Snellas lese- og skrivebok, nynorsk, utdrag

Page 1

Runar Ragnarson Brataas

Snellas lese- og skrivebok Runar Ragnarson Brataas

ur de rin g

Snellas ra g

fo rv

lese- og skrivebok Magi-universet

Ein del av

Magi-universet

GAN Aschehoug

GAN Aschehoug

U

td

Ein del av


Til læ raren Dei er bygde opp med bakgrunn i desse kompetansemåla: • å kunne oppleve, uttrykkje seg kreativt og skape eigne tekstopplevingar • å kunne lese og forstå ulike ord og setningar Sjølv om mange av ferdigheitene vi trenar på i denne boka, grip inn i kvarandre, er det dei to ovannemnde ferdigheitene eg har lagt vekt på. Ein må sjå aktivitetane i samanheng med kompetansemåla i læreplanen, og ofte trenar ein indirekte og direkte på fleire mål samtidig.

ur de rin g

Lesing og skriving i begynnaropplæringa er avanserte prosessar som elevane må få tid, støtte og modellering til å meistre. Motivasjonen, leiken og relasjonane som blir skapte, er avgjerande for at kvart enkelt barn skal få tru på seg sjølv. Ved å leggje opp til ei oppdagande lese- og skriveopplæring kan læraren etablere seg som regissør og medskapar allereie frå første skuledag, og leggje til rette for at både dei som kan lese og skrive, og dei som er på veg, kan oppleve magi frå dag éin.

Kvart oppslag begynner med ei informativ lærarrettleiing som skildrar gangen i aktiviteten. Oppgåva «Oppdag saman» er laga for å bli gått gjennom med elevane, og ho dannar alltid oppstarten og grunnlaget for aktiviteten i elevgruppa. Sidene som høyrer til, omfattar kopiark eller andre ressursar du treng for å gjennomføre aktiviteten. Om du vil, kan du forstørre kopiarka til A3.

fo rv

Mine erfaringar med begynnaropplæringa på 1. og 2. trinn tilseier at ein alltid er på jakt etter å gje elevane fleire treningssituasjonar. Vidare ønskjer ein å samle elevane om arbeidet, modellere og tidleg leggje til rette for det som krevst for at elevane skal kome vidare i utviklinga. Oppgåvene og aktivitetane som eg har sakna, har eg no utvikla til å bli Snellas lese- og skrivebok.

U

td

ra g

Boka er, til liks med elevbøkene Magi A og Magi B, bygd opp på ein systematisk måte. Kvart kapittel begynner med ei oppgåve som læraren og elevane skal arbeide med i fellesskap, før læraren modellerer aktivitetane som følgjer.

Boka kan brukast uavhengig av andre læreverk. Du kan derfor plukke ut og bruke dei aktivitetane du ønskjer, eller arbeide meir spesifikt og målretta med dei ulike ferdigheitene. Målet er at du lett skal kunne hjelpe elevane til å påverke og skape sine eigne læringsprosessar, samtidig som dei får utfalde seg og trene opp ferdigheiter og kompetanse – individuelt, i par eller i grupper. Aktivitetane i boka byggjer på læreplanen i norsk etter fagfornyinga og arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter etter 2. trinn.

2

Til arbeidet med Snellas lese- og skrivebok krevst det få konkret og lite utstyr. Aktivitetane er enkle å tilpasse ut frå kva utstyr du har tilgang til, og dei kan gjennomførast både som del av ordinær undervisning og som stasjonsundervisning. Snella og eg ønskjer dykk lykke til! Helsing Runar


Innhald

ur de rin g

Å kunne oppleve, uttrykkje seg kreativt og skape eigne tekstopplevingar 1 Les, teikn og farg med Meite og Vivian........4 2 Oppdagande skriving med Pelle og Paulina...............................................13 3 Biletsongane til Timian................................. 20 4 Biletoppdraga til Bilal og Elina................... 26

U

td

ra g

fo rv

Å kunne lese og forstå ulike ord og setningar 5 Snella og dei hemmelege orda hennar..... 30 6 Einar og dei rotete setningane hans......... 34 7 Ordnettet til Knute....................................... 38 8 Skriverundane til Erle.................................... 44 9 Rare setningar................................................ 49 10 Ord for timen med Vilmer Vepsebol........ 53 11 Lesespela til Yngve...................................... 55 12 Leseløypa til Petra og Patrick.................... 62 13 Rekeleikane til Sabine og Sebastian........ 66 14 Tre på rad med Henning og Hank............ 68

3


7

Ordnettet til Knute

Ferdigheiter Å kunne lese og forstå ulike ord og setningar

Vri 1 La elevane arbeide i par med å løyse ordnetta. Den eine leitar med raud blyant og den andre med blå. Når paret er ferdig, les dei orda dei har funne, for kvarandre. For kvart ord dei les, skal den andre bruke ordet i ei setning. 2 Lag ein mal med 10 ruter på eit A4-ark. Kopier opp malen. La elevane hente så mange ark dei treng. Elevane skriv kvart ord dei har funne, to gonger – éin gong per ord. Når alle orda er skrivne, klipper dei ut rutene og spelar memory. Følg reglane for vanleg memory; den som får par, beheld paret.

ur de rin g

Førebu Kopier og klipp opp oppgåvekorta til oppslaget. Lag like mange kopiar som det er elevar. La elevane arbeide med eitt oppgåvekort om gongen. Bruk ei dokumentmappe eller ein klips for å halde korta samla før og etter bruk. Brukar du oppgåvene i stasjonsundervisninga, kan du laminere korta. Då kan elevane bruke raude og blå tavletusjar til å markere orda.

med ordnettet, kan dei skrive orda dei har funne, i skriveboka eller på nettbrett eller PC. Deretter kan elevar som er klare for det, bruke orda til å lage setningar eller skrive orda i alfabetisk rekkjefølgje.

fo rv

Oppdag saman Knute er meir oppteken av å samle ord enn mat og skattar. Derfor må han ofte leggje seg svolten fordi han held på med ordnetta sine i staden for å leite etter mat. Heldigvis stikk bestevenninna til Knute, som heiter Knyte, innom med mat til han. Samtidig hjelper ho til med å sjekke at alle orda i ordnetta stemmer.

ra g

• K va for ord trur du Knute set inn i ordnetta?

U

td

Modellere og gjennomføre Teikn eit rutenett på datamaskin eller på tavla. Det bør vere 12 ruter vassrett og 10 ruter loddrett, som oppgåvekorta. Ta utgangspunkt i «Oppdag saman» og set inn framlegga frå elevane i forslaget. På den måten modellerer du kva eit ordnett er, og lèt elevane bruke ulike strategiar for kvar orda bør plasserast, ut frå kor mange bokstavar dei har. Fortel elevane at dei skal arbeide med å løyse eit av ordnetta til Knute. Dei skal bruke raude og blå blyantar og markere orda i rutenettet. Kva for ord som skal vere raude, og kva for nokre som skal vere blå, står på kvart oppgåvekort. Når elevane er ferdige

38

Evaluere og dokumentere Snakk med elevane og observer undervegs om det er nokon ord dei tek feil av når dei arbeider med ordnetta. Legg merke til kven som les og får med seg heile ordet, og kven som berre får med seg første eller andre staving. Ønskjer du å ta vare på ordnetta, kan elevane lime dei inn i skriveboka eller ta bilete med nettbrettet. Hugs også at for nokre elevar kan orda vere ukjende. Modeller korleis elevane kan få hjelp frå medelevar eller deg når dette oppstår. Tips: La dei yngste elevane seie bokstavlyden til kvar bokstav dei markerer eller fargelegg, høgt. Då får dei ekstra munnleg trening i å trekkje saman lydane til ord.


Ordnettet til Knute 1 e g g l l l

i e v e n t y r

a t e l e i

e i

Ordnettet til Knute 2 o s t e h ø v e l

s e l

k e e r t

s o t o r d o t e r s y

l u k t e s k e l y

s a n d k a s s e o s t

å s e n e l g l y k t

e k o r n l u f

t

e l e f a n t

l

a n g e

e g l

s e p l e

a k r

i

l ø p

o l

j e s a k s o p p e

s u p p e o k s e o m n s t s

j e r n e o m s k o

l e d e n o n s d a g

å v e l e k s e l y s

s o l o l

l

a n d e k k o l

o r k a n s å p e s

t e l

j e l

a u v

a m a

l u s

Ord som begynner med l. Ord som begynner med e. Magi

i

s å

l

l e o s e s e b r a

Magi

GAN Aschehoug

fo rv

Ordnettet til Knute 3

Ordnettet til Knute 4

a t

ra g

u l

i

Ord som begynner med s. Ord som begynner med o.

GAN Aschehoug

m a t t e u n d u l

v e n s ø l

ur de rin g

l

v m u s u t m o s e

r a k e t t

i g l o r o

i n n e r e v

i n n i

s

i

u l

r o s e i n s e k t r å

td

u g l e m y n t u t a n

U

l g e n s e r m o t

s b j ø r n r a d i o

m a s k e u l e m o p p

r a s

u r m å n e u b å t m å

r

m o n s t e r u r t e r

i n n e s k o r u m p e

u k u l e l e m e r k e

r å d i

l

l e r u b i n

m ø r k e u l

i n n r

i

s t

u v

i

k t

l

s o k k

i g m e l

Ord som begynner med m. Ord som begynner med u. Magi

GAN Aschehoug

i

s

i

i

v r

i g r e i n

v e r o b o t r o p

r a r

i

s b i

t

i d r e t t r a s Ord som begynner med i. Ord som begynner med r. Magi

GAN Aschehoug

Kopiark – Snellas lese- og skrivebok • GAN Aschehoug / H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 2020

39


11

Lesespela til Yngve

Ferdigheiter Å kunne lese og forstå ulike ord og setningar

Lesespela til Yngve passar best for elevar som har knekt lesekoden eller treng ekstra leseutfordringar. De kan derfor ta fram spelebretta om att og om att, og gjere dette til ein fast stasjon når elevane er klare for det. Spelet tek utgangspunkt i dei mest høgfrekvente substantiva, i tillegg til andre høgfrekvente ord.

ur de rin g

Førebu Kopier og klipp opp lesespela til oppslaget. Lag nok kopiar til at elevane kan arbeide i par eller trio, i full klasse eller som del av ein stasjonsaktivitet. Laminer spela, slik at elevane kan spele om att og om att ved hjelp av brikker eller tavletusjar. Bruk ei dokumentmappe eller ein klips for å halde spela samla før og etter bruk.

lest setninga, markerer dei henne med tusj eller blyant, og neste elev kastar terningen. Markerte felt kan ikkje lesast på nytt. Det vil seie at dersom det er fullt i ei rad, går turen over til neste spelar. Når alle felta er markerte, er spelet ferdig, og ein kan starte på nytt.

Vri For å auke vanskegraden kan kvar elev ha sin eigen kopi av spelebrettet, men spele saman med andre ved at ein kastar terningen etter tur. Ved å ha sitt eige spelebrett får elevane fleire treningssituasjonar. Dei kan likevel konkurrere om kven som blir først ferdig, fordi det er terningen som avgjer.

ra g

fo rv

Oppdag saman Som monster flest klarer ikkje Yngve å sitje i ro så lenge om gongen. Ofte må han ha noko å konsentrere seg om for at ikkje munnen og beina skal gå i eitt sett. Yngve har derfor laga lesespel som han prøver å få dei andre monstera til å bli med på. Nokre av monstera synest at setningane er litt lange, men sidan dei veit at Yngve kan hjelpe dei, hiv dei seg ofte med. Dersom dei ikkje er ute og skremmer små og store som prøver å finne gøymestadene deira, då.

td

• Kva for setningar trur du Yngve og dei andre monstera les?

U

Modellere og gjennomføre Ta utgangspunkt i «Oppdag saman» og la elevane kome med munnlege forslag til kva setningar dei trur Yngve og dei andre monstera les. Snakk med elevane om kva dei synest er ei kort eller lang setning. Forklar at de skal spele eit lesespela til Yngve. Ta utgangspunkt i spelebrettet de skal bruke, når du modellerer. Forklar at elevane skal spele saman i par eller trio. Dei treng ein tavletusj eller fargeblyant kvar i ulik farge. Elevane kastar terningen etter tur. Får dei til dømes to, skal dei lese ei setning i kolonnen som har terning med to prikkar. Når dei har

Evaluere og dokumentere Snakk med elevane etter arbeidet med aktiviteten. Var det nokon ord dei ikkje forstod, eller som var vanskelege å lese? Korleis klarte dei å følgje spelereglane og til dømes stå over ein runde? Kva kan ein gjere dersom det er eit ord ein ikkje forstår eller får til å lese? På kva måte hjelper elevane kvarandre når dei stoppar opp i lesinga? Kva kan vere lurt å gjere? Ver open om at alle er på ulike lesenivå. Lesing er noko ein må trene på kvar dag dersom ein skal bli betre – på same måten som når ein løftar vekter eller spring raskt.

55


Magi

GAN Aschehoug

Lesespel 1 Det låg ein spikar på trappa.

Eg vil ha ananas!

Heksa hadde ein svær nase.

Det låg ein pakke i postkassen.

Set han i kjøleskåpet.

Tone pakka ut av eska.

Kva for ei gate bur du i?

Hanen på garden heiter Henrik.

Hjelp, eg må på do no!

Det sat ei dame på benken.

Leo hadde ei gul badeand.

June drog på besøk til farmor.

Bård hadde leverpostei i ansiktet.

Vi fekk ikkje lov til å leike med pil og boge.

Joggeskoa var grøne.

Vi fekk ikkje til å sage ned treet.

Det skipet har eg aldri sett før.

Jørgen tok med pizza til klassen.

Karin sov over hos Lene.

Har vi meir syltetøy?

Lesespel 2

td

Sjå, der er det ei and.

U

Kan vi kjøpe nudlar?

56

Vilja viste fram den nye sykkelen sin.

Jens ville spele stigespel.

Vi frakta bøkene i trillebår.

fo rv

GAN Aschehoug

ra g

Magi

ur de rin g

Kvar kom det dekket frå?

Leif knekte linjalen.

Eg vil ikkje ha blomkål.

Piggsvinet blei redd og viste piggane.

Kan vi gå og sjå på skjelpaddene?

Det blei tomt for dopapir.

Har du lyst på kjøtkaker?

Eg har blyantar i mange fargar.

Har du sett ei geit før?

Kvifor er det ein cowboy her?

Eg vil strikke med rosa garn.

Kvar er det blitt av saksa?

Lars kyssa meg på kinnet.

Milo ville spele esel.

Vi har jordbær i hagen.

I bilen sat det ei dame.

Storebror har fått langt skjegg.

Lukas tende eit stearinlys.

Beltet held buksa oppe.

Hanskane mine er raude.

Marius spela på trommene sine.

Du må vaske hendene med såpe.

Det var eg som fann den pinnen.

Kopiark – Snellas lese- og skrivebok • GAN Aschehoug / H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 2020


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.