Kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg #4 2021

Page 1

KYRKJEBLAD Nr. 4. desember 2021 80. årgang

Skjåk og Nordberg


Nordberg og Skjåk Sokn Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437

MESSEPLAN desember 2021 – mars 2022 Messer blir streama på facebooksida vår, Kyrkja Skjåk. Sundag 2.januar kl. 11.00 Digital sending

Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no

Sundag 16. januar kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Konfirmantpresentasjon. Dåp. Kyrkjekaffe

Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 906 77 563 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Sundag 23. januar kl. 11.00 Nordberg kyrkje.

Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Sundag 30.januar kl. 11.00 Skjåk kyrkje.

Kyrkjetenar Nordberg og Skjåk kyrkje Kjell Morten Kveen, tlf: 992 62 691 Kyrkjetenar Nordberg frå 01.08.21 Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Organist Eirik Matias Bøe, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 Aud.jotun@skjaak.kommune.no Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Lars Kurt Haugen, tlf: 990 07 490 lkurtha@online.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 114648 - Merk «Kyrkjeblad» Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk, som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret. Kyrkjeblad for Skjåk Nordberg | 4-2021 2 Foto framside: Eliasog Sperstad

Onsdag 9. februar Onsdagsmesse i Bismo - nærare informasjon kjem Sundag 13. februar kl. 11.00 Digital messe frå HEKTA-leiren som konfirmantane våre er på Sundag 20. februar kl. 11.00 Nordberg kyrkje Sundag 27. februar kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Fastelavnssundag

Nordberg kyrkje. Musikkmesse Sundag 20. mars kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Sol-messe . Kyrkjekaffe Sundag 27. mars kl. 11.00 Nordberg kyrkje Onsdag 30. mars Onsdagsmesse i Bismo - nærare informasjon kjem

Andakter på Skjåkheimen: Om smittevernsituasjonen tillet det, blir det andakter: Torsdag 27. januar kl. 11.30 Torsdag 24. februar kl. 11.30 Torsdag 24. mars kl. 11.30

Sundag 13. mars kl. 19.00

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid. Skjåk kyrkjelege liv


SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie

Gud er nær oss Gud ser til oss Vi nærmar oss julefeiringa, og vi ser fram til mykje hygge og kos med våre næraste. Og eg skal forkynne om barnet i krybba i stallen i Betlehem. Kanskje den mest sentrale teksten om Jesus Kristus, og hans tilknyting til oss. Forkynninga er tydeleg: Gud vert menneske, og lever blant oss mennesker. Guds kjærleik når fram til kvar enkelt av oss gjennom Jesus Kristus, med all den varme og omsut som Gud gjev oss. Og i tillegg all den gode lærdomen for god livsførsel som Gud gjev oss gjennom Jesus. I haust har eg fylgt eit kurs på Menighetsfakultetet om dei store eksistensielle spørsmåla, og pensum-boka har tittelen «Eksisterer Gud?». I kurset drøfter vi filosofisk om vi kan bevise om Gud eksisterer; for og mot-argumenter; teologiske og filosofiske argumenter mot fysiske og naturalistiske argument. Om Gud eksisterer er eit særs aktuelt spørsmål i dag. Det er mange som ikkje har Gud med seg som ein instans i livet sitt. Og det gjer noko med oss når vi treng svar på våre grunnleggjande spørsmål i livet. Kor finn vi dei svara vi leiter etter? Min påstand er at eit av dei viktige svara på dette spørsmålet finn vi i krybba i stallen i Betlehem. På sida av at vi søker å ha det godt i lag gjennom julefeiringa, får vi eit svar på eit dei aller mest grunnleggjande spørsmåla i livet

vårt; at Gud er nær oss og at Gud ser til oss. Slik har vi ein Gud som er ein personleg Gud. Men Gud er og opphavet til alt i universet vårt, og dermed også opphavet til alt liv. Gud er årsaka til at vi lever. Det er ei stor gåve i seg sjølve. Men Gud vil oss noko meir. Han vil at vi skal ha eit godt og trygt liv og gje oss gode retningsliner å følgje gjennom livet vårt. Desse grunnleggjande sidene ved livet vårt får vi av Jesus Kristus; livet i seg sjølve, og korleis vi kan leve eit godt liv. Men vi får noko meir: Jesus tilgjev oss og syndene våre, og han gjev oss nytt liv. Ut frå dette gutebarnet i krubba i stallen i Betlehem strålar det ei kraft og eit ljos fram til kvar av oss. Ei kraft som ber livet vårt, og gjev oss håp og tru på framtida i ei krevjande tid. Dette ljoset strålar og gjennom oss, og lyser opp i dei mørke krokane våre. For Jesus seier til oss: «Eg er ljoset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens ljos.» (Joh 8.12) Med desse refleksjonane ynskjer eg deg ei god og triveleg julefeiring. Signa god jul!

4-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

3


KYRKJEKONTORET INFORMERAR Tida går, år for år Har inga byrjing Har ingen ende Kan ikkje stoppe Kan ikkje vende Tida går som ein røyk og ein foss Men den er ikkje komen lenger enn oss. Tida kan ingen menneske sjå Likevel er den her Akkurat nå. Einar Økland

GODT FRAMMØTE Ja, slik kjennes det ut for mange av oss og kor ofte stoppar vi opp og kjenne på dagen slik den er, her og nå? Jau, det kan vere at vi gjer det når livet stoppar opp og vi får varsel om at plutseleg kan livet endre seg. Men det er fort å kome attende i det vante sporet som går som hurtigtog. Og brått så ser vi slutten på 2021 og vi kan bla om å starte på nytt med blanke ark. Men fyrst skal vi feire julehøgtid og gle oss over den. DET HAR VORE STOR AKTIVITET I KYRKJENE VÅRE I BÅDE SORG OG GLEDE ◆ Hausttakkemesse med utdeling av 6 års bok. ◆ Kyrkjevandring i ord og tonar med Endre Skjåk som turleiar, og salmeønskje ved Eirik Matias Bøe. ◆ Årsmøte og informasjon om forslag om ny kyrkjeleg organisering. ◆ Kyrkjegardsvandring for 11-12og13-åringane. ◆ Helgemesser i båe kyrkjene og informasjon for neste års konfirmantar.

I kyrkjene våre har det vore bra frammøte i haust, og stor er gleda over at det har vore døypt 9 born på 2 mnd. i kyrkjene våre. KONFIRMANT JUBILÉ Grunna usikkerheit på både nasjonale og lokale restriksjonar siste året, valde komiteen å ikkje gjennomføre noko konfirmantjubileum i haust. Difor var «jubilantane» ekstra innbedne til messe med påfølgjande kyrkjekaffe i kyrkjestugu av Fellesrådet, der det var høve til å samlast. Same dagen var Kari Aasgaard til stades og fortalde om prosesjonskorset, som var ferdig for eit år sidan. VEDLIKEHALD Lynvernanlegget i Nordberg på plass, nytt flaumljos på båe kyrkjegardane med led ljos, nytt sikringsskåp i Nordberg, alarmar og overvakings kamera, alt dette som ein del av brannsikkerheit i våre flotte kyrkjebygg, som er kulturhus som Skjåk bygda er stolte av og føle eigarskap til. Vedlikehaldet på Skjåk kyrkje går føre seg nå og vi håpar framleis på økonomiske bidrag frå offentlege instansar som har ei plikt til å vere med på dette.

JULEKRUBBER Skjåk og Nordberg kyrkje har fått nye julekrubber. I Nordberg vart den teken i bruk jula 2020 og den i Skjåk kyrkje vart levert nå i haust (sjå framside). Det er Glenn Richard Bergersen som har laga desse. Han kom frå Tyskland i august og leverte den personleg til Skjåk kyrkje. Den er installert med Herrnhuter sterne. Herrnhuter sterner er verdas eldste dokumentere julestjerner. Stjernene fra Herrnhuter har lange tradisjonar og har ein høg status som dekorasjon i Tyskland. Du finn dei på offentlege bygningar, kyrkjebygg, handlegater og tradisjonsrike julemarknader. Adventsstjerna vert i Norge og Danmark ofte kalla for julestjerne. Tradisjon vart innført i Sverige i 1912 men kom opphaveleg hjå Herrnhuterne frå byen Herrnhut i Sachsen. Frå midten av 30-talet vart denne skikken svært populær og adventstjerna vart eit vanlig syn i vindaugo. Dei fleste stjernene i vindauga i dag, er flate, men den originale er faktisk Herrnhuter stjerna. Takk til elevane i 1-4 klasse som har laga englar som pyntar kyrkjene våre i julehøgtida. Med ønskje om at alle lesarar av kyrkjebladet får ei god julehøgtid og eit godt nyttår. Arnborg Teigum Kyrkjeverge

4

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2021


MI SALME

Foto: Elias Sperstad

Mi SALME Runa Aurmo

Eg har alltid vore glad i salmar og alltid vore glad i å syngje. Salmane som vi i barneskulen måtte pugge var nok ofte vanskeleg å skjøne tekstene på – men melodiane var så fine. Alt som sjuåring starta eg i Meldal kirkes barnekor og fekk lære mange fine songar, men og mange flotte salmar.  Jula er den høgtida med alle dei fine julesongane/salmane. Den julesongen som eg har finaste minne frå – og som den dag i dag er «min» julesong er «O helga natt». Som 6 åring fekk eg vere med mor mi til nabokommunen Rennebu på ein førjulskonsert med svenske Lage Wedin der han song «O helga natt». Eg kan ennå kjenne kor iskald eg var på føtene og kor varm eg var i kinna i den kalde kyrkja. Og den vakre songen!

«O helga natt» er ikkje ei salme som står i salmeboka, og er ikkje den enklaste å syngje. Men som korsongar får eg  synge den, og alltid med den same høgtidlege kjensla. Den salmen som står i salmeboka som er min favoritt er «Glade jul». «Glade jul» med enkelt gitarakkompagnement er berre nydeleg. Også som korsong. «Glade jul» finn ein på mange språk og det er også noko av det eg likar godt. Eg er glad i å reise og opplever ofte at sang og musikk er eit fellesspråk der det er lett å få kontakt og dele opplevingar og glede med andre.  Glade jul er altså mitt salmevalg – men det kunne vore utruleg mange julesongar/salmer. Gler meg til den fine julehøgtida!

Glade jul Tekst: Franz Xaver Gruber / Roar Engelberg / Bernhard Severin Ingemann / Henrik Metz Glade Jul, Hellige jul. Engler daler ned i skjul. Hit de flyver med paradis grønt. Hvor de ser hva for gud er skjønt. Lønnlig i blant oss i går. Lønnlig i blant oss i går

Fred på jord, fryd på jord. Jesus barnet blant oss bor. Engler synger som barnet så smukt. Han har himmeriks dør opplukt. Salig er englenes sang. Salig er englenes sang.

Julefryd, evige fryd. Hellig sang med himmelsk lyd. Det er engler som hyrdene så, Den gang Herren i krybben lå, Evig en englenes sang, Evig er englenes sang.

Salig fred, himmelsk fred. Toner julenatt her ned. Engler bringer til store og små. Bud om ham som i krybben lå. Fryd deg hver sjel han har frelst. Fryd deg hver sjel han har frelst. 4-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

5


Vera saman Julehelsing frå pleie- og omsorgstenesta Vi nærmar oss slutten av året, og vi i pleie- og omsorgstenesta vil få takke for alle små og store bidrag som vi har motteke, samt alle trivelege besøk i løpet av året. Vi takkar for forståing av dei smitteverntiltaka vi har hatt grunna covid-19. Vi håpar alle får ei god og fredeleg jul, og vi vil ynskje alle eit godt nytt år med siste verset frå diktet Mot jul av Margrethe Munthe Snart skal vi høre klokkene føre budskap om høytid i hjemmene inn. Klart skal det klinge, inn skal de ringe julen for alle – i hjerte og sinn.

Gudrun Teigen Tenesteleiar Heimetenesta Ingvild Mork Tenesteleiar Skjåkheimen

6

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2021

Enda eitt år har gått og vi skal inn i julehøgtida med koronaen som bakteppe denne jula også. Likevel blir det nok ei meir normal og gledeleg julefeiring i år for dei fleste av oss, men ikkje for alle. Det er det viktig å hugse på når mange av oss klagar over ting og hendingar som eigentleg er bagatellar, - om ein tenkjer seg om og greier å sjå litt utover seg sjølv og sitt. Det er det all grunn til tenkjer eg, da vi dette året vart ramma av noko av det verste som kan ramme eit lite bygdesamfunn: Ein av våre ungdommar døde etter ei tragisk ulykke og barn blant oss har mista ein forelder. For familiar som har mista ein av sine kjæraste, blir det ikkje noko normal julefeiring i år. Vi har også opplevd at samfunnet opna opp att. Men så slo koronaen til på Skjåkheimen,- den verste plassen den kunne ramme i bygda. Det er og har vore tøft for alle,- både pasientar, pårørande og helsepersonell. Bekymringar for kor mykje smitten kom til å spreie seg, bekymringar for alvorleg sjukdom og død, og bekymringar for om ein har nok personell til å stille på arbeid til eikvar tid. Folk har samvitsfult testa seg sjølve, og stilt opp til koronatesting i kø bak kommunehuset: Alt for fellesskapet, og for å unngå at akkurat dei skulle spreie viruset vidare, viss dei skulle vore så uheldige å ha vorte smitta. Og for å trygt kunne stille opp att på arbeid.


og gle kvarandre Vi skal heller ikkje gløyme det store tapet av sau som sauebønder i Skjåk har hatt i sommar og i haust, trass tidlegsanking og omfattande beitetilsyn. Eg veit det vart leita så lenge det gjekk for været. Kanskje blir det leita ennå, i håp om å finne att enda eit sakna lam, eller ein sau. Det gjev sterkt inntrykk, og er også med på å setja livet i perspektiv. Kva betyr vel materielle ting mot tapt liv? Derfor er det også viktig å gle seg over det ein kan gle seg over, og nyte dei gode stundene og samværet med dei ein bryr seg om og er glad i. Og ikkje bruke tid og krefter på å irritere seg og bera nag, sjølv om det ikkje alltid er like lett. Ein veit aldri når livet kan ta ei vending som ein aldri hadde sett for seg.

å sikre kyrkjene mot brann, innbrot og for å halde kyrkjene, kyrkjegardane og bygningar elles i god stand. Noko av det som må gjerast nå, er å restaurere tårnet på Skjåk kyrkje. Vedlikehald kostar, men viss ein ikkje tek tårnet nå og let det forfalle slik at det må takast ned,- ja da blir det ein heilt annan kostnad. Og det kan ta lang tid å få tårnet på plass att. Det er ei viktig oppgåve for kommunen som eigar - og i samspel med Skjåk kyrkjelege fellesråd og administrasjon - å halde ved like kyrkjene våre. Det håpar eg kan skje for framtida også. Det er somme materielle verdiar vi pliktar å ta vare på både for oss sjølve, framtidige generasjonar og i respekt mot dei som har vore før oss. Som kyrkjene våre.

Når livet blir vanskeleg for oss eller det skjer noko tragisk, er det ein plass mange av oss tyr til for å søkje trøyst, for å finne samhald og for mange også for å finne ein slags fred. Det er til kyrkjene våre i Nordberg, eller i Skjåk. Den Norske kyrkja står nå midt opp i ei omorganisering, som i verste fall kan bety at vi ikkje lenger vil ha same råderett som før til å ivareta desse historiske og symboltunge bygga som betyr så mykje for dei fleste av oss, same kva vi trur på. Her i Skjåk har vi vore flinke til å ivareta desse bygga. Det har gått føre seg eit kontinuerleg arbeid over år for

Ein får aldri att det som har vore og ein får ikkje gjort opp att noko som er gjort. Men framtida har vi alle eit ansvar for å gjera det beste ut av. Både for oss sjølve og dei rundt oss. Derfor håper eg at folk brukar meir tid på å vera saman, bry seg om og gle kvarandre, enn å stresse med det materielle rundt julehøgtida i år.

Med dette ynskjer eg alle ei triveleg og fredfylt høgtid og alt godt for det nye året! Aud Jotun Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd

4-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

7


Foto: Kåre Gloslie

Konfirmantar 2022

2022 konfirmantar har hatt sitt fyrste møte i Skjåk kyrkje. Vi gler oss til å bli godt kjent med dei fram til konfirmasjonane i september.

FØR I TI’N Det vekte oppsikt da den fyrste parafinlampa kom til Skjåk. Det skal ha vorte innkjøpt på Lillehammer av Christen Brandsar i 1870. «Det skulle være en hel folkevandring til Brandsar for å se det nye vidunder. Før den tid var belysningen bare frå peisen eller talglys», blir det referert i kallsboka i Skjåk.

tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no

YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53

8

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2021

Skjåk fekk elektrisk ljos i 1920, med kraft frå bygdas kraftverk i Aura. Dette vart markert med ljosfest i Solheim den 22. februar. Fem år seinare kom dei fyrste radioapparata til Skjåk. I kallsboka blir det opplyst at E. R. Kvale fekk innlagt radio 30. mars 1925. «Soknepresten og en del andre var til stede, og vi hørte tydelig

tlf 61 28 45 45

fra Oslo kringkastingsstasjon». I notisen blir det vidare opplyst at Nordberg hadde fått radio nokre dagar før. I Skjåk sokn vart radio fyrst innlagt på Dølaheimen 19. mars 1925, tatt i bruk litt seinare. (Kjelde: Skjåk kyrkje 250 år)

Tlf. 901 69 255 Fylg oss på facebook: Skjåk Gartneri

Garcia Holding AS

Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113


Foto:Elias Sperstad

KYRKJETENAREN

Kyrkjetenaren – Eit gjevande arbeid

Lars Brennhaug (30) har funne seg godt til rette som kyrkjetenar i Nordberg kyrkje. Han trivst godt i sitt nye yrke. Den 1. august vart han ein del av staben i kyrkja i Skjåk. Lars har 40 prosent stilling som kyrkjetenar. – For meg passar det perfekt attåt det å vera gardbrukar. Eg driv nok meir som gardbrukar enn kyrkjetenar.

Men det er ein fin kombinasjon da arbeidet som kyrkjetenar gjev rom for fleksibilitet. Det er eit triveleg arbeid, seier Lars. Lars har fagbrev som skogsmaskinsjåfør og arbeidde rundt fem år på

Lillehammer. Så gjorde han skjåkver av seg att. Før han vart tilsett som kyrkjetenar arbeidde på Felleskjøpet i Skjåk. Lars er sambuar med Åsbjørg på Sygard Sperstad, der dei driv med sau og ammekyr. Med arbeid og to små barn har dei ikkje 4-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

9


2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

Velkomen til triveleg handel!

Skjåk Kjøpesenter

SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671

Foto:Elias Sperstad

problem med å få dagane til gå. Lars nølte ikkje da stillinga som kyrkjetenar i Nordberg kyrkje vart utlyst. Og han angrar ikkje på at han takka ja da han fekk tilbod om å bli tilsett. Han føler seg privilegert som fekk denne mulegheita. Som kyrkjetenar kjem Lars tett på folk i både sorg og glede. I slike situasjonar er det viktig å vera eit godt medmenneske. Tenesta er varierande, frå det å bidra i samband med kyrkjelege handlingar, til konsertar og stell ute og inne. Overraskande mange stikk innom kyrkjegarden, så kyrkjetenaren blir liksom ein guide også. Kyrkjetenaren har ei viktig oppgåve med tilsyn av bygg og stell av uteområdet. Nordberg kyrkje som stod ferdig i 1864 er etter alderen i ganske god stand. Men det er uansett viktig med godt vedlikehald, legg Lars til. Dei siste åra er det gjort ein del vedlikehaldsarbeid i og ved Nordberg kyrkje. Nyleg vart det montert nytt og 10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2021

meir miljøvennleg flomljos, og lynvernanlegg. Det neste er overvakingsanlegg. – Kyrkja er ein kulturskatt som det er viktig å ta godt vare på. Så det er bra at vi har ein vedlikehaldsplan slik at det blir gjennomført tiltak for å sikre kyrkja best muleg. Det er mykje å setje seg inn i. Da er det godt å ha dei andre i den kyrkjelege staben å ty til, seier Lars, som trekkjer spesielt fram den andre kyrkjetenaren Kjell Morten Kveen. Han har hovudtenest ved Skjåk-kyrkja, pluss 20 prosent i Nordberg. Lars og Kjell Morten overlappar kvarandre ved behov. Dei får gode skussmål for jobben dei gjer. Lars trekkjer også fram Ragnar Ramstad som bur like ved Nordberg kyrkje. Han er til god hjelp om sommaren når det er på det travlaste med slått og vatning. Folk stiller velvillig opp.

www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00

Skeimo Tlf: 61 21 40 65

AKANTUS BLOMSTER

Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055

tlf 97 03 05 96

Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no

– Eg tykkjer at eg er heldig som fekk denne stillinga. Det er godt miljø i kyrkja i Skjåk. Arbeidet er gjevande, seier Lars Brennhaug. 2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30


ALLEHELGENVANDRING

Allehelgenvandring Halloween har vorte ei svært populær høgtid dei siste åra der born og unge kler seg ut og går frå hus til hus i jakt på godteri. Vi i kyrkja i Skjåk bestemde oss for å markere at dette for vår del samanfell med Allehelgen, høgtida der vi minnast dei som har gått frå oss.

Av Endre Skjåk

Alle frå 11 til 13 år vart invitert til å ta del og vi endte opp med ein stor gjeng på 25 påmelde. Fyrst hadde vi ei samling i Skjåkkyrkja der vi samtala kring Allehelgen, døden og begravelser gjennom mange gode spørsmål. Til slutt tende alle ljos i globen for å minnast nokon vi sakna. Etter dette gjekk vi ut på kyrkjegarden med tende lommelykter for å gjera oss betre kjent her. Her leitte vi etter forskjellige symbol og tekster blant gravminna, og fleire klarte å

finne det aller eldste gravminnet som framleis er teke vare på her. Så samlast alle inne i kyrkjestugu. Her var det godt å kome inn til varm sjokolademjølk og bollar som vart fortært medan vi fortalde spøkelseshistorier for å setja sluttstrek for ein kveld som var litt kald og litt skummel men forhåpentlegvis mest ei triveleg og lærerik samling. Takk til alle påmeldte og medhjelparar, særleg Ola Brenna som fortalde og gravøls-skikkar før og no.

Alle foto: Kyrkjekontoret

BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80

2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

POLLFOSS HOTELL AS En perle mellom øst og vest

tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

pb. 6, 2694 Skjåk, tlf: 61 21 47 00 polfoss@online.no • www.pollfoss.com

4-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

11


STORT OG SMÅTT

Foto: Privat

Foto: Knut Arne Olstad

BARNEDÅP

Sverre Jostein Hosar vart døypt i Skjåk kyrkje 31. oktober. Foreldre Agnes Geisler og Laurits Hosar, stolte syskjen og fadrar.

Oda og Ingrid døypt i Skjåk kyrkje 21. november. Foreldre Ella Bøe Mølmen og Kristen Haugen Dagsgard og stolt storesyster.

Laurits Haugen Klepp vart døypt 10. oktober i Nordberg kyrkje. Foreldre Marit Gunnbjørg Klepp og Lars Kåre Haugen.

12

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2021

Johannes Kveum Aamodt døypt i Skjåk kyrkje 31. oktober. Foreldre Merete Kvalheim Kveum og Remi Andre Aamodt og stolt storebror.

Foto: Privat

Foto: Knut Arne Olstad

Foto: Marius Jøingsli

Torun Myrhaug-Jøingsli vart døypt 10. oktober i Nordberg kyrkje. Foreldre Kristin Myrhaug og Jon Arild Jøingsli og stolt storesyster.

Foto: Privat

Foto: Marius Jøingsli

Foto: Knut Arne Olstad

Olve Aamodt Holø døypt i Skjåk kyrkje 21. november. Foreldre Cathrin Lærum Aamodt og Kristian Holø.

Eilev Rustad Skjåk døypt i Skjåk kyrkje 21. november. Foreldre Sanna Gudrun Bolstad Rustad og Endre Skjåk.

Eline Skjåk døypt i Skjåk kyrkje 3. oktober. Foreldre Anne Grete Skjåk og Mikkjel Eggen.


Frå vogge til grav SKJÅK SOKN

Blomefonda i Nordberg og Skjåk

NORDBERG SOKN

Døypte 3.10.2021 Eline Skjåk

31.10.2021 Sverre Jostein Hosar

Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.

21. 11 2021 Eilev Rustad Skjåk Olve Aamodt Holø Ingrid Mølmen Dagsgard Oda Mølmen Dagsgard

Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Døde Mari Dagsgård f. 16.08.1925 – 19.10.2021

Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543

Klaus Dieter Ferdinand Gläser f. 03.02.1935 – d. 23.10.2021

Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547

Tora Elin Andreassen f. 17.07.1946 – d. 26.10.2021

Eller stikk gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Viss du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, viss du ikkje ringer. Dette fordi at informasjon vi får frå vipps, er berre kven som har betalt.

Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597

Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon.

Døypte 10.10.2021 Torun Myrhaug-Jøingsli Laurits Haugen Klepp

31.10.2021 Johannes Kveum Aamodt Døde Tor Oddbjørn Jevnheim f. 08.02.1955 – d. 08.10.2021

Rønnaug Lindsheim f. 25.11.1928 – d. 29.10.2021 Kjell Inge Fosstuen f. 13.02.1968 – d. 31.10.2021 Lillian Fallingen f. 08.04.1928 – d. 06.11.2021 Hans Stensgård f.14.11.1953 – d. 08.11.2021

Vi tilsette i den kyrkjelege stab vil ønskje alle

ei velsigna julehøgtid og eit godt nyttår!

tlf 90 68 81 13

Skal du feire en stor dag? HØYFJELLSHOTELL

+47 612 17 474 post@grotli.no

På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper.

Og takke for alle gode møte og samarbeid gjennom året som har gått og ser fram til nye i året som kjem. Velkomne innom hjå oss, vi har ope kvar dag!

4-2021 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

13


ni

dra ilete frå In b d e m r ta Plaka sin kvardag

Indisk gryte m

ed ris og salat

Heilage kyr av borna sine håndtrykk og tusj

Foto: FORUT

May Britt Andersen og Indrani Foto: FORUT/ LiftOthers

Geetha og Indrani

FORUT

barneaksjonen i Bismo barnehage

Bismo barnehage deltok i år for 5. året på rad, i Forut sin barneaksjon, der barn hjelper barn. Kvart år tilbyr FORUT eit pedagogisk opplegg for barnehagar, der vi i vår del av verda kan lære om livet til barn i FORUT sine samarbeidsland i Afrika og Asia. Gjennom prosjektet får vi høyre om korleis det er å vekse opp i eit anna land, i ein annan kultur og under andre forutsetningar enn dei vi lever under. Opplegget er lærerikt, gjev innlevelse og skapar stort engasjement blant barna. Gjennom FORUT Barneaksjon blir vi kjent med fem år gamle 14

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2021

Indrani fra India. Indrani bor i Bangalore i India sammen med mor, far og to storebrødre. Gjennom filmar, historier og bilder får vi lære om korleis det er å vekse opp i slummen i ein av Indias storbyar. Artisten Maj Britt Andersen har besøkt fem år gamle Indrani og inspirasjonen førte til CD-en Indranis sang. Desse fengande låtane engasjerer også barna i Bismo barnehage til sang og dans. Prosjektet vart avslutta med FORUT kafe, der invitasjon gjekk ut til alle foreldre. På foreldrekafeen serverte vi indisk gryte med ris og vi hadde quizløype med spørsmål

frå Indranis liv. Barna har gjennom prosjektperioda hatt ein del kunstaktivitetar, og dei har laga mykje fint som vart til ei flott kunstutstilling på foreldrekafeen. Mellom anna har dei laga heilage kyr av kaffefilter og av eigne håndtrykk. Vi hadde og salg av ulike produkt som vi får tak i gjennom FORUT. All inntekt denne dagen gjekk til inntekt for FORUT. Inntektene skal støtte drift av barnehagar i slummen i Bangalore og FORUT sine andre prosjekt for barn i Asia og Afrika. Vi samla inn kr. 5786,- denne eftasstunda. Tekst og foto: Mogunn Synstnes


JULENØTTER 1. Kva trur du var det mest brukte jentenamnet i 2020? Og gutenamnet? 2. Julerose har vorte ein populær juleblome. Kva for plante- familie høyrer den til? 3. Kven har skreve om Gurin med reverompa? 4. Kvifor kunne Santa Claus sin rein Rudolf like godt heitt Rudi eller Ruth? 5. «Reinsgarden» har vorte eit ynda turmål for mange I Skjåk. Seier det seg sjølv kvar du har vore når du fortel at du har vore der? 6. Kvar i Skjåk finn du Haraldvendflye? 7. Mange vel å feire jul på hytta? Kor mange hytter er registrert i Skjåk i 2021? 8. Når skulle juleølet etter tradisjonen vera klart? 9. Kva kunne skje om ein ikkje bryggja juleøl? 10. I Norge «går vi rundt om en enebærbusk», i Engesland går dei rundt «a mulberry bush». Går vi rundt same buska? 11. For mange er filmen «Tre nøtter til Askepott» ein juletradisjon. Kven spelar Askepott og prinsen i den norske nyinnspelinga? 12. I fylje Inger Hagerup tenner vi det fyrste adventsljoset for glede. Kva tenner vi dei tre andre for? 13. Kven er Julemanden? 14. Når byrjar eigentleg julehøgtida I Norge?

1. Nora/Norah og Jakob/Jacob. 2. Soleiefamilien. 3. Kjell Aukrust. 4. Santa sine reinar har gevir. Sidan reinsbukken feller geviret sitt på førjulsvinteren, medan simla har sitt heile vinteren, er Rudolf sannsynlegvis hokjønn. 5. Nei. Du finn restar etter fleire reinsgardar i Skjåk, til dømes på Haraldvendflye, i tillegg til det nemnde turmålet opp mot Dyringshøe. 6. Ved Glittervatnet. 7. Det er 707 hytter i 2021, i fylje Statistikk sentralbyrå. 8. Tradisjonen seier at ølet skulle vera klart Tomasmesse, 21 desember. 9. Ein kunne få bot. Gulatingslova påla alle å bryggje øl til jul. 10. Nei. Mulberry er morbær, ikkje einebær. 11. Astrid Smeplass og Zengiz Al. 12. For lengsel, (glede), håp og fred. 13. Det er den danske julenissen. 14.Kl. 17.00 24. desember. tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no

www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72

2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no

4-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

15


HAMAR BISPEDØME

Juleandakt Glade jul, heilage jul! Englar kjem frå Guds kongestol, blomar ber dei frå paradis,

Slik står det i julesongen «Glade jul, heilage jul» som den danske forfattaren og poeten Bernhard Severin Ingemann har skreve og lagt til rette for norsk av Bernt Støylen som var prest, biskop og lyrikar. Glade jul, heilage jul! Englar kjem frå Guds kongestol, Englane fortel om blomane frå paradis. Noko som er frå byrjinga, som er og som varar. Noko som ber liv og håp i seg. Julas Gud gir kraft og ber, også når dagane er vonde. Tonane frå Betlehemsmarka minner oss om kor aleine vi kan kjenne oss når livet rammar med all si tyngd. Lindringa kjem som glimt av å høyre til i noko som er stort, større enn oss sjølve. Vi veit alle noko om at livet er sårbart og utsett. Noko meir sårbart enn ein liten baby finst vel knappast. Avhengig av å bli tatt vare på og beskytta, og som samstundes gir, berre ved å vere til. Det at Gud er komen til verda gjer at vi kan lene oss til ein Gud som kjenner menneska sine liv. Jesu fødsel set i gang ein bevegelse som aldri har stansa. Å følgje fotspora etter det vesle barnet, er å våge å gå inn i nye ukjende landskap ut ifrå evangeliet si grensesprengande kraft, til å opne livets kjelder og framtidshåp for alle menneske. Blomar frå paradiset. Englande ber bod om eit evigvarande håp. Håp for i dag og for morgondagen. Blomar frå paradiset. Barnet i Betlehem. Vi anar noko om dette barnet. Ja, vi anar, kjenner att og trur på Jesusbarnet sitt livgivande og trøystefulle nærvær midt blant oss.

Foto: Hallvard Bjørkås

Velsigna julehøgtid ønskast dykk alle. Solveig Fiske Hamar biskop

16

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2021


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.