2 minute read

NYVEST: Nyskapande metodar for naturdata og arealrekneskap

Next Article
TEST Birgitte

TEST Birgitte

Samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal, i tillegg til forskingsinstitusjonane NINA og Vestlandsforsking. Fylkeskommunane skal saman vidareutvikle arealrekneskap, mellom anna basert på arbeidet til Agder.

Tekst: Iselin Helløy, Vestland fylkeskommune.

Det er utfordrande å vere kommuneplanleggar i dag. «Alt areal ligger i en kommune», er eit sitat som har blitt gjentatt i den offentlege diskusjonen sidan NRK publiserte «Norge i Rødt Hvitt og Grått». Det er mykje ansvar som ligg på kommunane for å sikre berekraftig arealbruk. For at lokalpolitikarane skal kunne ta omsyn til naturmangfald og klima i avgjerslene sine, trengst eit godt kunnskapsgrunnlag gitt av administrasjonen. Diverre er kartfesta naturinformasjon ei mangelvare, og til no har det vore utfordrande å vise sumverknadar av planlagt arealbruk.

Gjennom prosjektet NYVEST, kort for «Nyskapande metodar for naturdata og arealrekneskap for å vise samspeleffektar mellom natur og klima på Vestlandet», er intensjonen å løyse nokre av utfordringane kommunane har i dag. Det er eit innovasjonsprosjekt i offentleg sektor som fekk støtte frå Forskingsrådet til oppstart i februar. Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal, i tillegg til forskingsinstitusjonane NINA og Vestlandsforsking. Prosjektet har tre faglege arbeidspakkar som komplimenterer kvarandre.

Fylkeskommunane skal saman vidareutvikle arealrekneskap, mellom anna basert på arbeidet til Agder. Det er mykje potensial i å vidareutvikle arealrekneskap som verktøy til bruk i både planlegging og saksbehandling. Vi ser mellom anna på eit samanlikningsverktøy mellom gjeldande kommuneplanens arealdel (KPA) og forslag til ny KPA. Dette har vist seg å vere noko både kommuneplanleggarar og sakshandsamarar i offentleg sektor har behov for. Vi ser for oss eit meir tilrettelagt verktøy for saksbehandling av kommuneplanar i fylket. Vidare utforskar vi mogelegheitene arealrekne- skap har som verktøy for planvask. Det er oppretta ein tilleggsmodul til Agdermetodikken som får fram kor godt eldre reguleringsplanar blir tatt med i analysen. I tillegg legg modulen til atributtar som pedagogisk forklarer kva Agdermetodikken fangar opp, som ein ikkje nødvendigvis ser ved første augekast. I utviklinga av arealrekneskap har vi med oss eit utval følgjekommunar som blir med og testar og vurderer verktøya undervegs. Allereie har Rogaland og Møre og Romsdal publisert dei første regionale arealrekneskapa sine, og Vestland kjem snart etter. For eit godt arealrekneskap krevst det gode kartdata. Det har lenge vore kjent at dagens heildekkande kart for natur er mangelfulle. Ny teknologi innan maskinlæring og tilgjengelege satellittbilete gir mogelegheit for å bruke innovative løysingar for naturkartlegging. NINA skal i dette prosjektet mellom anna bruke metoden Bakkestuen et al. (2023) brukte til å kartlegge våtmark, og teste denne på andre naturtypar. Prosjektet vil bygge vidare på eksisterande kart og ønsker å detaljere «grunnkart for bruk i arealrekneskap». Spesielt ser vi no på å detaljere grasmark og hei og buskmark. Kart og verktøy er berre nyttige om dei blir brukte. Vi har kunnskap om natur, klima og samanhengane mellom dei, som ikkje blir tilstrekkeleg vektlagt i politiske prosessar. Vestlandsforsking skal undersøke dette spennet mellom kunnskap og avgjersler gjennom litteratur, spørjegransking og case-studie. Spesielt er vi interesserte i kva vilkår som er til stades når omsyn til natur og klima blir tatt, og kva som påverkar vektlegging av omsyna i avgjerdsprosessar. Desse resultata kan hjelpe oss å implementere arealrekneskap og naturkart i kommunal planlegging. Slik kan vi bidra til ein meir berekraftig arealplanlegging, som tek omsyn til samspeleffektane mellom naturmangfald og klima.

Illustrasjonsfoto av Marianne Meinich.

This article is from: