
3 minute read
God dag, Martin Høyem
from Posisjon 2024-1
by GeoForum
Familie: Kone og to barn
Kvar: Los Angeles, California.
Stilling: Frilansar på jakt etter fast arbeide
Under ein Noregs-tur med familien i 2022, på veg for å vitje Astruptunet ved Jølstravatnet, køyrde sonen min og eg innom ein bensinstasjon i Sogndal for å kjøpe skulebollar og kaffe som niste, og mens eg stod og skulle betale oppdaga eg at dei også selde kart. «Kart liker eg,» sa eg til meg sjølv og plukka med meg eit som heite The Fjords.
Eg minnest dei karta vi brukte då eg var gut, om somrane då vi tok med oss syklane våre på toget frå Trondheim og ned til Frankrike og så sykla vi rundt med telt og soveposar i nokre veker. Dei gule Michelin-karta.
«Sjå her,» sa faren min og bretta ut kartet. «Nokre vegar er markert med raudt. Dei er store vegar med mange bilar som køyrer fort. Der vil vi ikkje sykle. Og her er nokre vegar som er gule. Dei har litt færre bilar, men vi prøver å halde oss unna dei gule vegane, òg. Dei tynne, kvite vegane, det er dei vi skal sykle på.»
Eg tykte det var ein fantastisk ide med slike kart, og fann fort ut at ikkje berre var dei praktiske for oss som trengte vite kor vi kunne sykle, men karta var òg gode farkost for draumar. Heime i Noreg kunne eg sitje ved stuebordet i lange stundar i gongen og lese dei og undrast korleis stadane eg kunne sjå på kartet såg ut i verkelegheita. Sida, i vaksen alder, har eg skjønt at kart gjer meg idear om landskap som ikkje alltid stemmer overeins med kva eg vil sjå om eg skulle vara så heldig å komme til den staden som kartet beskriv. Men det synest eg ofte er fasinerande og gildt.
Vi brukte ikkje kartet med The Fjords mykje for navigering under turen, men eg bruker det framleis som brennstoff til dagdraumar her eg sitt heime i Los Angeles på andre sida av verda. Nokre veker etter at vi kom attende etter Noregs-turen, la eg merke til kven som hadde laga kartet, og så tenkte eg at denslags skulle eg no gjerne ha jobba med sjølv. Men så innsåg eg med ein gong at eg veit jo ikkje korleis dei lagar kart, dei folka som lagar kart. Eg har jobba med formgjeving og data og programmering og databaser og slikt i mange, mange år, og så har eg ein cand.polit i sosialantropologi, så eg veit jo litt om å samle og leggje fram vitskapelige data, men kart ... korleis lagar dei no eigenleg kart? Ein spire var sådd, og så byrja eg ta klassar i GIS på den lokale høgskulen.
No har eg tatt mange klassar – eg har lært om korleis eg bruker ESRI sine programvarar, om kartografi, og dataanalyse i kart, innhenting av data, datavasking, programmering med Python, og mykje meir, og det blir meir og meir moro for kvart kart eg lagar! Og no er det ikkje berre kart for sykling og turisme som grip meg, men nær på alle typar kart. Kva er kor, og kvifor er tinga der dei er? Og kor bør dei være? Det kan eg tenkje mykje rundt!
Når eg no har meldt meg inn i Geoforum, håper eg at eg får høve til å begynne å byggje eit nettverk slik at eg moglegvis kan finne arbeide i Noreg. Ta gjerne kontakt om de trur de har noko eg kan hjelpe med – stort eller smått! De kan nå meg på LinkedIn: https://www.linkedin.com/in/martinhoyem/ Eller de kan sende ein epost til mh@americanethnography.com