtrøye og kaps. Besteforeldra går fem på, og brått har det skjedd ting som gjer at det blir vanskeleg å snu.
Jeg tar sjansen Eg hugsar godt fjernsynsserien basert på Ulf Starks Jeg tar sjansen, som eg såg ein gong i 80- eller 90-åra. Historia om Simone gjorde sterkt inntrykk på meg. Då ho som kortklipt jente begynner i ny klasse, blir ho introdusert som Simon av læraren. Ho protesterer ikkje,
32
og frå no av er ho gut. Gutane blir kompisar, og jentene blir interesserte. Eksperimentet minner meg litt om den historia. Amund er ofte sjenert, men no er eg ikkje Amund, eg speler ein annan, eg er Amanda, eg er jente. Kanskje eg kan bli venninna til Silje. Eg kastar meg uti det. Ustoppeleg eksperiment Amund er ikkje så flink til å vere gut, og Amanda er ikkje så flink til å vere jente, hevdar Amund. Blei det noko krøll med hormona då dei låg i mors liv? Dei er liksom motsette. Og når dei byter roller, er dei så overtydande at ingen stiller spørsmål. Eigentleg synest Amund det går heilt greitt å liggje tett inntil den nye venninna si og snakke om jenteting (og det å bruke hårspenne viser seg å vere veldig praktisk!), og Amanda har det så kult som gut at ho etter kvart blir den som ikkje vil stanse eksperimentet. Ho blir ein gut som rakkar ned på jenter.
Ord å snakke om: truverdig, nøktern, filosoferande, ebok
15 Amund og Amanda endrar nesten ikkje på nokon ting, men vegen frå å bli behandla som gut til å bli behandla som jente (og omvendt) er kort, og endrar alt!
PS: Boka kan også lånast som ebok! Tilrådd av Anne Thoresen, Deichmanske bibliotek.
EM PL AR
«Silje og Stefan trur alle jenter er slik, og at alle gutar er sånn,» seier Amanda. «På tide dei får sjå noko anna.»
Eksperimentet er ei truverdig og nøktern, men underhaldande og varsamt filosoferande historie som eg tilrår på det varmaste.
A Svar på spørsmåla.
1 Skriv setninga som viser at Amund og Amanda eigentleg hadde tenkt at dei skulle narre berre nokre få. 2 Kva for ulike grunnar kan Amund ha for å foreslå rollebyte? 3 Kven er det Amund trur seg til?
4 Kva gjer Amund med håret for å sjå ut som Amanda?
KS
5 Kva er felles for Jeg tar sjansen og Eksperimentet, ifølgje teksten? Kva er ulikt?
G
B Svar på spørsmåla.
SE
6 Kva type gut blir Amanda?
IN
1 Kvifor kan det – ut frå innleiinga på denne boktilrådinga – verke overraskande at det er Amund som foreslår å byte roller?
ER
2 Forklar kva som ligg i uttrykket «å føle seg heime i ei anna innpakning». 3 Kvifor vel Amund å leggje fram tanken om rollebyte som ein spontan idé for systera, trur du?
D
4 Kva kan vere grunnen til at det er Amanda som etter kvart vil halde fram med eksperimentet?
R
5 Kva i teksten viser at det er forventningane frå omgivnadene som gjer rollebytet enkelt, meir enn kva Amanda og Amund gjer sjølv.
VU
6 Forklar kva som er meint med at boka er «truverdig og nøktern, men underhaldande og varsamt filosoferande».
C Vel oppgåver. 1 Førestill deg at du skal opptre som det motsette kjønn ein dag utan å bli avslørt. Skriv om opplevingane dine. 2 Skriv kva du tenkjer om dei ulike forventningane vi ofte har til jenter og gutar. 3 Vel ei bok du har lese, og som du likte godt, og skriv ein boktilråding.
33
Er gutane best i matte? Kva skal til for å bli god i matematikk, trur du? Har kjønn noko å seie?
EM PL AR
Svaret er i utgangspunktet NEI! På skulen gjer jentene det minst like bra på mattetestar som gutane. Likevel møter vi framleis haldningar, eller mytar, som: Matte er eit gutefag. Pappa passar betre til å hjelpe til med matteleksene enn mamma.
G
SE
– Kulturelle haldningar har utruleg sterk innverknad, seier ho, og ho meiner at det er heilt avgjerande å utfordre mytane. – For når mor di eller læraren din trur du ikkje kan matte, så får det stor innverknad på sjølvoppfatninga di i matematikk.
KS
– Det er rett og slett ikkje kjønnsforskjellar i matematikk lenger. Så no er det på tide at foreldre og lærarar endrar oppfatning om dette, seier den amerikanske psykologiprofessoren Janet Hyde. Ho har leidd ein studie som viser at jentene gjer det like bra i matematikk som gutane.
ER
IN
Ein gruppe amerikanske forskarar har undersøkt korleis nokre studentar si oppfatning av eigne evner i matematikk kan påverke haldningane til å velje matematikkstudiet.
VU
R
D
Forskarane gjorde to testar. I den første testen skulle 122 studentar løyse ei rekkje matteoppgåver. Etterpå måtte dei seie kor stor del av mattestykka dei meinte at dei hadde klart. Det viste seg at dei mannlege studentane hadde ein tendens til å overvurdere eigne prestasjonar, mens dei kvinnelege studentane gjetta omtrent riktig. Deretter gjorde forskarane ein liknande test der 184 deltakarar i tillegg måtte fortelje om dei ville studere matematikk. Igjen overvurderte mennene kor godt dei hadde gjort det på testen. Resultata viste òg at dei som hadde overdriven tru på eigne evner, oftare meinte dei kom til å studere matematikk.
34
Det kan altså hende at ei av årsakene til kjønnsforskjellane innanfor matematikk på høgare nivå ikkje kjem av at kvinner undervurderer evnene sine, men at mennene trur dei er betre enn dei er, meiner dei amerikanske forskarane. Kan dette vesle sjølvbedraget vere til fordel for mennene? Ja, det kan for eksempel hjelpe dei gjennom vanskelege periodar – for eksempel tidleg i studiet – når det er mykje dei ikkje forstår, og når resultata kanskje ikkje heilt stemmer med forventningane. Dette får forskarane til å spekulere: – Kanskje vi kan utjamne kjønnsforskjellane i matematikk ved å få jentene òg til å overvurdere kor intelligente dei er? Korleis er det i Noreg? Her gjer også jentene det minst like bra som gutane på testar. Likevel viser fleire undersøkingar at norske gutar har langt betre sjølvoppfatning i matematikk enn jenter. Dei har større sjølvtillit, dei liker faget betre, og dei oppfattar det som meir nyttig. Mange gutar ser på matematikk som eit gutefag, og det er
Ord å snakke om: myter, kulturelle holdninger, spekulere, doktorgradsnivå
16 til manglande interesse blant jentene kan vere at dei får høyre at matte ikkje er noko for dei.
Fleire studiar har vist at jenter i Noreg oftare vel bort matematikk enn jenter i andre land. Dette gjeld alle nivå, frå grunnskulen til doktorgradsnivå. Forskarar meiner det kan komme av at norske jenter utviklar negative haldningar til matematikk, trass i at dei altså ser ut til å vere like flinke som gutane. Nokre meiner at årsaka
I Noreg er det sett i gang fleire kampanjar og tiltak for å fremme matematikkinteressa hos jenter. Haldningsendring er truleg eitt av fleire viktige tiltak.
EM PL AR
ikkje uvanleg at dei trur gutane generelt er flinkare enn jenter i matematikk.
Kjenner du deg att i noko av det som er skrive her? Kva for haldningar til matematikk har du møtt? Kva for haldningar har du sjølv?
A Svar på spørsmåla.
1 Kva meiner Jane Hyde med at det ikkje er kjønnsforskjellar i matematikk?
KS
2 Kvifor var det jentene blant dei 122 studentane som gjetta mest riktig i undersøkinga? 3 Kva var forskjellen på innhaldet i den første og den andre testen?
SE
4 Kva var forskjellen i resultata?
5 I kva alder vel norske jenter bort matematikk?
IN
G
6 Kva blir gjort i Noreg for å få fleire jenter til å velje matematikk?
B Svar på spørsmåla.
ER
1 Kva vil det seie at det er ein myte at «matte er eit gutefag»?
D
2 Kva kan vere grunnen til at det står «når mor di […] trur at du ikkje kan matte» – og ikkje far din? 3 Korleis kan haldningar til matematikk avgjere om ein vel å studere matematikk?
R
4 Kva er felles for resultata frå den amerikanske undersøkinga og funn gjorde i Noreg?
VU
5 Kva er meint med «sjølvbedrag» i denne teksten? 6 På kva måtar trur du at ein lærer kan motivere elevane til å trivast med matematikk? Skriv fleire forslag.
C Vel oppgåver. 1 Gjer greie for dine erfaringar med matematikk. 2 Har gutane og jentene ulike haldningar til matematikk i di klasse eller på din skule? Lag ei undersøking og skriv om resultatet. 3 Kva for eit fag trivst du best med på skulen? Og kvifor? Skriv ein tekst om det.
35
For eller imot lekser? Kva fordelar og ulemper er det med lekser?
Mia: Eg bruker utruleg mykje tid på lekser. Når mamma og pappa er ferdige med arbeidsdagen og kan slappe av, sit eg med lekser. Eg er sikkert altfor nøye. Og kanskje litt for ukonsentrert (mobilen) … Eigentleg burde eg vel lære meg studieteknikk. Trur nok eg er for lekser, eg må berre gjere dei på ein annan måte. Det kan jo ikkje vere riktig at eg har lengre arbeidsdag enn dei vaksne.
G
SE
Jon: Det er heilt ok med lekser. Då kan eg repetere og finne ut om eg har forstått det vi har halde på med på skulen. Men leksene må handle om noko vi har lært, det må ikkje vere nytt stoff. Det hender at eg gjer nokre av leksene på søndag ettermiddag, så får eg betre tid resten av veka.
Ziyan: Det er greitt med litt lekser. Men det held med éi mattelekse, éi engelsklekse og éi norsklekse i veka. Tre skriftlege lekser er meir enn nok. Så får dei heller byte ut eitt av faga dersom vi skal ha lekse i naturfag eller noko.
EM PL AR
Eline: Det er null fordelar med lekser. Det eg ikkje har forstått på skulen, klarer eg ikkje å forstå heime. Det er vel læraren si oppgåve å få oss til å forstå? Dersom eg forstår, kan eg skaffe meg kunnskap når eg treng det. No er eg for eksempel null interessert i å lese om korleis vi kan sortere virveldyr i grupper (gørrkeisamt mål på naturfagplanen). Men den dagen eg har bruk for å sortere virveldyr (når er det?), klarer eg sikkert å finne ut korleis eg skal gjere det. Lekser er kjipt og gørr.
Henrik: Eg har ikkje tid til å gjere lekser. Det er fotball- og skitrening fem dagar i veka, og dessutan treng eg tid til å slappe av og vere saman med kompisar. Det kan kanskje vere ok å gjere lekser på skulen rett etter skuletid eit par dagar i veka. Maks 30 minutt.
KS
I ein 7.-klasse er det stor usemje om lekser. Nokre elevar er imot lekser, andre er for, nokre vil ha lekser, men litt mindre enn dei får no, andre vil ha annleis lekser:
VU
R
D
ER
IN
Nora: Eg er eigentleg både for og imot lekser. Eg er imot lekser som eg synest er bortkasta å gjere. Å rekne 20 gongestykke som er nesten klin like, er for eksempel heilt bortkasta. Å få nokre grublisar i matte er noko heilt anna, sånne lekser liker eg.
Alva: Kvifor har vi aldri lekser i gym eller i kunst og handverk? Det synest eg vi kan få, då kjem eg til å like lekser betre. Eg hugsar at vi fekk lekse i mat og helse ein gong, det var kult. Vi skulle lage suppe. Eg laga kyllingsuppe, og den blei supergod! Mamma seier ho håpar vi får fleire lekser i mat og helse.
36
Ord å snakke om: repetere, studieteknikk
17 Amir: Det er skulen som bestemmer, kor som er. Eg trur ikkje vi får mindre lekser sjølv om vi seier at vi får for mykje no. Lærarane burde i alle fall samarbeide betre. I førre veke hadde vi både matteprøve og engelskprøve på same dag. Teit.
Oscar: Kan ikkje lekser vere valfritt? Det synest eg er ein kjempeidé! Då kan dei som synest dei treng å repetere, gjere det. Ver så god! Trur ikkje eg treng det, eigentleg. Eller kanskje av og til.
EM PL AR
Leander: Kvifor har vi eigentleg lekser? Læraren ser jo ikkje så nøye på dei. Av og til verkar det som dei gir lekser av gammal vane.
A Svar på spørsmåla. 1 Kva meiner Eline er læraren si oppgåve? 2 Kva synest Jon er fordelen med lekser?
KS
3 Kven vil ha leksetid på skulen?
4 Kva ulike grunnar er det til at Mia bruker så lang tid på leksene?
SE
5 Kva eksempel får vi på at lærarane samarbeider dårleg?
IN
B Svar på spørsmåla.
G
6 Kvifor ønskjer mor til Alva at dei får fleire lekser i mat og helse?
ER
1 Kvifor kan det vere bortkasta å «rekne 20 gongestykke som er nesten klin like»? Kan det ha nokon fordelar? 2 Kva type lekse trur du Eline kunne godteke?
D
3 Kvifor vil Jon ha lekser i noko han har lært?
R
4 Kva er den største forskjellen på Jons og Noras haldning til lekser?
VU
5 Kven er det som eigentleg synest det er bortkasta å seie kva ein meiner om lekser? Kvifor? 6 Kven av barna er du mest og minst einig med? Grunngi svaret.
C Vel oppgåver. 1 Skriv nokre gode råd til lærarane om lekser. 2 Skriv eit brev til rektor der du argumenterer for eller mot at de skal få lekser. Hugs å grunngi meiningane dine. 3 Lag ein lekseplan for ei veke slik du skulle ønskje at han såg ut.
37
Er godt eller dårleg minne medfødt? Kva gjer du for å hugse det som er viktig for deg? Kan ein trene opp minnet, trur du?
– Noko av minnet er medfødt, men vi veit ikkje kor mykje, seier Ylva Østby. Ho er psykolog ved Oslo universitetssjukehus. Der arbeider ho med pasientar som har problem med minnet. Dessutan forskar ho på hjerneutvikling og minne.
– Vi veit ikkje om trening av hjernen faktisk gir deg betre minne, eller om du berre blir flinkare til å bruke det minnet du er fødd med, føyer Østby til. – Men vi veit altså ikkje kor mykje vi er fødde med, gjentek ho.
Østby fortel at sjølv om vi kan gjere mykje for å få betre minne, er vi også fødde med litt ulike anlegg og avgrensingar. Ho har blant anna funne ut at evna til å ta vare på eit minne over tid er nesten ferdig utvikla i sein barndom, mens evna til å hente fram minne blir betre når ein er ungdom.
For å hugse treng vi både eit godt arbeidsminne og evne til å lagre ting over tid, og vi må kunne hente fram informasjonen igjen. Desse tre delane ligg på tre ulike stader i hjernen, og dei må samarbeide. Ein svikt i eitt av ledda kan dermed gi oss dårlegare minne.
KS
EM PL AR
Men har alle like gode sjansar til å få godt minne, eller er noko av evna medfødt?
musikkinstrument og å lære seg eit nytt språk hjelper òg på minnet. Trenar vi kroppen gjennom fysisk aktivitet, trenar vi samtidig hjernen. Trening aukar nemleg blodstraumen til hippocampus, eit område i hjernen som speler ei viktig rolle for minne og læring.
I tillegg kan vi tulle til minnet med å stresse og uroe oss. Arbeidsminnet er det som tek imot minne og sender dei vidare til riktig stad i hjernen – eller droppar å sende dei vidare, slik at dei berre forsvinn. Arbeidsminnet vårt har liten plass og kan ikkje handtere mange ting på ein gong. Om du for eksempel er stressa og uroleg, kan det hende at du fyller opp arbeidsminnet med tankar som: «Eg må hugse det eine og rekke det andre.» Då blir det ikkje plass til det du faktisk
SE
I media kan vi stadig få nye tips til korleis vi kan trene opp minnet. Det er nesten ikkje grenser for kva vi kan trene oss opp til å hugse.
IN
G
Sjølv om vi er fødde med noko ulike anlegg, vil trening av hjernen hjelpe for minnet vårt. – Hjernetrim gir deg betre hugs no og hjelper deg til å halde på minnet i alderdommen, kan Østby fortelje.
VU
R
D
ER
Trening av hjernen kan for eksempel vere å lese og skrive, å løyse kryssord, å delta i quiz og å løyse mattenøtter. Det å øve seg på å spele eit
38
Ord å snakke om: media, quiz, overbelaste
18 prøver å hugse. I slike tilfelle kan du synast at du har dårleg minne sjølv om du kanskje eigentleg har ein heilt fin hugs når du ikkje overbelastar arbeidsminnet.
ein viktig detalj står. Andre hugsar best ved å setje det dei lærer, i samanheng med noko dei kan frå før. I filmar og romanar møter vi iblant personar med så ekstremt godt minne at det blir som om dei tek eit mentalt bilete av det dei ser. Det kallar vi gjerne fotografisk minne. Men fotografisk minne finst dessverre ikkje i den verkelege verda.
EM PL AR
Det vi veit, er at alle har forskjellig minne. Det varierer både kor godt det er, og korleis vi bruker det. Somme menneske hugsar for eksempel detaljar veldig godt. Dei hugsar kanskje kvar dei såg ein ting sist, eller kvar på ei avisside
A Svar på spørsmåla.
1 Skriv setninga som viser at vi ikkje har heilt likt utgangspunkt når det gjeld minne. 3 Korleis kan vi trimme hjernen? 4 Kva er hippocampus?
SE
5 Kva for oppgåve har arbeidsminnet?
KS
2 Kva for del av minnet verkar betre når ein er ungdom enn i barndommen?
IN
B Svar på spørsmåla.
G
6 Når kan det vere nyttig å hugse detaljar, synest du?
ER
1 Kva for tre typar minne treng vi for å hugse? 2 Korleis kan vi øydeleggje for arbeidsminnet vårt? 3 Kvifor er hjernetrim viktig sjølv om vi ikkje heilt veit korleis det verkar?
D
4 Kva er nemnt i teksten som eksempel på godt visuelt minne?
R
5 Finn eit eksempel på at du hugsa noko du hadde lært, ved at du sette det i samanheng med noko du kunne frå før.
VU
6 Kva vil det seie å ta eit mentalt bilete?
C Vel oppgåver. 1 Tenk deg at det gjekk an å ha fotografisk minne, og at du hadde den evna. Korleis ville livet ditt vore? Skriv ein tekst om tankane dine rundt det. 2 Skriv ei forteljing med overskrifta «Berre fordi eg hadde gløymt avtalen!». 3 Det hender at nokon «mistar» minnet, eventuelt for ein periode. Tenk deg at du vaknar ein morgon og ikkje kjenner att noko eller nokon rundt deg. Skriv om den dagen.
39
Abu Hassans fjert Ein attforteljing av eit eventyr frå Tusen og éi natt. Kva veit du om boka «Tusen og éi natt»?
VU
R
D
ER
IN
G
EM PL AR
SE
Abu Hassan stelte i stand til ein storslagen bryllaupsfest. Han inviterte slektningar og venner, heilage tiggarar og prestar. Mat og drikke var av ypparste klasse, det var eit overdådig festbord, og det skulle ikkje sparast på noko. Bryllaupsgjestene fekk servert heilstekte kamelføl, fem ulike risretter og fem ulike sortar drikke. Dessutan var det eit utal kaker med blant anna valnøtter og mandlar.
Bruda hadde sju brudekjolar, og ho blei ført omkring i festsalen sju gonger, kvar gong i ein ny kjole som alle måtte beundre. Til slutt skulle Abu Hassan bli henta frå plassen øvst ved bordet og førast fram til bruda. Han reiste seg sakte og verdig, han var svært mett. Han var så godt forsynt med mat og drikke at i det han retta seg opp, sleppte han, til si eiga store forskrekking, ein brakande fjert.
KS
Det var ein gong for mange, mange år sidan ein mann som heitte Abu Hassan. Han budde i byen Kaukaban i landet Jemen, der han arbeidde som kjøpmann. Abu Hassan var svært velståande. Han hadde vore gift, men dessverre blei han tidleg enkjemann, og no hadde han levd åleine i mange år. Vennene hans masa stadig på Hassan om at han skulle finne seg ei ny kone, og til slutt gav han etter. Han valde å gifte seg med ei ung jente som var like vakker som Canopus når ho står over Indiahavet. Canopus er ei stor, vakker stjerne, den tredje sterkaste stjerna ein ser frå jorda.
40
19
EM PL AR
Abu Hassan gjekk omkring og lytta i sju dagar og sju netter. Aldri høyrde han noko som kunne uroe han. Den siste dagen stansa han utanfor døra til nokre fattigfolk og blei ståande og lytte. Då høyrde han ei ung jentestemme som spurde: «Mor, kva dag blei eg fødd? Det er ein som skal spå meg, og då må eg vite det!» «Det er lett å hugse og lett å svare på», sa mora. «Du blei nemleg fødd den dagen Abu Hassan sleppte fjerten!»
ER
IN
G
SE
Etter kvart kom Abu Hassan fram til ein kystby der det låg eit skip som skulle til India. Skipet skulle segle til Calcutta, og Abu Hassan fekk vere med. I Calcutta fekk han nye kjenningar, og ein dag førte dei han fram for kongen, som fekk stor tillit til han. Snart hadde Abu Hassan fått det ærefulle oppdraget å vere høvding for kongens livvakt.
Med tårefylte auge og takksam i hjartet stansa han og såg utover. «Kanskje nokon vil kjenne meg att», tenkte han. «Det er nok best at eg vandrar litt i utkanten av byen først og høyrer kva dei snakkar om. Gud gi at ingen hugsar historia mi!»
KS
Ein kort augeblink blei det heilt stilt, før gjestene skunda seg å dekkje over det som hadde skjedd, ved å snakke høgt og i munnen på kvarandre. Men sjølv om gjestene lest som dei ikkje hadde høyrt noko, var det tent ein eld i Abu Hassans hjarte. Han var svært skamfull. Han lest som han måtte ut eit nødvendig ærend, men straks han var utanfor, sala han hesten sin. Og mens bruda og gjestene sto att inne og venta på brudgommen, reid Abu Hassan av stad i mørke natta. Han ville rømme frå både bryllaupet, heimbyen og landet.
VU
R
D
I ti år arbeidde Abu Hassan for kongen. Han levde godt, var flink og omtykt og kunne ikkje klage på noko. Likevel kjende han stadig på at han lengta meir og meir etter heimbyen sin, Kaukaban. Han lengta like mykje som ein som lengtar etter den han elskar, og det var umogleg for han å tene kongen lenger. På ny sala Abu Hassan hesten, og han forlét Calcutta. Heller ikkje denne gongen gav han nokon beskjed om at han drog sin vei, ikkje eingong kongen fekk vite noko. Då Abu Hassan etter ei lang og strevsam reise nærma seg Kaukaban, kledde han seg som ein munk og gjekk vidare til fots. Det var ei slitsam vandring, og gleda var stor då han endeleg nådde åskammen ved heimbyen.
Då Abu Hassan høyrde dette, flykta han av garde mens han tenkte: «Sanneleg har den fjerten skapt ei tidsrekning som vil bli hugsa til evig tid.» Abu Hassan flykta til India og kom aldri meir tilbake til Kaukaban.
Boka Tusen og éi natt er ei stor samling arabiske forteljingar og eventyr. Ramma rundt historiene er ein konge som vil ha ein ny kone kvar dag, og som vil at kona frå gårsdagen skal miste livet. Ein dag er det Scheherazade, dotter til ministeren, som skal bli kongens kone. For å redde både sitt eige liv og livet til andre framtidige koner fortel ho kongen ei ny historie kvar kveld. Han blir oppslukt av det ho fortel, og Scheherazade passar alltid på at han ikkje får høyre slutten før dagen etter. Til slutt, etter 1001 netter, er kongen så oppteken av forteljingane at han heilt gir opp den opphavlege planen sin.
41
EM PL AR KS SE G IN ER D R VU 42
Ord å snakke om: strabasiøs, munk, Gud gi, tidsrekning
19 A Svar på spørsmåla. 1 Kva var grunnen til at Abu Hassan ville gifte seg? 2 Kvifor blir bruda samanlikna med Canopus? 3 Kvifor blei bruda ført rundt sju gonger? 5 Kva vil det seie å gå eit nødvendig ærend? 6 Kvifor kunne ikkje Abu Hassan ri heilt til Calcutta?
EM PL AR
4 Kva var grunnen til at alle gjestene snakka i munnen på kvarandre?
7 Kor lenge hadde Abu Hassan vore borte då han kom tilbake til heimbyen? 8 Kva viser at Scheherazade var ei smart kvinne?
KS
B Svar på spørsmåla.
SE
1 Kva er det i teksten som viser at Abu Hassan truleg var ein god del eldre enn bruda? Finn fleire eksempel. 2 Kva i teksten viser at Abu Hassan ikkje gifta seg?
G
3 På kva måte viste den indiske kongen at han hadde tillit til Abu Hassan? 4 Kva i teksten viser at Abu Hassan var svært glad i heimbyen sin?
IN
5 Kvifor kledde Abu Hassan seg som ein munk?
ER
6 Gud gi at ingen hugsar historia mi, tenkte Abu Hassan. Kva fortel dette om han som person? 7 Kva kan vere grunnen til at Abu Hassan går omkring i akkurat sju dagar og netter?
VU
R
D
8 Kva vil det seie at Abu Hassans fjert hadde skapt ei tidsrekning?
C Vel oppgåver. 1 Skriv ei innbyding, gjerne med ein meny, til Abu Hassans overdådige bryllaupsfest. 2 Tenk deg at du er Abu Hassan og skriv dagbok om det som skjedde under og etter bryllaupsfesten. 3 Tenk deg at innbyggjarane i Kaukaban hadde gløymt fjerten. Korleis ville livet til Abu Hassan blitt etter at han kom tilbake? Skriv om det.
43
Dei ukjende utvandrarane
SE
KS
EM PL AR
Kva grunnar kan folk ha for å utvandre til andre land og verdsdelar? Kva er forskjellen på å utvandre og å flykte?
R
D
ER
IN
G
På 1800-talet og første del av 1900-talet var det mange hundre tusen nordmenn som emigrerte til Nord-Amerika. Korleis emigrantane levde i det nye landet, veit vi ein god del om, blant anna gjennom gamle brev, notat, forteljingar, fotografi og forsking. Men korleis var livet til dei nordmennene som valde å emigrere til Latin-Amerika? Det var rundt 10 000 som reiste dit frå Noreg.
VU
Steinar Andreas Sæther, som er forskar ved Universitetet i Oslo, har funne ut korleis det gjekk med nokre av dei som søkte lykka i Latin-Amerika. Her er nokre eksempel: Mathilde Jørgine Jørgensdatter frå Vestfold Mathilde Jørgine Jørgensdatter kom frå ein fattig familie i Stokke. Som 20-åring, i slutten av 1860-åra, forlét ho arbeidet sitt som tenestejente for å reise til Argentina. Der skulle ho vitje broren Henrik i hovudstaden Buenos Aires. Som fleire andre som reiste frå Noreg, hadde Mathilde Jørgine planar om å komme tilbake til
44
heimlandet igjen etter ein periode. Men planane om retur allereie etter tre månader blei endra då ho blei kjend med den tjue år eldre nordmannen Peter Andersen. Han dreiv ein sauefarm utanfor byen. Dei to gifta seg, og dei fekk fleire barn som voks opp på farmen. Mathilde Jørgine hadde nok ikkje heilt sleppt tanken på å dra tilbake til heimlandet. Slik var det truleg for ektemannen òg, for i 1885 flytta heile familien til Tønsberg. Der kjøpte Peter ein gard som dei dessverre ikkje fekk ha særleg lenge. Ein brann førte til at familien blei heimlaus. Peter reiste tilbake til Argentina, og tre år seinare, i 1891, følgde familien etter, med unntak av dottera Betty. Ho var 18 år og blei igjen i Noreg for å arbeide for Frelsesarmeen. Betty fekk aldri møte foreldra igjen, for då ho reiste til Buenos Aires igjen i 1907, var begge foreldra døde. Det same var dei to brørne hennar, men veslesystera Hanna Mikaela levde. Ho hadde gifta seg med ein nordmann, og dei fekk etter kvart åtte
KS
Den store draumen hans var å reise til Amerika for å tene nok pengar til å kjøpe sitt eige gardsbruk heime i Noreg. Han hadde fleire slektningar som hadde reist over havet og komme heim med nok pengar til å bli bonde på eigen gard. Då Per reiste til Nord-Amerika i 1929, var det vanskelege tider, og han fekk ikkje jobb. Han valde derfor å reise vidare til Argentina, der var det enklare å få arbeid. Etter fem år i Argentina kom Per tilbake til Noreg som matros på eit norsk lasteskip. Han hadde enno ikkje klart å spare nok til å kjøpe seg gard, men ti år seinare hadde han endeleg råd til å få oppfylt draumen sin.
SE
barn. Betty arbeidde no for Frelsesarmeen i Buenos Aires. Ho var nok mykje saman med systera og familien, ettersom det var ho som overtok ansvaret for barna då Hanna og mannen døydde. Etter kvart fekk Betty plassert barna hos forskjellige familiar i byen. Ho heldt fram å arbeide og bu i Buenos Aires til ho gjekk av med pensjon. Korleis det gjekk vidare med Betty og barna til systera, veit vi dessverre ikkje.
EM PL AR
20
VU
R
D
ER
IN
G
Per Rostad frå Trøndelag Per Rostad voks opp i Trøndelag på ein gard saman med foreldra, fem sysken og ei tenestejente. Allereie då Per var ti år, døydde faren, og mora selde familiegarden. Etter kvart fekk Per seg jobb som gardsarbeidar på fleire gardar.
45
EM PL AR
I åra frå 1820 til 1950 emigrerte mellom 800 000 og éin million nordmenn. Dei fleste drog til USA, men nokre reiste til Canada, Australia, Sør-Afrika og LatinAmerika. Utvandrarane var som oftast unge folk mellom 15 og 30 år som drøymde om eit betre liv. På denne tida var Noreg eit fattig land, og det var lite arbeid og pengar å tene. Ikkje alle emigrantane ønskte å reise frå Noreg for alltid. Nokre drøymde om å spare opp pengar, for så å vende tilbake til heimlandet og begynne eit betre liv her.
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Først arbeidde Leonard for eit amerikansk gruveselskap, men der treivst han ikkje så godt, og etter berre nokre månader fekk han ny jobb i ei tinngruve i Oruro i Bolivia. Der fann han seg godt til rette, og han fekk seg norsk kjærast som han gifta seg med. Snart blei Leonard alvorleg sjuk, men han var likevel heldig: Han og kona klarte å komme seg til USA, og der fekk han riktig behandling og blei frisk. Etter kvart flytta paret til Brasil, der Leonard hadde ulike jobbar før han blei forvaltar for ein stor landeigedom.
Dessverre endar historia om Leonards liv ikkje særleg bra: I 1922 omkom han i ei ulykke. Då var han berre 35 år.
KS
Leonard Ervik Holmboe frå Troms På slutten av 1800-talet og tidleg på 1900talet var det overskot av ingeniørar i Noreg. Fleire hundre arbeidslause ingeniørar reiste derfor til Latin-Amerika for å finne arbeid. Leonard Ervik Holmboe frå Tromsø var ein av dei. Han var 25 år då han drog til Chile saman med fleire studiekameratar i 1912.
46
Ord å snakke om: emigrere, matros, gruveselskap
20 A Svar på spørsmåla. 1 Kva heitte faren til Mathilde Jørgine Jørgensdatter, trur du? 2 Kvar lenge hadde ho tenkt å vere hos bror sin? 3 Kvifor blei ikkje Mathilde Jørgine og familien buande i Tønsberg?
EM PL AR
4 Kvifor overtok ikkje Per Rostad garden etter foreldra sine?
5 Kva var grunnen til at Per hamna i Argentina og ikkje i Nord-Amerika, som var mest vanleg? 6 Kva år kjøpte Per sin eigen gard?
7 På kva måtar var Leonard Ervik Holmboe både heldig og uheldig? 8 Kvifor emigrerte så mange nordmenn?
KS
B Svar på spørsmåla.
SE
1 Korleis har Steinar Andreas Sæther funne informasjon om dei som søkte lykka i Latin-Amerika, trur du? 2 Sidan utrykket «å søkje lykka» blir brukt – kva fortel det om emigrantane?
G
3 Kvifor reiste Peter Andersen tilbake til Argentina før resten av familien, trur du? 4 Kor mange barn ser det ut til at Peter og Mathilde Jørgine hadde?
IN
5 Kva kan vere grunnen til at Betty sette bort tantebarna sine, og at dei blei plasserte i ulike familiar?
ER
6 Korleis fekk Per Rostad råd til reisa tilbake til Noreg? 7 Kva inneber det at det var overskot av ingeniørar i Noreg?
VU
R
D
8 Kven av dei tre emigrantane, det vil seie Mathilde Jørgine, Peder og Per, fekk det beste livet, synest du? Grunngi svaret ditt.
C Vel oppgåver. 1 Tenk deg at du er anten Mathilde Jørgine, Peder eller Per, og at det har gått nokre år sidan du emigrerte. Skriv eit brev heim til familien i Noreg. 2 Korleis trur du det er å emigrere til eit land utan å kunne språket, utan å kjenne nokon, utan jobb, utan heile familien? Kva utfordringar ventar? Skriv kva du tenkjer om det. 3 Finn meir informasjon om den norske utvandringa til Amerika. Skriv ein faktatekst.
47
EM PL AR
© 2016 GAN Aschehoug, H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) AS ISBN 978-82-492-1797-7 Nynorsk 1. utgåva / 1. opplaget 2016 Forlagsredaktør: Kristin Hide Omsett til nynorsk av Ole Jan Borgund / NTB Arkitekst Grafisk design og tilrettelegging: Allworthy Design Trykk og ferdiggjering: 07 Media AS Teikningar: Thor W. Kristensen Esra C. Røise (framsida)
SE
KS
Foto: 4 NASA, 6, 7, 8, 10, 13, 16, 26, 28, 36, 38 Shutterstock, 14 Anders Nederhoed, 20, 21 © Signed, Sealed & Undelivered Team, 2015–2016. Courtesy of the Museum voor Communicatie, The Hague, 24 Monica Strømdahl, 32 Omslagsdesign og -illustrasjon: Jill Moursund, 44–46 Foto: Migrasjonsmuseets fotosamling, Nordmenn i Latin-Amerika.
VU
R
D
ER
IN
G
Tekstkjelder: Aftenposten Junior / Terje Krogsrud Fjeld: «Det er kult å seie at eg har spelt mot Ronaldo» Aftenposten Si ;D: «Kva skjer når isen smeltar?» Aftenposten Si ;D: «Kan eg påverke forbruket til andre?». Originaltittel: «Kan jeg påvirke den store innkjøpsbølgen?» Atferdsbiolog og hundeinstruktør Emma Mary Garlant: «# hundediggar» Dagbladet / Nils Martin Silvola: «Breva som ikkje kom fram» Deichmanske bibliotek / http://anbefalinger.deichman.no / Anne Thoresen: «Boktilråding: Eksperimentet av Harald Nortun» forskning.no / Andreas Birger Johansen: «Kva skal eigentleg til for å bli fotballproff?» forskning.no / Ida Korneliussen: «Er godt eller dårleg minne medfødt?». Originaltittel: «Er vi født med enten god eller dårlig husk?» forskning.no / Ingrid Spilde og Nina Kristiansen: «Er gutane best i matte?». Originaltitlar: «Menn tror de er bedre i matte enn de er» og «Jenter er like gode i matte» forskning.no / IPCC, Reuters, NASA, NTB: «Kva skjer når isen smeltar?» forskning.no / Malene Sommer Christiansen: «Er det skadeleg å sjå lenge på TV?». Originaltittel: «Er det skadelig å se TV 15 timer i strekk?» forskning.no / Nora Heyerdahl: «Norske romforskarar vil ikkje reise til Mars» Lea, Anne: naturfag.no/kongefamilien-på-himmelen: «Kongeleg himmel» Linde, Heidi: Pym Pettersons mislykka brevvenn, Gyldendal Norsk Forlag, 2013 Madan Kataria / Joakim Serpinsky: «Latteryoga: Le deg frisk!» nysgjerrigper.no / Trine-Lise Gjesdal: «Dei ukjende utvandrarane» Sæby, Inger-Marit: «Festivalarrangøren» Forlaget har forsøkt å finne opphavspersonane til tekstane «Kva skjer når isen smeltar?» og «Kan eg påverke forbruket til andre?» (originaltittel «Kan jeg påvirke den store innkjøpsbølgen?»), henta frå Aftenposten Si ;D. Eigarane av tekstane kan kontakte forlaget. Alle kommentarar til utgivingar frå forlaget kan rettast til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo E-post: forlag@gan.aschehoug.no www.gan.aschehoug.no Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.
EM PL AR
KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
EM PL AR
Leseforståing 7 gir elevane trening i leseforståing og lesing som grunnleggjande dugleik. Elevane møter ulike typar tekstar på tvers av fag, alle med oppgåver knytte til forskjellige aspekt ved leseforståing og tekstskaping. Nivådelinga på oppgåvene gjer at boka passar for samansette elevgrupper der ulike lese- og skriveferdigheiter er representerte.
KS
Leseforståing 7 Lærarboka kan ein laste ned gratis frå heimesida til forlaget.
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Boka inngår i serien Leseforståing som dekkjer 1.–7. trinnet.
Nynorsk ISBN: 978-82-492-1797-7
9
788249
217977
www.gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no