KYRKJEBLAD Nr. 3. Oktober 2021 81. årgang
Skjåk og Nordberg
Nordberg og Skjåk Sokn
MESSEPLAN okt – des 2021
Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk
Sundag 10. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Messe med barnedåp.
Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437 Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 906 77 563 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Kyrkjetenar Nordberg og Skjåk kyrkje Kjell Morten Kveen, tlf: 992 62 691 Kyrkjetenar Nordberg frå 01.08.21 Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Organist Eirik Matias Bøe, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 Aud.jotun@skjaak.kommune.no Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Lars Kurt Haugen, tlf: 990 07 490 lkurtha@online.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 114648 - Merk «Kyrkjeblad» Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk, som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret. Foto framside: Lars Kurt Haugen
Onsdag 20. oktober kl. 19.00 Skjåk kyrkje. Kyrkjevandring i ord og tonar. Endre Skjåk er turleiar, Eirik Matias Bøe sit ved orgelet. Årsmøte for Skjåk kyrkjelege fellesråd med servering i kyrkjestugu i etterkant av vandringa. Sundag 31. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Messe med barnedåp. Kl. 13.00 Skjåk kyrkje. Dåpsmesse
Messer blir streama på facebooksida vår, Kyrkja Skjåk.
Sundag 7. november kl. 18.00 Skjåk kyrkje. Helgemesse. Kl. 20.00 Nordberg kyrkje. Helgemesse. Sundag 21. november kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe med barnedåp. Sundag 28. november 1. sundag i advent – nærare informasjon kjem. Fredag 3. desember kl. 19.00 Konsert med Sigrid Moldestad. Sundag 5. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje. 2. sundag i advent. Andakter på Skjåkheimen: Torsdag 28. oktober kl. 11.30 Torsdag 25. november kl. 11.30
Kyrkjegardsvandring Torsdag 4. november kl. 18. er alle 11, 12 og 13 åringar i Skjåk inviterte på oppdagingsferd på kyrkjegarden i Skjåk i høve allehelgensdag. Hugs lommelykt. Invitasjon kjem i posten.
MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid. Skjåk kyrkjelege liv
www.skjaak.kyrkja.no
SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie
Fokus på det gode Atter har kyrkja sentralt sendt ut sine høyringsdokument. Ny høyring; nye endringar; nye kyrkjepolitiske saker å ta stilling til. No er det korleis vi ynskjer å utvikle ei ny organisering av kyrkja vår som er utfordringa. Målet er at prestane og dei tilsette i dei lokale fellesråda skal få ein sjef, og ikkje to slik det er i dag. Og at arbeidsgjevaren skal vera lokalisert i regionsenteret. For vår del blir det på Otta. Her er ulike modellar, og mange spørsmål; veit vi eigentleg korleis dette vil slå ut for kyrkja vår i Skjåk? Heit sikkert er det at den lokale kyrkja vår blir ståande, og tenestene våre blir utført slik som i dag. Endringar skapar uro og uvisse, og så langt i haust har det vore mykje uro for meg. Mykje å tenkje på, og mykje å forhalde seg til, både i arbeidet mitt og i privatlivet mitt. Noko er slitsamt, anna er gledeleg. Ei stor glede er det at smitteverntiltaka no er så godt som borte. Restriksjonane er oppheva, og vi kan være kyrkje slik som tidlegare. Det er det vi ynskjer. Men enno er vi i ei overgangsfase, og vi har lagt til oss nye rutinar. Så heilt som før vil det ikkje vera.
Desse sakene eg har nemnd her, er jo ting og tang vi har kring oss heile tida. Eg tenkjer at det er betre å sjå tilvære frå ein annan vinkel. For hausten har andre kvaliteter som er mykje viktigare å ta inn over seg enn at det er travle tider; Det er vakkert i fjellet; vigga som går over i raud farge og blada som gulnar på trea i liene. Snøen som legg seg som melis på toppane. Ja, det er vakkert. Og i travle tider er det viktig å ta inn over seg det vakre og puste ut! For mange av oss vil haustferien vera eit fint høve til å puste ut, og gå på turar i fjellet. Kanskje plukke bær som ei god førebuing på vinteren. Eller hauste frå naturen med jakt og fiske. Det er viktig å setje pris på livet vårt, og kjenne at det er godt å leve. For meg handlar det om å ha fokus på det som er godt og gledeleg i livet mitt, og ta til meg alt det som Gud raust har gjeve meg! Med desse tankane ynskjer eg deg ein god og triveleg haust! Helsing frå sokneprest Kåre Gloslie
3-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
3
KYRKJEKONTORET INFORMERAR
Haustmorgon Eg sat ein tidleg morgon på post innved ei myr Septembersola farga fjell frå aust Da var det eg fekk oppleve mitt livsens eventyr der fjellbjørk skogen gulna mot haust I myrdoggdisen der såg eg ein alvedans der myrull stod og kledde seg i dogga
der såg eg huldra danse med sin lange huldresvans
og stubben som eg sat på stille vogga
Eg såg mot vest og der i myrullkanten stega kua fram og oksen følgde med Ein trollokse eg trur han var den fanten han fjetra meg og eg la rifla ned Eg kunne vore jeger der ved myra eit lungeskot og oksen seig i kne Men alvane som dans der rundt dyra ville aldri mitt hjarte gjeve fred Eg gjekk frå post som jeger utan dyr men likevel eg fekk ei stund så stor Og eventyret mitt der ved haustdoggmyr eg aldri sidan nemnde med eit ord. Finn Sandum Låner orda til Finn Sandum der han har teikna eit bilde til ettertanke om ein haustmorgon, og vil samstundes gratulere med Diktarprisen 2021. Vi skriv oktober og sommardagane har vorte til haust og det er alltid eit vemod over det. Mange familiar har fått oppleve stor prøvingar denne sommaren, noko som set djupe 4
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2021
spor for resten av livet. Det er godt å vere ein del av eit lite samfunn når utfordringane ved livet vert sett på prøve. Det er stor glede for kyrkja sine tilsette å få hjelpe til ved dåp og konfirmasjon, som er svært trivelege hendingar. Og ikkje minst er vi glade for å kunne ønskje alle velkomen til kyrkja, etter at dei nasjonale retningslinene er oppheva. KONFIRMASJON 20 flotte ungdommar har fornya dåpsløftet og vi er glade for å ha vorte kjent med dykk, og ønskjer kvar einskild lykke til framover livet. SØPPELSORTERING Det er triveleg at så mange ser etter gravstadene sine. Men det er fint, viss alle kan sortere søppelet. Det er kompostbingar på både kyrkjegardane. Viss du ikkje kan legge jord og planterestar der, er det fint om det vert lagt i trillebåra og ikkje i søppelsekkane. Det vert kostbart og unødvendig å levere jord på miljøstasjon. KONSERT Konsert med Sigrid Moldestad i Nordberg kyrkje fredag 3.12. kl.19.00. Meir info om billettsal kjem seinare. VEDLIKEHALD PÅ KYRKJENE No er arbeidet med montering av lynvernanlegg og nytt sikringsskåp i Nordberg kyrkje i gang. Likeins montering av nytt flaumljos og overvakingskamera på kyrkja. Alt uteljoset vert utskifta, etter kvart med ledpærer. Dette er både straumbesparande og ein del av brannsikringa på
kyrkjebygga. Vedlikehaldet av Skjåk kyrkja er og i gang. Der vert og flaumljosa skifta ut. ÅRETS TV-AKSJON Sundag 26.09. hadde vi gleda av å ha besøk av generalsekretær i PLAN Norge Kari Helene Partapuoli. Der fortalde ho om årets TV-aksjon med tema Barn, ikkje brud. Kyrkja i Skjåk takkar for at ho tok turen til Nordberg kyrkje og oppmodar om å støtte TV-aksjon 24.10. OFFER Det syner seg diverre at midla som kjem inn på offer er svært redusert etter at kyrkja tek inn dette berre elektronisk, som det vart pålegg om når covid-19 forskrifta kom. Det plar m.a. å kome inn ein del til kyrkjebladet på konfirmasjonsmessene, men dette er svært redusert både dette året og i 2020. Dette håpar vi vil endre seg, da vi er avhengig av at det vert gjeve gåver. ÅRSMØTE Det vert Årsmøte for Skjåk kyrkjelege fellesråd i kyrkjestugu i Skjåk onsdag 20.10. kl.20.00 rett etter kyrkjevandring i ord og tonar ved turleiar Endre Skjåk i kyrkja. Der vert det og orientering om forslag til ny kyrkjelege organisering. Les meir om dette på s. 10 og 11. Arnborg Teigum Kyrkjeverge
MI SALME
Foto: Elias Sperstad
Mi SALME Geir Byre
Eg tenkte fort på ei spesiell salme då eg vart spurd; kvar er di salme? Mi salme er «Fager kveldsol smiler». Denne salma song vi kvar dag på barneskulen, 1. til 5. klasse. Julie Øyjordet var flink til å bruke song og musikk, spesielt om morgonen, før mat og før vi gjekk heim att.
Det var noko høgtideleg ved det heile, og vi fekk ofte høyre kor flinke vi var til å syngje. Etter kvart som eg vart vaksen, har eg sunge denne salma fleire gonger, men då i høvet jordpåkasting ved gravferd. Dette er i stor kontrast til den positive og livsglade stemninga i klasserommet, men like fullt høgtideleg og vakkert.
Fager kveldsol smiler Tekst: A. H. H. von Fallersleben, 1839 Melodi: J. Chr. H. Rinck, ca. 1814 Omsett av Peter Hognestad, 1904
tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no
YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53
Fager kveldsol smiler Over heimen ned Jord og himmel kviler stilt i heilag fred
Ingen kveld kan læra bekken fred og ro Ingi klokke bera honom kvilebod
Berre bekken brusar frå det bratte fjell Høyr kor sterkt det susar i den stille kveld
Så mitt hjarta stundar bankande i barm Til eg ein gong blundar i Guds faderarm
Skjåk Gartneri a/s tlf 61 28 45 45
Tlf. 901 69 255 Fylg oss på facebook: Skjåk Gartneri
Garcia Holding AS
Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113
3-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
5
Foto: Mogunn Synstes.
Foto: Mogunn Synstes.
Messe med himmelsk utsikt
Med utsikt over den vakre fjellbygda var ramma for messa på Krossen 8. august særdeles flott. Med Rolv Kristen Øygard som turleiar tok fylgjet seg oppover lia til Krossen, der sokneprest Kåre Gloslie held gudsteneste. Aud Hove
stod for song. Skjåk Turlag serverte kyrkjekaffe for dei som tok turen i den fine haustveret. Dette var turlagets 10. tur for sesongen. Dei frammøtte sette stor pris på arrangementet.
Konfirmantavslutning Full fart og god stemning som vanleg. Soknepresten hadde flest runder på bana i år, med 46 i talet. Snøggaste rundetid var 47 sekund. Fire kviger vart geleida av bana før vi kunne starte. Billingen diska opp med beste burgeren. Takk for laget til trivelege konfirmantar i 2021!
6
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2021
NY KIRKELIG ORGANISERING 2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no
Velkomen til triveleg handel!
Skjåk Kjøpesenter
SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70
Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671
www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00
Skeimo Tlf: 61 21 40 65
AKANTUS BLOMSTER
Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055
tlf 97 03 05 96
Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.
Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no
2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30
HØYRING OM NY KYRKJELEG ORGANISERING Müller-Nilsen utvalet si utgreiing «samhandling i en selvstendig folkekirke - ny kirkelig organisering» Sidan 2005 har Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja hatt som mål å samle arbeidsgjevaransvaret for alle som jobbar lokalt i kyrkja. I mars 2021 leverte Müller-Nilssen utvalet si utgreiing om korleis dette kan sjå ut med ei organisering på prostinivå. Ei organisering på dette nivået er ikkje blitt handsama tidlegare, og difor bad Kyrkjerådet om ei utgreiing av dette nivået. Organisering på prostinivå er no utgreidd. Det som her skal høyrast, er om dette er modellar som kan nyttast for å teikne ut ei ny kyrkjeleg organisering av Den norske kyrkja. Kyrkjerådet sender difor rapporten på høyring for å få attendemelding på dei ulike forslaga og modellane som Müller-Nilssen-utvalet gjer greie for. I det vedlagte høyringsnotatet blir hovudlinene i utvalet sin rapport presentert, med tilhøyrande høyringsspørsmål. Høyringsfristen er 1. desember 2021. Müller-Nilssen-utvalet sin rapport, ein informasjonsfilm og presentasjonsmateriell finst tilgjengeleg på kirken.no/kirkeligorganisering og eg vil oppmode alle interesserte til å gå inn og sjå. BAKGRUNN Den nye trussamfunnslova trådde i kraft 1. januar 2021. Før dette ga kyrkjelova detaljert regelverk for organisering av kyrkja. No har Stortinget gjennom trussamfunnslova overlate til Kyrkjemøtet å avgjere
kyrkja si organisering. Innanfor visse rettslege rammer er det opp til kyrkja sjølv å avgjere korleis trussamfunnet skal vere organisert. Trussamfunnslova vidarefører ordninga med at trussamfunnet Den norske kyrkja har to typar rettssubjekt, soknet og rettssubjektet Den norske kyrkja. Denne strukturen har følgjer for arbeidsgjevarorganiseringa. Det at det er to finansieringskjelder for kyrkja har også stor vekt for handlingsrommet for kyrkjeleg organisering. Kyrkja er avhengig av å finne ei organisering som sikrar godt samarbeid med kommunane fordi kommunane finansierer verksemda i den lokale kyrkja. Samstundes skal kyrkja vere ein profesjonell og attraktiv arbeidsgjevar, og små einingar kan skape utfordringar med å ha kompetanse og kapasitet til dette. Med desse rammevilkåra vart det naturleg for Kyrkjerådet å be om ei utgreiing av ei felles organisering av arbeidsgjevaroppgåvene på prostinivå, som er nært nok og samstundes stort nok til å vere ei veleigna arbeidsgjevareining. Kyrkjerådet vedtok i sak KR 59/19 å setje ned eit hovudutval og fire arbeidsgrupper for å arbeide med særskilte tema. Hovudutvalet for kyrkjeleg organisering (Müller-Nilssen-utvalet) skulle sjå på heilskapen i ei ny organisering, og utvalet leverte sin rapport ved utgangen av mars 2021. OM HØYRINGA Utvalet har levert ein omfattande rapport som rører ved mange sentrale spørsmål for ei ny organisering. På enkelte område har utvalet sine medlemmar ulike oppfatningar av 3-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
7
NY KIRKELIG ORGANISERING
kva løysingar som er best eigna for å nå dei måla som er sette for arbeidet. For å få gode høyringssvar har Kyrkjerådet utarbeidd eit høyringsnotat som inneheld kortfatta informasjon om bakgrunn for rapporten, sentrale emne for høyringa og ulike høyringsspørsmål. Kyrkjerådet er oppteken av å få fram ulike synspunkt og vurderingar. Høyringa er ikkje ei «avstemming» for ulike modellar. Det er difor lagt til rette for utstrekt høve til å grunngje svar og gje supplerande kommentarar. Ei viktig hensikt med å tinge rapporten, har vore å få forslag til korleis ein kan oppnå at dei som arbeider lokalt kan forhalda seg til same arbeidsgjevar og at kyrkja blir meir attraktiv som arbeidsplass. Vi ber difor om at høyringsinstansane har eit særleg fokus på dette når ein svarar på høyringa. I tillegg til høyringsnotatet som ligg ved er det utarbeidd ein presentasjon som kan nyttast for å innleie til diskusjon om utvalet sin rapport. Det er også laga ein informasjonsfilm som kan nyttast til førebuing og i møter der saken skal opp til diskusjon. Dette materialet finst på kirken.no/kirkeligorganisering. DEN VIDARE PROSESSEN Når høyringsfristen går ut, vil innspela bli samanstilte. Når høyringsfristen er gått ut, vil høyringsinnspel bli samanstilt og lagt fram for Kyrkjerådet som skal førebu saka for Kyrkjemøtet. I kyrkjerådssak 37/19 og 59/19 har Kyrkjerådet lagt ein plan om at Kyrkjemøtet skal vedta ny kyrkjeleg organisering i to «omgangar». Først eit prinsippvedtak om kyrkjeleg organisering på Kyrkjemøtet i september 2022, før ei 8
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2021
ny kyrkjeordning kan skrivast ut og så vedtakast på Kyrkjemøtet i 2023. Müller-Nilssen-utvalet peiker på fleir tema som bør greiast ut vidare. Samstundes meiner utvalet sjølv at det no er nok kunnskap til å kunne gjere eit prinsippvedtak. Ei første handsaming i Kyrkjemøtet vil også peike på fleire omsyn som må takast hand om og greiast ut vidare. I utvalsrapporten kapittel 13 gjer utvalet greie for fleire område der det trengst vidare utgreiing. Kyrkjerådet har vedteke å sette i gang utgreiingar innanfor følgjande tema med frist 31.12.2021: 1. Gjennomgang av dagens prostistruktur med forslag til prosess for å fastsette ny struktur 2. Oppgåve- og ansvarsfordeling mellom sokneråd og prostifellesråd i ny kyrkjeleg organisering, oppsummere og ytterlegare detaljere utvalet sitt forslag. 3. Biskopen si leiarrolle og tilsyn. Denne skal byggje vidare på utgreiingsarbeidet frå prosjektet kyrkjeleg organisering og avklare dei gjenståande elementa som Müller-Nilsen-utvalet har bede om at skal bli konkretisert nærare 4. Organisering og leiing på arbeidsplassen lokalt i ny kyrkjeleg organisering. 5. Bispedømmerådet si rolle og ansvar viss arbeidsgjevaransvaret vert flytta til prostifellesrådet. Ei utgreiing av folkevald rolla i Den norske kyrkja er allereie i gang og har frist i slutten av januar 2022. Desse utgreiingane vil saman med rapporten «Samhandling i en sjølvstendig folkekyrkje» og høyringssvar
i denne saka vere eit viktig grunnlag for vidare handsaming i Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet. Kyrkjerådet vil vurdere ytterlegare utgreiingar løypande. OM HØYRINGSINSTANSANE Utvalets rapport inneheld likevel einskilde sentrale spørsmål som røyver ved relasjonen til aktørar utanfor det kyrkjelege området, og i særleg grad kommunane. Kyrkjerådet vil derfor sende disse eksterne aktørane eit eige høyringsbrev. Her vil dei bli bedne om særleg å svare på utvalet sine spørsmål som omhandlar relasjonen mellom desse verksemdene og kyrkja Det vil til dømes gjelde kommunar, KS, departement og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Dette vil ikkje vere til hinder for at desse organisasjonane også kan kome med synspunkt på andre delar av utgreiinga. Det er Kyrkjemøtet som vedtek kyrkja si organisering. Sidan medlemmane av bispedømeråda også er medlemmar av Kyrkjemøtet, er det ikkje gjeve at bispedømeråd og biskopar skal gje høyringsfråsegn på line med andre kyrkjelege verksemder. Samstundes gjeld saka både biskop og bispedøme. Kyrkjerådet har bestemt at både bispedømeråd og biskopar skal vere høyringsinstansar, men meiner denne rollekombinasjonen gjer at det er viktig å skilje mellom rollene i dei ulike fasane av prosessen, samstundes som viktige argument kjem fram og at prosessen blir mest mogeleg transparent. Alle kan gje høyringsfråsegn. Høyringsfråsegn er offentlege etter offentleglova og vil bli publisert på kirken.no.
Det er ei særs viktig høyring som det skal takast stilling til og alle har høve til å si si meining om dette.
Konfirmantar Nordberg kyrkje 2021
Framme frå v: Trusopplærar Endre Skjåk, Unn Katrin Kvålshagen Banken, Brynhild Ødegård, sokneprest Kåre Gloslie Bak frå v: Konrad Tuva Haagaa, Marius Jevnheim-Bakkom, Alfred Åmot
Foto: Lars Kurt Haugen
AVSLUTNING Den norske kyrkja må rigge seg for framtida. Vi veit enno ikkje korleis samfunnet vil framstå «post-korona». Men det vi veit, er at både samfunnet og behova til kyrkja sine medlemmar er i endring og at det blir sentralt for kyrkja å vidareføre si rolle som folkekyrkje, som er aktivt tilstades i folk sine liv. Vi vonar at dei gjennom denne høyringsprosessen vil få høve til å lyfte blikket og sjå kyrkja, ikkje berre frå innsida men også frå utsida, både som trussamfunn og som ein sentral samfunnsaktør. Det vil alltid vere risiko med endring. Kanskje vil nokon misse arbeidsoppgåver eller måtte løyse nye. Kanskje vil nokon få ein ny leiar og kanskje vil arbeidsgjevarorganet måtte arbeide annleis enn tidlegare og ha andre relasjonar. Samstundes kan det også vere ein risiko ved å ikkje gjere endringa. Dette handlar mellom anna om forventningar om god leiing og effektiv bruk av ressursane i heile kyrkja. Heilt sidan 2005 har Kyrkjemøtet hatt eit ynskje om å få til ei felles arbeidsgjevarorganisering for dei som arbeider lokalt i kyrkja. Det er på tide at Kyrkjemøtet tek eit val om kyrkja si organisering. Å halde på dagens organisering er ei moglegheit, men då oppfyller ein ikkje Kyrkjemøtet sitt ynskje om felles arbeidsgjevarorganisering for dei som arbeider lokalt. Ei organisering på prostinivå er ikkje avgjort, men gjennom utvalet sin rapport har.
Foto: Lars Kurt Haugen
Konfirmantar 2021
Konfirmantar Skjåk kyrkje 2021
Framme frå v: Trusopplærar Endre Skjåk, Lise Bævre, Frøya Gjeilo, Thale Holø, Julie Hole, Karina Lyngved, Sara Hyrve Bosmen, Rubi Marie Øiberg, sokneprest Kåre Gloslie Bak frå v: Magnus Aaboen, Anders Aurmo, Jonas Ulen Osmancevic, Eivind Maurstad Husom, Torstein Henrik Grønvik Steinbakke, Sigurd Bakken, Halvor Kveum, Jehans Bakken Øjeskog
3-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
9
STORT OG SMÅTT
Foto: Privat
Foto: Tormod Sperstad
BARNEDÅP
Magnus Brenna Tømmerstrand vart døypt i Nordberg kyrkje 4. september. Her saman med foreldre.
Ida Hagen Brennhaug døypt i Nordberg kyrkje 27. juni. På bildet saman med foreldre og fadrar.
Foto: Kåre Gloslie
Foto: Privat
Live Emilie Ødegård-Gjeilo døypt på Sota sæter 20. juni. På bildet saman med mor og storesyster og soknepresten. 10
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2021
Foto: Privat
Jonas Helsem Sperstad vart døypt 19. juni i Skjåk kyrkje. Foreldre Anne Helsem og Håkon Sperstad.
Solveig Lund døypt 20. juni på Sota sæter. På bildet saman med foreldre, storebror, fadrar og soknepresten.
Foto: Elias Sperstad
Foto: Privat
Foto: Privat
Oda Welve Heggebotn vart døypt i Nordberg kyrkje 8. august. Her saman med foreldre og fadrar.
Henrik Westli Moen døypt i Skjåk kyrkje 1. august. På bildet saman med foreldre og storesyster.
Vetle Flatmo Aukrust døypt i Skjåk kyrkje 13. juni. På bildet saman med foreldre og soknepresten.
Frå vogge til grav
Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543 Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547 Eller stikk gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Viss du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, viss du ikkje ringer. Dette fordi at informasjon vi får frå vipps, er berre kven som har betalt.
SKJÅK SOKN
NORDBERG SOKN
19.06.2021 Jonas Helsem Sperstad
08.08.2021 Oda Welve Heggebotn
20.06.2021 Solveig Lund Live Emilie Ødegård-Gjeilo
04.09.2021 Magnus Brenna Tømmerstrand
Døypte 13.06.2021 Vetle Flatmo Aukrust
01.08.2021 Henrik Westli Moen Vigde 24.07.2021 Knut Erland Brandsar og Ann-Cathrin Rudsengen Døde Livø Forberg f. 12.07.1937 – d. 23.06.2021
Janfrid Odden f. 21.01.1933 – d. 03.07.2021 Torstein Ytre f. 03.10.1936 – d. 12.07.2021
Døypte 27.06.2021 Ida Hagen Brennhaug
Døde Alma Moen f. 09.01.1931 – d. 16.06.2021
Kari Oddveig Fosstuen f. 12.09.1936 – d. 10.07.2021 Per Harald Tommy Skamsar-Storlien f. 18.03.1951 – d. 25.02.2021 Bente Jorunn Aamodt f. 20.04.1961 – d. 13.08.2021 Ola Sylfest Ødegård f. 05.05.1959 – d. 26.08.2021
Jorunn Norfrid Randen f. 31.10.1939 – d. 12.07.2021 Gudrun Dalen f. 19.01.1931 – d. 30.07.2021 Kari Krogstad f. 22.04.2005 – d. 30.07.2021 2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no
Skal du feire en stor dag?
www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72
HØYFJELLSHOTELL
tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no
+47 612 17 474 post@grotli.no
På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper.
Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597
Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13
3-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
11
HAUSTQUIZ 1. Er Allehelgensdag og halloween det same? 2. Har du eit dialektord for blokkebær? 3. Kan ein ete desse bæra? 4. Hausten 2019 vart det funne ei svært gamal øskje ved Lendbreen. Kva inneheldt øskja? 5. Kva er firn? 6. Om hausten skiftar mange av lauvtrea våre farge, kva farge får or? 7. Potetprest er eit kjent omgrep, kva er bakgrunnen for dette omgrepet? 8. Når startar kyrkjeåret? 9. Kva har Mummitrollet og «Høstvise» til felles? 10. Kva er «Indian summer»?
1. Halloween er kvelden før Allehelgensdag. I katolsk tradisjon blir Allehelgensdag feira 1. november og halloween er 31. oktober. (Den norske kyrkje feirar Allehelgensdag fyrste sundag i november.) 2. Skinntryte eller vomstøyte. 3. Ja. 4. Øskja var fylt med organisk virke som kunne brukast til å gjere opp bål. 5. Snø som er minst eit år gamal. 6. Or skiftar ikkje farge, blada er grøne til dei dett av. 7. Potetprestar var prestar som, under naudsår på 1700 – talet, ivra for potetdyrking i Norge. 8. Kyrkjeåret startar med adventstida, 1. sundag i advent. 9. Tove Jansson er tekstforfattar til begge. 10. Eit uttrykk som vert nytta om ein (uvanleg) varm, sommarliknande periode om hausten, seint i oktober eller tidleg november. Også kalla husmannssommar eller allehelgenssommar.
KONFIRMANT i 2022? Konfirmasjonsdatoar i 2022 er 4. september i Skjåk kyrkje. 11. september i Nordberg kyrkje Det vert informasjonsmøte for konfirmantar og føresette i Skjåk kyrkjestugu tysdag 23. november kl. 19.00. Invitasjon og innskrivingsskjema kjem i posten i god tid føreåt!
12
BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80
2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no
POLLFOSS HOTELL AS En perle mellom øst og vest
tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
pb. 6, 2694 Skjåk, tlf: 61 21 47 00 polfoss@online.no • www.pollfoss.com