Skriveforståing 4 - skriv tekstar

Page 1

Elevane arbeider med kvar skrivehandling gjennom tre ulike oppgåver. Dei får skriverammer og hjelp til idemyldring, og iblant ei ferdig innleiing. Tanken er at elevane skal få gode måtar å setje i gang skrivinga på, slik at dei får skrive ein tekst dei er stolte av og har lyst til å ta vare på.

Hanne Solem

Skriveforståing 4 – skriv tekstar

EM PL AR

Bøkene i serien Skriveforståing – skriv tekstar tek utgangspunkt i fem grunnleggjande skrivehandlingar som er sentrale i skriving som grunnleggjande ferdigheit.

VU

R

ng

D

ER

IN

G

SE

KS

Dei vaksne får dessutan ei kort innføring i skrivehandlingane, eksempeltekstar til kvar skrivehandling og rettleiing til korleis ein kan vurdere tekstane for å hjelpe elevane vidare.

Mi te

m a s kst

li

gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no

9

788249

219124

Skriveforståing 4 Nynorsk ISBN 978-82-492-1912-4

GAN Aschehoug


Til dei vaksne Skriveforståing – skriv tekstar er ein serie bøker som skal vere ei hjelp, eit praktisk verktøy og ein inspirasjon i den grunnleggjande og tilpassa skriveopplæringa.

EM PL AR

Skriving er ein prosess, og Skriveforståing – skriv tekstar er er meint å setje i gang prosessen, men skal også vere ei bok der dei ferdige tekstane blir skrivne, eller eventuelt limte, inn. Slik blir boka ein dokumentasjon på tekstskapinga til eleven. Utkast til tekstane kan elevane gjerne skrive på eigne ark.

KS

Skriveforståing – skriv tekstar tek utgangspunkt i skriving som grunnleggjande ferdigheit og fem grunnleggjande skrivehandlingar, som alle er henta frå skrivehjulet (www.skrivesenteret.no). Ei nærare innføring i skrivehandlingane står på side 4. Eksempeltekstar finn du på side 36.

ER

IN

G

SE

I Skriveforståing – skriv tekstar får elevane tre skriveoppgåver til kvar skrivehandling. Dei får skriverammer og hjelp til idemyldring, og kanskje ei ferdig innleiing. Dette varierer frå oppslag til oppslag. Tanken er at elevane skal få lære gode måtar å setje i gang si eiga skriving på, slik at dei får skrive ein tekst dei er stolte av og har lyst til å ta vare på.

VU

R

D

Det er fleire aspekt ved det å skrive ein tekst som det er nyttig å kjenne til. Desse aspekta er • kommunikasjon • innhald • tekstoppbygging • språkbruk • rettskriving • teiknsetjing Når vi vurderer tekstane til elevane, kan vi vurdere kvart aspekt uavhengig av dei andre. Slik blir vi medvitne om dei ulike kvalitetane ved skriveferdigheita til eleven. Meir om denne analytiske vurderingsmåten finn du i kapittelet Vurdering av tekstar – vurderingsområde på side 41. Vi tilrår at du set deg inn i det kapittelet før de tek boka i bruk.


Innhald Oversikt over skrivehandlingane ........................................................................4 Å skrive ein tekst .....................................................................................................5

EM PL AR

Å førestille seg 1 Leksemaskin ........................................................................................................... 6 2 Den mystiske lyden ...............................................................................................8 3 Vaksen for ein dag ...............................................................................................10

KS

Å skildre 4 Ein herleg middag ............................................................................................... 12 5 Heimstaden min ...................................................................................................14 6 Vikaropplegg ........................................................................................................ 16

G

SE

Å overtyde 7 Å lage lunsj på skulen ......................................................................................... 18 8 Vekepengar .......................................................................................................... 20 9 Bruk sykkelhjelm ..................................................................................................22

D

ER

IN

Å utforske 10 Planeten Mars ....................................................................................................24 11 Å vere barn i steinalderen ................................................................................26 12 Sukker ..................................................................................................................28

VU

R

Å reflektere 13 Å vekse opp i Noreg......................................................................................... 30 14 Musikk ..................................................................................................................32 15 Vatn ......................................................................................................................34 Eksempeltekstar ............................................................................................36–40 Vurdering av tekstar – vurderingsområde ............................................41–43 Ekstra sider .................................................................................................... 44–47


Oversikt over skrivehandlingane Til dei vaksne:

EM PL AR

Teksten på side 4 og 5 er formulert i du-form, til eleven. Som lærar finn du din metode for å formidle innhaldet til elevane ut frå klassetrinn og faglege føresetnader. Vi tilrår at du lanserer dei ulike skrivehandlingane gradvis for elevane, for eksempel som ein del av eit årshjul i skriveopplæringa.

Til deg som er elev:

KS

I denne boka møter du fem skrivehandlingar. Skrivehandlingane kan nok i fleire samanhengar likne litt på kvarandre. Det kan likevel vere nyttig for oss for å øve på å skrive på ulike måtar. Det handlar mykje om kvifor vi skriv, kven vi skriv for, og kva vi vil bruke skrivinga til.

G

SE

Å førestille seg vil seie at du skriv om noko som du tenkjer deg har skjedd, eller som kan skje, men som ikkje er verkeleg. Det kan likne på det verkelege livet, men det er fantasi. Du skriv gjerne for å underhalde andre. Det du skriv, kan vere spennande, morosamt, alvorleg eller kvardagsleg.

ER

IN

Å skildre tyder at du skriv om noko verkeleg, gjerne for å informere andre. Det kan for eksempel vere å forklare korleis noko verkar eller skal brukast, eller å skildre ein leik, eit dyr eller ein stad. Det kan også vere å skrive eit referat eller eit samandrag.

R

D

Å overtyde vil seie at du uttrykkjer meiningane dine for å påverke andre til å bli einige med deg. Då må du grunngje meiningane dine på ein god måte og utdjupe det du meiner. Du må argumentere for å overtyde.

VU

Å utforske tyder at du brukar det du kan og veit, for å finne ut noko meir og utvikle ny kunnskap. Det kan for eksempel vere å bruke det du har lært om naturen, for å finne ut kva som skjer med dyra om vinteren. Å reflektere tyder at du skriv ned tankane dine – du tenkjer over noko. Det kan vere at du tenkjer over korleis du har utført eit arbeid, og vurderer kva du synest om innsatsen din. Det kan vere at du tenkjer over korleis du trivst på skulen, og korleis du likar å ha det med vener. Når du reflekterer, er det som om du snakkar med deg sjølv.

4


Å skrive ein tekst

EM PL AR

Når du skal skrive ein tekst, må du planleggje teksten. Først må du vite kva du skal skrive om. Kanskje treng du å samle idear og kunnskap før du begynner å skrive? Kanskje bør du notere ned ord du kan ha bruk for? Ofte kan det vere nyttig å bruke skriverammer som ein del av planlegginga. Det kan gje deg idear til både innhald og til korleis du kan byggje opp teksten din, slik at du kan sjå føre deg teksten du skal skrive. I denne boka ser du forslag til korleis du kan bruke ulike skriverammer. Nokre av ideane er henta frå www.skrivesenteret.no. Der kan du finne fleire skriverammer.

G

SE

KS

Undervegs i skrivinga di vil du sikkert forandre på noko av teksten din. Det kan vere nyttig å få hjelp av ein læringspartnar eller ein vaksen. Når du er ferdig med å skrive eit utkast, er det lurt å lese teksten høgt. Er det noko meir du bør endre på? Har du svart på oppgåva? Har du bygd opp teksten din på ein god måte? Utdjupar du? Har du lært å bruke avsnitt? Har du variert ordbruken og korleis du begynner setningane dine? Er det noko anna du burde ha tenkt på?

VU

R

D

ER

IN

Til slutt skal du vere din eigen sekretær. Då ser du etter om dei fleste orda er skrivne rett, og om du har hugsa å setje inn punktum og andre skiljeteikn du har lært deg. Læraren din vil fortelje deg kva du skal sjå etter, og korleis du skal gjere det.

5


1

Å førestille seg Kva tyder det å førestille seg? Sjå side 4.

Tenk deg at du fekk prøve ei ny oppfinning – ei leksemaskin – utan at nokon fekk vite det. Korleis gjekk det? Blei leksene rett gjorde? Lærte du noko? Fekk du betre tid? Fekk du nokon overraskingar? Kva syntest læraren din om leksene? Skriv ein tekst der du førestiller deg at du fekk prøve ein leksemaskin.

EM PL AR

Leksemaskin

KS

Ei skriveramme kan vere ein måte å planleggje skrivinga på. Her har du forslag til ei delvis utfylt skriveramme. Du kan både stryke over og fylle inn meir. Bruk gjerne ein læringspartnar. Hovuddel

Leksemaskin på prøve. Spennande!

Her plasserte eg leksemaskina:

G

SE

Innleiing

Avslutning Måtte levere tilbake leksemaskina.

Dette skjedde når eg putta inn:

ER

IN

Mattelekse:

D

Skrivelekse:

VU

R

Engelsklekse: Andre lekser:

Dette syntest læraren om leksene mine:

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 6

Dette syntest eg om forsøket med leksemaskina:


7

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


2

Å førestille seg Kva tyder det å førestille seg? Sjå side 4.

Den mystiske lyden

EM PL AR

Tenk deg at du er på veg heim. Plutseleg høyrer du ein mystisk lyd. Kva kan det vere? Er lyden frå eit dyr eller eit menneske? Eller frå noko heilt anna? Det finn du ut av. Kva skjer vidare? Skriv ein tekst der du førestiller deg kva som skjer når du høyrer ein mystisk lyd.

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar. Hovuddel

Avslutning

På veg heim. Mystisk lyd.

Eg trur lyden kjem frå:

KS

Innleiing

SE

Oppdagar at lyden kjem frå:

VU

R

D

ER

IN

G

Dette skjer vidare:

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 8


9

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


3

Å førestille seg Kva tyder det å førestille seg? Sjå side 4.

Vaksen for ein dag

EM PL AR

Førestill deg at du er vaksen for ein dag. Når du vaknar om morgonen, er du vaksen, og det varer heile dagen. Det er ein vanleg dag, du har familie, du har jobb, og du har fritid. Du har både ansvar og fridom. Korleis blir ein slik dag for deg, frå du står opp, til du legg deg igjen? Skriv ein tekst der du førestiller deg at du er vaksen for ein dag.

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

Avslutning

Vaknar som vaksen. Dette er meg: (alder, namn, familie, jobb)

Dette opplever/gjer eg Morgon:

KS

Hovuddel

D

ER

IN

Føremiddag:

G

SE

Innleiing

VU

R

Ettermiddag:

Kveld:

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 10

Dette synest eg om å vere vaksen ein dag:


11

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


4

Å skildre Kva tyder det å skildre? Sjå side 4.

Ein ven av deg skal lage ein velsmakande middag for to personar og treng hjelp. Du bestemmer kva rettar han skal lage. Du skal skrive ei god skildring av kva som skal handlast inn, nødvendig utstyr, framgangsmåte og lure tips, slik at venen din klarer å lage middagen. Skriv ein tekst der du skildrar korleis ein kan lage ein herleg middag for to personar.

EM PL AR

Ein herleg middag

Middagen eg har valt:

Innleiing Hovuddel

SE

Dette gjer du:

VU

R

D

Utstyr du treng:

ER

IN

G

Ingrediensar du treng:

KS

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

Avslutning Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 12

Lure tips:


13

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


5

Å skildre Kva tyder det å skildre? Sjå side 4.

Du skal skildre heimstaden din for ein turist. Kvar i Noreg er heimstaden din? Kva er typisk for staden? Korleis ser det ut der? Korleis er naturen? Kva er det fint for ein turist å sjå og oppleve? Kvar kan ein overnatte? Kva er lurt å ha med av klede og anna? Skriv ein tekst der du skildrar heimstaden din for ein turist som ikkje har vore der før.

EM PL AR

Heimstaden min

Heimstaden min heiter:

Innleiing

Kvar han ligg:

Dette er det fint å sjå og gjere:

Overnatting:

VU

R

D

ER

IN

G

Slik ser det ut der:

SE

Hovuddel

KS

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

Avslutning

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 14

Lure tips:


15

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


6

Å skildre Kva tyder det å skildre? Sjå side 4.

Du skal lage eit detaljert vikaropplegg for ein time i kroppsøving på 4. trinn. Vikaren er ikkje kjend i gymsalen, veit ikkje kva utstyr som finst, og har lite erfaring som lærar i kroppsøving. Timen skal vere variert, ha fleire aktivitetar og gå føre seg inne. Lag eit vikaropplegg der du detaljert skildrar opplegget for ein time i kroppsøving på 4. trinn.

EM PL AR

Vikaropplegg

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar. Klassetrinn:

Innleiing

Kor mange elevar:

KS

Tema for timen:

Hovuddel

Dei ulike aktivitetane med skildring:

ER

IN

G

Oppvarming:

SE

Dette treng du av utstyr:

VU

R

D

Her finn du utstyret:

Avslutning Slik avsluttar du timen:

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 16

Lure tips:


17

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


7

Å overtyde Kva tyder det å overtyde? Sjå side 4.

Å lage lunsj på skulen

EM PL AR

Klassen din vil gjerne at de skal lage lunsj saman på skulen ein dag i veka, i staden for å ha med matpakke heimanfrå. Den lokale butikken vil gje dykk matvarer i ein forsøksperiode. Det er rektor som avgjer om de skal få lov. For å overtyde rektor må du ha nokre gode argument, og du må utdjupe dei med «bevis».

Skriv eit brev til rektor der du prøver å overtyde han/ henne om at de skal få lage lunsj på skulen ein dag i veka.

KS

Planlegg skrivinga ved å fylle ut resten av skriveramma nedanfor. Bruk gjerne ein læringspartnar. Innleiing

Argument 2

Det er betre enn matpakke.

Bra for klassemiljøet.

Bevis

Bevis

Argument 3

Argument 4

Lærer mykje.

Er ein del av faget mat og helse.

Bevis

Bevis

ER

IN

G

Argument 1

SE

Eg meiner at klassen skal få lov til å lage lunsj på skulen éin dag kvar veke.

VU

R

D

Fersk mat er freistande. Gjev betre appetitt. Gjer oss opplagde.

Avslutning Mange gode grunnar for lunsj på skulen. Håpar du har blitt overtydd.

Det er lurt å kladde på eit ark først. 18

Argument 5

Bevis


VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

EM PL AR

Til rektor

Helsing

19


8

Å overtyde Kva tyder det å overtyde? Sjå side 4.

Vekepengar

EM PL AR

Du vil gjerne at dei vaksne heime skal gje deg vekepengar. For å overtyde dei om at du fortener det, må du ha nokre gode argument, og du må utdjupe dei med «bevis». Argumenta kan til dømes handle om at du vil gjere ulike oppgåver heime, at du vil lære deg å spare og disponere pengar, eller at det vil føre til at du tek meir ansvar. Skriv eit brev til dei vaksne heime der du prøver å overtyde dei om at du fortener vekepengar.

KS

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

Argument 2

Argument 3

Argument 4

Argument 5

Bevis

Bevis

ER

IN

G

Argument 1

SE

Innleiing

Bevis

VU

R

D

Bevis

Avslutning

Det er lurt å kladde på eit ark først. 20

Bevis


EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU

Kjære

Helsing

21


9

Å overtyde Kva tyder det å overtyde? Sjå side 4.

Bruk sykkelhjelm

Skriv eit brev til samferdselsministeren der du prøver å overtyde han eller henne om at sykkelhjelm bør bli påbode.

EM PL AR

Kvart år blir mange syklistar alvorleg skadde i trafikken. Vi kunne ha unngått mange av desse skadane dersom alle brukte sykkelhjelm. Du meiner at det er mange gode grunnar til at hjelm bør bli påbode i trafikken, og du vil prøve å overtyde samferdselsministeren om at du har rett.

KS

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

Argument 2

Argument 3

Argument 4

Argument 5

Bevis

Bevis

ER

IN

G

Argument 1

SE

Innleiing

Bevis

VU

R

D

Bevis

Avslutning

Det er lurt å kladde på eit ark først. 22

Bevis


VU

R

D

ER

IN

G

SE

KS

EM PL AR

Til samferdselsministeren

Helsing

23


10

Å utforske Kva tyder det å utforske? Sjå side 4.

Planeten Mars

Skriv ein tekst der du utforskar planeten Mars.

EM PL AR

Før trudde mange at det fanst levande vesen på Mars, såkalla marsbuarar. Dei blei gjerne framstilte som små, grøne figurar. No veit vi betre, takka vere forsking. Vi gjer stadig nye oppdagingar om planeten Mars, sjølv om det framleis er mykje vi ikkje veit. Men kva har vi funne ut om planeten til no? Bruk bøker, Internett og det du allereie veit om Mars, til å utforske planeten.

KS

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar. Innleiing

SE

Kva veit vi om planeten Mars? Det har eg prøvd å finne ut.

Hovuddel

Årstider og temperatur:

G

Storleik:

Lengd på døgn Vatn og luft: og år.

VU

R

D

ER

IN

Utsjånad og landskap:

Avslutning

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten din ein tittel. 24

Anna:


25

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


11

Å utforske Kva tyder det å utforske? Sjå side 4.

I steinalderen levde barn under heilt andre forhold enn i dag. Dei budde annleis, dei hadde andre klede, maten var annleis, og kvardagen var annleis. Korleis var det å vere barn i steinalderen? Bruk bøker, Internett og det du allereie veit, til å utforske livet som barn i steinalderen. Skriv ein tekst der du utforskar korleis det var å vere barn i steinalderen.

EM PL AR

Å vere barn i steinalderen

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

KS

Innleiing

Mat:

Farar:

Arbeidsoppgåver:

VU

R

D

ER

IN

G

Bustad:

SE

Hovuddel

Avslutning

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 26

Leik:

Språk:


27

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


12

Å utforske Kva tyder det å utforske? Sjå side 4.

Sukker

EM PL AR

Vi kan få i oss sukker på to måtar. Den eine er gjennom mat og drikke som inneheld naturleg sukker, for eksempel druer og appelsinjus. Den andre er gjennom mat og drikke som er tilsett sukker, for eksempel kaker og brus. Over halvparten av oss får i oss meir sukker enn det som er tilrådd. Korleis påverkar eigentleg sukker kroppen vår? Bruk bøker, Internett og det du allereie veit, til å utforske korleis sukker påverkar kroppen.

Skriv ein tekst der du utforskar kva sukker gjer med kroppen.

KS

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

SE

Innleiing Hovuddel

IN

G

Eksempel på mat og drikke med naturleg sukker:

ER

Kva kan vere sunt med mat og drikke med naturleg sukker:

R

D

Kva kan vere mindre bra:

VU

Døme på mat og drikke som er tilsett sukker:

Negativ påverknad på kroppen:

Avslutning

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 28


29

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


13

Å reflektere Kva tyder det å reflektere? Sjå side 4.

Å vekse opp i Noreg

Kva meiner du er eit godt liv? På kva måtar er det godt for barn å vekse opp i Noreg? Skriv ein tekst der du reflekterer over på kva måtar det er godt for barn å vekse opp i Noreg.

EM PL AR

Noreg blir rekna som eit godt land for barn å vekse opp i. Ifølgje barnerettane, som er vedtekne av FN, har alle barn rett til eit godt liv.

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

Hovuddel Om mat og helsetilbod:

Om fritid:

Om bustad:

VU

R

D

ER

IN

G

Om barnehage og skule:

SE

KS

Innleiing

Avslutning

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 30

Anna:


31

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


14

Å reflektere Kva tyder det å reflektere? Sjå side 4.

Du likar sikkert å høyre på musikk av og til. Kva likar du å høyre på? Kva gjer ulike typar musikk med deg? Kva får det deg til å føle eller gjere? Kanskje likar du å syngje eller spele eit instrument? Kvifor? Kva har musikk å seie for deg? Skriv ein tekst der du reflekterer over kva musikk er for deg.

EM PL AR

Musikk

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

KS

Innleiing

SE

Hovuddel

G

Musikk eg likar:

ER

IN

Dette får musikk meg til å tenkje på / føle:

R

D

Dette får eg lyst til å gjere når eg høyrer på musikk:

VU

Musikk er viktig for meg fordi:

Anna:

Avslutning

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 32


33

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


15

Å reflektere Kva tyder det å reflektere? Sjå side 4.

Vatn

Men kva rolle spelar eigentleg vatn for deg? Kva gleder gjev vatn deg? Kva treng du vatn til? Korleis ville kvardagen vore dersom det blei slik at vi måtte spare på vatnet?

EM PL AR

Har du tenkt over at vi i Noreg er heldige som alltid har tilgang til reint vatn? Vi synest til og med det er heilt vanleg å dusje og vaske kleda våre i drikkevatn. Vatn er sjølvsagt for oss.

Skriv ein tekst der du reflekterer over kva rolle vatn spelar for deg.

KS

Planlegg skrivinga ved å fylle ut skriveramma. Bruk gjerne ein læringspartnar.

SE

Innleiing

G

Hovuddel

D

ER

Eg brukar vatn til:

Dersom eg måtte spare på vatnet:

IN

Eg drikk vatn når:

Anna:

VU

R

Vatn får meg til å tenkje på:

Noko av det beste med vatn er:

Avslutning

Det er lurt å kladde på eit ark først. Hugs å gje teksten ein tittel. 34


35

EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


Eksempeltekst – Å førestille seg Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.

Konge for ein dag

EM PL AR

Ein morgon eg vakna, vakna eg som konge. Eg veit ikkje korleis det hadde skjedd, men eg var altså blitt konge av Noreg for ein dag. Eg skjønte at det kom til å bli ein spennande dag, så eg spratt ut av himmelsenga. Tenaren hadde lagt fram fine klede. Eg kledde på meg i ein fei. Krona av gull passa akkurat.

KS

Først åt eg ein herleg frukost. Det var nybakte bollar og iskald sjokolademjølk. Dronninga hadde nok ikkje stått opp, for eg åt heilt åleine. Då eg skulle rydde av bordet, spratt det fram ein tenar. Kongar ryddar jo ikkje opp etter seg!

G

SE

Eg tok ein tur ut på balkongen. Det er jo der kongen står 17. mai og vinkar. Eg prøvde å vinke med krona, men ho var for tung. Flosshatt er nok best.

ER

IN

Snart var det møte med statsministeren og regjeringa. Det var ganske kjedeleg. Eg skreiv under på mange papir og håpa at dei snart ville bli ferdige med møtet.

R

D

Med ein gong møtet var over, gjekk eg tilbake til himmelsenga. Ho var super å hoppe i!

VU

Og kvifor ikkje ete middag i senga? Tenarane serverte meg kalkun og ei heil sjokoladefontene. Eg blei så stappmett at eg sovna. Det var litt synd at eg sovna, for då eg vakna, var eg berre meg sjølv i mi eiga seng.

36


Eksempeltekst – Å skildre Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.

Slangar

EM PL AR

Ein slange har ikkje lemmer. Det vil seie at han ikkje har armar og bein. Likevel kan han bevege seg veldig raskt, og han kan til og med klatre i tre.

Alle slangar er rovdyr. Det vil seie at dei jaktar og et andre dyr. Dei fleste slangar et dyr som er mykje større enn dei sjølve, for dei kan nemleg opne munnen til eit kjempegap. Ein pytonslange kan svelgje både griser og antiloper, ja, til og med ei heil krokodille!

SE

KS

Sjølv om slangane har tenner, kan dei ikkje tyggje. Tennene brukar dei til å gripe om byttet og skyve maten ned i svelget. Nokre slangar har gifttenner i tillegg, slik som hoggormen. Større giftslangar som kobra og klapperslange lever ikkje i Noreg.

IN

G

Heldigvis jaktar ikkje slangar på menneske, men dei kan bite oss dersom dei blir skremde.

VU

R

D

ER

Blir ein biten av ein giftslange, må ein oppsøkje lege. Hos legen kan ein få sprøytt inn ei motgift. Slangebit er nok verre for dyr!

37


Eksempeltekst – Å overtyde Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.

Kjære rektor

EM PL AR

Du seier at vi ikkje får kaste snøball på skulen. Det synest eg er dårleg gjort. Eg håpar du vil ombestemme deg etter at du har lese dette brevet. Eg meiner at snøballkasting skal vere lov, fordi det er ein kjekk leik som ikkje treng å vere farleg. Vi klarer heilt fint å kaste snøball utan å sikte etter hovudet. Eg synest du skal stole på oss.

SE

KS

Ein annan grunn er at sjølv om snøballkasting er forbode, får ein likevel lyst til å kaste snøball. Men då må ein gjere det fort når ingen vaksne ser det. Då er det faktisk mykje meir sannsynleg å treffe hovudet og skade andre.

ER

IN

G

Ein tredje grunn er at det ikkje er så mykje å finne på ute i friminutta. Då er det slik at dersom snøen er kram, er snøballkasting topp. Vi kan sjølvsagt byggje snømann, men det er ikkje alltid nok snø til det. Dessutan er det ofte nokon som øydelegg han.

R

D

Her vi bur, er det ikkje så mange dagar om vinteren at det er kram snø. Altså treng du ikkje vere redd heile vinteren for at nokon skal få skadd hovudet sitt av ein snøball.

VU

Til slutt har eg to gode forslag: 1 Vi kan ha eit område i skulegarden som er merkt med «Snøballfri sone». Eg kan lage den plakaten. 2 Der det er lov med snøball, kan vi ha plakatar med «Forbode å sikte på hovudet». Dei kan eg også lage. Og du kan finne på ei straff for dei som ikkje følgjer regelen. Eg håpar du ombestemmer deg! Beste helsing Knut

38


Eksempeltekst – Å utforske Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.

Korleis var klesvask i gamle dagar?

EM PL AR

Eg legg ofte kleda mine til vask når dei er litt skitne. Det er veldig lett å vaske klede i dag. Men korleis var det før – altså før ein hadde innlagt vatn og vaskemaskin, og før ein hadde mange klede å byte mellom? Det har eg prøvd å finne ut av.

KS

For 150 år sidan var det veldig mange som ikkje hadde andre klede enn kleda dei hadde på seg. Det må jo tyde at kleda aldri eller sjeldan blei vaska. Det kan ikkje ha vore særleg bra å gå i dei same skitne kleda heile tida! Det lukta nok vondt også.

ER

IN

G

SE

Eg har funne ut at nokre stader vaska ein kleda sine éin gong i året. Eg trur det alltid var damer som vaska. Dei vaska kleda i elva eller i store kar, og ofte i kaldt vatn. Nokre varma opp vatn over elden, og det tok lang tid. Dessutan var det glovarme vatnet farleg. Eg har lese at dei brukte mykje anna enn såpe, for eksempel mjølk eller vatnet som var igjen i gryta når fisken var kokt. Det vanlegaste var visst lut. Lut er veldig sterkt, så mange må ha fått såre hender av å vaske klede.

VU

R

D

Då nokon fann opp ei oppskrift på såpe, laga ein gjerne såpa sjølv. Det var altfor dyrt å kjøpe henne. Såpa laga ein av lut, olje og vatn. Kleda blei som oftast tørka ute. Det vil seie at vêret var viktig for at vasken skulle tørke. Etter kvart blei det nok vanleg å vaske klede litt oftare. Likevel var det tungvint før ein fekk vaskemaskin. No er det dessutan ikkje berre damer som vaskar!

39


Eksempeltekst – Å reflektere Teksten er eit eksempel på ei skrivehandling og er ikkje knytt til klassetrinn eller forventa meistringsnivå.

Å ha ein stad å bu

EM PL AR

For dei fleste i Noreg er det sjølvsagt å ha ein stad å bu. Det er berre ikkje alltid vi tenkjer over kor heldige vi er.

Dersom nokon spør kvar eg bur, kan eg svare på det. Eg har ei adresse. Det er det ikkje alle som har. Eg har ein stad eg kallar heim. Når eg har vore ein stad, går eg heim etterpå. Eller kanskje blir eg henta. Når vi er på ferie, er det godt å kome heim.

KS

Heime har eg tinga mine. Eg treng ikkje å bere på alt eg eig, fordi eg ikkje har nokon stad å bu. Eg kan ha tinga mine på rommet. Det deler eg med søstera mi. Men eg har mitt eige skåp.

IN

G

SE

Det er fint å ha ei seng. Eg er glad for at eg kan krype under dyna om kvelden og vere der til neste morgon. Sjølv om eg kan bli sur når mamma seier eg skal leggje meg, så er eg glad i senga mi. Eg er så glad i henne at eg ofte ikkje har lyst til å stå opp!

VU

R

D

ER

Eg har ein stad å bu. Det er eg glad for.

40


Vurdering av tekstar – vurderingsområde Det er fleire aspekt ved det å skrive ein tekst som det er nyttig å kjenne til. Desse aspekta er

EM PL AR

• kommunikasjon • innhald • tekstoppbygging • språkbruk • rettskriving • teiknsetjing

IN

G

SE

KS

Når vi vurderer tekstane til elevane, kan vi sjå nærare på dei aspekta ved skriving som er nemnde ovanfor, som vi også kallar vurderingsområde. Ved å sjå på kvart vurderingsområde for seg, altså ved å gjere ei analytisk vurdering, kan vi sjå kvalitetar ved teksten uavhengig av andre aspekt. Ein elev kan for eksempel ha bygd opp teksten sin på ein god måte sjølv om innhaldet kanskje ikkje er særleg relevant for skriveoppgåva. Ved å vurdere ferdigheitene til eleven samla innanfor kvart vurderingsområde kan vi danne oss ein enkel meistringsprofil. Den kunnskapen dette gjev, hjelper oss som lærarar til å korrigere vår eiga undervisning.

VU

R

D

ER

Det er i stor grad vår undervisning, rettleiing og tilbakemelding som er avgjerande for skriveutviklinga til eleven og kor motivert han eller ho er for skriving. Eleven er også avhengig av å få gode og varierte skriveoppgåver, gode måtar å setje i gang på og hjelp til gode prosessar frå utkast til ferdig produkt. Skriverammer er eit godt hjelpemiddel. Gode eksempeltekstar er svært nyttig. Bruk gjerne gode elevtekstar som modelltekstar når det er mogleg – dei vil vere innanfor eit nivå som elevane kan strekkje seg etter. Du som lærar kan også skrive modelltekstar. Dei forventningane vi har innanfor kvart vurderingsområde, er naturlegvis avhengige av føresetnadene og klassetrinnet til skrivaren, av typen tekst og av den opplæringa vi har gjeve elevane.

Kommunikasjon Som skrivar er det viktig å kunne kommunisere med lesaren. Då må teksten fange interesse. Det kan skrivaren oppnå ved å vende seg direkte til ein lesar på ein måte

41


EM PL AR

som passar til føremålet med skrivinga, gjerne både i innleiinga og undervegs i teksten. Ein tittel og ei innleiing som fangar interesse og orienterer oss om kva teksten handlar om, gjev oss lyst til å lese vidare. Dersom interessa blir halden oppe i den vidare lesinga og teksten verkar truverdig, kommuniserer teksten godt. Sjølv om mottakaren, altså lesaren, kan vere ein tenkt mottakar, veit skrivaren kven teksten er meint for. Dette påverkar skrivemåten. Det er nyttig at elevane blir vande til å lese tekstane sine høgt for kvarandre, eventuelt at læraren les høgt. Då høyrer ein lettare i kva grad teksten kommuniserer. Trekk gjerne fram element ved ein tekst som bidreg til kommunikasjon, som gode eksempel for elevane.

Innhald

IN

Tekstoppbygging

G

SE

KS

Innhaldet skal vere relevant. Det skal altså svare på «skriveoppdraget». Teksten bør ha fleire innhaldsmoment, og det bør vere ein viss grad av utdjuping av dei ulike momenta. Eit tips kan vere å be elevane ha med eit visst tal moment når dei skriv, og at dei må utdjupe kvart moment med éi eller fleire setningar. Momenta kan gjerne vere ein del av eit tankekart eller ei skriveramme i forkant av skrivinga, gjerne som eit felles arbeid i klassen.

R

D

ER

Tekstoppbygging handlar om organisering av teksten – det at teksten har ein struktur. Innleiing og avslutning er ein del av ein slik struktur. Det å meistre ein tematisk samanheng mellom og innanfor dei ulike delane av teksten er ein viktig del av skriveopplæringa. Etter kvart lærer elevane å organisere tekstane i tematiske avsnitt som også er markerte grafisk.

VU

Tekstoppbygging handlar også om flyt i teksten – tekstbinding. God tekstbinding gjer teksten god å lese. Eksempel på bindeord som kan bidra til flyt, er og, men, fordi, dessutan, elles, for eksempel, sidan.

Språkbruk Språkbruk handlar mellom anna om variasjon i språket – variasjon i ordforråd og variasjon i byrjinga av setningane. Gje gjerne elevane eksempel på ulike setningsstartarar: Vi spela fotball i storefri. / I storefri spela vi fotball. / Som vanleg spela vi fotball i storefri. / Fotball var det vi heldt på med i storefri.

42


Bruk av adjektiv gjer også språket rikare. Elevane kan gjerne få øvingar der dei skal «fargeleggje» setningar ved å bruke adjektiv/adverb. Eksempel: Hunden sneik Den store, rufsete hunden sneik seg lydlaust etter den vesle kvite seg etter katten. katten.

EM PL AR

Ordbruken bør dessutan vere relevant – for eksempel bør ein fagtekst innehalde fagord. Setningane bør vere meiningsberande.

Rettskriving

Dei lydrette orda er dei vi først forventar at elevane skriv rett. Deretter kjem dei mest brukte høgfrekvente orda, der utvalet stadig blir utvida, og så samansette ord. Dialektrelaterte feil må vi rekne med. Stor bokstav etter store skiljeteikn er også ein del av rettskrivinga.

ER

Teiknsetjing

IN

G

SE

KS

Når du vurderer rettskrivinga til eleven, er det nyttig å sjå etter om eit feilskrive ord er ein «slengjarfeil» eller ein feil som gjentek seg. Er for eksempel stum h utelaten i eit ord éin stad, men ikkje i liknande ord seinare i teksten, er det ein typisk slengjarfeil som eleven enkelt kan rette opp. Er eleven meir konsekvent i å utelate stum h eller andre stumme lydar, er dette noko de må arbeide spesielt med. Når elevane skal vere sekretær på sin eigen tekst, bør læraren velje kva dei skal rette spesiell merksemd mot, ut frå ferdigheitene til kvar enkelt elev.

R

D

Det første elevane meistrar av teiknsetjing, er store skiljeteikn som punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn. Etter kvart tek dei i bruk hermeteikn, kolon, tankestrek og parentes.

VU

Dei enklaste kommareglane er komma framfor men og ved oppramsing. Det er først på mellomtrinnet at vi kan rekne med at elevane meistrar komma mellom heilsetningar og etter leddsetningar. Når du skal vurdere bruken av skiljeteikn, tek du utgangspunkt i det nivået du forventar ut frå opplæringa.

43


EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


EM PL AR

KS

SE

G

IN

ER

D

R

VU


EM PL AR KS SE G IN

ER

© 2018 GAN Aschehoug, H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) AS ISBN 978-82-492-1912-4 Nynorsk 1. utgåve / 1. opplag 2018

D

Forlagsredaktør: Kristin Hide Omsetjing til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland

R

Grafisk design og tilrettelegging: Format B7, Beate Syversen Trykk og ferdiggjering: 07 Gruppen AS, 2018

VU

Illustrasjonar: Thor W. Kristensen Forfattaren har fått støtte til utgjevinga frå Det faglitterære fond. Har du spørsmål om utgjevingane våre, kan du rette dei til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo forlag@gan.aschehoug.no gan.aschehoug.no Materialet i denne publikasjonen er omfatta av føresegnene i åndsverklova. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er det berre tillate å framstille eksemplar av dette verket eller gjere innhaldet tilgjengeleg dersom det er heimla i lov eller tillate gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Utnytting i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.