KYRKJEBLAD Nr. 2. juni 2021 81. årgang
Skjåk og Nordberg
Nordberg og Skjåk Sokn
MESSEPLAN juni – okt 2021
Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk
Oppsett plan kan bli endra på kort varsel mtp. smittevernrestriksjonar frå mydigheitene.
Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437 Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 906 77 563 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Kyrkjetenar Nordberg og Skjåk kyrkje Kjell Morten Kveen, tlf: 992 62 691 Kyrkjetenar Nordberg frå 01.08.21 Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.
Sundag 20. juni kl. 12.00 Setermesse Sota Sæter Dnt. Dåp.
Sundag 5. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmasjonsmesse.
Sundag 27. juni kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Messe med dåp.
Sundag 12. september kl. 10.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse. Kl. 12.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse
Sundag 11. juli kl. 13.00 - merk tida Nordberg kyrkje. Regnbogemesse som avslutning på årets Fjellpride. Sundag 18. juli kl. 11.00 Skjåk kyrkje Torsdag 29. juli kl. 18.00 Olsokmesse i Lom Sundag 1. august kl. 11.00 Skjåk kyrkje Kl. 18.00 Bångråttjønn Fel-Jakup-messe
Organist Eirik Matias Bøe, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com
Sundag 8. august kl. 11.00 Nordberg kyrkje
Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no
Sundag 15. august kl. 12.00 Utemesse på Krossen.
Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 Aud.jotun@skjaak.kommune.no
Laurdag 28. august kl. 16.00 Skjåk kyrkje. Samtalemesse med konfirmantane våre.
Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Lars Kurt Haugen, tlf: 990 07 490 lkurtha@online.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 114648 - Merk ”Kyrkjeblad” Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk, som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret. Foto framside: Lars Kurt Haugen
Sundag 26. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. PLAN-messe med fokus på årets TV-aksjon. Generalsekretær i PLAN International Norge, Kari Helene Partapuoli deltek. Sundag 3. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Hausttakkemesse Alle messer vert sendt direkte på facebooksida Kyrkja Skjåk Andakter på Skjåkheimen: Om smittevernsituasjonen tillet det, blir det andakter: Torsdag 24. juni kl. 11.30 Musikkstund Torsdag 26. august kl. 11.30 Torsdag 30. september kl. 11.30
MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid. Skjåk kyrkjelege liv
www.skjaak.kyrkja.no
SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie
Olav den heilage Markering av 1000-års jubileet om Olav den heilage som kristna Dale-Gudbrand og mennene hans på Hundorp. Det er i år 1000 år sidan kong Olav Haraldsson fór nedover Gudbrandsdalen for å kristne og samle det som skulle verta kongeriket Norge. Målet var å samle Norge til ein stat under ein konge. Det var dette året kongen og følget hans kom over frå Lesja og sto på Stabrekka og tykte det var synd å brenne så fager ei bygd. Det seier noko om at kong Olav var viljug til å gå langt for å nå måla sine. Ferda gjekk vidare nedover dalen mot Hundorp. Der satt Dale-Gudbrand på høvdingsetet, og var stridig mot kongen og kongen sitt mål om å kristne og samle Norge. Dale-Gudbrand kjende nok på at makta hans vart truga. Og slik var det med mange høvdingar og ladejarlar, ikkje minst i Trøndelag, der kong Olav møtte stor motstand over lang tid. På Hundorp var Olav i fleire dagar, og nytta tida til å planlegge maktovertakinga. Dette måtte han gjera med list og med lempe, for Dale-Gudbrand var ikkje lett å overtale. Dette er fargerikt fortalt i sagaen om Olav, som Snorre Sturlasson skreiv. Ein morgon fekk Olav samla Dale-Gudbrand og mennene hans ute på tunet. Olav peikte mot sola som steig opp, og da Dale-Gudbrand og mennene hans såg i den retninga slo ein av Olav sine menn ned trefiguren av guden Tor som sto utanfor hovet. Da statuen datt kraup det ut ormar og biller, og folket fekk sjå at statuen av guden deira var «roten» inni. Kristus i form av sola som steig på himmelen sto fram som eit betre og sterkare val av guddom. Kong Olav hadde seira over Dale-Gudbrand og kristendomen vart innført i dalen vår. Kong Olav Haraldsson kom langt i å samle landet. Men han møtte stor motstand. Og da kong Knut av Danmark melde seg på bana og fekk fleire av ladejarlane med seg, måtte Olav flykte. Han tok opphald i Gardarriket (truleg i Kiev). Etter eit års tid såg han ein moglegheit til å ta kongekrona att, og fekk med seg menn på si ferd opp gjennom Sverige og nordover til Trøndelag. Men oppslutninga om Olav var langt mindre enn for-
venta, og da slaget sto på Stiklestad, var overmakta for stor. Etter Olav sin død, kåra kyrkja han til helgen; til Olav den heilage. Kåringa førte til at kongen og kyrkja vart ein slik maktfaktor at Norge til slutt vart kristna og samla under ein konge. Dette er kort fortald bakgrunnen for markeringa i år. Og dette året si markering leier fram til ei stor nasjonal markering i år 2030; 1000 år etter slaget på Stiklestad. I sumar arrangerer pilegrimssenteret på Dovre ein marsj i Olavs fotspor; frå Lesja til Skjåk og vidare til Lom og Vågå og ned dalen til Hundorp. Der møter dei ein marsj sørfrå, og det vert ein større markering på Hundorp ved Olsok-leite. Turlaget vårt her i Skjåk er med og arrangerer turen frå Lesja til Skjåk den 23. juli. Her er det påmelding. Det blir transport frå Skjåk til Lordalen i Lesja på morgonen. Det vert eit arrangement på eftaen her i Skjåk når marsjen kjem fram. Dagen etter, den 24. juli vert det arrangert ein tur i Lomsfjella mot Honnsjoen med arrangement på eftaen. Olsok i Lom vil og markere 1000-årsjublieet. Den fyrste helga i september vil mykje av programmet til Diktardagane ha innhald knytt til 1000-års markeringa. Her i Skjåk arrangerer vi ei messe på Krossen den 15. august kl 12 i høve 1000-årsmarkeringa. Her er mykje spanande å lese seg opp på, og det er god høve til å verta med på dei ulike arrangementa knytt til 1000-årsjubileet. Eg ynsker kvar og ein ein god sumar! Helsing frå sokneprest Kåre Gloslie
2-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
3
KYRKJEKONTORET INFORMERAR
SUMARHJELP Harald Teigum Østengen skal være med å hjelpe til på kyrkjegardane i sumar. Østengen er og med og bidreg til direktesendingane på Facebook.
No livnar det i lundar, no lauvast det i li, den heile skapning stundar no fram til sumars tid. Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord og atter som eit under nytt liv av daude gror.
Desse kjente linene skrive av salmediktaren, kyrkjestatsråden og teologen Elias Blix i 1875 er ei vårsalme, også kjent som Vårsong eller Gudleg vårsong. Salma vart tonesett av Ludvig Mathias Lindemann same året Og denne er like aktuell i dag og eg er i undring kvar vår, om kor mange nyansar det er av farga grønt. Heldigvis så går det framover med opninga av samfunnet vårt og at etterkvart kan fleir samlast att. Og i kyrkja kan det starta opp att med nattverd. Men framleis må vi alle vere med å ta smittevernet på alvor. Det er utruleg fort at det kjem nye utbrot. PUTER TIL KYRKJENE Nå er alle dei nye putene til kyrkjebenkane i Nordberg og Skjåk på plass. Så velkomne til kyrkje, nå skal iallfall alle ha høve til å sitje godt.
4
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2021
NY KYRKJETENAR Skjåk kyrkjelege fellesråd ønskjer Lars Brennhaug velkomen i staben og ser fram til samarbeidet. Han er tilsett som ny kyrkjetenar i Nordberg frå 1. august. VEDLIKEHALD Godkjenning frå riksantikvar og Hamar biskop er på plass Vidare vedlikehald av Skjåk kyrkje, vil halde fram når vi har klar korleis finansieringa vert. I høve brannsikring av kyrkjene våre, så er nye alarmar montert Likeins lynvernanlegg og sikringsskåp i Nordberg, er det søkt om godkjenning for. Fellesrådet ser på fleir løysingar for brannvern og ikkje minst å få redusert straumutgiftene. Dette er eit arbeid som vert prioritert. Grunna økonomi og søkeprosessar, så tek det tid. RAKARDUGNAD Det var rakardugnad på kyrkjegardane våre i byrjinga av mai, med godt frammøte. Konfirmantane med føresette bidrog til at det gjekk unna. SØPPELSORTERING Det er til stor hjelp for handsaminga av søppel på kyrkjegardane, viss dykk alle prøva å sortere avfallet. Legge jord/gras i kompostbingane og plast i eigne stativ for dette. KYRKJEGARDSVEDTEKTER Det har etter kvart vorte fleir som nyttar gravminne med inskripsjon på båe sider. Dette er ein god måte å få plass til fleir namn, men det er ikkje greitt å plante på båe sider, jamfør kyrkjegardsvedtektene.
Dette fordi at det vert vanskeleg i høve til grasklypping. BLOMEFOND Det er høve til å ta ut blomar i Skjåk Gartneri til pynt på kyrkjegarden. Kr.75,- pr. gravminne, så lenge dei har sommarope. (i allfall til 1.juli) Vi er svært takksame for alle gåver som vert gjevne til Blomefonda både i Nordberg og Skjåk. Etterkvart er betalingsinformasjon på vippsportalen tilgjengeleg for oss som skriv listene, med det same at det er betalt inn. Det er ønskjeleg at du skriv på melding kven si gravferd det er og kor mange namn skal det stå på liste. KONTAKT Ønskjer du å kome i kontakt med kyrkjekontoret så prøva vi å vere tilgjengelege i opningstida (kl.10-14) kvar dag. Eller du kan nå oss på telefon eller e-post. Sjå informasjonsliste på side 2 i kyrkjebladet eller heimesida vår. Med ønskje om ein fin sommar og velkomne til kyrkje ! Arnborg Teigum Kyrkjeverge
Skal du feire en stor dag? HØYFJELLSHOTELL
+47 612 17 474 post@grotli.no
På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper.
2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no
BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80
MI SALME
Foto: Privat
Mi SALME Paula Bøhle
Når eg fekk spørsmål om å velje mi salme til kyrkjebladet, stod valet mellom to salmer som betyr ein del for meg. Valet fall på dåpssalma Fylt av glede over livets under. Eg har den siste tida gått rundt og nynna på denne salma, teksta treff meg i hjarta og gjer noko med meg. Da vår fyrstefødde skulle døypast valgte vi denne dåpssalma i lag med Solveig Røysane. Det var da eg fyrst vart kjent med teksta som eg tykkjer seier noko om kor dyrebar ei gåve eit nyfødt born er.
For meg personleg har det vore viktigt å døype borna mine, og gje dei kjennskap til kyrkja, så får dei sjølve ta valet om dei vil konfirmere seg. Når eg no går rundt å nynnar på salma, er det fordi eg på nytt er fylt av glede over livets under. Med eit nyfødt barnebarn i mine hender treff teksta meg like sterkt. Eg ynskjer alle ein fin sommar.
Fylt av glede over livets under Tekst: Svein Ellingsen
tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no
YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53
Fylt av glede over livets under, med et nyfødt barn i våre hender, kommer vi til deg som gav oss livet kommer vi til deg som gav oss livet
Ved ditt verk, ved Kjærlighetens vilje, er vi født på ny til liv i Kristus, til et åpent liv i tro og tillit. til et åpent liv i tro og tillit.
Fylt av beven foran ukjent fremtid legger vi vårt barn i dine hender. Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet. Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet.
Og ved tidens grense lever fortsatt dine løftes-ord ved døpefonten, dåpens lys forblir når livet slukner. dåpens lys forblir når livet slukner.
Fylt av undring er vi i din nærhet! Du som bærer verdensrommets dybder, venter på de små og tar imot oss. venter på de små og tar imot oss.
Større rikdom enn hva ord kan romme, har du gitt oss gjennom dåpens gave. Herre, la vår tro bli fylt av glede! Herre, la vår tro bli fylt av glede!
Skjåk Gartneri a/s tlf 61 28 45 45
Tlf. 901 69 255 Fylg oss på facebook: Skjåk Gartneri
Garcia Holding AS
Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113
2-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
5
Tekst: Elias Sperstad
Stemningsfull konsert i Nordberg kyrkje Publikum fekk servert orgelmusikk, diktopplesing og folkemusikk av beste merke i Nordberg kyrkje 8. mai.
Folkemusikkgruppa Kvarts avslutta konserten med «Sankthansdagen» etter Kristen Vang. Foto: Elias Sperstad
D
et vart ein storslått kveld da frigjeringsdagen vart markert i og ved Nordberg kyrkje. Etter markeringa ved bautaen var det konsert og diktlesing inne i kyrkja. Organist Eirik Matias Bøe innleia med ein fin bruremarsj, og sette med det stemningsbildet for den fine konserten med folkemusikkgruppa Kvarts som hovudaktør. Kvartetten som består av Øystein Rudi, Tom Willy Ru6
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2021
stad, Jo Asgeir Lie og Erlend Styve har sidan 1998 sett tydeleg spor etter seg i norsk musikkliv, med særleg vekt på folkemusikken.
Dei hadde elles innslag av torader og munnharpe. Kvarts avslutta konserten med «Sankhansdagen» etter den lokale felespelaren Kristen Vang.
Dei innleia sin sekvens med ein bruremarsj før dei gjekk rett over til ein springleik etter Mathias Bismo. Kvarts er ei allsidig gruppe som spelar på mange strengar. Som eit døme spelar dei også musikk av Jonas Fjeld.
Vidare krydra Endre Skjåk den stemningsfulle stunda med diktopplesing. Vi får håpe at pandemien snart slepper taket, slik at fleire kan få vera med på slike arrangement framover.
2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no
Velkomen til triveleg handel!
Skjåk Kjøpesenter
SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70
Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671
Øystein Rudi flankert av FN-veteranene Kjell Dagsgard og Øystein Tofte held tale og Roy Sæten overleverte krans ved bautaen ved Nordberg kyrkje. Foto: Elias Sperstad
Minnemarkering ved bautaen I god tradisjon vart 8. mai markeret ved bautaen over dei to skjåkverane Gudmund Bøyeeie og Saras Partapouli ved Nordberg kyrkje. Direktøren for Gudbrandsdalsmusea Øystein Rudi held tale og la ned krans. Han drog samanlikningar mellom krigsåra og pandemien med avgrensa sosial omgang. Rudi gav uttrykk for at med pandemien kjem krigsåra i det perspektivet tettare på. Han understreka
www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00
at vi skal vera glade for at krigsåra og tida vi er inne i ikkje kan samanliknast elles.
Skeimo
Rudi la ned krans for å minnast dei to skjåkverane som fall i krigen, flankert av FN-veteranar som stod æresvakt. Vidare bidrog Lom og Skjåk brass til at det vart skap ei fin ramme rundt arrangementet.
Tlf: 61 21 40 65
AKANTUS BLOMSTER
Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055
tlf 97 03 05 96
Fin gåve til kyrkja
Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.
Skjåk Turistheim Skeid Kro Foto: Elias Sperstad
På ei reise til Finland for fleire år sidan, såg Klara Tofte eit vevarbeid ho bestemte seg for å kjøpe. Slik vart det og den fine vevnaden har fram til nå pryda daglegstugu på Søre Tofte. Nå har kyrkja fått den, og heng nå på veggen i kyrkjestugu ved Skjåk kyrkje. Klara og systera Gunvor Tofte var båe til stades da dei overrekte gava. Motivet viser Josef og Maria med Jesusbarnet på flukt til Egypt, ifylgje sokneprest Kåre Gloslie. Vevnaden er såkalla dobbeltvev, der mønsteret
kan sjåast som ljost på den eine sida og mørkt på den andre. Vevnaden er flott utført og passar godt inn i kyrkjestugu.
epost: sissel@skeidkro.no
2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30
2-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
7
STORT OG SMÅTT
Vilma Løftingsbakken Rossehaug vart døypt 23. mai i Skjåk kyrkje. På bildet saman med foreldre og storebror.
Ragna Sveen vart døypt 7. mars i Skjåk kyrkje. På bildet saman med foreldre.
Foto: Privat
Foto: Privat Foto: Privat
Foto: Harald Østengen
BARNEDÅP
Magnus Loe Plassen vart døypt i Nordberg kyrkje 30. mai. Her saman med foreldre, fadrar og kusine.
Elin Gjerdet Mork vart døypt 25. april i Skjåk kyrkje. På bildet saman med foreldre og storesyster.
“Bryllaup” i Skjåk Kyrkja
Alle konfirmantane hadde kvar sine rollar: brudgommen var Jehans Bakken Øjenskog, som skulle «gifte» seg med brur Frøya Geilo. Forlovarane var Marius Jevnheim Bakkom og Sara Hyrve Bosmen. Dei andre konfirmantane hadde andre oppgåver som blant anna foreldre til brudeparet, tekstlesar kyrkjevert, kyrkjetenar, straumar og journalist. Seremonien starta ved «kjerringdøra» der Endre Skjåk las bodmannsbøna. Kåre prest fortsette inne i kyrkja med nokre inngang8
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2021
Foto: Kari Ørjasæter
Onsdag 2. juni samla dei kyrkjelege konfirmantane frå 9. klasse i Skjåk, saman med foreldre eller andre i familien, seg i Skjåk kyrkje for eit konfirmantbryllaup.
sord: «Kjære Frøya og Jehans, kjære konfirmantar, familie og vener. Nåde vere med dykk, og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus». Seremonien fortsette med song, musikk og skriftlesing. Eivind las teksta frå Salmenes bok: Herren er min hyrding. Brynhild las ei bibeltekst frå Matteus- evangeliet. Kåre Prest tok over med lesing, venskaps-
inngåing og forbøn. Simen Teigum Slettede som vokal og gitarist og Magnhild Teigum som vokal fortsette etterpå med songen Slå ring om hverandre. Seremonien vart avslutta med musikk og velsigning.
Etter bryllaupsseremonien samla alle konfirmantane og arrangørane seg i kyrkjestova for å eta god mat laga av Kari Ørjasæter og Arnborg Teigum. Der vart det servert rømmegraut, avletter, spekemat og saft. Endre Skjåk fortalte litt om tradisjonar i Skjåk ved bryllaup, og heilt til slutt vart det servert kaffi og kake. UNN KATRIN BANKEN redaksjon@fjuken.no
Frå vogge til grav Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
NORDBERG SOKN Døypte 30.05.2021 Magnus Loe Plassen Døde Ola Klepp f. 11.07.1926 – d. 11.03.2021
Oddlaug Heggebotn f. 27.02.1932 – d. 20.03.2021
Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543
Marit Skei f. 04.07.1931 – d. 01.06.2021
Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547
Inga Hjørdis Teigen f. 10.04.1932 – d. 03.06.2021
Eller stikk gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Viss du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, viss du ikkje ringer. Dette fordi at informasjon vi får frå vipps, er berre kven som har betalt.
Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597
Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13
2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no
www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72
tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no
SKJÅK SOKN
Døypte 25.04.2021 Elin Gjerdet Mork
23.05.2021 Vilma Løftingsbakken-Rossehaug
Døde Jarle Ytre f. 04.01.1947 – d. 27.03.2021
Åge Willy Rønningen f. 13.06.1948 – d. 25.03.2021 Asbjørn Melhus f. 15.01.1944 – d. 16.04.2021 Per Jakob Bolstad f. 21.03.1946 – d. 14.05.2021 Liv Dagsgard f. 31.10.1944 – d. 20.05.2021 Magnus Skriden f. 11.08.1930 – 30..05.2021 Hans Børrestuen f. 25.07.1934 – d- 07.02.2021 Hans Brandsarbakken f. 10.12.1927 – d. 14.11.2020
13.06.2021 Vetle Flatmo Aukrust
Konfirmantar i Skjåk og Nordberg Kyrkje SKJÅK KYRKJE Sundag 12. september 2021 Kl. 10.00 Frøya Gjeilo Jehans Bakken Øjeskog Anders Aurmo Karina Lyngved Julie Hole Halvor Kveum Sigurd Bakken Torstein Henrik Grønvik Steinbakke Kl. 12.00 Thale Holø Magnus Aaboen Rubi Marie Øiberg
Jonas Ulen Osmancevic Lise Bævre Eivind Maurstad-Husom Sara Hyrve Bosmen NORDBERG KYRKJE sundag 5.september kl. 11.00 Konrad Tuva Haagaa Brynhild Ødegård Alfred Åmot Marius Jevnheim-Bakkom Unn Katrin Kvålshagen Banken
2-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
9
SOMMARQUIZ 1. Kan du eit anna namn på sankthans? 2. Kva skal vi, i fylje songen «Du skal ikkje sova» av Agnes L. Lygre, bruke sumarnatta til? 3. Kven/kva er ei myrlappause? 4. Kven/kva er Dyringslikongen? 5. Kvar ligg Nordens største middelalderkyrkje? 6. Er leirgauk ein trekkfugl? 7. Kva er ein jonsokkoll? 8. Kvar i Skjåk finn vi «Bispen» 9. Sommertid. Vi flytter klokka ein time, men er det fram eller attende? 10. Du ser rett på regnbogen. Kvar er sola? 11. Fullfør ordtaket: «Når det regnar på presten, …»
Tårnagentar i Nordberg
Foto: Arnborg Teigum
Det var fint vêr og god oppslutning på rakardugnadane ved Nordberg og Skjåk kyrkje fyrst i mai. Tusen takk til alle som møtte fram og var med på å gjere det fint på kyrkjegardane våre.
KONFIRMANTJUBILEUM 2021 Komiteen for årets konfirmantjubileum har bestemt seg for å ikkje arrangere jubileum i år grunna usikkerheita rundt smittevernrestriksjonar så langt fram i tid.
POLLFOSS HOTELL AS En perle mellom øst og vest
tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
10
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2021
pb. 6, 2694 Skjåk, tlf: 61 21 47 00 polfoss@online.no • www.pollfoss.com
Tårnagentane er eit opplegg som blir køyrd i forskjellige former over heile landet der målet er at deltakarane skal bli betre kjend i kyrkja si. Alle vart oppnemd til tårnagentar med eit eige hemmeleg nummer. Deretter vart dei delt inn i grupper og fekk utdelt eit oppdrag. Dette gjekk på å løyse ein rebus med oppgåver gøymd i heile kyrkjerommet. Det var ikkje mange krokar av kyrkja som ikkje vart utforska av agentane på leit etter oppgåver, men størst var nok spaninga knytt til å opp i tårnet der dei fekk sjå på både klokkene og utsikta. Vi valde i år å lage eit opplegg der vi skulle døype ei dokke i gudstenesta slik at ungane også fekk kjennskap til kva som skjer under ei dåpshandling. Løysinga på rebusen skulle bli namnet på dokka og ho vart heitande Elisabeth. Takk til alle tårnagentar for stor innsats!
Foto: Arnborg Teigum
1. Jonsok, mitsommar. 2.«Då skal vi vandra isaman ute, …». 3. Eit rumpetroll. 4. Ein stor uthula tømmerstokk frå ei furu i Dyringslia. I 1894 ga Skjåk Allmenning stokken i gave til Dampsaga på Lillehammer. Dyringslikongen står nå på Maihaugen. 5. Trondheim, Nidarosdomen. 6. Nei, leirgauk er eit blåseinstrument laga av leire. 7. Ein litt lubben blome med grønlilla rosettblad og små blå blomar. 8. «Bispen» er ein ansiktsprofil i Bispberget, synleg når du kjem inn i Bismo frå aust. I området ved Bispen camping. 9. Fram, for å få ljosare kveldar. 10. Bak deg. 11. «…, dryp det på klokkaren».
Rakardugnader
Sundag 2. mai var det tårnagentsamling for alle 8. åringane i Skjåk med gudstenenste etterpå. Dette brukar å vere eit populært tiltak innan trusopplæringa og slik var det i år også med høg oppslutning og stor stemning.
SIDE Finn vegen til Jesus! Hjelp Maria, Peter og Johannes å finne vegen til engelen i den tomme grava, og vidare til Jesus! (Teikning: Kari Sortland)
Gje barnebladet BARNAS til eit barn du er glad i!
Gulliver
e og vennen sbukta i Paradi
ta. De i Paradisbuk le ne hans bor søndagssko og venne skole og Gulliver skjær. jakt og har for Skarp drar på skatte rak neden på elt skipsv og lurer i et gamm om Jesus ne får høre at Paradisbukta er og venne ager de Gulliver En dag oppd med! ting. noe e mang de gjøre men . Det må av Storstrøm forurenset er blir tatt når Gulliv mystiske Og hva skjer grotte under den en i r og havne Slottsøya?
Desse oppgåvene er henta frå bladet.
Jesus som tolvåring i tempelet
n.no
1
os
Supersetning
m lo Sa om ng sd Ko vi
Bestill abonnement på sondagsskolen.no 00. eller 22 08 71 00. sondagsskole
Jesus metter fem tusen
2. Timoteus 1,7
2021 For Gud ga oss ikke en ånd som gjør motløs; vi fikk Ånden som gir kraft, kjærlighet og visdom.
4
21
20
Su
pe
Or
ning3 rsetene 4,2
dsp
du alt t. or mf fra de fra rte går ut t hje livet dit for var Be rer, va be
Supersetning Matteus 6,33
3
Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal dere få alt
2021 det andre i tillegg.
råk
n.no
sondagsskole
Vitsa r
Klassa hadde matteprøve. Ei av oppgåvene var slik: «Eit hus har 5 etasjar. Kvar etasje har 20 trappetrinn. Kor mange trappetrinn må du då gå for å kome til toppen?» – Enkelt, tenkte Ole, og skreiv: «Alle.»
Finn fem feil Maria Magdalena sprang og fortalde læresveinane at Jesus var stått opp frå dei døde. Dei to bileta er nesten like. Finn du dei fem feila på biletet til høgre? (Teikning: Kari Sortland)
– Korleis er den nye gitaren din? – Eg måtte kaste han. – Kvifor det? – Den hadde jo eit stort hol i Kva midten! får du dersom du kryssar ein kalkulator med eit menneske? Svar: Ein ven du kan rekne med.
11
Tusen år med kristendom! «Det fyrste i vår lov er at vi skal bøye oss mot aust og be til Kvitekrist om godt år og fred, at vi må halde landet vårt bygd og kongen vår ved helse. Lat han vere vår ven og vi hans vener, og la Kvitekrist vere vår alle sin ven.»
Den store nasjonale feiringa rettar seg mot symbol-året 2030. Men jubileumsfeiringa starta allereie i år, for kristning og nasjonsbygging gjekk over mange år. I år er første feiring, og det skjer i Hamar bispedømme gjennom Tusenårsfesten på Hundorp 29. – 31. juli 2021 Ifølge Snorre Sturlason er det i år 1000 år sidan Olav Haraldsson møtte stor-høvdingen Dale-Gudbrand akkurat her. Møtet førte til at gudbrandsdølane bøygde seg for den nye trua, samla seg om kongen og starta kyrkjebygging. Feiringa dei tre dagane vil sette fokus på kulturmøte og endringar vi står overfor i vår tid, akkurat som dei for tusen år sidan sto i ei brytingstid 12
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2021
mellom vikingtid og kristendom, mellom ny og gamal tru. Feiringa skjer med arrangement og aktivitet for heile familien frå morgon til kveld på Dal-Gudbrands gard. Tusenårsfesten har eiga nettside med programoversikt, meir om historia og jubileet. Sjå meire på www.hundorp2021.no «Kulturmøte og endring» vil være tema for årets olsok-feiring fleire stadar, ikkje berre på Hundorp. Den 28. juli feirast olsok i Hamar. Du kan følge pilegrimsvandring frå Vang kyrkje og inn til domkyrkjeodden kor det blir foredrag av biskopen i Hamardomen etterfølgd av økumenisk gudsteneste. Om kvelden blir det konsert med Narum med påfølgande Olavsvake. Sjå nærare om programmet på www.domkirkeodden.no/olsok
På Tolga har dei årleg tradisjon med olsok-uke som i år blir frå 23. juli til 1. august. Meir om programmet finner du på www.olsokitolga.no Også i Tylldalen, i Lom og fleire andre stadar i Hamar bispedømme er det tradisjon for olsokfeiring. Følg med på www.skjerikirken.no for å sjå kva som skjer der du er. Utviklinga for samfunnet vårt i de 1000 åra etter kristninga rommar ei utroleg historie. Bli med på reisa attende i tid, men med nåtidas blikk.
Foto: Hallvard Bjørkås
Arven etter Olav den heilage lever framleis i dagens Norge. Kristninga gav oss mellom anna skule, helsevesen og grunnlag for demokratiet vårt. Symbolsk ser vi dette gjennom riksvåpenet der den norske løva held Olav si øks.
Foto: Unsplash
Dette er starten på kristningslova som vart kunngjord av biskop Grimkjell på Moster i 1024. Mostertinget med Olav Haraldsson i spissen gav rettsgrunnlag for det som skulle bli den norske kyrkjeorganiseringa i mellomalderen, og tinget markerer gjennombrotet for kristninga av landet.
Solveig Fiske Hamar biskop