Skriving pågår B hjelper deg til å bli flinkare til å uttrykkje deg skriftleg. Boka består av tekstar og oppgåver fordelt på fem måtar å skrive på: å skrive for å beskrive å skrive for å informere å skrive for å argumentere å skrive for å fortelje å skrive for å reflektere
EM PL AR
• • • • •
Når du arbeider med desse skrivemåtane, arbeider du med skriving som grunnleggjande dugleik. Kan du skrivemåtane godt, har du eit solid utgangspunkt for å skrive i alle fag.
VU
R
D
ER
SE
IN
G
Trine Gedde-Dahl Anne Kristine Øgreid
KS
Boka inngår i serien Skriving pågår som dekkjer 5.–7. trinnet.
www.gan.aschehoug.no forlag@gan.aschehoug.no 9 788249 216185
Skriving pågår B – Nynorsk ISBN 978-82-492-1618-5
GAN Aschehoug
Til deg
EM PL AR
som skal bruke boka Målet med Skriving pågår er at du skal bli flinkare til å skrive alle slags moglege tekstar som finst rundt omkring. Skriving er ei grunnleggande ferdigheit, det betyr at du må skrive i alle fag, både for å lære og for å vise kva du har lært. Tekstane du skal arbeide med i denne boka, er delte inn i fem ulike måtar å skrive på: å skrive for å beskrive å skrive for å informere å skrive for å argumentere å skrive for å fortelje å skrive for å reflektere
KS
• • • • •
Dette er måtar å skrive på som går igjen i alle fag.
G
SE
Venstre side i boka: eksempeltekst Når du slår opp i boka, vil du sjå at på venstre side er det ein ferdig tekst, medan på høgre side er det oppgåver. Teksten skal anten gi deg idear til noko du kan skrive om, eller han skal vere ein modell som du kan sjå på og etterlikne når du skal skrive sjølv.
ER
IN
Høgre side i boka: oppgåver Når du skriv, må du førebu deg både på kva teksten skal handle om, og kva slags type tekst du skal skrive. Skal det vere ein faktatekst, eit lesarinnlegg, ein teikneserie eller ei bruksrettleiing? Denne boka er laga slik at ho skal hjelpe deg med desse førebuingane gjennom nokre oppgåver.
VU
R
D
• Studer teksten: I denne oppgåveruta finn du oppgåver som hjelper deg å lese teksten på venstre side. • Snakk saman: Her arbeider du saman med medelevar. De skal svare på spørsmåla ved å diskutere dei og finne svar på dei saman. • Skriv sjølv: Her finn du skriveoppgåva. I svaret på skriveoppgåvene får du bruk for både dei ideane du fekk gjennom å studere teksten, og ideane du fekk ved å snakke med medelevar. Oppgåvene leier deg gjennom skrivinga av teksten. Når du er ferdig med oppgåvene, er teksten ferdig. • Vurder teksten: Gjennom å svare på desse spørsmåla får du hjelp til å vurdere din eigen tekst. • Mål: Dette er eit fast punkt på høgresida. Her står det heilt kort kva som er målet med skriveoppgåva. Les det før du begynner med arbeidet. På nokre av sidene finn du også ei rute med ulike overskrifter. Dette er ei faktarute der nye og litt vanskelege ting er forklart. Det er alltid lurt å lese faktaruta, og nokre gonger vil du få beskjed om å studere det som står der. Lykke til med skrivearbeidet!
Innhald Beskrive Ville dyr bruker medisin.......................................................................................4
EM PL AR
Slik lever jeg – Trisha.............................................................................................6 Dikt av Inger Hagerup..........................................................................................8 Definisjonar............................................................................................................10 Informere
Flytt middagen ut.................................................................................................12 Tre på topp i Sarpsborg......................................................................................14
KS
Ikkje noko hokus pokus.....................................................................................17
SE
Reglar for kortspelet Idiot.................................................................................20 Argumentere
Fryktlause Håkon Håkonsen.............................................................................22
G
To timar gym i veka er altfor lite! ...................................................................24
IN
Er edderkoppar nyttige?....................................................................................26
ER
Ungdommen bør jobbe hardare....................................................................28
VU
R
D
Fortelje Flausar......................................................................................................................30 Hobbiten.................................................................................................................32 Wow..........................................................................................................................34 Eit eventyr ..............................................................................................................36 Reflektere 10 ting hunden din ville fortalt deg...............................................................38 Kjensla av mismot og skam..............................................................................40 Elektronikk på kroppen......................................................................................42
Som alle andre.......................................................................................................44 Arbeid med skriving i klasserommet............................................................46
Ville dyr bruker medisin EM PL AR
Det er ikkje berre menneske som bruker medisin mot sjukdommar. Mange ville dyr gjer også det. Men på kva måte gjer dei det?
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
Villsvin veit kva dei skal ete for å fjerne mark i magen.
4 • BeSKRIVe
Dyra snusar opp og et planter og stoff i naturen som verkar som legemiddel. Somme villsvin knaskar i seg røter som fjernar mark i magen. Og det finst sjimpansar som et bitre blad frå spesielle planter når dei er sjuke. Andre dyr bruker stoff som medisin i heimane sine. Bananfluger legg gjerne egga sine i mat som inneheld alkohol. Slik vernar dei barna mot farlege vepsar. Og enkelte maur kliner til reiret sitt med kvae som drep bakteriar. Forskarane trur det er instinkt som gjer at dyra veit kva dei skal gjere. Det er instinkta som får dei til å bruke plantene og stoffa. Maur og villsvin skjønner altså ikkje, slik vi menneske gjer, at medisinane vernar dei mot sjukdom. Likevel kan dyra lære oss noko. Stoff som gjer fluger eller aper friske, kan kanskje også hjelpe oss. Derfor er det smart å leggje merke til kva doktorane i dyreriket driv med.
Skriv sjølv
1 Har du svart på dette spørsmålet i teksten din: Kva slags mat er sunn for kroppen? 2 Inneheld teksten din både eksempel og forklaringar?
SE
Skriv ein tekst på to avsnitt der du beskriv kva vi kan ete for å få god helse. Teksten skal vere eit svar på dette spørsmålet: Kva slags mat er sunn for kroppen? Følg denne framgangsmåten: 1 Vel to matvarer som du vil skrive om. 2 Presenter matvarene i første avsnitt, og forklar kvifor matvarene er sunne for kroppen. 3 I det siste avsnittet skal du gi eksempel på og beskrive kva matrettar du kan ete for å få i deg desse matvarene.
Vurder teksten
KS
Når vi er sjuke, treng vi medisin. Men sunn mat kan bidra til at vi ikkje så lett blir sjuke. 1 Diskuter kva for matvarer som kan bidra til å gi oss god helse. Lag ei liste med minst fem matvarer. 2 Forklar kvarandre kvifor nettopp desse matvarene er sunne for kroppen.
VU
R
D
ER
Temasetningar skal innehalde ei fakta opplysning om emnet. Kommentarsetningar er to eller fleire setningar som forklarer eller eksemplifiserer temasetninga. Saman dannar temasetninga og kommentarsetningane eit avsnitt.
IN
G
Temasetningar og kommentar setningar
Studer teksten
Kva spørsmål blir stilt i byrjinga av denne teksten? Kva svar får du på spørsmålet? Les faktaruta om temasetningar og kommentarsetningar. a) F inn temasetninga i kvart av dei tre avsnitta i hovuddelen av teksten. b) I to av avsnitta består kommentarsetningane av eksempel, og i eitt av dei består dei av ei forklaring. Kva for avsnitt har eksempel, og kva for avsnitt har forklaring?
Snakk saman
1 2 3
EM PL AR
Mål Å beskrive sunn mat
Temasetning: Å ete handlar om meir enn å bli mett. Kommentarsetningar: Maten skal smake godt, og vi skal få i oss nok næringsstoff og energi. Mat og drikke speler også ei viktig rolle i festlege lag og når vi skal kose oss saman.
5
Junior
2. – 8. april 2013
Slik lever jeg Trisha
11
Trisha
11
alDER
sØskEn
4
EM PL AR
JEG BOR i
Livingstone, sør i Zambia
FaVORiTTMaT
FaVORiTTFaG
Nshima og kylling
FlYTiD FRa nORGE
sPRÅk
Engelsk og syv lokale hovedspråk
Sånn ser flagget ut
ER
IN
G
SE
KS
Cirka 12 timer
Kunst og håndverk
ZaMbIa
R
D
Vill starte eget sykehus V Vi Trishas største ønske er å bli lege og bygge eget sykehus.
VU
Tekst og foto: Caroline braate
hvorfor vil du bli lege? – fordi leger behandler folk godt. Jeg vil hjelpe syke mennesker. både barn og voksne. og så har jeg lyst til å tjene mye penger så jeg kan hjelpe min egen familie. Er det flere i familien din som er lege? – Ja, tanten og broren min. trisha går i 6. klasse, og skoledagen varer fra syv om
morgenen til kvart over tolv. hun jobber hardt på skolen og leser mye i helgene. Målet hennes er å komme inn på en høyskole og lære enda mer. hva drømmer du om? – om å bygge mitt eget sykehus i Livingstone en dag. fra før av er det fire sykehus i byen. trisha mener det er behov for et til, og hun har
flere grunner til å bygge det: – fordi jeg vil ha min egen bedrift. og så vil jeg hjelpe mange mennesker, og ansette mange folk! hva gjør du utenom skolen? – Jeg hjelper til hjemme. Da lager jeg ofte en tradisjonell rett som heter nshima, som ligner veldig på ris.
tips! ta en titt på kloden du finner på side 3. Zambia ligger i Afrika.
Hæ?
litt om Zambia
På grensen mellom Zambia og Zimbabwe ligger Victoriafallene (Victoria Falls). Det er verdens største fossefall og et av «verdens syv underverker».
www.aftenpostenjunior.no // nyheter for barn
6 • Beskrive
EM PL AR
1 Snakk saman om svara på spørsmåla under «Studer teksten». 2 Les faktaruta. Kva gjer intervjuet med Trisha til eit portrettintervju?
VU
R
D
ER
IN
Beskriv både tekst og bilete intervjuobjektet?
Vurder teksten
G
SE
KS
Du skal lage eit portrettintervju med ein du kjenner på din eigen alder, etter modell frå teksten om Trisha. 1 Lag spørsmåla du vil stille. 2 Still spørsmåla, og noter svara som stikkord. 3 Teikn intervjuobjektet ditt. 4 Gjer ferdig portrettintervjuet.
Studer teksten
Finn denne informasjonen i teksten: • Kva får du vite om kvardagen til Trisha? • Kva vil Trisha gjere når ho er ferdig med grunnskolen? • Kva vil Trisha bli, og kvifor? Kva meir får du vite om Trisha? Kvifor trur du slike tekstar blir kalla portrettintervju?
Snakk saman
1 2 3
Skriv sjølv
Mål Å beskrive ved å lage eit portrett
Portrett
Formålet med eit portrett er å vise eit bilete av ein person. Eit portrett kan vere eit fotografi, ei teikning, ei beskriving eller eit portrettintervju. 7
Dikt
EM PL AR
av Inger Hagerup På havets bunn står skutene
ER
SE
IN
G
De gamle kloke krabbene, tar panserskjorte på og digre klør på labbene når de skal ut og gå, men kommer enda stabbende forsiktig og på skrå.
KS
På havets bunn står skutene med svære svarte seil. Maneten pusser rutene og bruker dem til speil. Men stakkars torskesnutene, de tar bestandig feil!
VU
R
D
Det er så vått og susende i havets røde trær når vannet kommer brusende. Å, huttetu for vær! Da kryper sneglehusene i ly på sine knær. Men aller dypest nede gror et ensomt muslingskjell, der verdens største perle bor alene med seg selv. Og du skal få et eventyr om den en annen kveld.
8 • Beskrive
Sommerøya Hav og himmel kinn mot kinn. Motortøff og sønnavind. Måkereir og terneskrik. Hvite hus i hver en vik. Sjøsprøyt over glatte skjær. Ingen lekser. Ingen klær. Men vet du hva det beste er? Jo, hele øya full av svarte, søte, store, bjørnebær!
KS
1 Samanlikn svara i oppgåve 3 og 4 under «Studer teksten». 2 Kva er den beste plassen på jorda, synest de? Snakk saman om favorittstadene dykkar. 3 Dersom de kunne lage ein fantasistad, korleis skulle han sett ut?
1 Har du brukt adjektiv for å beskrive? 2 Har du beskrive lydar, lukter og smakar?
Studer teksten Vurder teksten
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Du skal lage ein tekst som beskriv favorittstaden eller fantasistaden din. Følg denne framgangsmåten: 1 Lag ei teikning som illustrerer favorittstaden eller fantasistaden din. 2 Lag eit tankekart der du noterer ned a) adjektiv som beskriv staden og det som finst på denne staden b) dei lydane du høyrer c) dei luktene du kjenner d) det du kan smake 3 Beskriv staden ut frå tankekartet du laga. 4 Set teikninga og det du har skrive, saman til ein tekst.
Snakk saman
EM PL AR
1 Les det første diktet, og skriv ei setning som seier kva diktet handlar om. Les diktet ein gong til. Gjer det same med det andre diktet. 2 Kva for stader blir beskrivne i desse to dikta? 3 Set strek under alle adjektiva du finn i dikta. 4 Svar på desse spørsmåla til diktet «Sommerøya»: a) Korleis ser det ut på denne staden? b) Kva for lydar kan du høyre? c) Kva kan du smake på?
Skriv sjølv
Mål Å beskrive ein stad
9
Definisjonar EM PL AR
BLoGG er ei slags dagbok som ein person har laga på Internett, og som alle som vil, kan lese gratis. Bloggar kan handle om eitt bestemt tema, eller om mange ulike. Ein matblogg er ein blogg som handlar om mat.
TRADISJon er aktivitetar som ein gjentek år etter år, der ein gjer det same på lik måte kvar gong. Julefeiring er ein tradisjon.
IN
G
SE
DeMonSTRASJon er at flere folk samler seg utendørs for å vise hva de mener om en sak. Folk demonstrerer gjerne fordi de er uenige i ting som skjer i samfunnet eller i politikken.
KS
næRInGSSToFFeR er stoffer som vi trenger å få i oss for at kroppen skal fungere best mulig. Viktige næringsstoffer er for eksempel protein, vitaminer og mineraler.
VU
R
D
ER
GRAFFITI er tekstar eller teikningar som blir spraya på veggar og murar på offentlege stader av anonyme personar. Mesteparten av graffitien er ulovleg hærverk. På veggane i undergangar er det ofte graffiti.
AnIMASJon er en illusjon av bevegelse som oppstår når stillestående bilder vises fortløpende etter hverandre. Mange Disneyfilmer er animasjoner.
VALUTA er den typen penger som er gyldige i et land. Norges valuta er kroner, mens Englands valuta er pund.
10 • BeSKRIVe
ALLeRGI er ein reaksjon i kroppen hos nokre menneske fordi dei ikkje toler enkelte stoff i omgivnadene eller i mat som dei et. Nokon kan reagere allergisk når dei et nøtter, mens andre reagerer på å puste inn eksos.
EM PL AR
Snakk om svara på oppgåvene under «Studer teksten».
Studer teksten
VU
R
D
1 Har de skrive tre–fem definisjonar? 2 Inneheld definisjonane ei forklaring og eit eksempel?
Vurder teksten
ER
IN
G
SE
KS
De skal definere vanskelege ord i ein fagtekst. Arbeid i grupper, og følg denne framgangsmåten: 1 Finn ein fagtekst om eit tema som de arbeider med i naturfag, samfunnsfag eller eit anna fag. Teksten kan de finne i ei lærebok, i ei fagbok eller på Internett. 2 Les teksten høgt for kvarandre, og noter tre–fem ord som treng ei nærmare forklaring. 3 Diskuter kva orda betyr. 4 Finn eksempel på alle orda. 5 Skriv ned definisjonane.
Snakk saman
1 Les definisjonane. Kva for ord kunne du frå før? 2 Det er eitt ord som går igjen i alle definisjonane. Kva ord er det? Kvifor trur du dette ordet finst i alle definisjonane? 3 Les faktaruta og finn a) setninga (ane) som forklarer, og b) eksempelet i kvar av definisjonane.
Skriv sjølv
Mål Å lage definisjonar
Definisjonar
Ein definisjon er éi eller fleire setningar som forklarer kva eit omgrep betyr. Ofte inneheld definisjonar også eit eksempel. 11
EM PL AR
Flytt middagen ut Risotto
Kveldsmatbrød
Kveldsmat ute på ein kvardag er hyggjeleg. Dette er lettvint mat som du kan førebu heime.
VU
R
D
ER
RISOTTO MED SOPP 1 liter vatn 2 buljongterningar 200 g risotto- eller grautris 1 lauk 2 ss olje 50 g riven parmesan 50 g sopp (fersk eller hermetisk) 50 g smør
IN
G
SE
Risotto er lett turmat med nesten uavgrensa haldbarheit, som både mettar og smaker godt. Risotto kan varierast i det uendelege i smak, med tilsetning av tomatpuré, ulike krydder, grønsaker, kjøtt eller fisk. Bruk fantasien, det du har i sekken, og det du finn undervegs på turen.
KS
Hugseliste for enkle måltid ute • Sitjeunderlag • Varme klede • Fyrstikker • Bestikk, tallerkenar og koppar • Kokeapparat med panne, gryter, lokk og gjerne kaffikjele • Steikjemargarin • Raudsprit/parafin til kokeapparatet • Boksopnar • Mat og drikke • Speidarkniv • Lommelykt
Slik gjer du: • Kok opp vatnet med buljongterningane. Hald det varmt. • Hakk lauken i småbitar, og steik med oljen og risen til det blir blankt. • Hell buljongen litt og litt oppi kjelen til han dekkjer risen. • Vent til det nesten er absorbert, og rør så i meir buljong. Hald fram til buljongen er oppbrukt. Dette tek ca. 15 minutt. Risottoen skal vere litt skvalpete. • Rør parmesan og smør inn i risottoen, og server med nysteikt sopp.
12 • Informere
ELVISSMØRBRØD Loff, kneipp eller anna brød Banos, peanøttsmør og margarin/smør Slik gjer du: Smør utsida av to brødskiver med smør. Legg godt med Banos / most banan på den eine skiva, og godt med peanøttsmør på den andre, og klem så skivene saman. Lag ein stor stabel og pakk i ein plastpose. Når svolten melder seg, er det berre å fyre opp primusen. Legg i steikjepanna, og steik til det er ein fin brunfarge på skivene. Bon appétit. FATTIGE RIDDARAR Tørre bollar, loff eller liknande Mjølk Smør til steiking Sukker og kanel Slik gjer du: Skjer bollane/brødet i skiver, og vend i mjølk før du steikjer dei i smør til dei har fått ein gyllen brunfarge. Vend skivene i ei blanding av sukker og kanel. Skal etast i store mengder medan dei er varme.
Studer teksten Skriv sjølv
1 Består teksten av ei innleiing, ei liste over matvarer, ein framgangsmåte og eit bilete? 2 Kva er det som skal gi lesaren lyst til å lage denne retten?
VU
R
D
ER
IN
G
Klassen skal lage eit hefte med oppskrifter på matrettar som kan lagast til ute på tur. Du skal lage ei oppskrift til dette heftet. Følg denne framgangsmåten: 1 Bestem deg for ein rett som du vil anbefale andre å lage når dei er på tur. Skriv ei kort innleiing der du forklarer kva slags rett det er, og kvifor du anbefaler akkurat denne retten. 2 Lag ei liste over utstyret dei treng for å lage retten. 3 Lag ei liste over matvarene dei treng. 4 Skriv ein framgangsmåte for korleis maten skal lagast til. 5 Skaff eit fotografi eller lag ei teikning som viser korleis retten ser ut.
Vurder teksten
SE
KS
1 Kva for andre matrettar kan ein lage på bål eller primus ute i naturen? 2 Kva reiskapar treng de for å lage desse rettane? 3 Kva for ingrediensar treng de til rettane?
Snakk saman
1 Les teksten. 2 Kven er denne teksten skriven for, trur du? Lag ei liste over personar som kan ha interesse av ein slik tekst. 3 I tillegg til bileta består kvar av oppskriftene av tre mindre tekstdelar: ei innleiing, ei liste med ingrediensar og ein del som heiter «Slik gjer du». a) Finn desse ulike delane i teksten. b) Kva er poenget med å dele teksten i tre slike delar? c) Kvifor trur du det er bilete i teksten? 4 Får du lyst til å lage ein av rettane? Kvifor? 5 Dersom denne teksten hadde stått i ei bok eller eit blad, kva kunne tittelen på boka eller bladet ha vore?
EM PL AR
Mål Å skrive ei oppskrift
13
Tre på topp i Sarpsborg
SE
KS
EM PL AR
Sarpsborg er full av spennande opplevingar for liten og stor. Her kan du hyggje deg i mange dagar, med fleire aktivitetar. Her presenterer vi tre av dei beste.
IN
Fortidsminne
G
Hornnes-feltet består av over 20 skipsfigurar.
R
D
ER
Ingen kommune i landet har fleire registrerte helleristingar enn Sarpsborg. Her har det vore busetnad heilt sidan isen kraup tilbake og gjorde området leveleg for menneske. Derfor er det også svært mange synlege minne om våre tidlegaste forfedrar innanfor kommunegrensene.
VU
I tillegg finn du ei rekkje andre minne frå vår lange historie: • gravrøyser • holvegar • bautasteinar knytte til gravplassar • bygdeborger Ta med deg nokre vaksne og reis rundt og sjå på dei ulike områda med fortidsminne.
14 • InFoRMeRe
Superland Superland er ein stad nokre barn kallar «paradis». Her finst mange ulike aktivitetar under eitt og same tak, noko som gir deg høve til å vere aktiv saman med andre barn, men også saman med dei vaksne. Her finn du: • ein klatrevegg på 13 meter, med auto descender så du kan klatre utan manuell sikring • ein 9hòls minigolfbane som passar til alle • ein klatrelabyrint med trampolinar, sklier og ballrom • ein ballbinge der du kan spele fotball, basket, kanonball eller innebandy • ein spelarkade, der dei no har minibowling, som den einaste i Noreg • Lazer Maze Challenge, der du smyg deg gjennom grøne strålar utan å bryte dei • maskindans for dei som elskar rytme og musikk • badeland med tre sklier, straumkanal, 25 meters basseng og ei eiga relaxavdeling med badstuer og boblebad for dei over 16 år
EM PL AR KS
SE
INSPIRIA science center
ER
IN
G
INSPIRIA science center i Sarpsborg er eit populærvitskapleg opplevings og læringssenter innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi. Her kan du lære gjennom å eksperimentere sjølv. Det betyr at du kan oppleve kunnskap og vitskap på ein heilt annan måte enn andre stader. Det er som å gå inn i ei anna verd, der du kan utforske og prøve ting du aldri har sett eller opplevd før.
VU
R
D
I INSPIRIA science center finn du: • ca. 70 ulike eksperiment som du kan prøve deg på • eit planetarium • Science Show • eit leikeområde for dei minste • teiknestasjonen «Øisteins tegnehjørne» • eit lyd og TVstudio • ein kultursal med scene • uteområde for leik og rekreasjon • ein spisestad • ein vitskapsbutikk med leik og læring INSPIRIA science center passar for heile familien.
15
1 Sjå på bileta i teksten. Kva for informasjon får du gjennom berre å studere bileta? 2 Sjå på overskriftene i teksten. Kva for informasjon får du gjennom overskriftene? 3 Sjå på kulepunkta i teksten. Kva slags informasjon gir dei?
Studer teksten
1 Snakk saman om svara på spørsmål 1–3 under «Studer teksten». Kvifor trur de at ein informasjonstekst består av både bilete, overskrifter og kulepunkt? 2 Fleire stader i teksten finn de pronomenet «du». Les teksten høgt saman, og set eit kryss kvar gong dette ordet dukkar opp. Diskuter kven «du» i teksten kan vere.
Snakk saman Skriv sjølv
1 Informerer teksten om tre aktivitetar eller opplevingar på heimstaden dykkar? 2 Kva viser at brosjyren er laga for barn på din eigen alder?
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
Lag ein informasjonsbrosjyre som heiter «Tre på topp i …». Brosjyren skal handle om heimstaden din eller om nærmaste by. Brosjyren skal vere retta mot barn på din eigen alder som kjem på ferie til denne staden, og som treng tips til morosame ting å gjere medan dei er der. Arbeid i grupper på tre, og følg denne framgangsmåten: 1 Noter ned kvar for dykk alt som kan vere morosamt å gjere på denne staden. 2 Set dykk saman alle tre, og presenter det de har skrive, for kvarandre. 3 Vel ein aktivitet eller ei oppleving kvar som de vil skrive om. Hent informasjon om aktivitetane frå Internett, frå brosjyrar eller ved å snakke med nokon. 4 Skriv kvar dykkar tekst til brosjyren: a) Lag overskrift til aktiviteten du skriv om. b) Skriv ein tekst som fortel lesaren noko viktig om aktiviteten. Bruk kulepunkt. c) Set inn eit bilete eller lag ei teikning til aktiviteten. d) Gå saman i gruppe igjen, og set saman dei tre tekstane til ein informasjonsbrosjyre.
Vurder teksten
EM PL AR
Mål Å informere om eit reisemål
16 • Beskrive
EM PL AR
Ikkje noko hokus pokus
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
I starten var det nok ein del som syntest det var rart at eg ville satse p책 trylllinga, men no synest dei fleste det er kult. Eg g책r alltid med ein kortstokk i lomma, for folk eg treff blir alltid nysgjerrige n책r eg seier kva eg driv med, smiler Alexander Haugaas, 21 책r.
17
EM PL AR
Ikkje noko hokus pokus den morosame entertaineren. Eg er visepresident i foreininga Magiske Cirkel Norge. Vi har 320 medlemmer, og eg leier også junioravdelinga, som består av 56 personar under 18 år. På den måten jobbar eg for å få fram nye og yngre talent.
Tekst: Vibeke Borgersen - Foto: Carl Martin Nordby
– Er det nokre kvinnelege medlemmer?
Da Alexander Haugaas var rundt 14 år, fann han ut at han likte å opptre. Men han visste også at han ikkje hadde stort nok talent som songar, dansar eller skodespelar. – Eg måtte finne på noko som kunne bli min greie, og sidan eg alltid har vore fascinert av trylling og tryllekunstnarar, tenkte eg at eg skulle kaste meg uti det.
– Det er det dårleg med, dessverre. Vi har nokre få, men førebels er det svært mannsdominert. I Noreg tippar eg vi berre er 15–20 som driv med dette på heiltid. – Øver du mykje?
– Det varierer, men det kan bli opptil tre timar pr. dag.
SE
– Kva gjer trylling så fascinerande?
– Har du eit spesialnummer?
D
– Kva slags eigenskapar treng ein?
VU
R
– I tillegg til å ha interesse for trylling bør ein vere ein type som liker å underhalde og stå på scenen. Når du opptrer og skal formidle noko til publikum, må du kunne ta alle sansane i bruk. Vi skal skape ein illusjon og må derfor lære oss korleis menneske tenkjer og reagerer. Det er også bra å kunne språk. Særleg engelsk. Mange store tryllekunstnarar er engelskspråklege, vi har internasjonale konkurransar og kongressar, og mykje av det som blir selt av utstyr, har forklaringar på engelsk. – Kjenner du mange tryllekunstnarar? – Eg har i alle fall møtt mange. Og ein del kan vere litt sære, men på ein interessant måte. Somme har svært sterke personlegdommar, andre kan vere svært beskjedne heilt til dei står på scenen og er
– Eg er veldig glad i ting som krev fingerferdigheiter, så eg gjer ein del med kort og manipulasjonsballar. Eg er fascinert av såkalla close-up, ting du gjer rett framfor ansiktet på tilskodarane – som å hente små objekt ut av lufta – det er ting eg har spesialisert meg på. Bruker du trylleformlar for å få dette til? – Hokuspokus er litt ut. Eg vil ha det litt meir moderne. Det viktigaste er ikkje flosshatt, kappe og trylleformlar eller mystiske rørsler, men at ein gjer eit show som er underhaldande for publikum. Ein må tilpasse showet etter kven ein opptrer for. Det vanskelegaste er å trylle for barn. Dei engasjerer seg skikkeleg og er svært kresne. Eg jobba eit år i barnehage og har heldigvis ein del erfaring i å kommunisere med dei. – Kan du halde på med trylling til du blir gammal? – Det er i alle fall målet mitt å halde på så lenge som mogleg. Det ville vere ein draum å komme til Las Vegas med eit show, men førebels har eg eit meir realistisk håp, nemleg å få ei topplassering i Nordisk meisterskap i Tønsberg i april.
AFTENPOSTEN
ER
IN
G
– Det er jo ein ganske unik ting å halde på med, sidan så få driv med det. Og det gjer det mogleg for deg å få publikum inn i ei draumeverd. Vise dei ting som eigentleg ikkje går an. Det ligg ei drivkraft i å utvikle noko særeige som kanskje ingen har sett før. Det er berre kreativiteten som set grenser for kva du kan få til som tryllekunstnar.
18 • Informere
KS
– Eg er ung og elskar å trylle. Så enkel er forklaringa, seier Alexander Haugaas om det å ville satse på ein karriere som tryllekunstnar.
Studer teksten Skriv sjølv
1 Får lesaren viktig informasjon om yrket? 2 Er det tydeleg kva som er spørsmål, og kva som er svar?
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Skriv eit intervju om eit yrke. Arbeid i par, og følg denne framgangsmåten: 1 Vel ein person de kan intervjue. 2 Lag spørsmåla de vil stille. Hent idear frå arbeidet under «Snakk saman». 3 Intervju personen. Éin snakkar, og éin noterer. 4 Skriv intervjuet, og set inn eit bilete eller ei teikning av personen eller av noko anna knytt til yrket.
Vurder teksten
KS
1 Snakk saman om svara på oppgåve 1 og 2 under «Studer teksten». 2 Korleis kunne ein formulert ja/nei-spørsmåla slik at ein ikkje risikerte å få berre ja eller nei til svar? 3 Diskuter kvifor dette er blitt ein god tekst sjølv om han har ja/nei-spørsmål. 4 Kva for yrker kunne de tenkje dykk å vite meir om?
Snakk saman
1 Les teksten og svar deretter på desse spørsmåla: a) Kven stiller spørsmåla, og kven svarer på dei? b) Korleis kan du sjå kva som er spørsmål, og kva som er svar? c) Finn stader i teksten der spørsmålet som blei stilt i intervjusituasjonen ikkje er gitt att direkte. d) Kva for spørsmål er ja/nei-spørsmål? e) Trur du det som intervjuobjektet sa, er gitt att ordrett?
EM PL AR
Mål Å informere om eit yrke gjennom å intervjue ein ekspert
Intervju
I eit saksintervju er vi meir opptekne av å få fram saka enn å beskrive intervjuobjektet. Intervjuobjektet er den vi intervjuar. I portrettintervju er vi meir opptatt av personen. Les faktaruta på side 7 om portrett. 19
SE
KS
EM PL AR
ReglAr for kortspelet Idiot
Kor mange spelarar: 2–5
ER
IN
G
Kor mange kort: Heile kortstokken skal brukast. Kvar spelar skal leggje tre kort på bordet med framsida ned. Oppå desse korta skal kvar spelar leggje tre kort med framsida opp. I tillegg skal kvar spelar ha tre kort på handa. Resten av korta skal leggjast i ein bunke.
D
Meininga med spelet: Å bli kvitt korta så fort som mogleg ved å leggje dei i haugen med opne kort.
VU
R
Verdien av korta: Ess er høgast, og tre er lågast. Farge betyr ingenting. Toarar og tiarar er spesialkort som alltid kan spelast. Slik speler de: Den som har det lågaste kortet, begynner spelet og speler ut eitt (eller fleire like) kort som er høgare enn (eller like høgt som) det øvste kortet i haugen. Spelaren trekkjer så eitt eller fleire kort frå bunken på bordet slik at han igjen har tre kort på handa. Neste spelar må spele ut eit kort som er høgare (eller like høgt). Dersom det ikkje er nokon spelte kort der frå før, kan du spele ut kva som helst. Så lenge det er kort igjen i bunken, må de heile tida trekkje inn kort slik at de aldri har færre enn tre kort på handa. 20 • InFoRMeRe
Dersom ein spelar ikkje kan spele ut eit kort, må han ta inn heile haugen. De kan likevel alltid sjanse ved å trekkje eit kort frå bunken. Dette kortet må du spele ut. Dersom du er uheldig og får eit kort som ikkje kan spelast ut, må du ta inn heile haugen pluss det kortet du nettopp trekte. Når nokon tek inn sakehaugen, er det neste spelar sin tur. Toarar kan alltid spelast. Når nokon har spelt ut ein toar, kan neste spelar spele ut kva som helst. Dersom det ligg fire like kort rett etter kvarandre i sakehaugen, går alle korta i sakehaugen «ut». Korta skal da leggjast bort og ikkje brukast meir i dette spelet. Den spelaren som spelte ut det siste kortet, får no spele ut ein gong til. Det same skjer om nokon speler ut ein tiar. Tiarar kan alltid spelast, og fører også til at alle korta går ut. Når ein spelar er tom for kort på handa, skal han neste gong spele ut eit av dei tre opne korta på bordet. Når han også er tom for opne bordkort, må han neste gong det er hans tur, velje eit av dei korta som ligg med biletsida ned. Slutt: Spelet er ferdig når alle bortsett frå éin spelar er tom for kort. Han blir da «idiot».
EM PL AR
1 Spel spelet etter reglane. 2 Var det noko som var vanskeleg å forstå? 3 Kva må den som skriv ein spel-instruksjon tenkje på for at teksten skal bli forståeleg?
VU
R
D
ER
IN
Les teksten høgt for deg sjølv, og vurder om du må gjere teksten lettare å forstå.
Vurder teksten
G
SE
KS
Lag ein spel-instruksjon. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel eit kortspel eller eit anna spel du kan godt. 2 Bruk orda som er utheva i «Reglar for kortspelet Idiot», som overskrifter. 3 Skriv instruksjonen i heile setningar. 4 Test instruksjonen på nokon som ikkje kan spelet, og gjer endringar dersom noko var uklart eller vanskeleg å forstå.
Studer teksten
Kva heiter dette spelet? Kva speler ein med? Er målet å kåre ein vinnar eller ein tapar? Kvifor er nokre ord utheva med feit skrift? Er det nokre ord du ikkje forstår?
Snakk saman
1 2 3 4 5
Skriv sjølv
Mål Å informere om korleis ein speler eit spel
21
R
D
ER
EM PL AR KS
IN
G
SE
Hovudpersonen i filmen Håkon Håkonsen er guten Håkon på 13 år. Han bur på ein gard i Noreg på midten av 1800-talet. Familien til Håkon er fattig fordi far til Håkon er blitt skadd i foten og ikkje kan arbeide. Håkon dreg derfor til sjøs for å tene pengar. Det er eit hardt liv om bord på skipet, og Håkon må lære alt frå botnen av. Men han lærer seg å bli sjømann, og opplever framande og spennande land. Han møter også ein brutal styrmann som viser seg å vere både våpensmuglar og sjørøvar. På overfarten til Calcutta finn han ein blindpassasjer, ei ung jente. Og når skuta forliser og Håkon finn seg sjølv stranda på ei øde øy, er det duka for mange spennande og farlege opplevingar.
VU
Dette er ein svært god film fordi han er uhyre spennande. Vi blir dregne inn i ei fantasiverd frå første stund og oppslukt av historia. Det er også spennande å sjå korleis Håkon taklar ulike farlege situasjonar, for eksempel når han oppdagar at skuta er lasta med hemmelege kasser fulle av våpen, og når han kjem ut for ville dyr, innfødde og skumle piratar på ei øde øy. Alle skodespelarane i filmen speler godt og truverdig. Den beste er Stian Smestad, som har rolla som Håkon. Han har full kontroll gjennom heile historia
22 • ARGUMENTERE
og viser ulike sider av seg sjølv, slik at vi trur på det han opplever. I tillegg gjer Gabriel Byrne ei god rolle som den berykta piraten John Merrick. Han osar av autoritet og passar godt i rolla som skurk. Det er også svært god lyd i filmen. Både musikken, effektane og stemmene kjem tydeleg fram. Musikken er det beste. Det er eit symfoniorkester som speler, og i tillegg til at det er svært høg kvalitet på musikken, er han med på å gjere dei skumle hendingane enda nifsare. Det er laga mange andre spennande sjørøvarfilmar, men ingen av dei er i nærleiken av å vere så gode som denne om Håkon Håkonsen.
EM PL AR
1 Kva for filmar er dei beste de har sett? 2 Kva er det som gjer ein film god? Lag eit tankekart i gruppa der de skriv ned alt som kjenneteiknar ein god film. 3 Gi eksempel på kvart kjenneteikn frå filmar de har sett.
Å argumentere
ER
IN
1 Har du skrive litt om kva filmen handlar om? 2 Har du skrive tre avsnitt som seier noko om kvifor du meiner at andre bør sjå filmen?
Studer teksten
VU
R
D
Når du skal anbefale ein film for nokon, må du argumentere for at det er verdt å sjå filmen. Eit argument består av • grunnen til at du anbefaler filmen, for eksempel at filmen er svært spennande • konkrete eksempel henta frå filmen, for eksempel at hovudpersonen strandar på ei øde øy med blodtørstige kannibalar og kjøttetande planter På same måte kan du anbefale bøker, spel, appar osv.
Vurder teksten
G
SE
KS
Du skal anbefale ein film som du liker godt, til dei andre i klassen din. Bruk tittelen på filmen som overskrift. Følg denne framgangsmåten: 1 Skriv kort kva filmen handlar om. 2 Skriv tre grunnar til at du vil anbefale denne filmen til dei andre i klassen. 3 Utdjup dei tre grunnane med eksempel frå filmen.
Snakk saman
1 Kvar i teksten finn du eit kort samandrag av det filmen handlar om? 2 Les faktaruta. a) Finn tre grunnar til at meldaren anbefaler filmen. b) Kva eksempel frå filmen viser meldaren til for å argumentere for at filmen er god?
Skriv sjølv
Mål Å anbefale ein film
23
To timar gym i veka er altfor lite! Adrian
Line
Sofie
– Vi treng eit avbrekk i løpet av dagen. Fysisk aktivitet gjer at ein blir meir vaken, motivert og lærer meir, seier ho.
Tekst: Terje Krogsrud Fjeld – Foto: Thomas Winje Øijord
ER
IN
Skoleeleven Kristine (12) på Unneberg skole utanfor Sandefjord har følgt ivrig med på debatten om norske barn og mykje stillesitjing.
D
Ei undersøking frå Noregs idrettshøgskole frå 2011 viser at barn sit stille over halvparten av dagen. Norske barn er i dårlegare fysisk form enn før.
R
Kvifor vil de ha meir gym?
VU
– Vi sit jo altfor mykje stille. Det gjer at vi blir slappe, mindre motiverte og lærer mindre enn vi bør. Dessutan blir ein sjeldnare sjuk dersom ein trenar, og da treng ein ikkje vere borte frå skolen så ofte, seier Kristine. Uro 12-åringane på Unneberg skole har to timar gym i veka, omtrent det same som 7.-klassingar over heile landet. Sofie meiner stillesitjinga gjer at det blir mykje uro i klasserommet. Elevane blir rastlause og ukonsentrerte.
24 • ARGUMENTERE
Gjengen fortel at gymtimane er populære, og at dei lettare får ros i gymtimane. – Ros er bra, og vi får betre sjølvtillit. Det er bra med tanke på dei andre faga også, seier Line. Er det tid til fleire gymtimar? – Vi kan gå ein time lenger på skolen, seier Line. Gjengen nikkar, men Fredrik er litt usikker. Han synest skoledagen er lang nok. Kameratgjengen driv med fotball, handball, friidrett og dans på fritida. Men dei trur mange bruker mykje av fritida på spel og TV-titting. Er det skolen som har ansvaret for at mange barn er i dårleg form? – Ikkje berre. Men sidan vi er på skolen nesten heile dagen, har skolen ein del av ansvaret. Tenk på dei med foreldre som ikkje har råd til å betale for fritidsaktivitetar, seier Adrian. – Dessutan klagar jo politikarane på at resultata i skolen er så dårlege. Dei meiner at norsk og matte er viktigare enn gym. Eg trur fleire gymtimar hadde gjort oss betre i alle fag, seier Kristine.
AFTENPOSTEN JUNIOR
G
SE
Ei undersøking viser at dagens barn ikkje kan springe like fort som foreldra deira gjorde da dei var små. Derfor treng vi meir gym, meiner denne gjengen frå Unneberg skole.
KS
EM PL AR
Fredrik
Kristine
EM PL AR
Skriv sjølv
Sjekk om brevet ditt inneheld desse elementa: 1 helsing og avslutning 2 hovudsynspunkt 3 argument som støttar opp under hovudsynspunktet
VU
R
D
ER
IN
G
Skriv eit brev til rektor og argumenter for meir fysisk aktivitet på skolen. Følg denne framgangsmåten: 1 Start brevet med helsinga «Til rektor», og dater brevet. 2 Presenter hovudsynspunktet ditt, og sei kvifor du skriv brevet. 3 Fortel kven du skriv på vegner av. Er det berre deg, heile klassen eller ei gruppe i klassen? 4 Legg fram argumenta dine. 5 Avslutt med å seie at du håpar på positivt svar. 6 Heilt til slutt signerer du med: «Vennleg helsing …»
Vurder teksten
SE
KS
1 Diskuter argumenta for meir gym som barna har i teksten. Er de einige i det dei seier? 2 Kva andre argument er det for meir gym i skolen? 3 Er det andre måtar å få til meir bevegelse og variasjon i løpet av ein skoledag på enn å ha gymtimar i ein gymsal? List opp nokre alternativ. 4 De skal skrive eit brev til rektor der de argumenterer for meir fysisk aktivitet på skolen. Kva er viktig å tenkje på når de skal overtyde rektor om dette?
Studer teksten
1 Denne teksten er henta frå Aftenposten Junior. Kven les Aftenposten Junior? 2 Kva type tekst er dette? 3 Les faktaruta. a) Kva er hovudsynspunktet til elevane? b) Kvar i teksten finn du hovudsynspunktet til elevane? 4 Sjå på teksten igjen, og finn alle argumenta for meir gym i skolen.
Snakk saman
Mål Å argumentere for meir gym og fysisk aktivitet på skolen
Hovudsynspunkt
Eit hovudsynspunkt er det viktigaste poenget i en tekst. Det er det du vil overtyde mottakaren om. 25
Er edderkoppar nyttige?
ein edderkopp har nettopp sørgt for å redusere talet på levande insekt i verda.
KS
5 Dei lagar ei gift som verkar på musklane. Medisin med edderkoppgift blir prøvd ut på sjukdommar som Alzheimers, hjerneslag og hjartesjukdom. 6 Dei kan fortelje korleis det står til med naturen. Dersom det blir færre edderkoppar i eit område, veit forskarane at noko i miljøet er forandra. 7 Dei er ein merkeleg og interessant del av vår fantastiske verd!
VU
R
D
ER
IN
G
SE
edderkoppar er nyttige dyr fordi: 1 Dei et insekt. Dersom det ikkje hadde vore for edderkoppane, hadde det vore altfor mange insekt i verda. 2 Dei gir mat til mange andre dyr, for eksempel fuglar. 3 Dei lagar edderkoppsilke, eit av dei sterkaste stoffa i verda. Forskarar i fleire land arbeider no med å prøve å lage edderkoppsilke. 4 Dei lagar ei gift som kanskje kan bli eit nytt, miljøvennleg insektmiddel. Når gifta er passe sterk, kan ho drepe skadelege insekt utan å vere farleg for virveldyr.
EM PL AR
Tenk deg at du møter ein som hatar edderkoppar. Denne edderkopphataren ønskjer å utrydde alle edderkoppar i heile verda. Kva skal du svare? Du kan for eksempel trekkje fram denne lista:
26 • ARGUMenTeRe
Studer teksten Skriv sjølv
1 Består teksten av fem avsnitt der dei midtarste er argument for å bevare eit dyr? 2 Passar innleiinga og avslutninga saman med resten av teksten?
VU
R
D
ER
IN
Skriv ein tekst der du bruker argument for å ta vare på eit dyr. Du skal bruke tre argument. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel to argument frå oppgåve 3 under «Snakk saman». 2 Vel eitt argument frå oppgåve 4 under «Snakk saman». 3 Formuler dei tre argumenta i tre avsnitt som begynner med for det første, for det andre og for det tredje. 4 Skriv ei innleiing og ei avslutning.
Vurder teksten
G
SE
KS
1 Samanlikn svara på oppgåve 1–4 under «Studer teksten». Bli einige om kva som er det beste svaret på oppgåve 4. 2 Skriv ned nokre dyr som det er viktig å ta vare på. Spør læraren dersom de ikkje veit om nokon. 3 Kva for argument frå edderkoppteksten kan de bruke når de skal argumentere for å ta vare på dyra de har valt? 4 Kan de finne andre argument for å ta vare på dyra? Gå eventuelt på biblioteket eller søk på Internett for å finne meir stoff til dette argumentet.
Snakk saman
1 Les faktaruta på side 25. Finn hovudsynspunktet i denne teksten. 2 Kor mange argument for hovudsynspunktet finn du? 3 Finn argumenta som blir utdjupa eller forklarte. 4 Sorter argumenta i to grupper: a) dei som berre kan brukast for å ta vare på edderkoppar b) dei som også kan brukast som argument for å ta vare på andre dyr
EM PL AR
Mål Å argumentere for å ta vare på ein dyreart
27
ER
IN
G
KS
SE
I gamle dagar måtte alle i søskenflokken hjelpe til heime eller ute, gjerne utan å få lommepengar og langt mindre forvente det. Faktisk finst det unge i dag som set lønn som ein føresetnad for at dei hjelper til heime. Det er ikkje uvanleg å få opptil 200 kroner i vekepengar berre fordi det er fredag, trass i at ein ikkje har orka å rydde rommet eingong. Pengane fyk som oftast rett ut av vindauget og kjem tilbake i form av sminke, klede, brus og godteri. Ungdommar er ekspertar i å skjemme bort seg sjølve utan å ofre ein tanke på fattige eller barn som ikkje er like heldige. Alle pengane og energien dei set i gåver til seg sjølve, er berre med på å skape ein høgst uengasjert generasjon.
EM PL AR
Ungdommen bør jobbe hardare
VU
R
D
Ting som rosablogging (som til og med er blitt eit yrke!) og konstant aktivitet på sosiale medium blir fort viktigare enn skole, religion og andre ting som kan komme godt med seinare i livet. Eg meiner at ungdommen bør jobbe hardare for å få det dei vil, og at foreldra bør bli strengare når det gjeld kva dei gir etter for av ønske og krav. Ja til mindre materialisme og meir engasjement! Purplecat (14)
28 • ARGUMENTERE
EM PL AR
Skriv sjølv
1 Viser tittelen hovudsynspunktet i, eller temaet for, lesarinnlegget ditt? 2 Kor mange stader nyanserer du synspunkt?
R
Nyansering
D
ER
IN
G
Skriv eit svar på dette lesarinnlegget der du nyanserer nokre av synspunkta. Du er altså både litt einig og litt ueinig med innsendaren. Følg denne framgangsmåten: 1 Start med å skrive at du har lese lesarinnlegget, og kva det handla om. Bruk berre éi setning. 2 Presenter dine eigne meiningar der du nyanserer nokre av synspunkta til Purplecat. 3 Lag ein tittel og ein signatur.
Vurder teksten
SE
KS
1 Samanlikn svara dykkar på oppgåve 1–5 under «Studer teksten». 2 Diskuter kva det er rimeleg at barn i 6.–7. klasse skal hjelpe til med heime, og kva det er rimeleg at dei får pengar for å gjere. 3 Les faktaruta. Diskuter og nyanser synspunkta etter denne modellen: Synspunkt: … fordi … Nyansering: Men / likevel / på den andre sida …
Studer teksten
1 Kva er hovudsynspunktet i dette lesarinnlegget? 2 Lag ei liste over det «ungdommen i dag» blir kritiserte for i lesarinnlegget. 3 Kva meiner innsendaren er årsaka til at ungdommen er som dei er? 4 Kva meiner innsendaren er løysinga? 5 Kven blir ungdommen i dag samanlikna med? 6 Kva er du einig i, og kva er du ueinig i?
Snakk saman
Mål Å nyansere i eit lesarinnlegg
VU
Vi nyanserer dersom vi er litt einig og litt ueinig i noko. Da bruker vi gjerne ord som på den andre sida, men eller likevel. Eksempel: Synspunkt: Eg er einig i at barn bør kunne hjelpe til heime utan å få betalt, fordi dei er ein del av familien. Nyansering: Men dei tener ikkje eigne pengar, så det er rimeleg at dei får litt pengar for faste jobbar.
29
FLAUSAR KS
EM PL AR
Veddemålet Eg og nokre vennar skulle på symjing. Det var to jenter og ein gut. Vi hadde eit veddemål. Ho eller han som kom først nedi vatnet, fekk 50 kroner frå oss andre. Guten blei sjølvsagt først, men han hadde gløymt å ta på seg badebuksa. Eg gløymer det aldri. Badebukse
ER
IN
G
SE
Topplaus For litt sidan skulle klassen min og eg ut og bade. Der var det ei flytebrygge vi skulle hoppe ifrå. Brygga var full av folk, og eg måtte hoppe først. Eg hoppa og sumde tilbake til brygga. Då såg eg at alle lo av meg, men eg skjøna ikkje kvifor. Men så sa venninna mi at overdelen min låg og flaut i sjøen. Det var siste gongen eg brukte bikini til å bade i. No er det berre badedrakt for min del. Badedrakta
VU
R
NORSK BARNEBLAD
D
Underbukse Ein dag eg stod på busstoppet på tur til skulen, saman med nokre andre frå skulen min, kom eg på at eg hadde gløymt engelskleksa heime! Eg hadde heller ikkje tid til å springe den korte turen heim for å hente leksa, så eg ringte stefaren min, fordi mamma truleg ikkje var stått opp enno. «Hei, kan du hente engelskleksa mi, ho ligg på stovebordet, og eg har ikkje tid til å kome og hente ho, bussen kjem no!» To sekund seinare høyrer eg at det smell i ytterdøra vår, og då ser eg stefar min springe ut i berre boblejakke og underbukse! Akkurat då kom bussen, så alle såg han! På den bussturen var det pinleg stille. Helsing ei som aldri kjem til å gløyme leksa si igjen
30 • FoRTeLJe
H
LIS
ENG
EM PL AR
Skriv sjølv
1 Passar tittelen til flausen? 2 Kva er moralen i flausane?
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Skriv to flausar du har opplevd eller fått fortalt, eller finn dei på. Følg denne framgangsmåten: 1 Skriv ned flausane. 2 Sjå på det du har skrive, og bestem kva som skal vere tittelen. 3 Sjå på det du har skrive, og bestem kva for ein av flausane som skal avsluttast med ein tydeleg moral. 4 Les flausane for kvarandre i gruppa, og gi kvarandre tilbakemelding gjennom å svare på spørsmåla under «Vurder teksten». a) Passar titlane, eller har de andre forslag? b) Kva for flause er flauast? Gi råd om korleis flausane kan forteljast på ein enda flauare måte. 5 Skriv flausane ferdig med tittel og eventuelt moral.
Vurder teksten
KS
1 Kjenner de andre namn på denne typen forteljingar? 2 Fortel kvarandre om nokre flausar de har opplevd eller fått fortalt. 3 Snakk saman om svara på oppgåve 1–5 under «Studer teksten». 4 Bli einige om tre trekk som karakteriserer ein god flause. 5 Kva har flausar og vitsar til felles?
Studer teksten
1 Samanlikn flausane. Kva for ein synest du er flauast? 2 Samanlikn tittelen på flausane. Kva for ein tittel synest du er best? Kvifor? 3 Les faktaruta. Kva for ein av flausane har ein moral som seier tydeleg kva den som opplevde flausen, lærte av han? 4 Kva har innhaldet i dei tre flausane til felles? 5 Kan flausar handle om andre tema? Noter ned to–tre tema.
Snakk saman
Mål Å fortelje to flausar
Moral i flausar
Moralen i ein flause er det vi kan lære av han. Somme gonger kjem moralen som ei avslutning, andre gonger må lyttaren eller lesaren sjølv tenkje seg til kva som er moralen.
31
Hobbiten
VU
R
D
ER
IN
G
EM PL AR
SE
Dette utdraget er henta frå Bilbo sitt første møte med Gollum.
D
jupt nede ved det svarte vatnet budde gamle Gollum, ein liten og slimut skapnad. Ikkje veit eg kvar han kom frå, eller kven eller kva han var. Han var ein Gollum – mørk som mørkret, bortsett frå to store runde auge i det magre andletet. Han hadde ein liten båt som han rodde stilt rundt med på vatnet, det var eit vatn der, vidt og djupt og drepande kaldt. Han padla båten med svære føter som hekk over ripa, men gjorde aldri ein skvulp. Ikkje han. Han stirde etter blind fisk med dei bleike lampeliknande auga sine, og fisken treiv han med lange fingrar snøgge som tanken. Han lika kjøt og. Han meinte tussar smaka godt, om han kunne få tak i dei, men han akta seg så dei ikkje fann ut noko om han. Han berre strypte dei bakfrå, om ein av dei stundom kom åleine ned, noko nær vassbarden der Gollum lurka og snikte. Dette gjorde tussane heller sjeldan, for dei kjende på seg at noko utriveleg lurde der nede, nede ved bergrøtene. Dei hadde funne vatnet då dei grov gangar for lenge sidan, og skjøna dei ikkje kunne korne lenger, så vegen deira slutta der i den leia, og det var ingen grunn til å fare den vegen – om ikkje Stortussen sende dei. Stundom fekk denne hug på fisk frå vatnet, stundom kom korkje fiskar eller fisk attende.
KS
Boka «Hobbiten» er ei fantasy-forteljing om hobbiten Bilbos eventyrlege og strabasiøse reise saman med 13 dvergar og trollmannen Gandalf. Målet med ferda er å gjenerobre Einsamfjellet bortanfor Myrkskog frå dragen Smaug, som har teke fjellet til hiet sitt, og som rugar over ein skatt som dvergane er rettmessige eigarar av. På vegen treffer Bilbo ein underleg skapning som heiter Gollum, og som har ein magisk og svært betydningsfull ring som han har stole for lenge sidan.
I røynda budde Gollum på ein sleip øyknaus midt ute i vatnet. No heldt han auge med Bilbo eit stykke unna med dei bleike auga som likna kikkertar. Bilbo kunne ikkje sjå han, men Gollum undra seg mykje over Bilbo, for han gådde at Bilbo slett ikkje var nokon tuss. Gollum kom seg i båten og skaut ut frå øya si, medan Bilbo sat rådvill og i beit på stranda ved enden av vegen. Brått kom Gollum til han og kviskra: «Signe og plasske oss, kosstelegsten min! Eg trur dette er ein matrett; i minsto kan det gje oss ein smule, golluml» Og når han sa gollum, laga han ein skrekkeleg svelgjande lyd i strupen sin. Det var slik han hadde fått namnet sitt, sjølv om han støtt kalla seg «kostelegste».
32 • FORTELJE
1 2
EM PL AR
Vis teikningane som de har laga av Gollum, til kvarandre. I utdraget er det nemnt at Gollum et tussar. a) Kva trur de ein tusse er? b) Fortel korleis ein tusse ser ut, kva slags lydar han lagar, og korleis han bevegar seg. c) Lag ei teikning av ein tusse.
VU
R
D
ER
IN
Har du fortalt korleis tussen ser ut, kva slags lydar han lagar, og korleis han bevegar seg?
Vurder teksten
G
SE
KS
Du skal fortelje om eit møte mellom Gollum og ein tusse. Følg denne framgangsmåten: 1 Beskriv tussen som har gått seg vill i hòla til Gollum. Fortel korleis han ser ut, kva slags lydar han lagar, og korleis han bevegar seg der nede i mørket. 2 Fortel kva som skjer når han kjem heilt nær Gollum.
Studer teksten
Korleis bevegar Gollum seg? Kva et Gollum? Korleis snakkar Gollum, og kva slags lydar lagar han? Lag ei teikning av Gollum.
Snakk saman
1 2 3 4
Skriv sjølv
Mål Å skildre ein person i ei forteljing
33
WOW KS
Å! Lett som ein ballong i hovudet. Men finn ikkje på noko å seie. – Få sjå di, da, seier Helle. – Kva? – Tunge. Han stikk tunga ut. Ho er fin og lyseraud. Han klarer ikkje å krølle henne. Ikkje sånn som Helle. – No har vi sett tungene til kvarandre, seier Helle. – Ja, seier Joakim. Dei ser på kvarandre. Ingen seier noko. Berre pust, pust mot ansikta. Det er så varmt i hòla at snøen snart smeltar rundt dei. – Kanskje vi like godt skal bli saman, da, seier Joakim, etter ei evigheit. – Gjerne for meg, seier Helle. Med hundre små kolibriar i magen. I neste augeblink får Joakim ein dytt i ryggen så han stuper mot henne. Utanfor hoiar Ali K og Simo. Men inne i hòla er det stille. Inne i hòla har Helle og Joakim hamna kinn mot kinn. Ingen av dei rører seg. Helle kjenner augevippene hans mot panna si, det kitlar. Men ho ler ikkje. Seinare, fleire dagar etterpå, skal Helle oppdage at ho ikkje finn leseboka si. Enda seinare, når snøen smeltar, skal Joakim finne boka utanfor porten, i ein sølepytt. Men det veit ikkje dei to i snøhòla noko om no. Helle snur litt på hovudet og legg nesa inn mot kinnet hans. Lèt nesa søkke inn i smileholet. Noko så fint. Som om dei er bitar i eit puslespel. Noko så fint. Wow, tenkjer Helle.
VU
R
D
ER
IN
G
SE
– Sjå kven som er her, Joakim! gaular Ali K. Lynraskt lagar Joakim ein snøball og pælmar han på han. Ali K og Simo trekkjer seg unna, flirande. Så er Joakim der, fyller heile opninga. – Kva gjer du her, da? Ho har ingen plan. Ingen som helst. Ho aner ikkje kva ho skal seie. Ho seier: – Kom hit, eg skal vise deg noko. – Kva da? – Berre kom. Joakim krabbar inn til henne. Set seg på kne framfor henne. Det blir trongt. Svært trongt. – Kva er det du skal vise? – Eg skal vise deg … tunga mi, seier Helle, utan plan. – Kvifor skal du vise meg tunga di? – Fordi eg kan krølle henne dobbelt, seier Helle, tom i hovudet. Ho opnar munnen, stikk tunga ut og krøllar henne dobbelt. Joakim seier ingenting. Ho lukkar munnen med eit smell. – Du er ganske rar, seier han. – Er det dumt? spør ho fort. – Nei, det er kult. Eg liker det. Dei sit så tett at ho kan kjenne pusten hans mot ansiktet. – Korleis liker, kviskrar Helle. For ein augeblink sidan fraus ho. No er ho varm. – Liker, seier Joakim. Å! Badesalt i blodet. – Liker du Frøya også? – Hæ? Nei!
EM PL AR
Dette har skjedd: Helle er forelska i Joakim, men det var eigentleg hemmeleg. Ei av jentene har sagt det høgt, slik at Joakim høyrde det. Helle vil derfor snakke med Joakim, så ho dreg heim til han. Da kjem det mange frå klassen, og ho gøymer seg i ei snøhòle, for det er berre Joakim ho vil snakke med.
34 • FoRTeLJe
SE
ER
Studer teksten
IN
G
Tenk på ein situasjon der du hadde sterke kjensler, for eksempel var sint, lei deg, flau, forelska eller glad. Det er lov å vri på sanninga, dikte eller overdrive. 1 Ta eit A4-ark og legg det på høgkant. Del det i tre kolonnar slik som det er gjort her:
Snakk saman
KS
1 Snakk saman om svara på oppgåve 1–5 under «Studer teksten». 2 Les faktaruta, og lag bilete på tre ulike kjensler. 3 Kvifor kan det vere vanskeleg å beskrive kjensler?
Skriv sjølv
1 Kva handlar tekstutdraget om? 2 Les faktaruta. Finn desse uttrykka i teksten, og forklar kva du trur dei betyr: • «Å! Badesalt i blodet.» • «Å! Lett som ein ballong i hovudet.» • «Med hundre små kolibriar i magen.» • «Som om dei er bitar i eit puslespel.» 3 Kva for delar av kroppen har forfattaren tenkt på i oppgåve 2 under «Studer teksten»? 4 Er det andre delar av kroppen som gjerne blir brukte for å lage bilete på kjensler? 5 Ein stad står det: «Helle kjenner augevippene hans mot panna si, det kitlar. Men ho ler ikkje.» Kvifor ler ikkje Helle?
EM PL AR
Mål Å bruke bilete når du fortel
Om biletspråk
Vi bruker ofte bilete for å uttrykkje kjensler. Ein måte å lage bilete på er å gjere kjensla konkret: «Det var eit slag i trynet» er eit uttrykk som blir brukt for å uttrykkje at ein er skuffa. Somme gonger bruker vi ordet «som» når vi samanliknar: «Det var som eit slag i trynet.»
Kjensler eg hadde Bilete på kjenslene
2 Fyll ut skjemaet med hendingane i venstre kolonne, kjenslene i midten og bileta til høgre. Tips til bilete: Bruk kroppsdelar eller samanlikn med noko anna, for eksempel vatn, luft, sport osv. 3 Bruk notata du no har, som utgangspunkt for å skrive ein tekst. Bruk minst tre bilete.
1 Har du brukt tre bilete i teksten? 2 Kva for kjensler uttrykkjer bileta?
Vurder teksten
VU
R
D
Det som skjedde
35
G
SE
KS
EM PL AR
Eit eventyr
Då stod brått prinsessa der – flygande sint, så guten trudde ho flaug i flint.
I bygdom gjekk det så mang ein gut med draum om å frie prinsessa ut.
«Å kvifor drap du mitt stakkars troll? No ynskjer eg at eg låg i mold!»
Ein lyfte frå veggen eit blankslipt sverd, så la han i veg på øydingsferd.
Forstøkt stod guten. Halvt brydd og heit. Han mulla: Men eventyret – du veit – –
R
D
ER
IN
Prinsessa vart stengd inn i berget blå, der sat det eit stortroll og vakta på.
«Å, kom ikkje her med eventyr.» Ho sukka og gret og ho rasa: «Ditt dyr!»
Ein bekk skvala fram og sutla og lét, det var som han høyrde ei gjente gret.
«Du trudde å erve ei kongeborg, og no har du gjeve meg hjartesorg.»
Han kom seg til slottet der stortrollet svav. Så lyfte han sverd – sneidde hovuda av.
Ho jamra seg: «Aldri meir blir eg glad, for det var trollet eg ville ha!»
VU
Det hjelpte ikkje kor gjenta hans bad, for det var prinsessa han ville ha.
Jan-Magnus Bruheim
36 • FORTELJE
KS
1 Fortel eventyret til kvarandre slik de ville fortalt det dersom det ikkje var skrive på rim. 2 Kva er forskjellen på eit dikt og eit eventyr? 3 Korleis skil dette eventyret seg frå andre eventyr de kjenner som handlar om prinsesser og troll? 4 Skriv ned tittelen på alle eventyra de kan. Éin i gruppa skriv, medan dei andre kjem med forslag.
1 Fortel diktet eit eventyr? 2 Har diktet enderim?
Studer teksten Vurder teksten
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Skriv eit eventyr om til eit dikt. Du kan gjerne endre litt på eventyret dersom du vil. Bruk enderim. Følg denne framgangsmåten: 1 Vel eit eventyr som du kjenner godt, eller som du finn i ei eventyrbok. 2 Fortel eventyret i eit dikt der du bruker enderim. 3 Lag ei overskrift.
Snakk saman
EM PL AR
1 Les teksten og set strek under orda du ikkje skjønner. 2 Sjå på ordforklaringane i faktaruta eller snakk med andre for å finne ut kva orda du ikkje skjønte, betyr. 3 Finn eksempel på ord som er skrive på ein annan måte enn du er van med. 4 Finn orda som rimar. 5 Er dette eit eventyr eller eit dikt? Gi eksempel på kva som gjer teksten til eit eventyr, og kva som gjer han til eit dikt.
Skriv sjølv
Mål Å skrive eit eventyr om til diktform
I denne teksten er det brukt ein del gammaldagse ord som kan vere vanskelege å forstå. Her er nokre forklaringar: øydingsferd=krigerferd skvala=rann sutla=plaska lét=klang (klinge) svav=sov mulla=mumla erve=arve. 37
10 ting hunden din ville fortalt deg 3 Vis meg tillit. Det er viktig for at eg skal ha det godt. 4 Ver ikkje sint på meg lenge om gongen, og sperr meg aldri inne som straff. 5 Du har arbeidet ditt, fornøyelsane dine og vennene dine. Eg har berre deg.
9 Før du klagar over at eg ikkje vil samarbeide eller er lat, spør om det er noko som plagar meg. Kanskje får eg feil mat, eller eg har vore ute for lenge, eller hjartet mitt er blitt gammalt og svakt. 10 Ta deg av meg når eg blir gammal, hugs at du også blir gammal ein dag. Ver med meg inn i mi siste stund. Sei aldri at du ikkje orkar, eller at du ikkje kan bere det. Alt er lettare for meg når vi er saman, sjølv døden. Hugs at eg er glad i deg.
SE
6 Snakk med meg. Sjølv om eg ikkje forstår orda dine, forstår eg stemma di.
EM PL AR
2 Gi meg tid til å forstå kva du ønskjer av meg.
8 Du må aldri slå meg. Hugs at eg har tenner som kan skade deg, men eg vel å ikkje bite fordi eg er glad i deg.
KS
1 Tenk deg nøye om før du blir hundeeigar. Eg lever gjerne mellom 10 og 15 år. Hugs det før du får meg. Å bli skild frå deg vil gjere meg vondt.
BLINDEFORBUNDET
VU
R
D
ER
IN
G
7 Hugs at eg aldri gløymer korleis du er mot meg.
38 • ReFLeKTeRe
Har de skrive om fem ting som andre bør tenkje på når dei er saman med barn på 11–12 år?
Studer teksten Skriv sjølv
Skriv ein tekst med tittelen: «Fem ting ein 12-åring ville fortalt deg». Følg denne framgangsmåten: 1 Vel fem ting som du meiner at andre skal tenkje på når dei er saman med barn på 11–12 år. 2 Skriv ei liste som består av fem punkt. 3 Avslutt med: Hugs at eg er glad i deg/dykk. Helsing …
Vurder teksten
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
1 Samanlikn svara på oppgåve 2 under «Studer teksten», og bli einige om kva for tre punkt som er dei viktigaste. 2 Gå også igjennom svara på oppgåve 1 og 3. 3 Det er ikkje berre vanskeleg å forstå seg på dyr, det kan også vere vanskeleg å forstå seg på andre menneske, til og med dei menneska ein er mykje saman med. a) Kva betyr det å vere forståingsfull? b) Snakk om situasjonar der de synest at desse personane ikkje er forståingsfulle nok overfor dykk: mor, far, veslesøster/veslebror, storesøster/storebror, jentene i klassen, gutane i klassen. c) Hender det at de sjølve har problem med å vere forståingsfulle nok overfor andre? d) Kva er vanskeleg med å vere på dykkar alder?
Snakk saman
1 Kven er «eg» og «meg» i denne teksten? 2 Kva for tre punkt meiner du er dei viktigaste? 3 Gå igjennom punkt for punkt. Sei med ei setning for kvart punkt anten • kva Blindeforbundet meiner at mange gløymer å tenkje på eller • kva de meiner mange gjer utan å tenkje seg ordentleg om
EM PL AR
Mål Å reflektere over korleis andre har det
39
Kjensla av mismot og skam KS
EM PL AR
Vi sit i klassen, vi har vikar, og vi får lov til å snakke. Sidemannen min begynner å kjefte på nokre av gutane. Dei har begynt å plage ein av mine nærmaste – igjen. Eg ser korleis han prøver å gøyme seg, ser korleis han berre visnar framfor auga på meg. Ser korleis han prøver å vere sterk. Men snart knekk han saman, snart kjem han til å få nok. Eg veit kor vondt det er. Samtidig som eg prøver å la vere å slå til gutane, ser eg ei av dei populære jentene reise seg, ho går bort til gutane. Ho fortel dei kor barnslege, teite og dumme dei er, ho viser styrke. Og gutane, dei ler. Men dersom alle kunne stå saman mot mobbarane, ville det ikkje blitt betre da? Ville ikkje mobbeofferet føle seg betre da, ville ikkje det gitt sjølvtillit? Dersom vi er heldige, skjønner kanskje mobbarane at det er dei som tek feil, at dei kanskje må skjerpe seg og ta seg saman, kanskje dei må prøve å vere snille mot mobbeofferet, Smerta kan bli glede, bønene kan bli verkelegheit. Helgene kan bli brukte til å kose seg og nyte livet i staden for å grue seg til skolen. Om natta kan ein sove i staden for å liggje i senga og grue seg til morgondagen. Mina (13)
40 • ReFLeKTeRe
SI ;D AFTENPOSTEN
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Det er så skadeleg å mobbe. Den kjensla av mismot og skam som så mange barn, ungdom og vaksne må føle, er drepande. Eg veit sjølv korleis det er å grue seg til å lese høgt i klassen og lese så fort ein kan fordi nervane tek overhand. Kor godt det kjennest endeleg å vere ferdig med avsnittet, heilt til klassen begynner å le av full hals og læraren ber deg om å ta det på nytt fordi ingen fekk med seg noko.
Skriv sjølv
1 Består teksten av ei forteljing og nokre tankar om det du har fortalt? 2 Seier teksten noko om det å vere feig eller modig?
VU
R
D
ER
IN
G
Skriv ein tekst med tittelen «Feig eller modig?» Følg denne framgangsmåten: 1 Skriv ei kort forteljing – frå verkelegheita eller oppdikta – om ein mobbesituasjon du ser. 2 Ta utgangspunkt i forteljinga og skriv ned nokre tankar omkring det å vere feig eller modig i mobbesituasjonar.
Vurder teksten
SE
KS
EM PL AR
1 Sjekk at de er einige om svaret på oppgåve 1 under «Studer teksten». 2 Diskuter svara på oppgåve 2–4. 3 Diskuter kvifor det kan vere lettare å vere feig enn modig i mobbesituasjonar. 4 Fyll ut desse setningane om mobbing: Dersom ein ser at nokon blir mobba, og ein …, er ein modig. Dersom ein ser at nokon blir mobba, og ein …, er ein feig. Det er ikkje alltid så lett å vere modig når nokon mobbar, fordi … Ein må vere modig når nokon mobbar, fordi …
Studer teksten
1 Denne teksten består av fire avsnitt. Korleis ser du at det er avsnitt? 2 Kva for eit av dei fire avsnitta likte du best? 3 Kva for eit av dei fire avsnitta er ei slags forteljing? 4 Kven er modig og kven er feig i forteljinga?
Snakk saman
Mål Å reflektere over mot og feigskap
41
Elektronikk Elektronikk på på kroppen kroppen
Elektronikk på k
Etter hvert som brikker blir mindre og sensorer billigere, flytter personlige datamaskiner Etterfra hvert som brikker iblir mindretilog sensorer billigere,ogflytter personlige datamaskiner Etter hvert som brikker blir mindre og sensore seg smarttelefonen lommen armen, håndleddet helt ut til fingerspissene. seg fra smarttelefonen i lommen til armen, håndleddet og helt ut til fingerspissene. seg fra smarttelefonen i lommen til armen, hå
Ringehanske
Ringehanske Med høyttaler Med høyttaler på tommelen og påmikrofon tommelen påog mikrofon på lillefingeren lillefingeren
Google-briller
Medisinske bånd Medisinske bånd Fest et på armen
Medisinske bånd
Fest et på armen for å måle puls og kolesterolnivå
KS
Fest et på puls armen for å måle og forkolesterolnivå å måle puls og kolesterolnivå
D
ER
IN
G
SE
Aksessoarer Aksessoarer som følger med som følger med Smykker, belter og
Smykker, og armbånd belter vil følge armbånd vil følge med på kaloriinntaket med dittpå ogkaloriinntaket koble deg ditttilog koble deg nettskyen til nettskyen
Armbånd
Klesskift Klesskift i farten i farten Klær kan lyse opp, Klær kan lyse opp, reklamere, skifte reklamere, farge ellerskifte bli farge eller bli gjennomsiktige gjennomsiktige
Armbånd
VU
R
Armbånd Med Nike+ Med Nike+ Fuel Band kan Fuel Band treningen blikan mer treningen bli mer produktiv produktiv
iWatch
Det iWatch spekuleres Det ispekuleres mye om Apples Aksessoarer mye i om Apples nye dings blir en som følger med nye dingsavblir en forlengelse iPhone Smykker, belter og forlengelse av iPhone på håndleddet armbånd vil følge på håndleddet ditt. med på kaloriinntaket ditt. ditt og koble deg til nettskyen
Avanserte Avanserte materialer Sommaterialer strømpene fra Som strømpene fra Uniqlo, som gjør Uniqlo, som gjør fordampende fordampende fuktighet på fuktighet om på kroppen kroppen om til varme til varme
© MCT/Bulls © MCT/Bulls
42 • ReFLeKTeRe
Google-briller
Kommer snart: Briller som kan ta bilder og video du kan dele umiddelbart ved hjelp av noen fingertrykk eller stemmen
EM PL AR
Google-briller Kommer snart: Kommer snart: Briller som kan ta bilder Briller somdu kan ta dele bilder og video kan og video du ved kan hjelp dele umiddelbart umiddelbart ved hjelp av noen fingertrykk aveller noenstemmen fingertrykk eller stemmen
© MCT/Bulls
Med Nike+ Fuel Band kan treningen bli mer produktiv
KS
EM PL AR
1 Gå igjennom svara på oppgåve 1–3 over. Spør læraren dersom det er noko de lurer på. 2 Fortel kvarandre det de veit om slik elektronikk. Har de sett det? Har de det? Er det noko de kunne tenkje dykk å ha? 3 Kva kunne de tenkje dykk å lage av slik elektronikk eller teknologi? Noter ned minst tre idear i fellesskap.
1 Kva delar består den samansette teksten din av? 2 Har du reflektert over kva oppfinninga di kan brukast til?
Studer teksten Vurder teksten
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Lag ein samansett tekst der du presenterer ei ny kroppsteknologisk oppfinning. Tenk deg at oppfinninga di skal presenterast i eit blad. Følg denne framgangsmåten: 1 Teikn oppfinninga di midt på eit ark, slik at du har plass til å skrive rundt. 2 Lag små tekstbitar som forklarer kva du har laga. Plasser dei ulike stader på arket der dei høyrer heime. 3 Skriv ein tekst der du reflekterer over kva lesaren kan bruke oppfinninga di til. 4 Lag ei overskrift som gir lesarane lyst til å lese meir om oppfinninga.
Snakk saman
1 Kva er elektronikk? 2 Kjenner du noko namn på den typen elektronikk som er beskriven her? Kan du finne på eit godt namn på slik elektronikk? 3 Har du sett eller kjenner du til noko av elektronikken på teikninga frå før?
Skriv sjølv
Mål Å reflektere over ny teknologi
Samansette tekstar
I samansette tekstar bruker vi teikn, bilete, figurar og symbol saman med ord for å uttrykkje oss. Dei ulike delane uttrykkjer til saman meininga i teksten. 43
Som alle andre
Ida og Anja er systrer og har eit nært forhold. Anja har Downs syndrom.
VU
R
D
ER
IN
G
SE
Vil hjelpe andre Å vekse opp med ei syster eller ein bror som er funksjonshemma, kan verke rart og annleis for den som ikkje er van med det. Men om dette er noko ein er van med, er det jo det som blir opplevd som heilt normalt. Derfor fortel syskena i undersøkinga at dei opplever seg sjølve som heilt vanlege barn og ungdommar. Dei føler seg ikkje annleis i det heile. Forskinga fortel vidare at det som skil desse syskena frå andre, er at dei er meir forståingsfulle overfor familien sin enn andre. Dei er meir vane med å ta omsyn til andre. Dei har òg oftare andre draumar om kva dei ønskjer å jobbe med når dei blir vaksne. Å jobbe med menneske er mykje viktigare for sysken til barn med funksjonsnedsetjingar enn for andre ungdommar.
KS
Korleis er det å vekse opp med ei syster eller ein bror som er funksjonshemma? Ei gruppe forskarar i Trondheim har snakka med fleire sysken for å finne ut dette. Er ein funksjonshemma, treng ein meir merksemd og pleie enn andre barn. Og som sysken til ein funksjonshemma føler ein kanskje at mor og far har mindre tid, og at ein er nøydd til å hjelpe til meir heime enn andre barn. Forskarar ved NTNU Samfunnsforsking i Trondheim har intervjua og snakka med mange sysken til funksjonshemma om korleis dei har det. Forskarane vart glade då dei fann ut at desse barna ikkje opplever at dei har ein annleis eller vanskeleg oppvekst.
EM PL AR
Av: Trine-Lise Gjesdal. Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-13.
Gir ros – Eg er van med å gi ros og positive tilbakemeldingar til syster mi. Derfor er eg nok flinkare enn andre til å gi ros til andre menneske rundt meg også, fortel Ida. Ida Haugen Bredesen (15) har vore med på forskingsprosjektet der ein har studert sysken til barn med nedsett funksjonsevne. Ho har vakse opp med storesystera Anja (18). Anja har Downs syndrom. Downs kjem av ein genfeil i cellene i kroppen.
44 • REFLEKTERE
Nært forhold Ida opplever at ho har vakse opp i ein heilt vanleg familie. Storesystera har fått mykje pleie og merksemd, men Ida føler at ho har fått nok kjærleik og merksemd frå foreldra sine. Det som har vore annleis, er at ho ikkje har kunna snakke med syster si på same måte som andre pratar med syskena sine. Men ho har aldri vore flau over at Anja er annleis. Og ho har heller aldri ønskt seg ei anna syster enn henne. Systrene har eit nært forhold, og dei gjer morosame ting saman. Men det har ikkje alltid vore morosamt. Ida har også triste minne frå oppveksten. – Anja har ikkje hatt særleg mange venner som har kome og besøkt henne. Det synest eg har vore veldig leitt, sidan eg har hatt mykje besøk av venner. Dette er noko eg har hatt dårleg samvit for, fortel Ida. Men Ida fortel at det har vore kjekt for henne å vekse opp med ei syster som Anja. – Forskjellen mellom meg og andre på min alder er at eg er blitt raskare vaksen. Eg er nok meir ansvarsfull enn andre på min alder, og hjelper gjerne menneske som har eit handikap, seier ho.
EM PL AR
Snakk saman om kva det betyr å vere annleis. For eksempel: • Har de følt dykk annleis nokon gong? • Kva vil det seie å vere «normal»? • Kan ein vere normal i éin situasjon og skilje seg ut i ein annan?
VU
R
D
ER
1 Stiller du eit spørsmål i innleiinga di? 2 Reflekterer du grundig over spørsmålet i teksten?
Vurder teksten
IN
G
SE
KS
Det er mange måtar å vere annleis på. Kanskje føler du deg annleis sjølv? Skriv ned tankane du har om det å vere annleis. Følg denne framgangsmåten: 1 Lag eit spørsmål som handlar om det å vere annleis, slik som det er gjort i teksten. 2 Skriv ned alle tankane du får når du ser dette spørsmålet. 3 Lag ei passande overskrift.
Studer teksten
Kva spørsmål blir stilt i byrjinga av teksten? Kven er det som er blitt intervjua i denne undersøkinga? Kven er det som blir intervjua i denne teksten? Kva kjenneteiknar dei barna som har funksjonshemma søsken? 5 På kva måtar er Anja annleis enn andre barn?
Snakk saman
1 2 3 4
Skriv sjølv
Mål Å reflektere over korleis det er å vere annleis
45
Arbeid med skriving i EM PL AR
På desse to sidene viser vi deg korleis du kan arbeide med oppgåvene i boka. Vi tar utgangspunkt i den første oppgåva, «Ville dyr brukar medisin», og bruker ho som eksempel. Denne første oppgåva passar godt når de arbeider med faga kroppsøving, mat og helse og naturfag.
SE
Å skrive ein tekst handlar om å arbeide med teksten på mange ulike måtar.
KS
For at det skal vere lettare å arbeide med ein ting om gongen i ein ganske komplisert skriveprosess, kan det vere lurt å tenkje på skrivinga som ein todelt jobb. Først er du forfattar, deretter sekretær.
ER
IN
G
Du må: • Bestemme kven du skal skrive til og kva som er målet med teksten din • Finne ut kva du kan om temaet frå før • Lese informasjon om det du skal skrive • Ta notat frå ulike kjelder • Diskutere det du skal skrive om, med andre, for eksempel lærar og elevar i klassen • Skrive utkast som du lar andre lese og gi tilbakemelding på • Rette opp feil og uklarheiter
Fase 1 – Å vere forfattar
Her viser vi korleis du kan arbeide med dei to ulike fasene knytte til oppgåva «Ville dyr brukar medisin», som du finn på side 4.
2 Lag et VØL-skjema der du skriv alt du kan om sunn mat i ein kolonne, og alt du vil finne ut om sunn mat i ein annan kolonne.
R
D
I forfattarfasen arbeider du med innhaldet i teksten og planlegg korleis du skal ordne innhaldet til ein samanhengande tekst.
Oppgåvene i «Ville dyr brukar medisin» kan gjerne gå inn i eit større opplegg der klassen skal arbeide grundig med eit tema i for eksempel naturfag, mat og helse eller kroppsøving. 1 Les «Mål» og oppgåveteksten i ruta som heiter «Skriv sjølv». Svar på desse spørsmåla: – Kva skal teksten du skal skrive, handle om? – Kven skal lese teksten din? – Kva er hensikten med teksten din? – Kva slags type tekst skal du skrive?
VU
Dette arbeidet kallar vi skriveprosessen. Skriveprosessen kan vi dele i to hovudfasar: 1 Forfattarfasen 2 Sekretærfasen
46
g i klasserommet
5 Snakk om svara frå «Studer teksten» i felles klasse. 6 Arbeid i grupper med spørsmåla som står i ruta «Snakk saman».
1 Har du avsnitt i teksten, og er avsnitta markerte på riktig måte (anten ved innrykk eller blanklinje)? 2 Har du brukt stor bokstav, punktum og komma riktig?
3 Har du oppgitt dei kjeldene du har brukt? Til slutt les du teksten din baklengs slik at du merkjer deg korleis orda er skrivne. Da vil du ikkje forstå kva teksten handlar om, men det gjer ikkje noko. Du skal berre sjekke at alle orda er skrivne riktig.
ER
IN
G
SE
7 Les skriveoppgåva saman i klassen og diskuter kva slags tekst det går an å skrive som svar på oppgåva. Snakk om desse spørsmåla: – Kva for ei rolle går du inn i når du skriv, for eksempel fagekspert overfor dei andre i klassen eller informasjonsarbeidar i Statens ernæringsråd? – Kven skal lese teksten din? – Korleis kan de tilpasse teksten til ei spesiell gruppe lesarar?
No skal du sjekke at teksten din ikkje inneheld nokon feil. Da undersøkjer du teksten ved å svare på desse spørsmåla:
EM PL AR
4 Arbeid med oppgåvene som står i ruta «Studer teksten».
Fase 2 – Å vere sekretær
KS
3 Bruk læreboka i Mat og helse og finn meir informasjon om sunn mat. Du kan også bruke andre kjelder, anten på Internett eller på biblioteket.
R
D
8 Skriv utkastet til ein tekst der du følgjer framgangsmåten i ruta «Skriv sjølv».
VU
9 La læraren eller ein annan elev lese teksten din og gi deg tilbakemelding. Be han eller henne svare på desse spørsmåla: – Kva i teksten er lett å forstå? – Kva i teksten er vanskeleg å forstå? – Kvar i teksten treng de fleire eksempel eller utdjupingar slik at lesaren får meir informasjon? 10 Skriv ferdig teksten din etter at du har fått tilbakemelding frå læraren eller ein annan elev. 47
© 2014 GAN Aschehoug, Oslo ISBN 978-82-492-1618-5 Nynorsk 1. utgåva / 1. opplaget 2014 Forlagsredaktør: Kristin Hide Grafisk design: Nygaard Design Trykk og ferdiggjering: Ulma Press, Latvia Omsett til nynorsk av Liv Storsul / Arkitekst AS
EM PL AR
Illustrasjonar Shutterstock/Robbie Taylor 4 (v), Shutterstock/Eduard Kyslynskyy 4 (h), Aftenposten Junior / Caroline Braate 6, Thor W. Kristensen 8, Thor W. Kristensen 10, Sindre Thoresen Lønnes/Den Norske Turistforening 12 (ø), Esben Johansen 12 (matbilete), Sarpsborg kommune 14, Inspiria science center 15 (ø og m), Mediaplanet 15 (n), Frilansfotograf Carl Martin Nordby 17, Thor W. Kristensen 20, Filmkameratene AS 22, Thomas Winje Øijord 24, Shutterstock/arkivanov 26 (ø), Shutterstock/muratart 26 (n), Thor W. Kristensen 28, Thor W. Kristensen 30, © Warner Bros. / Tiden Norsk Forlag 32, Shutterstock/Omelchenko 34, Thor W. Kristensen 36, Shutterstock/ Solovyova Lyudmyla 38, Shutterstock/MitarArt 40, Bulls Press 42, Temaforlaget / Trine-Lise Gjesdal 44
VU
R
D
ER
IN
G
SE
KS
Tekstkjelder Aftenposten Si ;D 24. september 2013: «Kjensla av mismot og skam». Omsett frå bokmål. Aftenposten Si ;D 25. september 2013: «Ungdommen bør jobbe hardare». Omsett frå bokmål. Aftenposten Junior / Caroline Braate: «Slik lever jeg – Trisha», Aftenposten Junior 2.–8. april 2013 Aftenposten Junior / Terje Krogsrud Fjeld: «To timar gym i veka er altfor lite!», Aftenposten Junior 21.–27. januar 2014. Omsett frå bokmål. Aftenposten / Vibeke Borgersen: «Ikkje noko Hokus Pokus», Aftenposten 2. mars 2013. Omsett frå bokmål. Bruheim, Jan Magnus: «Eit eventyr», Den store dikt- og regleboka 1, Bokklubben Barn, 2000 Bulls Press: «Elektronikk på kroppen» Hagerup, Inger: «På havets bunn står skutene» og «Sommerøya», Den store dikt- og regleboka 1, Bokklubben Barn, 2000 Holm, Dagny: «Er edderkoppar nyttige?», Nysgjerrig på edderkopper, Mangschou Forlag AS, 2010. Omsett frå bokmål. Johansen, Esben / Skog, Cecilie: «Flytt middagen ut», Utemat, Gyldendal Norsk Forlag, 2012. Omsett frå bokmål. Lett redigert etter avtale. Kjærnli, Tone: «WOW», Wow – 7 kjærestefortellinger, Cappelen Damm, 2010. Omsett frå bokmål. Norges Blindeforbund: «10 ting din hund ville fortalt deg». Omsett frå bokmål. Norsk Barneblad: «Flausar» nysgjerrigper.no / Ingrid Spilde: «Ville dyr bruker medisin». Omsett frå bokmål. Temaforlaget / Trine-Lise Gjesdal: «Som alle andre» Tolkien, J. R. R.: Utdrag fra Hobbiten, Tiden Norsk Forlag, 2012. Nynorsk omsetjing ved Eilev Groven Myhren. Forlaget har forsøkt å finne opphavspersonane til tekstane «Kjensla av mismot og skam» og «Ungdommen bør jobbe hardare». Eigarar til tekstane kan kontakte forlaget.
Alle kommentarar til utgivingar frå forlaget kan rettast til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo E-post: forlag@gan.aschehoug.no www.gan.aschehoug.no Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.