Strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid Helse Bergen
Kvifor ein strategi? • Dei kliniske einingane har på ulike måtar og i ulik grad inkludert førebyggjande aktivitetar og tilbod i eiga kjerneverksemd.
• Strategien gir retning for korleis Helse Bergen best kan utnytte moglegheiter, roller og fagmiljø for å bidra til at pasientar, pårørande, medarbeidarar, befolkninga generelt og dei som tek avgjersler på alle nivå kan handle førebyggjande og helsefremjande.
Faktorar som påverkar helse • Helse blir påverka av mange faktorar. Påverknadsfaktorane strekk seg frå generelle samfunnsforhold til eigenskapar ved enkeltmenneske.
• Helsetilstanden i befolkninga er betre enn nokon gong, men tydelege skilnader hjå ulike grupper i befolkninga.
Faktorar som kan påverke helse.
Førebyggjande arbeid Tre område: • Primærførebyggjande arbeid: Oppnå god helseåtferd, vere frisk og unngå sjukdom og skade. • Sekundærførebyggjande arbeid: Førebygge tilbakefall av sjukdom eller førebygge at sjukdom utviklar seg vidare.
• Tertiærførebygging: Å minske dei følgjene sjukdommen får for personen sin funksjon og livskvalitet og bidra til ei handtering av å leve med sjukdom.
• Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å oppretthalde, betre og fremje folkehelsa. I dette ligg det nødvendige i å svekkje det som medfører helserisiko, og styrkje det som bidrar til helse. • Helsefremjande arbeid kan definerast som arbeidet for å auke befolkninga sin, den enkelte så vel som fellesskapet sin, kontroll over forhold som verkar inn på helsa deira.
Føringar for spesialisthelsetenesta • Spesialisthelsetenesta skal ”særlig fremme folkehelsen og […] motvirke sykdom, skade, lidelse og funksjonshemming (Lov om spesialisthelsetjenesten § 1-1.pkt.1). • Samanhengen mellom livsstil og helse og førebyggjande arbeid vektlagt i Samhandlingsreforma. • Fleire leveår med god helse i befolkninga og reduserte sosiale helseskilnader eit overordna mål i Nasjonal helse og omsorgsplan (2011-2015). • Helse Vest sin strategi, dei årlege oppdragsdokumenta frå helsemyndigheitene og i samband med ulike nasjonale strategiar.
Ansvar og moglegheiter Helse Bergen skal nytta potensialet som ligg i: • konkrete møter med pasientane • datamateriale og register • forsking og innovasjon • kompetanseutveksling og samhandling. Helse Bergen skal ha hovedfokus på sekundær- og tertiærførebygging.
Visjon og mål Visjon • Helsefremjande i all vår verksemd. Helse Bergen skal bidra til å betre folkehelsa og førebyggje sjukdom ved å vere helsefremjande i all si verksemd. Pasientar og pårørande skal møte tilsette som evner å integrere førebygging og helsefremjing i arbeidet sitt. Mål • Førebyggjande og helsefremjande tiltak skal optimalisere behandling, redusere komplikasjonar og fremje helse og livskvalitet hos pasientane. •
Helse Bergen skal utnytte moglegheitene til å fremje folkehelse gjennom forsking, kompetanseutveksling og ved å vere førebyggjande og helsefremjande i all si verksemd.
•
Helse Bergen skal vere ein helsefremjande arbeidsplass.
Innsatsområdene • • • • • • •
Levevanar Rettidig behandling Reduksjon av behandlingspåført sjukdom og skade Kompetanseutveksling Forsking og innovasjon Datamateriale og medisinske register Helsefremjande profil
Levevanar • Levevanane fysisk aktivitet, kosthald, rusmiddel, søvn og tobakk er i fokus.
• Sjukdom relatert til ugunstige levevanar er den viktigast årsaka til for tidleg død og redusert livskvalitet. • Det er god dokumentasjon for at uheldige levevanar kvar for seg eller saman er med på å forårsake og forsterke sjukdom og negative konsekvensar for helsa. • Førebyggingspotensiale i forhold levevanerelaterte sjukdomar er stort.
”Window of Opportunity” • Ni av ti pasientar har minst éin risikofaktor som kan forverre sjukdom og behandlingsresultat (Kartlegging ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, Stavanger universitetssykehus og Haukeland universitetssjukehus, 2009)
• Kontakt med spesialisthelsetenesta gir god anledning til samtale om helse og levevanar
Risikofaktorar for død og sjukdomsjusterte leveår for vestlege land.
Rettidig behandling • Rett tidspunkt for rett intervensjon kan førebyggje forverring av liding og sjukdom og/eller forhindre komplikasjonar.
• Å redusere unødig venting kan, der tidsfaktoren er kritisk, redusere risiko for celledød, unødig funksjonstap og tid til celletilvekst. Organisering og logistikk gjennom standardiserte pasientforløp vert viktig.
Reduksjon av behandlingspåført sjukdom og skade • Gevinstar for den enkelte pasient og på systemnivå: – Redusert liding for den enkelte pasient – unngå komplikasjonar og hindre reinnleggingar m.m. – Kortare sjukemeldingsperiode, færre reinnleggingar, økonomiske gevinstar.
• Grep for å gjere pasienten så robust som mogleg: – Redusere sjukehusinfeksjonar, behandlingspåført medikamentmisbruk, talet på liggjesår og unødig tap av muskelmasse.
• Eit eksempel: Helse Bergen sin ernæringsstrategi 2006 har som formål å førebyggje og behandle sjukdomsrelatert underernæring.
frå
Rene hender hindrer smitte
Kompetanseutveksling • Kunnskaps- og kompetanseutveksling om folkehelse, helsefremjing og førebyggingstiltak internt i spesialisthelsetenesta og med primærhelsetenesta er eit viktig ansvarsområde. • Byggje på tverrfagleg kunnskap frå ei rekkje fagdisiplinar. • Utvikle fellesarenaer og gode modellar for samhandling og kompetanseutveksling om folkehelse, helsefremjing og førebyggingstiltak i samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane.
Forsking og innovasjon •
Medisinsk og helsefagleg forsking kan gi kunnskap om levevanar og andre faktorar sin påverknad på utvikling av sjukdom og sjukdomsforløp.
•
Forske på effekt av førebyggjande og helsefremjande tiltak i helsetenesta, inkludert økonomisk effekt av tiltak som er sett i verk.
•
Innovasjon i helsesektoren kan innebere å nytte potensialet som ligg i utvikling av nye produkt, diagnostikkog behandlingsmetodar, tenester og organisatoriske løysingar innan folkehelsearbeidet.
• Datamateriale og medisinske register • Auka fokus på å nytta moglegheiter i datamateriale frå spesialisthelsetenesta t.d. medisinske kvalitetsregister og Norsk pasientregister.
Helsefremjande profil • Skape eit helsefremjande miljø på sjukehuset. • Leggje til rette for at pasientar, pårørande, besøkande og tilsette kan ta helsefremjande val. • … og synleggjere sjukehuset sitt arbeid med førebygging og helsefremming.
Tiltak Strategien sine innsatsområder og Helse Bergen sin innsats innan desse, vert operasjonalisert gjennom følgjande rollar: • Helse Bergen som pasientbehandlar • Helse Bergen som samfunnsaktør • Helse Bergen som arbeidsplass
HB som pasientbehandlar Mål: • Førebyggjande og helsefremjande tiltak skal optimalisere behandling, redusere komplikasjonar og fremje helse og livskvalitet hos pasientane. Tiltak: A. Førebyggjande og helsefremjande tenking skal inkluderast i alle pasientforløp B. Styrkje pasientane sine moglegheiter til aktiv deltaking i behandling og oppfølging C. Levevanar skal inkluderast i pasientdokumentasjon D. Utvikle målretta levevaneintervensjonar der endring av levevanar er forventa å betre livskvalitet og prognose E. Leggje til rette for helsefremjande miljø og moglegheit til å gjere sunne val under sjukehusopphaldet F. Helsepersonell skal ha kunnskap og kompetanse om helsefremjande og førebyggjande arbeid G. Fremje forsking og innovasjon
HB som samfunnsaktør Mål: • Helse Bergen skal utnytte moglegheitene til å fremje folkehelse gjennom forsking, samhandling og ved å vere førebyggjande og helsefremjande i all verksemd. Tiltak: H. Utvikle Helse Bergen som kunnskapsaktør I. Styrkje tverrfagleg og felles forsking og innovasjon mellom nivåa i helsetenesta J. Vidareutvikle samhandling med kommunar og andre samarbeidspartnarar K. Utforme ein heilskapleg førebyggjande og helsefremjande profil
HB som arbeidsplass Mål: • Helse Bergen skal vere ein helsefremjande arbeidsplass.
Tiltak: L. Førebyggjande og helsefremjande tenking skal inkluderast i all personalpolitikk M. Leggje til rette for at medarbeidarar har høve til å gjere sunne val