Strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid

Page 1

Strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid Helse Bergen


Forståing av helse • Kan ikkje avgrensast til eit spørsmål om fråvær av sjukdom eller skade. • Ein ressurs som gjer folk i stand til å meistre livet og fungere i kvardagen.

• Helsetilstanden i befolkninga er betre enn nokon gong, men tydelege skilnader hjå ulike grupper i befolkninga. Faktorar som kan påverke helse.


Førebyggjande helsearbeid Tre hovudområde: • Primærførebyggjande arbeid: Oppnå god helseåtferd, vere frisk og unngå sjukdom og skade. • Sekundærførebyggjande arbeid: Førebygge tilbakefall av sjukdom eller førebygge at sjukdom utviklar seg vidare.

• Tertiærførebygging: Å minske dei følgjene sjukdommen får for personen sin funksjon og livskvalitet og bidra til ei handtering av å leve med sjukdom.


Føringar for spesialisthelsetenesta • Spesialisthelsetenesta skal ”særlig fremme folkehelsen og […] motvirke sykdom, skade, lidelse og funksjonshemming (Lov om spesialisthelsetjenesten § 1-1.pkt.1). • Samanhengen mellom livsstil og helse og førebyggjande arbeid vektlagt i Samhandlingsreforma. • Fleire leveår med god helse i befolkninga og reduserte sosiale helseskilnader eit overordna mål i Nasjonal helse og omsorgsplan (2011-2015). • Også relevant i høve til Helse Vest sin strategi, dei årlege oppdragsdokumenta frå helsemyndigheitene og i samband med ulike nasjonale strategiar.


Haukeland universitetssjukehus si rolle • Førebyggjande aktivitetar og tilbod integrert i kliniske einingar si kjerneverksemd.

• Løfte fram og dra nytte av fagmiljø med kunnskap og kompetanse på feltet. • Medlem i Norsk nettverk for helsefremmende arbeid (Norsk HPH) og The International Network of Health Promoting Hospitals and Health Services (HPH) og partnarskapsavtale med Fylkeskommunen.


Visjon og mål Visjon • Helsefremjande i all vår verksemd. Haukeland universitetssjukehus skal bidra til å betre folkehelsa og førebyggje sjukdom ved å vere helsefremjande i all si verksemd. Pasientar og pårørande skal møte tilsette som evner å integrere førebygging og helsefremjing i arbeidet sitt. Mål • Førebyggjande og helsefremjande tiltak skal optimalisere behandling, redusere komplikasjonar og fremje helse og livskvalitet hos pasientane. •

Haukeland universitetssjukehus skal utnytte moglegheitene til å fremje folkehelse gjennom forsking, kompetanseutveksling og ved å vere førebyggjande og helsefremjande i all si verksemd.

Haukeland universitetssjukehus skal vere ein helsefremjande arbeidsplass.


Innsatsområde • • • • • • •

Levevanar Rettidig behandling Reduksjon av behandlingspåført sjukdom og skade Kompetanseutveksling Forsking og innovasjon Datamateriale og medisinske register Helsefremjande profil


Levevanar • Hjerte- og karsjukdommar, kreft, psykiske helseproblem, diabetes, lungesjukdommar og muskel- og skjelettsjukdommar står for 86 prosent av alle dødsfall og 77 prosent av sjukdomsbyrda i Europa (WHO ). • Høg kroppsmasseindeks (KMI) er årsak eller medverkande årsak til om lag sju prosent av alle dødsfall. • Nærare 80 prosent av førekomsten av hjerteinfarkt, 90 prosent av førekomsten av diabetes type 2 og 30 prosent av førekomsten av kreft kan førebyggjast med betra kosthald, regelmessig fysisk aktivitet og røykestopp (WHO). • I strategien er det levevanane fysisk aktivitet, kosthald, rusmiddel, søvn og tobakk som er inkluderte.


”Window of Opportunity” • Ni av ti pasientar har minst éin risikofaktor som kan forverre sjukdom og behandlingsresultat (Kartlegging ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, Stavanger universitetssykehus og Haukeland universitetssjukehus, 2009) • Kontakt med spesialisthelsetenesta gir god anledning til samtale om helse og levevanar

Risikofaktorar for død og sjukdomsjusterte leveår for vestlege land.


INNSATSOMRÅDENE


Rettidig behandling • Rett tidspunkt for rett intervensjon kan førebyggje forverring av liding og sjukdom og/eller forhindre komplikasjonar.

• Ved å redusere unødig venting kan der tidsfaktoren er kritisk, redusere risiko for celledød, reduksere unødig funksjonstap og redusert tid til celletilvekst. • Organisering og samarbeider påverkar resultatet av behandlinga og pasienten sin helsetilstand i etterkant av sjukehusopphaldet. • Auka vektlegging av standardiserte pasientforløp på tvers av nivå.


Reduksjon av behandlingspåført sjukdom og skade • Gevinstar for den enkelte pasient og på systemnivå: – Redusert liding for den enkelte pasient – unngå komplikasjonar og hindre reinnlegginar m.m. – Kortare sjukemeldingsperiode, færre reinnleggingar, økonomiske gevinstar.

• Grep for å gjere pasienten så robust som mogleg: – Redusere sjukehusinfeksjonar, behandlingspåført medikamentmisbruk, talet på liggjesår og unødig tap av muskelmasse.

• HUS sin ernæringsstrategi frå 2006 har som formål å førebyggje og behandle sjukdomsrelatert underernæring.


Kompetanseutvikling • Kunnskaps- og kompetanseutveksling om folkehelse, helsefremjing og førebyggingstiltak internt i spesialisthelsetenesta og med primærhelsetenesta er eit viktig ansvarsområde. • Byggje på tverrfagleg kunnskap frå ei rekkje fagdisiplinar. • Utvikle fellesarenaer og gode modellar for samhandling og kompetanseutveksling om folkehelse, helsefremjing og førebyggingstiltak i samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane.


Forsking og innovasjon •

Medisinsk og helsefagleg forsking kan gi kunnskap om levevanar og andre faktorar sin påverknad på utvikling av sjukdom og sjukdomsforløp.

Behov for også å forske på effekt av førebyggjande og helsefremjande tiltak i helsetenesta, inkludert økonomisk effekt av tiltak som er sett i verk.

Innovasjon i helsesektoren kan blant anna innebere innføring av nye prosedyrar, behandlingsformer eller førebyggjande tiltak.

Føretaket må utnytte det potensialet som ligg i utvikling av nye produkt, diagnostikkog behandlingsmetodar, tenester og organisatoriske løysingar innan folkehelsearbeidet.


Datamateriale og medisinske register • Auka fokus pü utnytting av spesialisthelsetenesta og HUS sitt store datamateriale.

• Store moglegheitene ligg i datamaterialet frü spesialisthelsetenesta, t.d. medisinske kvalitetsregister og Norsk pasientregister for alle. Helsedirektoratet 2010. IS-1846.


Helsefremjande profil • Vi må utnytte kunnskapen vår til å skape eit helsefremjande miljø på sjukehuset.

• Gjennom helsefremjande val i eigen organisasjon kan vi drive folkehelsearbeid i praksis retta mot både pasientar, pårørande, besøkande og tilsette. • … og vi kan synleggjere sjukehusets samfunnsoppgåve.


Tiltak Haukeland universitetssjukehus har tre hovudroller: • HUS som pasientbehandlar • HUS som samfunnsaktør • HUS som arbeidsplass


HUS som pasientbehandlar Mål: • Førebyggjande og helsefremjande tiltak skal optimalisere behandling, redusere komplikasjonar og fremje helse og livskvalitet hos pasientane. Tiltak: A. Førebyggjande og helsefremjande tenking skal inkluderast i alle pasientforløp B. Styrkje pasientane sine moglegheiter til aktiv deltaking i behandling og oppfølging C. Levevanar skal inkluderast i pasientdokumentasjon D. Utvikle målretta levevaneintervensjonar der endring av levevanar er forventa å betre livskvalitet og prognose E. Leggje til rette for helsefremjande miljø og moglegheit til å gjere sunne val under sjukehusopphaldet F. Helsepersonell skal ha kunnskap og kompetanse om helsefremjande og førebyggjande arbeid G. Fremje forsking og innovasjon


HUS som samfunnsaktør Mål: • Haukeland universitetssjukehus skal utnytte moglegheitene til å fremje folkehelse gjennom forsking, samhandling og ved å vere førebyggjande og helsefremjande i all verksemd. Tiltak: H. Utvikle Haukeland universitetssjukehus som kunnskapsaktør I. Styrkje tverrfagleg og felles forsking og innovasjon mellom nivåa i helsetenesta J. Vidareutvikle samhandling med kommunar og andre samarbeidspartnarar K. Utforme ein heilskapleg førebyggjande og helsefremjande profil


HUS som arbeidsplass Mål: • Haukeland universitetssjukehus skal vere ein helsefremjande arbeidsplass.

Tiltak: L. Førebyggjande og helsefremjande tenking skal inkluderast i all personalpolitikk M. Leggje til rette for at medarbeidarar har høve til å gjere sunne val


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.