Utvandringa frå Eiken til Amerika 1846–1965
På garden Vik Austre i Eiken var det fem bruk i 1875. På det eine bruket, gnr 60 br 3, var det i 1875 eit husdyrhald på to kyr og ein sau. Det blei sådd 1/12 tønne rug, 1,5 tønne bladkorn (ei blanding av bygg og havre) og fem tønner poteter. Frå 1873 til 1893 voks det opp 10 barn her. 9 av desse utvandra til USA, og kun eitt av desse kom heim att til Noreg og Eiken. Dei fleste av gardane i Eiken var for små til å kunne brødfø den veksande befolkninga på siste halvdel av 1800-talet. Biletet er tatt tidleg på 1930-talet. Foto via Sigbjørn Vik
Toralf Tveiten
Utvandringa frå Eiken til Amerika 1846–1965