Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg #4 2022

Page 1

KYRKJEBLAD

Nr. 4. desember 2022 82. årgang

Skjåk og Nordberg

Informasjon

Nordberg og Skjåk Sokn

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no

Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437

Sokneprest

Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no

Kyrkjelydsekretær

Kari Ørjasæter tlf: 909 56 437 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Kyrkjeverje

Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Kyrkjetenar Nordberg

Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no Kyrkjetenar Skjåk Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.

Organist

Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com

Trusopplærar

Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no

Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 Aud.jotun@skjaak.kommune.no

Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Aud Jotun, tlf: 908 48 548 Aud.jotun@skjaak.kommune.no

Abonnere på kyrkjebladet

Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170

Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»

Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret.

Foto framside: Augeblikk studio

MESSEPLAN desember

Sundag 18. desember kl. 19.30. Nordberg kyrkje. Vi syng og spelar jula inn.

Laurdag 24. desember kl. 14.00 Julekveldsmesse på Skjåkheimen. Kl. 16.00 Julekveldsmesse i Skjåk kyrkje.

Sundag 25. desember kl. 11.00 Juledagsmesse i Nordberg kyrkje.

Måndag 26. desember kl. 11.00 Digital sending.

Laurdag 31. desember kl. 11.30 Nyårsmesse på Skjåkheimen. Kl. 23.00 Felles nyårsmesse i Lomskyrkja.

Sundag 1. januar kl. 11.00 Digital sending.

Sundag 15. januar kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Konfirmantpresentasjon. Kyrkjekaffe. Kl. 18.00 Konsert med Mads Erik Odde ensemble.

Sundag 22. januar kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmantar deltek. Kyrkjekaffe.

Sundag 29. januar kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Konfirmantar deltek. Kyrkjekaffe.

Sundag 19. februar kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Fastelavnssundag. Utdeling av fireårsbok. Kyrkjekaffe.

2022 – april 2023

Onsdag 22. februar kl. 18.00 Oskeonsdagsmesse i Kraftverket.

Sundag 26. februar kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Dåp. Konfirmantar deltek. Kyrkjekaffe.

Sundag 12. mars kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmantar deltek. Kyrkjekaffe.

Sundag 19. mars kl. 11.00 Skjåk kyrkje.

Sundag 2. april kl. 11.00. Skjåk kyrkje. Palmesundagsmesse.

ANDAKTER PÅ SKJÅKHEIMEN:

Torsdag 26. januar kl. 11.30 Torsdag 23. februar kl. 11.30 Torsdag 30. mars kl. 11.30

KVA SKJER PÅ KRAFTVERKET?

Onsdag 25. januar kl.18.00 Vintersongar v/Eirik Matias Urdi.

Onsdag 22. februar kl. 18.00 Oskeonsdagsmesse.

Onsdag 22. mars Filosofikveld. Tidspunkt blir avklara seinare.

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid. www.skjaak.kyrkja.no

Skjåk kyrkjelege liv

Himmelsk heilagt ljos

Midtvinters, mørkt, kaldt og snækje, kanskje tung til sinns attpå; kjem ikkje sola og ljoset og varmen snart?

Joda, det ljosnar! Til alt hell! For i jula skal vi feire akkurat dette; at ljoset kjem til oss. Heime har eg julekrybba ståande framme heile året, for der i krybba ser eg det ligg ein gutepjokk det verkeleg skin av. Ein heilag aura av ljos som strålar ut til kvar einskild av oss. Ja, eit ljos som strålar ut til kvart eit menneske i heile verda. Og vi treng dette guddommelege ljoset! Her vi lever i ei tid med mykje uro og uvisse. Der vi dagleg ser menneske som lid naud; i fattigdom her i rike Noreg der alt for mange strevar med å få endane til å møtast. Og ikkje minst alle dei som lid naud i denne ulykksalige krigen i Ukraina.

Jesus i krybba kjem til oss frå himmelen. Det er eit himmelsk heilagt ljos vi ser i krubba. Gjennom Jesusbarnet vert himmel og jord bunde saman til ein heilskap: det jordiske og det himmelske vert smelta saman. Slik lever vi i ein komplett heilskap. Dei store perspektiva kring livet vårt er noko som er nær oss heile tida.

I haust har eg studert på Menighetsfakultetet i Oslo. Eg har lært om etikk i samband med menneskesyn og teknologi. Eit særs interessant og aktuelt emne. Vi vert utfordra kvar ein dag om korleis vi på ein etisk og ansvarleg måte skal forhalda oss til ny teknologi. Ein teknologi som stadig vert utvikla i ei meir komplisert og avansert retning. Berre tenk etter kva mobiltelefonen har gjort med korleis vi forheld oss til kvarandre! Og ikkje forheld oss til kvarandre.

På den eine sida kan vi på ein fantastisk måte bygge personlege nettverk med dei vi kjenner. Eg, som mange andre, har fått kontakt med vener eg hadde i oppveksten. Eg kan besøke mi gamle mor i Oslo via videosamtaler, eg kan gå i nettbanken mens eg står i kassakø i butikken, eg kan kjøpe billettar, vippse pengar, lese nyheiter og bøker, lytte til musikk og podkastar, sjå film og tv; ja alt dette og meir til ber eg med meg i lomma heile tida. Det ville vera krise om eg mista telefonen! På den andre sida skapar ny teknologi utanforskap. Det er ikkje alle av oss som meistrar ny teknologi, og dei må ofte ha hjelp til å betale rekningar, sende pengar, nytte Bank-Id, lese offentleg brevpost i digitalpostkassa. Vi høyrer nesten kvar dag, om folk som har utfordringar med å nytte ny teknologi. Og vi er berre i starten av ei digital teknologisk utvikling.

Enda meir utfordrande er det når vi misbrukar ny teknologi. Mobiltelefonen er eit framifrå godt mobbeverkty. Eller i det store bilete; ny teknologi kan og nyttast til digital krigføring, trolling, og overvaking. Og er det i denne retninga utviklinga til ny teknologi går, så treng vi

verkeleg å sjå på korleis vi forheld oss etisk til ny teknologi. Dei negative sidene kan overmanne oss, og kan gjere at vi tenker dommedagstankar. Dette går åt skogen!

For det finst meir mellom himmel og jord; med alle krisene vi menneske har skapt på denne vesle forsøpla og overbefolka jordkloda vår, så er det ikkje merkeleg at vi retter blikket mot verdsrommet og leitar etter ein annan planet med liv på. Kanskje vi ein dag må rømme jorda? Eller skal vi sette vår lit til Gud, og tru at Gud vil gripe inn og ordne opp for oss? Dette er utfordrande spørsmål! Trua vår går alltid i retning mot ei ljos og god framtid. Gud gjev oss håp og framtidstru! Vi skal slett ikkje leve kvardagen vår med dommedagstankar!

Vi skal sjå det varme ljoset som skin frå krubba og strålar imot oss og gjennom oss. Eit guddommeleg ljos som retter blikket vårt mot Gud, mot håpet, og den guddommelege kjærleiken som vi heile tida er omgjeve av.

Det er mange flotte og gode julesalmar der vi syng om Jesusbarnet i krybba, men det er ein flott salme til i salmeboka, der vi verkeleg syng om framtidshåpet, og det er den aller siste. Salme nummer 899 inneheld ei flott erklæring om at vi skal tru på jordas forvandling:

Jeg tror på jordens forvandling en gang, en tid, et sted, en fremtid hvor Guds himmel til jorden senkes ned, en evighet av glede da alt det vakre her blir løftet i Guds klarhet og stråler bedre der.

Ja, det er akkurat dette ljoset som skin ut frå krubba, som denne salmen teiknar eit bilde av; Jesus vert senka ned til oss frå himmelen med bod om ei god framtid. Gud vil oss noko godt! Eg tenkjer at dette er den beste og største julegåva vi kan få!

Med desse tankane ynskjer eg kvar og ein ei flott og triveleg julefeiring, der vi på alle måtar er gode mot kvarandre!

4-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg 3 SOKNEPRESTEN
Kåre Gloslie

Advent er ei kristen høgtid som markere førebuing til juletida. Ordet kjem frå latin adventus Redemptoris eller adventus Domini, Frelsarens ankomst» eller «Herrens ankomst». Høgtida vert markert på ymse måtar i ulike kyrkjesamfunn.

I lutherske og romerske omhandla advent dei fire vekene før jul, og fyrste sundag i advent er fyrste dag i kyrkjeåret. I Den ortodokse kyrkja er advent i seks veker (starta 15.nov.), men i den reformerte kyrkja i Nederland og den anglikanske kyrkja vert ikkje advent markert.

I kyrkja er den liturgiske farga lilla, som i tradisjon er ei botsfarge.

Og tradisjon med å tenne ljos for kvar av sundagane er gamal, men usikkert når dette starta.

Ei soge fortel om ei kvinne i Tyskland som ville lage ein kalender for son sin, som var funksjonshemma, som gleda seg til jul. Ho fann da opp adventstake og tende ljos for å telle ned til jul.

Ventetida kan for nokre gå med ekspressfart, men for andre kan den snigle seg framover.

I det kyrkjelege livet i Skjåk, har vi markert m.a.

• Dåp av fire born

• Skjåk kyrkje har det vore: Hausttakk, med utdeling av 6 års bok.

• Ungane var med å laga supe som vart servert på kyrkjekaffen .

• Kyrkjegardsvandring for 11- og 12- åringar.

• Utdeling av klistremerkebøk til 2–3 åringar.

• Teikneseriebibel til 10 åringar.

• I Nordberg kyrkje har det vore Tårnagentsamling for 8 åringar, med stor oppslutnad.

• Helgemesse.

• Innskriving av konfirmantar 2023 -14 ungdomar som vi gler oss til å verte kjend med.

• I samband med julegrantenning i Bismo 25.nov. var det ope på Kraftverket med allsang og enkel servering.

GÅVE OG TAKK

Stor var gleda da Skjåk kyrkjelege fellesråd fekk beskjed om at Skjåk Helselag har gjeve kr. 100.000,- til kyrkja. Dette vart markert med triveleg kaffestund på Kraftverket 14. oktober.

JULEØNSKJE

Hans Børli skreiv i 1952 eit dikt som hadde tittel «Det gråter et barn» Tema er krig og born og kva for posisjon dei har i ein krig. Som diktet fortel; borna vert ofte åleine, hjelpelause, forlatt og mange vert nøydde til å klare seg einslege, når medlemmar av familien vert rivne bort.

Forsongarane som er med på messene i kyrkjene våre, er til stor glede for alle. Stor takk til dykk alle, dykkars bidrag er med å lyftar salmesongen.

NY BISKOP I HAMAR BISPEDØMME

Ole Kristian Bonden er tilsett av Kirkerådet, som ny biskop. Han tek over etter Solveig Fiske som nyleg gjekk av med pensjon.

Den nye biskopen vert innsett i Hamar domkyrkje sundag 29. januar 2023 kl. 11.00.

Vil få ønskje kvar og ein ei fredeleg julehøgtid og ha ein tanke for alle som har utfordringar i kvardagen. Det er i mange heimar i bygda vår at ein stol er tom attmed bordet og dette er sårt og vanskeleg. Høgdtida gjer at mange kjensler vert sterkare på både godt og ilt. Ikkje kvi deg for å ta kontakt med nokon du veit slit, betre med ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Med ønskje om ei god julehøgtid og eit godt nytt år.

Arnborg Teigum Kyrkjeverge

Dette diktet er 70 år gamalt men diverre like aktuelt i dag. Viss det er noko ein kan be om og ønskje seg til jul, er det at fleir medmenneske kan få kome inn i det nye året med von om ei betre og fredelegare verd.

Det gråter et barn

Det gråter et barn i den frosne natt. Det gråter mot mørket – forrådt, forlatt.

Og slektens håp gjennom tusen år som lutende skygger rundt barnet står. Vanmektige drømmer! Frihet og fred –? – Det gråter et barn i mørket et sted.

Gråten fyller all verdens rum. Men himmelen tier. Gud er stum.

Det fins inga frelse, det fins ingen fred så lenge Mannen gjør Barnet fortred.

De seirer som vinnes med vold og vondt er alltid tap – på en indre front.

Vi dreper i Barnet vår drømte dag. Og ravnene varsler de nye slag.

Å, tider må komme da mennesket ser at framtidens frelse er barn – som ler!

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2022 4 KYRKJEKONTORET INFORMERAR
Foto: Ola Rossehaug/ Fjuken

Mi SALME

Å velje ut ein bestemt salme er vanskeleg, for det er så mange fine, seier snart 79 år gamle Torunn Bruheim Haugen. Etter å tenkt seg om litt, så fell valet på «Nærmere deg, min Gud». Dette er ein salme eg har likt støtt. Den blir ofte brukt ved gravferd, så det er mange som har eit forhold til denne salmen. Det er også mange fine dåpssalmar, særleg vakker tykkjer eg salmen «Fylt av glede er».

Torunn bur i omsorgsbustad like ved Skjåkheimen og trivst godt der. Trygt og godt, og med ei god venninne som bur vegg i vegg. Omtrent dagleg er dei to på rusletur til butikken. Men jula kjem Torunn til å feire einsleg. Det gjer meg ikkje noko å vera einsleg i jula. Det er ikkje lange stubben til Skjåkheimen, og der blir det julemiddag.

Eg har mange fine julekveldar heime å sjå attende på. Det var tradisjon at alle kom heim til jul. Nå er det berre eg av syskena som bur i Skjåk. Dei har sitt og sine. Når ein ikkje har nokon etter seg, så blir det gjerne slik. Men som sagt, det å feire jul einsleg gjer meg ikkje noko. For eg har det så godt og trygt her, seier Torunn Bruheim Haugen.

Nærmere deg, min Gud

Nærmere deg, min Gud, nærmere deg, om det et kors enn er som løfter meg. Synes meg veien trang, er det dog all min sang: Nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Vandrer jeg viden om, solen går ned, mørkt blir det, kun en sten å hvile ved. I mine drømmer jeg finner til deg dog vei, nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Stigen jeg skuer reist mot himlen opp. Englene ferdes der til høyest’ topp. Nåde er all din vei, oppad den fører meg, nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Derfor med våkent sinn fullt av din pris bygger et Betel jeg på Jakobs vis.

I mine sorger jeg ønsker meg nær til deg, nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

Høyt over stjerners hær stiger min sjel. Herre, du evig er min lodd og del. Tung eller lett min gang, alltid det blir min sang: Nærmere deg, min Gud, nærmere deg.

4-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

5
MI SALME
Foto: Elias Sperstad Tekst: Sarah F. Adams, 1805–1848 Musikk: Lowell Mason, 1792–1872

Julehelsing frå

pleie- og

omsorgstenesta

Vi nærmar oss slutten av året, og vi i pleie- og omsorgstenesta vil få takke for alle små og store bidrag som vi har motteke, samt alle trivelege besøk i løpet av året.

Vi håpar alle får ei god og fredeleg jul, og vi vil ynskje alle eit godt nytt år med dette verset av Atle Øi.

La oss samles, familie og venner La oss glemme, irritasjon og strid La oss går rundt treet, holde hender La oss nyte julen, og en fin tid.

Gudrun Teigen & Ingvild Mork

Tenesteleiarar pleie- og omsorgstenesta

2022 frivillighetens

2022 var satt til frivillighetens år og vi har nylig passert 5. desember som var frivillighetens dag. Det passer derfor å vie litt oppmerksomhet til du der ut. Du som måkte vei frem til døra for naboen, du som stiller opp for barn og unge i forbindelse med idrett eller andre aktiviteter. Ja og du som rett og slett gir av egen tid slik at andre får en bedre hverdag. På Skjåk frivilligsentral er vi så heldig å daglig få folk inn døra som møter opp for å være av betydning for andre. Noen flere ganger i uken og noen en gang i måneden. Ja, vi har jo de som er innom en gang i året også. Ta Tv-Aksjonen som eksempel. Rundt 45 stk reiser ut fra sentralen for å samle inn penger til veldedighet. Rett over 150.000,- ble samlet inn i Skjåk til Leger uten grenser, noe vi skal være svært stolte av.

Så når jeg nå sitter her og tenker tilbake på året 2022 er det fint å se på alle aktiviteter og tilbud som har eksistert pga de frivillige. I Skjåk vil jeg tørre å påstå at frivilligsentralen har, eller er med på, tilbud som treffer alle aldersgrupper. Vi har frivillige fra 7-8 års alderen og opp til over 90. Det skaper liv på sentralen og ingen dager blir like. Det er en slik sentral jeg ønsker at vi skal ha i Skjåk. En sentral der alle direkte eller indirekte har et eierforhold og en relasjon til frivilligsentralen.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2022 6

frivillighetens år

Nå jobbes det mot ungdommens hus, noe som er krevende, men tilsvarende viktig. Vi har faktisk over 35 stk barn og unge innom i løpet av en uke. To ganger i uken etter skoletid er gangen vår nå så full med sekker at å gå inn, nærmest krever brøytebil! Tradisjonelt sett satses det kanskje ikke så mye på barn og unge på frivilligsentraler rundt om, men jeg mener det er viktig. Ikke at hver sentral satser på de yngre, men at barn og unge i hver kommune har et lavterskeltilbud. Et sted de ikke trenger personlig invitasjon for å delta. Et sted der de kan få bidra og oppleve mestring uten at det stilles krav til å måtte prestere.

Så hvorfor mener jeg det er viktig at barn og unge har en møteplass som referert til! Jo svaret er ganske enkelt. Samfunnet vi lever i er i kontinuerlig bevegelse. Faktisk bever vi oss i en skremmende fart som det er vanskelig å holde tritt med. Sosiale medier, trender og teknologi er faktorer og arenaer som opptar de yngre. Det er mye positivt med det, men det er dessverre også arenaer der vi voksne møter utfordringer med tanke på å veilede og skape trygge rammer. Gode idretts og kulturtilbud er bra og viktig at vi satser på, men det er ikke lenger nok. En del barn og unge blir mer

digitale på fritiden sin og deres sosiale liv flyttes i stor grad over til det digitale. Vi vil kanskje aldri klare å holde tritt med de yngre, men jeg mener at en lavterskel møteplass som møter de yngre sine interesser innen for det digitale, gir oss en større mulighet til å veilede dem og skape trygge rammer.

I år skal vi for 6. året feire Jul i fellesskap, noe vi kan si har blitt en skikkelig trivelig tradisjon. Det blir servert pinnekjøtt og ribbe med masse godt tilbehør og kaker av alle slag. Det blir noen julesanger og mye god prat rundt bordet. Målgruppen vår er enkelt og greit, enkeltindivider, par og familier. Ja alle som kunne tenkt seg å feire jul sammen med oss og som bor i Skjåk eller Lom. Vi er heldige som har fått mye god kjøttmat fra Lunde Gardsmat og alle andre kostnader har GODIG valgt å dekke. Nissen kommer også innom en tur! Faktisk har GODIG også kjøpt inn 50 pepperkakehus som barn og unge i Skjåk kan hente ut. Vi kårer vinnere og henger opp bilder av alle husene i vinduet på sentralen. Ta gjerne turen forbi sentralen etter 22. desember for å se på alle de fine pepperkakehusene.

Med det ønsker jeg alle en riktig fin jul og godt nyttår.

Hilsen Jo-Andre, Skjåk Friviljugsentral.

4-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg 7

Ole Kristian Bonden

Ny biskop i Hamar bispedømme

Applausen rungar i Hamar domkyrkje. Ein rørt Ole Kristian Bonden tar imot hyllest frå dei mange som har møtt fram for å bli litt betre kjende med den nyleg tilsette biskopen. Neste år blir han innsett som biskop og flyttar til Hamar etter 25 år i Elverum, dei siste åra som prost i Sør-Østerdal prosti.

Det er overveldande, eg er både glad og takksam for å bli biskop i Hamar bispedømme seier han frå lesepulten og takkar for tilliten, for oppdraget og for gode frå den øvste leiinga i Den norske kyrkja og i Hamar bispedømme.

Kyrkjerådet har i sitt møte kvelden før vald Bonden som ein av tre attståande kandidatar etter ein lang prosess. - Hamar har fått ein biskop som er likande, gla i folk og glad i Jesus, seier Kyrkjerådets leiar Kristin Gunleiksrud Raaum og seier Bonden går inn i ein stolt tradisjon av tydelege biskopar i Hamar.

Heilag og alminneleg

Ole Kristian Bonden har vore tett knytt til begge sine to forgjengarar. Han vart ordinert til prest av Rosemarie Köhn og har hatt Solveig Fiske som biskop i heile hennar periode.

Dei to har lært meg at «Inga tru er for lita», og at «Gud gjer ikkje forskjell på folk», seier han. Dette vil han vidareføre når han nå skal forme SI bispegjerning.

Ei setning frå truvedkjenninga har vore med han den tida han har vore prest. Setninga har vore styrande

for arbeidet hans så langt, og han vil framleis legge den til grunn for tenesta som biskop.

«Eg trur på ei heilag, allmenn kyrkje.» - Heilag og alminneleg, det er kyrkje for meg, seier den nyleg utnemnde biskopen.

Med det meiner han at kyrkja skal vere raus og tydeleg, til stades i samfunnet og i menneskes liv, ei kyrkje som bryr seg om folk.

Openheit, fridom og tilhøyrsle – Vi må vere opne, seier han, opne for Gud, for andre og for verda. Evangeliet gir oss fridom til å elske, skape, arbeide, kjempe for og tru på, seier han. Og så snakkar han om tilhøyrsle.

Den nye biskopen vil at folk skal kjenne at dei høyrer til i ei kyrkje som er for alle. Bonden vil at kyrkja skal vere der både på dei store dagane i livet, og på dei vanskelege.

e dømme

Foto:Hamarbisp

Han vil bidra til ei kyrkje som er ein naturleg del av lokalsamfunnet der folk kan høyre til og kjenne att både livet og Gud.

– Eg vil arbeide for at folk i Hamar bispedømme kan kjenne att livet sitt i folkekyrkja, og samtidig kjenne att Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage Andes samfunn.

Ole Kristian Bonden vigslast til biskop i Hamar søndag 29. Januar kl. 11.00 i Hamar domkyrkje med H.M. Kong Harald til stades.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2022 8
Presentasjon av ny biskop
Fødd: 8. Februar 1970 i Brumunddal Familie: Gift med Irmelin, tre vaksne born som akkurat har flytta frå heime.

LHL Gåvmild 40-åring

LHL Skjåk slo på stortromma da dei tidlegare i haust inviterte til 40-årslag. Skjåk kyrkjelege fellesråd fekk 50.000 kroner. Pengane er fordelt likt mellom Skjåk kyrkje og Nordberg kyrkje, øyremerka lydutstyr.

Når folket i bygda i desse 40 åra har vore støttande og gåvmilde overfor laget i alle samanhengar, så vart styret forlikte om å gje noko tilbake til bygda, sa leiar i Skjåk LHL Ola Haugen under overrekkinga. I statuttane for pengegåva står det: «Denne gåva frå LHL Skjåk går til Nordberg og Skjåk kyrkjer, og skal nyttast slik at den kjem til glede og nytte ved høgtid, glede og sorg».

Han fortalde at bygdefolket har vore flinke til å støtte laget. I løpet av det fyrste året vart det registrert heile 569 medlemmer, året deretter 637. Av desse var 38 medlemmer frå Lom. I 1986 gjekk medlemmene frå Lom ut og danna sitt eige lag. Haugen opplyste vidare at LHL og Handikapplaget har vore pådrivarar for etableringa av Skjåk dagsenter. Dagsenteret fungerte godt i mange år, men måtte etter kvart gje opp aktiviteten grunna minkande deltaking. Men Skjåk LHL har fungert godt i sine 40 år. Laget som i dag har 192 medlemmer gjer eit viktig arbeid. Ikkje minst gjennom aktivitetar, livsviktig informasjonsarbeid og støtte til LHL nasjonalt.

Utan bygdefolkets støtte og velvilje har vel laget vore magert, vil eg tru, sa Haugen.

Kyrkjevalet 2023

Kva slags kyrkje vil du du ha? Du kan påverke!

I 2023 skal vi velje nye sokneråd og nytt bispedømmeråd. Som medlem i rådet vil du ha innverknad på dei lokal oppgåvene og utfordringane i kyrkja di.

Soknerådet leier kyrkja der du bur. Oppgåvene er varierte innan tema som miljø og rettferd, musikk og gudstenester, barne- og ungdomsarbeid, jus og forvaltning m.v. Gjennom arbeidet i rådet kan du bruke talenta dine, bli kjend i nærmiljøet, legge til rette for kyrkja som kulturarena eller møteplass for barn og unge. Moglegheitene er mange.

Still til val, eller oppmod nokon du kjenner til å stilla.

Ta kontakt med kyrkjekontoret innan 1. februar.

Du finn meir informasjon om kyrkjevalet her: www.kyrkja.no/valg

4-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

9
Bilder frå LHL fest i Dønfoss 24.09.2022. Karin Storlien, Aud Jotun og Ola L. Haugen Foto: Amund Hånsnar

Nestekjærleik, viktigare

enn nokon gong?

Førjulstida skal vera ei tid for glede og forventning, men slik trur eg nok dessverre ikkje det er for svært mange i år. Korkje her i Noreg, eller i mange andre land korkje nært oss, eller fjernare frå oss. Vi vart nok alle både glade og letta, da myndigheitene opna opp att nedstenginga og restriksjonane p.g.a. koronaen. Endeleg er det over og vi kan leva som før! Koma i gang med liva våre att! Reise dit vi vil, besøkje dei vi vil, vera på hytta når vi har behov for det osb. Slik vart det dessverre ikkje! For nokon ja, men altfor mange har ikkje fått det betre, men tvert i mot verre.

Koronaen er rundt oss framleis. Sjølv om vi vaksinerer og vaksinerer, så dør faktisk mange, spesielt eldre og sårbare menneske av den kvar dag. Kina har innført restriksjonar og isoleringar att. Krig har vi fått, nærast på vår eigen dørstokk, da naboen vår, Russland, invaderte Ukraina 22. februar -22. Det har medført skyhøge straumprisar, mangel på gass, prisauke på mat, drivstoff og mykje anna vi treng av naudsynte ting i kvardagen. Ikkje berre her i Noreg, men i resten av Europa også. Ikkje å snakke om i mange andre deler av verda, der dei slit med ekstrem tørke og ikkje får dyrka mat av den grunn, eller der avlingane blir øydelagde p.g.a. oversvømmingar. Pakistan m.a., vart svært hardt ramma av ekstreme nedbørsmengder og flaumar, nå i haust. Mesteparten av avlingane deira vart øydelagde og svært mange menneske omkom. Sjukdommar som malaria og dysenteri, har fått nærast fritt spelerom i etterkant og også kravd og krev sine liv. Pakistanske myndigheiter reknar med at det vil ta i alle fall 5 år, før dei er på same produksjonsnivå i forhold til avlingar, som før flaumen, gjeve at dei ikkje opplever nye periodar med styrtregn og oversvømmingar innan den tid. I tillegg til ymse typar ekstremvêr som øydelegg heimar, avlingar, infrastruktur og mange mennesker døyr som fylgje av dette, slit mange land og områder i verda med indre uro og krig, eller krigsliknande situasjonar-, ikkje berre Ukraina. Vi har folk på flukt alle stader både internt i land og på tvers av land og hav. Folk som flyktar med eit håp om å koma til ein plass der dei har ei sjanse til å overleve, at barna deira kan eta seg mette, vera trygge og ha ei sjanse til å vekse opp, kunne få gå på skule og få seg ei utdanning. Ein plass der dei kan få seg ein trygg plass å bu og eit arbeid dei kan leve av.

Vi i Noreg er stort sett velvillige til å ta imot menneske frå Ukraina på flukt, men det er ikkje berre dei som treng å få koma hit. Noreg manglar arbeidskraft innanfor helse og mange andre områder. Nok og kvalifisert arbeidskraft er noko av det som skal til for å oppretthalde levestandard, tenester og produksjon i eit land. Dessverre så greier vi ikkje å føde nok barn sjølve. Einaste måten å få til fleire nordmenn på da, er å ta imot fleire menneske hit. Eg veit at mange er redde for at dette skal gå utover vår eigen levestandard og at mange meiner at vi først og fremst skal hjelpe våre eigne som slit. Det har kanskje aldri vore så mange som slit med å få endene til å møtest som nå. Kunne kjøpe nok mat til å eta seg mett, kunne ha råd til å fyre så ein slepp å fryse, kunne få råd i alle fall ei julegåve til barna.

Jesus og Maria fekk ikkje rom i herberget, men dei fekk rom og vart beskytta så Maria kunne føde Jesusbarnet trygt, sjølv om det var i ein stall. Noreg som er eitt av dei rikaste landa i verda, bør absolutt ha rom i Herberget til mange fleir enn i dag, som treng tryggleik og å bli beskytta. Sjølv om det er mange her i Noreg som slit økonomisk og ikkje har nok av noko lenger, så er det likevel mange av oss som lever godt og har råd til å gje noko til dei som treng det nå før jul. Det behøver ikkje å vere «røykelse og myrra» som var noko av det mest kostbare som var på tida da Jesus vart født, og som vart gjeve til han av dei tre vise menn i fødegåve. På butikker rundt omkring kan du putte varer i handlevogner som er satt ut som formål og samle inn varer til jul, for dei som ikkje har råd til å kjøpe sjølve. Du kan gje i gryta til Frelsesarmeen, eller til ein annan organisasjon som fordeler til dei som treng det mest. Sjå over skuffer og skap. Eg er sikker på at du vil finne eit klesplagg, ei leike, eller noko anna nyttig som du ikkje har bruk for lenger, men som ein annan vil bli svært glad for å få. Har du rom i ditt eige Herberge, kan du kanskje også invitere nokon du veit om, som treng eit godt måltid og litt selskap i løpet julehøgtida.

Med dette vil eg ynskje deg og dine ei trygg og triveleg høgtid og håpar at du ynskjer at andre også skal få det same.

Med venleg helsing

Aud Jotun, Leiar Skjåk kyrkjelege fellesråd

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2022 10

SKJÅK BIL AS

Vår lokale kyrkje

Kyrkja har vedteke at råderetten til det lokale fellesrådet ikkje skal verte svekka, men tvert imot, verte styrka.

Det har gjennom lang tid vore ein prosess i Den norske kyrkje om kvar råderetten skal vere. Det har vore lagt fram og drøfta fleire forslag og det er ikkje alt som har vore godt for lokal kyrkje. Det har m.a. vore eit forslag om at det kyrkjelege fellesrådet i kommune hadde vorte lagt ned, og ansvar for både tilsette og kyrkjebygg og tilhøyrande bygningar hadde vorte lagt til eit prosti-fellesråd.

POLLFOSS HOTELL AS

pb. 6, 2694 Skjåk, tlf: 61 21 47 00 polfoss@online.no • www.pollfoss.com

I praksis så hadde det for vår del vorte eit råd som skulle teke hand om alle kyrkjelege saker for Nord Gudbrandsdal,19 kyrkjer og 16 sokn.

Slik det fungera i dag så er sokneprest Kåre Gloslie tilsett i bispedømmet og vi andre i Skjåk kyrkjelege fellesråd. Det har vore store diskusjonar om alle tilsette skulle ha same arbeidsgjevar. Etter vedtaket i haust, så vert løysinga at prestane vert tilsett i kyrkja sentralt, men mykje av det daglege arbeidsgjevaransvaret vert i fellesrådet.

I Skjåk er Nordberg sokn og Skjåk sokn samla i Skjåk kyrkjelege fellesråd. Det er difor alle saker som omhandlar båe sokna

vert handsama i fellesrådet.

Det finns heller ikkje noko som tilseier at fellesråd kan verte samanslegne ved tvang.

Vedtaket som vart gjort på Kyrkjemøte i september er eit prisippvedtak. Det er ikkje alt som er på plass enda, og dette er eit arbeid som held fram. Og det vil nok ta lang tid før dette er endeleg på plass.

Men i botn på grunnmuren så vil Skjåk kyrkjelege fellesråd halde fram, likeins den lokale råderetten. Og plan om sentraliseringa vert det sett brems på.

Ei anna sak er at vi som lokal kyrkje er og vil vere opne, for å samarbeide over kommunegrensane. Noko vi og gjer i dag. Både inna Nord Gudbrandsdal prosti og ikkje minst samarbeider vi mykje med Lom. Dette gjer seg godt synleg i samband med gravferd der Hans Johan Sagrusten og Kåre Gloslie har kvar si tenesteveke. Det vil si at slik dette samarbeidet fungera har dei kvar si veke med gravferd. Og på den måten vert dei båe lite grann «presten vår» i staden for at vi får ein vikarprest som ein ikkje kjenner noko til.

Og vi har felles kyrkjelydsarbeidar som er Endre Skjåk.

Retting:

Ein av årets 60-års konfirmantar har fått feil namn i førre Kyrkjeblad, det er vi leie oss for. Rett namn er Liv Skjelkvåle Melleby, ikkje Reidun Brettengen.

Skjåk Songlag m/vener syng jula ut

Moar Grendehus 06. januar 2023 kl. 19.00 Allsang og servering Inngang.

11 VÅR LOKALE KYRKJE tlf 97 03 05 96
3-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Tlf: 61 21 36 70 Din verkstad i Skjåk
Velkomen til triveleg handel! Skjåk Kjøpesenter 2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no
En perle
2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 •
www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72 tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no
mellom øst og vest
www.skjak-trelast.no

BARNEDÅP

Idar Tuva Haagaa vart døypt i Nordberg Kyrkje 24. september, foreldre er Inger Helen Tuva og Håvard Haagaa. Her saman med syskjen.

Andre Yttre Dalheim vart døypt i Skjåk kyrkje 27. november, foreldre er Andrea Yttre og Jon Anders Dalheim.

Mathea Falling Lande vart døypt i Skjåk kyrkje 27. november, foreldre er Hege Katrin Falling og Kjell Tore Bergh Lande.

Barnedåp og vigsel. Lotte Melby Mikkelsen vart døypt 9. oktober i Skjåk kyrkje, og foreldre og brurepar Veronica Melby og Simen Mikkelsen vart vigde.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2022 12 STORT OG SMÅTT
Skjåk Bygdekvinnelag ber inn til julekaffe på Skjåkheimen 28. desember (4.dag jul) kl.12.00. Velkomne God Jul til alle i Skjåk Helsing Skjåk LHL
Foto: Kåre Gloslie Foto: Kåre Gloslie Foto: Familien Foto: Kåre Gloslie

Blomefonda i Nordberg og Skjåk

Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.

Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no kyrkjekontoret@skjaak.kommune.no

Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543

Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547

Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Viss du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, viss du ikkje ringer. Dette fordi at informasjon vi får frå vipps, er berre kven som har betalt.

Frå vogge til grav

NORDBERG SOKN

Døypte 24.09.2022

Idar Tuva Haagaa

Døde Lars Ragnar Kveen f. 27.05.1936 – d. 24.09.2022

Dagny Haugen f.03.02.1948 – d. 30.09.2022

Roar Hosar f. 25.05.1959 – d. 02.09.2022

SKJÅK SOKN

Døypte 09.10.2022

Lotte Melby Mikkelsen

27.11.2022

Mathea Falling Lande Linnea Yttre Dalheim

Døde Torstein Steinbakke f. 20.03.1941 – d. 21.09.2022

Torkjell Skrinde f. 31.03.1950 – d. 28.09.2022

Inger Haugen f. 08.01.1938 – d. 11.11.2022

Vigde 09.10.2022

Veronica Melby og Simen Mikkelsen

4-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg 13

Skjåk
61 21 44 00/ 922 13 597 tlf 61 28 45 45 Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13 Skjåk Gartneri a/s Tlf. 901 69 255 Fylg oss på facebook: Skjåk Gartneri Skal du feire en stor dag? HØYFJELLSHOTELL På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper. +47 612 17 474 post@grotli.no Garcia Holding AS Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113 AKANTUS B L O M S T E R S k j å k K j ø p e s e n t e r T f 6 1 2 1 4 0 5 5 tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53 SKRIFTHUGGEREN AS v/Jørn
Inskripsjonar
gravminne
413 21 075 // post@skrifthuggern.no Annonser_kyrkjebladet.indd 30 19.09.2022 10:53 Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671 Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.
Skeid Kro epost:
tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter
Bismo Bilverksted AS 2690
Tlf:
Westby
og oppussing av
Tlf.
Skjåk Turistheim
sissel@skeidkro.no
sotaseter@turistforeningen.no

Spanande på kyrkjegarden

For andre året på rad arrangerte trusopplæringa kyrkjegardsvandring ved Skjåk kyrkja i samband med allehelgen og halloween. Det var 11-og 12-åringane som vart invitert på dette.

Her fekk vi høyre litt meir om bakgrunnen til desse feiringa og vi fekk ei fin samtale kring død og sorg der det også var høve til å stille spørsmål rundt kva som skjer når nokon blir burte for oss. Etterpå kunne ein tenne ljos for nokon ein ville sende ein tanke til før vi gjekk ut på kyrkjegarden for ei oppdagingsferd med

lommelykt blant gravsteinane. Her leitte vi etter ymse teikn og symbolar på gravminna. Veit du kor gamal den eldste støtta på kyrkjegarden er? Til slutt samla vi oss i kyrkjestugu for lademjølk og boller, hodeskaller og spøkelseshistorier, latter og grøss. Takk for ei triveleg og passe spanande kveldsstund.

Konfirmantar

2023

Onsdag 23. november var det tid for informasjonsmøte og innskriving av nye konfirmantar. Vi gler oss til å bli kjent med desse fine ungdommane gjennom vinteren og våren som kjem. Kyrkjekonfirmantane blir presenterte for kyrkjelyden i messa Skjåk kyrkje sundag 15. januar kl. 11.00.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 4-2022 14 BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80 2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00
Alle foto: Arnborg Teigum Foto: Endre Skjåk 2023-konfirmantane: Tommy Andersbakken, Jonas Knutsødegård Stenersen, Gea Aurora Øiberg, Anna Sigrun Randen, Kristian Rustad, Martine Heggebotten, Jon Sigurd Forberg, Lars Vange, Ella Soglo, Sina Aurmo, Halvor Biløygard Johansen, Ronja Morken Gartland, Amalie Fallingen Stadeløkken og Matilde Tuva.

JULENØTTER

1. Kristorn blir ofte brukt for å pynte til jul, er det ei busk eller eit tre?

2. Mange drøymer om kvit jul med snø. Kor mange kantar har ein snøkrystall?

3. Teikneseriefiguren 91 Stomperud møter oftast på hindringar når han skal heim til jul. Kvar skal han?

4. Kva heiter den norske artisten som i førjulstida syng at i år vil ho heim til jul?

5. Kva er spesielt med adventstida i år?

6. Skjåkheimen har feira jubileum i haust, kva for jubileum?

7. «Du må hå uppi seinnleg mæ mjøl», sa bestemor da eg ba om oppskrifta på «plæsner». Kva betyr seinnleg og kva er plæsner?

8. Kva for godsak er det «alle sammen» får lukte på i «Musevusa» av Alf Prøysen?

9. Eit naturreservat i Skjåk har namn som minner om ein del av eit dyr, kva heiter det?

10. Nordberg kyrkje er i Skjåk, kvar er Nordberg kirke?

11. Kva heiter den nye biskopen i Hamar bispedømme?

12. Når er Stefanusdagen?

8. Mysene kosa seg med duften av ein fleskebit. 9. Honnsrøve naturreservat. 10. Namesystra til Nordbergskyrkja ligg i bydelen Nordre Aker i Oslo. 11. Den nyutnmde biskopen heiter Ole Kristian Bonden 12. 2. juledag blir også kalla Stefanusdagen, til minne om diakonen Stefanus som er rekna som kyrkja sin fyrste martyr.

5. I år er juleaften ein laurdag, da får vi den lengste adventstida vi kan ha, med fyrste sundag i advent 27. november. 6. Skjåkheimen freirar 100 - årsjubileum i 2022. 7. Seinnleg er passe/akkurat så mykje som trengs. Plæsner er kaffebite. Bestemor brukte ofte rømme av råmjølk i dei, og seinnleg med mjøl, sjølvsagt.

1. Kristorn er eit eviggrønt lauvtre. 2. Snøkrystallen har 6 kantar. 3. Stomperud vil heim til Sørum til jul. 4. Maria Mena syng «Home for Christmas».

4-2022 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg 15 Skeimo Tlf: 61 21 40 65 2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30

HAMAR BISPEDØME

Juleandakt

Her eg sit og skriv har eg akkurat starta dei siste vekene som biskop. Eg vil nytte høvet til å takke for alle møtepunkt rundt om i Hamar bispedømme. Eg ser for meg mange ansikt og ber med meg mange varme handtrykk frå ulike situasjonar. Hjarteleg takk og alt godt vidare!

Fred på jorda!

Vi lengtar etter nettopp det som den store hæren frå himmelen song den fyrste julenatta:

«Ære til Gud i det høgste Og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i.»

Vi er i ei tida prega av uro over den spente krigssituasjonen i Europa og uvisse inn mot kva som vil skje vidare. Eg kjenner at engelens ord; «Ver ikkje redd» og englekoret som syng og ber om fred på jord, set ord på eit ønske, ein draum og eit håp som inspirerer til å tru på og arbeide for rettferd og fred.

Songen på Betlehemsmarkene viser vegen til Gud i krubba. Det evige strøymde inn i same augneblink som barnet vart fødd. Og Jesu fødsel set i gang ei rørsle som aldri har stansa.

Barnet som vart fødd, er eit håp og ein kjærleik. Dette vil alle som har halde eit lite nyfødd menneske i hendene kunne kjenne. Det er nært og stort, vakkert og meiningsmetta. Våre røynsler blir sett i eit svimlande perspektiv i møte med fødselen i Betlehem og songen frå englane. Det lyfter alle nyfødde barn opp mot himmelen og inviterer til å gjera det verkeleg; håpet, draumen og bøna om fred på jord.

Jesusbarnet er ein liten knopp som er sprengfull av håp, også i dag. Med juleevangeliet si grensesprengande kraft opnast livets kjelder og framtidshåp for alle menneske, og Kristi kjærlege ljos held oss fast i framtid og håp, for livet her og for all æve.

Velsigna julehøgtid!

Solveig Fiske

16
Design og layout: Haus Trykk:
Hamar Media
Foto: Hallvard Bjørkås

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.