Runar Brataas Runar Ragnarson Ragnarson Brataas
Lundes Lundes leseforståelse leseforståing Runar Ragnarson Brataas
ur de rin g
Lundes ra g
fo rv
leseforståing Magi-universet
-universet Magi Magi-universet
En del av Ein del av
GAN Aschehoug
GAN Aschehoug Aschehoug
U
td
Ein del av
Til læ raren Lundes leseforståing gjev deg enkle og strukturerte undervisningsopplegg i form av lesetekstar og oppgåvekort. Du avgjer sjølv om du vil følgje oppgåvene i rekkjefølgje, og om du vil utvide dei undervegs. Det er viktig at det er du som har regien. Lei elevane gjennom arbeidet, modeller korleis oppgåvetypane skal gjerast, og forklar elevane korleis dei skal samarbeide med kvarandre.
gjennom skuleåret. Då blir elevane godt kjende med oppgåvetypane og trygge på dei. Veksle gjerne mellom lesekort og oppgåvekort annakvar veke. Lesetekstane bør limast inn i skrivebøker i A4format eller takast vare på i ei plastmappe, slik at du kan følgje utviklinga til elevane. Oppgåvekorta kan limast inn i ei skrivebok, som ein portefølje. Til nokre av oppgåvene treng elevane enkelt utstyr som du finn i klasserommet.
Kom i gang med Lundes lesetekstar
C Skriv ord La elevane arbeide åleine med denne oppgåva. Elevar som blir raskt ferdige, kan gjerne skrive fleire ord i skriveboka. Modeller korleis dei kan gjere det ordentleg, ved å skrive oppgåve C og overskrifta på teksten i margen.
ur de rin g
Det er lurt å organisere arbeidet med lesetekstane og lesekorta som ein fast struktur
D Set strek mellom stavingane Be elevane lese orda høgt i kor med deg tre gonger. Først i raskt tempo, deretter i vanleg tempo og til slutt i sakte tempo med trykk på stavingane. Skriv orda på tavla og spør kvar det skal setjast strek mellom stavingane.
fo rv
Lesetekstane kan brukast for å tilpasse opplæringa til kvar elev, men er skrivne med utgangspunkt i ein struktur som skal fremje både individuelt arbeid, arbeid med ein læringspartnar og arbeid i heil klasse. Skal elevane arbeide med tekstane individuelt, bør du første gong modellere korleis arbeidet bør gå føre seg, og vise døme på ferdig arbeid. Då får elevane størst utbytte av tekstane. Dei yngste elevane kan bruke skriveboka som overlegg for kvar oppgåve, slik at dei berre treng å konsentrere seg om éin oppgåvetype om gongen.
U
td
ra g
A Les, leit og teikn Les teksten høgt for elevane. La dei deretter lese for kvarandre i læringspar. Varier om elevane skal – lese éin gong kvar – lese i kor eller med deg – lese med gjentaking der den andre læringspartnaren les den same setninga som den første og deretter held fram – veksle på å lese setning for setning Be elevane arbeide vidare individuelt eller i par med å prikke og streke under orda. Gå deretter gjennom desse orda ved å trekkje ispinnar eller lappar med namn tilfeldig, slik at alle elevane må svare. La elevane sitje i læringspar – då kan dei hjelpe kvarandre. Skriv orda på tavla etter kvart som dei blir sagde, slik at du har dei til seinare.
B Les og svar på spørsmåla Gå gjennom lesespørsmåla munnleg. Elevane skal kunne svare på dei når dei har lese teksten. Les spørsmåla høgt eller la elevane lese spørsmåla sjølve. Be elevane arbeide saman med læringspartnaren, og la dei byte på å svare på spørsmåla og å hjelpe kvarandre med å hugse eller finne rett svar. Gå deretter gjennom spørsmåla og svara raskt i klassen.
2
E Arbeid vidare i skriveboka di I denne oppgåva skal elevane arbeide vidare i si eiga skrivebok. I starten kan det vere nok å gjere første del av oppgåva, det vil seie å lage eigne setningar av orda som er prikka og streka under. For elevar som synest det er vanskeleg å vite om dei har hugsa alle orda, og for å unngå at elevane skriv same ord fleire gonger, er det god hjelp om du allereie har skrive orda på tavla. Modeller oppgåva på førehand: Vel eit av orda og spør elevane kva setningar ein kan lage til det. Skriv forslaga på tavla og legg samtidig vekt på reglar for setningar, og korleis ein kan halde god orden i skriveboka. Det er lurt å la elevane setje strek eller prikk under ordet dei har laga setning til, slik: Georg er ein gut som likar å fiske. Filip blir sur når han ikkje får fisk. Til den andre delen av oppgåva bør du førebu deg på korleis du vil rettleie elevane i å skrive ein tekst. Du kan derfor bruke han som eit vidare arbeid i neste økt eller som ein stor del av til dømes ein dobbelttime i faget. Bruk digitale hjelpemiddel og la elevane utfalde seg kreativt.
Kom i gang med Lundes oppgåvekort Innleiing Del ut skrivebøkene eller be elevane ha nettbrett med skriveprogram klart. Introduser oppgåvekortet de skal arbeide med i denne timen. Du kan laminere eit kort som du heng på tavla, og som seinare kan henge på ein ordvegg i klasserommet. Les teksten under illustrasjonen høgt og spør kva elevane kan om ordet de skal arbeide med. Her kan du også spørje om eigenskapar ved ordet og kva elevane trur ligg i ordet. Lag eit tankekart på tavla manuelt eller digitalt der du skriv ordet i midten.
Oppmuntre elevane og skil mellom kva som er non-ord og reelle ord. Ros elevane dersom dei kjem på høgfrekvente ord de har arbeidd med. Du kan vere sekretær undervegs og skrive opp orda på ein eigen del av tankekartet. Ein vri er å konkurrere frå gong til gong om kor mange ord de klarer å lage. Rekn ut poenga saman. Kvart ord gjev to poeng. D Teikn og skildre Kva er ei god skildring? Her skal elevane arbeide med å utvide omgrepsapparatet sitt for å kunne skildre og tenkje breiare rundt orda dei arbeider med. Arbeider dei med å skildre ordet frosk, er det viktig at det kjem fram meir enn at frosken er levande, og at han hoppar. Be elevane vere nøgne og detaljerte.
ur de rin g
A Set i gang! Les eitt og eitt spørsmål høgt. Elevane arbeider i læringspar og får lov til å svare 30–45 sekund kvar. Styr læringspara slik at kvar elev får tid til å tenkje og svare. Utvid tida dersom du ser at spørsmåla er av eit slikt omfang at elevane treng det. Observer og lytt til elevane undervegs medan dei snakkar.
C Ord i ord I denne oppgåva ber du elevane teikne eller lage like mange kvadratiske ruter som det er bokstavar i ordet dei skal arbeide med. Be elevane fylle inn bokstavane, og la dei gå i gang med å lage så mange ord som mogleg ut av ordet. Bokstavane dei har tilgjengeleg, kan brukast éin gong per ord. I neste ord kan bokstavane brukast på nytt.
Ein vri for større elevaktivitet og for å synleggjere skilnader i skildringane i klassen kan vere at læringsparet noterer skildringa på ein post-itlapp som dei festar nedst på oppgåvekortet. Då kan ein diskutere likskapar og skilnader og kanskje kome fram til ei eiga skildring og ein eigen definisjon i klassen. Dette kan du skrive digitalt, skrive ut og feste nedst på oppgåvekortet.
ra g
fo rv
B Snakk og skriv La elevane halde fram med å arbeide i læringspar. Set av 3–5 minutt til oppgåva. Elevar som blir raskt ferdige, kan lage endå fleire setningar. Modeller forslag høgt for elevane slik at dei som står fast, kan få nye idear. Bruk frasar som «No høyrde eg nokon seie ...», «Ei fin setning eg høyrde no, var ...» eller «Visste de at ...?». Be elevane setje ring rundt den setninga dei vil dele med resten av klassen.
U
td
Følg med undervegs, slik at du er klar til å leie gruppa vidare når siste læringspar er ferdig. La elevane dele ei setning kvar i raskt tempo, som du noterer manuelt eller digitalt i tankekartet. Spør gjerne kor mange stavingar ordet har, kvar verbet eller substantivet er, eller spør om strukturar for setningsoppbygging, slik som komma, punktum og stor bokstav i starten av setninga eller i namn og stader. Dersom same setning kjem opp fleire gonger, set du ei stjerne ved sida av setninga som allereie er skriven.
E Utfordringa Dette skal vere det vesle, men samtidig store, avbrekket – ei oppgåve som gjerne er litt uventa eller krev meir av elevane, samtidig som alle kan meistre henne. Oppgåvene varierer i bruk av ulike grunnleggjande ferdigheiter og legg til rette for tverrfagleg aktivitet og djupnelæring. Desse oppgåvene er det viktig at du førebur deg godt på, slik at elevane får utstyret dei treng, tilstrekkeleg tid til idémyldring og rettleiinga dei treng for å løyse dei.
3
Innhald
ur de rin g
Lundes oppgåvekort 1 appelsin...................................................27 2 frosk..........................................................28 3 helikopter................................................29 4 telefon......................................................30 5 sitron........................................................31 6 kikkert......................................................32 7 elefant......................................................33 8 konvolutt.................................................34 9 vaskemaskin............................................35 10 batteri.....................................................36 11 insekt......................................................37 12 paraply...................................................38 13 politi.......................................................39 14 brødskive...............................................40 15 sjokolade...............................................41 16 fisk...........................................................42 17 hai...........................................................43 18 buss....................................................... 44 19 skåp........................................................45 20 tog .........................................................46 21 kylling.....................................................47 22 snigel......................................................48 23 and.........................................................49 24 traktor....................................................50 25 handkle..................................................51 26 gate........................................................52 27 datamaskin............................................53 28 campingplass.......................................54 29 bjørn......................................................55 30 avis.........................................................56
U
td
ra g
fo rv
Lundes lesetekstar 1 I båten........................................................ 5 2 Kaketrøbbel ............................................. 6 3 Pingvinagenten......................................... 7 4 Sprøyt........................................................ 8 5 Følg kartet!................................................ 9 6 Monstermarken...................................... 10 7 Aketur...................................................... 11 8 Flyet.......................................................... 12 9 Korga........................................................ 13 10 Haren i hatten...................................... 14 11 Bjørnen og bia...................................... 15 12 Steikjeomnen........................................ 16 13 Tur........................................................... 17 14 Å sjekke inn........................................... 18 15 Passordet............................................... 19 16 Brr!..........................................................20 17 I sofaen..................................................21 18 Vasskrekk!..............................................22 19 Konserten..............................................23 20 Kokken Oskar.......................................24 21 Brann!....................................................25 22 Pia og Pir...............................................26
4
Brann! A Les, leit og teikn. – Brann! ropar Berit, og elevane er snare. På eit blunk har dei stilt opp, og no er dei klare. Ute har dei vaksne på seg vestar som er gule. Alarmklokka dirrar. Ho held fram med å ule.
– Dette var ei øving! Det var jo topp!
ur de rin g
Klassane står på rekkje og rad. Ingen tullar eller går nokon stad. Rektor kjem springande og held tomlane opp.
Set prikk under ord med fem bokstavar. Set strek under ord med tre stavingar.
fo rv
Teikn til teksten.
td
1 Kven er Berit?
C Skriv ord som begynner med brann.
ra g
B Les og svar på spørsmåla.
U
2 Kva er det som skjer?
3 Kva farge har vestane til dei vaksne?
D Set strek mellom stavingane.
vestar alarmklokkene sekund tomlane
4 Kven kjem springande?
E Arbeid vidare i skriveboka di. 5 Kva var det som var topp?
Skriv orda du prikka og streka under, i alfabetisk rekkjefølgje. Lag ei setning til kvart ord. Kva skal du gjere når brannalarmen går på skulen? Skriv ei punktliste i rett rekkjefølgje.
Kopiark – Lundes leseforståing • GAN Aschehoug / H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 2020
25
Kopiark – Lundes leseforståing • GAN Aschehoug / H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 2020
55
ra g
td
U
Det største og sterkaste rovdyret i Europa er brunbjørnen. Vi les ofte om han i eventyra. Nokre stader kan ein også sjå spor etter bjørnen på blåbærtur i skogen. Sjølv om bjørnar er vakre dyr, er det klokt å halde avstand. Ein brunbjørn kan bli over to meter lang og vege opptil 350 kg.
bjørn Arbeid saman to og to. Sei fem setningar til kvarandre som inneheld ordet bjørn. Skriv setningane og del ei setning kvar med resten av klassen. Kva er likt og ulikt med setningane de deler?
Snakk og skriv
Har du nokon gong sett ein bjørn? Er bjørnen farleg for menneske? Har du høyrt historier eller songar om bjørnar?
Set i gang!
E
D
C
Leik og syng «Bjørnen sover». Les deretter Asbjørnsen og Moe-historia «Hvorfor bjørnen er stubbrumpet». Samtal om og øv på å fortelje att eventyret til kvarandre anten som forteljing eller leseteater.
Utfordringa
Korleis vil du skildre ein bjørn? Diskuter med læringspartnaren din og skriv ned skildringane de blir einige om. Teikn deretter ein bjørn.
Teikn og skildre
ur de rin g
Kva for andre ord kan du lage med bokstavane i ordet bjørnebærbusk?
Ord i ord
fo rv
B
A
Magi