Kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg #1 2021

Page 1

KYRKJEBLAD Nr. 1. mars 2021 81. årgang

Skjåk og Nordberg


MESSEPLAN april – juli 2021 Nordberg og Skjåk Sokn

Oppsett plan kan bli endra på kort varsel mtp. smittevernrestriksjonar frå mydigheitene. I skrivande stund (1. mars 2021) kan det vera femti personar på messe.

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk

Sundag 28. mars kl. 11.00 Palmesundagsmesse i Nordberg kyrkje.

Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437

Torsdag 1.april kl. 11.00 Skjærtorsdagsmesse på Skjåkheimen.

Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no

Fredag 2. april kl. 11.00 Langfredagsmesse i Skjåk kyrkje.

Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 906 77 563 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Laurdag 3. april kl. 23.00 Felles påskenattsmesse i Lomskyrkja.

Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Sundag 4. april kl .11.00 Påskedagsmesse i Skjåk kyrkje.

Kyrkjetenar Nordberg og Skjåk kyrkje Kjell Morten Kveen, tlf: 992 62 691 Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Organist Eirik Matias Bøe, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com Trusopplærar Endre Skjåk, tlf.90135738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 Aud.jotun@skjaak.kommune.no Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Lars Kurt Haugen, tlf: 990 07 490 lkurtha@online.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 114648 - Merk ”Kyrkjeblad” Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk, som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret. Foto framside: Lars Kurt Haugen

Onsdag 14. april kl. 19.00 Friviljugsentralen. Sundag 25. april kl. 11.00 Messe med dåp i Skjåk kyrkje. Konfirmantar deltek. Sundag 2. mai kl. 18.00 Tårnagentmesse i Nordberg kyrkje.

Sundag 23. mai kl. 11.00 Pinsedagsmesse i Skjåk kyrkje Sundag 30. mai kl. 11.00 Messe i Nordberg kyrkje. Onsdag 2. juni Skjåk kyrkje konfirmantgjestbod, tidspunkt blir annonsert seinare. Sundag 13. juni kl. 11.00 Messe i Skjåk kyrkje. Konfirmantar deltek. Sundag 20. juni kl. 12.00 Setermesse Sota Sæter Dnt Sundag 27. juni kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Alle messer vert strauma på facebooksida Kyrkja Skjåk

Laurdag 8. mai Markering av frigjerings- og veterandagen ved Nordberg kyrkje.

Andakter på Skjåkheimen: Om smittevernsituasjonen tillet det, blir det andakter: Laurdag 27. mars kl. 11.30 Musikkstund

Måndag 17. mai Messe i Nordberg kyrkje. Tidspunkt vert annonsert seinare.

Torsdag 29. april kl. 11.30 Torsdag 27. mai kl. 11.30 Torsdag 24. juni kl. 11.30

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid. Skjåk kyrkjelege liv

www.skjaak.kyrkja.no


SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie

Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid Det vårast! Påska står for døra, og vi skal ha ferie og trivelege stunder i solveggen i lag med familie og vener. Det er tid for kos. Og i denne kosen skal vi som kyrkje, og eg som prest, forkynne at etter liding og død, så står vi opp til nytt liv. Dette har vore kyrkja sin bodskap frå starten av for 2000 år sida. Er denne bodskapen fortsatt gyldig? Etter eit år med korona-pandemi, så er det mange som misser håpet om at «alt skal bli bra att». Desse orda som har vore dette året sitt mantra. Vi er slitne og tryøtte av koronaen. Det tar liksom ikkje nokon ende! Enda ei bølgje er på veg! Sjukdom og død, og restriksjonar på korleis vi kan leve livet vårt er framleis kvardagen. Lyset i tunnelen er vaksina. Håpet i livet vårt er vaksinen. Får vi den, så vil «alt bli bra igjen», og vi kan leve slik som før! Tja, kan vi det!? Eg er slett ikkje så sikker. Vi har lagt til oss nye måtar å leve på. Vi har lært at å halde avstand til kvarandre er sunt for oss. Vi handhelsar ikkje, og vi klemmer ikkje andre enn dei aller næraste. Vi sit i kvart vårt heimekontor, og møtest berre når det er naudsynt. Alt dette er stikk i mot kyrkja sitt vesen, som til alle tider har vore eit fellesskap i trua på Jesus Kristus. Eit fellesskap der folk møtast, og der vi kan vere nær kvarandre. Der vi handhelsar og ynskjer kvarandre alt godt og Guds fred, og der vi møtest og klemmer kvarandre og trivst i lag. Her i Skjåk har vi vore heldige, for vi har kunne leve tilnærma normalt på grunn av lite smittepress. Takk og pris! Likevel er vi aktsame overfor kvarandre. Vi passar på! Alt dette vil ikkje bli borte i løpet av påska. Så påskemorgon sløkker ikkje all sorg i år….. Eller? Denne påskebodskapen må ligge på eit anna plan, om den skal gje oss meining. Vi må gå lenger inn i lidinga for å forstå kva påskebodskapen handlar om.

Der livet vårt er alvorleg truga, og der lidinga utfordrar det håpet som held oss oppe. Bodskapen er at Jesus frelsar oss frå synd og død, og frå dette slaveriet som trykkjer livet vårt ned i mørkret. For Jesus fylgjer med oss ned i mørkret. Han går i døden for oss. Og han reiser oss opp i lag med seg på vår siste dag. Dette er den glade bodskapen for alle som opplever sjukdom og død, også i korona-pandemien. Jesus sitt oppdrag er å leie oss over døden sin grense, og inn i himmelen, til Gud sjølv. Inn der vi kan leve, om vi så dør. Denne bodskapen er evig og uforanderleg, og uavhengig av utfordringane vi lever i i dag. Påskebodskapen er fortsatt gyldig! Påskemorgon sløkkjer sorga! Håpet i bodskapen er med på å lyfte oss opp, og er med på å rette blikket vårt framover mot ei ljos framtid. Så lat oss vandre i ljoset frå vår frelsar Jesus Kristus! Eg ynsker kvar og ein ei god påske! Helsing frå sokneprest Kåre Gloslie

1-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

3


KYRKJEKONTORET INFORMERAR

D

et kyrkjelege livet i Skjåk kan sjå attende på eit år som har vore krevjande på mange slags måtar Vi har lagt planar, utsett, avlyst og lagt nye att. Kyrkja har forhalde seg til nye retningsliner til einkvar tid og ikkje alt har vore like forståeleg. At regel om fastmonterte seter ikkje inkluderer kyrkjebenkar, som har vore fastmonterte i fleire hundre år, er ikkje så logisk. Og største utfordringa har vore i samband med gravferd. Og det er nemnt mykje om korleis det vert når det vert normalt att. Slik som før, vert det nok ikkje, men på mange område kan det vere positivt, det og. Vi har snudd oss rundt og vart brått digitale, i og med at alle messene vert sendt på Facebook. Men i og med at vaksineringa har starta opp, så er det vel von betre tider. Og i dei siste retningslinene om smittevern (23.02.21) vert det opna for inntil 100 personar, viss kyrkjeromma er store nok, til å halde avstand på 1 m skulder til skulder og anbefalingane er på 2 m ved salmesong. VEDLIKEHALD Tetting av hakkespetthol og vøling av kyrkjeporten v/Nordberg kyrkje er utført. Vidare vedlikehald av Skjåk kyrkje har fått tildelt kr. 336.000 i midlar frå Riksantikvaren sin utdeling av midlar til klimaskall. Når godkjenning og finansiering er på plass, vil dette arbeidet starte opp. PROSESJONSKORS Ei stor glede er det og at prosesjonskorset til Skjåk kyrkje er ferdig. Det vert ei markering av dette når retningslinene for smittevern tillet, at vi kan samlast att. Eit fantastisk flott handverk utforma, skore og måla av Kvåst og Kniv Bygdekunst v/Kari Aasgaard, Vågå. Skjåk sokn fekk ei gåve på kr. 10.000 i arv frå Anne Håve Holm 4

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2021

da ho gjekk bort og Skjåk kyrkjelege fellesråd vedtok at denne gåva skulle vere starten på prosesjonskors til Skjåk kyrkje. Prosesjonskorset har ei breiare omtale i denne utgåva. VAL Skjåk kyrkjelege fellesråd har fått ny leiar; Aud Jotun, og Elias Sperstad held fram som nestleiar. JORDTIMEN /EARTH HOUR Den 27. mars 2021 kl. 20.30 til 21.30 er klokkeslettet for å markere at verda står samla i kampen mot klimaendringar og for ein levande natur. I år og, er Skjåk kyrkjelege fellesråd med på dette, at ljoset vert sløkt. Earth Hour er namnet på ei symbolsk handling for klimaet som har utvikla seg til å verte ei internasjonal årlig kampanje. Den går ut på at private, verksemder, organisasjonar og offentlege myndigheiter sløkke elektrisk ljos i ein time på ein bestemt dato, og på denne måten markera sin vilje til å stå saman mot klimaendringane. Kampanje starta i Sydney i 2007 i regi av WWF. I Noreg var det Trondheim som fyrst vart med på dette i 2008. Seinare har fleir og fleir vorte med på denne markeringa i 88 land verda over. PÅSKE Påska står for døra og ein kan gle seg på at våren er like rundt neste sving. Denne vinteren har kuldegraderane verkeleg synt seg fram, men så lenge ein har vatn og ved (og null smitte) så går alt bra.

gardane. Det vil i år og bli plassert konteinarar ved kyrkjegarden, viss nokon vil kome for å ta sin del av dugnaden på eit anna tidspunkt. KONFIRMANTANE 2021/ FASTEAKSJON Det vert ei annleis konfirmanttid for våre 20 konfirmantar, men vi prøva å løyse dette på best mogleg måte. Dei kom diverre ikkje på HEKTA leir i Håkons hall som har vore tradisjon sidan 2015. Vi hadde planlagt å samle konfirmantane i Skjåk og Lom på ein aktivitetsdag 20. februar, vart sett ut til 20. mars og i skrivande stund, vert 24. april neste gong, vi skal prøve å få dette gjennomført. Vi har samarbeid med Aktiv i Lom og resursar frå HEKTA. Årets fasteaksjon, som i år og vert digital, grunna korona. Som kjent er fasteaksjon til inntekt for reint vatn gjennom Kirkens nødhjelp. FASTEAKSJONEN 21.–23. MARS 2021

VATN FORANDRAR LIV. FORANDRE FOR ANDRE. SAMAN. VIPPS 2426

Husker du at du puttet på den pengen i den bøssa og tenkte jaja en dråpe i havet så ble det plutselig en brønn – Trygve Skaug –

FREDS- OG VETERANDAGEN Freds- og veterandagen 8. mai skal sjølvsagt markerast i år og. I tillegg til høgtid ved bautaen, vert et konsert i Nordberg kyrkje med Kvarts. Dette vil det kome meir kunngjering om seinare.

SAMARBEID Det er særs positivt at Skjåk kommune vil vere med å ha kommunal informasjon i Kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg. Håpa at dette vert til glede for kyrkjebladet sine lesarar.

DUGNAD Vil og minne om dugnadane på kyrkjegardane og vedtekter for kyrkje-

Med ønskje om ei god påske! Arnborg Teigum Kyrkjeverge


MI SALME

Foto: Elias Sperstad

Mi SALME Svanhild Gjeilo

Når eg høyrer salmen Han tek ikkje glansen av livet hugsar eg på mine som eg har mista og minnest. Dette blir vel litt personleg, men da eg vart spurt om å velje mi salme, så vart det denne salmen. Den er ikkje så mykje brukt, men for meg vekkjer den minne. Far min døydde brått heime. Før dei reiste med han frå garden, song ambulansepersonellet og dei som budde på garden denne salmen som betydde så mykje for mor. Salmen vart etter ynskje frå mor også sungen i gravferda hans.

Nokre år seinare døydde bror min som budde i Halden. Da hadde mor fått slag så ho kunne ikkje vera med i gravferda. Barnebarnet til far spelte piano og salmen var sunge. Salmen vart også brukt da mor vart sungen ut på omsorgssenteret og i gravferda. Så dette er ei salme som vekkjer minne om dei som har gått bort.

Han tek ikkje glansen av livet Tekst: Trygve Bjerkrheim Han tek ikkje glansen av livet, den Frelsar som kallar på deg. Fyrst då kan for alvor du leva, når han får deg fylja på veg.

Han fører deg frelst over fjorden, heilt fram til den himmelske strand. Når døden sin brottsjø vi møter, vil Jesus dra båten i land.

Du høyrer dei dårande røyster, som lovar deg gullglim og glans. Men ingen legg lys over vegen, som Jesus og kjærleiken hans.

Han tek ikkje glansen av livet, han gyller din morgon og kveld. Og opnar ei dør til dei salar, der ævelig høgtid du held.

Han hjelper i brattaste bakkar, og stydjer når vegen vært smal. Han signar dei sollyse sletter, og lyser i dødskyggens dal.

1-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

5


Elias Sperstad i samtale med Kari Aasgaard

Preikestolen har «stått modell» for det nye prosesjonskorset i Skjåk kyrkje. Bak det nye smykket står Kari Aasgaard.

Kunstnaren frå Vågå studerte inventaret i kyrkja nøye før ho bestemte seg for korleis prosesjonskorset skulle utformast og målast. Ho tok utgangspunkt i preikestolen, som Jakup Klukstad skar og måla til Skjåk kyrkje stod ferdig i 1752. Han og Jakob Sæterdalen er Karis store forbilde. Nå fører ho den viktige arven med tradisjonshandverk med vekt på treskjering og måling vidare. Det er i dag ikkje så mange som driv kommersielt med slikt. - Treskurd er liksom ikkje verd noko i dag. For eit framskåp til dømes, får ein ikkje betalt for det som det er verd. Å produsere for lager kan ein ikkje ta sjansen på. Ein kan ikkje lage ting som blir liggjande, eller som ein ikkje får seld til brukbar pris. Så eg lagar ting på bestilling, seier Kari. Ho fekk tidleg interesse for å gjera ting med hendene. - Interessa var nok medfødd. Nokon teoretikar har eg aldri vore. Men det 6

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2021

var slik at mange på min alder tok utdanning innan helsefag, og det starta eg og på. For Kari Aasgaard vart dette feil. Ho skifta retning og valet fall på møbelsnikkarfaget på tradisjonsrike Hjerleid på Dovre. Da fann ho plassen sin. Kari gjekk på Hjerleid frå 1995 til 2000. Ho utvikla seg til å bli ein dyktig treskjerar. Det er prosesjonskorset i Skjåk kyrkje eit godt bevis på. Arbeidet er utført på ein framifrå måte, og føyer seg inn som eit nytt vakkert smykke i kyrkja. Det fyrste prosesjonskorset ho laga, var til Vågå kyrkje. Det fyrste store oppdraget ho hadde, var omraming med skjering og måling til orgelet i Vågå-kyrkja. Nå driv ho og målar framskåp. Tre til står i kø. Og nå har ho fått bestilling på eit prosesjonskors til. Oppdraget med å lage prosesjonskors til Veggli kyrkje i Numedal kom som eit resultat av at prosesjonskorset i Skjåk vart lagt ut på Facebook.

Foto: Lars Kurt Haugen

Det nye smykket i Skjåk kyrkje

Det er med andre ord ikkje berre i Ottadalen at arbeida til Kari blir lagt merke til. Men ho er ikkje så oppteken av å få eit stort namn. - Det er tradisjonen og handverket som er det viktigaste for meg. Det er det som driv meg. Eg er oppteken av å kunne føre tradisjonen vidare. Kari Aasgaard er fasinert av inventar i gamle kyrkjer. For henne er det viktig å inkludere symbolikken i kristendommen i prosesjonskors. På den eine sida i korset i Skjåk kyrkje har ho måla ei due som symboliserer den heilage ande. Motivet på den andre sida symboliserer oppstandelsen. Det er nok gamle kyrkjer og inventar som står høgast sjå meg. Så eg er utruleg glad for at eg fekk oppdraget med å lage prosesjonskorset i Skjåk, frå ide til ferdig produkt, seier Kari Aasgaard, som også har laga den flotte sokkelen som korset står i.


Foto: Arnborg Teigum

1-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

7


STORT OG SMÅTT

Foto: Privat

Foto: Privat

BARNEDÅP

Colin Sperstad Skuggen vart døypt av vikarprest Cynthia Slomp Renaa i Skjåk kyrkje 7. februar. Her med foreldre.

Tordis Vestad Aaboen vart døypt av vikarprest Cynthia Slomp Renaa i Skjåk Kyrkje 7. februar. Her med foreldre, syskjen og fadrar.

Fastelavn og fire-årsbok Det var kjøleg men triveleg da sju fire-åringar møtte opp ved Skjåk friviljugsentral for å ta i mot fire-årsbok og aktivitetshefte laurdag 13. februar.

Foto: Arnborg Teigum

Smittevernhensyn gjorde at vi valde å gjennomføre dette arrangementet utandørs så fleire kunne ta del. Heldigvis var sola til stades og skapte reine påskestemninga i solveggen på friviljugsentralen, og godt var det for gradestokken var trygt plassert nede på 20-talet. Her vart det gjennomført ei stutt messe med fokus på songar frå boka og utdeling av denne. Ungane tok også del i «Han har verda i si hand» med innlagte bevegelser. Etterpå var det fastelavnsbollar og kakao ved bålpanna. Alt i alt ei fin stund som vi er glad for å få gjennomførd i ei utfordrande tid. 8

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2021

Rakardugnadar på kyrkjegardane våre Vi er avhengige av god hjelp for å ordne det fint attpå vinteren på kyrkjegardane våre.

Årets dugnadsdagar er: Nordberg kyrkjegard Måndag 3. mai frå kl. 18.00 Skjåk kyrkjegard Tysdag 4. mai frå kl. 18.00 Ta med rive/høveleg reiskap. Enkel servering.


Frå vogge til grav Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543 Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547 Eller velkomen innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Du MÅ ringe eller kome innom kontoret for å kome på lista!

NORDBERG SOKN

SKJÅK SOKN

Døde Liv Teigum Berg f. 17.10.1932 – d. 28.12.2020

Døypte 07.02.2021 Tordis Vestad Aaboen Colin Sperstad Skuggen

Mona Teigum f. 26.10.1925 – d. 05.01.2021 Kari Haugen f.06.02.1925 – d.08.03.2021

KONFIRMASJONSDATOAR 2021: Nordberg kyrkje 5. september kl. 11.00 Skjåk kyrkje 12. september kl. 10.00 og kl. 12.00

07.03.2021 Ragna Sveen Døde Nils Ragnar Vang f. 26.02.1934 – d. 04.02.2021

Ragnhild Skjelkvåle Haugen f. 11.05.1928 – d. 08.02.2021 Signe Odden f. 13.02.1929 – d. 14.02.2021 Marit Andberg f. 23.03.1932 – d. 22.02.2021 Gravlagt i Lom

Garcia Holding AS

Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113

Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597

Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon.

tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no

YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53

tlf 90 68 81 13

2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no

www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72

2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80

tlf 61 28 45 45

tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

POLLFOSS HOTELL AS En perle mellom øst og vest

tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no

pb. 6, 2694 Skjåk, tlf: 61 21 47 00 polfoss@online.no • www.pollfoss.com

1-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

9


2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

PÅSKE-

QUIZ

Velkomen til triveleg handel!

Skjåk Kjøpesenter

SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671

www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00

Bismo Tlf: 61 21 40 65

1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8.

Kva betyr ordet påske? Kva skjedde under festdagsreduksjonen? Kvar vart VM i alpint arrangert i 2021? Kor ofte er månen halv? Kven skreiv boka «Reinsbukken Kauto frå Kautokeino» Gul er påskefarge for folk flest. Men kva er liturgiske fargar i påska? Kva er «vorpe»? Kven hadde rolla som Poppe i den fyrste Fjols til fjells filmen (1957)? Og kva heiter han som spelar barnebarnet til Poppe i filmen frå 2020? 9. Når vart Skjåk eiga kommune? 10. Når var det Heilag Olav etter soga reiste gjennom Skjåk? 11. Kva er den nye tittelen på fylkesmann? 12. Det er i alt sju norske hunderaser. Kan du nemne 3 av dei? 13. Kva heiter DNT – hytta som ligg i Mysubyttdalen? 14. Kven har komponert melodien til salmen «Deg være ære» 15. Kva departement har nå ansvar for området tru og livssyn?

AKANTUS BLOMSTER

Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055

tlf 97 03 05 96

Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

1. Påske er opprinnelig eit hebraisk ord og betyr «gå forbi». 2. I 1771 vart talet på heilagdagar i Danmark – Norge halvert, kalla festdagsreduksjonen. 3. Cortina. 4. Det varierer litt, men er ca. fjorten dagar mellom kva gong. 5. Jan Magnus Bruheim. 6. Farga endrar seg frå fiolett til kvit natt til 1. Påskedag. 7. Vorpe er ein rennebom til å renne vev på. 8. Leif Juster. Herbert Nordrum. 9. I 1866. 10. I 1021. 11. Statsforvaltar. 12. To typer norsk elghund (grå og svart), lundehund, norsk buhund, hygenhund, haldenstøver og dunker. 13. Slæom. 14. Georg Fr. Händel. 15. Barne – og familidepartementet.

Nergård Steinindustri A/S

Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no

KONFIRMANTJUBILEUM 2021 Laurdag 28. august er det planlagt konfirmantjubileum for dei som var konfirmerte i 1951, 1961 og 1971. Det er planlagt messe i Skjåk kyrkje kl. 16.00 med påfylgjande fotografering før sosialt samvær. Jubilantar får invitasjon i posten frå jubileumsnemnda!

2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30

10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2021


Gyldne

augeblikk frå Holemork Barnehage • Samarbeid og meistring for å oppnå eit felles mål • Fellesskap og vennskap • Allsidige erfaringar og opplevingar

age

Holemork barnehage er så heldige å ha naturen som boltreplass rett utanfor døra som innbyr til allsidig utfalding. Naturen er og ein god arena for leik, læring, kreativitet og skaparglede.

Alle foto: Holemork barneh

Holemork barnehage er oppteken av å skape gyldne augeblikk, og opplevingar som gjev barna moglegheit til å dele felles gleder. Dei legg vekt på å legge til rette for leik og aktivitetar som gjev moglegheit for:

1-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

11


PÅSKEANDAKT

Evig håp Den kjende svensk/nederlandske trubaduren Cornelis Vreeswijk (1937 – 87), syng i «Turistens Klagan» om å kjenne seg avstengd, men korleis songen frå barna på Karl Johan kan gi nytt håp.

12

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2021

store spørsmåla knytt til liv og død. Jesu liv, hans død på krossen og hans oppstode kastar ljos over våre liv og vår verd. Krossen rører ved vår eksistens. I den augneblinken Jesus drog sitt siste andedrag på krossen skalv jorda og klippene slo sprekker. Etter at Jesu døde lekam hadde kvila i grava, skjer dette uforklarlege og overveldande endå ein gong. Men no er det ikkje dødens, men livets krefter som bryt fram. For Maria Magdalena og den andre Maria ble morgonens sorgfulle stille broten. Eg ser for meg angsten og forvirringa deira . Eg syns eg høyrer spørsmåla deira: Kva er det som hender? Er det ikkje nok no? Og så får dei høyre fra engelen: «Frykt ikkje! Eg veit at de leiter etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her, han har stått opp, slik som han sa. Kom og sjå staden der han låg!»

Kyrkja blir framleis boren oppe av denne gjennomgripande hendinga. Sidan den gongen har bodskapen om Jesus Kristus har fått lyda til forankring, tru og håp. Når menneskelivet blir fylt av mørke og tunge tider, skal kyrkja halde fram med å reise håpets ljos for kvart einskilt menneske. For sjølv om redsla ikkje er borte, spirer livets krefter fram. Oppstoda ber løfter om liv og framtid. Kristus har stått opp ! Velsigna påskehøgtid!

Foto: Hallvard Bjørkås

Ein ettermiddag på etterjulsvinteren kjende eg på kor lite dagslys det var. Tilværet var prega av restriksjonane knytt til Covid-19. Då hende det noko som var som å finna kvitveis og blåveis midt i vinterens snø, is og kulde. Kva hende? Jau, ivrige barnestemmer uttrykte glede over å leika i snøen og lyden frå borna bar bod om liv og håp midt i det avstengde. Dette minner meg om to ord som er knytt til jul og påske: «Ver ikkje redde». Dette fikk gjetarane på Betlehemsmarkane høyre. Det same fekk kvinnene høyre då dei tidleg på morgonen kom til grava til sin ven. Det er så stille, så stille. Men så brytast stilla av at det hender noko grensesprengande som ber bod om noko nytt! Dette å sjå til ei grav, handlar om eit felles grunnleggande behov; å sjå til og minnes den som er død. Ikkje sjeldan gjer mange dette både rett etter gravferda og seinare. Ser til, kjenner på det som var, ber med seg felles levd liv. Mange av kyrkjetenerane og gravarene rundt om veit at det er slik og er opptekne av vørdnad på kyrkjegarden. Dei legg omsorg og omtanke i mellom anna korleis dei etter gravferdsseremonien legg kransar og bårebukettar på gravene. Alle som har mista ein nærståande veit kor mykje denne vørdnaden og respekten har å seie i møte med dei

Foto: Jorun Vang

Det sjunger några ungar på Karl Johan, dom låter starka och fina som bara ungar kan.

Solveig Fiske Hamar biskop


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.