Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

Page 1

Helse Førde

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

Helse Bergen

Helse Fonna

Helse Stavanger

HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus


Regional koordinerande eining Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering ivaretek funksjonen som regional koordinerande eining i Helse Vest. Dette inneber mellom anna å ha oversikt over kva tilbod som fins innan habilitering og rehabilitering i regionen. Slik oversikt blir utvikla og vedlikehalden gjennom nært samarbeid og kontakt med aktørar i spesialisthelsetenesta, private sjukehus og institusjonar og med koordinerande einingar i kommunane. Nettverksbygging Kompetansesenteret skal bidra til å styrkje samarbeidet mellom aktørar innan habilitering og rehabilitering og til å gjere felta meir synlege. Senteret medverkar til etablering og drift av tverrfaglege nettverk innan fagutvikling og forsking, og arrangerer nettverksmøter og konferansar. Senteret har etablert Møteplass ved dei fire helseføretaka i regionen. Møteplass er eit forum for samhandling og informasjons-utveksling mellom helsepersonell, koordinerande einingar i sjukehusa, koordinerande einingar i kommunane i regionen og andre samarbeidande instansar. Forsking og fagutvikling Kompetansesenteret skal bidra til å styrkje forsking og fagutvikling innan habilitering og rehabilitering. Senteret har utarbeidd regionalt program for forsking innan habilitering. I 2012 starter prosessen for utvikling av eit regionalt tverrfagleg forskingsprogram innan rehabilitering. Senteret initierer og/eller tek del i ulike prosjekt og tiltak for utvikling og forbetring av tilbod på felta.


Undervisning Kompetansesenteret kan delta i utdanning og undervisning av helsearbeidarar og gi råd og fagleg støtte når det gjeld utvikling og spreiing av kunnskap innan habilitering og rehabilitering. Regional vurderingseining for rehabilitering Behandlar og vurderer tilvisingar til rehabilitering i private rehabiliteringsinstitusjonar frå fast-legar og avtalespesialister i Helseregion Vest. Tilvisingar skal sendast til: Østre Nesttunvei 2, 5221 Nesttun. Om oss Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering blei etablert i 2007 og har gjennom mandat frå Helse Vest RHF fått tildelt fem hovudfunksjonar- og oppgåver: • Regional koordinerande eining, • Nettverksbygging, • Forsking og fagutvikling, • Undervisning og • Regional vurderingseining for rehabilitering. Senteret har rådgjevarar i bindeleddstilling i Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde. Dei ivaretek funksjonen som koordinerande eining (KE) for habilitering og rehabilitering i det einskilde helseføretaket. Alle med-arbeidarar har brei helse- eller medisinskfagleg utdanning og kan vise til variert kunnskap og lang erfaring innan habilitering og rehabilitering.


HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus

Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering

Nr. 202 4160 Kommunikasjonsavdelingen. 2012

Kontaktinformasjon Telefon 55 91 85 40 For meir kontaktinformasjon sjå “kontakt oss” på vår nettside. Adresse Østre Nesttunvei 2 5221 Nesttun For meir informasjon sjå vår nettside: www.helse-bergen.no/kompetansesenter-habrehab

Informasjonstelefon - for habilitering og rehabilitering Pasientar, pårørande og helsepersonell kan ringje grønt nummer 800 300 61 for informasjon om habilitering og rehabilitering alle kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00

ReHabilitering tlf. 800 300 61


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.