Då Arkimedes og eg kom heim frå skulen, låg pappa som vanleg i badekaret og jobba med oppfinninga si. Eg tok meg ei appelsin, og Arkimedes tok seg ei sardin. – Hei, pappa, kan du skrelle denne appelsina for meg? spurde eg.
– Evreka, ikkje forstyrr meg midt i oppfinninga! svara pappa. – Eg prøver å finne opp trekanta såpebobler, og no var det like før eg fekk det til! Men han tok imot appelsina og skrella ho før han dukka under og blei borte.
– Kan du ikkje snart lære deg å skrelle sjølv? spurde han då han dukka opp att. – Pappa, då, du veit at eg ikkje toler kliss på fingrane! – Ok, sa pappa og pusta ut. – Kan du ikkje finne opp noko nyttig? spurde eg. – Ikkje firkanta eller trekanta såpebobler! Ikkje ei vindmølle som slit seg og forsvinn ut i universet med oss tre om bord. Noko skikkeleg nyttig!
– Korfor skal eg bry meg med å finne opp noko nyttig? Det er altfor lett for meg! sa pappa og gjorde seg klar til å gå under igjen. – Kanskje du kan finne opp ein appelsinskrellar, så slepp du å skrelle for meg kvar dag? – Blob blob, svara pappa.
Då vi kom heim frå skulen neste ettermiddag, tok eg meg ei appelsin, og Arkimedes tok seg ei sardin. Så gjekk eg inn på badet for å få hjelp med å skrelle. Men pappa var ikkje der! I badekaret var det berre lunka såpevatn. Korfor låg ikkje pappa der og jobba?
Eg gjekk tilbake til kjøkenet og kikka ut gjennom glaset. Då fekk eg sjå pappa ute i hagen. Han stod på lur bak plommetreet! Kva var det han dreiv med?
Like etter ringde det på døra. Utanfor stod ein snodig skapning med bustete hår og hakkete tenner. Han hadde ikkje armar, så korleis kunne han ringje på?
– Hei, sa eg, – kven er du? – Skrelle! svara skapningen og tok appelsina frå meg. På ein to tre hadde han skrella appelsina. Så åt han skalet og gulpa sjølve appelsina tilbake til meg.
Evreka elskar appelsiner! Men pappa er lei av å skrelle, og vil heller bruke tida på nye oppfinningar. For å få fred lagar han ein appelsinskrellar som kan hjelpe Evreka. Men han har gløymt å finne opp av-knappen, og skrellaren vil skrelle ALT! Kan Evreka og Arkimedes stoppe appelsinskrellaren før han skrellar heile nabolaget? Dette er den sjette boka om Arkimedes.