Kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg

Page 1

KYRKJEBLAD Nr. 2. april 2022 82. årgang

Skjåk og Nordberg

Informasjon


MESSEPLAN juni – oktober 2022 Nordberg og Skjåk Sokn Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437 Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 909 56 437 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Kyrkjetenar Nordberg Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no Kyrkjetenar Skjåk Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Organist Eirik Matias Bøe, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com

Oppsett plan kan bli endra. Sundag 19. juni kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Offer til KABB. Sundag 3. juli kl. 17.00 Kyrkje til kyrkje i buss! Frå Nordberg kyrkje i veteranbuss til messe i Bøverdal kyrkje kl. 19.00. Påmelding til kyrkjekontoret.

Laurdag 27. august kl. 16.00 Skjåk kyrkje. Samtalemesse med årets konfirmantar og konfirmantjubileum. Laurdag 3. september kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Dåpsmesse.

Sundag 10. juli kl. 13.00 Nordberg kyrkje. Regnbogemesse i samband med Fjellpride.

Sundag 4. september kl. 10.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse. Kl. 12.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse.

Sundag 24. juli kl. 19.00 Skjåk kyrkje. Kveldsmesse.

Sundag 11. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmasjonsmesse.

Fredag 29. juli kl. Olsokmesse i Lomskyrkja.

Sundag 25. september kl.11.00 Skjåk kyrkje. Hausttakkemesse med utdeling av 6-årsbok. Kyrkjekaffe.

Sundag 7. august kl. 11.00 Fellesmesse for Skjåk og Lom på gamle Garmo kyrkjetomt.

Sundag 2. oktober kl. 18.00 Nordberg kyrkje. Tårnagentmesse.

Sundag 21. august kl. 19.00 Nordberg kyrkje. Kveldsmesse.

Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no

Andakter på Skjåkheimen: Torsdag 30. juni kl. 11.30 Torsdag 25. august kl. 11.30 Torsdag 29. september kl. 11.30

Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 Aud.jotun@skjaak.kommune.no Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Lars Kurt Haugen, tlf: 990 07 490 lkurtha@online.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 114648 - Merk «Kyrkjeblad» Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret. Foto framside: Elias Sperstad

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.

Skjåk kyrkjelege liv

www.skjaak.kyrkja.no


SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie

Himmelen står alltid open over deg Under Himmelen Tro ikke at jeg kommer fra små forhold! Himmelen stod alltid åpen over meg.

Eg kjem støtt attende til dette flotte diktet av Hans Børli. Og det er dei to fyrste linjene som grip meg. Dei dreg meg inn i refleksjonar over dei store og gode sidene ved det å leve livet mitt…. så godt som eg kan…. For kjensla av det å ikkje strekka til, ligg og gneg òg i meg.

Jeg levde mine år med Syvstjernen som nabo og vinden som omgangsvenn. Jeg kjenner de lave maurstiene mellom brukne strå på jorda, men også lengselens kongevei av lys der Guds fotspor står tegnet i stjernestøvet.

Men her; diktaren set meg inn i ei stor og god samanheng; han seier at eg alltid har ein open himmel over meg! Så godt! Så godt å kjenne på stordomen eg lever i. Ein himmelsk stordom som meir enn veg opp at eg òg ganske så ofte kjenner meg liten.

Jeg er et menneske. Jeg har erkjent storheten i dét å være så uendelig liten.

Men tru ikkje at eg kjem frå små kår! Det er sumar! Endeleg vart det varmt i veret, etter ein lang og kald vår og førsumar. Så la oss nyte sumaren. La oss senke skuldrane og nyte sumarlivet. La prestasjonsjaget og stresset fare! La oss nyte tilvære i Guds store og flotte skaparverk, og la oss alltid ha eit blikk for at vi alltid har ein open himmel over oss! God sumar! Helsing frå Kåre

2-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

3


KYRKJEKONTORET INFORMERAR

J

uni-ordet har namnet etter den romerske gudinna Juno, som var gift med Jupiter og verna om bryllaup og ekteskapet. Og kanskje det er difor mange vel å gifte seg i juni, men helst er det vel for den fine ljose tida, enn sambandet med Juno. Juni inneheld også fleir gamle merkedagar. Den mest kjente er jonsok (av «jónsvaka»), også kjent som jonsmesse eller sankthans. Jon i dei to fyrste orda og Hans i det siste, er båe identiske med døyparen Johannes i Bibelen. Den 24. juni var vigd til han. Sommar- berre ordet gjev von om ljose dagar og ljose netter, det veks og eg sluttar aldri å forundre meg over kor mange nyansar det finns av farga grønt. Og tenk kor heldige vi er som får oppleva den norske sommaren og at vi kan halde mindre avstand enn ein meter til kvarandre. Det er likevel ein dåm av uhygge med krigen i Ukraina med tragiske hendingar kvar einaste dag

DUGNAD Dugnadane på kyrkjegardane i Skjåk og Nordberg hadde godt frammøte, sjølv om det var ein slik temperatur at det var godt med stillongs. Det er god hjelp i at alle konfirmantane har fått lagt inn i sin konfirmantplan, at dei skal møte med ein vaksen og ei rive på dugnad.

SØPPELHANDTERING/SORTERING Kvart år, på dugnaden så dukka spørsmålet opp, om ein skal ta burt det som er visna på gravene eller om dei som har sett dette ned, skal ta det sjølve. Turr eine og visna haustplantar er praktisk at det verte teke burt samstundes med dugnaden, når det er plassert konteinar til dette. Av erfaring, så vert søppelsekkane diverre fylt med det som vert teke bort frå gravene ved ny planting. Og det er kostbart å betale renovasjonsavgift for dette. Det vert og lett irritasjon når søppelsekkane er overfylte på kyrkjegarden. Og viss søppelsekkane for tunge, (over 20 kg.) vert dei ikkje teke med av NGR. Som det er kjent for storparten, så er plastinnsamling gratis. Og det er svært dårleg økonomi og berekraft, viss ein ikkje nyttar seg av rett handtering 4

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2022

Det er til stor hjelp for søppelhandtering/sortering, iallfall til ein viss grad, viss alle kan gjere sitt til dette. Og det er kompostbingar på båe kyrkjegardane, og viss du tykkjer det er langt å gå bort til dei er det stor hjelp i at jord vert lagt i trillebåra, så tek kyrkjetenarane dette og får det på rett plass.

17. MAI Og vi har feira 17 mai med fint ver og stor oppslutnad. Kyrkja valde i år å ha messe på nasjonaldagen i Kraftverket, noko som var godt motteke og praktisk i og med at det var togoppstilling tidleg på dagen. Vart og overført på facebook.

KYRKJEGARDSVEDTEKTER Vil og minne om at det IKKJE er lov å tenne ljos på kyrkjegardane våre, grunna branntryggleiken. Og har ein ansvar for gravminne med namn på båe sider så SKAL det berre plantast på framsida. Det har vore avhalde kyrkjelydsmøte i Kraftverket, samstundes med poesikveld 15.mai, og tek med nokre tal frå Skjåk kyrkjelege fellesråd si årsmelding. Gangveg mellom port og Skjåk kyrkje er i svært dårleg stand

FRÅ KYRKJELEG ÅRSSTATISTIKK TEK VI MED

Årsmelding og Rekneskap ligg i papirform på Kraftverket, velkomne innom eller finne det på heimesida www.skjaak. kyrkja.no

Aktivitet Messer i Nordberg kyrkje /andre stader Besøkande Dåp i Nordberg kyrkje Gravferder i Nordberg kyrkje Messer i Skjåk kyrkje / andre stader Besøkande Dåp i Skjåk kyrkje Gravferder i Skjåk kyrkje Digitale overføringar Nordberg antal visningar Skjåk antal visningar

HØYRING Skjåk kyrkjelege fellesråd har vore førespurt av Hamar bispedømme, om å vere eitt av to fellesråd som høyringsinstans for trusopplæring i Den norske kyrkje. Eit utval oppnemnt av Den norske kyrkje gav inn rapport «Heilheit, integrering og samanheng i kyrkjelege undervisning og læring» til Kyrkjerådet januar 2022. Og det er dette, vi i Skjåk har vore bede om å gjeve innspel på innan 01.06.22, noko vi har gjort. Ønskjer kvar og ein av dykk ein fin sommar, og låner orda til Hans Børli med:

JUNIKVELD

Vi sitter i slørblå junikveld og svaler oss ute på trammen. Og alt vi ser på har dobbelt liv, fordi vi sanser det sammen. Se – skogsjøen ligger og skinner rødt av sunkne solefalls-riker. Og blankt som en ting av gammelt sølv er skriket som lommen skriker. Og heggen ved grinda brenner så stilt av nykveikte blomsterkvaster. Nå skjelver de kvitt i et pust av vind, – det er som om noe haster … Å, flytt deg nærmere inn til meg her på kjøkkentrammen! Den er så svinnende kort den stund vi mennesker er sammen. – Hans Børli (1918-1989) Arnborg Teigum, Kyrkjeverje

2019

2020

2021

27

27 1064

16 572

1151 4

4

6

13

12

20

21 1294

21 1200

25 1245

6

7

10

16

10

20

2656 3513

436 1084


Foto: Privat

Mi SALME Anna Bruland

MI SALME

Når ein, i godt vaksen alder, vel å busette seg høgt til fjells, får ein ein lang vinter med på kjøpet. Etter 6-7 månader med snø og kulde, ser ein fram til våren, og lange ljose dagar. I slutten av mai vart eg utfordringa til å velge mi salme. Kring meg var det framleis store snøfonner, men ein såg og kjende at våren var på veg – her på fjellet også. Trekkfuglane var kome attende, og små bekkar hadde teke til å sildre… Enno ein gong skal ein få oppleva våren! Kva salme var da meir naturleg å velge, enn «No livnar det i lundar»? Snart «lauvast det i li», og dagane tek til å bli ljose og lange. Denne salma lærte vi på skulen, og når våren kom og 17. mai nærma seg, vart den ofte sungen i klasse-

rommet. Salma måtte «sitte» til den store dagen og 17. mai feiring. Også i år tok vi inn bjørkelauv, i håp om å få pynte med grønt lauv den 17. mai. Det rakk ikkje å bli grønt i år. Men når vi tok turen ned i bygda, vart bjørkene grønare og grønare dess lenger nedover vi kom… Men når det lir mot St. Hans tek nok bjørka til å bli grøn, her på fjellet òg. Tradisjonen min med å sanke eit lauvblad av same bjørka, her i Grotli, St. Hans, kjem eg til å fortsette med så lenge eg klarar, og får oppleva at; «…atter som eit under nytt liv av daude gror». Interessant å sjå forskjellen i størrelse frå år til år. Denne tradisjonen har eg etter mor mi, som gjorde det same heime, men ho sanka lauvbladet sitt den 17. mai. Eg ynskjer alle ein fin sommar!

No livnar det i lundar Tekst: E. Blix, 1875 Melodi: L.M. Lindemann, 1875 No livnar det i lundar, no lauvast det i li, den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song, du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong,

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord og atter som eit under nytt liv av daude gror.

då me med vigsla tunge, med kjærleik heil og klår, alt utan brest og sprunge skal lova Herren vår!

2-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

5


Tekst og foto Elias Sperstad

Minnerik 8. mai I god tradisjon vart det også i år arrangert fredsmarkering og konsert ved Nordberg kyrkje 8. mai.

Bildetekst kommer. Foto: Elias Sperstad

D

et todelte arrangementet starta med markerig ved minnesteinen over Gudmund Bøyeeie og Saras Partapouli som mista livet under krigen. Direktør i Stiftelsen Norsk Kulturarv Erik Lillebråten held tale, og han trekte fram at det meir enn nokon gong er viktig å markere frigjeringsdagen. – Med krigen i Ukraina ser vi med eigne augo kva ein krig kan vera; øydelegging, frykt, sorg, overgrep, fortviling, avmakt, sa Lillebråten mellom anna. Lom og Skjåk Brass bidrog med musikk, og sette fin stemning på arrangementet. FN-veteranar stod æresvakt. 6

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2022

Etter markeringa var det servering i kyrkjestugu. Kvelden toppa seg med konsert inne i kyrkja. Den vart innleia av velklingande Skjåk Songlag. Bygdas eigen organist Eirik Matias Bøe bidrog med pianospel. Kveldens hovudartist var Frikk Gjeilo, opphavleg frå Lom. Han er ein eminent låtskrivar og har særleg det siste året markert seg nasjonalt. Han hadde med seg Bjørn Kåre Odde på fele/ bratsj og Reidar Svare på tangentinstrument. Endre Skjåk batt saman programmet på ein slik måte som berre han kan det.

Bildetekst kommer. Foto: Elias Sperstad


Konfirmantdåp og konfirmant bryllaup i Skjåk kyrkje

Konfirmantar i Skjåk og Nordberg Kyrkje

Dei hadde tenkt på det både vel og lenge. Så bestemte Tilda Teigen, Mya Hånsnar og Eldri Marie Galde Tråstad seg for å døype seg.

Kl. 10.00

Det skjedde i Skjåk kyrkje med konfirmantane i Skjåk som «vitne» i samband med konfirmantbryllaupet som vart arrangert 8. juni. Dei skal alle konfirmerast i september, også Mya, Eldri Marie og Tilda. Men før det gjekk dei altså til dåpen. - Vi tok dette valet sjølve, og tykkjer det er rett å døype seg. Vi gjer det ikkje for å få mange gåver. Vi fekk gåver på namnedagen, så det held lenge, smiler dei. - Kva sa dei andre i klassa da dei fekk vite at døkk hadde bestemt døkk for å døypast? - Mange seier at vi er tøffe. Triveleg da, med slike positive attendemeldingar. Skummelet? Nei, på ingen måte, seier dei tre jentene. Det er ikkje så uvanleg med konfirmantdåp nå for tida, seier sokneprest Kåre Gloslie. - Det er fleire og fleire som gjer det, både unge og vaksne. Det tykkjer eg er triveleg.

Ruben Aaboen Dagsgard Eldri Marie Galde Tråstad Rikard Melhus Dahl Thea Forberg Marit Forberg Eldar Husom Soglo Matias Mork Remen

Tekst og bilde: Elias Sperstad

Ramma rundt dåpen var flott, der dei andre konfirmantane, familie og venner var samla i kyrkja denne onsdag ettermiddagen. Rett etter dåpen var det konfirmantbryllaup der «brurparet» lova kvarandre evig vennskap. Bodsmannsbøna vart lese opp på kyrkjetrappa og det var fin song og musikk. Etterpå var det servering av tradisjonsmat i kyrkjestugu.

Gangveg på Skjåk kyrkjegard Gangvegen innover kyrkjegarden er klar for ei oppgradering. Den er både ujamn og langt frå tilpassa rullestol. Heller ikkje for bårevogna som vert nytta, når ein trillar inn kister til kyrkja. Dette ønskjer Skjåk kyrkjelege fellesråd å få gjort noko med. Det har vore ute på anbod og det er Ola Steinbakke som har fått oppdraget med å steinlegge gangvegen. Dette skal verte gjort i løpet av hausten.

tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no

SKJÅK KYRKJE Sundag 4. september 2022

Kl. 12.00 Tonje Marita Bårdseng Tordis Myhren Trym-Ole Nøttingnes Vikheim Jon Andreas Bakken-Voldhaug Mya Hånsnar Erlend Sveen Andreassen Ruth Kolstadløkken Bergli

NORDBERG KYRKJE sundag 11. september kl. 11.00

Emil Eiesar-Moen Tina Flaten Sigurd Flaten Mari Hvitsand Bruheim Idun Byre Stine Teigum Østengen Harald Teigum Østengen Tilda Teigen Gjermund Storlien

YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53

www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72

2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no

2-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

7


STORT OG SMÅTT

Foto: Privat

BARNEDÅP

Bendik Mediaas Bjørkhaug vart døypt i Skjåk kyrkje 5. juni. Foreldre er Ingrid Mediaas Andersen og Joakim Bjørkhaug.

8

Ask Morken Bøye vart døypt i Skjåk kyrkje 5. juni. Foreldre er Margrete Morken og Sondre Bøye.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2022

Foto: Eirik Matias Bøe

Arian Bråten vart døypt i Skjåk kyrkje 24. april. Foreldre er Ragnhild Melby og Tore Bråten.

Foto: Eirik Matias Bøe

Foto: Eirik Matias Bøe

Oliver Kjørum Hansen vart døypt i Skjåk kyrkje 24. april. Foreldre er Amanda Hansen og Martin Kjørum.

Foto: Eirik Matias Bøe

Even Grøndalen Øyberg vart døypt i Nordberg kyrkje 9. april. Foreldre er Elin Grøndalen og Kjell Gunde Øyberg.

Foto: Eirik Matias Bøe

Ragnhild Ørjasæter vart døypt i Nordberg kyrkje sundag 17. april. Foreldre er Lene Dokken og Laurits Ørjasæter.

Tobias Tidemansen-Helleren vart døypt i Nordberg kyrkje 9. april. Foreldre er Maiken Tidemansen og Trond Arvid Helleren.


Frå vogge til grav Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543

NORDBERG SOKN

SKJÅK SOKN

Døypte 09.04.2022 Tobias Tidemansen Helleren Even Grøndalen Øyberg

17.04.2022 Ragnhild Ørjasæter Døde Marit Flækøy f. 02.04.1939 – d. 13.12.2021

Embjørg Langleite Skamsar f. 06.09.1926 – d. 05.04.2022

Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547

Skal du feire en stor dag? HØYFJELLSHOTELL

+47 612 17 474 post@grotli.no

På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper.

05.06.2022 Bendik Mediaas-Bjørkhaug Ask Morken Bøye

Arne Ståle Bøje f. 30.06.1940 – d. 06.04.2022 Solveig Synstnes f. 02.06.1934 – d. 20.05.2022 Else Solveig Soglo f. 20.03.1927 – d. 21.05.2022 Astrid Jarnfrid Aurmo f. 08.06.1940 – d.03.06.2022

tlf 61 28 45 45

Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13

Skjåk Gartneri a/s tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no

08.06.2022 Tilda Teigen Eldri Marie Galde Tråstad Mya Hånsnar

Døde Ola O. Ramstad f. 06.12.1940 – d. 05.04.2022

Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Viss du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, viss du ikkje ringer. Dette fordi at informasjon vi får frå vipps, er berre kven som har betalt.

2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

Døypte 24.04.2022 Oliver Kjørum Hansen Arian Bråten

Tlf. 901 69 255 Fylg oss på facebook: Skjåk Gartneri

Oddbjørg Slettom f.18.03.1934 – d.05.06.2022 Vigde 04.06.2022 Ingrid Janne Sveen og Kristoffer Sperstad

11.06.2022 Tanja Holmen og Jarle Hvidsten

Garcia Holding AS

BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80

POLLFOSS HOTELL AS En perle mellom øst og vest

tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

pb. 6, 2694 Skjåk, tlf: 61 21 47 00 polfoss@online.no • www.pollfoss.com

Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113

Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597

1-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

9


Samisk utvalg er opprettet i Hamar bispedømme 21. februar 2022 hadde samisk utvalg i Hamar bispedømme sitt første møte. Utvalget ønsker å styrke det samiske i et bispedømme der samer har ferdes i mer enn 1000 år. I 2019 vedtok Kirkemøtet en strategiplan for samisk kirkeliv for årene 2019 – 2027. Et av målene i planen var å etablere samiske utvalg i bispedømmer og menigheter. Slik skal kunnskapen om det samiske blir bedre hos kirkens ansatte og sikre at kirken også når den samiske befolkningen. DU FINNER PLANEN HER Med bakgrunn i dette vedtok Hamar bispedømmeråd å nedsette utvalg.

Samisk utvalg i Hamar bispedømme. Bildet er tatt på oppstartsmøtet 21. februar 2022. Foran fv. Siv Bakken, Løten og Irene Kvitfjell, Lillehammer. Bak fv. Biskop Solveig, Lars Ivar Danielsen, Svahken sijte og rådgiver Gunnhild Hauge Bjørdal ved Hamar bispedømmekontor. Hanne Moesgaard Skjesol, sokneprest i Biri var ikke tilstede da bildet ble tatt. Foto: Jorun Vang

Bispedømmerådet vil at utvalget skal ◆ Sikre samisk kirkeliv i bispedømmet, med spesielt blikk på Valdres, Sør-Østerdal og Hamar.

KYRKJEBUSS! Sundag 3. juli vaknar kyrkjebussen til live att! Da går turen i veteranbuss frå kyrkje til kyrkje, med start ved Nordberg kyrkje kl. 17.00, og vi endar ved systerkyrkja i Bøverdalen der sokneprest Kåre Gloslie held messe kl. 19.00. Sjåfør er Helge Skjåk, turleiar og kjentmann er Kjell Kvålshagen. Påmelding til kyrkjekontoret innan 1. juli TLF: 90 95 64 37

Velkomne på tur!

10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2022

◆ Foreslå tiltak som kan gjennomføres i menighetene, særlig i forbindelse med samisk nasjonaldag og samisk språkuke ◆ Være møteplass for samisk dialog ut og utveksling ◆ Støtte Hamar biskop og Hamar bispedømmeråd i spørsmål knyttet til samisk kirkeliv. MARKERER MED GUDSTJENESTE Allerede i første møte fikk kirkens representanter ny kunnskap om det samiske i Hamar bispedømme og høre hvordan fornorskningen har påvirket mange med samisk opphav. Utvalget tok fram flere mulige tiltak som de vil se på videre. Det første som vil skje er gudstjeneste ved fjellalateret på Daniel Mortensens boplass i Elgå i samarbeid med Svahken sijte og Elgå menighet. Biskop Solveig vil være med i gudstjenesten sammen med prest i sørsamisk område, Einar Bondevik. Velkommen søndag 21. august klokka 12.00 og ta med niste. Arrangøren ordner kirkekaffe.


2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

SOMMAR-

KVISS

Velkomen til triveleg handel!

Skjåk Kjøpesenter

SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671

www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00

1.

Sol og timeglas er merker på primstaven som markerer same dag. Veit du kva for dag? 2. Kva kaller vi ungen til rådyret? 3. Kvifor høyrer vi ikkje gauken lenger når det lir utpå sommeren? 4. Kva eller kven er ein «namne»? 5. Kan du eit anna/lokalt namn på Kristihimmelfartsdag? 6. Kvar i Skjåk ligg Friisbu? 7. Kor gamal kan ei maurtue bli? 8. Snømus er eit lite mårdyr. Kva farge har ho? 9. Kva er Flækøyhøe UPP? 10. Er kvitsymre laga av surmjølk og myse?

Skeimo Tlf: 61 21 40 65

tlf 97 03 05 96

Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no

Rakardugnader Det var fint vêr og god oppslutning på rakardugnadane ved Nordberg og Skjåk kyrkje fyrst i mai. Tusen takk til alle som møtte fram og var med på å gjere det fint på kyrkjegardane våre.

Foto: Arnborg Teigum

BLOMSTER

Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055

1. St. Hans - dagen, 24.juni. 2. Kje. (Blir også kalla lam eller kalv.) 3. Gauken trekker til landa ved ekvator. Dei vaksne fuglane reiser faktisk alt i juli. 4. Ein namnebror. 5. Himmilspretten. 6. Friisbu ligg ved Torsvatnet, rett ved DNT - hytta Torsbu. 7. Det er usikkert kor gamle maurtuer kan bli, men dei aller største kan vera over 200 år. 8. Raudbron med kvit bukside om sommaren, kvit om vinteren. 9. Eit årleg motbakkeløp med start i Bismo og målgang ved varden på Flækøyhøa, 1099 m.o.h. 10. Nei, kvitsymre er ein blome i soleifamilien, også kjend som hvitveis.

AKANTUS

2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30

1-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

11


aH mar Media aH us ryk: T Design og out:yla

Fjell-bryllaup på 1-2-3 LAURDAG 23. JULI I ANDREAS-STUGU PÅ GROTLI Går dykk i tankar om å gifte dykk, opnar vi opp for at det let seg gjera på ein enkel måte no i sommar. Vi inviterer til fjell-bryllaup på 1-2-3 i Andreas-stugu på Grotli 23.juli. Ta med vener og kjente, eller kom einsame. Det einaste de treng å ha med er prøvingsattest frå folkeregisteret. Ta kontakt med kyrkjekontoret, så avtaler vi klokkeslett. Vi vil gjera alt vi kan for at dette skal bli ein minneverdig dag!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.