Ein annleis solsikkefest i barnehagen

Page 1

Ein annleis solsikkefest i barnehagen 6 TYSDAG 27. OKTOBER 2020 VIKEBLADET VESTPOSTEN

VIKEBLADET VESTPOSTEN TYSDAG 27. OKTOBER 2020 7

HJARTE: Borna ved Snellelia hadde trykt og måla på hjarte av stoff. «Med hjarte for barn» var tittelen på denne utstillinga. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

SANSEBORD: Ved dette sansebordet fekk dei små sjå og kjenne på forskjellig spennande. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

BILETE: Kunst med utgangspunkt i handavtrykk. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

MUSIKK: Frå den vesle høgtalaren kom det musikk, noko borna sette tydeleg pris på. Lillebjørn Nilsen song «Barn av regnbuen». Foto: Ingvild Aursøy Måseide

GODPOSANE: Foreldra fekk utdelt kaffi og desse flotte posane då dei fredag leverte borna i barnehagen: Foto: Gnist barnehager Støylane.

• FN-dagen

Ein annleis solsikkefest i barnehagen Gnist Barnehage Støylane har lange tradisjonar for å arrangere Solsikke-kafe på hausten. Men i år måtte dei tenkje annleis.

FEMÅRINGAR: Max Meinseth Flø, Olivia Hansen Hovlid, Emil Ekroll og Sander Voldsund Urke likte godt at det var ein litt annleis dag i barnehagen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

FALLSKJERM: Det var spennande å sitje under denne fallskjermen å sjå at han rørte seg opp og ned. Nokre barn fekk også vere med å heve og senke fallskjermen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

EVENTYRSTUND: Ute i gangen var det eventyrstund, der borna fekk høyre eit eventyr frå Eritrea om korleis ei apekatt lurte ei krokodille som ville ete apekatten. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Tidlegare år har barnehagen arrangert Solsikkefest i anledning FN-dagen. Då har foreldra til borna fått kome på kafé i barnehagen, dei har seld kunst og gjerne hatt aktivitetar dei har tatt betaling for. Alle pengane dei har fått inn har dei sendt til SOS Barnebyer. Gnist barnehager Støylane har eit fadderbarn i ein SOS barneby. Den inntekta dei har fått inn som er over den summen fadderbarnet skal ha, har dei gitt barnebyen som gåve. Men å arrangere ein slik fest med foreldre gjekk ikkje i år på grunn av smittevern. Barnehagen ville likevel markere dagen, så i år vart Solsikkefesten litt annleis. Då foreldra leverte borna i barnehagen fredag morgon fekk dei med seg ein kopp kaffi og ein «goodie bag» som borna hadde laga til. Barnehageborna hadde pynta papirposane som det var putta ulike godsaker i, og det var pynta med små, fine notat. Utanfor kvar avdeling var det hengt opp kunst som borna hadde laga. Denne kunsten vart foreldra oppmoda om å kjøpe.

Fredag var det full fest inne og ute for alle dei 122 borna i barnehagen. Ute fekk dei små leike seg med ein stor fallskjerm. Det var spennande å sitje under han medan det store tøystykket senka seg over dei. Og vipps kom det opp igjen, og det var lyst. Det vart også blåse ein del såpebobler, til stor glede for borna. Og der var lage til eit sansebord, noko som var spennande for nysgjerrige hender. Inne fekk borna utlevert små kuponghefte med tre billettar. Det var billettar til ansiktsmåling, diskotek og teater eller eventyrstund (etter kor gamalt barnet var). Fire som kosa seg på festen var Emil, Max, Olivia og Sander. Dei seier at dei feirar Solsikkefest, og at det er fredag. Dei hugsar at dei samlar inn pengar til ei jente, og fortel at ho har null pengar. – Dei vaksne skal betale for det me har laga, fortel Olivia, som også kan opplyse om at ho har ei lommebok med pengar. Sander hugsar at han har sett eit bilete av jenta dei samla inn pengar til. Pedagogisk leiar Elisabeth Haddal Myrene fortel at dei i forkant av festen har snakka med borna om temaet. – Borna skal vite det at sjølv om dei bur her, kan dei hjelpe andre born. Barn hjelper barn. INGVILD AURSØY MÅSEIDE ingvild@vikebladet.no

ANSIKTSMÅLING: Det var stor stas å bli måla i andletet. Mange ville bli superheltar, medan andre heller ville ha regnboge eller bli måla som eit dyr. Foto: Ingvild Aursøy Måseide

DISCO: På fleire avdelingar var det laga til diskotek for borna. Det var blinkande lys og musikk dei fekk svinge seg til. Foto: Ingvild Aursøy Måseide


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.