Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg #1 2022

Page 1

KYRKJEBLAD Nr. 1. april 2022 82. årgang

Skjåk og Nordberg

Informasjon


MESSEPLAN april – juni 2022 Nordberg og Skjåk Sokn Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437 Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no

Oppsett plan kan bli endra. Laurdag 9. april kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Dåpsmesse. Sundag 10. april kl. 12.00 Palmesundagsmesse på Reinheimen Lodge. Offer til Redd Barna. Torsdag 14. april kl. 11.30 Skjærtorsdagsmesse på Skjåkheimen. Kyrkjekaffe.

Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 909 56 437 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Fredag 15. april kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Langfredagsmesse. Svein Brennhaug deltek musikalsk.

Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Laurdag 16. april kl. 23.00 Påskenattsmesse i Lomskyrkja.

Kyrkjetenar Nordberg Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no Kyrkjetenar Skjåk Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Organist Eirik Matias Bøe, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 Aud.jotun@skjaak.kommune.no Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Lars Kurt Haugen, tlf: 990 07 490 lkurtha@online.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 114648 - Merk «Kyrkjeblad» Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret. Foto framside: Lars Kurt Haugen

Sundag 17. april kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Påskedagsmesse med dåp. Offer til Himalpartner. Sundag 24. april kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe med dåp. Konfirmantar deltek. Offer til gangveg Skjåk kyrkjegard. Kyrkjekaffe. Sundag 8. mai kl. 18.00 Nordberg kyrkje Freds- og veterandagen blir markert. Sundag 15. mai 18.00 Poesimesse i «Kraftverket» i Bismo. Offer til Kirkens familierådgjevingskontor.

Tysdag 17. mai Messe i Skjåk kyrkje. Offer til Lom og Skjåk Brass. Sundag 22. mai kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmantar deltek. Offer til Kyrkjebladet. Kyrkjekaffe. Torsdag 26. mai Helgetorsdag. Digital sending kl. 11.00. Sundag 5. juni kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Pinsedagsmesse. Offer til kirkeleg ressurssenter mot seksuelle overgrep. Kyrkjekaffe. Måndag 6. juni 2. pinsedag Digital sending kl. 11.00. Sundag 12. juni kl. 12.00 Messe ved Bångråttjønn. Vi feirer Skaparverkets dag og Friviljugheitens dag. Sundag 19. juni kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Offer til KABB.

Andakter på Skjåkheimen: Torsdag 28.april kl. 11.30 Torsdag 30. juni kl. 11.30

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid. Skjåk kyrkjelege liv

www.skjaak.kyrkja.no


SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie

I påskemorgons gry veks ljoset og livet til evig tid Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid; den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid. Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid.

I påskemorgons gry veks ljoset og livet til evig tid. Denne gamle og kjære påskesalmen tek den kristne påskefeiringa vår på kornet. Vi lever i urolege tider. Fyrst var det straumprisen som var ein utfordring, også hjå oss i Skjåk med eige kraftverk. Så kom krigen til Ukraina, noko som førte krigens redsler nær inn på oss. Og med krigen auka oljeprisar som førte til dyrare bensin og diesel. Med krigen ventar vi og på flyktningar frå Ukraina. Mange er allereie komne til landet vårt. All denne uroa slepp vi ikkje unna. Vi må leva med den. Kristentrua er heile tida i ein diskusjon om det gode og det vonde, om ljoset og mørket. Og Jesus oppfordrar oss heile tida til å halde oss til alt som er godt, og til å leve i ljoset. Vi skal halde fast i den ljose og gode kjærleiken som er knytt til det livet som er gjeve oss. Vi er ikkje berre gjeve eit liv; vi er gjeve to! Eit liv her på jorda der vi må leve med vondskapen som ein realitet, og eit liv i himmelen hjå Gud, der vondskapen ikkje lenger finst. Der livet vårt endeleg vert fullkomen slik Gud ynskte det heilt frå den fyrste skapinga av livet på jorda. Lat oss vandra i ljoset og i livet. Lat oss spreia ljos der vi går. Lat oss vise at Guds kjærleik er den viktigaste beraren av livet vårt. Og lat oss ta oss av alle dei som ikkje har det godt. La ljoset vårt stråle over myrkret. Lat oss vandra i ljoset! God påske til kvar og ein! Helsing frå sokneprest Kåre Gloslie

1-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

3


KYRKJEKONTORET INFORMERAR

D

et kyrkjelege livet i Skjåk kan sjå attende på eit år som har vore krevjande på mange slags måtar. Vi har og dette året lagt planar, utsett, avlyst og laga nye att. Kyrkja har forhalde seg til nye retningsliner til eikvar tid, men heldigvis så har samfunnet gradvis opna opp att. Framleis må kvar og ein av oss ta ansvar for smittevern og nytte sunn fornuft. Og når ein kanskje såg slutten av pandemien, har heile verda vorte prega av det grufulle som skjer ikkje så langt frå oss. Russland sin invasjon av Ukraina er så ufatteleg, og vi alle ønskjer å kunne hjelpe, på eitt eller anna vis.

VAL Skjåk kyrkjelege fellesråd er glade for at Aud Jotun og Elias Sperstad held fram som leiar og nestleiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd i 2022.

PÅSKE Påska står for døra og ein kan gle seg på at våren er like rundt neste sving. Eg stundar på at våren skal kome og trur nok ikkje at eg ikkje er einsleg om det. At det grønskast rundt ein, gjev bod om nytt liv.

DUGNAD Vil og minne om dugnadane på kyrkjegardane våre 2. og 3. mai. Det er triveleg for alle som møter opp og bidreg. Det er ein god tradisjon at dei som har høve kan vere med å gjere kyrkjegardane velstelte. Det vil i år og, bli plassert konteinarar ved kyrkjegarden, viss nokon vil kome for å ta sin del av dugnaden, på eit anna tidspunkt enn oppsett. Dato for plantedugnad er ikkje sett enda, men dette vert kunngjort seinare.

SAMARBEID Dette er fjerde utgåve av Kyrkjebladet, der det har vore samarbeid med Skjåk kommune. Det skulle utprøvast i eit år og attendemeldingane til kyrkjekontoret har vore positive på dette felles prosjektet, men Skjåk kommune har valt å ikkje halde fram med dette.

4

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2022

STABEN I SKJÅK KYRKJELEGE FELLESRÅD Staben i Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjetenar Kjell Morten Kveen, som har vore tilsett som kyrkjetenar i Skjåk/ Nordberg, har sagt opp stillinga si etter 5 år. Kjell Morten Kveen er ein svært allsidig kar og er aldri i beit for kreative løysingar på ymse område. Skjåk kyrkjelege fellesråd takkar for samarbeidet og håpa at vi kan nytte han som vikar når det er bruk for det. Lars Brennhaug, som har vore kyrkjetenar i Nordberg kyrkje/kyrkjegard og tek over arbeidet til Kjell Morten Kveen. Amund Hånsnar byrja som kyrkjetenar i Nordberg frå 01.04. Harald Teigum Østengen er tilsett som ekstrahjelp på kyrkjegardane i sumar. Trusopplærar Endre Skjåk, har farspermisjon, men er attende om nokre månader.

KRAFTVERKET Kyrkjekontoret har utvida med større lokal rett over gangen. Vi har ei leigekontrakt på 2 år, og på den tida får vi prøvd ut om dette er noko vi skal halde fram med. Ved å ha eit lokal her, vil vi få nærleik til der folk ferdast i kommunesenteret. Lokala er separert frå kontora, og kan være ope for alle kvar dag i kontortida, og i helger når vi har arrangement i lokala. Vi har innreia med brukte møblar og anna inventar, fordi dei økonomiske ramane er minimale. Det har vore, og er tradisjon i kyrkjeleg samanheng, at ein er avhengig av friviljuge for å få hjula til å gå rundt. Det har vore søkt på mange tildelingar av støtte til utvikling av desse lokala. Vi har fått til saman kr. 45.000 frå OVF og Hamar bispedøme. Vi har og sagt opp vasken av kontorlokala og har reinhald etter «ordensmanns prinsippet», rullerar på oss som er på kontoret. Det blir her vi kjem til å ha Blomefondet, når det er bruk for det. På den måten kan dei som er innom setje seg nedpå og ta ein prat i større grad enn det er i dag. • Lokala egnar seg og for konfirmant-

undervisning. Konfirmantane kan da gå rett frå skulen til lokala våre etter skuletid. • Nytte lokalet til korøvingar og musikkøvingar. • Være til hjelp ved open kyrkje og bruk av stille rom. • Lokalet kan være base for diakonale oppgaver. Så vil tida vise om det er liv laga for eit slik tilbod i Bismo. Velkomne innom!

ULYKKE På slutten av vedlikehaldet på Skjåk kyrkje, vart lift som hadde vore nytta på dette arbeidet, henta. Under arbeidet med lasting, skjedde det ei ulykke, med verst mogleg utgang. Sjåfør Jonny Gjørlihagen 46 år frå Lillehammer døydde seinare av skadane han fekk. Lyser fred over hans minne og har medkjensle med familie og pårørande. Han etterlot seg sambuar, to bonusbarn, to bonusbarnebarn, og anna familie. Tek og med ei enkel barnebøn som er skrive av Hanna Dallmeier Bøna er oversett frå tysk og tilpassa norske forhold.

Gud!

Det er krig i Europa. Ikkje her hjå oss, men i Ukraina – eit land som ikkje er så langt frå oss. Du vil ikkje at menneskje skada kvarandre. Du vil ikkje at born skal være redde. Du vil at menneske skal leve i fred med kvarandre og være gode mot kvarandre. Dette øver vi på kvar dag: på skulen, i barnehagen, når vi er i lag med vener eller saman med familien vår. Vær hjå alle menneske som nå er redde. Pass på borna i Ukraina og dei som er på flukt. Vær også hjå oss. Gi oss din fred. Amen Med ønskje om ei god påske. Arnborg Teigum Kyrkjeverje


Foto: Elias Sperstad

Mi SALME

MI SALME

Hvis jeg skal velge ut en salme som jeg liker best, må jeg tenke meg om. Det har vært så mange. Jeg har sunget hele livet. Fra barnemøtene i Sjømannsmisjonen i min barndom husker godt «Ingen er så trygg i fare». På barneskolen måtte vi pugge salmevers. Tror vi måtte kunne 52 vers. Mange husker jeg ennå.

Anne Lise Stensgård

Siden ble det Tensing-kor i ungdommen og korsanger i blandakor i voksen alder. Min mor sang mye når hun arbeidet. Hun lærte meg vel å bli glad i salmesang. Første gang jeg la merke til «Min salme» var i Skjåk kirke for mange år siden. Det var «Deg å få skode». Både teksta og melodien satte seg hos meg. Det er opprinnelig en gammel irsk salme fra 700-tallet, oversatt til norsk av Arve Brunvoll i 1978. Den er mye brukt i kirkene i dag og er like aktuell.

Deg å få skode Tekst: oversatt til norsk av Arve Brunvoll i 1978 Melodi: Irsk folketone Deg å få skode er sæla å nå, Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå; ver du for tanken min dyraste skatt, ljoset som strålar ved dag og ved natt!

Rikdom og ære, som menneske gjev, er ikkje meir enn den morknande vev Du er min arv som varer til sist, himmelske konge, det veit eg for visst

Ver du min visdom, mi sanning og trøyst, tal du det levande ord med di røyst! Far, lat meg vere barn her hjå deg. Kom til meg, Herre, ja bu du i meg!

Konge i æva, å lat du meg då, sigrande inn i ditt rike få gå! Ver du mi tru, den vona eg ber til eg får skode din herlegdom der

Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd; ver du det merke som syner mitt verd, livd for mi sjel, den tryggaste vakt; lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!

Skal du feire en stor dag? HØYFJELLSHOTELL

+47 612 17 474 post@grotli.no

På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper.

Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13

Skjåk Gartneri a/s

Tlf. 901 69 255 Fylg oss på facebook: Skjåk Gartneri

1-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

5


Tekst Arnborg Teigum

Vøling av tårnet på Skjåk kyrkje Dette arbeidet er nå på det næraste sluttført. Det står att å tjærebre og montere takrenner på hovudtaket. Dette må av naturlege grunnar leggjast til ei anna årstid. Grunnlaget for arbeidet som har vore utført, var ein tilstandsrapport frå juni 2019. Under utbetringsarbeidet av dette, synte det seg at skadane var meir omfattande i tårn og spir. Det vart og avdekt vesentlege skadar på tårnkonstruksjonane. Det er skifta all kledning på tårn og spir, samstundes vart råteskadde bygningsdelar i konstruksjon skifta/spunsa. Borda er 36mm i furu. Desse er det skåre skråkant på. Alle bord er håndhøvla på utsida. Alle bord ligg med rettsida, dvs. margsida, ut. Dette gjev best beskyttelse og rett krumming av materialane. Alle dei opphaveleg smidde spikrane som var i bra stand, vart brukt opp att. Resten vart erstatta med blanke, klypte 4" spikar. Beslaga rundt og bak fialene var utført i bly og kobberbeslag. Det vart samstundes arbeidd med spir og tårntak. Øvst i spissen på spiret er det satt på heile bord som er tilpassa vinkelen på spiret. Desse er ca. 1.6 m lange. Nedafor desse ligg alle borda på tvers av sperrene. Det vart byrja i toppen og kledd nedover. Dei åtte sidene på spiret vart målt opp og borda vart prefabrikkert på verkstad med noko overmål. Dette gjorde tilpassinga oppe i liften lettare, med stutte materiallengder. Det var naturlig nok lite råteskader på det bratte spiret, men borda var 6

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2022

AUST OG SØRAUST På tårntaket vart det demontert tre sider om gongen, for å kunne arbeide frå sida på felta. Her måtte hovudsidane, nord, sør, aust og vest skøytast på grunn av stikksperrer som var montert lenger ut enn hovudsperrane. Her vart det også vriding på borda. Skøytene vart tetta med tjæredrev og tjære. Tårntaket hadde ikkje dekklister og flatare takvinkel. Dette har ført til lekkasjar og fleire råteskadar. Det kan ha vore dekklister på hjørnene opphaveleg, desse er i såfall rotna og teke bort. Foto: Arnborg Teigum

svært nedslite av sol, vèr og vind. Dekklistene var delvis heilt nedslite og mange av dei er skifta i seinare tid. Borda på spiret vart gjæra saman i vinkel og dekklistene vart spikra utanpå hjørne. Sidene var montert nesten heilt ned til tårntaket før dekklistene vart festa, dette for å få minst mogleg skøyter. Dekklistene har innvendig vinkel etter hjørnene. Lynavleiarane vart montert på same stad som dei sat frå før. Desse var berre losna frå borda og var operative under heile reparasjonstida. Bordene er sulagt og skåret på ca. 45˚ vinkel. Alle bord som var demontert på spiret, vart erstatta med nye bord same dag. Dette for å hindre tårnet å fylle seg med snog og vatn. Alle opningar som ikkje vart tetta med nye bord på tårntaket, vart dekt.

MOT NORDVEST Det var stort sett det same skadebildet rundt heile tårntaket. Endane av toppsvilla som gjekk inn i fialene og stikksperrane var svært råteskadd. Svillane vart skøyta/ spunsa og stikksperrane vart skifta. Nytta furu av god kvalitet og sperrane vart festa med dei same grove spikrane som var brukt opphaveleg. Beslaga bak fialene var avslutta midt på eit bord og tetta med akrylmasse. Desse vart bytt ut med tjukkare blybeslag, som vart lagt lengre opp. Dermed kunne neste bord leggjast oppå beslaget og det vart etablert ein heilt tett overgang utan tettemidlar. RÅTESKADER MOT NORDAUST Dei opphavelege lukene med innfesting vart nytta oppatt. Desse var i god stand, berre mindre reparasjonar som var naudsynt. Jernspirane på fialene


vart demontert for å få betre tilgang med lift. Desse var festa med ny spikar som var bøygd grunna store innfestingshol. Spikrane vart skifta med kraftigare spikar med større hovud. Det vart og skifta nokre vegg- og takbord på fialene. Under fialene har det vore problem med inngang for kaier som kjem seg inn og bygge reir. Her vart det tetta med blybeslag. Millom takbord og toppsvill vart det og lagt på et nytt bord som tetta for fugl. Inne i tårnet ligg fleire kraftige firkantar som ber hovudsperrer og bjelkane til klokkene. Her var ein av bjelkane i dårleg stand med kjerneråte etter taklekkasjar. Denne vart forsterka med ein bjelke av same dimensjon som vart bolta samen med den skada bjelken. Bjelken måtte være i heil lengde av tårnet og festast til toppsvilla for å kunne avlaste vekt. Utskifting av den skada bjelken er svært omfattande, da det er lagt berande bjelke både over og under bjelken og tre hovudsperrer er festet i denne. Ny hjelpebjelke inne i tårnet. Alt trearbeidet er nå fullført. Arbeid som står att er å tjørebre tårn/ spir og montere sinkrenner på hovedtaka. Det var eit håp om at det skulle kome mildvær før liften vart levert att, da kunne det vorte tjærebredd med det same. Men det vart kaldt og dette måtte utsetjast til ei anna årstid. Det er berekna ei veke på dette arbeidet, som står att og ein kostnad på om lag kr. 130.000 Etter søknad til Riksantikvar vart det gjeve eit rammetilskot frå statsbudsjettet 2021 på inntil kr. 336.000 under forutsetnad at tiltaka vart tilfredsstilt antikvariske retningsliner. Resten av finansieringa har Skjåk kyrkjelege fellesråd stått for sjølve. Vi er svært glade for at dette arbeidet er på det næraste sluttført og at resultatet er godkjent hjå Riksantikvar. Stor takk til dei dyktige handverkarane hjå Stokk og Stein for eit framifrå arbeid.

Kven vil du foreslå som ny biskop i Hamar bispedømme?

Foto: Hekta. Foto av biskop em. Rosemarie Køhn: Arnfinn Johnsen

I oktober 2022 blir biskop Solveig Fiske 70 år. Allereie i vår startar prosessen fram mot tilsetting av ny biskop i Hamar bispedømme. Medlemmane i kyrkja vil bli invitert til å foreslå aktuelle namn til å ta over leiaroppgåva. Etter ein grundig gjennomgang av forslaga skal Hamar bispedømmeråd nominere inntil fem namn. Det vil etterpå gis høve til supplerande nominasjon. Etterpå vil kyrkjelydsråd, prestane i bispedømmet, dei vigsla tilsette i bispedømmet, alle prostane i Den norske kyrkja og nokre fleire bli inviterte til å delta i ei rådgjevande avstemming. Dei tre kandidatane som får flest stemmer blir med vidare i prosessen.

Hamar bispedømmeråd og biskopane i Den norske kyrkja skal da uttale seg om kven av dei tre kandidatane som er mest skikka til oppgåva. Til slutt er det Kyrkjerådet som tilsett ein av dei tre kandidatane til ny biskop i Hamar bispedømme. Oppdatert informasjon vil du finne på bispedømmerådet si nettside: www.kirken.no/hamar. Hamar bispedømmeråd 1-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

7


STORT OG SMÅTT

Foto: Privat

Foto: Privat

BARNEDÅP

Mari Flatmo Husom vart døypt i Skjåk kyrkje sundag 16. januar. Foreldre er Ingeborg Flatmo og Jan Erik Husom

Jo de Presno vart døypt i Skjåk kyrkje sundag 27. februar og tok det med knusande ro på armen til fadder Sofie. Foreldre er Mari Prestjordet og Aleksander Garcia de Presno.

Andrea Randen Falkenhaug vart døypt i kyrkje 20. mars. Foreldre er Ann Marlen Randen og Jan-Magne Falkenhaug.

Fastelavn og fire-årsbok kan finne att i boka. I tillegg fekk vi innspel frå eit av borna om vi ikkje burde syngje gjebursdagssongen sidan dei var fire år. Så da gjorde vi sjølvsagt det. Etter messa var det kyrkjekaffe med fastelavnsbollar. Dersom nokon ikkje hadde høve til å delta denne dagen, men allikevel kunne tenke seg boka kan denne hentast på kyrkjekontoret.

Rakardugnadar på kyrkjegardane våre Rakardugnadene våre blir slike i år:

Tekst: Endre Skjåk

Nordberg kyrkjegard Måndag 2. mai frå kl. 17.00

Håkon Melby.

I 8

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2022

Skjåk kyrkjegard Tysdag 3. mai frå kl. 17.00 Begge foto: Mona Grimstad

samband med fastelavnsmessa i Skjåk kyrkje 27. februar var alle 4-åringar i Skjåk innbedne for å få ei bok frå oss. Boka har mange fine songar og historier, bilete og teikneseriar som kan eigne seg til høgtlesing og som bakgrunn for vidare samtaler. Under messa nytta vi songar og tekster som ein

Vårin Haukdalen Brandsar, Adrian Sperstad-Fjeld og Dennis Åboen Korstad

• Ta med rive/høveleg reiskap. • Kaffeservering. Det vil bli ei enkel andakt og høve til ljostenning i kyrkjene våre kl. 19.00 den dagen det er dugnad.


Frå vogge til grav Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543 Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547 Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Viss du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, viss du ikkje ringer. Dette fordi at informasjon vi får frå vipps, er berre kven som har betalt.

tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no

NORDBERG SOKN

SKJÅK SOKN

Døde Marit Lilleødegård Gjeilo f. 07.07.1947 – d. 25.11.2021

Døypte 16.01.2022 Mari Flatmo Husom

Larisa Kosolapova f. 22.02.1948 – d. 05.12.2021

27.02.2022 Jo dePresno

Signe Bustad f. 05.04.1931 – d. 09.02.2022

20.03.2022 Andrea Randen Falkenhaug

KONFIRMASJONSDATOAR 2022: Nordberg kyrkje 11. september kl. 11.00 Skjåk kyrkje 5. september kl. 10.00 og kl. 12.00

Bjarne Klepp f. 05.06.1929 – d. 12.01.2022 Algot Hyrve f. 10.02.1939 – d. 16.01.2022 Anne Grete Flatmo Banken f. 07.05.1971 – d. 02.02.2022

Bismo Bilverksted AS tlf 61 28 45 45

2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597

Garcia Holding AS

YX Skjåk

Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113

2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53

tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no

Døde Arne Ragnar Dagsgard f. 02.02.1945 – d. 21.11.2021

www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72

BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80

2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no

2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

POLLFOSS HOTELL AS En perle mellom øst og vest

tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

pb. 6, 2694 Skjåk, tlf: 61 21 47 00 polfoss@online.no • www.pollfoss.com

1-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

9


PÅSKE-

2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

QUIZ 1. 2. 3. 4.

5. 6. 7. 8. 9. 10.

Velkomen til triveleg handel!

Skjåk Kjøpesenter

Er det alltid like langt til månen? Kva for stilling fekk Stian Nyhus frå Skjåk nyleg? Kor mange departement har vi pr. mars 2022? Og kor mange statsrådar? Påskenøtter er eit tradisjonsrikt program på NRK. Kva heitte fyrste programleiaren for dette programmet? Når vart det sendt fyrste gong? Hestehov er ein vårblome. Er hestehov og gullbost same blome? «En liten kylling i egget lå», men kvifor ville han ut å gå? Kva betyr eigentleg ordet «appelsin»? Innlandet fylke består. Kor mange kommunar består det av? I Skjåk finn vi stadnamn som Lundadalsreset og Vuludalsreset. Kva lanskap beskriv desse namna? «Deg være ære» er ei kjend påskesalme. Kvar er melodien henta frå?

SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671

www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00

Skeimo Tlf: 61 21 40 65

1. Månen går i ei elypseforma bane rundt jorda, så avstanden varierar med i overkant av 50 000 km. 2. Statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. 3. I tillegg til Statsministerens kontor og statsministeren har vi 15 departement og 19 statsrådar. 4. Roald Øyen. 1984. 5. Nei, men begge er klassifisert i kurvplantefamilen. 6. Det vart for trangt for han. 7. Kinesisk eple. 8. 46 kommuner. 9. Eit høgdedrag som skyt fram frå ei dalside slik at det stenger for utsikta vidare innover eller utover dalen. 10. Händels oratorim.

KONFIRMANTJUBILEUM 2022 Komiteen for årets konfirmantjubileum har hatt sitt fyrste møte i «Kraftverket» og er i gang med planlegging av jubileum for dei som var konfirmerte i Skjåk og Nordberg kyrkjer i 1972, 1962 og 1952. Datoen er sett til laurdag 27. august og startar med messe i Skjåk kyrkje kl. 16.00. Invitasjon kjem! Komiteen ynskjer å få tak i e-postadresser til så mange som råd. Er du jubilant, send adressa di til kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no snarast råd! 10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2022

FASTEAKSJONEN 5. APRIL 2022

AKANTUS BLOMSTER

Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055

tlf 97 03 05 96

Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane

VATN FORANDRAR LIV. FORANDRE FOR ANDRE. SAMAN. Kirkens Nødhjelp presiserar at innsamlinga går til heile Kirkens Nødhjelp sitt arbeid, også i Ukraina.

Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no

VIPPS 2426 TA GODT I MOT KONFIRMANTANE NÅR DEI KJEM ! 2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30


Drop-in

bryllaup LAURDAG 23. JULI I ANDREAS-STUGU PÅ GROTLI Går dykk i tankar om å gifte dykk, opnar vi opp for at det let seg gjera på ein enkel måte no i sommar. Vi inviterer til drop-in bryllaup i Andreas-stugu på Grotli 23.juli. Ta med vener og kjente, eller kom einsame. Det einaste de treng å ha med er prøvingsattest frå folkeregisteret. Ta kontakt med kyrkjekontoret, så avtaler vi klokkeslett. Vi vil gjera alt vi kan for at dette skal bli ein minneverdig dag!

Også i år har dei eldste ungane i barnehagane i Skjåk pynta påsketre i kyrkjene våre! Ein triveleg tradisjon!

Foto: Eirik M. Bøe

Konfirmantar på Grotli

For andre år på rad vart HEKTA sin konfirmantleir i Håkons hall avlyst. For å bøte litt på dette , reiste alle konfirmantane til Grotli saman med Lomskonfirmantane laurdag 12. mars

for å kose seg ute på ski og å ha undervising av sokneprestane Kåre og Hans Johan inne på hotellet. Ein vellukka dag som vart avlutta med eit godt måltid pizza. 1-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

11


Design og layout: Haus Trykk: Hamar Media

PÅSKEANDAKT

For folket i Ukraina, og for verda. Tekst: Biskop Solveig Fiske

Det er krevjande å gå inn i påsketida utan å ha med seg det bakteppet som speglar seg i verda. Når dette skrivast rullar bilete frå krigen og invasjonen i Ukraina over skjermane. Det er forferdeleg å sjå på, og det minner oss om den menneskelege lidinga som skjer både der og andre delar av verda kvar einaste dag. Folk mistar hus og heim, de er redde barn og vaksne, soldatar som døyr, og menneske på flukt. Påskas tekster dekker heile livsspennet. Jesu død på korset blir eit synleg symbol på håp midt i ei verd merka av liding og vondskap. På dette korset hang Jesus, kjærleikens, fredens og rettferdas Gud. Gjennom hans oppstode får vi sjå så tydeleg at denne lidinga slett ikkje har siste ord – men det er eit liv etter døden. At døden og det vonde aldri vil kunne sigra over det som er godt. Kristus er verdas ljos, og dette ljoset kan aldri myrkret sløkke. Påska gjev høve til å lyfte fram dette håpet. Gje merksemd til dei som lid, og syne at vi har ein Gud som sjølv har kjent på kroppen kva dette inneber. Å vere einsam, i smerte, tørst og svolten. Å vere flyktning. Ja, Gud forstår godt korleis det er å vere eit menneske – både styrke, sårbarheit og nestekjærleik. Som kyrkje er vi kalla til å formidle dette ut til heile verda, frå kvar ei kyrkje og i alle lokalsamfunn. Denne påska ber vi, i ljos av Jesu oppstode, for folket i Ukraina, og for alle menneske som opplev krig og øydeleggingar i verda. Jesus Kristus, kom med din fred!

12

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2022


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.